Rock n´LOL 2012

Page 1

6.-7. juli

no www.rocknlol.


L FRÅ HAGEN TI KRYT… S NASJONAL • BT sine lesarar meiner Rock n’ LOL er Bergens Beste Festival • NRK Lydverket meiner Rock n’ LOL er blant dei ti finaste festivalane i sommar Det er ikkje lenger tvil om at Rock n’ LOL har blitt eit kulturelt innslag som engasjerar langt utover Søfteland og Os sine kommunegrenser! Heilt i frå oppstarten i hagen heime på Søfteland i 2007 har arrangementet hatt ei gradvis utvikling. Frå ei scene beståande av 70 pallar og 200 betalande gjestar til fjorårets suksessfestival med to scener og ny publikumsrekord. 2500 besøkande på kveldsprogrammet og om lag 400 besøkande på familiedagen på laurdag føremiddag var med på å gjere festivalen til den beste nokon gong!

2

6.-7. juli 2012

Den tidlegare suksessen og dei positive utmerkingane har gjeve oss store mengder motivasjon og høge forventningar til denne sommarens festivaleventyr på Søfteland. Det ligg verkeleg an til ein forferdelig flott festival i år! Dugnadsspirit, samhald, arbeidsvilje og fantastiske sponsorar, støttespelarar og medhjelparar er faktorar som står mest sentralt når vi ser på kvifor vi har lykkast år etter år. Vi nyttar anledninga til å takke alle som ein!!


le

Festival for al

følgt ein r dei siste åra Rock n’ LOL ha al for alle”, tiv es ”F lla r ka profil vi sjølv ha ring nd hi skal vere ein der alder ikkje

se i tillegg til r fri aldersgren Festivalen ha dag laurdag ilie m GRATIS Fa ein heilt eigen føremiddag. s program gde med året Vi er svært nø på Søfteland n de ar bondeg og gler oss til eit feststemt av t blir invader nok ein gong um! festivalpublik

6.-7. juli 2012

3


K C RO

A T DA

r o ha til n L. m o ns ’ LO erte Rock n a s n o å en k jørm ns p for d t respo oppe i g r å t s h s natt mid tt be øyare å OCK u d R l e o A v 0. g DAT eve abs land . juli 201 ore e v t i f r gj ø 7 ald på S urdag 1 har var a t l Det e d enn

LAURDAG 7. JULI 23:45

4

6.-7. juli 2012

r ei ing! e bli vslutn t t e D ivala fest

FOTO:TOMMY SÆLEN

FOTO:TOM OXLEY

rt at r kla AROCK et e T d D g . A o talt land øfte vårt S t r e a mm innt liku ong lpub e in g a e v i t k s r sin vel no e fo 12! ar fe rde jend L 20 syng No h ude ho k O m L g u ra n k n’ tar o publik den sida Roc orit der har ttar sfav t u w ile l m e o e s d u h h k n av på lives ensba ubli land truleg er p laktige rg 5 e K 3 B C i u v. lett fabe ARO rtar sjøl nse og s DAT ske og det i ban r 800 ko er rett g r e m so en ET ve ykje elt o for D tisk så m rten sp ten av, a t ntas t a s a H p f . p t o en a-fa ntin ! 5 ko erande og f g i n d o imp ver


FREDAG 6. JULI 23:30

Enslaved gjer berre éin festivalkonsert i heimlandet denne sommaren og det er når dei avsluttar den første dagen av Rock n’ LOL 2012! Bandet som vart danna i 1991 har lenge vore blant Noregs aller viktigaste metallband. Fredag 6. juli kjem dei altså til Søfteland for å visa korleis metall verkeleg skal spelast og framførast. Enslaved er eit band som vi i Rock n’ LOL har vakse opp med, og det er derfor for oss ei stor ære at dei har sagt ja til å ta turen til Søfteland. Enslaved mottok i fjor Norsk Musikkforbunds Ærespris, som første metallband, og med fire Spelemannsprisar fint plasserte

rundt på Garage i Bergen, vitnar det om størrelsen på dette feiande flotte bandet. Gitarist Ivar Bjørnson uttalte i BA følgjande om spelejobben på Rock n’ LOL i sommar: – Det blir enormt fett å spille på festivalen!

Med den innstillinga og ramma som er lagt er det berre å stadfeste at denne konserten ligg an til å bli noko ein absolutt ikkje bør gå glipp av!

