Førdepatrioten no.1 2021

Page 1

Med hjartet på rette stadion!

FØRDEPATRI TEN Nr. 1 2021


– No håpar vi at det skal myldre her

Endeleg kan det sjå ut til at det er lys i enden av tunnelen. Korona-pandemien ser i vår del av av verda ut til å vere under kontroll, og meir og meir av samfunnet rundt oss vert opna opp igjen. Heldigvis. Det er på tide.

2

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

Ikkje minst har vi innan det frivillige organisasjonslivet, og idretten spesielt, lengta etter positive signal frå kulturministeren i det siste. Så når Abid Raja tidleg i mai gav grønt lys for ordinær aktivitet igjen for dei to øvste divisjonane i fotball, så steig forventningane også blant våre eigne fotballspelarar. Dei yngste spelarane har heldigvis i noko tid hatt tilnærma ordinære aktivitetar. Ikkje minst grunna organisering i den nye storkommunen der det har vore opna opp for kampar innad i Sunnfjord kommune. Dette har betydd at våre lag har spelt kampar mot Gaular/Viksdalen, Jølster og Tambarskjelvar, og har faktisk hatt eit reelt kamptilbod. No har endeleg kretsen også opna opp for dei fleste av sine seriar blant dei aldersbestemte, og det er duka for kamp om ballen i bokstaveleg forstand i større og større grad. I dette perspektivet er det verkeleg grunn til å rette ein varm og hjarteleg takk til alle støttespelarar som frivilleg har stilt opp for å gjennomføre


FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

Treng du leigebil?

Grafisk utforming: Rein Design AS Redaksjonelt: Stig Roger Eide Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk

VI TILBYR EIT STORT OG BREITT UTVAL AV BILAR

Varebilar Stasjonsvogner Personbilar

Det vanka både champagnebrus i stettglas og «We are the Championshymnen» då Førde sitt jentelag vann heile 6-0 over Eid i den avgjerande kampen i årets sesong. Snakk om knallsesong for desse ungjentene.

Kontakt oss når du treng leigebil, vi finn alltid ei løysing! Arild Sandvolll styreleiar i Førde il Fotball

Skadd bilen? Dei fleste bilforsikringsselskapa tilbyr fri leigebil ved kaskoskadar. Sjekk at det er leigebildekning i forsikringa di og ta kontakt med oss for avtale.

Fjordane Bilutleige tlf. 57 72 50 80

No er vi sultefora på ordinær aktivitet. Vi har over 1300 fotballspelarar i alle aldrar, og vi håpar det skal vere «tilbake til gamle dagar» med det første. Då er det viktig at vi som leiarar maktar å ha minst to tankar i hovud på samme tid. Vi skal oppretthalde og helst auke aktiviteten vår, og vi skal ha nok boltreplass for den stadig veksande medlemsmassen. Vi går ei spennande tid i møte og kjem til å måtte bruke alt tilgjengeleg areal. Kunstgrasbana ved Førdehuset må renoverast etter at det er bestemt at den nye vegen heldigvis ikkje skal inn på dette området. Dette vil venteleg ta noko tid. Samstundes er grasmatta på sjølve Førde stadion slik at det berre kan bli spelt A-lagskampar der. Då seier det seg sjølv at arbeidet med å skaffe plass til alle blir ei prioritert oppgåve i tida framover. Vi er mange i fotballgruppa, og målet vårt er at vi skal bli fleire. Då treng vi møteplassar for alle i tida framover. Men i den næraste tida håpar eg først og fremst at lyden av barn, unge og vaksne sin aktivitet skal dominere på våre baner. Vi treng alle å vere i aktivitet, og for våre medlemmer kan ikkje noko samanlikne seg med leiken om lærkula. Ser fram til å treffe deg rundt fotballen i tida som kjem. Mvh Arild Sandvoll (styreleiar i Førde il Fotball)

RI N

smittevernfagleg riktig aktivitet i over eitt år. Det er vaska ballar, avstanden mellom spelarar (sjå bilde på første side) er kontrollerte og passa på og det er lagt opp til eit vell av nye treningsøkter for å ivareta smittevernet. Og breiddefotballen har gjennom dette arbeidet vist imponerande arbeid. Vi har ikkje hatt tilfelle av korona i våre grupper, og er sjølvsagt svært stolte over det arbeidet som er gjort. Men vi kan likevel ikkje senke «guarden» fullstendig. I tida framover må vi framleis ha kontroll på kven som er inne på stadionområdet og passe på at alle registrerer seg. Og vi må sjølvsagt framleis vere bevisste med tanke å unngå oppblussing av viruset. Men vi er absolutt på rett veg med tanke på koronaen. Mange faktorar peikar i riktig retning, og håpet er no at det snart skal myldre på våre arenaer.

