KULTUR
SYNSTE MĂ˜RE Torsdag 5. januar 2012
1
TORSDAG 5 JANUAR 2012
NR 1 Ă…RGANG 43
- I praksis stengd for güande Onsdag demonstrerte born og vaksne ved brua pü Åheim med krav om at noko konkret no blir gjort for ü trygge skulevegen. Og fylkesordførar Jon Aasen seier til avisa at det er uakseptabelt ü by born ein skuleveg over ei bru som no i praksis er stengd for güande. SIDE 13
Kleven pakkar saman pĂĽ Rovde SIDE 4-5
– No für det vere bra pü oss Juledagsorkanen
slo nüdelaust til fremst pü Myklebust i Syvde. Løa til Viggo Sande vart ramponert. Dette er tredje gongen pü to tiür at denne garden blir heimsøkt av naturkreftene. Først ved nyttürsorkanen i 1992 dü gamleløa gjekk, sü ved flaumen i 2004 dü dei var mellom dei hardast rüka, og altsü no igjen i jula. – Det für vere bra pü oss no, seier mor til Viggo, Wenche Myklebust Sande,fødd og oppvaksen pü garden. Orkanen sine herjingar er hovudsaka i dag.
SIDE 7-12
www.synste.no
/DW RVV WHVWH V\QHW GLWW 7LQJLQJ DY WLPH
6WRUW NURQHPDUNHG
$SSHOVLQHU
SU NJ
*RGW YL KDU NYDUDQGUH
3(5,2',6. .Â&#x2018;<5(7< .21752// $XWRULVHUW YHUNVWDG 7OI
5HSDUDVMRQ VDOJ VHUYLFH 9DUPHSXPSHU RJ NMÂĄOHDQOHJJ $XWRULVHUW YDUPH NMÂĄOHPRQWÂĄU
3DQDVRQLF 9DUPHSXPSH
OG ELLEST...
2
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
Kjem ut på Fiskå kvar torsdag. Ubunden lokalavis for Vanylven og dei næraste bygdene.
Redaktør og dagleg leiar: Vidar Parr
VEKE 1
Ta vare på lærdomen Så skjedde det på nytt. Naturkreftene slo til og synte oss kor sårbare vi har blitt. Straum, telefon, mobil, radio,TV, internett – alt var borte. Det moderne samfunnet sitt blodomløp var råka. Det som ikkje kunne skje, hadde skjedd igjen. Det er grunn til å tenkje nøye gjennom situasjonen. Det er absolutt rett å stille krav til teleselskap, kraftleverandørar og andre som skal levere desse produkta at dei går gjennom rutinar og utstyr. For her er opplagt eit forbetringspotensiale. Til dømes er det kritikkverdig at mobilsambandet berre held eit par timar etter at sendarane har mist straumtilførsla. Men samstundes som ein stiller krav om betre sikring, betre linjerydding, backupsystem som fungerar og så vidare, må ein samstundes arbeide med ein annan tanke: Korleis skal vi stelle oss om det verkeleg skjer likevel? Korleis skal vi sikre oss at livsviktig kommunikasjon når fram når dei vanlege kanalane ikkje er der lengre? Kan vi finne system som er så enkle at dei ikkje blir råka om straumnett, radio, internett eller telefon sluttar å fungere? I Vanylven oppstod det ein husbrann i den kritiske fasen då all kommunikasjon var nede. Heldigvis gjekk det rimeleg bra, men det kunne ha gått skikkeleg gale. Og både lækjartenste og ambulanse sat utan kontakt med sjukehus eller AMK. Dei var også utan samband ut til potensielle pasientar. Men ingen gjorde seg alvorleg skade eller vart råka av alvorleg sjukdom. Det gjekk bra. Men det kunne ha gått gale. I Vanylven nytta ein seg av eit walkie-talkie-system som kunne kommunisere med kommunale einingar, til dømes Åheim, til Syvdetun og rådhuset. Hit kunne altså folk søkje for å få gitt viktige meldingar. Bra. Problemet var at ein ikkje fekk ut melding til folk om at slikt samband fanst. Av dette lærer ein at slikt må vere kjent på førehand. Når kommunikasjon ikkje verkar, må det vere innlært kvar ein skal gå. Og ein bør sikre seg slike punkt i kvar bygd. Sjølv om det lokalt vart gjort eit godt beredskapsarbeid denne gongen, er det viktig at ein tek lærdom av det som skjedde og får bygt det inn i rutinar og planar, slik at ein er budd om ein liknande situasjon skulle oppstå i framtida. Og då rutinar som helst er så robuste og enkle at dei fungerer sjølv om dei ulike netta er nede.
9LGDU 3DUU
ORD OM ORD Einròden, (adj) Brukt om ein person som kan og veit lite. Jfr.: "Han va´so einròden som om ànj nettopp skulle vore grevenj ut ta haua" (som han han nettopp skulle ha vore komen fram til folk). Einstøding (m), ein som held
INNLEVERINGSFRISTAR Annonsar: Tysdag kl. 14.00 Større forr.ann.: Måndag kl. 16.00 Helsingar (side 3) : Måndag kl. 16.00
BLADPENGAR: Heilår: 720 kroner Halvår: 360 kroner Student (10 mnd) : 400 kr Tillegg for porto utanom Norden
– Det var dette vi trengde for verkeleg å kome i gang igjen med å bygge oppatt. Kongen viste seg å vere den mann vi trudde han var, sa Eldar Lade etter han og huslyden hans har teke farvel med kong Harald... – Vi får prøve å skøye litt også, sa Arne Årskog til kongen etter at han vist han rundt i det stormherja tunet. Årskog smilte tappert og rekte kongen handa til farvel. – Ja ein får vel det. Men det er sanneleg ikke enkelt, svara kongen etter å sett og høyrt bonden fortelje. Det var ein rørt og alvorsfylt konge som drog frå Rovdestranda. Då hadde han vore der dobbelt så lenge som planen var. Ved inngangen til heli-
kopteret gav han uttrykk for at dette var det verste han hadde sett når det galdt stormherjingar. (Vestavisa 9. januar 1992)
SAMTALE: Frå samtalen mellom kongen og Arne Årskog - dette er eit bilete frå ein litt anna vinkel enn det som stod saman med artikkelen vi siterer frå.
Internasjonal songkveld i Åram kyrkje Fredag 6.januar blir det songkveld i Åram kyrkje. Det er damekoret Lett Blanding med dirigent Brunhilde Engelhardt som byd inn og dei har også fått med seg mannskoret Frendar. 6. januar er som kjent heilage tre kongars dag og mange nyttar også denne dagen til å markere at jula er slutt. Kora vil synge kvar sine avdelingar med julesongar, men minst like viktig denne kvelden er det at publikum deltek i songen. På programmet står difor mange julesongar både frå inn og utland. M.a. blir det julesongar frå Polen, Nederland, Tyskland og Filippinene. Alle er hjarteleg velkomne til ei hyggjestund der julesongane er tema. Og sidan det er ein internasjonal songkveld er dei som har flytta til bygdene våre frå utlandet, spesielt inviterte.
Og hyggjestunda vert avslutta med kaffi og litt å bite i. BIK
ÅRAM kyrkje er staden for songkvelden i morgon.
SØNDAG I KYRKJA
Fredag 6. januar
LAYOUT/ UTGIVAR: Synste Møre AS, 6139 Fiskå PRENT: Polaris Trykk Ålesund
Søndag 8. januar
Synste Møre ønskjer å arbeide etter "Vær Varsom"-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg utsett for urettmessig avisomtale, vert oppmoda til å ta kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. PFU handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål.
(Frå Ord og vendingar frå Syvdemålet av Arnold Nordal.)
Kongen kom, såg og tok del
Åram kl. 18.30: Songkveld på heilage tre kongars dag. Kantor Brunhilde Engelhardt, Damekoret Lett blanding. Mannskoret Frendar, Internasjonale innslag og julesongar, kyrkjekaffi
MOBIL-TELEFONAR/E-POST: Red/dgl.leiar Vidar Parr, 950 245 48 vidar@synste.no Annonsekons. Rønnaug Søvik 951 40755 ronnaug@synste.no Journalist Ole Magne Kvalsvik 911 84479 olemagne@synste.no Journalist Kjell Brenne 950 24553 kjell.brenne@tussa.com Synste Møre er medlem i Landslaget for lokalaviser (LLA)
sydasjonsprodukt av metallet kopar, på tilsvarande måte som (raudbrun) jarnrust er eit oksydasjonsprodukt av jarn. Eirgrøn: grøn av eir,
FOR 20 ÅR SIDAN
SYNSTE MØRE ADRESSE M.M: Postboks D, 6139 Fiskå Telefon 70 02 08 20. Telefax 70 02 08 25. Bankgiro: 3972.20.33233 Heimeside: www.synste.no E-post: redaksjonen@synste.no
seg mest for seg sjølv, ein stabeis, ein original. Jfr.: "Han he alltid vore ein einstøding, og slike folk he´alltid sine eigne meininga" (som ein, underforstått, ikkje må ta alvorleg.) Eir (n), grønt belegg, særleg på kopar; "koparrust", eit ok-
Årsheim kl. 11.00: Sokneprest Kari Leine Balog. Offer til NMS. Ikkje gudstenester i noko av kyrkjene i Vanylven.
Søndagsskule Åheim, Sion kl 11
Kristi openberringsdag 8. januar er Kristi openber-
ringsdag. Det er ikkje gudsteneste i noka kyrkje i Vanylven, men kyrkjeåret går sin gang. Tidlegare vart dagen òg kalla Epifániadagen. Epifánia tyder openberring, tilsynekome. Vår Kristi openberringsdag har bakgrunn i Austkyrkja si feiring av 6. januar som Jesu fødselsdag. I fjor var Kristi openberringsdag rekna til juletida, men frå og med i 2012 vert han rekna som fyrste søndagen i openberringstida. Tekstene openberrar eller avslørar noko om kven Jesus er. Jes 49,1-7: «Høyr på meg, de kystar, lytt, de folk frå det fjerne! Herren kalla meg før eg vart fødd, frå eg var i mors liv har
han hugsa namnet mitt.» «Det er for lite at du er min tenar som skal reisa opp att Jakobs stammar og føra tilbake dei som er att av Israel. Eg gjer deg til lys for folkeslag så mi frelse kan nå til enden av jorda» (v1.6). Rom 15,4-6: «Og alt som før er skrive, er skrive for at vi skal læra av det: Vi skal få håp gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev» (v4). Luk 2,40-52: Foreldra til Jesus leita etter han, og då dei fann han i templet, sa han: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» (v49). IA
OG ELLEST...
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
3
HELSINGAR
PÅ TRÅDEN
Noko må gjerast med brua
Benjamin Riste Vi gratulerer gode, herlige Benjamin med 1-årsdagen som er lørdag 7. januar. Vi er så stolte av deg og glade i deg! Stor klem fra mamma og pappa.
Erna Aaram Verdens beste mamma, svigermor, bestemor og oldemor fylte 90 år på nyttårsafta. Alle i familien gratulerer.
Vi vil gratulere vår spreke og ungdommelige mamma, svigermor, mormor, bestemor og oldemor, Gerd Kolgrov, med 80 -års dagen 10. januar. Ønsker deg en fin dag og mange gode år. Bursdagsklemmer fra alle dine i Oslo, Elverum, Tynset, Hokkåsen, Ørlandet og Geilo!
Adelin E.Rafaelsen Hjertelig til lukke med 7 års dagen din den 8. januar. Håper du får eit kjempeflott bursdagsselskap. Helsing bestemor og bestefar på Åheim
Marcus Rønnestad Thue Vi vil gratulerer den store kjekke guten vår med overstått 5 årsdag. 1. januar. Hipp hurra, vi er kjempegla i deg! Masse klemma frå Alexander, Nusse, Pusur, mamma og pappa.
Erlend E. Westad Gratulerer hjertelig med dagen den 6. januar. Helsing bestemor og bestefar på Åheim.
Jan-Ronny Sandvik Jannike, Marius og Julie vil gratulere pappa so mykje med 40 års-dagen som var den 3. januar. Ragnhild helsar også til jubilanten!
– Eg meiner, som mange med meg, at no må noko gjerast med brua her på Åheim, før det skjer ei ulukke. Ille var det tidlegare, men etter det nye rekkverket har smalna inn enno meir, må ein klamre seg fast på sida når det er store bilar som passerer. Det er livsfarleg for skuleborna, men også eldre og andre mjuke trafikantar. Eg vert både sint og frustrert, seier Magne Venøy frå Åheim. Han meiner dei som styrer må få på plass ei løysing straks. – Det må kome gangbru på sida, eventuelt får ein opprette berre ei køyrebane. Ei slik gangbru kan ikkje koste all verda. Til dømes har dei fått ei flott slik i Valldal, og det fungerar heilt utmerka. seier Venøy.
