No.01|MARS 2019
Foto: Dag N. Frøyen
EIKEFJORD IDRETTSLAG & EIKEFJORD GRENDALAG 1
Eikefjordingen
Foto: Ronny Osland
Eit magasin i samarbeid med Idrettslaget og Grendalaget
Bilder brukt i magasinet kan varriere i kvalitet
Vi vil med magasinet Eikefjordingen sette fokus på kva arbeid og kva intensjonar Eikefjord Idrettslag og Eikefjord Grendalag har. Vi ser i kvardagen vår at vi har mange felles prosjekter og interesser, og vi jobber mot det same målet: Å lage det GODE LIV i EIKEFJORD. Derfor er det naturlig at vi samarbeider der vi kan – slik som dette heftet. Samarbeid mellom lag og organisasjoner er nøkkelen for at vi skal lykkes i Eikefjord. Vi har fått til mykje med tanke på infrasturktur og møteplassar, og vi må jobbe saman for å fulle kvardagen med gode og varierande tilbod. Vi ynskjer at Eikefjord skal vere ei bygd for mangfaldet, ei bygd der alle kan finne sin plass og sin aktivitet. Idrettslaget og Grendalaget har i tillegg til samarbeid med kvarandre, løfta blikket utanfor bygda for å sjå kva tilbod som kan kome Eikefjordingar til gode. Eit døme er dialogen Idrettslaget har med Flora turlag. Veldig mykje av aktiviteten til Flora turlag føregår «rett utanfor døra vår«, og det er då bra om vi i Eikefjord kan samarbeide om turane.
I tillegg har Idrettslaget og Grendalaget blåse nytt liv i «Eike Turlag», eit lavterskeltilbod som passar for dei minste om dei er i vogn, i bæremeis eller til fots. Både Idrettslaget og Grendalaget set pris på engasjement. Vi er avhengig av alle hender og hoder for å drifte den aktiviteten som foregår i våre organisasjoner. Dugnad og Dugnadsånd er Eikefjord sitt varemerke som vert lagt godt merke til utanfor bygda. Så om du enten står i kiosken på ein turnering eller luker eit blomsterbed ved promenaden til stranda, er du ein god støttespelar for bygda di. Det er også viktig for oss å få tilbakemeldingar både i form av ris og ros. På den måten kan vi bedre utvikle og saman skape dei aktivitetane som skal til for å finne trivsel i bygda. Vi ser fram til vidare samarbeid. God lesnad! Per-Øyvind Sørbø, Silje Fraas Øren Leiar Eikefjord Idrettslag, Leiar Eikefjord Grendalag
EIL 1967
Eike
fjord Idrettslag
Grafisk produksjon: Rein Design (reindesign.no)
2
Besøksadresse: Øyrane 3A, 6800 Førde | Dyreholtvegen 103, 6907 Florø
EIL 1967
Eike
FOTBALL
HANDBALL
fjord Idrettslag
BASKET
SKI
FRIIDRETT
Ei bygd – eit idrettslag Foto: Privat
Per-Øyvind Sørbø Leiar EIL
Eikefjordingen er eit magasin som blant anna viser mangfoldet i Idrettslaget. Her er noko for einkvar smak og kanskje starter vi opp med noko nytt i år – noko som du har savna? Eikefjord Il går inn i det nye året med ambisjoner om å samle idretten i bygda. Vi ynskjer stor og god aktivitet i gruppene-samarbeid på tvers av gruppene og prøve å få med flest mulig – lengst mulig. Vi vil prøve å være nyskapande og tenke nytt og kreativ. Hovedlaget vil samle ulike bedrifter i eit sponsorlaug som saman med dei frivillige dreg lasset for å ha ein god aktivitet gjennom året. Ei stor takk til dei sponsorane som vi no er i dialog med oss og som vil være med å støtte EIL. Utan disse sponsorane måtte vi ha lagt lista mykje lavere med tanke på aktivitet. Du vil merke det med den nye «bunaden» vår. Ei felles treningsdrakt som er lik for alle gruppene – der vi markedfører Eikefjord navnet og sponsorane våre. Den vert å få kjøpt hos utstyrs leverandøren vår – Sport 1 på Elvetorget. Vi jobber etter arbeidsprogrammet vårt som vart vedtatt på årsmøtet i EIL. Kan nevne at vi jobber med å fullføre stiprosjektet vårt – der siste etapppe står att: Sørmarka – der håper eg mange vil stille opp å jobbe dugnad. Kva skjer med grasbana i Kvalvikdalen? Blir det ein ny aktivitetspark : Arena
Eikefjord? Får vi til ei turhytte på Eikefjord støylen? For hovedstyret vert det viktig at vi held fokus og jobber tett med dei ulike gruppene. At vi får fram engasjement og idrettsglede. At vi greier å samarbeide på tvers av gruppene og at vi står løpet ut heile sesongen. Det som vil glede oss aller mest i år er å treffe deg på trening eller i konkurranse, eller som tilskuar, som frivillig trenar/oppmann, eller på tur i skog og mark – som medlem i EIL !!
”EIL går inn i det nye året med ambisjoner om å samle idretten i bygda”
3
Hovedstyret i Eikefjord Idrettslag Foto: Odd Asle Endestad
Styret i EIL jobber for å ta vare på og å utvikle idretten i bygda!