RUTEBILSTASJONEN • FØRDE

PÅ SK G BI AD 57 LE E 83 N? 72 50

FØRDE • SANDANE • STRYN FLORØ • MÅLØY • SOGNDAL

«BESKYTT DINE VERDIAR» Keramisk lakkbeskyttelse

DIAMONDCARE PREMIUM. 7 års garanti, ingen rebehandlingskostnad.

DINITROL

Mot Rust – luktsvak og effektiv behandling. Nr 1 på rustbeskyttelse.

BILSKADESENTERET AS RUSTBESKYTTELSE • DINITROL • LAKKBEHANDLING • DIAMONDCARE SKADEREPARASJON • BILGLAS Skade-, lakk-, og glasverkstad på Hafstadflata i Førde - Tlf. 57 83 72 50 post@bilskadesenteret-as.no • www.bilskadesenteret-as.no

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

3


,

Treng du elektrikar? • • • • • • •

Boliginstallasjon Næringsbygg Service Sikkerhetsanlegg Dataanlegg Automasjonsanlegg El-kontroll

Globalt eller lokalt? Ja takk, begge deler. Du kjenner nærområdet ditt. Det gjør vi også. Deloitte skaper verdier i og for regionen, samtidig som vi benytter oss av vår globale kompetanse. Vi leverer revisjon, advokattjenester, finansiell rådgivning, risikoanalyser og konsulenttjenester.

Kontakt Bravida på: Tlf. 57 72 29 70

Sammen med deg finner vi de beste løsningene.

E-post: forde@bravida.no

Kontakt oss gjerne for en uforpliktende samtale. Hans Jørgen Kirkeeide, tlf: 958 19 044 Leif Kilnes, tlf: 952 41 942 Gunn Irene S. Bruheim, tlf: 971 42 491

Sogn & Fjordane Tlf. 02407

Mer gjort. Mer tid. Med smarte IT-løsninger får du mer gjort, på mindre tid. Det betyr mer tid til overs, som kan brukes til andre viktige ting i livet.

www.serit.no // tlf: 98 24 03 60

4

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

© 2019 Deloitte AS

www.deloitte.no


LEVERANDØR AV ELEKTRO, RØR, VENTILASJON OG AUTOMASJON Caverion i Førde kjenner lokalmiljøet og står klare til å møte dine behov. Ring oss for ein uforpliktande samtale!

Automasjon

IKT og AV

Kjøling

Varme og sanitær

Elektro

Ventilasjon og klimaanlegg

Tryggleik

Caverion Norge avd. Førde Hafstadvegen 76 6813 Førde Tel. 57 72 36 00 forde@caverion.com

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

5


Opus inn som hovudsponsor for bil i Førde-fotballen:

– Det er viktig å gje noko tilbake lokalt ANNONSØRINNHALD

– Vi gjekk inn som hovudsponsor på bilsida i Førde il Fotball februar 2020. Det første året med korona-pandemi har sjølvsagt ikkje vore ideell, men vi er uansett svært glade for at vi gjekk inn på denne avtalen, seier Odd Arild Dale ved Opus AS. Opus AS er eigd av dei fem sunnfjordingane Roger Vikum, Dag Arve Savland, Odd Arild Dale, Harald Kapstad og Arild Fålun, og har i lang tid teke lokalt ansvar med å sponse mange lokale tiltak og personar. Til dømes har individuelle idrettsutøvarar som Gjørn Tefre, Marius Vedvik, Malene Blikken Haukøy, Roger Øye Pollen og Stian Grimseth vore på lista deira. – Dessutan har vi vore samarbeidspartnerar for Rett Vest, Florømila, Sogndal Fotball og har ikkje minst hatt stadionreklame på Langeland, Blomlia, Florø stadion og Motorsport-senteret i Kråkenesmarka i mange år. Og vi har vore med som aktiv sponsor av Sunnfjord Triathlon i Naustdal sidan det starta opp for 12 år sidan. Der har våre utstilte bilar vore ein vesentleg del av ramma rundt dette arrangementet. For oss har det nemleg vore veldig viktig å gje noko tilbake lokalt, seier Odd Arild Dale, som er dagleg leiar i Opus AS.

