Førdefestivalen Programkatalog 2019

Page 1

3.-7. juli 2019

30 år utan grenser!

PROGRAMKATALOG 2019 fordefestival.no


H.K.H Kronprinsesse Mette Marit er Førdefestivalen sin høge beskyttar.

opnar Førdefestivalen 2019. Det skjer på opningskonserten Verda i Førde! Torsdag 4. juli kl. 20.00.

Ansvarleg redaktør: Per Idar Almås Redaksjon: Torill G. Faleide, Janne Karin Støylen. Grafisk formgjeving: Rein Design, Førde Trykk: Natvik prenteverk Illustrasjon: Piotr Pucylo Opplag: 33.000. Med atterhald om feil og endringar.

2

Foto: Ilja Hendel

Direktør i Kulturrådet Kristin Danielsen

NRK P2 er til stades på Førdefestivalen


Innhald

Ny leiar-duo i Førdefestivalen Opningskonsert Om kraft og kjelder Columbi Egg, Klubb OPPSIG Gjensynsgalla - 30 år utan grenser! Sommarnatt på Jølster Fotoutstilling Førdekonferansen 2019 I heile verda, men ikkje heime FestivalBRUNSJ Spelet og tida Festival for heile familien Musikk i sentrum Familiesøndag Kursoversikt og omtalar Internasjonal bokkafé Møt artisten Røff guide frå Runar FørdefestivalMAT Opplevingar for livet i Førde! Stiftinga Festivalfilm Sponsorar Billettinformasjon Festivalguide Arenakart

Artistar

5 8 10 13 14 16 17 18 22 75 76 78 79 79 80 84 85 87 89 90 90 91 92 95 96 98

35 65 67 46 47 63 66 48 61 73 49 32 68 71 58 69 31 70 62 56 57 33 20 72 24 30 26 25 42 38 44 36 37 43 28 52 51 50 41 54 59 60 53 64

Anandi Bhattacharya IN Aslak Brimi kvartett NO Bente Hemsing og Stein Villa NO Dansefest: Dizu Plaatjies & Ibuyambo ZA Dansefest: The Garifuna Collective BZ Den underlege draken NO Ein haile halve maone NO El Tanbura EG Floating sofa quartet DK/SE/FI Folkemusikk UNG Valdres Fotefar & Julie Alapnes NO Furebotten/Amper/Haltli NO/SE Gabriel Fliflet NO Gamlebanken spelemannslag NO Germán Lopez ES Guttorm Andreasen (DJ99) NO Hemsing/Larsen To Damer To Herrer NO Indre Sunnfjord Spelemannslag NO Jens Linell SE Jo Einar Jansen NO Johanne Flottorp NO Karl Seglem NO Kroke PL Lendmenn NO Mahsa og Marjan Vahdat IR/NO Marko Markovic Brass Band RS Muzsikas HU Muzykanci PL Norayr Kartashyan & Menua AM Otava Yo RU Perler av elde NO Ross Daly Quintet GR Rura GB Samurai accordion IE/FI/IT Sara Correia PT Sarah Savoy Trio US Seckou Keita SN Solo & Indré SN/NO/LT Sver NO/SE The Forbidden Orchestra SE/IQ/AR/PS Timples & other small guitars ES Triakel SE URNA MN Vassvik NO 3


Ser instruksjonsfilmar i argentinsk tango på YouTube Bestiller billettar til Gallakonserten

Høyrer seg opp på festivalen sine spelelister på Spotify

Deler bilder frå opningskonserten Surfar på fordefestival.no

Bookar hotellopphald til neste års Førdefestival

Vi sponsar gode opplevingar og magiske stunder! Sidan 2001 har vi sponsa lokale kultur- og idrettsarrangement med millionar. Ved å velje Enivest, styrkar du verdiskaping i regionen – nett der du bur. Vi gler oss til mange magiske stunder under årets festival.

4


Foto: Dagrun Reiakvam

Ny leiar-duo i Førdefestivalen:

Aldri vore så lett å seie ja Korleis er det å ta over roret i den 30 år gamle festival-skuta? – Heilt tussete kjekt! smiler direktør Per Idar Almås. – Det har aldri vore så lett å seie ja, legg styreleiar Arne Osland til. Eg sa ja med ein gong! Arne: Festivalen har ein global horisont, men likevel er det dei lokale skattane vi leitar etter. Perspektivet er det same på United World College i Fjaler, der eg arbeider. I det nye vervet som styreleiar kjenner eg både på ærefrykt og spenning, men mest på stoltheit

og glede. Denne festivalen er skapt av uredde folk, for uredde folk. Folk som brenn for å formidle folkemusikken. Per Idar: Det er heilt tussete kjekt at ein kan få lov 5


å halde på med dette, men ein så god organisasjon i ryggen. Kollegaene mine på festivalkontoret, dei er så solide og kan ting så godt. Det finst eit system på ting som er fascinerande bra. Publikum har tillit til oss. Det er det viktigaste. Våre artistar figurerer ikkje på bestselgarlistene, men folk kjem. Folk lyttar. Vårt publikum har peiling! Dei kan namn på instrument og sjangrar frå heile verda, kunnskapen er stor fordi dei har deltatt på festivalen i år etter år, opplevd så mykje forskjellig. Festivalpublikummet er vande med å utfordre seg sjølv til å oppleve nye ting. Som entusiastisk publikummar gjennom mange år, veit eg at det er noko som skjer med deg i møte med alle dei ukjende uttrykka. Du må opne deg opp. Delta og vere til stades. Skru deg inn på ein frekvens du elles sjeldan brukar. Mine born, dei har musikk-katalogen frå heile verda på spotify. Likevel lyttar dei ikkje til meir interessant musikk. Kanskje tvert i mot, det finst ei einsretting i denne flaumen.

Eg trur vi har vår styrke akkurat der. Vi i hentar tradisjonsmusikk frå kvar som helst i verda, og syner fram desse skattane i si aller puraste form. Men vi held eitt kriterium høgre enn alle andre: Kvalitet. Du skal vere SJUKT god på instrumentet ditt for å bli invitert til Førdefestivalen! Det betyr ikkje at konteksten er uviktig, berre at kvaliteten er viktigare. I år får vi til dømes besøk av eit band som består av fem damer som spelar på instrument kvinner ikkje har lov å spele på. Det er menn som skal traktere desse instrumenta i deira tradisjon. Saka er viktig og vi er stolte av å gje dei ei scene på festivalen, men vi hadde ikkje gjort det om dei ikkje var så utruleg dyktige musikarar. Viss du er trygg i din eigen tradisjon er det lettare å vere nysgjerrig på naboen sin. I ei tid der folk bygger murar i staden for å hjelpe og ynskje velkommen, kan festivalen vere ei motvekt. Gode møte mellom ulike folk er vår strategi! Dette kan vi mykje om, her har vi noko å vise fram og lære bort. Den politiske verdien er der, vi

«Du må opne deg opp. Delta og vere til stades. Skru deg inn på ein frekvens du elles sjeldan brukar.» – Arne Osland

6


har tenkt mykje på den i år når vi har temaet «Utan grenser». Eg spøkte litt med dette, på det første styremøtet mitt. 30 år, utan grenser – er det ein bortskjemd, forvaksen tenåring vi har å gjere med? Grenseløysa er inga oppskrift på lukke, det veit alle foreldre. Førdefestivalen har klare grenser, dei er så klare at vi har fått kritikk for dei. Det er berre fordi vi kjenner grensene, tradisjonane og kulturarven at vi kan ta dei bort og møtast utan. Vi bryt nokre grenser i vår eigen programprofil i år. Eg håpar det skaper reaksjonar, for då får vi sjansen til å forklare kvifor vi gjer det. I år blir det ingen parade. I staden lagar vi ein stor festivalbrunsj på festplassen og inviterer til gratis konsertar i parken heile laurdagen. Her står berre dei beste på scena. Vi vil vise folk kva vi held på med. Vi vil ha nye publikummarar inn på konsertane våre. Det blir popoppmarknad og -kafé med lokalmat og lokale produkt, topp stemning og folkefest, håpar eg.

Vi ynskjer oss meir folkeliv og impulsivitet. Musikarar elskar å møte kvarandre, alle konsertar treng kanskje ikkje vere planlagde i detalj? Min draum er at det skal skje ting over alt, heile tida. Noko av det kjekkaste eg veit er å hamne på ein jam, der nokon dreg fram ein gitar eller ei fele og musikken får flyte fritt. Når vi vel scener og rammer for konsertane våre får dei ein nerve omkring seg, heile Sunnfjord tilfører noko av sitt eige til den opplevinga som ventar publikum. Festivalen er eit flaggskip i regionen. Vi har den globale horisonten i sikte, og leitar etter lokale skattar i farvatnet. Vi har sju hav under baugen og styrer etter stjernene. Kast loss!

«Min draum er at det skal skje ting over alt, heile tida. Noko av det kjekkaste eg veit er å hamne på ein jam, der nokon dreg fram ein gitar eller ei fele og musikken får flyte fritt.» – Per Idar Almås

7


8


ART I S TOM TALE

Opningskonsert Verda i Førde Velkomen til ein festkveld med musikk frå alle verdshjørne!

På kveldens konsert tek våre svenske yndlingar i Triakel deg med til Hälsingland i Sverige, den nye fadostjerna, Sara Correia, inviterer deg med til Lisboa; den svensk-norske trioen Furebotten/Amper/Haltli dreg deg mot nord; Seckou Keita gjev deg mjuke tonar frå 22 korastrengar; RURA byr på skotsk reel og jig; Norayr Karthasyan & Menua forfører deg med armensk folkemusikk anno 2019 med sine vakre blåseinstrument og i The Forbidden Orchestra får du eit musikalsk møte mellom fem kvinner frå fem ulike tradisjonar. Verda er komen til Førde, og i kveld kan du lene deg tilbake og nyte det herlege musikalske mangfaldet den har med seg. Kveldens konferansier er ingen ringare enn Runar Gudnason. Den 30. Førdefestivalen vert opna av Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet.

Dørene opnar kl. 19.15. Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis! TORSDAG 4. JULI KL. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde! Idrettshallen, Førdehuset

Welcome to a carnival evening with music from all corners of the world! In tonight›s concert, our favourite Swedes, Triakel, take you over to Hälsingland in Sweden; the new fado star, Sara Correia, invites you to Lisbon; the Swedish-Norwegian trio Furebotten/Amper/Haltli entice you up to the cold north; Seckou Keita plays the kora like nobody else; RURA deliver Scottish reels and jigs; Norayr Karthasyan & Menua reawaken Armenian folk-music with their brass instruments; and The Forbidden Orchestra is a musical confluence between five woman from five differing traditions. The doors open at 19.15. 9


10

Foto: Jonas Howden Sjøvaag


Om kraft og kjelder Vegen til kjeldene vert berre klarare. Og kortare. Men den blir ikkje lettare.

Karl Seglem tjuvstartar Førdefestivalen på Larris scene onsdag kveld. Det siste året har han turnert inn og utland med fullt band og musikken frå det kritkarroste albumet Nunatak. Eit skrik for naturen, blir det omtalt som. -Det er mitt råaste og mest energiske album nokonsinne. Og det sintaste, forklarer Karl Seglem. Vi møter han ein vårkveld i Bergen. Ute i gatene marsjerer ungane: -Redd vår jord, redd vår jord, ropar dei. Inne på litteraturhuset har vi fått vin frå Slovakia i glasa. - Sjå på den fargen! Kjenn kor stort den luktar! Plomme, seier Karl og set nasa i glaset ein gong til: - Melon. God vin set i gong heile apparatet, smiler han. - Lukt og smak opnar minne og syner deg landskap slik poesi og musikk også kan gjere. Om sjanger, det stygge og det fine Sjanger blir mindre og mindre interessant. No seier eg berre: Det er Karl Seglem. Det er det det er. Men

det er vanskeleg for meg å seie det, fordi eg er den eg er. I alt eg gjer må det vere noko som strekkjer seg nye vegar, som utfordrar. Mest i meg sjølv. Viss ikkje det nye finst, blir eg ikkje glad. Om eg i tillegg må innordne meg andre sine forventningar, då slit eg. Så det har eg slutta med. Det stygge – det eg kallar stygt – må vere der. Då blir alt mykje større. Visst ikkje det stygge er stygt, blir ikkje det fine fint heller. Publikumsmøta er det aller viktigaste for meg. Å få spele for nokon. Somme tider, i nokre sekund berre, merkar eg at musikken eller diktet gjev meining til den som lyttar. Denne veka spelar vi for tenåringar på skular i Hordaland. Dei har ikkje peiling på kva dei kjem til. Det er som å gå ein fjelltur i eit ukjent landskap. Plutseleg opnar det seg, endrar seg, fangar deg. Det finst krefter i dette som eg er blitt flinkare til å sanse. Det er desse kreftene som gjev meg styrke og

11


inspirasjon til å skrive meir. Romma som opnar seg i møte med publikum blir færre og det gjer tilveret trongare, trur eg. Difor er det er så viktig for meg å formidle noko som kan opne slike rom. Folk er ikkje dumme. Folk er kloke og opne. Mange utset seg berre ikkje for kunsten, dei får kanskje ikkje ein gong sjansen til det. Om skriving, ord og musikk Eg kan ikkje tenkje at eg har skrive nok. Eg har mange skisser liggande. Musikken ligg på ein hard-disk som heiter Karlsongar. Tekstane ligg på ei maskin der nettverkskortet ikkje verkar. Eg må forplikte meg når eg arbeider: No skal eg skrive fem songar. No skal eg få fem dikt klare. Eg skal jobbe med dei til dei sit som dei skal. Dei reglane må eg setje for meg sjølv. Eg har alltid skrive, eg hugsar at eg skreiv dagbok og dikt alt då eg gjekk på folkehøgskule. Romkameraten min var frå USA. Han hadde store bøker med blanke sider der han skreiv små dikt i alle retningar. «This is a beautiful day» kunne det stå oppe i eit hjørne. Det likte eg. Mi første samling, Stilla er ein åker, samlar tekstar som er skrivne over to tiår. Finn Totland var den rette redaktøren, likevel var det knallhardt arbeid. Motstand, motstand, motstand, men han forsto. Eg er ein musikar som skriv. Det skjønte han. Musikken er konkret, men den er likevel mykje meir abstrakt enn ord. Orda som står der, dei står der. Musikken står der ikkje, ikkje i det heile tatt. I musikken kan du høyre tida, som går. Dikta er tidlause. Det er eit stort spenn mellom orda og musikken. Kanskje er det difor dikta mine står seg så godt til tonar og lyd. Eg føler at rommet kring diktet blir mykje større med musikk. Aleine kan dei verke enkle, for enkle kanskje? I alle fall om lesaren ikkje greier å skape dette rommet sjølv. Det er ikkje alltid det finst ei 12

meining, diktet er ikkje ei forteljing. Det er klang, bilde, rytme. Og rom. Eg har meir å gå på i det skriftlege. Det har eg ambisjonar om, ja. Diktet er mi form. Eg har nokre noveller liggande, men det er diktet som er meg. Om andre, og seg sjølv Grunnen til at eg starta plateselskapet mitt Norcd, var at eg ville hjelpe andre fram. Eg ville ikkje at andre skulle oppleve den same motstanden som eg sjølv hadde hatt. Nesten 200 utgjevingar finst der ute. Hugsar du Nye nord-plata frå 2002? Der Odd Nordstoga syng «Trø din fot» av Jon Fosse? Er ikkje det ein heilt nydeleg låt? Eg har lært mykje av å produsere musikk for andre, det har òg hjelpt meg å gå min eigen veg: Eg kan ikkje gjere det sånn, eg må gjere det slik. No ser eg på det som ein styrke. I dag spelte vi ein av dei gamle låtane på konsert, det var heilt fantastisk. Eg tenkte: - Fy flate, dette lever! No er eg 57 år. Treng eg, eller må eg, skapa så mykje meir? Slik kan eg ikkje tenkje. Vegen til kjeldene blir berre klarare. Og kortare. Men den blir ikkje lettare.


NB! Hugs at du kan kjøpe KOMBIBILLETT til dei to konsertane på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa laurdag kveld: Klubb Oppsig og Dansefest: The Garifuna Collective / Dizu Plaatjies & Ibuyambo

Columbi Egg

Klubb Oppsig

Vert, musikar og humorist Gabriel Fliflet inviterer til intim klubbstemning, gnistrande spel og lun humor, med gjester frå fjern og nær. I kveld kjem Ross Daly og Kelly Thoma, Ragnhild Furebotten & Julie Alapnes, Muzsikas - og kanskje dukkar det opp fleire!

Under dette litt pussige, bergenske namnet, Klubb Oppsig, inviterer klubbvert Gabriel Fliflet til laussleppt klubbstemning med musikalske vener frå inn og utland. I kveld står Aslak Brimi Kvartett, El Tanbura og Floating Sofa Quartet på gjestelista. Her blir det høve til dans - etter behov.

FREDAG 5. JULI KL. 21.00 Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

LAURDAG 6. JULI KL. 22.30 Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Your host, musician and humourist Gabriel Fliflet, invites you to an intimate club atmosphere, sparkling music and warm humour, with guests from far and near - Ross Daly and Kelly Thoma, Ragnhild Furebotten & Julie Alapnes, Mazsikas. And going by past experience, a few more will turn up too!

Your club host, Gabriel Fliflet, invites you to a cosy bar atmosphere with musical friends from far and near. Tonight, Aslak Brimi kvartett, El Tanbura and Floating Sofa Quartet are our guests. Perfect for all your dancing needs.

13


14


Gjensynsgalla 30 år utan grenser! Denne kvelden skal vi feire 30 år som smeltedigel for musikk og frå heile verda.

Det har vore fantastiske år, og vi gler oss til å gje deg eit nytt møte med eit knippe artistar som har gjeve oss musikkopplevingar vi knapt kunne drøyme om å få i Førde. Artistane du får sjå på scena i kveld er musikarar både publikum og festivalstab har ønskt på festivalprogrammet. Det er rett og slett ein slags ønskjekonsert når vi inviterer til gjensyn og gjenhøyr med: Kroke og Urna, Larsen / Hemsing - To Damer To Herrer, Marko Markovic Brass Band, Mahsa & Marjan Vahdat, El Tanbura, Samurai accordion og Otava Yo. Konferansierar: Sigbjørn Nedland og Unni Løvlid. Dørene opnar kl. 19.45. Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis!

SIGBJØRN NEDLAND er den velkjende røysta frå Jungeltelegrafen i NRK P2, som har presentert «den andre musikken» for oss i årtier. Kunnskapsrik og engasjert, og no pensjonist med mange jarn i elden.

LAURDAG 6. JULI KL. 20.30 Gjensynsgalla: 30 år utan grenser! Idrettshallen, Førdehuset

Kvedaren UNNI LØVLID er uredd og kreativ, med hjarta i folkemusikken og vidsyn mot verda og andre sjangrar. Ho er tilsett som førsteamanuensis ved Norges Musikkhøgskole.