EIL
Vi jobber etter vedteke arbeidsprogram frå årsmøtet vårt. Vi skal være med å legge til rett for fysisk aktivitet og vi ønsker flest mulig med – lengst mulig!
1967
Samarbeid gruppene i mellom og EIL sitt samarbeid med andre lag og organisasjoner vert viktigt. Har du tanker om smått eller stort – ikkje nøl med å ta kontakt!
Eike
fjord Idrettslag
HOVEDSTYRET 2019: Per-Øyvind Sørbø
Kristen Stæger Breisens Margun Eikås Endestad
Nestleiar
Kasserar
Lars-Inge Eikefjord
Karoline Akselsen
post@eikefjordidrett.no Tlf: 480 24 999
post@eikefjordidrett.no Tlf: 945 31 540
post@eikefjordidrett.no Tlf: 902 65 805
post@eikefjordidrett.no Tlf: 906 04 535
post@eikefjordidrett.no Tlf: 979 71 135
Leiar
4
Styremedlem
Ungdomsrepresentant
Meld deg inn i EIL No er årets kontingentkrav frå Eikefjord Idrettslag sendt ut! For å opprettholde aktiviteten i laget er kontigenten basis for alt vi gjer. Vi sett pris på alle som vil vere medlem i EIL, både aktive utøvarar og aktive støttespelarar! Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for idrettslaget og blir nytta til å betale fellesutgifter. Kontingenten er inngangsporten til aktivitet i Eikefjord IL. Hugs at kontingenten inneheld barneforsikring til utøvaren fyller 13 år. Du kan lese meir om barneforsikringa på NIF si heimeside. Utøvarar som er 13 år og eldre må sjekke forsikringsordninga som gjeld for aktuelt idrett og forbund. Kontigentkravet er sendt ut gjennom MIN IDRETT Eikefjord IL sitt medlemsregister er knytt til Norges Idrettsforbund sitt systemet Klubbadmin. Det du registrerar i MIN IDRETT vert overført til Klubb admin og frå dette systemet vi rapportere både medlemstal og anna viktig info. I «min idrett» kan du som forelder registrere borna på dei aktivitetene dei er med i. Men hugs å registrere deg sjølv og!
Er du medlem men har ikkje mottatt noko kontingentkrav? Ta kontakt med medlemsansvarleg Kristen Stæger-Breisnes på 94531540 eller send epost til post@eikefjordidrettslag.no Treng du hjelp? For å få ei mest mogleg rett rapportering treng vi både fødselsdato, mnd og år på alle medlemmane våre, både føresette og barn, dvs alle i familien. Vi ber og om å få registrert epostadresse for dei av dykk som har det. Det er viktig at de gjer dette då tal medlemmar som vert rapportert til Norges idrettsforbund påverker økonomien til laget. Dette kan du gjere på to måtar: 1. Gå inn på Min Idrett, opprette brukar og registrere desse opplysningane sjølve. Det er enkelt å opprette brukar og såleis få registrert seg: minidrett.nif.no 2. Dersom de finn dette vanskeleg kan de ta kontakt med medlemsansvarleg på epost: post@eikefjordidrettslag.no eller ring Kristen på tlf: 945 31 540
Bli grasrotmedlem Vil du gi di støtte til Eikefjord Idrettslag? Du som spelar kan velje å gje di støtte til Eikefjord idrettslag med Grasrotandelen, noko av overskotet til Norsk Tipping. Kvar gong du spelar kan du velje å støtte det laget du meiner fortener det mest.
Vi oppmodar deg til å støtte oss i EIKEFJORD IDRETTSLAG Vårt organisasjonsnummer er: 993588083
For å være grasrotgjevar må du være kunde hos Norsk Tipping, og når du spelar vil inntil 7 prosent av spillinnsatsen gå direkte til din grasrotmottakar, utan at innsats, premie eller vinnarsjansar vert redusert. Grasrotandelen gjeld for alle spel frå Norsk Tipping, om ein ser bort frå fysiske Flax-lodd og Belago. Når du er grasrotgjevar kan du oppfylle små og store drømmer for alle i Eikefjord idrettslag. Du blir grasrotgjevar på ein av følgjande måtar: - Hos kommisjonæren - Mobilspill - Norsk Tipping sine nettsider - SMS (Send Grasrotandelen 993588083 til 60000)
5
Fotballgruppa
Foto: Geir Siggurd Vatnamo
Gode fotballvener
