esf.no Skal du selje bustad i SOGN?
Vi er tett på SOGN
Med lokalkjende og erfarne meklarar på laget, er du sikra ein trygg og god salsprosess.
Vi har fokus på at du og eigedomen blir godt tatt vare på – og at du skal sitte igjen med den beste prisen i marknaden.
Målet vårt er ein god salsprosess – og at det skal løne seg for deg å investere i gode meklarar.
Vi guidar deg gjennom heile prosessen – frå takstmann til flyttebyrå.
Leif Andrik Teigen
Eigedomsmeklar MNEF
Tlf. 406 20 362 leif@esf.no
Stine Thue
Eigedomsmeklar MNEF
Tlf. 977 07 673 stine@esf.no
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Tlf. 481 67 114 randi@esf.no
No er det endå meir lettvint
å selje bustad gjennom
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
Dette får du når du vel oss:
Interiørrettleiing ved interiørkonsulent inkludert i marknadspakken
Profesjonell fotograf
Skreddarsydd marknadsføring
Gratis utlånshengar når du skal flytte ut Gunstige prisar på utvask
Løpande oppdateringar gjennom heile salsprosessen via tenesta «Bustaden min»
Våre framoverlente og lokalkjende meklarar følgjer deg trygt gjennom heile salsprosessen. Heilt frå første møte, til sal, signering og overtaking.
Vi kjem gjerne på synfaring for å starte planlegginga med deg – ta kontakt!
Bustadstyling
Rettleiing frå interiørkonsulent er no inkludert i marknadspakkane våre
Bustadstyling handlar om å vise fram potensialet til ein bustad. Ein erfaren, profesjonell stylist ser gode løysingar og nye moglegheiter, som kan vere til inspirasjon for potensielle kjøparar. Ein gratis rettleiingstime med interiørkonsulenten vår hjelper deg med å gjere bustaden din så presentabel som mogleg før sal.
Kva bør du gjere før fotografen kjem?
Presentasjonen er viktig for å skape størst mogleg interesse hos den potensielle bustadkjøparen. Det er ein klar samanheng mellom førebuingar før fotografen kjem og resultatet.
STOVA
Rydd bort så mange pyntegjenstandar som mogleg. Leidningar rundt elektriske gjenstandar som TV, radio osv. må leggast fint. Strips er eit fint hjelpemiddel. Dette gjeld alle rom. Rist putene i sofaen, legg bort alle fjernkontrollar og sett nye stearinlys i stakane. Rens peisen og legg inn ny frisk ved, klar for opptenning. Dette gir ein ekstra glød i bileta. Filleryer bør fjernast, eit fint golv gir eit reinare bilete. Nokre fine grøne planter eller friske blomar pyntar opp.
KJØKKEN
Fjern alt som står på kjøkkenbenken og oppå kjøkkenskåpa. For mange pyntegjenstandar tek mykje merksemd og gjev mindre romkjensle. Eit fint kjøkkenapparat kan stå. Vidare må posar, søppel, flasker og alt som står under benkar fjernast. Kjøleskåpet er ein populær stad for huskelappar osv. Desse bør fjernast. Nokre oljeflasker, friske urter og ei fruktkorg gjer mykje for totalinntrykket.
BAD
Her skal det vere blåst. Skittentøykorg, bossbøtte, alle flasker med såpe og sjampoar må bort, også inne i dusjkabinettet. Teppe på golv bør fjernast. Det er som regel mykje finare med golvet under. Set gjerne fram ein fin såpedispenser ved vasken og legg fram nokre nøytrale handkle.
SOVEROM
Senga bør strekkjast med eit fint sengeteppe, helst einsfarga og så lyst om mogleg. Pynt opp med nokre gode puter. Fjern elles òg her alle personlege eigendelar, og la det stå att nokre utvalde pyntegjenstandar. Hugs nattborda – ei fin klokke kan vere nok.
HUSDYR
Alle teikn på husdyr som matskåler, dyresenger, kattetoalett osv. må fjernast.
LYSPÆRER
Kontroller at det er lys i alle lamper og spottar. Ha gjerne nokre lyspærer i reserve, då det hender at dei går når fotografen er der.
UTVENDIG/HAGE
Alt skrot og rot bør fjernast. Vanlege ting som hageslange, reiskap, trillebår, bildekk osv., gjer seg ikkje på bilete. Terrasse og veranda bør kun innehalde eit pent møblement med puter. Det gjeld både vår, sommar og haust. Graset må klyppast, og snø må fjernast om vinteren, helst også på balkong og terrasse der det eventuelt er fint å ta bilete av utsikt.
GENERELT
Tek du ei kraftig opprydding no, samt kastar alt du ikkje treng, gir det vesentlig betre bilete. I tillegg lettar det både komande vising og flytting.
Digital marknadsføring
TREFF – din digitale «salsassistent»
Vi veit kva som skal til for å selje bustaden din, kva kanalar du bør nytte – og kvar vi finn potensielle kjøparar.