Tonight, we celebrate thirty years as a melting pot for music and culture from the entire world. They have been fantastic years, and we look forward to giving you yet another meeting with a selection of artists who have given us musical experiences we could hardly believe we could ever bring to Førde. We’re set for a musical reunion with Kroke og Urna, Larsen / Hemsing To Damer To Herrer, Marko Markovic Brass Band, Mahsa & Marjan Vahdat, El Tanbura, Samurai accordion og Otava Yo. The doors open at 19.45. 15


Sommarnatt på Jølster Inga festivalstemning er meir magisk enn den du opplever i dei akustiske og nære møta med musikarane i Låven, Eldhuset og Strandstova på Jølstramuseet. Her er dei du får møte i år: German Lopez Duo, Jo Einar Jansen, URNA, Seckou Keita og Sarah Savoy Trio. Indre Sunnfjord Spelemannslag spelar ute i tunet. 25 min. konsertar i tre ulike stover. Alle artistar spelar minst to konsertar. Sjå info i app, på facebook og oppslag på arena. Sal av mat og drikke. Buss frå Førdehuset kl. 22.15, og retur kl. 02.00 er inkl. i billetten. TORSDAG 4. JULI KL. 23.00 Jølstramuseet, Vassenden

No opening night is complete without the intimate meetings and musical magic you will experience at Låven, Eldhuset and Strandstova – the small, cosy rooms of Jølstra Museum. This year›s artists: Germán Lopex Duo, Jo Einar Jansen, URNA, Seckou Keita and the Sarah Savoy Trio. The concerts last for 25 minutes, in three different rooms. And out in the open air you can see and hear Indre Sunnfjord spelemannslag. You›ll find information in the festival app, on Facebook and in notices at the arena. Sale of food and drink. There will be a bus from Førdehuset at 22.15, returning at 02.00 (included with the ticket). 16


Artistar & instrument - eit fotoprosjekt Ei fotoutstilling blir til Fotografane Oddleiv Apneseth og Andreas Eikeseth Nygjerd vil under årets festival freiste å portrettere så mange artistar (Andreas) og instrument (Oddleiv) som mogleg.

ODDLEIV APNESETH (f. 1955) bur i Bygstad i Sunnfjord. Han var fotograf i Bergens Tidende frå 1987 til 2007. I 1997 fekk han 2. premie i den verdsomfattande konkurransen World Press Photo. I tillegg har han vunne prisen for Årets bilde i Norge 1994 og 2005, samt fleire andre norske presseprisar. Han var festspelfotograf for Festspillene i Bergen i 2000 og 2001 og har medverka i 15 ulike bøker.

ANDREAS EIKESETH NYGJERD Under festivalen vil prosjektet vere synleg med publisering av fire nye bilete, i stort format, kvar dag i Førdehuset. Fotoutstillinga vil vere tilgjengeleg for publikum gjennom heile festivalen. Fri entré. TORSDAG 4. JULI KL. 17.30 Utstillingsopning: Artistar & instrument - eit fotoprosjekt Utstillingssalen, Førdehuset

Photographers Oddleiv Apneseth and Andreas Eikeseth Nygjerd have long dreamed of creating portraits of festival artists and their amazing instruments during the festival. This year it›s happening, and each day they present four new photographs in large format at Førdehuset. Free admission.

(f. 1984) bur på Sandane i Nordfjord. Han er utdanna portrettfotograf hjå fotografmeister Hans Jørgen Brun i Bergen (2010-2014), og driv no sitt eige studio med base på Sandane. Han er høgt premiert i fleire nasjonale og internasjonale konkurransar. Mellom anna fekk han prisen for «Årets portrett» i Landskonkurransen For Fotografi (2016). Bileta hans har vore utstilt fleire stader i Norge, og er publisert i ei rekke land. 17


FØRDEKONFERANSEN 2019

Kultur og reiseliv med berekraft som mål I følgje NHO Reiseliv vil det globale reiselivet auke med 60% innan 2030. Det betyr eit stort potensial for norsk reiseliv, men inneber også eit stort ansvar. Kulturturisme, volumturisme, sakteturisme, opplevingsturisme, grøn turisme - kva slags turisme vil vi ha? Kva rolle skal kulturlivet spele i framtidas reiseliv? Er det mogleg å omstille seg frå volumturismen vi ser i Flåm, Geiranger, Bergen og Lofoten til eit grønare reiseliv? Den siste trenden er at turisme i stadig større grad handlar om opplevingar. Kva kan det rike kulturlivet vårt gjere for at norsk reiseliv skal få ei berekraftig framtid? Dette er utgangspunktet for Førdekonferansen 2019 som har innleiarar frå reiseliv, forsking, kultur, politikk og media. Opningsforedraget med reiselivsekspert og skribent Arild Molstad fått tittelen Dramatiske vegval for norsk reiseliv anno 2019: Kva slags turisme kan vi leve av og leve med? Vidare møter du administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, i samtale med Rolf Sanne Gundersen i Sunnfjord Utvikling. Fjord1 har spennande planar for framtida både innan turisme og det å skape eit grønare reiseliv i Norge. Fylkesdirektør for kultur og næring i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, skal snakke om satsing på turisme/reiseliv og kultur som komponentar i eit moderne reiselivsprodukt. Konferansen vert leia av Sigrid Moldestad.

18

Førdekonferansen vert arrangert i samarbeid med Sparebanken Vest, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Førde kommune og Sunnfjord utvikling. Inkludert i konferansen: Offisiell mottaking (kl. 18.00) i samband med opninga av festivalen og billett til opningskonserten Verda i Førde! på Førdefestivalen (kl. 20.)

Førdekonferansen 2019 Kultur og reiseliv med berekraft som mål TORSDAG 4. JULI 2019 kl. 09.30 - 16.30 Amfi Eikaas, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


@Bård Basberg

PROGRAM FOR FØRDEKONFERANSEN 2019 09.30 Registrering og kaffi 10.00 Velkomen 10.15 Dramatiske vegval for norsk reiseliv anno 2019: Kva slags turisme kan vi leve av og leve med? Arild Molstad, reiselivsekspert og skribent 10.35 Å kuratere «the fjords» – eit forskningssamar beid mellom kunst, kultur og reiseliv langs Nordvegen. Kirsti Mathiesen Hjemdahl, fors kningssjef for Innovasjon i NORCE Samfunn. 10.55 Innleiar blir stadfesta 11.20 Oppsummering og dialog 11.30 Kaffipause 11.45 Vegkart for reiseliv og regjeringa sitt syn på utviklinga og framtida for næringa. Atle Hamar, Statssekretær i klima- og miljø- departementet 12.05 Kvifor satsar vi på reiseliv og kva kan vere effektane av ei vellukka satsing? Korleis kan kulturtilbod vere gode «produktkomponen tar» i eit moderne reiselivsprodukt? Og korleis må reiselivsnæringa tilpasse seg for å bruke kultur og få fram «vestlendingen»? Jan Heggheim, fylkesdirektør næring og kultur,

Sogn og Fjordane fylkeskommune 12.25 Kristian Jørgensen, direktør Fjord Norge 12.45 Kvifor kultur er viktig for Norge som reisemål. Om bruk av kulturtilbod blant turistane som besøker oss, og korleis Norge blir oppfatta utanfrå. Margrethe Helgebostad, ansvarleg for reise livsanalyse i Innovasjon Norge. 13.05 Oppsummering og dialog 13.15 Lunsj 14.00 Førdefestivalen som reisemål Per Idar Almås – direktør Førdefestivalen 14.40 I samtale med Rolf Sanne Gundersen, dagleg leiar i Sunnfjord utvikling: - Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1 - Sigurd Kvikne, eigar og direktor Kviknes Hotel og dagleg leiar Balejazz 15.00 Oppsummering og dialog 15.30 Slutt Med atterhald om feil og endringar. For oppdatert program, sjå fordefestival.no 19


Kroke POLEN Gjensyn med polske legender Frå det heile starta, var ideen at dei ville finne noko nytt, også i seg sjølv. Musikarane innrømmer at det dei eigentleg ville at musikken deira skulle bli kalla KROKE-musikk. I byrjinga var trioen først og fremst knytt til klezmermusikk, medan dagens versjon er meir inspirert av eigen improvisasjon rundt etnisk musikk. På denne måten har dei skapt sin eigen stil som kryssar dei fleste grenser, i tid som i form, noko publikum rundt om på kloden set stor pris på - også andre musikarar. Dei fekk internasjonal drahjelp då Steven Spielberg kom i kontakt med - og vart fan av - KROKE under innspeling av storfilmen Schindlers Liste. Spielberg inviterte dei til Jerusalem for å spele på ei stor minnemarkering over dei som overlevde krigen. Takka vere Peter Gabriel vart dei inviterte til WOMAD-festivalen i Storbritannia. KROKE sin «The Secrets of The Life Tree» vart brukt på David Lynch sin film Inland Empire, og møtet mellom KROKE og Nigel Kennedy resulterte i plata «East Meets East». Sist Kroke spelte på Førdefestivalen var det eit samarbeid med den norske trioen Tindra. Det resulterte i ei nydeleg plate. I fjor medverka dei på mongolske Urna Chahar-Tugchi si plate SER, og sidan Urna også er ein av gjensynsartistane på festivalen, dukkar sjølvsagt ho opp på årets Kroke-konsert. TOMASZ KUKURBA viola JERZY BAWOŁ trekkspel TOMASZ LATO kontrabass

FREDAG 5. JULI KL. 14.30 Møt artisten: Kroke Utstillingssalen, Førdehuset FREDAG 5. JULI KL. 16.30 Publikumsfavoritten: Kroke Storsalen, Førdehuset LAURDAG 6. JULI KL. 20.30 Gjensynsgalla – 30 år utan grenser Idrettshallen, Førdehuset

From the very beginning, the idea of the band was a continuous search for something new, also within ourselves. The musicians admit – We would like our music to be called simply KROKE MUSIC. KROKE, initially associated solely with klezmer music, in their current works draw inspiration from ethnic music using their own improvisations. They create their unique style which floates across borders, forms and time, which was not only noticed by the audience, but also appreciated by artists around the world.

20


ART I S TOM TALE

Kroke

21


I heile verda, men ikkje heime Klangen i stemmene til systrene Mahsa og Marjan Vahdat og intensiteten når dei syng har ført dei til konsertsalar over heile verda. Han er kjenslevar og varm som dirrande sommardis og full av løyndomsfull kraft. Men heime i Iran kan dei ikkje syngje. Der er det forbode for kvinner å syngje offentleg.

I 2014 gav dei konsert på Førdefestivalen for fyrste gong. Dei song frå albumet Twinklings of Hope saman med Nils Økland, Gjermund Silseth og Sigbjørn Apeland. Dei har sunge med mange ulike musikarar i desse åra og når dei no kjem att denne sommaren, er det med eit nytt repertoar saman med Gjermund Silset (bass), Kenneth Ekornes (perkusjon) og Mehdi Timorlein frå Iran på fløyteinstrumentet ney. Foreldra døyde Det siste året har vore krevande for Mahsa og Marjan Vahdat, ettersom dei på få månader miste både mor si og far sin. Foreldra har vore ihuga støttespelarar for døtrene sine. Fyrst ved å la dei få del i sin sterke lidenskap for gammal og ny persisk poesi og etter kvart ved å hjelpe dei til å halda oppe vona om å kunne få bløme som kunstnarar trass i alle sanksjonar. Rørande er soga om korleis dei to fekk billettar til den aller første konserten som vart hal22

den i Teheran etter revolusjonen. Då hadde det gått mange år utan at iranarane kunne høyre noko anna enn militærmusikk. Gleda frå folk over å få tilgang til levande musikk att, var enorm. Faren til Marjan og Mahsa stilte seg opp i køen og venta i timevis for å kunne gje døtrene sine denne gåva. Kunstmusikk Når ein høyrer den særprega syngestilen til Mahsa og Marjan Vahdat, kan ein kanskje tru at det er folkemusikk dei leverer, men alle songane har kjend komponist. Liksom India skil mellom den landsens folkemusikken og kunstmusikken, som på grunn av sin tonalitet og særmerkte syngjestil lett kan bli teken for å vera folkemusikk av oss nordmenn, har Iran ei tilsvarande inndeling. Det finst ein eigen, svært gamal tradisjon med kunstmusikk og det vert framleis komponert ny musikk i den same stilen. Mahsa komponerer sjølv melodiane til mange av songane dei framfører.


«Pilegrimsferd til venleik» Deltakinga på plata Lullabies from the Axes of Evil som Kirkelig Kulturverksted (KKV) ga ut i 2004, bidrog til å sette fart i karriera til Mahsa og Marjan. Sidan har KKV gitt ut fleire soloalbum og plater der dei to systrene syng saman. Internasjonale musikktidsskrift overgår einannan i ros av deira stemmeprakt og musiske kraft. «Pilgrimage to beauty», «intensily intimate» er ord som tidsskriftet Songlines nyttar om Mahsa si plate The Sun Will Rise (2016). Om Marjans album Serene Hope (2017) skriv magasinet Lira: «När jag lyssnar på albumet blir jag alldeles stum och stilla inför den obeskrivliga skönheten i musiken. Albumet är så välgjort på alla sätt att bättre än så här kan det inte bli.» Rørt til tårer Når systrene held konsert i Tyrkia, kjem mange iranarar over med fly berre for å få høyre dei syngje. Tekstane dei framfører er både samtidspoesi og dikt

av poetar som Rumi og Hafez, som levde for fleire hundre år sidan, og som iranarar den dag i dag har eit sterkt forhold til. Difor er det kan hende ikkje så rart at iranarar reiser lange vegar for å høyre dei og at publikum ofte blir rørt til tårer. Men at folk i Europa, USA, Australia og New Zealand også set pris på dette, er intressant. Systrene Vahdat syng nemleg alltid på farsi. Når dei likevel når fram til folk i vesten, seier det noko om uttrykkskrafta i poesien som strøymer gjennom artistane sin musikalitet. Krafta i måten dei syng på har med innhaldet i songen å gjera og folk merkar det. Det er århundrelange mystikartradisjonar, livet i heile si breidde og djupne, kjærleik, sorg, glede og ånd. Songarane blir som medium, der hundreår gamal livsvisdom strøymer gjennom dei.

23


Mahsa og Marjan Vahdat IRAN/NORGE

Kjenslevare stemmer som løftar deg ut av tid og stad I heimlandet kan dei ikkje syngje offentleg, for styresmaktene tillet ikkje folk å høyre kvinner som syng, men i Førde kyrkje kan dei la tonane strøyme. I mars i år var det stor konsert i Washington DC med Mahsa og deira nyaste samarbeidspartnarar på musikkfronten, den verdskjende strykekvartetten Kronos Quartet. Konserten markerer utgjevinga av plata Placeless. Marjan kunne ikkje vera der, for ho er offer for president Trump sitt forbod mot at iranarar kan koma til USA, dersom dei ikkje har Green Card, slik som Mahsa har. Klangen i stemmene til systrene Mahsa og Marjan Vahdat og intensiteten når dei syng, har ført dei til konsertsalar over heile verda. Klangen er kjenslevar og varm som dirrande sommardis og full av løyndomsfull kraft. I 2014 gav dei konsert på Førdefestivalen for fyrste gong. Dei song frå albumet Twinklings of Hope saman med Nils Økland og Sverre Apeland. Dei har sunge med mange ulike musikarar i desse åra og når dei no kjem att denne sommaren, er det med eit nytt repertoar saman med Gjermund Silset (bass), Kenneth

Ekornes (perkusjon) og Mehdi Timorlein frå Iran på fløyteinstrumentet ney. Mahsa og Marjan Vahdat er begge tilknytta den internasjonale organisasjonen Freemuse, som kjempar for ytringsfridom for kunstnarar.

FREDAG 5. JULI KL. 10.00 Songkurs med Mahsa Vahdat Førde barneskule FREDAG 5. JULI KL. 16.00 Møt artisten: Mahsa & Marjan Vahdat Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré FREDAG 5. JULI KL. 21.30 Mahsa & Marjan Vahdat Førde kyrkje LØRDAG 6. JULI KL. 20.30 Gjensynsgalla: 30 år utan grenser! Idrettshallen, Førdehuset

Mahsa and Marjan Vahdat are among the most important performers of Persian vocal music in the world today. The career of the two sisters has given a deeper knowledge about Iranian poetry and music to large audiences in Europe, America, Asia, Oceania and Africa. They work with musicians all over the world. In March they released the album Placeless (Kirkelig Kulturverksted), recorded with Kronos Quartet.

24


ART I S TOM TALE

Muzykanci POLEN

Polsk folkemusikk-dynamikk Dei tok heimlandet med storm då dei starta i 1997, og sidan har Muzykanci opparbeidd seg ein solid popularitet både i Europa og resten av verda. Inspirerte av ulike polske musikktradisjonar, du finn også element frå sigøynartradisjonar, jødisk, lemko og karpatisk musikk i det omfattande repertoaret deira. Muzikanci er meistrar på instrumenta sine, har framifrå stemmeprakt og kombinerer musikalitet og scenesjarm på sin heilt originale måte. Konsertane deira er som ei reise i tid og rom - i fotspora til musikalske forfedre, sigøynarkaravaner og klezmerband. Dei siste åra har dei spelt på store festivalar verda over, som WOMEX (2015), WOMAD både i Storbritannia og Chile, og har motteke ei lang rekkje plateprisar

og utmerkingar. I Førde får du oppleve dei på scena saman med dei ungarske legendene i Muszikás. JOANNA SŁOWIŃSKA vokal, fele JAN SŁOWIŃSKi viola, akustisk bass, vokal STANISŁAW SŁOWIŃSKI violin JACEK HAŁAS vokal, dreielire, akkordion, munnharpe ALICJA HAŁAS trommer, gordon

LAURDAG 6. JULI KL. 17.00 Muzsikás & Muzykanci Storsalen, Førdehuset Fredag 6. juli kl. 11:30 Møt artisten: Aynur Utstillingssalen, Førdehuset Fredag 6. juli kl. 15.00 Aynur Muzykanci are among the precursors of sound based on acoustic instruments and referring directly to the folk template. That plus a huge stage expression, dynamism, excellent vocal parts – sung in Scene, harmonies emphasises the originality and Larris SSH– -still Scandic Sunnfjord Hotel & Spa attractiveness of the group. Muzykanci are today one of the biggest concert attractions on the folk scene. Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset 25


26


ART I S TOM TALE

Muzsikas UNGARN Levande legender frå Ungarn

Dei er heilt i eigen klasse dei fire musikkpionerane i Muzsikás som i meir enn 40 år har spreidd ungarsk folkemusikk og folkedans til alle kantar av verda. I tillegg til å spele ei rekkje tradisjonelle ungarske melodiar, har dei også klart å fusjonere folkemusikken og den klassiske ungarske musikken. Såleis har dei vidareført arven etter Bela Bartok til nye generasjonar. Måten dei har løfta ungarsk folkemusikk til nye høgder på, har vore til stor inspirasjon for andre musikarar; til dømes dei to musikk-ektepara i Muzykanci frå Polen. Dei to ensembla tok eit kresent publikum med storm på bransjefestivalen Ritmo i Budapest i haust, og no står dei igjen på same scene med si blanding av polsk, ungarsk, jødisk, balkan- og sigøynar-rytmar. Vi trur det blir eit fyrverkeri av ein konsert.