Fotballåret 2019 ligg føre oss og vi satsar på stor aktivitet. Vi har 13 lag påmeldt i seriespel og turneringar i barne- og ungdomsfotballen, i tillegg har vi i år også A-lag. Første turnering som går av stabelen er den tradisjonsrike cupen Eikefjord Cup i palmehelga, 12 -14. april. Her står Eikefjord Fotball som arrangør i turneringa der lokale lag frå Sunnfjord og Nordfjord møtes i kampen om det gjevaste trofeet. Eikefjord Fotball har søkt om å arrangere Kongle riket også i år. Dette er etter kvart blitt omtalt som mini Eikefjorddagane, eit arrangement som ofte er det første møte 5- og 6- åringane har med kampspel og ein viktig arena for nye dommarar å prøve seg. Tine fotballskule blir og arrangert i Eikefjord i år, dette arrangementet er lagt til 24-27 juni og vi håpar mange vil benytte tilbodet. I starten av året hadde vi heile 10 unge lovande dommarspirar på klubbdommarkurs i Florø, det er svært kjekt at so mange ynskjer å ta dette kurset, så må vi som leiarar og foreldre ta godt vare på desse under deira arbeid på stadion utover året. Bortelag og publikum som kjem på besøk på stadion i Kvalvikdalen let alle vel om vår innsats
6
for å lage god kampstemning. Vi er svært stolte over at det ved kvar kamp, om det er barnefotball eller a-lag som er i sving, er open kiosk. Då spreier vaffel- og kaffilukta seg over heile Kvalvikdalen. Etter endt kamp, får både heimelag og bortelag servert oppskoren frukt. Vi i styret ynskjer dokke alle velkommen til mange kjekke fotballkampar i Kvalvikdalen! Dommaransvarleg: Ole Jacob Endestad Fair Play ansvarleg: Liv Torsvik Myrvollen
FOTBALL STYRET 2019: Leiar Nestleiar, sportsleg anasvarleg Kasserar Utstyrsansvarleg Barne- og ungdomsansvarleg Arrangementsansvarleg Buss og kiosk ansvarleg Sekretær
Julie Titlestad Håvard Redal Mjølkeråen Hilde dalberg Odd Magne Øren Åshild Underlid Britt Sofi Terøy Bjørn Erik Haveland Torbjørn Knapstad Endestad
Kontakt: post@eikefjord-fotball.no
Anlegget i Kvalvikdalen
Vårt flotte anlegg i Kvalvika. Her har vi klubbhus, garderobeanlegg, gras og kunstgras bane. Vi har òg 2 stk 3ar baner som skal monterast i løpet av våren.
Foto: Ronny Osland
7
Handballgruppa
TRENINGSTIDER Tysdag: 2009/2010 Kl. 17.00 - 18.30 2007/2008 Kl. 18.30 - 20.00
(jenter/gutter) (jenter/gutter)
Torsdag: 2011/2012
(jenter/gutter)
Kl. 17.00 - 18.00
Trenere/assistentar: Marco Schaarschmidt, Iris Schaarschmidt, Mikael Due
Eikefjord idrettslag sin handballgruppe vart etablert i august 2017 av Marco Schaarschmidt og Turid Hammerseth. Vi startet med to treningsgrupper og vokser stadig hvert år. Handballgruppa har i dag om lag 50 aktive barn mellom 6-12 år fordelt i 3 treningsgrupper. Treninger er tysdager og torsdager i flerbrukshallen i Eikefjord. Vi er stadig etter jakt på nye trenere eller assistentar. Du må ikkje ha trener eller håndballerfaring i minihåndball. Vi tillbyr dei kurs eller opplæring som trengs i en spennande og tradisjonsrik klubb med et godt trenermiljø og gode utviklingsmuligheiter.
8
HANDBALL STYRET 2019: Leiar Nestleiar Økonomi Sekretær Styremedlem Styremedlem Styremedlem Varamedlem
Marco Schaarschmidt Bjarte Steinhovden Iris Schaarschmidt Marianne Sandvik Mikael Due Henning Titlestad Geir Magne Øyra Silje Fraas Øren
Kontakt: eikefjord@rvn.handball.no Marco Tlf: 908 35 852
Basketgruppa
TRENINGSTIDER Tysdag:
Barn (2.-5.klasse)
Kl. 17.00 - 18.30
Onsdag: Junior (6.-10.klasse) Kl. 19.00 - 20.00 Måndag: Senior (frå 10.klasse og oppover) Kl. 19.00 - 21.00 Trenarar: (Barn/Jr) Dag Nybø, (S) Andre Hatleset
Eikefjord basket starta svært uformelt mot slutten av 2006 etter at Dag Nybø flytta til bygda. Dag har spelt i Ulriken Eagles i Bergen, og har fleire landslagskampar med seg frå tida «i by´n». Etter den spede starten i Eikefjord, har seks av spelarane som byrja i laget gått vidare til basketlinje i Bergen. Fleire av spelarane har også vore med på landslagssamlingar, og to er med på landslag: Edvard Kristiansen (Sande; U16) og Hanne Nybø (Eikefjord; U17). Eikefjord basket har frå svært tidleg vore eit interkommunalt lag, med spelarar som har reist frå Svelgen, Sande, Florø, Førde, og Naustdal for å trene og spele i Eikefjord. Såvidt vi veit, er
Eikefjord basket einaste laget som har tilbod om organisert trening i Sogn og Fjordane. Basket er den nest største idrettsgreina i verda (etter fotball). Kvifor? Basket er gøy! Dessutan treng du berre eit par sko og ein ball for å kunne spele. Idretten er for både liten og stor – både Barack (Obama) og Hanne (Nybø) spelar basket. Og i Eikefjord har vi plass til mange fleire med på laget!