6.-7. juli 2012

5


6

6.-7. juli 2012


K A T R E L R KVE

Det er ei sann glede å endeleg kunne presentere allmektige Kvelertak tilbake til Søfteland!

Det var sjølvsagt Kvelertak det var snakk om då Pyro på NRK P3 kom med desse hinta: ”et av de aller største rock/metal-bandene i Norge” og “et av de beste live-bandene i hele verden.” Vi i Rock n’ LOL fekk tidleg auga opp for Stavangerbandet, men det var

først etter at dei stod på vår heimesnekra scene i 2009 at det verkeleg tok av for Kvelertak. Sidan den gongen har bandet blant anna gjeve ut debutalbum, motteke Statoilstipend, to Spelemannsprisar, spelt eit hundretals konsertar og blitt det absolutt råaste livebandet vi nokon gong har sett!

Gjer deg klar for sveitte, mjød og eit koldtbord av riff når Kvelertak nok ein gong invaderer Søfteland og Rock n’ LOL! LAURDAG 7. JULI 22:00

6.-7. juli 2012

7


AMFI OS Tlf. 56 30 25 68

8

6.-7. juli 2012


El CACO

Mesterklasse – Igjen! Ypperlig! En fullkommen plate! Anbefales! Monsteret rir igjen!

Dette er nokre av dei strålande tilbakemeldingane El Caco fekk då dei tidlegare i år kom ut med sitt 6. album, “Hatred, Love & Diagrams”. Med 14 års fartstid i bransjen har trioen frå Lillestrøm opparbeidd seg solide konserterfaringar, noko som var til

dei grader synleg tidlegare i år då dei besøkte Hulen og gjorde ein strålande konsert! Trioen er eit band som alltid har stått på ønskelista til festivalen og i sommar får vi endeleg sjå dei i aksjon på Søfteland.

Er du glad i steintøffe riff, hard rock, stoner, metal og herleg groove? El Caco FREDAG serverar deg alt på ein 6. JULI gong fredag 6. juli! 21:50 6.-7. juli 2012

9


10

6.-7. juli 2012


Tilbake til Søfteland!

N E S L I N V A L O JOHN & GJENGEN FREDAG 6. JULI 20:00

- Det var liksom der det startet for oss. Det var da vi stod på scenen på den festivalen at eg følte at musikken vår nådde lengre ut. John Olav Nilsen snakkar om då fredagskvelden i 2009 vart avslutta med allsong, eit sprengt stemningsbarometer og låta «Ti ganger tusen» akkompagnert av blant anna Lars Vaular. Det heile var ein heilt magisk oppleving og står endå som ein av dei aller beste konsertane i Rock n’ LOL si historie! Allereie før det kritikarroste debutalbumet «For sant til å være godt» stod loddefjordbandet John Olav Nilsen og Gjengen på scena hos oss. Det var den aller første utandørskonserten for bandet. Etter denne første utandørskonserten har John Olav og gjengen stått på dei fleste scenene og spelt på dei fleste festivalane i landet. Sidan den gong

har dei også motteke Spelemannspris for debutalbumet som kom ut berre to månader etter den legendariske konserten på Rock n’ LOL i 2009. Albumet blei forøvrig vel fortent kåra til årets norske album av ei rekkje aviser og magasiner. «Det nærmeste du kommer» er namnet på oppfølgjaren og albumet kom i butikkane i februar i fjor. Albumet vart møtt med gode kritikkar og fann sin plass rett inn på toppen av både VGlista og iTunes-lista. Også denne plata vart nominert til Spelemann. For tida er John Olav Nilsen & Gjengen i studio, men tek seg likevel tid til å ta ein tur Søfteland fredag 6. juli. Kanskje får vi til og med servert eit par nye låtar frå den nye plata? Det blir uansett ei sann glede å sjå John Olav Nilsen & Gjengen på Rock n’ LOL i sommar! 6.-7. juli 2012

11


FREDAG

ENE

TELTSC

FREDASGCENE HOVUD

Millions zyme o b i R : 0 .0 1 2 22.45:

19.20:

Verk

d Enslave aco C l E : 0 .5 1 2

23.30:

av John Ol& Nilsen n Gjenge

20.00:

p ry Was

ng The A 18.30:

L A V I T F E S GRAM RO

I L U J . 7 6.-


G LAURDA E

G LAURDA ENE C

DS HOVU CK O R A T A D 23.45: ak t r e l e v K 22.00: ey r d u A : 0 .3 20 Horne ya a s m a S : .00

EN TELTSC

19

son s l i N r r e 18.10: H lav O g a l i e 17.30: H

DAG

LIE I M A F

ROCK A T A D : 0 13.5 ya Samsa 13.00:

TBA thcrush a e D : 0 .2 1 2

23.00:

v pning a 12.30: O mrådet lo festiva

19.50:

uty

The Bea

17.00:

ctium Abstra

rksam gjer me OBS! Vi r dringa på at en . ekoma kan før

r dagen e Familie n e p og o GRATIS ! for alle

6.-7. juli 2012

13


AMFI OS

Din pizzarestaurant i Os Tlf. 2222 5555

14

6.-7. juli 2012


LAURDAG 7. JULI 19:00

A Y A S M A S

Samsaya har mykje på hjartet og ho vil fortelja deg noko

16 år gamal byrja Sam å skriva låtar, leite etter sine musikalske referansar, røter og identitet. Jakta, og rastlause, sendte Samsaya til Afghanistan, Brasil, Kina og Tyskland, til New York og London. Samsaya tok kontroll og vart sin eigen sjef. Ho starta sitt eige label, og ga oss hits som ”ADHD (Love Me Not)”, “Change”, “Money” og “The Good with the Bad”. Etter å ha spelt på fritidsklubbar og rockefestivalar over heile landet, har Samsaya vorte ei av våre aller beste liveartistar. Vi har tidlegare sett Samsaya på VG-lista på Rådhusplassen og på Korslaget.

Nyleg vart den nye singelen «Breaking Bad» også A-lista på P3 og ho er dessutan aktuell med sitt bidrag på Bertine Zetlitz sin nye singel «Electric Feet». Samsaya vil bruka sin stemme til å utrykkja sitt engasjement for saker ho brenn for, for menneske ho bryr seg om – for musikken ho lever for. Dette er 100% Samsaya. «Samsaya a’la 2012 er råare, hardare og meir sexy enn nokosinne. Det er som om panneluggen til Joey Ramone og hotpants’ene til Chicks on Speed drog på kjærleiksferie til Oslo og spleisa genar med Rihanna i ein hipsterbutikk på Grünerløkka.” 6.-7. juli 2012

15


AUDREY HORNE

med Audrey Horne markerte seg kraftig 5 200 i reie “No Hay Banda” alle

LAURDAG 7. JULI 20:30

Debutplata fekk mykje merksemd frå inn og utland. Etter fleire tv-opptredener, festivalar og livejobbar rundt i Europa, fekk bandet to Spelemannsnominasjonar og stakk også av med prisen for beste metal-album. I 2007 kom albumet ”Le Fol” som hausta over 20 terningkast 5/6 i norske aviser,

E RIBOZYM Bergensbandet Ribozyme kom i februar ut med albumet Presenting the Problem FREDAG 6. JULI 21:00

Albumet er det femte i rekkja og har fått gode kritikkar frå alle moglege krikar og krokar. Bandet har blitt plukka opp av Indie og har vore med El Caco på turné store delar av året så langt. Det passar då ekstra bra at dei også på Rock n’ LOL skal spele saman med El Caco fredag 6. juli. Ribozyme er eit band som har jobba hardt og lenge, og 2012 ser ut til å vera året der Ribozyme verkeleg byrjar å få velfortent løn for strevet. Og det ikkje berre innanlands. Frå Hellas dukka blant anna denne oppfordringa opp etter å ha høyrt det nye albumet: - I urge you to directly buy the album. Vi er heilt einige og på Rock n’ LOL får du sjekka ut at låtane fungerar til og med endå betre i liveformat!

16

6.-7. juli 2012


samt ei enorm mottaking i det store utland. Bandet spelte mellom anna på ”Metal Hammer Awards”, turnerte Europa rundt og spelte på nokre av Noregs leiande festivalar. Første singel ”Threshold” vart lista på P3, og dei fikk atter ein Spelemannsnominasjon. Metal Hammer gav plata 7/7 og den vart månadens album Februar 08. I 2010 kom ein meir dynamisk utgåve av Audrey Horne. Det tredje albumet

med namnet ”Audrey Horne” fekk strålande kritikkar verda over. I 2010 stod dei også på scena på Rock n’ LOL. For mange var dette høgdepunktet på festivalen, og vokalist Torkjell Rød uttalte nyleg at det var ”vilt gøy forrige gang vi spilte der!” No kjem dei altså tilbake. Betre enn nokon gong. Med heilt nytt materiale er det ikkje anna å gjere enn å glede seg!