NAVRATIL ANDREA vokal PÉTER ÉRI viola, mandolin, fløyte, kontra, vokal DÁNIEL HAMAR kontrabass, gardon, tromme, vokal LÁSZLÓ PORTELEKI fele, kobza, tambura, vokal MIHÁLY SIPOS fele, zitter, vokal ATTILA VOJTEK dans FREDAG 5. JULI 21.00 Columbi Egg Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa LAURDAG 6. JULI KL. 10.00 Kurs: Ungarske dansar. Instruktør: Attila Vojtek (Muzsikas) Gymsalen, Førde Barneskule LAURDAG 6. JULI KL. 17.00 Muzsikas & Muzykanci Storsalen, Førdehuset LAURDAG 6. JULI KL. 22.30 Dans, dans, dans! Festsalen, Førdehuset

Muzsikás needs no introduction, neither to a Hungarian audience, nor abroad – the legendary band has won acclaim for Hungarian folk music across the world. The pioneers of the dance house movement provided inspiration for many artists with their honest and yet masterly approach, to dig ever deeper into traditions, and fly ever higher with music. One of those inspired have been Polish Muzykanci, truly their equal in dedication and skill, playing a wide range of Polish, Hungarian, Gypsy, Jewish and Balkan melodies. 27


28


ART I S TOM TALE

Sara Correia PORTUGAL Ny stjerne på den portugisiske fadohimmelen

Sidan Sara Correia var lita har ho sunge i dei mest kjende fadohusa i Lisboa. Ho sleppte si første plate i 2018, med tittelen Sara Correia, med songar ho har sterke band til. -Eg ser meg sjølv i historiene desse songane fortel, og songane er også med på å definere meg som fadosongar. Difor valde eg å sjølv-titulere plata, seier ho. I familien hennar er det fadosongarar i fleire generasjonar. Eg byrja å synge som ganske liten, minnest ho. -Eg var 13 då eg vann The Grande Noite de Fado de Lisboa. Då forstod eg for alvor kva eg ville bruke livet mitt på: Fado. - Å synge i fadohusa er heilt avgjerande for meg. Det er obligatorisk. Her får du overlevert tradisjonane, og du lærer å bruke stemma di og utvikle identiteten din som songar. Kveld etter kveld syng du som det gjeld livet. Alle dei store fadosongarane i dag, og opp gjennom historia, har «funne seg sjølv» i eit fadohus.

Akkurat no er Sara Correia sitt namn på alle sine lepper i Portugal. Hennar formidling av historiene kjærleik, kjensler, lengt og glede, den portugisiske folkesjela og livet i Lisboa har gjort ho til allemannseige i heimlandet. Ei ærleg fadostemme. SARA CORREIA vokal • DIEGO CLEMENTE akustisk gitar • ÂNGELO FREIRE portugisisk gitar • JOSE MARINO DE FREITAS akustisk bassgitar

TORSDAG 4. JULI KL. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde Idrettshallen, Førdehuset FREDAG 5. JULI KL. 19.30 Sara Correia Idrettshallen, Førdehuset

Sara Correia grew up in Lisbon, in a family of fado aficionados and won her first contest at age 13. She frequented some of the most influential fado houses for many years. Now, at 25, she has been given a tremendous opportunity to reveal her ability as a superb singer to a much wider audience. Her self-titled debut album (2018), showcases her talent as a performer, with a powerful, charismatic voice that projects the intensity, essence and passion of fado.

29 29


Marko Markovic Brass band SERBIA Fødd til å spele trompet Marko Markovic arva kjærleiken til musikk frå faren sin, den legendariske trompetkongen Boban Markovic. Alt som femåring byrja Marko trompetopplæringa, og sidan har instrumentet vore lidenskapen - og livet hans. Som ung tenåring fekk Marko turnere med faren sitt band. Etter relativt kort tid vart han solist og ansvarleg for det meste av arrangementa i bandet. I 2006 starta Marko Markovic sitt eige band, og frå første dag har han turnert verda rundt med energisk sigøynarmusikk. På Balkan vert det ikkje feira verken bryllaup eller andre hendingar utan eit brassband. Det er vanskeleg å forklare, og må nesten opplevast. Det er ein del av sjølve identiteten deira. Eit spørsmål om ære. Om essens. Ein levande og pustande del av kulturen deira. Igjen er det duka for eit lidenskapleg møte med den vidunderleg melankolske austlege sjela - og den altovervinnande energien som tek over til slutt, og gjer kvar ein serbisk brasskonsert til ein fest. Etter meir enn 1000 konsertar i konsertsalar og på festivalar over

heile verda er Marko Markovic Brass Band kanskje dei største festkongane av dei alle! MARKO MARKOVIC trompet • BOBAN DEMIROVIC horn • STEFAN ISMAILOVIC tromme • IVAN PAVLOVIC trompet • STEFAN PETROVIC bass • MIROSLAV SEJDIC horn • FILIP STOJANOVIKJ trompet • ALEKSANDAR STOSIC perkusjon

LAURDAG 6. JULI KL. 20.30 Gjensynsgalla – 30 år utan grenser Idrettshallen, Førdehuset SØNDAG 7. JULI KL. 15.00 Marko Markovic Brass Band Idrettshallen, Førdehuset LAURDAG OG SØNDAG 6.-7. JULI KL. 09.30-11.30 Balkanmusikk for blåsarar (vidarekomne) - med Marko Markovic

Marko Markovic inherited his love for music from his father, the legendary trumpet king Boban Markovic who has played the trumpet for more than 30 years. In line with the family tradition, Marko started playing the trumpet already before turning five and has been passionately concentrating on the instrument ever since. He started his own wind instrument orchestra in 2006 and now he is bringing his hot pipes and energetic gypsy music to the world.

30


ART I S TOM TALE

Hemsing/Larsen - To Damer To Herrer NORGE

Musikkmagi frå to søskenpar «Dette var magisk! Det er det største jeg har vært med på! Jeg klarte nesten ikke å puste!» Den var ikkje akkurat beskjeden, omtalen vi kunne lese i avisene etter debutkonserten til To Damer, To Herrer. Når Eldbjørg og Ragnhild Hemsing og Gjermund og Einar Olav Larsen held konsert på Førdefestivalen, er det duka for nok ei heftig oppleving med desse søskenpara, som på kvart sitt felt er rekna blant dei leiande i Norge. Programmet deira spenner frå folkemusikk frå Valdres og Trøndelag, til verk av Bach, Ole Bull og kvartetten sin eigen Gjermund Larsen! Eldbjørg og Ragnhild Hemsing formidlar musikken sin med frisk virtuositet og når ut til eit breitt publikum. Dei har vunne ei rekkje førsteprisar og fått andre utmerkingar i norske og utanlandske konkurransar. Larsen-brødrene fører vidare den sterke tradisjonen

etter Hilmar Alexandersen. Dei har sine eigne trioar, og Gjermund spelar også i Christian Wallumrød ensemble, og har spelt med KORK, Trondheimsolistene og Det norske solistkor. Dei to siste med eigne tingingsverk. Gabriel Fliflet sin introduksjon av Gjermund er illustrerande: Han ser ut som Jesus, og spelar som Gud! ELDBJØRG OG RAGNHILD HEMSING fele og hardingfele • GJERMUND OG EINAR OLAV LARSEN fele

LAURDAG 6. JULI KL. 20.30 Festivalgalla Idrettshallen, Førdehuset SØNDAG 7. JULI KL. 17.30 Hemsing/Larsen To Damer To Herrer Fjordamattunet, Vassenden

«This was magical! It must be the most amazing thing I have ever experienced!» This was how the audience reacted to the first performance by Gjermund and Einar Olav Larsen and Eldbjørg and Ragnhild Hemsing. Two sets of siblings, each leading artists in Norway within their own fields, provide a performance to remember with their programme ranging from folk music from Valdres and Trøndelag to works by Bach, Ole Bull and their own composer, Gjermund Larsen!

31


Furebotten/Amper/Haltli NORGE/SVERIGE Gled deg til ny musikk frå kreative Furebotten

Ragnhild Furebotten er kjend for dei fleste som felespelar og komponist i bandet Hekla Stålstrenga, men gjennom hennar 18 år som musikar har det heile tida vore viktig for henne å gjere eigne soloprosjekt. Ragnhild likar å tenkje nytt, tenkje ut nye musikalske konstellasjonar og har alltid hatt fokus på å skape seg ein tydeleg eigenart og ei tydeleg stemme i det nordiske folkemusikklandskapet. Repertoaret på denne konserten er musikk Ragnhild Furebotten har komponert i løpet av dei fem siste åra; ein periode då livet hennar har teke mange bråe vendingar. Dette blir musikk på godt og vondt. Med seg har ho svenske Emilia Amper på nøkkelharpe og Frode Haltli på trekkspel. Sistnemnde har Furebotten samarbeidd med i mange år, medan samarbeidet med Emilia Amper byrja med eit 8. marsarrangement på Riksscenen i 2014. RAGNHILD FUREBOTTEN fele • EMILIA AMPER nøkkelharpe • FRODE HALTLI trekkspel

TORSDAG 4. JULI KL. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde Idrettshallen, Førdehuset FREDAG 5. JULI KL. 13.30 Furebotten/Amper/Haltli Teatersalen, Førdehuset

Fiddle player Ragnhild Furebotten interprets the traditions of the northern Norwegian folk music. She is a solid conveyor of tradition, but with a distinctly personal form of expression and strong innovative elements. In this new projects she is accompanied by Frode Haltli, one of the foremost accordionists in Norway, and Emilia Amper, the queen of the Swedish nyckelharpist.

32


ART I S TOM TALE

Karl Seglem NORGE

Naturen er den viktigaste inspirasjonskjelda for saxofonist, bukkehornspelar, komponist, poet og plateselskapsdirektør Karl Seglem. Gjennom karrieren har han markert seg med sitt heilt særeigne uttrykk i kryssinga mellom folkemusikk og jazz. Folkjazz. Rotnorsk worldjazz. -Eller eg seier rett og slett Seglem, for ingen andre ensemble har den samansetjinga eg har i bandet, seier han. -Hardingfele kopla med elektriske instrument, trommer, bukkehorn og tenorsax, i eit band med mykje improvisasjon, er eineståande. Men ja, det er folkemusikk, og det er jazz. Musikken ligg ein stad i grenseland mellom det tradisjonelle og det moderne. Samklangen mellom Seglem sin tenorsax og hardingfelene til Håkon Høgemo og Sigrid Moldestad er tett og unik. Unik og universell. Rytmen frå hardingfela er som ei urkraft, under - og over - i eit mektig lydbilde skapt av prima musikarar. Då plata Nunatak kom i fjor, som verdas første plastnøytrale plate. Musikken hausta panegyriske kritikkar og stort sett seksarar i inn- og utland. Konsertane like eins. Det er berre å glede seg til Seglem og hans strålande band fyller Larris Scene med godlyd både frå Nunatak-plata og tidlegare plater. Karl Seglem er tildelt norsk jazz si høgste utmerking, Buddyprisen.

Foto: O Apneseth

Folkemusikk og jazz i unik blanding

KARL SEGLEM tenorsax, bukkehorn, stemme HÅKON HØGEMO hardingfele SIGRID MOLDESTAD hardingfele, vokal LARS JAKOB RUDJORD tangentar ANDREAS ULVO tangentar HALLVARD GAARDLØS bass KÅRE OPHEIM trommer

ONSDAG 3. JULI KL. 20.00 Karl Seglem/Gamlebanken spelemannslag Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Karl Seglem is described as one of the most exciting contemporary tenor saxophonists and composers in Norway. This country has spawned quite a plethora of distinctive musicians that have made it their enterprise to merge musical traditions, often from their respective homesteads, with contemporary expressions, world music and improvisational jazz. Karl Seglem looms prominently among these and he is unquestionably one of the great innovators and visionaries of Norwegian music.

33


FESTIVAL HOTELLET! Onsdag 3. juli:

Larris Scene kl 20.00 Karl Seglem/ Gamlebanken Spelemannslag

Torsdag 4. juli:

Larris Scene kl 22.30 The Forbidden Orchestra

Fredag 5. juli:

Larris Scene kl 15.00 Triakel Restaurant Hugleik kl 21.00 Colombi Egg Larris Scene kl 23.00 Fredagsfest med RURA/SVER

Lørdag 6. juli:

I Restaurant Laxen serverer vi lunsj og middag frå kl 1200 – 2200. Uteservering på Laxen Terrasse. Lobbybaren Bartine - ope frå kl 1800. Servering av småretter og forfriskande drikke ute og inne.

Larris Scene kl 18.30 Ross Daly Quintet Larris Scene kl 22.30 Klubb Oppsig Festivalsalen kl 23.00 Dansefest med The Garifuna Collective/Dizu Plaatjies & Ibuyambo (evt. kombibillett) Velkomen til festivalhotellet – god mat, god festivalstemning og gode opplevingar! For bestilling: 57 83 40 00

Førdefestivalen

– også rein energi

Den lokale drivkrafta! - vi sponsar Førdefestivalen 34

Din lokale


ART I S TOM TALE

Anandi Bhattacharya INDIA

Indisk slidegitar anno vårt årtusen Anandi Bhattacharya er ein indisk musikar, songer og komponist. Ho imponerte stort med debutplata si, Joys Abound, i fjor. Anandi er kallenamn for Sukanya. Ho er fødd i Kolkata og byrja å synge i treårsalderen. I ein alder av 22 er ho trekkplaster i sitt eige show saman med far sin og ein onkel. Dei som følgjer med på indisk klassisk musikk vil kjenne igjen Anandi sitt etternamn; faren, Debashish og onkelen Subashish er begge kjende personar innan denne musikksjangeren. Debashish Bhattacharya spelte på festivalen i 2006 og kjem no tilbake i bandet til dottera. Anandi lovar å bere namnet Bhattacharya vidare, sjølvsagt med hjelp frå familien sin. Faren har oppkalla den minste gitaren sin etter dottera. Har ho noko imot det? -Absolutt ikkje. Skulle eg det?

Anandi spelar slidegitar og introduserer ny teknikk, ny lyd og ei ny blanding av tradisjon og unik moderne design av musikken. For meg er musikk som oksygen. Eg treng det for å overleve og kjenner meg utruleg velsigna som kan leve i musikk, døgnet rundt.

LAURDAG 6. JULI KL. 16.30 Møt artisten: Anandi Bhattacharya Ustillingssalen, Førdehuset LAURDAG 6. JULI KL. 18.30 Anandi Bhattacharya Teatersalen, Førdehuset

Anandi Bhattacharya is a child prodigy in a family filled with illustrious musicians and singers. Her father, slide guitar master Debashish Bhattacharya, has been her constant guide, teaching her to hone her skills in understanding music. She inherited the golden voice of her grandmother, whose music grew and was nurtured within the family. Sukanya started training under her aunt Sutapa Bhattacharya at the age of three. She gave her first radio performance at the age of four.

35


«Musikken er språket mitt

i dialogen med det eg opplever som heilag»

– Ross Daly

Ross Daly Quintet HELLAS

Iren som gjorde grekar av seg; Ross Daly er multiinstrumentalist med den greske lyra som spesialinstrument - og ein legende vi lenge har drøymt om å presentere på konsertscena i Førde. Han har studert lokaltradisjonar i det meste av verda, men aller mest i Midt-Austen, Sentral-Asia, og rundt India. Ross Daly sin musikk skaper noko det blir stadig verre å finne i dag: ein samanheng og heilskap det er uråd å feste til tid og stad. Den er grenselaus, eller som han seier: «Musikken er språket mitt i dialogen med det eg opplever som heilag». Kommunikasjonen med musikarane skjer på eit indre plan, og på meisterleg måte bind han saman gamle tradisjonar med dei mest komplekse behova eit moderne publikum kan ha. Den unike lyden av musikk gjenspeglar hans personlege filosofi som er påverka

av Sufi-tradisjonen. Denne tradisjonen understrekar den hellige natur og den enorme krafta som er inneheldt i den. Sagt med våre ord: Dette må opplevast. ROSS DALY lyre • KELLY THOMA lyre • BIJAN CHEMIRANI perkusjon • GIORGOS MANOLAKIS lutt • PAVLOS SPYROPOULOS bass

FREDAG 5. JULI KL. 21.00 Columbi Egg Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa LAURDAG 6. JULI KL. 15.00 Møt artisten: Ross Daly & Kelly Thoma Ustillingssalen, Førdehuset LAURDAG 6. JULI KL. 18.30 Ross Daly Quintet Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Many years before what we call “World Music” appeared on the scene, certain individuals had already understood the enormous value and vast variety of the world’s various musical traditions and had dedicated their lives to their study. One such person is Ross Daly. Although of Irish descent, Ross Daly does not really fit into any particular ethnic stereotype given that his life has been spend in many different parts of the world and his home for the last 35 years is the island of Crete in Greece.

36


ART I S TOM TALE

«A brilliant

RURA

SKOTTLAND

fusion of the old and the new» – The Herald

Letthøyrd og fengande instrumental frå Skottland RURA har innkassert ei rekkje prisar, og er ei av dei mest etterspurde folkemusikkgruppene i Skottland. Dei turnerer i inn- og utland, og har kome ut med tre plater som alle har hausta gode kritikkar. Den siste plata kom så seint som i juni 2018. Musikken er ei klassisk skotsk blanding av feler, sekkepiper, fløyte, bodhrán og gitar - og repertoaret ein miks av tradisjon og nytt materiale. Med sine kraftfulle, velarrangerte og fengande instrumentalar, har RURA vore midtpunkt på mange av verdas mest kjende festivalar, og no kjem dei altså endeleg til Førdefestivalen. Og endåtil med ein tjuvstart på Haavebua i Florø onsdag kveld.

JACK SMEDLEY fele • STEVEN BLAKE sekkepiper, plystring • ADAM BROWN gitar • DAVID FOLEY bodhrán, fløyte

ONSDAG 3. JULI KL. 20.00 RURA Haavebua, Quality Hotel Florø TORSDAG 4. JULI KL. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde Idrettshallen, Førdehuset FREDAG 5. JULI KL. 23.00 Fredagsfest: RURA/SVER Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

RURA are a multi award-winning act and one of Scotland’s most sought-after folk-based bands. With two heralded albums, a third due for release in June 2018, and extensive international touring, RURA affirm their position as one of Scotland’s leading groups. Their exquisitely rugged yet refined blend of fiddle, Highland pipes, flute, bodhran and guitar has won a devoted following in many corners of the globe, amongst audiences and critics alike.

37


38


ART I S TOM TALE

Otava Yo RUSSLAND Ganske sprø gladmusikk frå den russiske landsbygda

Otava Yo forvandlar tradisjonelle russiske folketonar til livleg gladmusikk og gjev oss eit glimt inn i livet på den russiske landsbygda. Her er det kjærleik, fest, vemod og villskap i ein slags surrealistisk harmoni. Dei leikar med tradisjonelle, nasjonale instrument som gusli, Zhaleika og fele, og med utgangspunkt i tidlause russiske folketonar tek dei musikken vidare til det dei omtalar som «russisk-gotisk rhythm and blues». Målet deira er vise at russisk folkemusikk slett ikkje er så dyster som folk ser ut til å tru. Ikkje berre har dei teke verda med storm med ultraprofesjonelle konsertar, dei lagar også musikkvideoar som slår det meste. Den eine, Sumetckaya, nærmar seg 24 mill visningar på You Tube. Otava Yo spelte så taket på idrettshallen formeleg løfta seg sist dei var i Førde (2015), og det er all grunn til å tru at det blir topp stemning og spektakulære scener når dei no kjem tilbake - og har med seg to spreke, akrobatiske dansarar, som tek russisk folkedans til nye høgder.