BASKET STYRET 2019: Leiar Kasserar Skrivar
Anne-Berit Kvalvik Mona Johannesen Catrine S. Holsen Gardner
Kontakt: eikefjord.basket@gmail.com 9
Skigruppa
Skigruppa i Eikefjord IL holder til på Humlestølen, heilt aust i kommunen. Ein tar av Rv 5 i Svarthumle, og følger gamlevegen mot Ramsdalsheia. På Humlestølen er det ei skihytte med smørebod i kjelleren og ei varmestove som er open heile sesongen. I tillegg er det open kiosk når det er skirenn. Skigruppa arrangerer 6 cuprenn og Floramesterskap i løpet av sesongen. Skianlegget består av ei lysløype på ca 2,5km og ein akebakke som er flombelyst. I tillegg er Humlestølen eit fint utgangspunkt for fjellturer både sommar og vinter.
er løypa klar til klokka 18.00 og i helgane til klokka 11.00. Dersom du kjem opp og skal gå på ski, og lyset ikkje er på, så finner du lysbryteren ute på veggen. Det er og fast trening med instruktør kvar onsdag kl.18.00. På seinsommaren og hausten går vi på rulleski på Storebru. Lurer du på om det er snø på Humlestølen, eller lurer du på korleis været er? På Eikefjord.net er det ein link til kamera som gir deg svar på desse spørsmåla. Skigruppa i Eikefjord IL er ofte godt representert på skirenn rundt omkring, både lokalt og internasjonalt. Fleire gangar har Eikefjord IL vore den største klubben frå fylket. Vi er ein heil gjeng som har Birkebeinerrennet og Vasaloppet som det store målet for sesongen.
Skiløypa på Humlestølen blir kjørt opp stort sett kvar dag gjennom heile sesongen. På kvardagane
Eikefjord IL Ski på Vasaloppet 2019
SKI STYRET 2019: Leiar Kasserer Styremedlem Styremedlem Styremedlem Styremedlem Styremedlem Vara
Stig Solheim Dagfrid Humlestøl Odd Arne Langedal Magnus Frøyen Vidar Knapstad Anne Margrethe Domben Øren Solveig Svardal Henning Titlestad
Kontakt: solheim.stig@online.no 10
Anlegget på Humlestølen
11
Friidrettsgruppa
Foto: Ronny Osland
Friidrettsgruppa i Eikefjord har vore ein aktiv del av idrettslaget sidan EIL vart stifta. Etter kvart har gruppa etablert tilbod til eit breitt spekter av treningsinteresserte i alle aldrar. Vil du bli instruktør eller bidra som frivillig på anna vis? EIL Friidrett treng hjelp til ymse både ved løp og ellers – vi vert fantastisk glad om du tek kontakt med oss!
EIL FRIIDRETT STYRET 2019: Leiar Kasserar Skrivar Medlem Medlem Medlem
Cathrine S. Holsen Gardner Lene Engebø Kenn Hallstensen Rikke Due Gunn-Merete Jansson Ask Arnt Henning Seljeseth Osa
Kontakt: EIL.Friidrett@gmail.com Cathrine Tlf: 466 81 680
INC Eikefjord Løpskarusell Følg oss på facebook: Eikefjord Løpskarusell (eller sjekk ut eikefjor-lopskarusell.no for meir informasjon) Påmelding: Eikefjord.Lopskarusell@gmail.com
PROGRAM LØPSKARUSELL Laurdag 04.05 Laurdag 01.06
Eikefjord Halvmaraton (halvmaraton, 10km, 5km, 3km,2km)
Laurdag 07.09
Eikefjord Maraton (maraton, halvmaraton, 10km, 5km, 3km, 2km)
Laurdag 19.10
4.løp/Haustløpet (10km, 5km, 3km, 2km)
Hovlandsstøylen opp (motbakkeløp, barneløp ved målområdet)
Som tidlegare tilbyr vi både konkurranseklasse (med tidtaking), mosjonsklasse (utan tidtaking) og 2km barneløp (med tidtaking) på kvart av løpa, så her kan alle delta!
12
Friidrett for born og Open hall Friidrett for born er eit tilbod for 1.-7. klasse tysdagar Kl. 14:45 – 15:45. Tilbodet er leikbasert, og skal følgje borna sine interesser og aktivitet for å stimulere til fysisk utfolding og utvikling. Dette skuleåret har vi også fått med oss hjelpeinstruktørar frå 8. klasse, som i tillegg til å skulle vere med og leie dei yngre, utdannar seg til å bli aktivitetsleiarar gjennom NFIF. Hausten 2018 tok EIL Friidrett initiativ til «Open hall» i Fleirbrukshallen i Eikefjord. Alle som kan krype og gå (eller rulle, om du må) har fri inngang i hallen kvar siste sundag i månaden Kl. 11:0014:00 (unnateke juni, juli og desember). Kjekkaste samlingspunktet i Flora! Foto: Privat
Eikefjord treningssenter – ETS ETS (Eikefjord treningssenter, tidlegare Trimbua) er eit organisert treningstilbod gjennom EIL Friidrett i Eikefjord Fleirbrukshall.
For å bli medlem i ETS må du vere fylt 13 år, eller vere byrja i 8. klasse. Om du er under 18 må du ha samtykke frå føresett.
ETS har eit treningsrom for styrkeløft/apparat og maskiner (løp, ellipse, roing og staking), og eit rom til spinning og anna eigentrening. I tillegg gjev dei frivillige instruktørane våre tilbod om organisert trening.
Medlemskap teiknar du ved å registrere deg hjå driftsoperatør i Eikefjord fleirbrukshall måndag-torsdag 16-22, samt å registrere deg i Min idrett (EIL Friidrett - Øvrig Friidrett). Som medlem i ETS, er du også med i EIL, og må betale 100,-/år i medlemsavgift til hovudlaget.