FOTO:LYDVERKET

H S U R C H DEAT

Frå Oslo via Roskilde kjem trioen Deathcrush for å gje oss ei intens og støyande konsertoppleving du seint vil gløyme Bandet frontast av to lekre, råe damer, som gir 110% frå scena. Vi såg Deathcrush på by:larm i 2010 og stod igjen med hakeslepp. I sommar kjem endeleg trioen til Søfteland for å trollbinde endå fleire med sitt forrykande liveshow. Bandet har berre to singlar tilgjengelege, men har likevel på kort tid klart å bli ein stor snakkis i musikkbransjen både nasjonalt og internasjonalt. Deathcrush har blant

LAURDAG 7. JULI 21:20

anna spelt på South By South West i Texas og det er ikkje lenger få som går å ventar på eit album frå støyrockarane. Då Lydverket anbefalte Rock n’ LOL som ein av dei ti finaste festivalane i Noreg såg dei på Deathcrush som ”ein av dei største rosinene i festivalpølsa”. Rock n’ LOL har sansen for Deathcrush, Lydverket har sansen for Deathcrush og snart har du også sansen for denne herlege trioen! 6.-7. juli 2012

17


HERR NILSSON

LAURDAG 7. JULI 18:10

det er Johnny ste i trua på at fa er n so ils N Herr rålevokal og gitartonar, sk se ly , ar m yt rleporta Cash-r dei gjennom pe få al sk m so s glad-blå

Med stort alvor gir dei seg i kast med muntre komposisjonar, og med munterheit tek dei og føre seg dypt alvorlege songar, alle ført i pennen av vokalist Terje Bringsvor Nilsen. Aldri er dei forutsigbare, verken på plate eller på dei energifylte, kaotiske konsertane. På scena har dei knekt tenner, drukke tennvæske og fått sjølv den stivaste bransjemann heilt bakerst til å hive

18

6.-7. juli 2012

nedpå ølet og gi seg sjølv til dansen. Vi har i fleire år prøvd å få samla gjengen i Herr Nilsson til festival på Søfteland. I 2011 fekk vi dei med på festivalvorspill på Peppes på Os, medan vi i år endeleg har fått det til å klaffa. Herr Nilsson har i år klart å samla alle 8 til festival. Dette har vi venta lenge på. Gjer dykk klare for ein forrykande konsert!


SP A W Y R G N A E H T Angry Wasp er låtsnekkar Endre Olsen frå Stord

FREDAG 6. JULI 18:30

Etter lang fartstid i både Bergen og Liverpool, slapp Angry Wasp si debutplate ”Winnetou” i fjor sommar. Albumet fekk utelukkande positive tilbakemeldingar frå pressa. Blant anna får stordingen svært mykje skryt for stemninga han får fram på plata. Denne fine stemninga skal han, saman med resten av besetninga, også få fram på opningskonserten på festivalen i sommar. Med andre ord; standarden blir satt og lista lagt på eit skyhøgt nivå frå første stund!

6.-7. juli 2012

19


Verk serverar herleg flow, og smarte og fengande beats med element frå blant anna funk og jazz. Verk skriv ærlege tekstar på bergensk og har sin særeigen sound som er eit svært positivt tilskot i norsk hip hop.

FREDAG 6. JULI 19:20

VERK

Bergensrapparen Preben Vetti går under namnet Verk og er for tida vår nye favorittrappar

Debutalbumet hans kom ut i fjor haust og har etter det signert med Tommy Tee, som han for tida jobbar saman med på den nye plata. Tidlegare har Verk mellom anna spelt på by:larm og gjort gjesteopptreden på plate med Lars Vaular. Verk tar med seg fullt band med blant anna HP Gundersen og er klar for å få det til å koke i teltet når han stepper opp på Teltscena fredag 6. juli!