ALEXEY BELKIN sekkepipe, gusli, zhaleika ALEKSEI SKOSYREV elektrisk gitar, vokal PETR SERGEEV basstromme DMITRII SHIKHARDIN fele, vocal DENIS NIKIFOROV perkusjon VASILII TELEGIN bassgitar LINA KOLESNIK fele, vocal DENIS ANTIPOV dans SEGEI BOKOV dans

LAURDAG 6. JULI KL. 15.30 Otava Yo Festplassen, Førde LAURDAG 6. JULI KL. 20.30 Gjensynsgalla – 30 år utan grenser Idrettshallen, Førdehuset

A group of folk musicians in St. Petersburg, Russia, spontaneously formed Otava Yo in 2005. They wanted to create new interpretations of Russian folk music, open to everyone with open ears (and legs), and to revive neglected tunes from gone times. They´ve been called «modern buffoons» and the music has been described as «communal groove». Both are true. Otava Yo play their music in a vigorous manner with uninhibited humour. They aim to shatter the cliché that Russian folk music is boring and undanceable. Their video «Sumetckaya» has been viewed more than 23 million times. 39


på Torg scena TORSDAG 4. JULI KL. 11.00 RURA Germán Lopez & Antonio Toledo Folkemusikk Ung Valdres

FREDAG 6. JULI KL. 10.30 Floating Sofa Quartet Sara Correia SVER

elvetorget.no

Med atterhald om endringar.

10–20 (16)

ASMAA (MA)

LINIKER

TINARIWEN (ML)

HIBOTEP(SO)

+ MYE MER! osloworld.no

E OS CARAMELOWS (BR)

BOMBINO (NE) Kjøp billetter på: Ticketmaster.no, 7-eleven, Narvesen & Posten

40

Rein Design

GRATIS KONSERTAR


SVER NORGE/SVERIGE Inviterer alltid til fest SVER spelar storslagen folkemusikk med hemningslaus energi og forførerisk glød. Frå det draumande lyriske til det djevelsk svingande. Det vert invitert til fest der du vert møtt av ei forlokkande urkraft som dreg deg inn i dansen. Sidan 2008 har SVER spelt tallause konsertar på festivalar og klubbscener rundt i Europa. Dei siste fire åra har SVER samarbeidd med den svenske dancehallartisten Snakka San, og med plata og konserten «Snakka San og SVER» har dei spreidd den nye sjangeren «Folkhall» rundt i heile Skandinavia. Fleire av låtane har vore på dei offisielle radiolistene både i Norge og Sverige. SVER har så langt gjeve ut fire plater: SVER i 2007,

Fruen i 2010 og Fryd i 2015. Den fjerde, Reverie, kom i 2018, og dette var også året då SVER spelte ein forrykande konsert på den store internasjonale musikkmessa WOMEX. OLAV LUKSENGÅRD MJELVA fele & hardingfele • ANDERS HALL fele & bratsj • LEIF INGVAR RANØIEN torader • OSCAR REUTER gitar • JENS LINELL trommer, tamburin & gamal koffert

FREDAG 5. JULI KL. 23.00 RURA/SVER Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

SVER play epic Nordic folk music with relentless energy and seductive spark taking you on a fantastic musical journey guaranteed to excite you. Ranging from the very dreamy to a swinging, pounding and sweaty madness – you are invited to the party, greeted by a welcoming primal force that pulls you into the dance. Since the group’s inception, SVER has gone from strength to strength, playing extensively throughout Europe and the US, gaining a reputation as one of the most acclaimed live acts in the Nordic folk scene. 41


Norayr Kartashyan & Menua ARMENIA Mjuk, vakker og tidlaus folkemusikk frå Armenia Menua-prosjektet er seks musikarar som spelar tradisjonelle og hybride blåseinstrument multiinstrumentalisten, komponisten og dirigenten Norayr Kartashyan sjølv har designa opp gjennom åra. Gjennom raffinerte og uttrykksfulle arrangement for treblåseinstrument som duduk, blul, shvi, parkapzuk/ sekkepipe og zurna, presenterer musikarane ein ny visjon for armensk folkemusikk og samtidsmusikk. Sekstetten faldar ut dei vakre, mjuke og tidlause tonane armenske musikktradisjon er så kjend for. I tillegg til å vere ein viktig mentor for mange unge musikarar, samarbeider Norayr Kartashyan med internasjonale namn som jazzpianisten Tigran Hamasyan og perkusjonisten Arto Tuncboyaciyan (Grammy). Han turnerer internasjonale scener og festivalar, og er

grunnleggar og kunstnarleg leiar for dei to ensembla Menua og Van Project. NORAYR KARTASHYAN • LEVON ARAKELYAN • GRIGOR DAVTYAN • GRIGOR KARTASHYAN • ARTUR MKRTUMYAN • EDGAR PETROSYAN

TORSDAG 4. JULI KL. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde Idrettshallen, Førdehuset FREDAG 5. JULI KL. 18.00 Norayr Kartashyan & Menua Teatersalen, Førdehuset

The Menua project, initiated by woodwind master Norayr Kartashyan, consists of 6 musicians playing traditional and hybrid instruments which have been designed over the years by Kartashyan. The sextet presents a new vision of the Armenian folk contemporary music through refined and expressive arrangements for woodwind instruments (duduk, blul, shvi, parkapzuk/ bagpipe, zurna) while mentoring the younger generation of Armenian instrumentalists.

42


Melodiøst og meisterleg

Riccardo Tesi, Simone Bottasso, Markku Lepistö og David Munnelly er fire av verdas meistrar på diatonisk trekkspel. I SAMURAI møtest dei for å leike seg med musikksjangrar - og skape musikk-kunst. Italiensk, finsk og Irsk, folkemusikk, jazz og filmmusikk - alt smeltar saman til eit melodiøs og briljant uttrykk som smyg seg lett under huda på deg. Ved å ta i bruk det imaginære japanske univers, har SAMURAI lukkast med å kombinere ei rekkje stilartar for å skape ei tøff og uttrykkeleg musikkoppleving. SAMURAI inviterer til intim atmosfære og/eller vill dansing: Desse musikarane har ei imponerande liste med referansar som gjev håp om ei konsertoppleving

heilt i særklasse. Slik var det sist dei spelte i Førde, då også i Teatersalen. SIMONE BOTTASSO • MARKKU LEPISTÖ • DAVID MUNNELLY • RICCARDO TESI

LAURDAG 6. JULI KL. 20.30 Gjensynsgalla – 30 år utan grenser Idrettshallen, Førdehuset SØNDAG 7. JULI KL. 11.30 Samurai Accordion Teatersalen, Førdehuset

The fabulous talent-studded programme includes no less than four of the most dazzling exponents of the squeezebox. They have all made a huge contribution to advancing the cause of the diatonic accordion, each in their own sphere: trad, folk, liscio, Irish music, jazz, film scores – the list goes on and on. In common with the characters pervading the imaginary universe of the Japanese, these players have succeeded in combining a variety of styles to create a bold and expressive musical experience.

43

ART I S TOM TALE

Samurai Accordion ITALIA, FINLAND, IRLAND


NY P R O DU K S J O N

Perler av elde NORGE Fire musikarar hentar skattar frå musikkarven vår Musikkarven vår. Songar, slåttar og forteljingar som har gått i arv i generasjonar. Ein gong har dei kanskje vore nokon sin start på dagen, nokon si trøyst i sorga, nokon sin motivasjon i arbeidet, nokon sitt utbrot av glede, eller nokon sitt hugsviv. Hos fylkesarkivet ligg over 16 000 historiske lydopptak klare for å bli oppdaga på ny. Vi har invitert musikarane Marita Vårdal Igelkjøn, Britt Pernille Frøholm, Helge Sunde og Viljar Losnegård til å gå på skattejakt i det rikhaldige folkemusikkarkivet. Med sine ulike perspektiv og ståstader veit vi at dei vil finne mange ulike kvalitetar i dei gamle opptaka. Men korleis vil dei formidle dette til oss, og kan musikk-

arven vår inspirere dei til å skape noko heilt nytt? Vi gler oss til å høyre dei presentere perler av elde! I samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane MARITA VÅRDAL IGELKJØN piano, trekkspel, vokal • BRITT PERNILLE FRØHOLM hardingfele • HELGE SUNDE trombone • VILJAR LOSNEGÅRD perkusjon, lyddesign

FREDAG 5. JULI KL. 12.00 Perler av elde Høgsalen, Sogn & Fjordane kunstmuseum

After the fantastic success of the concert Arvesølvet in 2017, we have invited four new musicians from Sogn and Fjordane to again delve into our huge musical archive. Marita Vårdal Igelkjøn, Britt Pernille Frøholm, Helge Sunde and Viljar Losnegård interpret and create new musical pearls, deriving inspiration from recordings of old masters. In collaboration with Fylkesarkivet in Sogn and Fjordane.

44


45

ART I S TOM TALE


Dizu Plaatjies & Ibuyambo SØR-AFRIKA

Sør-afrikanske rytmar for alle

Danse fest

Dizu Plaatjies er son til ein ekte tradisjonell healer og vaks opp i Cape Town. Han grunnla i si tid den legendariske gruppa Amampondo. I 15 år turnerte han med dei på festivalar og store scener på alle kontinent, og oppnådde stor kommersiell suksess både i USA og Europa, i tillegg til heimlandet. Etter Amampondoperioden gav Dizu Plaatjies ut eit par soloplater, der han miksa ulike musikkstilar, både tradisjonelle og moderne, vestlege og afrikanske. I heile sin karriere har Dizu Plaatjies søkt utvikling og inspirasjon i nye samarbeidsprosjekt. Dette har ført til samarbeid med musikarar på innan jazz og techno, men på scena med bandet Ibuyambo, handlar det mest om musikk med røter i Afrika, og særleg musikk som har røter i Xhosa-tradisjonen. Musikarane kler seg i tradisjonelle, fargerike klede frå ulike stadar i Afrika, brukar kroppsmåling og spelar tradisjonelle afrikanske instrument som marimba, mbira, ulike fløyter, ugandisk harpe og antilopehorn. Dizu Plaatjies & Ibuyambo skal ha konsertar og kurs

i Førde, og vil heilt sikkert setje farge på byen vår dei dagane dei er her. DIZU PLAATJIES leiar, vokal, bogar, fløyter, perkusjon THONGO TUTSU gitar, vokal, dans SABU JIYANA marimba, perkusjon, vokal KEKETSO BOLOFO marimba, perkusjon, vokal NCEBA GONGXEKA marimba, perkusjon, dans, vokal THABISA DINGA hovuddansar, vokal, perkusjon KIM MASALA marimba, trommer, perkusjon FREDAG 5. JULI KL. 10.00 Afrikansk dansekurs Førde Barneskule LAURDAG 6. JULI KL. 10.00 Barneverksted med Dizu Plaatjies Eventyrrommet, Førdehuset LAURDAG 6. JULI KL. 23.00 Dansefest: The Garifuna Collective/Dizu Plaatjies & Ibuyambo Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel &Spa

Dizu Plaatjies is a founding member of the legendary African traditional music group Amampondo.After leaving that band in 2000 he set up hisown group under the name Ibuyambo. Dizu and hismusicians record and perform traditional and neotraditional music inspired by the Xhosa culture. Heis also a teacher at the University of Cape Town

46


Garifunamusikk til verda

ART I S TOM TALE

The Garifuna Collective BELIZE

Danse fest

The Garifuna Collective lovar å føre vidare arven etter grunnleggaren deira, Andy Palacio, og sikre at den rike garifuna-kulturen med språket, musikken og dei lokale tradisjonane ikkje går tapt i møtet med den stadig meir globaliserte verda. Bandet er samansett av dei leiande musikarane på den levande garifuna-musikkscena. I musikken sin blandar dei tradisjonell garifuna med moderne rytmar og nye arrangement. Med unike handtrommer, skilpaddeskal og bein, gitarar og bass skapar dei energiske og nesten hypnotiske rytmar som botn for kraftig og karakteristisk song. Andy Palacio grunnla The Garifuna Collective for å redde garifunamusikken. Han fekk eit internasjonalt gjennombrot med plata Wátina i 2007, ei plate som sette garifuna-tradisjonen på det internasjonale musikkartet. Palacio fekk Womex-prisen i 2007, og

vart også heidra av Unesco for sin innsats for å berge garifunakulturen. Han døydde uventa i 2008. CHELA TORRES song, perkusjon MOHOBUB FLORES song, skilpaddeskjel SHELDON PETILLO song ROLANDO “CHICHIMAN” SOSA song, maracas TYRONE KELLY USHER bass AL OVANDO gitar SAM HARRIS gitar DENMARK FLORES garifunatromme KEENAN SABAL garifunatrommer, dans (janacunu)

LAURDAG 6. JULI KL. 23.00 Dansefest: The Garifuna Collective / Dizu Plaatjies & Ibuyambo Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

When Andy Palacio and the Garifuna Collective released the Wátina album in 2007, it not only put the music of Belize on the world stage, it also inspired a generation of Belizean musicians to look to their roots. Andy passed away just a year later but his legacy continues to thrive, and the Garifuna Collective have not ceased to carry the torch. Featuring an inter-generational line-up and the rousing vocal prowess of the Umalali women singers, they celebrate the deep cultural roots of Garifuna music.

47


El Tanbura EGYPT Det livlege musikar-kollektivet frå Egypt er endeleg tilbake!

El Tanbura er eit egyptisk band oppretta på 80talet av Zakaria Ibrahim saman med meistermusikarar, songarar, fiskarar og filosofar. Musikken deira er tradisjonell egyptisk musikk der dei tek i bruk instrumenta simsimiyya og tanbura –ei gamal lyre som vert datert heilt tilbake til faraoane si tid. I nesten 25 år har dei forvalta nokre av dei eldste folkemelodiane heime i Port Said. Zakaria Ibrahim høyrde denne typen tradisjonelle tonar tidleg på 50-talet, men den har vore med han heile livet. Då han reiste tilbake til Port Said og oppdaga at denne musikken nesten hadde døydd ut, brukte han 9 år på å oppsøkje dei gamle meistrane og bygde opp eit venskap med dei - og slik vart El Tanbura eit faktum. Dei livlege musikarane likar å dresse seg opp i ei eklektisk blanding av Gallibiyas og Levis med Gucci-solbriller, Fez og Nike caps. Mange i Førde snakkar enn om den gongen El Tanbura spelte i parken ved Jølstra. I lyset frå det store bålet skapte dei musikkmagi i 2009. Ti år seinare er dei tilbake, klare til å sjarmere oss på ny. KARIM ABDALLA • AHMED ASHRY • HASSAN ASHRY • ELSAYED AZZAM • SAAD DEYAB • MORSY IBRAHIM • ZAKARIA IBRAHIM • FARAG YOUNES

LAURDAG 6. JULI KL. 20.30 Gjensynsgalla – 30 år utan grenser Idrettshallen, Førdehuset LAURDAG 6. JULI KL. 22.30 Klubb Oppsig Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

El Tanbura is a collective of veteran Egyptian master musicians, singers, fishermen and philosophers based in Port Said. For almost two decades they have been the custodians of some of Egypt›s oldest folk melodies in Port Said, the Mediterranean gateway to the Suez Canal.

48


ART I S TOM TALE

Fotefar & Julie Alapnes NORGE

Vakre melodiar og litt nordnorsk galskap

Landsdelsmusikargruppa Fotefar opplever suksess med musikkarven etter Edvard Ruud. Våren 2017 gav Fotefar ut plata Flygande Kråka får alltid nåkka, og har etter det turnert over store deler av Nord-Norge. To av dei fremste felespelarane i landet toppar bandet, som er kjende for knallsterke arrangement, heftig gitarspel og magisk vokal. Fotefar og Julie Alapnes har utforska og arrangert ein del av repertoaret etter folkeminne- og folkemusikksamlar Edvard Ruud (1907-2001) frå Elgenes utanfor Harstad. Gjennom eit langt liv og gjennom virket som statsstipendiat (frå 1974), sytte Ruud for at fleire hundre nordnorske folkesongar vart tekne opp og lagra enten hos NRK eller hos Tromsø Museum. Musikarane ser på plata og konserten som eit heilskapleg verk der låtane er henta frå Edvard Ruud sitt repertoar. Musikken og tekstane inviterer publikum

inn i ei surrealistisk verd, der skildringar av nordnorsk galskap, vakre melodiar og tragikomiske tekstar går hand i hand. Kulturskatten etter Edvard Ruud lever. RAGNHILD FUREBOTTEN fele, song • LENA JINNEGREN tangentar, gitar, song • BENDIK LUND HAANSHUS gitarar, song • JULIE ALAPNES fele, song

FREDAG 5. JULI KL. 21.00 Columbi Egg - Ragnhild Furebotten & Julie Alapnes Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa LAURDAG 6. JULI KL. 14.00 Fotefar & Julie Alapnes Festsalen, Førdehuset SØNDAG 7. JULI KL. 17.30 Fotefar & Julie Alapnes Jakob Sande-tunet, Dale

Fotefar is a group of musicians from the northern part of Norway, preserving and renewing the musical heritage after Edvard Ruud (1907-2001), who collected a huge number of folk tunes from the northern area. Fotefar released the album Flygande Kråka får alltid nåkka in 2017 together with Julie Alapnes (Juliet North).

49


Solo & Indré SENEGAL, LITAUEN Stemmer, strenger og tradisjonar smeltar saman

Møtet mellom Solo Cissokho og Indré Jurgelevičiūtė er eit sjeldan møte mellom den vest-afrikanske harpa, kora, og kanklés, den litauiske kantela. Det er også eit fascinerande møte mellom to kulturar og musikktradisjonar og mellom to tradisjonsberarar som på sine inderlege måte smeltar saman stemmer, strengar og tradisjonar med improvisasjon og historiar. Musikken blir ei påminning om felles verdiar; natur, kvardagsliv og det å høyre til. SOLO CISSOKHO kora INDRÉ JURGELEVIČIŪTĖ kanklés

KONSERTEN ER AVLYST

Y Takk, Solo! I byrjinga av mai i år mottok vi den triste bodskapen at Solo Cissokho var død, berre 56 år gamal. Solo var ein fantastisk musikar og eit raust og fint menneske som alle vart glade i. Han spelte på Førdefestivalen mange gonger i ulike konstellasjonar og i år gledde vi oss til å høyre han saman med litauiske Indré Jurgelevičiūtė. Slik skulle det ikkje gå. Solo Cissokho vart gravlagdi Senegal 14. mai. Vi lyser fred over hans minne.

This concert is cancelled. Early in May we received the terrible sad news that Solo Cissokho had died, at the age of 56. Solo performed many times at the festival in Førde, and we were so looking forward to having him in this new duo, but sadly that will never happen. Thank you for the music, Solo. RIP

50


ART I S TOM TALE

Seckou Keita SENEGAL Med 700 års musikktradisjon i ryggen Seckou Keita er truleg den mest inspirerande og innflytingsrike koraspelaren verda har nett no. Ein spesiell og ekstremt karismatisk musikar med 700 års musikktradisjon i ryggen; Seckou Keita er ein urban tradisjonsbærar, som fører ein musikkarv vidare også med å utfordre grensene i den. To gonger før har vi opplevd Seckou Keita i Førde: I 1997 som deltakar i festivalen sitt internasjonale talentprosjekt, og i 2015 på ein magisk konsert i duo med den walisiske harpisten Catrin Finch. Seckou Keita kjem frå griotslekt i Casamance sør i Senegal. Talentet for kora, den vest-afrikanske harpa med 22 strenger, kom frå morssida, Cissokho-familien. Seckou Keita er nevøen til Solo Cissokho, som skulle spelt på Førdefestivalen i år, men som døydde i mai. Då vi spur-

de Seckou om å gå inn som erstatning for Solo i Førde, var det ikkje noko han heller ville enn å spele i onkelen sin stad, for å heidre sin gode ven, onkel og sitt idol. -Det var Solo som tok meg i handa og førte meg inn på vegen eg er på no, seier Seckou. SECKOU KEITA kora TORSDAG 4. JULI KL. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde Idrettshallen, Førdehuset TORSDAG 4. JULI KL. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden FREDAG 5. JULI KL. 13.30 Seckou Keita Festsalen, Førdehuset

Seckou Keita has arguably become the most influential and inspiring Kora player of his generation. He is the nephew of Solo Cissokho, who died in May and who was in the festival program in duo with Indré Jurgelevičiūtė. Seckou Keita is replacing Solo & Indré in the festival program. -Solo was an inspiration to me and it is he who held my hand when I was a boy and led me to the path I find myself on now.