Følg med på Facebook-sida vår veke for veke: ETS – Eikefjord Treningssenter.
Påmelding til treningstimar i sal: ets.itrening.com Kontakt: ETS.Eikefjord@gmail.com
TIMEPLAN Måndag:
Kl. 18.00 - 19.00 Kl. 19.00 - 20.00
Vekt- og apparattrening m/Kenn Hallstensen BasisBall CenterCore m/Ingunn Bergheim
Tysdag:
Kl. 18.00 - 19.00 Kl. 18.30 - 19.30
Spinning m/Rune Rajendram Pilates m/Einy Helen Akselsen
Onsdag:
Kl. 19.00 - 20.00
Funkjsonell muskeltrening m/Rikke Due
Torsdag:
Kl. 17.45 - 18.45 Kl. 19.00 - 20.00
Spinning m/Maria Løkkebø BasisBall RAW m/Einy Helen Akselsen
13
Flora Turlag + Eikefjord Idrettslag = sant
Flora Turlag er eit av fjorten lokallag i Sogn og Fjordane Turlag som igjen er ein av femti sju medlemsforeiningar i DNT (Den Norske Turistforeining). Flora Turlag er eit turlag for alle og vi har aktivitetar i heile Flora kommunen. Eikefjord er ei av dei store grenden i kommunen med mykje turlagsaktivtet. Kom Deg Ut dagen søndag 1.september 2019 er DNT sin store nasjonale friluftsdag for alle frå friluftsferskingen til den erfarne turvandraren. I år samarbeidar Flora Turlag og Eikefjord Idrettslag om å arranger støylsvandring i Eikefjord denne søn dagen. Dette blir gjort saman med eigarar av støylane som kan fortelje korleis støylsdrifta var. Det kan være at nokre av dei er på plass på støylane eller dei blir med oss på deler av turen mellom støylane. Du kan velge å legge opp dagen din slik du sjølv ønsker og bli med på deler av turen, heile ruta eller gå di favorittrute. Hovedpausa vert på Eikefjordstøylen. Barnas Turlag blir med. Vi kjem til å lage eit informasjonsskriv om turen med klokkeslett når vi går frå støylane og om lag tidsbruk på kvar støyl. Informasjonsskrivet vert lagt ut på nettsida til Flora Turlag når det nærmer seg KUD dagen.
Ein av aktivitetane som Flora Turlag har hatt i Eikefjord nokre år er Nipenatt. Dato i år er 21. juni. Turen går opp til Nipevatnet, ut til Strandanipa og ned att. Solnedgangen frå Strandanipa er eit av måla for denne turen. På veg ned att til Tonheimslia i fjor fekk vi med oss fullmånen også. Storefjellet rundt er ein ny tur. Nokre av Torsdagsturar på føremiddagen og Tirsdag/Onsdagsturar på etter middagen legg vi til Eikefjordområdet. Rutetracear og informasjon om rutene finn du på DNT sin turplanlegger Ut.no. På SjekkUT appen, DNT si digitale turpostkasse, kan du registrere dine besøk på aktivitetane og turtrimpostane. Flora Turlag er eit aktivt lokallag med eit mangfald av inkluderande aktivitetar, turar og arrangement i heile Flora kommune. Ønsker du å vite meir om oss, finn du utfyllande informasjon på nettsida vår flora.dnt.no Velkommen, bli med oss på tur på Kom Deg Ut dagen!
EIL 1967
Eike
14
fjord Idrettslag
UTSTYRSLEVERANDØR
FOR EIKEFJORD IL! HUSK
at du som medlem i Eikefjord IL får 20% på alle varer frå Umbro og 15% på alle ordinære varer i butikk!*
-20% UMBRO CORE COACH JACKET 1299,- Sr / 1099,- Jr
-20% UMBRO CORE RAIN JACKET 799,- Sr / Jr
-20% UMBRO CORE TECH HOOD ZIP 599,- Sr / 499,- Jr
*Gjeld ikkje ski, sykkel og sportselektronikk
-20% UMBRO CORE HALF ZIP 499,- Sr / 469,- Jr
-20% UMBRO UX-1 TRN PANTS 499,- Sr / 449,- Jr
-20% UMBRO UX-1 TRN TEE 299,- Sr / Jr
VI SIKRER KLUBBEN DIN DET BESTE UTSTYRET
-20% UMBRO UX-1 SHORTS 299,- Sr / Jr
Klubben har avtale med Umbro som offisiell utstyrsleverandør. Umbro er leverandør til flere landslag og toppklubber over hele verden, og er en av landets største bidragsytere til toppog breddeidretten. Avtalen gir alle medlemmer gode rabatter på kvalitetsutstyr fra Umbro via lokal sportsbutikk. Medlemskjøp gir også sponsor inntekter til klubben. CHATLET SPORT 1 FØRDE Naustdalsvegen 1A Tlf. 57 72 00 67
@sport1forde
Sørmarka – det nye tursti prosjektet
S5
S1
S4
S2 S4
S5 S1
S3
S2 S3