6

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

Det siste kalendaråret har altså bilbedrifta i Steinavegen 10 på Halbrendsøyra vore sponsor i Førde il Fotball etter at Berge & Co gjekk ut av sin langvarige avtale. Så no vil du sjå fleire og fleire av Opus sine logoar på banene, drakter, treningsklede og jakker til utøvarar og trenarar i Førde il Fotball i tida som kjem. – Trur vi allereie har bestilt godt over 1000 nye logoar, og etter kvart vil nok dette bli meir og meir synleg, seier Dale som får ros av dagleg leiar i Førde il Fotball, Per Øyvind Storevik om engasjementet til Opus Førde AS.

LOKALT VIKTIG -No er Opus hovudsponsor for oss når det gjeld bil. Det er ein treårsavtale, og vi er svært glade for dette engasjementet. Når det gjeld frivilleg arbeid, så viser det seg at vi er heilt avhengig av støtte frå bedrifter som er lokalt eigde. Når det gjeld større kjeder og slikt med hovudsete andre plassar i landet, så opplever vi ofte at det er vanskelegare å få støtte lokalt, seier Storevik openhjarteleg og ruslar mellom eit stort utval av forskjellige bilar i utstillingslokala sine på Halbrendsøyra. – No satsar vi for første gong ganske tøft på bobil-segmentet. I utgangspunktet har vi Opel, Suzuki og Isuzu-modellar, medan vi på bubilmarknaden satsar på Benimar-modellane. Og vi skal ha litt for einkvar smak her på huset, seier Dale og lêt Storevik ta ein titt inn i dei nye bubilane. – Vi har allereie seld nokre bubilar, og satsar på 10-12 bilar ut av


Flotte bruktbilar til sals Velkomen innom!

2018 Suzuki Vitara 1.4 Turbo AllGrip 140hk, Turbo S, SportTech, 18000 km. 18 794 km

kr 309 000,-

2017 Opel Zafira Tourer 1.6 CDTI Innovation/12 mnd.

Garanti. h. feste, 55 000 km

kr 259 000,-

2016 Isuzu D-max 2.5

2013 Mazda 6

Biturbo, ekstralys, blitsere, arb. Lys, 81 021 km

2.0 Skyactive Optimum, 165 hk, 201 535 km

kr 319 000,-

kr 109 000,-

butikken årleg. Vi har merka større etterspurnad dei to siste åra, og fann ut at tida var inne for å satse meir på dette. Og alle tilsette ser fram til at vi utvidar tilbodet vårt, seier Dale.

LANG FARTSTID Opus-bedrifta vart starta opp for 34 år sidan av trioen Svein Håland, Knut Ottersen og Jostein Njøsen. Desse tre var tidlegare også kollegaer med dagens leiar av Opus, Odd Arild Dale. I dag har bedrifta totalt 17 tilsette og omset for om lag 85 millionar årleg. – Vi har veldig stabil arbeidskraft med utruleg lite utskifting blant personalet. Vi scorar høgt på at kundane er nøgde, og no håpar vi at samarbeidet med Førde il Fotball skal gje synergi-effektar. Dessutan er det viktig for alle oss i bedrifta at vi støttar lokal aktivitet. Det gjer oss stolte å vite at vi bidreg positivt til sunn aktivitet i lokalsamfunnet. På den måten tek vi ansvar for utviklinga. Noko som betyr mykje for oss, seier Dale om engasjementet deira i Førde il Fotball. – Vi har vore med i Førde il Fotball i minst 15 år. Fram til i fjor i mindre skala, men no ser vi verkeleg fram til å vere hovudsponsor på bilsida i klubben, og håpar det vil slå positivt ut for begge partar, avsluttar Dale.

2017 Opel Astra 1.6 Turbo 2017 Nissan Leaf Turbo Dynamic, 200 hk, automat, garanti til 2023, 56 130 km

EL. Strøken og fullutstyrt Tekna 30KWH. EU ok i 2 år , 39 600 km

kr 269 000,-

kr 169 000,-

Hugs: service og oljeskift

Steinavegen 10, Førde Tlf. 57 82 99 00 – www.opusas.no FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

7


Vil løfte fram jentene

I Førde il Fotball er denne kvartetten ansvarleg for «Jenteløftet» i oppstartsfasen. Frå venstre: Henrik Myklebust, Bente Hermansen, Margunn Vallestad og Geir Vindheim.

klubb, men vi såg raskt at dette burde vere eit tiltak for langt fleire enn berre Førde, seier Vindheim.