Hugs kryssordet
Tidlegare elevar som har gått ved Myklebust skule i 1988. I 2012 fyller fjorten av desse 40 år Eg vil ønske tidlegare elevar i 9a (bildet) til lykke med 40-årsdagane og lykke til vidare i livet. Helsingf Kjell Arne.
Kjære Mariette Løvold Gratulere med 19 års dagen din som var mandag 2. januar, et år igjen som tenåring, så er den tiden forbi. Stoooor klem fra Cassandra, Mailen, mamma og pappa. Balder hilser også.
Robert André Skår Vi gratulerer vår snille, kjekke Robert så mykje med 19-årsdagen søndag 8. januar! Vi håper du får ei flott feiring med gode venner i helga! Vi er veldig glade i deg! Mange gode klemmar frå Solvår, Bjørn-Magnus, Sindre, mamma og pappa
Vi minner om at helsingar til denne spalten er gratis og at vi vil det blir nytta fullt namn på den eller dei det blir helsa til. Vi må ha helsingane i redaksjonen innan klokka 16.00 måndagen i den veka dei skal på trykk.
Mange har vel hatt anna å tenkje på denne jula enn å løyse kryssord. Like fullt har vi alt fått ein pen liten bunke løysingar på et lokale kryssordet vårt. Men det er enno tid! Vi må ha løysinga seinast førstkomande tysdag.
DØDE Solveig Sandnes, Eidså, døydde 29. desember, 70 år gamal. Magnus Storeide, Fiskå, døydde 29. desember, 83 år gamal.
Veret i desember (talet i parantes gjeld 2010)
Nedbør: 364 mm totalt (96) Maks: 35 mm. 19. (20)
Hjarteleg takk for blomster, gåver og helsingar i høve 70-årsdagen min. Bjarne Åsvik Hipp Hurra for storeguten vår Elias Bugjerde som fylte 5 år 3. januar!! Vi er kjempeglade i deg!! Klem frå Maja, Johanna, mamma & pappa
Vi vil gratulere den kjekke broren vår Jørgen Andre Sjåstad Belden, so masse som fjortiss på lørdag 7. januar. Håper du får ei kjekke feiring i helga. Gla i deg broren vår. Klem frå: Elias, Egil, Sara, Anna, mamma og pappa.
Hjarteleg takk for alle gåver og helsingar i høve min 90-års dag. Marit Sandnes
Temperatur: Snitt: 2,6O Maks: 12,2O, 27. (11,1O) Min.: - 7,2O, 8. (-11,4O) Vind: Snitt: 4,7 m/s Sterkast: 23,2 m/s, 27.
KINO
Alvin og gjengen Dette er den tredje og nyaste filmen i denne serien. Alvin, Simon, Theodor og Chipettane lever livets glade dagar som berre deo kan gjere det, dansande og syngande om bord på eit cruiseskip i Karibien. Men så er ulukka er ute. Dei hamnar i sjøen, men blir etter kvart skylt i land og på det dei trur er ei aude tropisk øy. Dei oppdagar at øya ikke er så aud og tom som dei først trudde, og dei blir nøydde til å bruke fantasien for finne ut av korleis dei skal kome seg heim att…
The Girl with the Dragon Tattoo
The Girl with the Dragon Tattoo er den første av Columbia Pictures sine tre filmar bygde på av Stieg Larssons boksuksess Millennium-trilogien. Filmen
er regissert av David Fincher og med Daniel Craig og Rooney Mara i hovedrollene. Denne filmen er basert på den første romanen i trilogien, ”Menn som hatar kvinner”. Boka har til saman har blittt seld i over 50 millioner eksemplar i 46 land og blitt eit fenomen over heile verda. Filmmanuset er skrevet av Steven Zaillian.
4
NYTT
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
Kom ikkje til semje om ny leigeavtale:
Kleven avviklar i Vanylven Kleven Verft AS flyttar produksjonen sin frå Korsfura på Rovde med verknad frå 1. februar. OLE MAGNE KVALSVIK
Verftet har sidan 2005 hatt leigeavtale med eigarane, Rovde Industripark AS, som er eigd av Siem Offshore AS og Fiskå Mølle AS. Denne går ut i slutten av januar, men etter at ein ikkje har vorte einige om vilkåra, vert avtalen ikkje fornya og Kleven flyttar produksjonen til andre stader. – Vi har klare planar for å løyse dette og det skaper ikkje vesentlege vanskar for drifta vår, seier verftsdirektør Ståle Rasmussen.
Forretningsverksemd Rasmussen ikkje kommentere dei konkrete grunnane til at avtalen ikkje vert fornya, utover å kalle det ”kommersielle årsaker”. – Det handlar om forretningsverksemd mellom profesjonelle partar, der ein ikkje har vorte einige, og vi tek konsekvensen
av det, seier Rasmussen. Konsernet er inne i ein fase der ein vil ha større satsing på produksjon i Norge, og ved avdelinga på Rovde var ein sterkt i gang med dette gjennom utvikling av sveiseliner med sveiserobotar. Dette vil no for det meste verte flytta til Ulsteinvik, eller til andre av verftet sine avdelingar. Dei femten tilsette, av dei åtte frå Vanylven og resten i hovudsak busette på Lauvstad, vil få tilbod om arbeid i Ulsteinvik eller andre stadar i konsernet.
Lagt til rette Leiar i styret i Rovde Industripark AS, Rasmus Nordbø, seier han forheld seg til at Kleven framleis er leigetakarar. – Avtalen for delar av bygget går ut 1. februar, men til så lenge er dei leigetakarar, og så får vi sjå når den tid kjem. Vi har ikkje bedt dei om å flytte ut, seier Nordbø. Han viser til at det har vore god aktivitet i dei seks åra Rovde Industripark har eigd området. – Eg synest vi har gjort ein god jobb etter at vi tok over, både med å leggje til rette for at Kle-
ven skulle kunne bygge opp sin aktivitet, med til dømes å lage til brakkeriggar og dermed for aktivitet og arbeidsplassar i kommunen.
Attraktiv eigedom Han seier at det ikkje ligg føre konkrete planar om anna verksemd. – Fram til 1. februar forheld vi oss som sagt til at Kleven er leigetakar. Men om dette skulle endre seg, ser vi det som ein attraktiv eigedom som vi trur har stort potensiale og som vi ønskjer å utnytte og utvikle vidare.
SEIER OPP: Kleven Verft AS og direktør Ståle Rasmussen vil ikkje fornye leigeavtalen ved avdelinga på Rovdestranda og flyttar verksemda til andre stader.
,FO/ R 3198
8,9 9 2 R / O F
Head Xenon SC carvingski med Head SL 100 alpinbinding
SL 100 binding • Head Xenon SC carvingski med genskaper til en god • Carvingski med suverene kjøree lett øvede kjørere, pris! • Perfekt for nybegynnere og e: 149-170cm Lengd • rt! lettkjø les særde skien er
, 9 99 lpinbinding Ski med a
Head Xenon SC carvingski med Chili telemarkbinding
Chili telemark• Head Xenon SC carvingski med kjøreegenskaper binding • Carvingski med suverene ynnere og lett til en god pris! • Perfekt for nybeg lettkjørt! • Lengde: øvede kjørere, skien er særdeles 149-170cm
, 9 149 ing lemarkbind e t d e m i k S
EN MENGDE SKI
-40-70% RABATT
NYTT
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
5
Kommunen sender fråsegn Formannskapet og dagleg leiar i Vanylven Utvikling, Bernt Westad, hadde tysdag eit møte der ein tok opp saka. OLE MAGNE KVALSVIK
– Det er eit reint forretningsforhold som vi ikkje kan gjere så mykje med, anna enn å appellere til partane og eventuelt vere ein aktiv part i tilfelle nye etableringar, seier Westad. I ei fråsegn til partane gir ein difor uttrykk for at saka har skapt stor uro lokalt og gir følgjande uttale: – Formannskapet er gjort kjent med at det per dato ikkje er oppnadd semje mellom eigarane av Rovde Industripark A.S. og noveran-
de leigetakarar Kleven Verft A.S. om framtidig leige av industriområdet på Rovde. Dersom avdelinga til Kleven vert flytta ut av kommunen, vil det få store negative ringverknader for kommunen generelt og Rovde spesielt. Tap av arbeidsplassar i dette omfanget i ei kommune som sårt treng nye arbeidsplassar er eit kraftig tilbakeslag i arbeidet med å skape positiv vekst og framgong i kommunen. Med vising til ovanståande vil Vanylven formannskap på det sterkaste appellere til partane om å forhandle seg fram til semje om ei framtidig leigekontrakt til beste for arbeidstakarane heimehøyrande i kommunen, og for lokalsamfunnet Vanylven kommune.
Landsverk til NRK Møre og Romsdal Hans Olav Landsverk frå Syvde vart før jul tilboden stillinga som nyheitsfotograf og producer ved NRK sitt kontor i Ålesund. Landsverk, som no jobbar i NRK Sàmi, har takka ja til jobben og vil ta til i Åle-
sund når oppseiingstida er ute i den noverande stillinga. Det var sytten søkjarar, men Hans Olav Landsverk var den mest kvalifiserte ut i frå behova til stillinga.
Frank Shorter løpesokker • Super formsydd løpesokk til dame og herre • Holder deg tør på føtene
-90%
FO/ R 99,-
FO/ R 99,-
19,-
9,-
Aretti Headover til barn • Flott Headover fra Aretti • Kan
-65%
MAX 10DE! PR. KUN
FO/ R 199,
Norheim superundertøy
av 100 % micropolyester • Norheim superundertøy består
brukes som hodeplag og hals
-75%
-30-70% G-Sport Volda G-Sport Ørsta G-Sport Hofseth G-Sport Igesund Ulsteinvik. Tlf. 45 47 51 00
• Bukse i myk bomullsstretch • God og behageleg passform
99,-
RABATT
Tlf. 45 29 38 00
Kari Traa Funk Pant til junior
,FO/ R 399
ALLE DUNJAKKER
Tlf. 70 07 73 48
69,-
PR. DEL
Tlf. 70 08 97 55
6
NYTT
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
Satsar på ny frisk med møbelproduksjon:
Ny produksjon i lokala der Rovde Møbel dreiv Under namnet Rovdefjord AS går tidlegare tilsette ved Rovde Møbelfabrikk AS vidare med drift i lokala til den tradisjonsrike verksemda på Rovde. OLE MAGNE KVALSVIK
– Namnet passar godt no når det enno ligg litt restar av fjorden i dammar som ho Dagmar la att på golvet, ler Jonny Lade, som i lag med Bård Årseth, Hallgeir Sundal og ein ekstern investor er dei som no vil stå for vidare drift.
Benkeplater og skipsinnreiing Selskapet har gjort avtale om å overta leveransane av benkeplater til kjøkenbenkar og liknande frå tradisjonsrike Gjersdal i Volda, og skal levere via eit nettverk av forhandlarar over heile sør-Norge. – Vi får inn ordrar på platetype, storleik og utforming frå dei enkelte forhandlarane, og startar opp med dei første ordrane denne veka, seier Lade. I tillegg vil ein framleis kunne tilby leveransar av skipsinnreiing til verftsindustrien og skal levere til nye Eros ved Larsnes Mek. Verksted denne våren. – Ved sida av oss tre må vi ha inn ein person i full stilling og satsar også på å få inn ein tilsett på deltid, men for å ta unna verftsleveransane må vi også i periodar ha inne fleire, anten
gjennom leigearbeidarar, eller ressurspersonar i området som er tilgjengelege. Det kan verte litt kabal, men dette skal vi få til, seier Lade.
KLARE TIL PRODUKSJON: Bård Årseth, Jonny Lade og Hallgeir Sundal vil stå i spissen for vidare verksemd i lokala eigde av Osmark Eigedom, der dei tidlegare var tilsette hos Rovde møbelfabrikk.