I arbeidsprogrammet til EIL for 2019 til står det at ein ønsker å komme i gang med turstiprosjektet Sørmarka. Eikefjord Il har tidligere realisert eit stianlegg på nordsida av Eikefjorden. No er tida komen for å realisere turstier på andre sida av bygda. Prosjektet i Sørmarka består av rydding, utbedring og merking av eksisterande turstier samt bygging av to enkle bruer over Sørelva. Turstiane ligg i flatt tereng på sør og østsiden av sentrum. Dei ligg nær barnehage og byggefelt og blir eit attraktiv lavterskeltilbud. Lars Fraas og Odd Asle Endestad planlegger og prosjekterer annlegget – og det blir lagt opp til ein del dugnadsarbeid når den tid kjem. Det vil blir informasjon på heimesida vår – følg med! Bildet viser turstien på Nordsida med benken ”Bestemorlauget”
16
Eike turlag Eike Turlag vart danna i 2010 og var aktiv i nokre år. Den har låge i dvale, men er nå klar for å starte opp att. Turane og aktivitetane som vert arrangert er retta mot barn i alle aldrar med fokus på å vere utendørs og nytte seg av naturen. Turlaget har si eiga Facebookside: EIKE TURLAG. Her vil infomasjon om turane bli lagt ut. Du kan også sjå bilder frå tidligere turer. Den første turen i 2019 kjem i mai, så følg med! Kontaktpersoner: Linn Therese Svarthumle Tlf: 97531281 Silje Knapstad Tlf: 91531426
EIKE TURLAG
eikefjordidrettslag.no Vi må bli betre på kommunikasjon! Difor dette magasinet, men først og fremst ny felles heimeside for Eikefjord Idrettslag: www.eikefjordidrettslag.no Her finn du informasjon om alle gruppene som tilhøyrer Eikefjord Idrettslag, samt ein felles aktivitetskalender for idretten i bygda. Vi håpar dette vil være med på å gje oversikt over kva vi holder på med. Framover vil vi poste nyheiter over små og store hendingar. Allerede no kan du lese om: - Presentasjon av dei nye sponsorane våre - Vår nye utstyrsleverandør – Sport1 i Førde - Arbeidsprogrammet til Eikefjord Idrettslag - Presentasjon av redaktøren for nettsida
Ei bygd, eit idrettslag, ein nettstad.
Klikk deg inn på heimesida vår for og lese meir.
17
Ei av dei største bedriftene i kommunen innan
TØMRARARBEID, BETONG OG MUREARBEID Vi har over 18 tilsette med bakgrunn frå ulike fagområde innan bygg og anlegg.
Tryg Salgssenter (Vest Assuranse AS) Jan Hallstensen – din lokale forsikringsrådgiver Tel 902 33 500
NYE VANER SOM VARER! - NÅR DU MØTER MOTSTAND, HAR VI VERKTØYENE!
EIN SOLID ARBEIDSGJENG Vi gjer heile jobben – frå grunnmur til ferdig hus.
NYHET! ”SUNNHETSRABATT” PÅ ROEDE-KURS 6 måneders oppfølging med 16 kursmøter og vår helt nye Roedeapp frem til høsten! RIKKE DUE rikke.due@roede.com Tlf. 984 09 191 Kurssted: Førde og Eikefjord
Sjekk ut nettsida vår www.eikefjordbygg.no
6940 Eikefjord Tel. 909 94 023 - 57 74 70 08 www.eikefjordbygg.no
Fokus på service! eikel.no
Eikefjord elektro utfører dei fleste typar installasjonar i alle typer bygg, både privat og industri. Vi er eit team av erfarne montører og ingeniørar. Ta kontakt med Marius Standal, tlf 982 82 422
PRIVAT - INDUSTRI - TELE - DATA - SVAKSTRAUM - LANDBRUK - FISKEOPPDRETT TAVLEVERKSTAD - PREFABRIKERING - VARMEPUMPER - ENERGISPARING MICROKRAFTVERK - VINDMØLLER - SOLCELLE SYSTEM
Gode Sambygdingar Silje Fraas Øren Leiar Foto: Privat
”Saman skal vi gjere bygda kjekk og trygg og bu i”
Hei! Som nyvald leiar for Eikefjord Grendalag er det greit å presentere seg: Eg er ein eikefjording som er gift med ein anna eikefjording og vi bur saman i Sæterlid. Vi har tre barn på 6, 8 og 10 år som er aktive med både idrett, dans og musikk. Eg føler eg har vunne gullbilletten for ungane mine som har gleda i ny barnehage, ny skule og ny fleirbrukshall. Den gullbilletten kjem eg til å ta godt vare på. Til dagleg jobber eg i full turnustilling som jordmor og er engasjert i fagorganisasjons arbeid innen Jordmorforeningen. Eg vart først veldig overraska over å bli spurt om å verte leiar for Eikefjord Grendalag, og tenkte at det vart for store sko å fylle for meg i min travle kvardag som småbarnsmor. Men etter ei veke ferie på Beitostølen med familien, med låge skuldre og berre kos, fekk eg tid til å tenke og kom fram til at eg ville prøve som Pippi: «Dette har eg aldri prøvd før, så dette får eg sikkert til».