Kvifor velje TREFF?
Saman med erfarne marknadsførarar i VOOKAL har vi laga ein digital marknadspakke, TREFF. I pakken er det annonser retta mot målgrupper som passar din bustad. TREFF nyttar dei rette kanalane, for å nå eit breitt og variert publikum. Annonsane vert linka til din bustad på våre nettsider, slik at det er lett å finne fram.
Med TREFF får du både ein dyktig eigedomsmeklar og ein digital salsassistent, som jobbar for å selje bustaden.
Kvifor annonsere bustaden din i sosiale medium?
I snitt brukar vi dagleg over 3 timar på internett (SSB), og 90% av nordmenn brukar sosiale medium i veka (IPSOS). Det gjer digital marknadsføring til det mest effektive for å selje bustaden din. Med TREFF når vi ut til fleire potensielle kjøparar, og dermed fleire moglege bodgjevarar - som igjen kan gje deg ein betre pris for bustaden din.
Ingen har selt fleire bustadar i Sogn og Fjordane enn Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.
Vi har dei beste eigedomsmeklarane – og den beste marknadsføringa!
MARKNADSPAKKE kr 18 900
• Stor annonse på finn.no inkludert «ukens bolig»
• Annonse på esf.no
• Digitalt prospekt
• Treff – ein digital målretta marknadsføringskampanje (Facebook, Snapchat, Instagram, GoogleADS)
• Digital bannerannonse i lokalavis
• Til sals plakat på bustaden
• Utstilling i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale
• Rettleiingstime med interiørkonsulent
Gjennom våre profesjonelle fotografar tilbyr vi ulike fotoalternativ i tillegg til tradisjonelle bilete. Vi kan ordne dronefoto, dronefilm, kvelds-foto, SoMe-film og mastefoto for å nemne noko. Saman ser vi på kva alternativ som passar ditt objekt best.
TILLEGG:
FOTO (EIGA PRISLISTE)
• 360-vising
• Kveldsfoto
• Digital møblering
• Video: 30–60 sek. + dronefilm rundt huset
NY målretta digital marknadsføringskampanje kr 2 990
FORNYING av finn annonse kr 1 390
TRYKTE prospekt 10 stk. kr 5 000
HEILSIDE AVIS kr 9 900
Gratis lån av tilhengar ved flytting!
Frå synfaring til oppgjer
Meklar tingar eksterne ressursar
Meklar på synfaring
1
SALSFØREBUING
OG MARKNADSFØRING
Meklar kontaktar potensielle kjøparar
Seljar fyller ut
Seljar klargjer bustaden for vising
Meklar tilrår marknadsføring av bustaden din
Intern database
Energiattest og eigenerklæring
Underteikne oppdragsskjema
Bygningssakkyndig – tilstandsrapport
Seljar klargjer bustaden for fotografering
Annonsering på nett
Råd om «styling» av bustad
Profesjonell fotograf
Seljar godkjenner marknadsmateriell
Optimalisere bustaden for vising i samråd med meklar
Digitalt prospekt
Annonsering i avis
Presentasjon av bustad på vising
Vising
2 VISING AV
Meklar og seljar blir einige om korleis bustaden skal presenterast på vising
Meklar sørger for at flest mogeleg skriv seg på interesselista
Meklar Seljar Eksterne Kjøpar Oppgjersavdeling
BUSTADEN DIN
Meklar følgjer opp
3
BODRUNDE
Bodrunde
Eigedomsmekling
Sogn og Fjordane si oppgjersavdeling
Oppgjeret vert gjennomført på ein profesjonell måte. Pengar på klientkonto vert utbetalt når skøytet er tinglyst.
Seljar gjer bustaden klar for overtaking Kjøpar og seljar signerer overtakingsskjema
Kontraktsmøte
4 5
Alle som har skrive seg på interesselista
Tett oppfølging av bodgjevarar Tett oppfølgjing seljar
Seljar aksepterer bod
Kjøpar og seljar signerer kontrakt
Meklar sørgjer for at alle formelle dokument er i orden til møtet
DOKUMENTHANDSAMING OG KONTRAKTSMØTE
OVERTAKING OG OPPGJER
SELD!
Vi er med deg heile vegen!
Å selje eller kjøpe bustad er noko ein ikkje gjer ofte. Det knyt seg spenning, kjensler og forventingar då store verdiar skal skifte hender.
For mange er draumen om å eige ein eigen bustad ein viktig milepæl i livet. Å ha ein heim der ein kan skape minner og bygge ein eigen, trygg stad, er noko som appellerer til mange.
Kjøp eller sal av eigen bustad kan vere ein spennande, men også stressande prosess. Det er viktig å vere nøye for å sikre ein god handel. Ein viktig faktor her er å ha ein god og påliteleg eigedomsmeklar. Tryggleik er difor eit nøkkelord for oss og vi vil sikre deg ein sikker og profesjonell salsprosess. Vi er med deg heile vegen!
Snakk med oss!
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane esf.no
Vookal.no