Stormen gav tap av settefisk Ph-dropp Uvêret i julehelga Det som derimot skapte vanskapte også tekniske skar og ein del død fisk, var vanskar ved Marine truleg sjørôket som stod langt Harvest sitt settefisk- fram i fjellsida i Sundnesdalen. Det stod så mykje drev fram anlegg på Rovdestran- –i dalen at det synest å ha påda, men sjødrev som verka vassinntaket og gav ein ph-dropp, altså at vatnet vart gav surt vatn skapte surt. Dei næraste dagane viste største utslaga. vassprøvene store endringar i OLE MAGNE KVALSVIK
Anlegget produserer smolt til lakseoppdrett og har inne om lag 1,5 millionar fisk i storleiken 0,2 -120 gram. Under uvêret fekk dei vanskar med høg vasstand som fylte ein pumpestasjon og gjorde at fisken ei tid måtte leve med nokre grader kaldare vatn enn normalt. Ein fekk også vanskar med det eine av dei to naudaggregata. – Det andre aggregatet heldt likevel oppe primærfunksjonane, slik at vi miste ikkje fisk på grunn av nokon av desse problema, fortel regionleiar ferskvatn i Marine Harvest, region Vest, John-Ivar Sætre.
verdiane som vi ikkje fekk eliminert slik situasjonen var. Det gjekk ut over fisken. Kor mykje det dreiar seg om, er vanskeleg å seie reint konkret før vi går over all fisken ved teljing og vaksinering no i etterkant, men det er i alle tilfelle ikkje snakk om noko dramatisk verken for produksjon og aktivitet på anlegget på Rovde, eller dei vi skal levere smolt til. Vi har høgde for ein del tap av fisk, og vil også kunne kompensere ein del med større rognutsett eller inndekning frå andre av smoltanlegga våre, seier Sætre. REGIONLEIAR ferskvatn i Marine-Harvest, John-Ivar Sætre.
SMOLTANLEGG: Marine Harvest driv produksjon av settefisk i det raude bygget ovanom vegen og i det kvite til venstre på biletet. Under uvêret kom det sjø i den runde pumpestasjonen vi ser i venstre biletkant. Den kom ikkje rett inn frå fjøra, der biletet er teke, men frå oppsida, etter å ha fløymt rundt bygga til Rovde møbelfabrikk, som ligg utanfor biletkanten til høgre. Det som likevel skapte vanskar, var salt sjørôk ved vassinntaket framme i Sundnesdalen i bakgrunnen.
NYTT
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
7
Juledagsorkanen Det mangla ei veke på at det hadde gått tjue år sidan nyårsorkanen i 1992 då han slo til igjen. Sjølv om øydeleggingane er betydeleg mindre denne gongen, om vi ser distriktet under eitt, slo han hardt til mange stader. Vindretninga var litt annleis enn i 92, difor var det område som gjekk klar den gongen som fekk skade no.
og sjønære område er store. Skogen har fått store skader. Somme stader er heile felt rasert.
Høg flo då vinden var på sitt sterkaste seint på kveld 1. juledag, gjorde at skaden på naust, moloar
Ingen menneske fekk alvorleg skade under herjingane.
Straumtilførsel og all telekommunikasjon braut saman under påkjenningane. Mange hus er skadde. Fleire driftsbygning har er påføre stor skade, like eins lager og andre bygg.
Bra krisehandtering, men kommunikasjonen svikta Vanylven kommune oppsummerer etter dei dramatiske døgna at det dei hadde kontroll med, gjekk rimeleg bra. Derimot hadde ein store vanskar med ting som låg utanfor eigen kontroll som telefon, mobilnett, data og radio og elektrisistet. VIDAR PARR
Lensmann Tor Sæther tek kontakt med avisa for å skryte av kommunen sin beredskap denne gongen. Det vart snart sett stab, naudsamband vart oppretta og det vart bemanna eit hovudkvarter på rådhuset. Organisasjonen vart raskt oppe og operativ - og folk vart sende ut for å sjekke viktige installalsjonar i bygdene. – Ros er fint. Men alt gjekk vel ikkje heilt knirkefritt, rådmann Gudmund Sandnes? – Vi oppsummerte til formannskapet tysdag at det meste av det vi sjølve hadde kontroll over, gjekk bra. Det viktigaste
unnatakatet var svikt i eit aggregat som skulle forsyne Syvdetun med straum. Eg veit ikkje kvifor dette svikta, men vi må få inn i planverket vårt rutinar med prøvekøyring av desse aggregata med jamne mellomrom.
Kommunikasjonsproblem –Vi fekk oppretta naudsamband til Åheimtun og Syvdetun, men problemet var å få melding ut til folk om at dei kunne vende seg dit eller direkte til rådhuset på Fiskå om dei hadde vanskar. (Jfr. m.a. sak om brann side 8 og lækjarkontoret side 12. red. mrk) Den totale svikten i all kommunikasjon gjennom telefon, mobil, interett og radio vart eit kjempeproblem. Både vi og mange andre kommunar må no få inn i planane våre korleis vi skal møte slike situasjonar om dei skjer igjen, og vi må på førehand informere publikum om korleis dei oppnår kontakt med lækjarvakt, brannvakt og liknande når all kommunikasjon sviktar, seier Sandnes. På dei neste sidene gir vi glimt frå orkanen sine herjingar.
KRISEMØTE: Kommuneleiinga og representantar saman med folk frå Driftsavdelinga og avdelinga for brann - og redning samla til møte på rådhuset tidleg på dag 2. juledag. Her vart situasjonen oppsummert og folk sende ut med ambandsutstyr for å sjekke tilstanden i dei ulike bygdene. Fleire i driftsavdelinga hadde også vore ute om natta.
8
KULTUR
Fekk ikkje varsla brann
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
Skadde og øydelag g
Snarrådige bygdafolk redda 2. juledag eit bustadhus på Åheim frå å bli offer for eldflammane. All telekommunikasjon i Vanylven var orkanlamma. KJELL BRENNE
Men om både alt av fastnettog mobiltelefoni var utslått og Åheim avstengd kommunikasjonsmessig frå omverda, var kommunikasjonen i hovudet på folk intakt. Det vart redninga på eit tidspunkt som har avslørt kor sårbart eit normalt velfungerande kommunesamfunn kan bli. -Sett frå ein beredskasmessig ståstad, starta brannen i bustadhuset til Reidun Rolandsen og Åge Berge på det verst tenkjelege tidspunktet. Her var inga mulegheit for å nå korkje 110-sentralen, Vanylven kommune, Sibelco eller nokon annan med telefon, fortel brannsjef i Vanylven, Lasse Rindal, som ikkje hadde den minste peiling på at ein husbrann var på gang på Åheim då brannsløkkjinga pågjekk. Rindal opplyser at brannen starta mest sannsynleg i kjøleskapet i underetasjen. -Det kan sjå ut som det har lege og ulma ei tid med sterk røykutvikling. Truleg kom dette av den ustabile straumtilgangen ein hadde utover dagen med både under- og overspenningar, trur Rindal. -At ein lukkast å kvele brannen alt i underetasjen og flammane ikkje fekk angripe 1. etasjen, skuldast fleire forhold og som det er all grunn til å gi stor ros for. Det viser også kor viktig det er å ha tilgang på ein fungerande førsteberedskap i huset, påpeikar Rindal. Sju pulverapparat hadde sin dempande verknad før snarrådige folk hadde fått fatt i brann-
bilen på Sibelco som med hjelp av vatn makta å få kontroll over brannen.
Handemakt Å få ut brannbilen frå Sibelco føregjekk heller ikkje udramatisk. Orkanen hadde slått ut alt av elektronisk opningsmekanismar til bedriftsporten. Ved hjelp av rå kraft frå handfaste mannfolk vart porten ”broten” opp og ein fekk ut brannbilen. -Veldig prisverdig! rosar Rindal om initiativet frå bygdafolk. -Vanylven kommune og Sibelco har for øvrig ein samarbeidsavtale om branntilløp på Åheim med felles varsling. I dette tilfellet når Fiskå var utanfor rekkevidde, var det gull verdt at Sibelco sitt utstyr kunne trå til, seier Rindal. Rindal fortel at det ligg inne i avtalen at Sibelco har fått tilgang på kommunen sin frekvens på VHF. Det var gjennom denne ein Sibelco-tilsett fekk varsle brannvernet på Fiskå om brannen på Åheim som då rykte ut. Men då var brannen alt under kontroll. -At huseigaren hadde dobbelt med gips i taket og enkelt lag med gipsplater på veggene i underetasjen og ikkje huntonit,
BRANNBILEN på Sibelco Nordic er komen til hjelp. Her er det Ottar Ekremsæter med vasslangen, assistert av Arnljot Hole og Magnar Aahjem, som er i ferd med å vinne kampen mot brannen i underetasjen på bustadhuset til Reidun Rolandsen og Åge Berge.
STEINBERGET: Løa på garden Steinberget på søre Hellebust i Almklovdalen vart riven av murane. Roger Hellebust, som her saman
med sonen Morten, inspiserer den brutale lagnaden til løa, fortel at hylet av vinden vart så kraftig at dei ikkje merka at løa vart
HØNSEHUSET til Erlend Aarskog på Rovde fekk hard medfart. Heldigvis hadde han for kort tid sidan flytta kyllingane frå dette huset til
ei anna bygning på andre sida av fylkesvegen. Aarskog fortel til oss at akkurat her tok vinden hardare enn han gjorde i 1992. Det syner også
verka effektivt brannhemmande, påpeikar brannsjefen som finn det heilt uakseptabelt beredskapsmessig at kommunikasjonen er lamma over så pass lang tid, ei sak kommunen vil ta opp med overordna styresmakter. Takk Reidun Rolandsen Berge bed Synte Møre bere fram ei stor takk til alle som tok del i sløkkjingsarbeidet. Utan deira innsats hadde heile huset gått opp i flammar.
Hardt råka igjen på Myklebust
– Vi er snart for gamle til å gå rundt og plukke restar etter bygningar no, seier Wenche Sande. Galgenhumoren må til om ein skal halde motet oppe etter å ha blitt utsett for øydeleggjande naturkrefter for tredje gong. VIDAR PARR
– Eg høyrde Eldar Lade på reprise på orkanprogrammet frå TREDJE GONG: Løa til Viggo Sande er øydelagt. Det er tredje gongen garden på Myklebust blir hardt råka i løpet av dei to siste tiåra. – Det må snart vere bra no, seier Wenhe Myklebust Sande som er fødd og oppvaksen på garden.
KULTUR
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
9
gde driftsbygningar
riven vekk. Det var først på morgonkvisten dagen etter ein vart klar over at løa låg strødd nedover marka.
RUSTEN: Driftsbygninga på bruket Rusten i Almklovdalen fekk stor skade. Ottar Inge Rusten kan sjå restane slengde sunde 60 -70 meter lenger borte. Krafta i vinden har vore enorm.
(FOTO: Kjell Brenne)
FREMST I SAURDALEN måtte ei gammal løe gi tapt (øvst). Ulukka ville at taket flaug over vegen, trefte garasjen til naboen - øydela denne og velte bilen som stod parkert der. (FOTO: John Willy Klungre)
HALSE: Smadra til pinneved vart den gamle driftsbygninga, kan Lars Herman og Arne Hermansen konstatere. Deler av taket låg strødd femti meter lenger oppe. (FOTO: Kjell Brenne) DELER AV TAKET vart teke frå løa til Øystein Storeide og plater la seg i vegen mellom hus og løe. Maskinar fekk rydde vekk dette og opna vegen att alt same kvelden, fortel Storeide.
mengda av knekte tre oppover i terrenget bak dette huset. (FOTO: Håvard Parr)
1992 no ein kveld. Han snakka om demonar. Og eg er heilt eining. Dei er ikkje noko anna ord å bruka på lyden frå kastevinadane som deiser inn i Blåfelden, over dalen og opp i og opp i hornet på hi sida og tilbake igjen. Det er uhyggeleg. I 1992 budde vi i eit anna hus. Det var stilt og vi sende opp rakettar om kvelden. Om natta kom uveret. Vi vakna av smellet då garasjetaket trefte hustaket. Like etter for gamleløa. Det var forferdeleg. Men mange var råka den gongen. Vi plukka saman og bygde oppatt. Flytte inn i nytt hus gjorde vi og. – Så kom flaumen i 2004… – Ja, og det var det verste. Tenk det. Her langt framme, på flate Myklebust med skog og tre skulle eleva kome og gjere slik ein skade. Og så fort som elva kom! Eg drog på jobb i åttetida. Nokre timar seinare måtte vi berge den pleietrengande so-
GAMLESÆTRA: Orkan la etter seg fleire ”visittkort” i Sundalen. Her frå Gamlesætra der nyaste delen av løa fekk hard medfart. (FOTO: Kjell Brenne)
(FOTO: Håvard Parr)
nen vår og dei som passa han frå huset med traktor på grunn av at vatnet alt hadde fløymt i tunet. Det var heilt absurd. – Var du redd? – Om eg var redd? Ja, det skal eg helse og seie. Eg var aldeles skjelven. Nei, det var så fælt at eg ikkje vil snakka så mykje om det. – Kva tenkte du når du høyrde meldingane om orkanen som var ventande 1. juledag? – Vi har lært oss å ta slikt på alvor no. Eg tenkte at vi får vone det nye huset held, det var ikkje sett opp i 1992. Det var uprøvt. Vi held oss bak veggar og i gangen når det var på det verste. Utpå kvelden stilna det. Søstra mi, som var på julevitjing, sa at no var det visst over og ho kunne gå tilbake i gamlehuset der ho overnatta. Eg bad henne vente ei stund til til vi var heilt sikre på at det var over. Då small det. Eit forferdeleg brak.