20
Det at eg veit at eg har gode støttespelarar rundt meg, gjer det lettare. Eikefjord er full av kreative, arbeidsome og dyktige menneske, og eg veit at mange vil vere positive til å gjere noko for bygda si. Eikefjord er ein fin plass som eg er blitt veldig glad i. Vi har så uendeleg mange moglegheitar rundt oss, og dette vil eg ta vare på som leiar for Eikefjord Grendalag. Å vere med å skape «det gode liv», ser eg på som ei fin oppgåve. Kva er betre enn å få vere med å påvirke det som skjer i bygda mi, bygda som barna mine skal vakse opp i, og bygda eg sjølv ser føre meg å bli gamal i? Eikefjord Grendalag har mange arbeidsoppgåver føre seg. Eikefjord Dagane er vel den største oppgåva, den store hendinga i Eikefjord om sommaren rett før skulestart. Sjølv om fleirbrukshallen er på plass, er det fortsatt andre politiske prosjekt vi må jobbe med framover. At det er lite tomtearel og byggeareal i bygda er ei stor utfordring, og vi må også legge press på kommunen og fylkes kommunen om gang og sykkelsti frå sentrum til Kvalvik.
Styret i Eikefjord Grendalag Foto: Svein Hovland
Vi jobbar saman for å ta vare på og utvikle bygda vår! Vi ynskjer å fremje bygda på ein god måte, og vil gjerne høyre frå deg om du har tankar eller idear som kan være med på utvikle bygda vår! Vi i Eikefjord Grendalag ynskher at sambygdingar skal ha lavterskel for å ta kontakt med oss i Grendalaget. Det kan vere om ein har ein idè, om ein har lyst å bidra med noko, eller om ein har ris eller ros til bygda. Saman skal vi gjere bygda kjekk og trygg og bu i, saman skal vi skape ”det gode liv” i Eikefjord. Silje Fraas Øren
Anne-Berit Kvalvik
solsilje@online.no Tlf: 959 67 753
abkvalvik@mac.com Tlf: 990 46 045
Leiar
Nestleiar
HOVEDSTYRET 2019: Hans Erik Nødset
Vegard Tonheim
Astrid Jürgensen
Kenn Hallstensen
Trond Ove Hopen
hans.e.nodset@gmail.com Tlf: 995 55 535
vegard_tonheim@live.no Tlf: 911 97 392
anjurg@hotmail.com Tlf: 913 41 054
karhalls@online.no Tlf: 982 55 703
trondovehopen@hotmail.com Tlf: 474 14 938
Kasserer
Sekretær
Styremedlem
Styremedlem
Styremedlem
21
Det gode liv i Eikefjord
Foto: Ronny Osland
22
”Her er det godt å vere, her er det godt å bu, her skal vi skape glede saman eg og du!”
23
Sjå ut som ein Eikefjording Eikefjordgensaren Vi held på å utvikle vår eigen Eikefjordgensar, og vi vil oppfordre bygda til å strikke saman med oss!! Gensaren er under arbeid, det mangler kun litt justeringar i mønsteret. I tillegg vert det laga mønster til lue, pannebånd og vottar. Følg med på vår Facebook-side for oppdateringar. I tillegg vil vi snart vere på Instagram. Der vil det være ulike konkurransar, så følg med...
Eikefjord Grendalag
Foto: Svein Hovland
Workshop
24
Hugsar du framtidsverkstaden for vel 10 år sidan?
- Vi har fått ny skule og ny barnehage - Vi har fått sti på nordsida, og sørsida står for tur…
Er grenda klar for ein ny og meir moderne framtidsutvikling: workshop? - Vi har fått til stranda med strandpromenade og miljøplassar - Vi har fått til fleirbrukshall
Kva er vegen videre? Grendalaget ynskjer å få til ein nyskapande ìde dugnad. Følg med på våre Facebook-sider og eikefjord.net – meir informasjon kjem etterkvart!!
Ungdomsrepresentant
Foto: Svein Hovland
Eikefjord Grendalag løftar fram ungdommen Grendalage vedtok på Årsmøte i år å ha ein ungdomsrepresentant som er tilknyta til styret. Ungdomsrepresenten skal vere eit bindeledd mellom ungdommen i bygda og Grendalaget. Det er viktig å satse på framtida vår! Vi presenterer Ann Renate Øren Alder: 19 år annr99@outlook.com Tlf: 993 04 609
Ann Renate er ei blid jente som er oppvaksen på ein gard i Sæterlid med ein søskenflokk på tre. Ho har ein medfødt lungesjukdom som heiter Cystisk Fibrose og vart nyleg lungetransplantert. Det er ikkje lett å leve med ein slik sjukdom, men det har gjort til at ho har lært å være sterk og takle livet som ungdom på ein litt annleis måte. Ho har etter lungetransplantasjonen tatt fram igjen speleinstrumentet og spelar i Eikefjord Skulemusikk. Ann Renate ynskjer å vere synleg for ungdommen i bygda. Det er viktig å ha eit tett samarbeid med Ungdomslaget. Ho vil også vere tilstede under ulike ungdomsarrangement og møte ungdommen der dei er. Ho har i tillegg fått ulike arbeidsoppgåver opp mot Grendalaget og gleder seg til å ta fatt på dei.
Kodeklubben Våren 2019 kjem eit nytt tilbod til born og unge i Eikefjord.
Kodeklubben koordineres av Vegard Yndestad og Bjørn Wilhelmsen ved Eikefjord barne- og ungdomsskule.
Kodeklubben Eikefjord er ein del av det landsomfattande nettverket “Lær kidsa koding” og er ein klubb kor ein kan lære seg å programmere gjennom ulike aktivitetar.