51


Sarah Savoy Trio USA Rå dame med rå og ekte cajun frå Louisiana

Sarah Savoy er cajunmusikken sitt svar på Patti Smith, Wanda Jackson og Patsy Cline. Ho kjem frå den legendariske Savoy-familien i Louisiana, men har gått sine eigne vegar og skapt ein eigen versjon av den særmerkte og dansbare musikken franske kolonistar odla fram på 1700-talet. Rå vokal, eggande rytmar og herleg driv; Sarah Savoy Trio er eit musikalsk eventyr som må opplevast. Ho spelar gitar, trekkspel og syng. Ho snakkar også engelsk, fransk og russisk, lærer bort Cajun dans og matlaging, jobbar som profesjonell kokk i Frankrike, er mor til si unge dotter, forfattar til ei Cajun kokebok og er fast modell for Accordion Babes Pin-Up Calendar. Repertoaret er drivande fin honky tonk og rask hillbilly. Bandsounden høyrest på det mest intense ut som baconcrisps - kombinert med fele, kontrabassgroove og toradar. I motsetnad til mange som reindyrkar countrysjangeren, har Sarah ikkje noko imot å knalle til og overraske, til dømes med cajunisert rockabilly. SARAH SAVOY gitar, trekkspel, vokal DAVID ROLLAND gitar MARIUS PIBAROT fele

«The Princess

of Cajun»

– Blues Magazine, GR

ONSDAG 3. JULI KL. 20.00 Sarah Savoy Trio Gloppen Hotell, Sandane TORSDAG 4. JULI KL. 16.00 Kurs: Tradisjonell Cajun dans Gymsalen, Førde Barneskule TORSDAG 4. JULI KL. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden FREDAG 5. JULI KL. 10.00 Barneverkstad: Vaskebrettkurs med Sarah Savoy Festsalen, Førdehuset FREDAG 5. JULI KL. 21.30 Sarah Savoy Trio / DJ 99 Teltet, Pikant Restaurant & Bar

Sarah Savoy´s been called the Cajun version of great female artists Patti Smith, Wanda Jackson, and Patsy Cline, and she has distinguished herself within the world›s First Family of Cajun Music by stirring those already-rocking traditional tunes into a simmering sauce of country raunch´n´roll.

52


ART I S TOM TALE

URNA MONGOLIA Blendande stemmprakt frå Mongolia

URNA Chahar-Tugchi vart fødd inn i ein nomadefamilie i indre Mongolia. I dag bur Urna i tyske Bayern, men musikalsk er ho framleis i heimlandet. For sjølv om Urna også tek songen inn i nye landskap med tydelege innslag frå andre kulturar, er det framleis dagleglivet i Mongolia det handlar om; folket, dyra – og dei endelause slettene. I tillegg til ei blendande stemmeprakt, har Urna denne heilt særeigne evna til å kommunisere med folk gjennom songen sin. Ord vert nesten overflødige. Stemma til URNA er eit språk alle forstår, og sjølv om songane ikkje er religiøse, har konsertane hennar noko seremonielt over seg. – Eg brukar all min energi til å tolke songane når eg står på scena, seier ho, og ho fortel også om ei kjensle av å bli fødd på ny etter kvar konsert. URNA, som trollbatt publikum på Førdefestivalen i

2011, har med seg polske KROKE på si nyaste plate Ser. Difor blir URNA sjølvsagt gjest på KROKE sin konsert i Storsalen. Det er berre å glede seg! URNA CHAHAR-TUGCHI vokal

TORSDAG 4. JULI KL. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden FREDAG 5. JULI KL. 16.30 Publikumsfavoritten: Kroke Storsalen, Førdehuset LAURDAG 6. JULI KL. 20.30 Gjensynsgalla – 30 år utan grenser Idrettshallen, Førdehuset

Blessed with an extraordinary voice, URNA has the ability to directly communicate with her listeners through her music, transcending all linguistic and cultural barriers with her dynamic, soaring vocals. Her songs evoke the immense grasslands of Mongolia and relate stories about the Nomadic way of life. Born into a family of nomadic herders in the Ordos grasslands of Inner Mongolia, URNA carries the spirit of her homeland in her music as she performs around the world. While being rooted in the traditional music of her homeland, URNA continues to take her music to new directions. 53


The Forbidden Orchestra SVERIGE/ARGENTINA/PALESTINA/IRAK Fem musikarar - fem uttrykk Eitt mål - musikalsk ytringsfridom Fem sterke og briljante artistar, heilt utanom det vanlege, har slege seg saman. Dei vil utforske ulike musikalske retningar, spreie tanken om likskap og sameine folk gjennom musikk. The Forbidden Orchestra er ein raus og open oase der ulike musikktradisjonar møtest og inspirerer kvarandre. Dei kvinnelege musikarane bryt musikalske normer ved å spele på instrument som i utgangspunktet er forbodne for dei. Gjennom sterke, personlege historier og sterke ønskje om å formidle fred og ytringsfridom, skaper dei konsertar fulle av glede, sorg - og suggererande og grenselause rytmar. The Forbidden Orchestra vart først presentert og produsert av Andreas Unge som ein del av hans Artist in Residence i Vara Konserthus i Vara i Sverige.

EMILIA AMPER nøkkelharpe, vokal LILIANA ZAVALA perkusjon, vokal NADIN AL KHALIDI mandolin, saz, bass, vokal SOUSOU CISSOKO kora, vokal SIMONA ABDALLAH perkusjon

TORSDAG 4. JULI KL. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde Idrettshallen, Førdehuset TORSDAG 4. JULI KL. 22.30 The Forbidden Orchestra Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

The Forbidden Orchestra is an open-minded and warm-hearted oasis where musical traditions meet and inspire each other. Based on norm breaking artistry, powerful personal stories and the will to promote peace and freedom of speech, The Forbidden Orchestra give a performance filled with joy, sorrow and mesmerizing grooves moving across all borders. The Forbidden Orchestra was first created and produced by Andreas Unge as a part of his Artist in Residency at Vara Concert Hall.

54


55


«Dette er slåttar.

Eg likar slåttar.»

– Jo Einar Jansen

Jo Einar Jansen NORGE Jo Einar Jansen er ein felespelar og songar frå Frosta i Trøndelag. Han har levd saman med folkemusikk, først gjennom familie og spelemannslaget i oppveksten og seinare i utøvande studier i heile Norden. Jansen er kjend frå grupper som Rim, Duo Jansen/Jüssi og Moenje, men har no fokusert meir og meir som soloartist. I mai 2018 sleppte Jansen si første soloplate, Naken, og som tittelen seier, er dette eit slags ribba sjølvportrett. Han har spelt inn musikk som betyr mykje for han, difor er plata med ei blanding av inntrykk frå folk og stadar Jo Einar har vore, spelt og studert. Musikken

er i hovudsak komponert gjennom dei siste 300 åra på fele, oktavfele og hardingfele, både av Jansen sjølv og av eldre kjende og ukjende.

TORSDAG 4. JULI KL. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden FREDAG 5. JULI KL. 15.00 Soloscena: Jo Einar Jansen Haarklousalen, Førde kulturskule

Jo Einar Jansen is a fiddler and singer from Frosta in Nord-Trondelag. After years of playing - and digging deeply into - the Nordic folk music, he now uses various string instruments and vocals to express himself through music. He previously studied at the Ole Bull Academy, the Sibelius Academy, The Academy of Music in southern Denmark and the Royal College of Music, Stockholm.

56


ART I S TOM TALE

«Det låter uansett

fortryllende» – DN

Johanne Flottorp NORGE Johanne Flottorp frå Åmli gav hausten 2018 ut soloplata, Johanne Flottorp, med slåttar frå heimtraktene og områda rundt. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull. Ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst og kombinerer med det såre og vare der det høver betre. Flottorp har utvikla ein personleg spelestil og ei eiga stemme i slåttespelet, og dette legg ho til grunn i alt ho gjer. Samstundes tek ho på best mogleg måte vare på det kjeldene og læremeistrane hennar har jobba fram i slåtteformene ho brukar. I 2017 blei Johanne Flottorp uteksaminert frå Noregs musikkhøgskule. Der konsentrerte ho seg om

spelet frå Tovdal, Setesdal og Vest-Telemark. Kort tid etter eksamen gjekk ho i gang med å førebu plateinnspelinga, og i april året etter var ho i Ormøy kyrkje saman med teknikar og produsent Niels Jørgen Røine og spelte inn favorittslåttane sine. Utanom å vere soloutøvar på hardingfele, er Johanne Flottorp og fela sterkt til stades i det veksande country/amerikana-miljøet i hovudstaden. LAURDAG 6. JULI KL. 12.00 Soloscena: Johanne Flottorp Haarklousalen, Førde Kulturskule

The fiddler Johanne Flottorp from Åmli in Telemark, plays the hardanger fiddle. She is deeply in respect of the traditions and her teachers, but transforms the tunes into her own material. Flottorp has already developed her own ‘language’ as a fiddler, and is considered a rising ‘star’ on the Norwegian folk music scene. Her self-titled solo album released in 2018, earned a nomination for the Norwegian Gramy Award.

57


Germán Lopez KANARIØYANE

Timple-musikk frå ferieparadiset Germán López har med stor entusiasme og genuin musikalitet gjort internasjonal karriere med den vesle timple-gitaren, ‘nasjonalinstrumentet’ på Kanariøyane. Timple er ein av forfedrane til den meir kjende ukulela, til cavaquinho, quatro og charango. Saman med gitaristen Antonio Toledo, serverer Lopéz musikk med røter på Kanariøyane. Musikken har naturleg nok også element frå både Spania og Afrika. Lopez si første plate kom i 2006, og sidan har det komme tre til. Etter å ha spelt på opningskonserten på Womex 2014, for deretter å bli vald ut som Womexartist året etter, har den internasjonale karrieren bygd seg opp jamt og trutt. López har etter kvart turnert

både i USA , Canada og Kina, i tillegg til fleire europeiske land. Og no kjem han altså for første gong til Norge! German López er også ein del av Timples & Other Small Guitars.

TORSDAG 4. JULI KL. 23.00 Sommarnatt på Jølster - Germán Lopez Duo Jølstramuseet, Vassenden LAURDAG 6. JULI KL. 14.00 Timples & Other Small Guitars Teatersalen, Førdehuset

Brilliant young star of the «timple», Germán López touches audiences with original instrumental music from the Canary Islands. On stage with guitarist Antonio Toledo, Germán López harnesses the grit of spanish flamenco, the structure of west african rhythms, the flourishing spirit of jazz, and an innovative 21st century approach to performing «island music».

58


ART I S TOM TALE

Timples & Other Small Guitars KANARIØYANE

Melodiøst slektstreff for timple og andre små gitarar Timples & Other Small Guitars er eit knippe timplemusikarar frå øyane Gran Canaria, Tenerife og Fuerteventura, som sidan 2014 har forska på og leika seg med timple og andre små gitarar. Dei fire som starta det heile var Germán López, Althay Pérez, Yone Rodríguez, og Beselch Rodríguezer, men etter kvart har dei utvida med vokalist og kontrabass. Timple har mange slektningar rundt i verda: ukulele på Stillehavsøyane, cavaquinhoen i Brasil og Portugal, charangoen i Andes og quatroen i Venezuela - og alle desse er med når Germán Lopez og dei andre kjem til Førde med sin energiske og briljante kavalkade av musikk frå ulike stilar. Instrumenta er små, men i hendene

på dei rette ekspertane blir det stor lyd. Tett, presist og med haugevis av sjarm. JONATHAN JESÚS CAMPOS • GERMÁN LOPEZ GONZÁLEZ • LEANDRO OJEDA SANTANA • ALTHAY PAEZ RAMOS • BESELCH RODRIGUEZ GONZALEZ • YONE RODRÍGUEZ MONZÓN

LAURDAG 6. JULI KL. 14.00 Timples & Other Small Guitars Teatersalen, Førdehuset

The timple is the quintessential instrument of the Canary Islands› folklore. It is related to, and in some cases possibly the progenitor of, the ukelele of the Pacific islands, the Portuguese and Brazilian cavaquinho, the Andean charango and the Venezuelan cuatro. This project, ‘Timples and other Small Guitars of the World’, seeks both to explore the individual voices of these scattered musical siblings and bring them together for a family reunion.

59


Triakel SVERIGE

Lågmælt, enkelt - og sterkt Triakel, med Emma Härdelin på vokal, Kjell-Erik Eriksson fele og Janne Strömstedt på trøorgel er ein av dei mest kjende svenske folkemusikktrioane vi har - og velkjende også for festivalpublikummet i Førde. Dei stod på festivalprogrammet i 1999 og 2009, så velkomen i 2019, seier vi. Trioen oppstod som eit resultat av eit nyttårsforsett; Etter ei felles nyttårsfeiring innfridde Kjell-Erik og Janne løftet sitt om å opptre med trøorgel og fele i desember 1994. Dette vart ein slik suksess, at dei bestemte seg for å halde fram. Emma Härdelin kom inn på vokal, og dermed var trioen eit faktum. Ein lang og imponerande karriere har sendt Triakel på turnéar i Europa, USA, Canada og Japan. Triakel spelar viser. Alt frå gamle revynummer til salmar får plass på repertoaret, og for det meste er

materialet henta frå Hälsingland, der trioen kjem frå. Musikken er lågmælt, men sterk, og arrangementa vert bygde rundt Emma si stemme, som er sjølve kjerna i lydbildet deira. Desse tre dyrkar nemleg det akustiske, intime og enkle. EMMA HÄRDELIN vokal • KJELL-ERIK ERIKSSON fele • JANNE STRØMSTEDT trøorgel

TORSDAG 4. JULI KL. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde Idrettshallen, Førdehuset FREDAG 5. JULI KL. 15.00 Triakel Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Triakel play songs. The group›s repertoire covers everything from old music hall numbers to hymns. Often the songs are rooted in the provinces of Jämtland and Hälsingland where the group›s members grew up. The music is quiet but emotionally charged, and arrangements are built up around Emma›s singing, which is the heart of the group›s sound. It is an expression of its members´ yearning to make simple, intimate and acoustic music.

60


ART I S TOM TALE

Floating Sofa Quartet DANMARK/SVERIGE/FINLAND Ung og moderne folkemusikk frå Norden Floating Sofa Quartet er eit moderne nordisk band med fire unge folkemusikarar frå Danmark, Sverige og Finland. Med ein unik kombinasjon av instrument, framfører kvartetten handlaga musikk med ei duft av våte furutre, salt sjøluft og ferskbrygga kaffi. Bandet vart oppretta i 2013 då dei møttest på Nordtrad-konferansen i Vilnius i Litauen. Dei prata, jamma og koste seg i sola, då det brått flaut ein stor daud gris nedover elva forbi dei; ideen om Floating Sofa Quartet vart til der og då! Repertoaret deira er ei spennande blanding av eigne komposisjoner og tradisjonelle verk frå heimlanda deira. Ømme melodiar og spenstige dansemelodier vert levert med fine harmoniar, intensitet, humor og den varme akustiske lyden av treinstrument. Sett deg til rette i sofaen og la deg rive med. MARKUS TULLBERG (SE) • trefløyte, svenske sekkepiper LEIJA LAUTAMAJA (FI) • 2,5-radsmelodeon & harmonium CLARA TESCH (DK) • fele MALTE ZEBERG (SE) • kontrabass

FREDAG 5. JULI KL. 21.00 Dans utan stans! Festsalen, Førdehuset LAURDAG 6. JULI KL. 22.30 Klubb Oppsig Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Floating Sofa Quartet is a modern Nordic folk music ensemble consisting of four young musicians from Denmark, Sweden and Finland. With a unique combination of instruments this quartet performs handmade music with a scent of dewy pine trees, salty sea breezes, and freshly brewed coffee. Their repertoire is an exciting mixture of own compositions and traditional pieces from their respective countries; tender melodies and feisty dance tunes are performed with intriguing harmonies, intensity, humor and the warm acoustic sound of wooden instruments. Take a seat on the sofa and float away! 61


Jens Linell SVERIGE Herleg trommeshow! Jens Linell elskar trommer - og folkemusikk. Trommer og folkemusikk er jo ikkje akkurat den mest soleklare kombinasjonen for alle, men faktum er at trommer kanskje er det første folkemusikkinstrumentet vi hadde her langt nord. Dette kan Jens Linell alt om, etter som han har skrive ein master om trommer i skandinavisk folkemusikk. Noko anna han er ganske god til, Jens altså, er å lage musikk for born og arbeide med born. Dette har han gjort mykje både i Norge, Sverige og Ukraina. Jens Linell har hatt mange framsyningar på Barnekunstmuseet i Oslo, og det finst mange teaterframsyningar som er laga på basis av Jens sin musikk.

I Førde blir Jens med på tur til Halbrendstølen. Han har med seg fleire trommer, og kven veit, kanskje han finn nokre instrument på stølen også, eller på vegen dit. Uansett tek han borna med seg inn i ei magisk verd av rytmar. Han kan veldig, veldig mange ulike rytmar, og kanskje kjenner du nokre av dei. Kanskje ikkje. Det blir det jo spennande å finne ut. JENS LINELL trommer

ONSDAG 3. JULI KL. 16.00 Ut på tur, aldri sur Halbrendstølen

Jens Linell is the percussionist who can get tunes out of a tambourine! Playing in the bands SVER and Triller, he has worked at music camps in the USA, participated in performances with FRIKAR and Västanå Teater, and is organiser of the festival Hagenfest in Dala-Floda (Sweden).

62


ART I S TOM TALE

Bli med inn i den spennande drakehola Draken som mytisk dyr fenger stadig nye generasjonar. Frå Katla i Brødrene Løvehjerte og Smaug i Hobbiten, til drakane i Harry Potter, Game of Thrones og Dragetemmeren. Draken er framleis høgst levande i folkediktinga vår. Så kvar oppsto eigentleg draken, og korleis hamna han på bygningar over heile verda, på norske vikingskip og stavkyrkjer? Og kvifor er draken så spanande, tusener av år etter mytene oppsto? Kan det vera at vi møter oss sjølv i draken? «Den Underlege Draken» er ei nyskapande familieframsyning der tradisjonelt norsk slåttespel og nyskriven musikk møter dans, improvisasjon og live elektronikk. Publikum vert invitert inn i drakens hole, ei hole av lyd og rørsle... «Den Underlege Draken» er eit tingingsverk av Gro

NY P R O D U K SJO N

Marie Svidal og Hildegunn Hovde i samarbeid med Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Riksscenen. Produksjonen er støtta av Norsk Kulturråd og FFUK. GRO MARIE SVIDAL hardingfele, lyre, live electronics • HILDEGUNN HOVDE song, fløyte, zither, live electronics • SILJE RISDAL LIAHAGEN dans, song TORSDAG 4. JULI KL. 18.00 Barneframsyning: Den underlege draken Festsalen, Førdehuset FREDAG 5. JULI KL. 18.00 Barneframsyning: Den underlege draken Festsalen, Førdehuset

Why are dragons so exciting, even many thousands of years after the myths of their existence arose? Gro Marie Svidal, Hildegunn Hovde and Silje Risdal Liahagen have created a new family performance in which they combine traditional Norwegian folk-music, newly-composed music, improvisation and electronics. Come with us into the dragon›s lair - a secret place of sounds and energy! Age: From 6 years and up.