Mannen min lerra litt på gangdøra og såg isopor og materialrestar fyke rundt på tunet. Vi skjøna kva som hadde skjedd. Løa som son vår, Viggo, no har overteke, var gåen. Men huset var uskadd. Det heldt. – Du er fødd og oppvaksen her framme. Etter slike opplevingar siste 20 åra, har du tenkt tanken på å gi opp? – Det er vel så mykje som fær gjennom hovudet slike dagar. Eg seier at vi har blitt for gamle til å plukke vrakgods frå bygningane våre etter kvart. Kanskje eg skal seie det slik: Skjer det ein gong til, då trur eg at eg legg inn årane. Elles må ein berre prøve å halde humøret oppe, det er ikkje anna råd. Og så er då dette finste staden på jorda - det er ikkje berre å reise frå noko slikt seier Wenche Myklebust Sande.
FAUK: Deler av løetaket flaug over husa og vart liggjande ovanfor fjøsen til Inge Årseth på andre sida av vegen. Fjøsen fekk ein heil del skade, og også ei ku måtte avlivast etter å ha blitt skadd. Plankar frå naboeigedomen har bora seg gjennom veggen. (FOTO: Line Nordal/Vidar Parr)
10
JULEDAGSORKANEN
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
Sperra vegar - knekte linjer
VEGAR vart sperra av tre som gjekk over ende. Det skjedde i Vik, i Syltefjorden, på Arset og mange andre stader. Dømet til venstre er henta frå Saurdalen der eit heilt plantefelt var rasert og der det måtte nyttast tungt maskinelt utstyr for å få "brøytt" oppatt vegen (FOTO: Håvard Parr)
OVER LINJER: Straum og telefonlinjer vart øydelagde av tre som fall. Her eit døme frå Fiskå. (FOTO: Håvard Parr)
TUE: Landemerket på Tueneset på Åheim for fjordfarande var det eldgamle bustetrollet av ei samanvaksen selje. Målbandet til Tore Bjørneseth viser ein omkrins i rotstammen på 6.30 meter (FOTO: Kjell
HALSE: Den erverdige gamlebjørka mellom tuna på Halse i Sundalen vart ikkje velta, men rett og slett vridd opp i rota. – Bjørka har hatt sin eigen status og her har også vore vidd brudepar, fortel Hilde Bjørg Almklov - og Arne Hermansen. (FOTO: Kjell
Brenne)
Brenne)
Skogskade er ikkje naturskade etter dei nye – Eg reknar med at ti mål skog er vekke hos meg, og naboane har mist minst like mykje, seier Roar Oseberg. Han tykkjer det er urimeleg at skog er unnateke frå ordninga om erstatning frå Naturskadefondet. VIDAR PARR
Men det er det altså. Lovendringa skjedde for fem- seks år sidan, kan lensmann Tor Sæther fortelje. – Naturskadefondet skal dekke skader på slikt som ikkje kan forsikrast, som innmark, vegar, elveforbygningar, moloar og liknande. Før var og skog rekna til dette. Men no har det kome ei ordning der skogen kan forsikrast gjennom eit eige selskap som heiter Skogbrann. Eg HEILE BERGSIDA er reinska for granskog - berre spreidde flekkar står att. – Vi oppdaga av vi brått kunne sjå hytta på Ivasætra, seier Roar Osebreg. Hytta ligg der den blå pila viser.
JULEDAGSORKANEN
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
11
Sjønære hus fekk store skadar
Nokre glimt
Naust, moloar og sjønære bygningar har fått stor skade i mange bygder. VIDAR PARR
Høg flo og grov sjø har grave ut og rive ned. Hus er både skadde, som vi ser på biletet rett over, og regelrett sopa vekk som biletet over til venstre viser. Begge døma er frå Syvde, men slikt finn vi mange stader i heile kommune.
JULING: Den gamle ferjekaia på Syvdsneset hadde fått ille medfart.
SOLSIKKELANDET fekk merke naturkreftene igjen. Vindretninga er godt dokumentert ved den store solsikka ved Combisenteret på Fiskå. (FOTO: Line Nordal)
TRAMPOLINE på avvegar. Denne har kryssa både vegar og eigedomar før ho la seg til. (FOTO: Line
(FOTO: Håvard Parr)
Nordal)
SJØBUDA på Slagnes var merkt etter sterk vind i høg flo. (FOTO: Steinar Slagnes)
REISKAPSLAGET på Rovde nyttar lageret på Syvdsneset. Skaden var stor. (FOTO: Håvard Parr)
VENTESKURET la seg over ende på Rovde. (FOTO: Håvard Parr)
reglane er redd mange lokale skogeigarar ikkje har fått med seg dette, seier Sæther. Elles er prosedyren når det gjeld naturskade at skaden skal rapporterast til lensmannen. Han vil få med seg skjønsmenn, godkjende av tingretten, som vil taksere skadane. Eigendelen er på 10.000 kroner, men likevel slik at ein ikkje skal betale to eigendelar. – Har du fått øydelagt både molo og naust, skal du ikkje betale eigendel på begge, sjølv om det eine gjeld forsikring og det andre naturskade, seier Sæther. Om taksten så blir godkjent av Naturdskadefondet, vil dei dekke ein prosentdel av skaden. Erstatninga vil bli utbetalt når skaden er utbetra, eventuelt kan det søkjast om delutbetaling før ein er heilt ferdig.
RUSKUT blir det etter slik ei natt. Dette biletet er frå Slagnes (FOTO: Håvard Parr)
Skogen Men tilbake til skogen som altså ikkje blir erstatta. – Eg synest dette er urimeleg, men slik er det no, seier Roar Oseberg. Dei opdaga brått at dei kunne sjå den nybygde hytta på Ivasætra frå kjøkenglaset sitt. All skog som skygde var borte. – Det er naturlegvis store tap i verdiar.
Men det er også eit enormt opprydningsareid som må til. Vi har jobba heile romjula for å få vegen oppover nokolunde framkomeleg, seier Oseeberg. Og dette er berre eitt døme. Mange stader i Vanylven, ligg enorme mengder skog knekt eller felt etter orkanen. – Eg trur nesten ikkje du finn ei uskadd
SKOGEN er stygt medfaren mange stader. Her frå Slagnes. (FOTO: Steinar Slagnes)
gran i heile dalen, sa til dømes ein bonde frå Saurdalen til oss 2. juledag.
ATLANTERHAVSPARKEN skulle ein kanskje tru dette var. Det var eit svært maritimt preg utanfor redaksjonslokala våre som ligg i bakgrunnen (FOTO: Håvard Parr)
12
JULEDAGSORKANEN
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
Hard påkjenning for taka
HARDE TAK: Mange tak fekk skade. Biletet over viser Fagerhol & Nystøl si bygning på Fiskå, der dekket forsvann i vinden. (FOTO: Line Nordal)
Bitar av tunge skiferheller på ei løe på Tue fauk over hundre meter og slo hol i taket på eit nabohus i orkankasta 1. juledag. KJELL BRENNE
– Vi var heldigvis ikkje heime og det var kanskje det tryggaste. I alle fall må det ha vore livsfarleg å vere ute når vi ser kva som har skjedd, seier Leif Løvold (biletet). Han viser oss restane av skiferen som fauk i lause lufta som fritt vilt under orkanen frå løa i grannelaget og
spikte taket på bustadhuset til Løvold. Han frys mest på ryggen når han tenkjer på kva som kunne ha skjedd om desse skarpe steinskivene hadde treft folk. – Bombardementet på taket var så kraftig at det knuste taksteinen og slo så djupt ned i undertaket at panelen i taket på badet vart knekt. Dette var nummeret før det hadde gått heilt igjennom og knust eitkvart på badet, seier Leif Løvold som var heldig og fekk bygningsmann Olav Sjåstad på plass 2. dag og provisorisk tetta taket. Stormen må ha rive ekstra sterkt på Tue når ein ser alle trea som er rivne opp og slegne overende. –Eg trur dette overgjekk 92-orkanen, seier Løvold.
PÅ TAKET: Så snart veret roa seg og dagslyset tillet det, var folk på taket for å bøte på skaden vinden hadde gjort om natta. Her på Brekke i Syvde der vi ser Asbjørn Brekke i fullt arbeid saman med sonen Sindre og Martin Strand (t.h). (FOTO: Håvard Parr)
Langt frå alt På desse sidene har vi fortalt ein del om det som skjedde under orkanen 1. juledag. Men det er langt frå alt. Fleire store og viktige ska-
der er ikkje med. Vonleg gir det likevel eit inntrykk av kva naturkreftene stelte i stand to tiår etter nyttårsorkanen i 1992.
Lækjarkontor utan samband Lækjarkontoret sat utan samband både til sjukehus, AMK og potensielle pasientar. Berre internsambandet til eigen ambulanse var intakt 2. juledag, VIDAR PARR
Det var berre ein måte å løyse det på. Vakthavande lækjar, Thomas Ribohn, var til stades på kontoret på Fiskå. Ein håpte så at folk som hadde trong for lækjar, og ikkje fekk kontakt over telefon eller på anna måte, rett og slett oppsøkte kontoret. Kommunen prøvde å formidle beskjed om dette via radio, men mange stader fekk ein heller ikkje inn radioprogramma. Utover kvelden, då det somme stader var straum og nett tilgjengeleg, vart meldingar om korleis folk skulle kome i kontakt med lækjarkontoret spreidd på ulike måtar, mellom anna ved face-book. Også kommunar som Vågsøy og Bremanger hadde same
problema som Vanylven i denne fasen – og der vart folk oppmoda via radio til, dersom det ikje var anna råd, å prøve å ta seg fram til lækjarsenteret.
VENTA: Dei kunne lite anna gjere enn å halde seg i beredskap og vone at folk tok seg fram til lækjarkontoret. I framgrunnen kommuneoverlækjar Hamid Keshavarz , vidare rundt bordet Mariann Kvalsvik og Svein Arild Roald frå ambulansetenesta og vakthavande lækjar Thomas Ribohn, engasjert i diskusjonen ved bordet.
Rosar fotfolket Kommunalsjef Atle Arnesen er etter planverket kommunen sin beredskapsleiar. Mykje av det praktiske arbeidet ute blir utført av driftsavdelinga sine folk. – Karane i driftsavdelinga har imponert meg. Først og fremst på to måtar. For det første med ein imponerande stå-på-vilje. "Dette skal vi ordne. Dette fiksar vi, Atle!" var standardsvaret når oppgåver vart delte ut, sjølv om dagane vart lange og harde. Det andre er kompetansen. Kva formell og uformell kunnskap desse karane sit inne med, er imponerande. Dei er fyndelar som er vande til å finne praktsike løysingar på problem, og det er ikkje den kabel eller det kumlokk dei ikkje veit kvar er. Som beredskapsleiar vil eg gjerne få sagt dette - det fortener karane, seier Atle Arnesen.
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
NYTT
13
Krev gangbru straks
Foreldre fryktar Åheimsbrua skal bli ei dødsfelle. Dei krev at ei trygg gangbru blir bygd straks. Onsdag aksjonerte både store og små på begge sider av elva mot tilstandane. KJELL BRENNE
Statens Vegvesen er i gang med å forsterke rekkverket på brua
med ei ny montering på innsida av det gamle, noko som har gitt smalare passasje over brua. Dette har gitt innsnevra breidde for gåande på ei bru som alt er for smal. – Dette er ei skandale og viser berre at det er biltrafikken som har prioritet og ikkje tryggleik for skuleborna våre, seier leiar i Åheim Bygdeutvikling, Knut Ingvald Bøstrand. Foreldra ser det som skjer som ein provokasjon mot mjuke trafikkantar. Ytterlegare forverring av breidda må føre til at
ei gangbru straks vert sett på dagsorden av styresmaktene i fylket, krev Bøstrand og viser til at dette er einaste plassen i kommunen som ikkje har gangbru ved sida av køyrebru på offentleg veg. – Vi har her med ein stamveg med stor trafikkbelastning. No krev vi at styresmaktene tek grep og får bygt ei gangbru over elva. Vi finn det nødvendig å markere kravet vårt med denne demonstrasjonen. Vi har rett og slett ingen å miste! fastslår Bøstrand.