For meir informasjon, sjå kidsakoder.no/kodeklubb/ eikefjord/
25
Trygg skuleveg frå sentrum til Kvalvika Foto: Privat
Eikefjord Grendalag har satt ned eit arbeidsutval for å få framdrift i realisering av gangog sykkelveg frå sentrum til Kvalvika. I ein periode på meir enn 20 år har det vore jobba med å få til gang- og sykkelveg langs fylkesveg 542. Allereie i 1998 var reguleringsplanen for traséen godkjend, men av ulike grunnar har det ikkje vore muleg å få høg nok politisk prioritet, slik at finansieringa kunne gå i orden. Den første planen gjekk ut på dato, og dei seinare åra har det vore arbeidd med å lage ein ny og oppdatert reguleringsplan for gang- og sykkelvegen frå skulen til Kvalvika. Denne reguleringsplanen vart vedteken i Flora bystyre 13. februar 2018. Planen er også komen med på Sogn og Fjordane fylkeskommune sin regionale transportplan (RTP). Dette er avgjerande for det vidare arbeidet. Etter årsmøtet til Eikefjord Grendalag 07.02.19 vart det sett ned eit arbeidsutval som skal arbeide med realiseringa av gang- og sykkelvegen. Arbeids utvalet består av: Silje Fraas Øren, Odd Asle Endestad, Silje Ødegård Standal, Bendik Liseth og Brigt Samdal (leiar for utvalet). Dei tre nye bruene på vegen er ein viktig del av prosjektet. Statens vegvesen har gjennomført detaljerte undersøkingar av bruene som står der per i dag og konkludert med at det er behov for å skifte desse ut. Som eit midlertidig tiltak i påvente av finansiering frå fylkeskommunen er alle bruene innsnevra til eitt køyrefelt, og det vil bli utført strakstiltak for å styrke bereevna til dei gamle bruene. Ny oppgradert vegstandard med gang- og sykkel veg er viktig for å skilje dei mjuke trafikantane frå biltrafikken. Både sett i lys av dagens trafikk med mykje tungtransport, og for å ta høgde for framtidig auke i trafikkmengda som kjem grunna utvidinga av tømmerkaia på Rimma. Arbeidsutvalet har eit godt samarbeid med Flora kommune for å sjå på mulege alternativ for framdrift i prosjektet. Her vil det kunne vere fleire partar som kan vere aktuelle i eit spleiselag for å få finansiert denne gang- og sykkelvegen (stat, fylkes kommune, kommune og private aktørar).
26
I dag er vegen ein risikoutsett skuleveg for mange barn i bygda. I tillegg til at dette er ein viktig skule veg for 35 born, så er strekninga aktivt brukt av dobbelt så mange barn og unge på ettermiddag og kveldstid i høve aktivitet knytt til idrettsanlegga i bygda. Manglande gang- og sykkelveg set også ein stoppar for utbygging av bustadar langs traséen. Det er difor viktig for vidare utvikling av bygda å få på plass denne gang- og sykkelvegen. Arbeidet med finansiering og realisering av gangog sykkelveg vil framleis ta tid, men vi har fått ein god start på eit særs viktig arbeid. Brigt Samdal Leiar av arbeidsutval
Eikefjord.net
Eikefjord.net er bygda si gode kommunikasjonskanal. Websida vart starta av Odd-Asle Endestad, som driv den på dugnad. Den jobben har han skjøtta på utmerk vis, man alle treng litt hjelp iblandt. Derfor er vi no på jakt etter nokon som vil tiltro som hans medredaktør og som kan jobbe aktivt opp mot grenda laget og nyhende som skjer i Eikefjord. Vi ynskjer og å opprette ein kalender over aktivitetar som skjer i bygda vår. Har du ein liten mediespire inni deg og ynskjer å bidra, så slepp deg laus og ta kontakt med grendalaget eller Odd-Asle: E-post: odd.asle@eikefjord.no Tlf: 958 39 878
Eikefjorddagane 2019
Foto: Odd Asle Endestad
I år går den store hendinga av stabelen 16. - 18. August
Hald av helga og ta turen til fagre Eikefjord for å oppleve eit flott familie arrangement med lave skuldre der du kan nyte det gode liv med mykje kjekke aktiviteter og god underhaldning. Programmet til årets eikefjorddager er under planlegging. Vi har allereie booka musikk og noko underhaldning: Grand Prix, Thoris Supergutt, Silisium Vokal, og Twilight. Følg med på vår Facebook-side og eikefjord.net for meir infomasjon. Eikefjorddagane kan kun gjennomførast takka være ei fantastisk dugnadsånd frå bygda sine lag og organisasjonar. Alle stiller opp, liten og stor, og trekk ilag for at vi saman skal kunne glede oss over desse dagane. Føler du at nettopp du har noko å bidra med, ta gjerne kontakt. Vi tek i år opp att tradisjon med overrasking i teltet fredag kveld. Vi kjem-kjem du?
27
Ekte natur. Ekte opplevelser. Ekte utstyr. Ekte Sport.
FYLKETS STØRSTE
KLUBB BUTIKK!
FOTBALL - HANDBALL - SYKKEL - LØP/TRENING, MED EGET TRYKKERI CHATLET SPORT 1 FØRDE Naustdalsvegen 1A Tlf. 57 72 00 67
@sport1forde