63


VASSVIK NORGE Innovativ joik i rått og moderne lydbilde Med bandet VASSVIK gjev den samiske lydpoeten Torgeir Vassvik deg eit friskt pust frå det nordlegaste kystområdet på det europeiske fastlandet. Om du opplever han i Norge, Canada, Japan eller Malaysia, blir du overraska og bergteken over hans animistiske* joik. Torgeir Vassvik er rekna som ein av dei mest innovative samiske musikarane i dag, og framfører den transeframkallande musikken til folket sitt, kystsamane, på sin heilt særeigne og spektakulære måte. Musikken hans er eit speglbilde av den røffe og vakre kystnaturen i arktis, han fornyar dei gamle vokaltradisjonane og rytme-rituala for det 21. århundre. Med seg har han musikarar som hentar inspirasjon frå både jazz, klassisk og ny musikk; VASSVIK gjev

deg joik i eit rått og moderne lydbilde, med to feler, rammetromme og akustisk gitar. TORGEIR VASSVIK joik, gitar, rammetromme • RASMUS KJORSTAD fele • JO EINAR JANSEN fele • AUDUN STRYPE lyddesign *Animisme (frå latin anima, ånd) er eit omgrep i teologien brukt om ei religiøs oppfatning om at alt i naturen. har sjel. LAURDAG 6. JULI KL. 11.00 706 MOH: VASSVIK Hafstadfjellet SØNDAG 7. JULI KL. 11.30 VASSVIK Sersjantløa, Sunnfjord museum

With his band VASSVIK the circumpolar soundpoet Torgeir Vassvik provides you with a fresh kick from the shores of the Arctic Ocean. Whether you listen to him in Norway, Canada, Japan or Malaysia, you get mesmerized by his new vision of animistic Joik, the vocal art of the Sami indigenous people of Northern Europe.

64


ART I S TOM TALE

Aslak Brimi kvartett NORGE Finstemd slåttemusikk frå Nord - Gudbrandsdalen Felespelaren Aslak Brimi er ein av dei fremste spelmennene i landet, og er av dei viktigaste tradisjonsberarane for slåttemusikk frå Lom og Nord-Gudbrandsdalen. Han er framståande som solist og i ulike grupper og lag, og fekk tildelt statens kunstnarstipend for 2015 og 2016 for å satse på musikken. Han har gjeve ut mange album med tradisjonsmusikk både som aktør og produsent. Gjennom fleire år har Brimi arbeidd med å komponere slåttemusikk i gamal stil, og i kvartetten sin har han med seg fantastisk dyktige musikarar til å arrangere og spele musikken. Den nye musikken har ulike sinnelag og stemningar, og fela er det naturlege midtpunkt. Det er rytmiske og suggerande låtar, tydeleg

inspirerte av den råe og kraftige gudbrandsdalske springleiken og hallingen. Det er og dei vare og nakne låtane, rolege tonestykke der arrangementa er enkle og nære. Dette er musikk i tradisjon med dei lyriske og vakre lyarslåttane frå Lom. ASLAK BRIMI fele • BJØRN KÅRE ODDE fele • SVEIN TORE WERSTAD saksofon • ESPEN WENSAAS mandola, mandolin, cister, bouzouki, gitar

LAURDAG 6. JULI KL. 22.30 Klubb Oppsig Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Aslak Brimi Kvartett is led by fiddle player Brimi from Lom, who is backed up by Bjørn Kåre Odde (viola/fiddle), Svein Tore Werstad (saxophone) and Espen Wensaas (cittern/guitar). Brimi is known for collecting and performing traditional music from the Otta Valley. He has released several albums as a performer and producer, but this quartet is the first one where his own compositions, steeped in the tradition he comes from, take the center stage.

65


Ein haile halve maone NORGE

Gamaldanstakter frå Sogn og Fjordane med meir Ein haile halve maone er ei relativt nystarta (2016) gruppe med unge folkemusikarar frå Sogn og Sunnfjord. Repertoaret deira er for det meste tradisjonsmusikk frå Jostedalen og Sogn med nokre innslag frå andre delar av landet. HENNING LAD gitar ANDERS VASSLI BREKKE kontrabass EMIL HORSTAD trekkspel MATHILDE SKJÆRET hardingfele NORILL TERESE NORHEIM toradar

TORSDAG 4. JULI KL. 22.00 Danseglede! Festsalen, Førdehuset FREDAG 5. JULI KL. 21.00 Dans utan stans! Festsalen, Førdehuset

Ein haile halve maone (in English: A whole half moon) is a group of young musicians from the county of Sogn og Fjordane. They traditional dance music mostly from their own region, but also some tunes from other parts of Norway.

66


ARTI S TOM TALE

Finn Brom Bente Hemsing og Stein Villa NORGE

Bente, Stein og ein bamse som heiter Brom Bente og Stein reiser rundt land og strand, saman med bamsen Brom. Bamsen får oppleve mykje - alt frå å besøke han Ola på garden med mange dyr, til det å gå på jakt, høyre på fuglekvitter, sove og til slutt danse (for det hjelper mot kløe). Stein og Bente brukar folkemusikk iblanda nokre kjende barnesongar. Dei spelar fløyter, langeleik, hardingfele, vanleg fele, harpe - syng og fortel historier. Innimellom, medan dei to vaksne er opptekne med musikken og historien, lurer Brom seg av stad på eiga hand.. Han stikk rett og slett av og gøymer seg, og då må alle - små og store - vere med å leite etter han. Bente Hemsing er utdanna fiolinist og musikkvitar og jobb som kulturskulerektor med å vere frilans musikar. Stein Villa er ein allsidig musikar med eldre folkemusikkinstrument og folkeviser som spesialitet. Han

arbeider som tradisjonsmusikkarkivar og formidlar på Mjøsmuseet. BENTE HEMSING fele og mykje anna STEIN VILLA fløyter, langeleik, harpe og mykje anna

ONSDAG 3. JULI KL. 09.00 Morgonstund har gull i munn Tussero, Vieåsen Barnehage TORSDAG 4. JULI KL. 09.00 Morgonstund har gull i munn Halbrend barnehage FREDAG 5. JULI KL. 09.00 Morgonstund har gull i munn Solsida Barnehage avd. Toene

Have you seen Brom? He always comes along when Bente Hemsing and Stein Villa travel around and have lots of fun with their willow flutes, fiddles and other fun instruments. Brom loves being with little kids, but – suddenly – he’s missing. So – everyone needs to help search and find him!

67


Gabriel Fliflet NORGE

Bergensk musikkfenomen i særklasse Gabriel Fliflet er ein fargerik folkemusikar og musikkmakar, og ein velkjend, humorist og klubbvert frå Bergen. Han er kjend for sitt fleirkulturelle musikkuttrykk. Trekkspel er hovudinstrument, men i tillegg trakterer han pianoet og brukar stemma som ingen andre. Musikken han skaper har grobotn og ein klang etter eit langt liv med folkemusikk. Den gjev energi, og har i 40 år vore eit lukkeleg levebrød for Fliflet. I 2011 vart Gabriel Fliflet kåra til Årets Folkemusiker. I 2019 reiser han rundt med nylaga musikk: Himlaleite, men heldigvis har han tid til å ta med seg folkemusikklubben Columbi Egg på ferie til Førdefestivalen. I år kjem han også med nyskapinga: Klubb Oppsig.

FREDAG 5. JULI KL. 21.00 Columbi Egg Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel og Spa LAURDAG 6. JULI KL. 13.00 Møt artisten: Gabriel Fliflet Utstillingssalen, Førdehuset LAURDAG 6. JULI KL. 22.30 Klubb Oppsig Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Gabriel Fliflet is a well known multi cultural musician, singer and composer living in Bergen, where he has created what is considered the best folk music club in Norway, Columbi Egg. Every summer he takes this club generously to the festival in Førde, and creates the same clubby feeling with guests on stage and a lively audience.

68


Guttorm Andreasen (DJ99)NORGE Ein musikknerd av dei sjeldne Guttorm Andreasen er en populær foredragshaldar, konferansier og sceneintervjuar, musikar, DJ, kulturarrangør - og ein av Norges mest erfarne og allsidige journalistar. Han har jobba som programleiar, journalist, produsent og redaktør i radio, tv, nett og print sidan 1985. DJ 99 spelar musikk på klubbar og festivalar over heile verda. Han har Norges kanskje breiaste platesamling og elskar å spele musikk for glade folk. Guttorm Andreasen lagar også eigen musikk og har spelt rundt 150 konsertar som The Future Sound of Manglerud og KAOSS 99.

FREDAG 5. JULI KL. 21.30 Sarah Savoy Trio / DJ99 Teltet, Pikant Restaurant & Bar LAURDAG 6. JULI KL. 11.30 Festivalbrunsj Festplassen FREDAG 5. OG LAURDAG. 6. JULI: Møt artisten Utstillingssalen, Førdehuset

Guttorm Andreasen is one of the most experienced journalists in Norway, having worked as a host, presenter, reporter, producer and editor in broadcast radio, tv and print since 1985. A well respected music journalist, Guttorm Andreasen is also a very popular moderator, public speaker, teacher, musician, DJ and promoter.

69


xxx

Indre Sunnfjord Spelemannslag NORGE

Indre Sunnfjord Spelemannslag har gjennom mange år markert seg som eit av landets aller fremste spelemannslag, og driv aktivt med konsertar og dansespel. På merittlista står ei rekkje kappleikssigrar, og laget kan dessutan skilte med eit omfattande rekrutteringsarbeid innan spel og dans. Blant medlemmene er det fleire framståande solistar og grupper som har markert seg både lokalt og internasjonalt. Slåttemusikken frå Sunnfjord er eit naturleg fokus for laget, men på reportoaret står også musikk frå resten av Vestlandet.

Indre Sunnfjord Spelemannslag vart skipa 9. februar 1969, og feirar altså 50-årsjubileum i år. Musikalsk leiar: Sigmund Eikås

TORSDAG 4. JULI KL. 23.00 Sommarnatt på Jølster Jølstermuseet, Vassenden LAURDAG 6. JULI KL. 22.30 Dans, dans, dans! Festsalen, Førdehuset

Indre Sunnfjord Spelemannslag is a local ‘spelemannslag’ that ranks among the best reputed in our country. The founders of this group was indeed also involved in the initiation of the Førde Traditional and World Music Festival in the late 80-ties.

70


Gamlebanken spelemannslag NORGE

Gamlebanken er eitt at landets aller fremste hardingfelelag - og er særleg kjende for sitt arbeid med eldre runddanstradisjonar i slåttestil på hardingfele. Dei 10 siste åra har ensemblet delteke i konkurransar og på festivalar, og kan smykke seg med titlar som både nordiske meistrar i folkemusikk og norgesmeistrar i runddans. Under leiing av Synnøve S. Bjørset byr Gamlebanken på smektande runddansperler frå både Sogn og Hardanger, framført med ro i snerten og energisk sving.

Under Førdefestivalen lanserer Gamlebanken si aller første plate. Gled dykk! SYNNØVE S. BJØRSET • ODA BOLSTAD • KJARTAN HAUGEN FOSS • INGRID HEIEREN • MATHILDE SKJÆRET • INGRID STUHAUG • LEIF ERIK STUHAUG • GEIR MARIUS THORUD • ÅSLAUG TIMENES BELL ONSDAG 3. JULI KL. 20.00 Karl Seglem/Gamlebanken Spelemannslag Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

The Gamlebanken Spelemannslag started up as a junior fiddlers group, practising mostly in weekends and holydays. Until they finally decided that this was a too good ensemble to play that seldom. Now they meet regularly, at least once a month, and participate in the local and national competitions, the«kappleiks«, with quite good results! Synnøve S. Bjørset is the musical leader.

71


Lendmenn NORGE Den beste gamaldansmusikken

Lendmenn er ei gammaldansgruppe frå Ottadalen som gjennom fleire år har etablert seg som ei av landets beste grupper i sin sjanger. Etter å ha spelt gruppespelfinale på Landsfestivalen i gammaldansmusikk kvart år sidan 2010, gjekk dei i 2017 heilt til topps, og sikra seg dermed speleoppdrag på Førdefestivalen i 2018. Det same skjedde året etter, så no er dei tilbake med den heilstøypte dansemusikken sin. Lendmenn vart starta i 2005, og har lagt seg på ei ungdommeleg og utovervend linje i spelet sitt. Repertoaret er tufta på musikk etter lokale spelmenn frå Ottadalen og elles i Gudbrandsdalen, men dei tek

og i bruk leikar frå andre område i landet. I tillegg har Øyvind laga fleire melodiar som Lendmenn har teke i bruk og som har vorte godt motteke av publikum. BJØRN KÅRE BRÅTEN ODDE fele • STEINAR ODDE gitar • MADS ERIK ODDE trekkspel • BJARNE ODDE kontrabass • ØYVIND SANDUM trekkspel FREDAG 5. JULI KL. 21.00 Dans utan stans! Festsalen, Førdehuset LAURDAG 6. JULI KL. 22.30 Dans, dans, dans! Festsalen, Førdehuset

Lendmenn plays traditional dance music from the eastern part of Norway. They won the Norwegian championship in 2017, and as part of the award, they line-up at the Førdefestivalen the consecutive year. The same happened in 2018, so now they are back in Førde for the second year in a row.

72


ART I S TOM TALE

Folkemusikk UNG Valdres NORGE Ungdom med glimt i auga og snert i steget

FolkemusikkUng er kremen av ungdom i Valdres. Gruppa vart starta opp i 2011, og har sidan då vore møtestaden for ungdom med folkemusikkinteresse i Valdres. Dei har delteke i lagdans jr. på Landskappleiken fleire gonger, og gjekk heilt til topps både i 2016 og 2017. Her er det dansarar og musikarar med stor spennvidde i uttrykket; med ungdommeleg glede byr

dei på alt frå vare tonar på langeleik, saftige springarar på hardingfele, og drivande dansespel med toradar. Det er både glimt i auget og snert i steget når dei slår seg lause på ei scene eller eit dansegolv nær deg. I Førde vil ungdomane frå Valdres dukke opp både seint og tidleg. Her og der. Ute og inne. Ta vel imot dei, og dans med dei om du får sjansen!

Valdres UNG is a group of youngsters from Valdres, who shear the interest for traditional music and dance from their region. They get together do dance and play for their pleasure, but they also perform at competitions - kappleikar - both at regional and national level. In Førde they will pop up here and there, spontaneously. Indoor and outdour. Join them in the dance if you get the opportunity!

73


Grafikk:

Foto: David Zadig

lbert Humperdinck av Enge

2., 3., 5., 6., 8., 9., 11., og 12. oktober 2019 i Operahuset Nordfjord Billettar: operanordfjord.no

BRUK LOKAL EKSPERTKOMPETANSE HOS ADCOM FJORD-DATA! l d rt

REKNESKAP Bokføring

MVA Avstemming

74

je ve e ER

nes til oss. Vi er i tillegg Vism 50 bedrif

RÅDGJEVING

LØNN

ØKONOMISTYRING

Drift Opplæring

A-melding

Budsjett Likviditetsstyring Effektivisering

Rutiner

Årsoppgjør Avstemming


Velkomen til festivalbrunsj LAURDAG 6. juli kl. 11.30-13.30 Festplassen, parken. Fri entré. I år inviterer vi for aller første gong til festivalBRUNSJ i parken på Festplassen ved Jølstra. Saman med Norske Kokkers Landsforening avdeling Sogn og Fjordane (tidlegare Kokkenes Mesterlaug) riggar vi til bord og benker, og brunsj-buffé med brødmat, pålegg, kaffi med meir, og ønskjer små og store velkomne til å nyte laurdags-føremiddagen i Førde sin grøne oase. Og sidan festivalen har bursdag i år - 30 år - høyrer også bursdagskake frå Naustdal Dampbakeri med! Frå scena blir det konsertar med fleire festivalartistar, og i tillegg kan du delta i konkurransen der du kan vinne den flotte KOKK-HEIM-premien frå kokkelauget. KOKK-HEIM premien inkluderer mat til ein trerettars middag for inntil 8 personar, og to kokkar som kjem heim og lagar til maten. Konferansier: Guttorm Andreasen

NB! Dette er eit gratisarrangement, og vi serverer mat så lenge vi har. Du er hjarteleg velkomen til å ta med eigne stolar og eiga piknik-korg og nyte føremiddagen i det grøne. Dersom det blir regn, flyttar vi brunsjen under tak på Rådhusplassen.

POPPOPP-MARKNAD og POPPOPP-KAFE Rekoringen Førde riggar seg til med laurdagsmarknad i parken, der du får kjøpt det meste av deira vanlege produkt, og under ettermiddagskonserten med Otava Yo, vil Kafé Sobra tilby enkle festivalrettar og drikke i sin poppopp-kafé. Følg med på facebook og i andre kanalar for oppdateringar om opningstider med meir.

The festival welcomes everybody to a free festival brunch in the park at Festplassen. In addition to food there will be small concerts with festival artists. There will be a pop up market for local food, and during the Otava Yo concert in the afternoon (3pm), there will also be a pop-up café.

75


Spelet og tida Eg gjekk i lære hjå Salve Austenå då eg var lita. Først spelte vi ein halv times tid, medan kona hans laga vafler og saft. Så kvilte vi og åt. Så spelte vi litt meir. Han tok seg god tid. -No finn eg musikken fram att. Slåtten er den same som då eg var ti år, men eg er annleis. Eg arbeider med å utvikle min eigen stil, både bevisst og ubevisst. Eg plukkar med meg det eg likar hjå andre, men mitt uttrykk finst inne i slåtten ein stad. Jakta på meg sjølv som spelemann tek ingen ende, det er eit livslangt prosjekt. Eg tek meg god tid. Musikken på plata mi syner kor langt eg er komen, no. 76

Johanne Flottorp si første soloplate har fått strålande kritikkar og var nyleg nominert til Spelemanns-prisen. – Om eg må velgje er det dei energiske danseslåttane eg set høgst, seier Johanne. – Dei treng ikkje vere så store, dei kan gjerne vere små, men kraftfulle, likevel. Eg likar best å vere tett på publikum, slik eg skal få vere i Førde. Akustiske konsertar har ein sterkare nerve. I forordet til soloplata reflekterer Johanne Flottorp


nærare kring dette: - Vi hardingfelespelarar er vande med å vere aleine. Når eg tenkjer over det, er eg ikkje aleine når eg speler solo. Eg har ein heil armé av folk bak meg. Kvar slått eg spelar på denne utgjevinga, har eg ein spesiell relasjon til. Og eg har også ein relasjon til kjelda, anten det er eit levande menneske eg har vore på besøk hos, om det er ei note eller om det er eit opptak. Bak alle desse skjuler det seg lange rekker av nye kjelder, som alle speler på lag med meg. - Som hardingfelespelar frå Åmli har eg vakse opp mellom to store hardingfeleområde; Setesdal og Telemark. Det har musikken frå heimtraktene mine, med Tovdal som musikalsk sentrum, bore preg av. Og heilt frå eg var lita har eg spelt like mykje spel frå nabostrøka som frå Tovdal, noko som har gjort til at eg stadig har oppdaga nye spelemenn, nye former, nye slåttar, nye område. Denne plata er eit resultat av det. Når eg ser over slåttelista som er med her, tenkjer eg at tradisjonane eg har vakse opp med rommar

Salve synte meg spelet slik det skulle vere, og tida slik den skulle gå. Foto: Erik Holand

mykje. Her er det slåttar med ulik karakter, og her er det både klassikarar og mindre kjende slåttar. Mange av dei har eg spelt sidan eg var lita. Salve synte meg spelet slik det skulle vere og tida slik den skulle gå. Eg er takksam for det. No kan eg syne fram mitt spel, i mi tid.