Rektor ved Åheim skule, Berit Brunvold, sluttar seg til aksjonen. – Brua er langtifrå det ein kan kalle ein trygg skuleveg, noko borna har krav på. No hastar det med å få utbetra forholda Ordførar Jan Helgøy og varaordførar Ottar Jan Løvold stiller seg fullt og heilt på foreldra si side. Dei var til stades under aksjonen og beit merke i det sterke engasjementet. –Brua er ein del av fylkesveg 61. Ansvaret ligg fullt og heilt
KLAR BODSKAP: Her trengst ingen bilettekst. Plakatane fortel det meste.
på fylket, påpeikar både ordførar og varaordførar. På prioriteringslista for gang og sykkelvegar i fylket ligg Åheimbrua med gangveg mot Tue på 46. plass.
Fylkesordførar Jon Aasen:
– Brua er i prakis stengd for gåande – Borna kan ikkje ha ein skuleveg som i praksis er stengd for gåande, konkluderer fylkesordførar Jon Aasen som vil engasjere seg i saka. KJELL BRENNE
Fylkesordføraren, tidlegare ordførar i Vanylven, er godt kjend med kva som skjer av
standardheving på brua med nytt rekkverk. Han har vorte kontakta av fleire om den kritiske situasjonen som har oppstått. – Gangbru har vore ein gjengangar heilt attende til mi tid som ordførar i Vanylven, der eg saman med Hvattum prøvde å få på plass ei gangbrua på utsida av køyrebrua. Når vi no opplever at den trange plassen som folk skal ta seg fram på, vert bytt vekk til fordel for rekk-
verk for bilane, då har vi fått ei ytterlegare forverring som er heilt uakseptabel. I praksis er brua stengd for gåande. Slik skal vi ikkje ha det på eit trafikkert samband gjennom sentrum på Åheim. – Og same kvar saka ligg på prioriteringslista, så må vi ta til vitande at med dei rekkverkutbetringar som er på gang på brua, så har vi no fått ein heilt ny situasjon for trafikktryggleiken for borna vi berre blir nøydde
å gripe fatt i. Dette handlar kort sagt om trygge oppvekstvilkår, poengterer fylkesordførar Aasen.
FYLKESORDFØRAR Jon Aasen meiner det har oppstått ein heilt ny situasjon ved brua. (FOTO: Møre og Romsdal Arbeidarparti)
14
AKTUELT ANNONSER
Reagerer på nærjakt – Skal det vere fritt fram for hjortejegerar å drive jakt tett opp mot bustadfelt og skal det vere greitt å ta nattesøvnen frå folk? spør Trygve Ekremsæther. Han etterlyser ein akseptabel jaktkultur. KJELL BRENNE
Ekremsæther er oppsitjar i bustadfeltet på Åheim. Han fekk forstyrra nattesøvnen av skotsmell halvtimen etter midnatt ei natt av desember, skot som skreiv seg frå hjortejakt i nærleiken. Ekremsæther reagerer sterkt på det som hende. – Dette handlar ikkje om nattjakt skal
vere lovleg eller ikkje lovleg, men kort og godt spørsmål om kor nær innpå eit bustadfelt det skal gå an å løyse jaktskot, poengterer Ekremsæther. – Det dreiar seg både om tryggleik for omgjevnadane og ein viss porsjon jaktmoral, påpeikar Ekremsæther. Han meiner jegerar pliktar å ta tilbørleg omsyn til grannelaget. – Vi kan ikkje finne oss i eit bumiljø der du ufrivilleg vert kipt opp og fråstolen nattesøvnen. Det gjeld for vaksne så vel som for born. Dei må ha rett til å vere utkvilde til neste dag, understrekar Ekremsæther. Han meiner tida er inne for å løfte fram spørsmålet om jaktkultur og få sett fokus på den. – Lyden av skarpe skot nattestider i bustadfelt, skakar fort opp folk og skaper redsle hos enkelte. Folk må få slep-
pe å få bli utsett for slike fryktframkallande lydar. Etter mitt syn overgår dette langt grensa for kva ein skal måtte godta å bli utsett for, meiner Ekremsæther som ikkje er i tvil om at mange i bustadfeltet er av same oppfatning. – Sjølv om nattjakt er lovleg, må det kunne stillast spørsmål ved tryggleiken til omgjevnad og om jegeren har sikker nok kontroll på bakgrunnen. Sjølv kan eg vanskeleg sjå at det er tilfelle etter midnatt på den mørkaste tida på året, meiner Trygve Ekremsæther, sjølv erfaren jeger på storvilt. Han trur ikkje spørsmålet om nattjakt i forhold til busetnad er eit aktuelt tema berre for Åheim, men også andre stader kringom i distriktet.
Politiet:
– Ikkje kritikkverdig frå jegeren Lensmann i Vanylven, Tor Sæther, meiner den påklaga nattskytinga på Åheim ikkje erei sak for politiet. Sæther finn ikkje noko kritikkverdig frå jegeren si side. KJELL BRENNE
Politiet vart kontakta av Ekremsæther etter nattjakta den 14. desember og tok åstadsvurdering. Lensmannen opplyser at dei ikkje har funne noko gale med jakta. – I følgje lova er det opp til jegeren sjølv å vurdere om skyteforholda er forsvarleg gode nok, om her er nok
skytelys eller ikkje, skyteretning og kva kontroll og sikt ein har mot bakgrunnen. Den natta jakta føregjekk, var det stjerneklart med gode lysforhold. Ut frå det som er kome fram, kan ikkje lensmannen finne grunn til å gå vidare med saka. Alt tyder på at jegeren hadde full kontroll, presiserer Sæther. Sæther kan likevel forstå at folk som ligg i sin gode søvn og vert riven opp, reagerer på slik ufrivilleg vekking. – Nei, det er ikkje uvanleg at folk reagerer og melder ifrå. Men det er ikkje forbod mot nattjakt og politiet kan som sagt ikkje sjå at her har føregått noko klanderverdig i forhold til gjeldande regelverk, seier Sæther som legg til at saka heller ikkje er meld.
– Her går føre seg ein del hjortejakt på kvelds- og nattestider. Men så lenge dette er lovleg og jegeren ikkje påviseleg har gjort noko uregelmentært, så er der ikkje rettsgrunnlag for politiet å gripe inn mot vedkomande jeger. Han er i sin fulle rett. Like det eller ikkje. Slik er det berre. Sæther er kjend med at det fleire gonger har vore reist sak mot personar som har drive nattjakt, men at det har vist seg vanskeleg å få medhald i retten.
Viltforvaltaren:
– Skal ta omsyn til naboar – Viss jakt går føre seg tett innpå bustadfelt og uroar folk sin nattesøvn, så er det kritikkverdig. Folk må ha krav på nattefred, meiner viltforvaltar i Vanylven, Terje Kolstad, som elles framhevar Viltlova sine strenge krav til nattjakt. KJELL BRENNE
Viltforvaltaren, med oppsynsmynde for jakta i Vanylven, presiserer at han ikkje kan ta stilling til den konkret påklaga nattejakta på Åheim, men kan uttale seg på meir generelt grunnlag Kolstad understrekar at Viltlova ikkje har noko generelt forbod mot jakt om natta, men Viltlova sin paragraf 19 set strenge krav til utøving av jakt og at dette ansvaret fullt og heilt kviler på den som utøver jakta. Det må leggast avgjerande vekt på følgjande forhold: Kravet til human felling av viltet. Kravet til sikker bakgrunn. Kravet til forsvarleg gjennomføring av ettersøk ved skadeskyting. – Her skal det leggast strenge krav og vurderingar til grunn. Ein kan ikkje utelukke heilt at jakt kan vere lovleg etter
at sola har gått ned eller før ho har stått opp under spesielt gunstige forhold med fullmåne, skyfritt ver og med god sporsnø, presiserer Kolstad. Jakt under dårlege lysforhold er ikkje forbode i forhold til Viltlova sine forskrifter, men jegeren pliktar å utøve eit skjønn i kvart enkelt tilfelle ut frå kravet til sikker og human jakt. Utgangspunktet er imidlertid heilt klart det motsette. Det vil seie at jakt om natta vil raskt kome i strid med Viltlova sin paragraf 19.
mørke. – Men forsvarleg jakt i tråd med § 19 forutset at det skal vere tilstrekkeleg lys til å kunne felle viltet på ein human måte. Skot må ikkje løysast utan at jeger veit at bakgrunnen er sikker og at det må kunne gjennomførast eit forsvarleg ettersøk, understrekar Terje Kolstad.
Kunstig lys forbode Viltforvaltar Kolstad viser også til Viltlova paragraf 20 tredje ledd der det blir fastslått at bruk av kunstig lys i jaktauge (kikkert) er det forbod mot. Dette lovforbodet gjeld alle faser av ordinær jakt og felling, også forfølgjing og tilegning av såra vilt. Under ettersøk kan følgjeleg jeger/jaktlag ikkje bruke kunstig lys.
Under vurdering I mars i 2011 leverte ei arbeidsgruppe si innstilling til Direktoratet for sikker og human jakt. I denne innstillinga er det eit mindretal og eit fleirtal for jakt om natta. Kva som vert det endelege resultatet er ikkje pr. dato avgjort. Rettspraksis har gått langt i å frifinne i saker kor tiltalen er uforsvarleg jakt i
VILTFORVALTAR: Avdelingsleiar Terje Kolstad er viltforvaltar i Vanylven kommune. (ARKIVFOTO)
SYNSTEMØRE MØRE Torsdag Torsdag05. 5. januar SYNSTE januar 2012
Finansiering av E 39 Dette er Stortinget si sak, og kommuner og fylkeordførrar treng ikkje legge seg opp i dette i det heile. Det har Stortinget slege fast for lengst, sist når dei på Stortinget ”ga oss gratis ” alle dei gamle riksvegane i fylket (men vi hadde betalt dei frå før). Då slo dei igjen fast at kommunevegane dei skulle kommunene bere ansvaret for, dei gamle riksvegane skulle fylkes- kommunene ha ansvaret for og Europa-vegane dei skulle Stortinget stå ansvarlig for, så finansieringa av E39 og E134 høyrer til kun i Stortinget. Men det som vi ute i distrikta får lov til, det er å ha ei mening om er kvar vegen skal ligge, men også det har Stortinget ved NTP bestemt. Vegen skal gå den kortaste og raskaste vegen mellom Kristiansand, Bergen og til Trondheim. Derfor burde ikkje E39 kome lenger vest enn til Byrkjelo, derfrå bør vegen gå i ein 11 km. lang tunnel til nær Olden sentrum og vidare bør vegen fylgje traseen til RV 60 til Sykkylven og Storfjorden. Der bør det byggast ei 2 km. lang bru til Glomset og E39 svingar innover til Sjøholt og inn i fjellet der, i ein 8-9 km. lang tunnel framme i Tresfjorden og då er vi enkelt komt fram til Romsdalshorn med ein 40 km lang veg og tre mindre tunnelar. Slik at i nær framtid så er vinterstenging av Ørskogfjellet og snøbrøyting ein sagablott, og det vert kun ein tre kvarters køyretur frå Sjøholt til Horgheim, til Trondheim er det strake vegen. Eg ser i avisene at til og med ein ordførar herfrå Ytre, bekymrar seg for at trafikken som i dag går med Folkestadferja er så stor at den trafikken kjem ikkje fram gjennom Volda sentrum når E39 vert tilkobla tunnelen gjennom Rotset-hornet, tullprat er det rikelig av, naturligvis er ikkje det noko problem det får vi sjå om nokre få månadar. Eg har faktisk komt til Volda frå Folkestad, og vi har stått i kø frå ferja og opptil vegen, og der har passert fleire bilar til Volda sentrum, sjukehuset og Austefjorden før enn vi fekk køyre inn på vegen enn i heile ferjekøen. Ein ting er i alle fall heilt sikkert at det hadde både tids og kostnadsmessig ein kjempefordel, om den tolv km lange tunnelen frå Ulstein til Giskesundtunnelens lavaste punkt hadde vore påvore påbegynt. Det hadde naturligvis vorte Hafast-Gisketunnelen, for det vert Hareidslandets Fastlandssamband. Då han er ferdig vert han forholdsvis flat, 100% flat dei 5 kilometerane under Godøya og dei 7 kilometerane opp til Ulstein kjem til å få ei stigning slakkare enn eidet mellom Rise og Ulsteinvik. Det vil komme til å ta ein halvtimes køyretur mellom Ulsteinvik og Ålesund og til Haram er det også vore snakk om berre minuttar for då måtte vi ha svinga av på Ellingsøya. Med trafikken frå Eiksundsambandet og frå Sulesundferjene så vert dei 500 millionane som denne Hafast-Giske-tunnel kjem til å koste, verte betalt 100% med AUTOPASS på 4-5 år og ferjebillettar og bompengar ville vere slutt for alltid. Og alle ferjene sør om Ålesund kan avviklast bortsett frå Sæbø til Lekneset, også ferjene i Sande kan avviklast så snart Sande fastlandssamband er bygt med ein tre km. lang tunnel (i ly av veret) Åram – Kvamsøya med ein kort tunnel oppå Vokså, kanskje kan ferja Larsnes – Åram gå viss behovet er til stade. Korkje Hafast og Sande fast er avhengie av pengar frå tronge offentlege budsjett. Men tvert imot er Hafast i full gang med å skaffe vegvesenet pengar til planlegginga. Noko dei bør få til. Pål Vedeld Djupvik
ANNONSER KULTUR
SYNSTE januar2012 2012 SYNSTEMØRE MØRE Torsdag Torsdag05. 5. januar
15 15
Favorittsigrar i Castrol Cup
SAMARBEID GIR STYRKE: Med ein gjennomsnittsalder på 15,4 år viste desse jentene, med to spelarar frå Åheim, fire frå Selje og ei veninne frå Måløy svært lovande takter på bana, men etter å ha slege Pigs in space 3-1 i første kamp og yppa seg mot Queens, vart det uventa tap med 1-0 mot Pigs in space i kvartfinalen. Bak frå venstre: Elise Nygård, Susanne Aarsheim, Vilde Holvik, Sofie Hove. Framme: Vilde Hasund, Jeanette Taklo, Ellen Nerland Aahjem.