ABSTRACTIUM

LAURDAG 7. JULI 17:00

Abstractium er eit lokalt band som starta opp i slutten av 2009

Dei viser ein formidabel øvingsiver og legg verkeleg ned tid i musikken. Rock n’ LOL har eit svært nært og godt forhold til Os Rockeklubb. Abstractium er oppfostra i nettopp denne klubben og

20

6.-7. juli 2012

er verdige representantar for det som kanskje er Noregs råaste rockeklubb. Unggutane spelar det dei sjølv kallar for mystisk prog-rock og er supermotiverte til å vise seg fram på Søfteland i sommar!


MILLIONS FREDAG 6. JULI 22:45

Bergensduoen Millions har du kanskje høyrd på P3 før

Gruppa starta opp i 2010, men har allereie blitt kåra til Ukens Urørt og blitt spillelista på P3. Debutalbumet til duoen er undervegs og er planlagt å kome i butikkane på hausten. Før den tid kjem Millions til Søfteland med eit temmeleg unikt liveshow der dei serverar oss ein solid dose dansbar elektropop med element frå blant anna rock, disco, postpunk og klassisk soul. Totto og Tarjei på radioprogrammet Sexy på NRK P3 har også uttrykt stor begeistring for Millions: ”Elektronisk pop av internasjonalt kaliber” / ”Battledrum er den beste poplåten vi har hørt på lenge” Prikk inn dansetrinna og gjer deg klar for Millions som siste band ut på Teltscena fredag 6. juli!

THE BEAUTY

The Beauty kom saman våren 2012 etter at vokalist og låtskrivar, Jens Erik Aasmundseth, bestemte seg for å realisere en gamal draum om å synge sine eigne låtar frå ei scene

På sju dagar samla han musikarar, spelte inn låtar i Lydriket Studio, teikna distribusjonsavtale, og er no klar for å presentere resultatet for oss på Søfteland. Med seg på scena har han to av Os sine fremste musikarar, Eirik Søfteland (trommer) og Leif Herland (bass). I tillegg består bandet av Alf Borge (gitar) og Magnus Johansen (keyboard).

LØRDAG 7. JULI 18:10

Med ein lett mix av pop og melodiøs rock, kan ein dra referansar til band som Snow Patrol, Mew og Saybia. Dette blir bandets debut og release-konsert, og vi har skyhøge forventningar til gjengen. LAURDAG Om vi ikkje tar heilt feil kan 7. JULI The Beauty fort bli det neste 19:50 du høyrer på radioen! 6.-7. juli 2012

21


22

6.-7. juli 2012


B

A B C D E F

A D E

INNGANG PARKERING HOVUDSCENE TELTSCENE BAR CAMP

C

Festivalpass Dagspass F

750,450,-

Billettar får du på billettservice.no

Kvar er Søfteland?

Parkering

Søfteland er ein tettstad i Os kommune, mot grensa til Bergen kommune. Når du har svinga av E39 inn ved Søfteland Skule er det første avkøyring til høgre, inn på Eikhaugvegen. Inngangen til festivalområdet er på brua på høgre side. Under festivalen vil det vere skilta og vaktar som vil rettleia deg.

Du kan parkera bilen din på oppmerkt område ved inngangen til festivalområdet. Vaktar rettleiar deg.

Buss Frå Bergen, rute 600. Om lag 35 min frå Bergen Busstasjon. Gå av ved Søfteland skule. Frå Os, rute 600. Om lag 10 min. frå Osøyro. Gå av ved Søfteland skule. • Nattbuss mot Bergen klokka 00.10 og 01.35 • Nattbuss mot Osøyro klokka 00.45, 02.05, 03.20 og 03.50

Overnatting Festivalen har eiga festivalcamp (18 år). Viss ein ikkje vil overnatte i telt under festivalen kan ein også nytta festivalen sin samarbeidspartnar Bjørnefjorden Gjestetun, som ligg ei 10 minutters køyretur unna.

Aldersgrense Det er fri aldersgrense på Rock n’ LOL.

Les meir på

www.rocknlol.no 6.-7. juli 2012

23


i l u j . 7 . 6

rocknlol.no

DATAROCK ENSLAVED

KVELERTAK EL CACO

JOHN OLAV NILSEN & GJENGEN AUDREY HORNE SAMSAYA DEATHCRUSH RIBOZYME THE ANGRY WASP HERR NILSSON MILLIONS

VERK THE BEAUTY ABSTRACTIUM Billettar f책r du p책


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.