77


Festival for heile familien MORGONSTUND HAR GULL I MUNN

UT PÅ TUR, ALDRI SUR

Onsdag3. juli kl. 09.00 Tussero, Vieåsen barnehage Torsdag 4. juli kl. 09.00 Halbrend Barnehage Fredag 5. juli kl. 09.00 Solsida, Toene Barnehage

Onsdag 3. juli kl. 16.00-19.00 Halbrendstølen

Dei populære morgonstund-konsertane festivalen arrangerer i samarbeid med barnehagar i Førde, kjem i år til Tussero i Vieåsen, Halbrend og Solsida på Toene. I år får vi vitjing av musikarane Bente Hemsing og Stein Villa, som i tillegg til mange seljefløyter, feler og andre instrument, også har med seg bamsen Brom. Brom er ein roleg kar og blir berre så glad når han får vere med på tur. Ekstra moro syns han det er når han vår vere i lag med ungar. Då blir han litt øsen, og det hender han gløymer seg litt og lurer seg vekk. Då må Bente og Stein få med seg alle til å leite etter han.. Alder: Frå 3 år. Fri entré.

We invite you to start the day with Bente Hemsing and Stein Villa who brings the bear BROM, and a lot of flutes, fiddles and other small instruments. You can you sing and play with them – and by the way, you might have to help them look for BROM, who sometimes hides. 78

På aller første festivaldag inviterer vi små og store til å bli med til idylliske Halbrendstølen, ein kort rusletur frå Reset i Førde. På Halbrendstølen blir det høve til å grille medbragt mat. Den musikalske menyen er det trommisen Jens Linell som står for. Han har drege med seg alle trommene sine til fjells, og det kan til og med hende at han lånar bort nokre av dei, slik at han får hjelp til å lage eit flott trommeshow.

Join Barnas Turlag on a walk to a summer farm and a concert with Jens Linell. He is a passionate drummer and for the first time he brings his drum show to a mountain farm. The walk is easy, starting and finishing at Reset in Halbrendslia. Bring along a seat pad and food for grilling over open flame.


Foto: Espen Nyttingnes

MUSIKK I SENTRUM, TORGSCENA, ELVETORGET TORSDAG 4. JULI KL 11:00: • RURA • Germán Lopez & Antonio Toledo • Folkemusikk Ung Valdres

FREDAG 5. JULI KL. 10:30: • Floating Sofa Quartet • Sara Correia • SVER

Musikk i sentrum Familiesøndag Torsdag og fredag på Torgscena ved Elvetorget har du sjansen til å få med deg gratiskonsertar med eit utval av festivalartistar. Dette er ein del av gratisprogrammet under festivalen. Der vil også vere festivalbod der du i tillegg til billettar til konsertar, også får kjøpt ulike festivalartiklar (t-skjorter, solbriller, handlenett med meir). Vi gjer merksam på at det kan bli endringar i artistar og rekkjefølgje.

Ta med heile familien til felles opplevingar når festivalartistar frå ulike verdshjørne fyller Førdehuset med musikk, song og dans. Fri entré. Detaljert program på fordefestival.no, facebook og på oppslag i Førdehuset. Kafé og bibliotek er opne.

Selected festival artists present titbits form the festival program at Torgscena, in the city center, outside the shopping mall Elvetorget. Free admission.

Bring along the whole family to a joyous mix of music when festival artists from all the world’s corners fill Førdehuset with music, song and dance. Free admission. A detailed program is available on fordefestival.no, Facebook and on notices at Førdehuset. The café and library will be open.

SØNDAG 7. JULI KL. 13.00-14.30 Førdehuset, inne og ute

79


Kursoversikt og omtalar Torsdag 4. juli kl. 16:00-18:00 Førde barneskule TRAD. CAJUN DANSEKURS Instruktør: Sarah Savoy

Med eller utan sko - Bring your boots or take off your shoes, oppmodar Sarah Savoy. Ho inviterer folk i alle aldrar til å bli med på danseglede frå USA i ekte Louisiana-stil! Her kan du kome om du er røynd eller nybyrjar, ung eller gamal. Repertoaret er drivande fine honky tonks og raske hillbillies, så her er det berre å kome seg på dansegolvet i ein fart - for dans er kjempegøy, dans er god trim og dans er balsam for sjel og sinn! Sarah Savoy kjem frå den legendariske cajun-familien til Marc og Ann Savoy frå Louisiana, og er ein fornyar av den særmerkte og dansbare cajunmusikken som franske kolonistar i Louisiana odla fram på 1700-talet. Eit must for dei danseglade!

80

Torsdag 4. juli kl. 16:30-17:15 Storsalen scene, Førdehuset KRASJKURS FOR BORN: NORSK DANS FRI ENTRE! Instruktørar: Arne og Asbjørg Sølvberg

Norsk intro for små føter - Å danse er så utruleg kjekt! Det meiner Arne og Asbjørg Sølvberg, som har dansa så å seie heile livet, både på dansefestar, på kappleikar og i alle andre samanhengar der det har vore høve til å svinge seg. Gjennom tallause kurs og samlingar opp gjennom åra, har dei to undervist i bygdedans og runddans til born, unge og gamle, land og strand rundt. Arne er også ein av dei beste felespelarane i landet, så her blir det heller ikkje mangel på god danse-musikk. No har DU sjansen til å vere med i danseringen med desse legendariske danse-instruktørane! Her trengst ingen forkunnskapar, har du lys, har du lov! Og vi i Førdefestivalen meiner at ALLE ungar skal ha høve til å lære nokre av dei flotte norske dansetradisjonane våre, så dette kurset er heilt GRATIS!


Fredag 5. juli kl. 10:00-12:00 Førde barneskule SONGKURS

Instruktør: Dizu Plaatjies

Instruktør: Mahsa Vahdat

Afrikanske rytmar!

Lær av persisk meister

I Sør-Afrika blir det dansa ved alle høve; på lokalfesten, på politiske møte og i demonstrasjonstog, i bryllaup og i gravferd. Og du treng ingen dansepartnar! Du kan danse heilt for deg sjølv, men gjerne saman med andre. Fri, individualistisk og sosialt på same tid, altså, og med stort rom for leik og improvisasjon. På dette kurset kan du prøve ut nokre av dei sør-afrikanske dansane under kyndig leiing av Dizu Plaatjies og medlemene i gruppa hans som kjem til Førde. Dizu Plaatjies er ein vidgjeten musikar, musikk- og instrumentsamlar og utrøytteleg ambassadør for den Sør-Afrikanske musikk- og dansearven. Han er son til ein tradisjonell healer og vaks opp i Cape Town. Han grunnla den legendariske gruppa Amampondo som i 15 år turnerte på festivalar og store scener på alle kontinent, og mellom anna spelte på bursdagsfest for Nelson Mandela på Wembley stadion i London. Ingen særskilde forkunnskapar krevst for dette kurset, men hugs ledige klede, og øv gjerne på litt hoftesving på førehand!

KURS OM TALE ART I S TOM TALE

Fredag 5. juli kl 10:00-12.00 Førde barneskule, gymsalen AFRIKANSK DANS

Til alle songinteresserte – ikkje gå glipp av dette! Det er eit unikt høve til å møte ein fabelaktig utøvar og å bli kjent med ein flik av den rike og usigeleg vakre persiske songskatten. Mahsa Vahdat har ei stemmeprakt med ein kjenslevar klang og ei uimotståeleg kraft som har ført henne til konsertsalar over heile verda, og til samarbeid med eit mangfald av musikarar frå fleire kontinent, frå Knut Reiersrud til Vertavo-kvartetten. Men i sitt eige heimland, Iran, kan ho ikkje synge offentleg – fordi ho er kvinne. På Førdefestivalen har ho derimot fått plass på scena fleire gonge; ho tok publikums hjarte med storm med konsertane sine under Førdefestivalen 2014, saman med søstera Marjan og medmusikarane deira. Og i 2015 var ho ein av dei musikalske leiarane for festivalen sitt internasjonale talentutviklingsprosjekt, der også fleire unge kvinnelege musikarar frå Iran fekk sleppe til. Mahsa er altså både ein stor utøvar og ein røynd pedagog, så her er det mykje lærdom å hente, både songteknisk og i klokskap og visdom rundt songframføring og kulturtradisjonar.

81


Fredag 5. juli kl. 10:00 – 11:00 Festsalen, Førdehuset BARNEVERKSTAD: VASKEBRETTKURS Instruktør: Sarah Savoy

Vaskebrettmusikk for alle

Laurdag og søndag 6.–7. juli kl. 09:30-11:30 Førde barneskule BALKANMUSIKK FOR BLÅSARAR TO-DAGERS KURS (vidarekomne) Instruktør: Marko Markovic NB! Påmeldingsfrist: 7. juni

Lær av meisteren

Kan ein ikkje spele på vaskebrett, seier du? Jau, sjølvsagt kan ein det – og no kan du få prøve det du òg! Kanskje veit du ikkje eingong kva eit vaskebrett er? Det var eit hjelpemiddel til å vaske klede på før vaskemaskina overtok jobben. Men vaskebrettet var altså ikkje berre ein arbeidsreiskap, men var og er brukt som instrument av musikarar, frå den norske visegruppa Vømmøl frå Norge, til Sarah Savoy trio frå Lousiana i USA, som i år gjestar festivalen. Og det er Sarah du skal få møte som instruktør på vaskebrettverkstaden! Sarah Savoy kjem frå den legendariske cajun-familien til Marc og Ann Savoy frå Louisiana, og er ein fornyar av den særmerkte og dansbare cajunmusikken som franske kolonistar i Louisiana odla fram på 1700-talet. Repertoaret er drivande fine honky tonks og raske hillbillies, så her er det artige rytmar å prøve seg på! Har du ikkje vaskebrett å ta med, seier du? Det gjer ingenting, for på verkstaden lagar du ditt eige vaskebrett av papp, og lærer å spele på det med ei skei! Og i tillegg får du lære nokre artige songar, på ekte Cajun-fransk!

82

Spelar du eit blåseinstrument? Då er dette ein sjanse du ikkje vil gå glipp av! Her kan du nemleg suge kunnskap frå ein av Balkans desidert beste trompetistar! Du får lære grunnleggande trekk ved den balkanske og Aust-Europeiske blåsetradisjonen, som har tatt verda med storm gjennom orkester som Fanfare Ciocarlia, Boban Markovic Orkestar og Marko Markovic Brass Band, som er ein av hovudartistane på årets festival. Dette er eit todagars kurs der du får med deg typiske trekk i balkanmusikken og får lære nokre av dei særeigne rytmane, ornamenta og improvisasjonsteknikkane i denne spanande og varierte musikktradisjonen. Kurset er gehørsbasert, altså ikkje bruk av notar, og det er ein fordel at du har spelt ei stund og er van med å spele i orkester/band/korps. Marko Markovic arva sin lidenskaplege kjærleik til musikk frå faren sin, den legendariske trompetkongen Boban Markovic. Marko byrja å spele som 5-åring, og spelte i farens orkester i mange år, før han starta sitt eige brass band. Marko har meir enn 1000 konsertar bak seg i konsertsalar og på festivalar over heile verda, og no har du altså sjansen til å møte og lære av han på nært hald! Få òg med deg Gallakonserten laurdag 6. juli og avslutningskonserten i Idrettshallen søndag 7. juli, der Marko Markovic Brass Band opptrer.


Laurdag 6. juli kl. 10:00-11:00 Førde barneskule UNGARSKE DANSAR

Instruktør: Dizu Plaatjies

Instruktør: Attila Vojtek (Muzsikas)

Afrikansk for dei små

Dans for alle!

Hei alle barn! Bli med til Afrika! På denne verkstaden kan du få lære spennande songar og rytmar frå Sør-Afrika, og du får lære av ein av dei mest vidgjetne folkemusikarane derfrå, Dizu Plaatjies. Og han tar med seg nokre av musikarane i bandet sitt òg til verkstaden. Typisk for songtradisjonen i Sør-Afrika er «call and response»-songar, og på verkstaden får du lære kva det betyr! Du må gjerne ta med mamma eller pappa eller ein annan vaksenperson dersom du ikkje vil gå åleine. Verkstaden passar for barn i alle aldrar! Dizu Plaatjies er ein vidgjeten musikar, musikk- og instrumentsamlar og utrøytteleg ambassadør for den Sør-Afrikanske musikkog dansearven. Han er son til ein tradisjonell healer og vaks opp i Cape Town. Han grunnla den legendariske gruppa Amampondo som i 15 år turnerte på festivalar og store scener på alle kontinent, og mellom anna spelte på bursdagsfest for Nelson Mandela på Wembley stadion i London.

Om du er røynd eller nybyrjar, her er alle like velkomne til å lære spennande dansar frå Ungarn! Hovudvekta vil bli på dansetradisjonar frå regionen Gyimes i Transylvania, og dansane vert dansa i ring eller halvsirkel. Tidlegare var det berre menn som dansa desse dansane, men etter kvart har kvinnene også kome på bana. Til dette kurset treng du ikkje ha nokon dansepartnar, berre danselyst og gode dansesko! Dansar, koreograf og instruktør Attila Vojtek vaks opp i landsbyen Báta. Han utmerka seg tidleg med dansetalentet sitt, og flytta snart til Budapest og vart med i ei profesjonell dansegruppe. Seinare vart han teken opp i Bihari János Hungarian Folk Dance Ensemble, der han fekk utdanning både som dansar, danselærar og koreograf. Han har vunne mange prestisjefylte prisar og har samarbeidd med det legendariske orkesteret Muzsikás i mange år. Du kan òg oppleve Attila og Muzsikás på konserten «MUZSIKAS & MUZYKANCI» i Storsalen i Førdehuset, laurdag 6. juli.

KURS OM TALE

Laurdag 6. juli kl. 10:00-11:00 Eventyrrommet, Førdehuset BARNEVERKSTAD

83


Møt artisten – Broukar i samtale med Simon Broughten i Songlines. Foto Heidi Hattestein.

Internasjonal bokkafé UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET Ta med deg kaffikoppen, lån deg ei god bok på biblioteket og slapp av mellom konsertar og aktivitetar på festivalen. Førde bibliotek har leita fram bøker som høver med festivalen og andre som kan vere aktuelle. Nokre av bøkene er også til sals. Bokkaféen er også arena for fotoutstillinga ARTISTAR & INSTRUMENT - EIT FOTOPROSJEKT, i tillegg til MØT ARTISTEN-serien, der du blir betre kjend med nokre av artistane på festivalen. Bokkaféen er eit samarbeid med Førde Bibliotek.

BIBLIOTEKET Opningstider for Førde bibliotek under festivalen: Torsdag, fredag, laurdag kl. 10.00-18.00 Søndag kl. 12-15 På biblioteket kan du lese aviser, låne bøker, lydbøker, musikk og filmar. Der er fri bruk av datamaskiner og gratis bruk av trådlaust nettverk.

Førde Public Library provides a wireless network with free internet access for the public. All visitors to the library are welcome to use the wireless network with their own equipment. In addition there are terminals giving the public free access to the internet. 84


Møt artisten UTSTILLINGSSALEN, FØRDEHUSET Møt artisten er ein samtale-serie der du kjem tettare inn på artistar og andre involverte i festivalen. Samtalane vert leia av Guttorm Andreasen. Det er fri entré, og du må gjerne ta med deg forfriskingar frå kafeen. Velkomen! Alle møta varer i 20 minutt.

FREDAG 5. juli 13.00 Forfattaren Arild Molstad, reiselivekspert, aktuell med boka Last Chance Destinations: How to explore the world while making it a better place to live.

FREDAG 5. juli 14.30 KROKE; polske legender med ein eigen musikksjanger kroke-musikk.

FREDAG 5. juli 16.00 Mahsa og Marjan Vahdat; iranske stjerner som berre kan opptre utanfor heimlandet sitt.

LAURDAG 6. juli 13.00 Gabriel Fliflet; bergensk musikar, humorist og klubbvert, med finsk blod i årane.

LAURDAG 6. juli 15.00 Ross Daly & Kelly Thoma; ekteparet som lever av og for gresk musikk.

LAURDAG 6. juli 16.30 Anandi Bhattacharya; songaren som omtalar musikk som oksygen. Ho kan ikkje leve utan.

Fylkesscena 2019

For første gong presenterer Sogn og Fjordane Folkemusikklag spelemannslag frå fylket på festivalen, og gjev dei høve til å vise seg fram. I år er det fire lag som opptrer på Fylkesscena, ved hovudinngangen på Førdehuset: Fredag 5. juli 15:00 Indre Sunnfjord spelemannslag 15:30 Gaular spelemannslag

Laurdag 6. juli 19:00 Gloppen hardingfelelag 19:30 Naustedalen spelemannslag 85


Rein Design

EIKAASGALLERIET JØLSTER

KUNSTMUSEET FØRDE

UTSTILLINGA «STORT HÅL I – ASTRUP BILÆTE» Avbilda verk: Ludvig Eikaas og Nikolai Astrup Collage «Skyttardansen» Ludvig Eikaas og «St.Hans» Nikolai Astrup.

UTSTILLINGA «I NATUREN» VERK FRÅ SAMLINGA Avbilda verk: Susanna Majuri, Joutsen (Swan).

KUNSTMUSEET FØRDE

Foto: O. Apneseth

ASTRUPTUNET JØLSTER

UTSTILLINGA «100 ÅRS MANGFALD» NORSKE GRAFIKERE 100 ÅR Avbilda verk: Egil Røed, Generalprevensjon II, 1972, serigrafi.

UTSTILLINGA «GÅRDSHAGEN» Avbilda verk: «Juninatt i hagen» Nikolai Astrup.

Foto: T. Djupedal

KUNSTMUSEET FØRDE

SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Tlf. (+47) 974 21 565

S O G N O G FJ O R D A N E

KUNSTMUSEUM SOGN OG FJORDANE MUSEUM OF FINE ARTS

Opningstider og meir info:

UTSTILLINGA «BERNT TUNOLD – EIN ELD SOM ALDRI SLOKNA» Avbilda verk: Bernt Tunold, Interiør, 1922, olje på lerret. www.sfk.museum.no Utvida opningstider under festivalen: www.sfk.museum.no 86

www.sfk.museum.no Museumsplassen 6800 Førde

Musea i Sogn og Fjordane


Røff guide frå Runar Han kjem til Førde som vert for årets opningskonsert, men er mest kjent som frontfiguren Sjef R i hiphop-gruppa Side brok. Når Runar Gudnason skrur frekvensen inn på folkemusikk er det desse favorittane som dukkar opp:

Song Av klassiske tekstar er eg svært glad i “Mannen og kråka”. Så enkelt kan det gjerast! Det er ein god tekst med tydelege og sterke bilete, og ein god bodskap. Det er ein song eg har sunge i alle år, både for ungane mine og i festlege lag. Elles vil eg slå eit slag for eitt av mine største forbilde når det gjeld songtekstar. Han jobba nemleg ein plass mellom folkemusikk og visesong: Allan Edwall. Melodi Så mange. Eg har nyleg leita fram igjen Eplemøya Songlag sin svært fine cd frå 2010, og på denne er »Vinndans i Jo´Ansjaløen«. Det er i alle fall éin favoritt.