Det vart mykje ”same procedure as last year” i toppen under den faste romjulsturneringa i Olivinhallen sist fredag. OLE MAGNE KVALSVIK
I aktiv klasse for menn var fjorårsvinnarane, Isane Turn og Idrettslag, eigentleg lite truga, sjølv om nokre av motstandarane skapte ei viss spaning. Mellom anna gjeld det finalemotstandar Los Siete Grandes, som tok seg til finalen etter straffesparkkonkurranse mot Team Rabbane. I finalen heldt dei lenge også Isane til 1-1, men nordfjordlaget hadde god kontroll og kom attende og vann 3-1.
Nøgde vinnarar Hovmeistertakter var det også av arrangørane. – Vi brukar å delta i nokre slike turneringar, mellom anna i Stryn andre juledag, sjølv om denne i år vart avlyst på grunn av stormen. Men Castrol Cup er langt betre, med ei heilt anna rame kring arrangementet, godt kampoppsett og god gjennomføring. Du må passe på å få med litt skryt av dette, seier ”lagkaptein” på vinnarlaget, Stian Sandal.
KROKEDAL vann open klasse for menn. Bak frå venstre: Sigve Støylen, Oddvin Kragset, Runar Halsen. Framme: Øyvind Aakre Støylen, Tormod Hvattum, Erlend Kragset. Herrelajet, med tidlegare Stranda- og Hellesyltspelarar. Alt i den første kampen vart det heite takter, då dei møtte eit ikkje heilt fintspelande lag med tidlegare skulekameratar frå Volda på laget Almis peanøtt. Mot slutten av kampen kokte det såpass at handgement ikkje var langt unna. Etter inntak av litt Ringdal-mør, roa det seg ned til dei vidare kampane. Laget nådde lik poengsum
Heitt for herrelajet I open klasse for herrar vart det derimot ikkje nokon reprise på fjoråret for
Finalen gjekk difor mellom Gymsalkameratane og eit anna lag som har hevda seg godt i cupen siste åra, Krokedal. Sistnemnde kjende seg litt svikta av keeper på Gymsalkameratane, Ivar Krokevik, men fekk kvelden føre hyra inn Tormod Hvattum i staden. Og det var ikkje noko dårleg byte. Ved sida av Sigve Støylen, som både i semifinale og finale dominerte og scora flotte mål frå venstrekanten, var Hvattum sin innsats i målet eit hakk over motstandaren og avgjerande for at Krokedal vann finalen med 2-0.
ANE TUIL: Framme: Stian Sandal med pengepremien. Bak frå venstre: Stig Tunheim Aarsheim, Torbjørn Aabrekk, Erik Salveson, Karl-Erik Aarsheim, Odd Helge Losnegård, Stein Inge Aabrekk.
QUEENS: Vann dameklassa. Bak frå venstre: Ana Marie Stave, Sofie Vassbotn, Maren Nordang. Framme: Maria Garnes Rafteseth, Camilla Aure, Heidi Muren, Kristine Sætre.
For alle
Støylen og Hvattum sentrale
HEITT I TOPPEN: Linedommar Johan André Eikrem (med ryggen til) og dommar Anders Midtbø (gul vest) måtte gå mellom for å roe ned hissige spelarar på slutten av kampen mellom Herrelajet i raudt og Almis peanøtt i kvitt. God underhaldning for publikum, men kanskje ikkje slik det bør vere?
Rosajentene heva seg I open klasse for damer var også fjorårsvinnarane, Queens frå Volda, favorittar. Største opponenten på førehand var nok Sølvjentene, med spelarar frå laget som tok sølv i Norway Cup sist sommar. Dei kom òg til semifinale, der dei møtte Queens og rauk ut med 3-0. Finalemotstandar vart dermed noko overraskande eit av cupen sine mest profilerte lag. Pigs in space, med sitt rosa varemerke, vann rett nok med andre spelarar cupen for nokre år sidan, men imponerte ikkje i dei innleiande kampane. Mellom anna tapte dei 1-3 mot Real Mandarin, men kom attende og slo desse 1-0 i semifinalen. Dei tapte òg 6-0 mot Queens i gruppespelet, men baud i finalen på god motstand, sjølv om dei til slutt måtte sjå seg slegne med 1-0.
som Almis, men gjekk ikkje vidare etter tap i denne innbyrdes kampen.
65-åringen Jens Cilleborg Jensen er mellom anna tidlegare trenar for Åheim og ein engasjert fotballperson i Nordfjord-miljøet. – Det flotte med slike turneringar er at ein kan vere i lag på tvers av aldersgrenser. Vi har det svært kjekt både på treningar i gymsalen i Kjølsdalen og når vi deltek på cupar. Dette er også ein av dei kjekkaste cupane å vere med på og svært godt arrangert, sa Cilleborg Jensen, som likevel meinte lista for kroppskontakt kunne vore lagt høgre når det gjaldt dømming. I Olivinhallen stilte han i lag med fleire ungdomar på Midthjell/Lefdal Grendalag, mellom dei nevøen Magnus Birger Midthjell. 19-åringen går i år på fotballakademi i Danmark.
Fekk pris
Under Castrol Cup fekk også Gunnar Myklebust det synlege teiknet på å vere ”årets ÅVK-ar”. I tildelinga er særleg Myklebust sin innsats for klubben på 90-talet vektlagt, men etter nokre år med pause er han no attende i støtteapparatet, mellom anna som speaker under heimekampane på Eidsåvoll, noko han også var på Castrol cup. – Slike eldsjeler er nøkkelen for at drifta i klubbar som ÅVK går rundt, heiter det i grunngjevinga for prisen.
16
NYTT
SYNSTE MØRE Torsdag 5. januar 2012
Vil utbetre problemsvingen Statens Vegvesen lovar å ta tak i problemsvingen nedanfor Kvilehytta på Åheim. Onsdag var folk frå vegvesenet på plass og la ein plan A for utbetring. KJELL BRENNE
Fagkoordinator i Statens Vegvesen i Møre og Romsdal, Kjell Haukeberg, opplyser at som førstehjelpstiltak vil det bli satsa på å få fylt opp på innsida av svingen med steinmasse og med eit gruslag på toppen og at det vert lagt ned eit rør i botnen. – Det viktige er å få lagt eit kvart som kan verke stoppande på bakenden av semitrailerar som sklir innover på glatta vinterstid og som har enda i myra innanfor. Vi må ha eitkvart som kan forhindre velt, seier Haukeberg som saman med byggeleiar i Statens Vegvesen, Odd Einar Hjellen, studerte korleis svingen fungerer i praksis når trailerar kjem ned frå fjellet og skal ta seg gjennom svingen. – Her kom ein semitrailer. Då viste det seg at bakhjula kom innom indrekanten medan forakslingen følgde eiga vegbane, fortel Haukeberg. – Vi fyller opp masse i 65 meters lengde og ei ny innerbeidde på ein meter før ei flatare skråning. Vi vil også markere dette
som ein krappare sving med bakgrunnsmarkeringar i ytterkanten av svingen, opplyser Haukeberg. Haukeberg og er innstilt på at utbetringa skal skje med det første, men med atterhald
om at verforholda ikkje blir for umogelege.
OPPFYLLING: Byggeleiar Odd Einar Hjellen (t.h.) og fagkoordinator Kjell Haukeberg, begge i Statens Vegvesen, vil fylle opp grøfta med steinmasse så ikkje trailerane glir ned i grøfta og veltar. Både ordførar Jan Helgøy og varaordførar Ottar Jan Løvold har grunn til å smile. Dei er fornøgde med at det no ser ut til å skje noko med problemsvingen på fylkesveg 61på Åheim.
Ber folk sjekke gravsteinar – Svært mange gravsteinar ligg heilt eller delvis velta etter orkanen. Vi oppmodar no folk om å ta turen innom kyrkjegarden for å sjekke gravsteinar dei har ansvaret for, seier kyrkjeverje Inger Anne Vidnes. VIDAR PARR
så mykje som skal ordnast no, at vi har rett og slett ikkje har kapasitet, seier kyrkjeverja. Ho samanliknar ein gravstein med ein bil utan kasko. Det er eigaren sitt ansvar når det skjer ein skade, med mindre skaden skuldast aktløyse frå annan part. Det gjeld og om tre skulle falle over steinar, slik det no til dømes har skjedd på Åram. Vi vil sjølvsagt syte for å få desse trea fjerna. Men kyrkjegardseigaren, kommunen, vil berre vere ansvarleg for eventuell skade på gravminne dersom det er utvist aktløyse. Det kan til dømes vere at ein har vore kjend med at trea var rotne og utgjorde ein fare. Vi fjerna for ei tid sidan nokre gamle seljer ved kyrkja på Åram nettopp fordi vi vart gjort merksam på at trea var svekka, seier Vidnes som seier at ho så langt ikkje har fått melding om gravsteinar som er skadde.
Kyrkjeverja minner om at gravsteinar er folk sin private eigedom og såleis også eigaren sitt ansvar. – Ein del av steinane som er velta, er ikkje bolta. Desse må boltast når ein no set dei oppatt for å kome i forskriftsmessig stand. Men også ein del bolta steinar har velta. Det kjem seg nok av at fundamentet har kome for høgt på grunn av telen sitt arbeid gjennom åra. I den sterke vinden no i jula, har så støtta blitt Sjekk graver velta eller i alle fall komen ut av – Vi har ikkje kapasitet til å stille, seier Vidnes. varsle alle denne gongen. Difor oppmodar eg folk til sjølve Ikkje kapasitet å kontrollere den eller dei gra– Folk må sjølvsagt kunne leige vene dei har ansvaret for. Er hjelp til å få orda dette. Men det vanskeleg, kan ein kanskje kommunen eller kyrkjegradsar- få nokon til å gjere det for seg, beidaren våre kan diverre ikkje seier kyrkjeverje Inger Anne ta på seg slike oppdrag sjølv om Vidnes. folk byr seg til å betale. Det er
VELTA STEIN: Det er svært mange gravsteinar kring om i Vanylven som ligg som denne, velt over ende av stormen. – Denne steinen har vore støypt fast i fundamentet, men betongen "slepper" med åra og steinen veltar i vinden. Denne må boltast til fundamentet om han skal bli i forskriftsmessig stand, seier kyrkjeverje Inger Anne Vidnes. I bakgrunnen ser vi ein bolta stein ute av stilling, sidan fundamentet er kome så høgt i jorda at vinden har greidd å få han ut av stilling.
ANNONSER
SYNSTE MØRE MØRE Torsdag Torsdag 05. 05. januar januar 2012 2012 SYNSTE
17
FIRMAGUIDEN A.M. VIK AS 6140 Syvde - Tlf.: 70 02 31 13 Mob.: 91 84 11 55
sande rekneskap as
Vi dekkjer hovudsakleg Søre Sunnmøre og Nordfjord. Ta kontakt om ditt firma treng hjelp med rekneskapet! Kontaktpers.: Asgeir Thorseth og Tor Arne Bringsvor.
TVERBERG Hunde- & kattepensjonat 6140 Syvde
Staden der kjæledyret ditt står i fokus Tlf.: 70 02 41 17 eller 91 59 99 82
AUTORISERT REKNESKAPSKONTOR Larsnes - Fiskå - Ulsteinvik www.sanderekneskap.no - Tlf.: 70 02 63 10
STRAND STILLAS AS
6140 Syvde NYBYGG - TILBYGG REHABILITERING PROSJEKTERING TEIKNING E-post: johnorda@online.no tlf.: 70 02 30 85 - Fax: 70 02 20 62 - Mob.: 95 16 97 10
tlf: 90 91 14 10 tlf: www.strandstillas.no
6143 Fiskå tlf.: 70 02 08 30 - fax: 70 02 08 31
Din elektroentreprenør i Vanylven
Regnskap O Lønn O Fakturering O Budsjett O Rådgiving m.m. O
Eid Elektro AS, Øyane 12, Nordfjordeid. Tlf. 57 86 47 60. Montørbase Syvde, mob. 917 27 922 E-mail: post@eidelektro.no. www.elfag.no Regnskap – Inkasso – Bedriftsrådgivning Programvare & virksomhetsstyring – Mennesker
Tlf.: 70 02 08 40 - Fax: 70 02 08 41 - 6140 Syvde
(Y ½RR SWW To RIXX proton-elektro For inspirasjon: www.elkonor.no
vikbygg.no Tlf.: 952 82 411
6140 Syvde tlf.: 70 02 01 98 - fax: 70 02 13 26 www.hld.no - E.mail: salg@hld.no X Bilberging
i Combisenteret Tlf.: 70 02 13 07 Mob.: 95 47 04 52 nytrykk@online.no
trykksaker-skilt-tekst bildekor-reklamartik skilt-tekstiltrykk-stor trykksaker-skilt-tekst reklamartiklar-trykks storformat-bildekorskilt-tekstiltrykk-stor
Maling, tapet, gulvbelegg, tepper, laminat/ parkett, heildekningstepper, gardiner, garn, gåver, lamper, sengeutstyr. Eiga Àisavdeling. Eiga gulv og vegg avd.
Centrum Fargehandel, ope 9-17 (15) Syvde, tlf. 700 20 800 - fax: 700 20 805
C A T C H T H E
fotoNor
M O M E N T
FOTOGRAFERER DET MESTE FOR DEI FLESTE
SVEIN A NORDAL, 6140 SYVDE For timebestilling: Tlf 95 12 76 33 e-post: fotonor6140@gmail.com
(kasko/delkasko egenandel 200) X Autorisert bilopprettar (avan. opprettingsutstyr) X Autorisert billakkering (med NBF garanti) X Frontruteskifting
X Medlem
i NBF (Norges Bilbransje Forbund) X Rep. av frontruter rosetter/ skade frå steinsprut (v/kasko el. delkasko - gratis) X Utleigebil
6143 Fiskå - tlf.: 70 02 10 05 - priv.: 70 02 14 31 Fax: 70 02 10 52 - mob.: 90 18 81 19
Din lokale elektriker - når pris og kvalitet teller! Geir P. Kviebakk Tlf.: 478 71 177 geir@proton-elektro.no
✔ Kon¿rmasjon ✔ Bryllaup ✔ Barnedåp
Frode Slagnes Tlf.: 906 92 045 rode@proton-elektro.no
Vi steiker din festmat, om du måtte ynskje! Vi leverer koldtbord, (min. 10 pers.)
6140 Syvde - tlf.: 70 02 30 08
Dragsund ASVO AS
VASKERIET 6143 Fiskåbygd - tlf. 70 02 14 71
Vi tek imot vask for privatpersonar som: personlege kle - vasker og rullar dukar og gardiner - dyner og puter (syntetiske) - tepper og ryer - moppar - kjeldressar Vi held til i underetasjen på Vanylven sjukeheim
AKUTT - ÅRLEG KONTROLL TIMEBESTILLING
Tannlege Per Hjermann Åheim - tlf. 70 02 43 60
6146 ÅHEIM - TLF.: 957 80 250
18
ANNONSER
JANUARSALG
Landbruk er ei omfattende næring, alt frå skog, sau, egg, kjøtt, melk og til indirekte næringar som kraft. Vanylven Kommune via Vanylven Utvikling har no eit program gåande som har som mål, om mogleg å betre innteninga i landbruket. Dette programmet er inndelt i 3 områder:
Startar torsdag 5. januar
Vi søkjer derfor etter - deg som ynskjer å prøve ut småskalaproduksjon av lokal mat. - innspel frå aktørar innan tradisjonelt landbruk på kva som skal til for at landbruk fortsatt er ei dominerande næring i Vanylven i framtida. Ta kontakt: ane@vanylvenutvikling.no eller tlf.: 700 20 880 / 402 43 613
VANYLVEN
SYNSTE MØRE Torsdag 05. januar 2012
UTVIKLING
30 til 70% rabatt på vinterstøvlettar 30% rabatt på fjellsko ½ pris på skjerf Ytterjakker ½ pris
Åheim
6146 Åheim - tlf. 700 24 037 PARKETT
Service - reparasjonar EU-kontroll (PKK) - dekk
Vanylven Utvikling AS inviterar til
nyttårsfest
Rolandsen Bilverksted AS 6143 Fiskå Tlf.: 700 21 320
for næringsdrivande og samarbeidspartnarar
Cosy
Pris pr. pers. 250,- for aksjonær bedrifter/500,- for ikkje aksjonærar. Obs.: begrensa antal plassar, ver tidleg ute! Påmeld. innan 18. jan. til: 40 24 36 13 eller e-post ane@vanylvenutvikling.no
VANYLVEN
UTVIKLING
Interesseorganisasjon for næringsutvikling i Vanylven
DIN LEVERANDØR
Skotøy & Handel as
Din lokale bilverkstad
på Eidsåtun laurdag 28. januar kl. 19 Vi gjentek suksessen frå tidlegare år med å samle næringslivet i Vanylven til eit uformellt og sosialt møte.
- øye for ditt syn Tlf. 57 85 15 62 - Måløy
AV BYGGEVARER
Interesseorganisasjon for næringsutvikling i Vanylven
Fredrik Steen
SYNSPRØVE Off. godkjent optiker
Fleire glade bilistar
www.automester.no
LAMINATGULV Nystøl&Fagerhol AS 6143 Fiskå 700 20 830
epost@nystol-fagerhol.no
www.nystol-fagerhol.no
Fagbutikken i Ditt Distrikt
Synste Møre - best lokalt!
TUSSA INFORMERER:
Ope møte om energi Lokal energiutgreiing Herøy, Sande og Vanylven 2011. Tema: Korleis dekkje framtidig stasjonær energibruk? Stad: Tussa sine lokale i Dragsund. Tid: Torsdag 12. januar kl. 13.00.
DIN LEVERANDØR AV BYGGEVARER
Spørsmål i samband med møtet/lokal energiutgreiing kan stillast til Tussa Nett AS, v/Tone Sundklakk; tlf. 70 04 62 00.
FAGFORBUNDET ÅRSMØTE I FAGFORBUNDET VANYLVEN avd. 502 26. jan. -12 kl. 18, kommunestyresalen, Fiskå. Vanlige årsmøtesaker Innkomne saker må vere styret i hende innan 16. januar. Kan også leverast på rådhuset, mrk.: Fagforbundet. Styret
Utgreiingane er tilgjengelege på: www.tussa.no
*iÀà } ÃÌ ÀL ÛiÀ ÃÌ>` 1 ÌÀ ° i ° ÕÀi i q È£ää 6" / v° Çää Ç{ Çnä
STORT UTVALG I TAKSTEIN - TAKPLATER Nystøl&Fagerhol AS
Når noko skjer synste.no
tussanett.no
6143 Fiskå 700 20 830
epost@nystol-fagerhol.no
www.nystol-fagerhol.no
TIPS OSS! 700 20 820
Fagbutikken i Ditt Distrikt
til deg som driv butikk: 150.500 kroner Så mykje brukar husstandane i dekningsområdet vårt på detaljhandel og bil, i gjennomsnitt kvart år. Bruk lokalavisa di til å fortelja om tilboda dine. Heile året. Helsing lokalavisa di, i samarbeid med Landslaget for lokalaviser
www.lla.no
SYNSTE MØRE Torsdag 05. januar 2012
EIDSÅ Møte på bedehuset
Åheim Misjonshus
tysd. 10/1 kl 19.30 v/Andrè Sætre. Songgruppa blir med. Mat og prat etter møtet. Alle varmt velkomne!
OPE HUS
Den indre sjømannsmisjon
Fredag 06.01. Kl. 20.00 - 23.30
Synste Møre - best lokalt!
ANNONSER
19 LHL Søre Møre
Vanylven pensjonistlag har orienteringsmøte v/Elling Lindset på Eidsåtun 11. jan. kl. 15 Alle med høyrselhemming (høyreapperat tinnitus) samt pårørande, møt fram. Fagleg orientering og hjelp. Kaffipause.
(Herøy, Sande, Vanylven) ÅRSMØTE på Lanternen tirsdag 14. februar kl.19. Saksliste: Konstituering med godkjenning av innkalling og saksliste - Godkjenning av årsberetning og revidert regnskap - Ordskifte om laget si rolle og oppgåver i lokalsamfunnet - Behandling av innkomne forslag - fastsettelse av prioriterte oppgaver - fastsettelse av budsjett - valg.
Styret Forslag ein ynskjer handsamast må sendast styret innan 31. januar. Velkomen!
Kvar i all Vanylven KJØP/SAL/LEIGE
Vi håpar den årvisse konkurransen vår gav opphav til mange fine diskusjonar og litt spekulasjon også i år. I fjor fekk vi meldingar om at enkelte fann oppgåvene for lette. No skal det vere slik at vanskegraden skal høve for alle, men kanskje var særleg dei to siste oppgåvene ei nôt for mange, men vi høyrer også at oppgåve to ikkje var heilt enkel, sjølv om huset ligg rett ved hovudvegen. Her kjem løysingane. 1. Er frå Bøstranda i Syltefjorden. I det kvite huset til venstre bur Marta Bøstrand og Jon Ove Bugjerde, medan den oransje løda bak tilhøyrer Norman Aarsnes. 2. Er frå byggefeltet i Leitebakkane på Eidså. Grethe og Knut-Ove Øyra eig huset. 3. Frå Syvde sentrum. Huset ligg rett til venstre for oppkøyringa til skulen. Det tilhøyrer Kari og Jostein Holsvik og går i daglegtale under namnet Klokkargarden. 4. Huset ligg i gamle sentrum på Fiskå og tilhøyrer Inger Anne Eide Bjørneset. Vi skimtar brannstasjonen til venstre for hekken. 5. Osnesgarden på Krokeneset med Vik og Slagnes i bakgrunnen. 6. Frå Nordalen i Syvde. I det kvite huset bak treet bur Marit og Magne P. Nordal på det som vert kalla Monsgarden. Det raude huset og løa i framgrunnen høyrer til det som vert kalla Eirikegarden. Her bur det ikkje folk fast. 7. Frå Brudevika. I det gule huset bur Laila og Terje Haugen. 8. Frå Rabben på Rovdestranda. Vegen fører opp til Redse og Sundnesdalen. Det kvite huset i framgrunnen er det tidlegare skulehuset på Sundnes. Det gule huset tilhøyrer Stig Stanghelle og i det raude bur Jonny Røv. 9. Huset ligg på Tue på Åheim og tilhøyrer Silje Bjørneseth og Jonny Hellebust. I bakgrunnen ser vi Årsheim på Stadlandet.
Aggregat brukt, traktordreve, til sals. Tlf. 700 22 578
Rød Hollansk takstein -ikkje glasert,
Bygderadio Vest Torsdag 5.1.2012 08:00 Tankar i tida 08:10 Menneske eg møtte 08:20 Frå arkivet 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Skumma kultur (Reprise) 12:00 Kaf¿pausen (RS) 13:00 Tankar i tida 13:10 Menneske eg møtte 13:20 Ettermiddagstonar 14:00 I eit godt selskap 16:00 Skumma kultur (Reprise) 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Program studio Fosnavåg 19:00 Kveldstonar 20:00 Evangeliske tonar 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Norrøna Radio Fredag 6.1.2012 08:00 Tankar i tida 08:10 Program studio Fosnavåg 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Kåseri v/ Kåre Kvalsvik 11:15 Program studio Fosnavåg 12:00 Kaf¿pausen (RS) 13:00 Tankar i tida 13:10 Program studio Fosnavåg 16:00 Kåseri v/ Kåre Kvalsvik 16:15 Program studio Fosnavåg 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Skumma kultur (Reprise) Sylvi Maria Kornberg 19:00 Klassisk time 20:00 Spørretevling v/Ø Bakke 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Nattsending v/Cecilie, Marianne og Rigmor Laurdag 7.1.2012 11:00 Nattsendinga frå fredag v/Cecilie, Marianne og Rigmor 21:00 Radio Sentrum Sundag 8.1.2012 09:45 Gjennom kyrkjeåret v/ Arne Grimstad 10:00 Norrøna Radio 11:00 Møteopptak Betel Volda 13:00 Gjennom kyrkjeåret v/ Arne Grimstad 13:15 Helgatonar 17:00 Søndagstimen 18:00 Helgatonar 20:00 Møteopptak Betel Volda 20:30 Helgatonar 21:30 VKS-sending v/Betel Måndag 09.01.2012 08:00 Tankar i tida 08:10 Menneske eg møtte
Takk til alle som
ønskes kjøpt. Str. ca. 37,5 - 26 cm. Tlf: 917 84 561
leverte skinn til oss.