«Og den som´kje kråka kan nytte so, Hei fara kan nytte so Han vøre´kje verd ei kråke å få. Hei fara, faltu, riltu, ral - tu ra faltu, riltu, raltu ra!»

Dans Eg har ikkje så mykje peiling på dans, men eg var med i leikarring då eg var liten, og hadde stor glede av det. Med litt oppfrisking, klarer eg sikkert ein reinlender. Minne Eitt av mine fyrste og heilt sikkert viktigaste møte med folkemusikk fekk eg i 8-9 års alderen. Morfar tok med meg på konsert med Raya på Møre folkehøgskule i Ørsta. Det slo meg heilt i bakken, og eg har framleis stor kjærleik for sigøynarane sin musikk. Rørande fine melodiar, sterke kjensler og tung patos; det er frigjerande og godt for mitt rasjonelle sinn. Utøvar Igjen frykteleg mange. Men av nye folk må eg trekke fram Erlend Apneseth Trio, som for meg fornyar folkemusikken på ein svært spennande og meiningsfull måte.

Foto: Marius Beck Dahle

Instrument Om eg skal velje eitt instrument, må det vere sjølve ur-instrumentet: Stemma. Ho kan det meste, og kan til og med spele på språket.

87


Foto: Atle Lunde, Lunde Turiststasjon.

NÆRINGSUTVIKLING

ETABLERARAR

1. LINJETENESTE

REISELIV

PROSJEKT

|| Tlf. 57 72 19 51 || sunnfjordutvikling.no

S O G N

O G

F J O R D A N E

T E A T E R

P R E S E N T E R E R

ENGELEN FRÅ KOBANE

VINJE, VÅR MANN

Samproduksjon med Hordaland Teater

12. AUG–13. SEPT

14. OKT–9. NOV

LINDA EIDE

OPPDRAG MOTTRO

JOSTEDALSRYPA

Turné i samarbeid med Hordaland Teater

8. NOV–8. DES

Eventyrmusikal

Billettar: softeater.no/billettar • Sjå www.softeater.no for meir informasjon

88

Univerket

5.–14. SEPT

Følg oss på:


FørdefestivalMAT - lokal og kortreist mat som smakar Ideen med FørdefestivalMAT-prosjektet som starta opp i 2016, var å inspirere restaurantar og kafear i Førde til å servere lokalprodusert og kortreist mat under festivalen. Gjennom prosjektet har dei ansvarlege på serveringsstadane skapt eit nettverk dei no held i gang sjølv, med møte og samlingar, der dei deler kunnskap og kompetanse og inspirerer kvarandre.

Også i år vil du finne spesialkomponerte festivalmenyar som er baserte på lokale råvarer hos dei som er med i FørdefstivalMAT-nettverket. Sjekk lista under og stikk innom ein av desse serveringsstadane når du treng annan føde enn den du får frå alle konsert-scenene under festivalen.

SUNNFJORD KAFÉ OG CATERING i Førdehuset OLEFINE CONDITORI I HAFSTADGÅRDEN, på Elvetorget og Kronborg PIKANT RESTAURANT OG BAR KAFÉ SOBRA i Sogn og Fjordane Kunstmuseum SCANDIC SUNNFJORD HOTEL & SPA FERSKE SMAKAR på Amfi COOP VEST CAFÉ på Coop Extra

Vi håpar det smakar! 89


@Knut Utler

Opplevingar for livet i Førde! Førdefestivalen er den største festivalen i Skandinavia for akustisk tradisjons- og verdsmusikk. Festivalen starta i 1990, og går over fem dagar i veke 27 kvart år. HKH Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar. Førdefestivalen har stått på det internasjonale musikkmagasinet Songlines si eksklusive liste over dei 25 beste verdsmusikkfestivalane i verda i mange

år, og er også rangert på eksklusive festivallister i The Guardian og hos National Geographic Travel. I 2018 var Førdefestivalen på Dagbladet si liste over dei 11 beste sommarfestivalane i Norge. Førdefestivalen driv heilårleg konsertverksemd gjennom FolkJazzScena, og arrangerer familiefestivalen Bornas Verdsdagar Førde i november kvart år.

Stiftinga Førde Internasjonale Folkemusikkfestival STIFTINGSMEDLEMMER Sogn og Fjordane fylkeskommune Førde kommune Førde ungdomslag FolkOrg Indre Sunnfjord Spelemannslag Sogn og Fjordane Folkemusikklag Førde industri og næringsamskipnad STYRE Arne Osland (styreleiar) Gunn Åmdal Mongstad (nestleiar) Trude Skarvatun Dagfrid Vallestad Brevik 90

Ingrid Heieren Christoffer Knagenhjelm Johan Kåre Kjerstad ADMINISTRASJON Per Idar Almås (direktør) Sølvi Lien (arrangementssjef ) Torill Faleide (kommunikasjonssjef ) Ingebjørg Nomeland (produsent) Nima Håkon Ebrahimsen (80%, økonomiansvarleg) Hilde Katrin Wiik (50%, sal- og sponsoransvarleg) Fride Hareide Haugen (60%, kontormedarbeidar) Hilde Bjørkum (50% rådgjevar)


Festivalfilm YOMEDDINE Egypt/USA/Østerrike drama/komedie/eventyr. Arabisk tale, norsk tekst. 1t 37 min. (6 år) Ungdom/Vaksne Yomeddine, som betyr dommedag på arabisk, er A. B. Shawky sin regidebut, og hadde premiere under filmfestivalen i Cannes i fjor. Sjølv om filmen viser dei tunge sidene av livet i Egypt, har den òg fleire morosame scener som gjer den svært hjarteleg. Har du lyst til å sjå ein karakterdriven road-movie som oser av varme er dette garantert filmen for deg! Beshay vart i ung alder plassert av faren i ein koloni for spedalske, i håp om at det skulle gje han eit betre liv. Når kona til Beshay døyr, bestemmer han seg for å reise attende til fødestaden Qena utanfor Luxor. Den foreldrelause venen Obama hiv seg med. Saman legg det merkelege paret ut på ei jakt etter fortida og draumen om ei betre framtid. Men reisa og møtet med verda utanfor kolonien vert ikkje heilt som dei hadde tenkt seg. Framsyningar i Lisjesalen: Onsdag 3. juli kl. 18.30 Søndag 7. juli kl. 18.00 Billettar: Resepsjonen i Førdehuset/ebillett I samarbeid med Kino Førde.

Festival Film: YOMEDDINE Yomeddine was presented in the Official Selection of Cannes Film Festival in 2018 and represents the first feature film by writer and director A. B. Shawky. It’s a comic drama that centres on a middle-aged Coptic Christian leper, Beshay, and his orphan Nubian child friend, Obama. After Beshay’s wife, who is also a leper, dies, he embarks on a road trip with Obama and his donkey, Harby, to search for the family that left him behind at the colony when he was a little boy. 91


Vi takkar våre gode sponsorar og samarbeidspartar! GENERALSPONSOR:

HOVUDSPONSORAR:

Barnas Turlag Førde, Bary as, Bergens Tidende, Bondens Marked Førde, Fjordamattunet, FjordKysten, Førde Bibliotek, Førde kulturskule, Førde Kyrkje, Førde Ungdomslag, Gloppen Hotell, Hellevang Kontorsystemer as, Haavebua/Quality Hotel Florø, Jølstramuseet, Kafé SOBRA, Kino Førde, Jakob Sande-tunet, Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane, Kontorsenteret, Lions Club Førde, Norkring, Nortura, Pikant, Rekoringen Førde, Rotary Førde, SOF Teater, Sognefjord.net, Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Åsen & Øvrelid, Solsida, Toene Barnehage, Sunnfjord Folkehøgskule, Sunnfjord Museum, Vieåsen Barnehage, Halbrend Barnehage og Norges Ambassade i Paris, Warsawa, London og Madrid, Det norske konsulatet i New York.

92


Or ganisasjon for folkem usikk og folkedans

DEN INDONESISKE AMBASSADE

93


BOB-rabatt!

KROKE

Fredag 5. juli og

MUZIKAS & MUZYKANCI Lørdag 6. juli

BOB-medlemmer får rabattbilletter til KROKE i storsalen, Førdehuset fredag 5. juli – kl. 16.30 og MUZIKAS & MUZYKANCI i storsalen, Førdehuset lørdag 6. juli – kl. 1700. Inntil to voksne + ubegrenset antall barn pr medlemskort. Gyldig medlemskort må vises ved billettkjøp/innsjekk. Billettprisene er den samme på begge konsertene. BOB-pris voksen: 232,(ord. pris 290,-)

94

BOB-pris barn (under 14 år): 40,(ord. pris 50,-)


Billettinformasjon

Kjøp alt av konsertbillettar, festivalpass, rabattbillettar og påmelding til kurs på TicketCo.no - og få det tilsendt på epost eller til mobiltelefonen din.

For spørsmål om billettar og program: tlf. 46 90 50 10 og billettar@fordefestival.no NB! Fullstendig billettinformasjon på fordefestival.no Hugs å byte festivalpassbilletten i festival-armband på billettkontoret i Førdehuset. Festivalpasset er personleg.

Plassbillettar i Idrettshallen, Førdehuset Tilleggspris for plassbillett på golvplan felt A, B og C kr 50. Unummererte plassar på tribuner og galleri. Alle andre konsertarenaer har unummererte plassar.

Neste festival: 1. – 5. juli 2020 Alltid i veke 27.

FESTIVALPASS

= meir for pengane!

Festivalpasset inkluderer fritt tilgjenge til desse konsertane (verdi kr 1800,-) og gjev STOR rabatt på alle andre konsertar og kurs. OPNINGSKONSERTEN torsdag 4. juli SARA CORREIA fredag 5. juli OTAVA YO laurdag 6. juli

FESTIVALPASS kr 980

Med passet får du stor rabatt på alle andre konsertar og kurs

UNGDOM/ STUDENT Gode rabattar på alle enkeltarrangement! Ungdom: 14–20 år Student: u 30 år Leg. plikt

GJENSYNSGALLA laurdag 6. juli MARKO MARKOVIC BRASS BAND søndag 7. juli For plassbillettar i Idrettshallen, sjå i kolonne til venstre.

DAGPASS LAURDAG

BORN Billett kr 50 for born på alle konsertar. Alder: under 14 år

DAGPASS LAURDAG kr 830

Gjev billett til desse fire konsertane laurdag 6. juli (verdi kr 1440)

Kl. 15.30 OTAVA YO Kl. 17.00 MUZSIKAS & MUZYKANCI Kl. 20.30 GJENSYNSGALLA Kl. 22.30 DANSEFEST MED THE GARIFUNA COLLECTIVE/DIZU PLAATJIES & IBUYAMBO

KOMBIBILLETT LAURDAG Kl. 22.30 Kl. 23.00

LAURDAG

KOMBIBILLETT kr 530

Gjeld desse to konsertane på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa laurdag kveld

KLUBB OPPSIG DANSEFEST MED THE GARIFUNA COLLECTIVE/ DIZU PLAATJIES & IBUYAMBO

95


Festivalguide Onsdag 3. juli 09.00-09.30 16.00-19.00 18.30-20.10 20.00-21.00 20.00-21.00 20.00-22.30

Morgonstund har gull i munn Ut på tur, aldri sur! Festivalfilm: Yomeddine Sarah Savoy Trio RURA Karl Seglem / Gamlebanken spelemannslag

Festivalpass-konsert er utheva med grønt

ARENA: Ord./Fpass/Ung.Stud Tussero, Vieåsen barnehage Fri entré Halbrendstølen 180/120/150 Turlagsmedl. 90 Lisjesalen, Førdehuset 110 (Resepsjonen FH) Gloppen Hotell 280/180/150 Haavebua, Florø 280/180/150 Larris Scene, SSH 290/190/150

Torsdag 4. juli 09.00-09.30 09.30-16.30 11.00-11.45 17.30-18.00 18.00-18.45 20.00-21.30 22.00-24.00 22.30-23.30 23.00-02.00

Morgonstund har gull i munn Halbrend barnehage Fri entré Førdekonferansen 2019 Amfi Eikaas, SSH *Påmelding Musikk i sentrum Torgscena, Elvetorget Fri entré Utstillingsopning: Artistar & instrument - eit fotoprosjekt Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Barneframsyning: «Den underlege draken» Festsalen, Førdehuset 240/140/150 OPNINGSKONSERT: Verda i Førde! Idrettshallen, Førdehuset 390/---/200 (unum) inkl Danseglede! Danseglede! Festsalen, Førdehuset 200/---/100 The Forbidden Orchestra Larris Scene, SSH 280/180/150 Sommarnatt på Jølster Jølstramuseet, Vassenden 330/220/200 inkl. buss

Fredag 5. juli 09.00-09.30 Morgonstund har gull i munn 10.30-11.15 Musikk i sentrum 12.00-13.00 Perler av elde 13.00-13.20 Møt forfattaren: Arild Molstad 13.30-14.30 Furebotten/ Amper/ Haltli 13.30-14.30 Seckou Keita 14.30-14.50 Møt artisten: KROKE 15.00-16.00 Triakel 15.00-16.00 Soloscena: Jo Einar Jansen 16.00-16.20 Møt artisten: Mahsa & Marjan Vahdat 16.30-17.30 Publikumsfavoritten: KROKE 18.00-18.45 Barneframsyning: «Den underlege draken» 18.00-19.00 Norayr Kartashyan & Menua 19.30-20.30 SARA CORREIA 21.00-00.30 Dans utan stans! 21.00-22.30 Columbi Egg 21.30-22.30 Mahsa & Marjan Vahdat 21.30-24.00 Sarah Savoy Trio / DJ 99 23.00-02.00 Fredagsfest: RURA / SVER

96

Solsida, Toene barnehage Fri entré Torgscena, Elvetorget Fri entré Høgsalen, S & Fj Kunstmuseum 240/140/150 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Teatersalen, Førdehuset 100 v. inngang Festsalen, Førdehuset 240/140/150 Utstillingssalen, Førdehuset 240/140/150 Larris Scene, SSH Fri entré Haarklousalen, Førde kulturskule 240/140/150 Utstillingssalen, Førdehuset 240/140/150 Storsalen, Førdehuset Fri entré Festsalen, Førdehuset 290/190/200 Teatersalen, Førdehuset 240/140/150 Idrettshallen, Førdehuset 340/---/200 (unum) inkl. Dans utan stans! Festsalen, Førdehuset 200/---/100 Restaurant Hugleik, SSH 290/190/150 Førde kyrkje 290/190/150 Teltet, Pikant restaurant & Bar 290/190/150 Larris Scene, SSH 390/250/200


Festivalpass vaksen

3. - 7. juli kr 980

Dagpass laurdag

6. juli

kr 830

Laurdag 6. juli 11.00-11.30 706 moh: VASSVIK 11.30-13.30 FESTIVALBRUNSJ 12.00-13.00 Soloscena: Johanne Flottorp 13.00-13.20 Møt artisten: Gabriel Fliflet 14.00-15.00 Fotefar & Julie Alapnes 14.00-15.00 Timples and other small guitars 15.00-15.20 Møt artisten: Ross Daly & Kelly Thoma 15.30-16.30 OTAVA YO 16.30-16.50 Møt artisten: Anandi Bhattacharya 17.00-18.00 Muzsikas & Muzykanci 18.30-19.30 Anandi Bhattacharya 18.30-19.30 Ross Daly Quintet 20.30-22.00 GJENSYNSGALLA - 30 år utan grenser! 22.30-01.00 22.30-01.30 23.00-02.30 22.30-02.30

Dans, dans, dans! Klubb Oppsig Dansefest: The Garifuna Collective / Dizu Plaatjies & Ibuyambo Kombibillett: Klubb Oppsig og Dansefest

ARENA: Ord./Fpass/Ung.Stud Hafstadfjellet 180/120/150 Festplassen, Førde Fri entré Haarklousalen, Førde kulturskule 240/140/150 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Festsalen, Førdehuset 240/140/150 Teatersalen, Førdehuset 240/140/150 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Festplassen, Førde 340/---/200 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Storsalen, Førdehuset 290/190/200 Teatersalen, Førdehuset 240/140/150 Larris Scene, SSH 240/140/150 Idrettshallen, Førdehuset 390/---/200 (unum) inkl Dans, dans, dans! Festsalen, Førdehuset 200/---/100 Larris Scene, SSH 390/250/200 Festivalsalen, 4. etg. SSH 390/250/200 Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

530/430/250

Søndag 7. juli 11.00-12.30 Festivalgudsteneste

Førde kyrkje

11.30-12.30 Samurai accordion

Teatersalen, Førdehuset

11.30-12.30 VASSVIK

Sersjantløa, Sunnfjord Museum 280/180/150 inkl buss

13.00-14.30 Familiesøndag

Førdehuset, ute og inne

Fri entré

15.00-16.00 MARKO MARKOVIC BRASS BAND

Idrettshallen, Førdehuset

340/---/200 (kun unum)

17.30-18.30 Hemsing / Larsen - To Damer To Herrer

Fjordamattunet, Vassenden 330/220/200 inkl buss

17.30-18:30 Fotefar & Julie Alapnes

Løa i Jakob Sande-tunet, Dale 280/180/150 inkl buss

18.00-19.40 Festivalfilm: Yomeddine

Lisjesalen, Førdehuset

Fri entré 240/140/150

110 (Resepsjonen, FH)

SSH = Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Idrettshallen: Unummererte plassar på tribuner og galleri. Tilleggspris for plassbillett på golvplan felt A, B og C: kr 50 *Påmelding Førdekonferansen - sjå fordefestival.no 97


1: Førdehuset - hovudarena og billettkontor Idrettshallen | Storsalen | Teatersalen | Festsalen | Utstillingssalen | Lisjesalen | Foajéen

Andre: 2: Festplassen | 3: Førde kyrkje | 4: Førde barneskule (kurs) | 5: Haarklousalen, Førde kulturskule | 6: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa | 7: Ungdomshuset Viking | 8: Pikant Restaurant & Bar | 9: Sogn og Fjordane Kunstmuseum | 10: Torgscena | 11: Sunnfjord Museum, Movika | 12: Jølstramuseet | 13: Larris Scene | 14: Fjordamattunet | 15: Jakob Sande-tunet, Dale | 16: Hafstadfjellet | 17: Gloppen Hotel, Sandane | 18: Haavebua, Florø | 19: Halbrendstølen | 20: Halbrend barnehage | 21: Solsida barnehage, Toene | 22: Vieåsen barnahage

21

3

Arenakart

4 1

gen

bøe ste

5

Pre

Til Florø / Naustdal Byd

als

5

veg 15

9 2 7

8

Hafstadve

gen

egen

16

Fjellv 19

20

E 39

7

Trappetrinn

Til Hafstadfjellet 98

lsvegen

Angeda

gen bruve

en

gen 10

en

e Lang

lsve

n age

reh

Sto

22

alle

6

stda

Nau

13

Elve

18

n

ave

Øyr

16

17

E 39

Lysthaugen

16

14

12

11


Stolte sponsorar gratulerer med 30-årsjubileet! 30 ÅR – UTAN GRENSER!

Ta med deg heile familien og nyt festivalen frå byrjing til slutt. Opplev Førdefestivalen – lev litt!

99


Foto: Ton Maas

GODE OPPLEVINGAR GJER DEG RIKARE GØY Vi har vore sponsor for Førdefestivalen sidan 2008. Sjåast på festival! spv.no/05555


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.