Godt nytt år til alle! God hjort v/Sandy og John Sangen
08:15 09:00 09:40 10:00 11:00
Morgontonar Ny dag (RS) Minitreff (RS) Norrøna Radio Reprise av nattsendinga v/ Cecilie, Marianne og Rigmor 12:00 Middagstimen 13:00 Tankar i tida og Menneske eg møtte 16:00 Reprise av nattsendinga v/Cecilie, Marianne og Rigmor 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Reprise av nattsendinga v/Cecilie, Marianne og Rigmor 19:30 Radiobingo 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Norrøna Radio Tysdag 10.1.2012 08:00 Tankar i tida 08:10 Menneske eg møtte v/ Arne Grimstad 08:15 Morgontonar 09:00 Ny dag (RS) 09:40 Minitreff (RS) 10:00 Norrøna Radio 11:00 Reprise av nattsendinga v/Cecilie, Marianne og Rigmor 12:00 Kaf¿pausen (RS) 13:00 Tankar i tida 13:10 Menneske eg møtte 16:00 Reprise av nattsendinga v/Cecilie, Marianne og Rigmor 17:00 Ettermiddagstimen (RS) 18:00 Program studio Fosnavåg 21:00 Kveldstimen (RS) 22:00 Norrøna Radio Onsdag 11.1.2012 08:00 Tankar i tida 08:15 Program studio Fosnavåg
Varmepumper/ kjøleanlegg salg - service & kontroll
Tlf. 700 23 990
Mandelpoteter frå
Skjåk. Kjempegode poteter. 25 kg sekkar, utkøyring etter avtale. Tlf. 91 19 01 31
Årsmøte i VanKam fk torsdag 2. feb. kl. 20 Klubbromet på Mørebil. Vanlege årsmøtesaker, val.
-Ì >à } vÌ , i i} Ì i }i ÜÜÜ°} i ° / v° £Î ÎÈ ÇÎx
Aasen Farm
Snekker ledig Tlf. : 90 77 32 32
-> `L FÃ>Ài
Kiropraktor Henriette Svendsen og Sindre Brekke Syvde - tlf. 70 02 12 31
/ v° {Çx äx äÓ{ Reperasjon/ vedlikehald
av motorsag - grasklippar - slåmaskin påhengsmotor o.l. Tlf. 700 23 990
Til leige...
Kontainarar til utleige. Hentar skrapjern etter avtale!
Kjell Kjøde Tlf. 90 10 89 52
/Àivi } ,>Ã Ì } ivvi Ì ÛÌ , } än {£ nÓ
KINO ...ein stad å bu i Vanylven
Har du hus eller leilegheit til leige? Du får to gratis innrykk i papiravisa + inntil fire veker i nettutgåva. Sjå www.synste.no
Fin leilighet til leige sentralt i Syvde. ca. 65 kvm. Delvis møblert. Oppvaskmask., frys/kjøl, komfyr og elles god standard.1 soverom, stove, kjøkken, bad, eigen inngang. Ledig frå 1.1.12. kontakt: 95 16 96 99 el. 90 04 74 59
Fiskå ungd.hus fredag 6. jan.: Kl. 18 Alvin og gjengen 3, alle
Kl. 20 The Girl With the Dragon, 15 år
bygdekinoen.no Vår sponsor:
SIDE
20
Sol & mĂĽne
Flo & fjøre
Sola stĂĽr i dag opp 09.58, og gĂĽr ned 15.29.
Tors. Fred. Laurd. Sønd. Mün. Tys. Ons.
MĂĽnen stĂĽr i dag opp 12.57 og gĂĽr ned 07.32
5. januar 2012
FLO
FLO
FJĂ&#x2DC;RE FJĂ&#x2DC;RE
08.15 09.02 09.42 10.18 10.52 11.27 12.02
20.34 21.21 22.03 22.41 23.17 23.54 -
01.56 02.46 03.30 04.08 04.45 05.20 05.56
14.32 15.20 16.01 16.39 17.15 17.51 18.29
Alle utrekningar med utgangspunkt i Fiskübygd. - Kjelde: Statens Sjøkartverk, Tidevasstabellene. Løyve 208/95.
Uvanleg krabbefunn GĂĽveboka Ting den pĂĽ: bok@synste.no eller tlf. 700 20 820
',1 /(9(5$1'Â&#x2018;5 $9 %<**(9$5(5
,035(*1(57 75(/$67 1\VWÂĄO )DJHUKRO $6 )LVNn
HSRVW#Q\VWRO IDJHUKRO QR
ZZZ Q\VWRO IDJHUKRO QR
)DJEXWLNNHQ L 'LWW 'LVWULNW
Dei gjorde ei litt sjeldan oppdaging, HĂĽvard og Joakim Svastuen, dĂĽ dei sist onsdag skulle sjĂĽ korleis det stod til med bĂĽt og vegn i smĂĽbĂĽthamna etter styggevĂŞret juledag. OLE MAGNE KVALSVIK
Dei to ungdomane frĂĽ Ă&#x2026;heim er ivrige fiskarar og driv mykje med krabbeteiner. DĂĽ dei skulle rydde opp att i nokre teiner som hadde falle uti og var dekte av tang og tare, fekk dei sjĂĽ noko lite som levde mellom tangen. Det viste seg ĂĽ vere ein krabbeliknande skapning, som dei vart forvitnelege pĂĽ kva var for noko. Det naturlege vart ĂĽ ta han med til Jon-Arve Kjøde i Kjødepollen, der den tidlegare naturfaglĂŚraren la han under mikroskopet, og dei fekk studere han nĂŚrare. Ved hjelp av oppslagbøker kunne dei fastslĂĽ at dette er ein
stankelbeinkrabbe av typen Stenorhynchus rostratus. â&#x20AC;&#x201C; Det lever mange artar av denne krabben langs kysten vĂĽr, og dette er den vanlegaste. Han skal finnast langs heile kysten frĂĽ fjøra og ned til 80 meter, men har ikkje norsk namn. PĂĽ grunn av storleiken og at han er godt kamuflert, bĂĽde pĂĽ grunn av sin eigen farge og at han ofte er overgrodd av algar, er det fĂĽ som har sett slike krabbar. Sjølv har eg ikkje sett han pĂĽ over førti ĂĽr, men desse to er karar som har augo med seg, og det er ikkje første gongen dei har kome med noko rart dei har funne i naturen, fortel Kjøde.
UNDER MIKROSKOPET: Med ein kropp pü 12 x 9 millimeter var det kjekt for Hüvard (t.v.) og Joakim Svastuen ü kunne fü studert stankelbeinkrabben dei fann med stereolupa til naturfaglÌrar JonArve Kjøde. Nedanfor ser vi eit nÌrbilete av krabben. (FOTO: Jon-Arve Kjøde)
Tuppen og Lillemor
*VSHI 7PEKRIW 8PJ JVSHI$TVSXSR IPIOXVS RS
(Y ½RR SWW To RIXX TVSXSR IPIOXVS (MR PSOEPI IPIOXVMOIV RoV TVMW SK OZEPMXIX XIPPIV *SV MRWTMVEWNSR [[[ IPOSRSV RS
WU\NNVDNHU WHNVWLOWU\NN VNLOW
Q\WU\NN QR ILVNn
- best lokalt
Dei fleste gjekk utfrĂĽ at vennskapet var lagt pĂĽ is, kanskje over for godt. * Stor var difor overraskinga over ĂĽ finne dei to ved det same, flaskefylte bordet den kvelden som statsministeren hadde skrive under forhandlingsprotokollen. Den eine heva glaset og sa: â&#x20AC;?For den første dag i eit samla Europaâ&#x20AC;?. Den andre gjorde like eins og svara: â&#x20AC;?For den siste dagen i eit fritt Noregâ&#x20AC;?. Dei hadde dei funne sin private versjon av det som i storpolitikken blir kalla â&#x20AC;?fredeleg sameksistensâ&#x20AC;?. * Eit tiĂĽr lengre fram i historia fekk vi ein ny debatt som stakk djupt. Vasskraftutbygginga i Alta sette kraftige kjensler i sving â&#x20AC;&#x201C; ikkje berre i Finnmark. Framfor Stortinget opplevde vi ĂĽ sjĂĽ folk sveltestreika i protest mot utbygginga. I nord gjekk polititroppar til aksjon mot demonstrantar som hadde slege seg ned og lenka seg saman pĂĽ
ein stad som â&#x20AC;&#x201C; ironisk nok â&#x20AC;&#x201C; heiter Stilla. * Mange ĂĽr etterpĂĽ var eg busspassasjer pĂĽ omvisning i Alta og omrĂĽdet rundt. Tre personar var sentrale pĂĽ turen. Ein rektor, ein guide og ein bussjĂĽfør. Rektoren og guiden â&#x20AC;&#x201C; som var tidlegare politimann â&#x20AC;&#x201C; delte pĂĽ informasjonsoppgĂĽva. Det rĂĽdde ei jovial stemning mellom dei tre framme i bussen prega av fleip og godsleg smĂĽerting. Dei fortalde at dei alle tre hadde vore i Stilla dĂĽ politiet gjekk til aksjon: LĂŚraren var demonstrant og vart arrestert, guiden var politimann og ein av dei som stod for arrestasjonane â&#x20AC;&#x201C; og bussjĂĽføren hadde arbeidet med ĂĽ transportere dei arresterte ned til bygda. Vi mĂĽ gĂĽ utifrĂĽ at dei tre ikkje hadde sĂŚrleg høge tankar om kvarandre. Men eit tiĂĽr etterpĂĽ kunne dei altsĂĽ spøke og le saman. * Kvifor skriv eg dette? Eg skriv det fordi eg tykkjer det høver ĂĽ minne om det ved inngangen
til eit nytt ür. Vi vil sjü ulikt pü mangt ogsü i dette üret. Vi vil vere usamde, kanskje til og med süpass at vi blir heite i toppen og seier meir enn det vi strengt teke hadde vore nødvendig. Vi kan kome til büde ü süre og ü bli süra. Det er ikkje alltid sü lett korkje ü rekke fram ei hand, eller ü ta imot ei. Men vi skuldar i alle fall ü prøve. Lukkast det, blir som regel livet lettare ü leve. Büde for Tuppen og Lillemor.
PĂ&#x2026; TAMPEN
+IMV 4 /ZMIFEOO
8PJ KIMV$TVSXSR IPIOXVS RS
FĂĽ ting er verre enn ĂĽ sjĂĽ bestevenner blir fiendar. Og fĂĽ ting gir meir von, enn ĂĽ sjĂĽ at dei tek til vitet, grev ned stridsøksa og forsonar seg med kvarandre. Usemje vil det alltid bli mellom oss. PĂĽ mange mĂĽtar er det til og med naudsynt for ĂĽ drive oss framover. Kunsten er ĂĽ ikkje la usemja bli til fiendskap. Og altsĂĽ om sĂĽ gale likevel skulle skje: Ha forstand og styrke nok til ĂĽ rekke ut ei hand. Eller til ĂĽ ta imot. Som Tuppen og Lillemor. Revyvisa vart framført første gongen i 1912 og lever den dag i dag â&#x20AC;&#x201C; pĂĽ grunn av sin enkle og viktige bodskap om forsoning. * EF-striden i 1971/72 var av det steinharde slaget. Skiljet gjekk tvers gjennom venneflokkar og familiar. Usemja vart fleire stader til fiendskap. Det stakk djupt, engasjementet var brennande og orda harde. To kameratar, nokre vil til og med seie svirebrør, hadde hamna pĂĽ kvar si side i striden, og det vart ikkje spart pĂĽ krutet.
VIDAR PARR
Tlf. 70 02 08 20 - redaksjonen@synste.no