Geir Vindheim og Førde il Fotball har teke initativ til «Jenteløftet», og allereie har 10 klubbar i området vist interesse. – No håpar vi at det snart skal vere mogleg å sette oss fysisk saman for å diskutere kva vi kan gjere for jente­ fotballen, seier Vindheim.

INTERNE PROSESSAR

«Jenteløftet» var i utgangspunktet tenkt å ha hovudfokus på eigen klubb, Førde il Fotball, men etter interne diskusjonar har dette no blitt eit tiltak for 10 klubbar rundt Førde. – Tanken var først å samle resurssane i eigen

8

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

– Det er faktisk berre Askvoll/Holmedal i tillegg til Førde som har eit sportsleg tilbod til jenter over 17 år. Dei har nemleg eit sjuar-lag i 4. divisjon. I dei andre klubbane betyr det i praksis at det ikkje finst eit tilbod til jentene, og dei då berre berre kan kutte ut fotballen, seier Geir Vindheim. Alle klubbane er einige om at dette ikkje er godt nok, og målet er å ha minst to 11`ar-lag i sesongen 2022 i denne regionen. – Klubbane vil saman diskutere korleis vi mellom anna skal betre rekrutteringa i klubbane, og ikkje minst korleis ein skal hindre det store fråfallet som er i jentefotbalen. Samstundes er det opp til kvar enkelt klubb å ha sine interne prosessar. Jenteløftet skal skape dialog for erfarngsutveksling mellom klubbane som kan gje klubbar gode tips for intern utvikling, seier Vindheim vidare.

TI KLUBBAR I REGIONEN Dei ni klubbane som i utgangspunktet var tiltenkt å vere med er: Florø, Svelgen, Eikefjord, Tambarskjelvar, Gaular, Askvoll/Holmedal, Dale, Jølster og Førde.

– No har vi også fått ein forespurnad frå Høyang. Og sjølvsagt skal dei også få vere med, seier initativtakaren til «Jenteløftet». Planen er at «Jenteløftet» skal vere med på å løfte fram fokuset på jentefotballen i vid forstand. – Det er ikkje snakk om at dei beste spelarane skal hit eller dit. Det handlar om å utvikle tilbodet i alle klubbane slik at einskildspelarar og grupper skal bli best mogleg ivareteke. Vi skal ha fokus på utdanning, ikkje minst på kvinnelege trenarar. Vi vil etablere ekstratilbod til spelarar, innføre jenteakademi og etablere gode hospiteringsordningar. Det handlar om å skape eit godt tilbod til alle, seier Vindheim og viser til at tett dialog klubbane mellom er ein føresetnad for å lukkast.

FYSISK MØTE – Det første møtet vi hadde var på «Teams». Det var veldig positivt, men no lengtar vi etter å få møte kvarandre fysisk. Vi vil mellom anna etablere fagdagar, arrangere seminar og prøve å få eit nærare samarbeid med til dømes dei beste kvinneklubbane i Vestland fylke, til dømes ArnaBjørnar, seier Vindheim og understerkar at prosjektet er i oppstartsfasen. – Det er allereie mange som har trua på dette prosjektet. No håpar vi berre at det snarast skal vere mogleg å realisere nokre av desse planane, avsluttar Vindheim optimistisk.


byggjer fellesskap

Murihagen

Vi gleder oss til å bygge Murihagen! På Bergum i Førde planlegg BOB å bygge rundt 70 leilegheiter og rekkehus. Bustadane skal oppførast i ein tunstruktur, med eit sentralt gardsrom som vil vere eit naturleg knutepunkt og møtestad for bebuarane, men også tilgjengeleg for nabolaget. Dei høgaste bygga vil få felles takterrasser med flott utsikt mot både sjø og fjell.

Tett på by – tett på land, med vakker utsikt over Førdefjorden. lag å p r Vi e ørde IL F med tball Fo

Interessert? Besøk murihagen.no og registrer deg på interesselista, eller kontakt prosjektet sine meklarar for å finne ut meir:

Ole Jonny Klopstad Holsen Eigedomsmeklar MNEF 415 22 029

Renate Ripe Johnsen Eigedomsmeklarfullmektig MNEF 473 30 484

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

9


Vil hoppe seg inn blant verdas beste Foto: Tore Storløpa Sneli

ANNONSØRINNHALD

– Eg trudde eg hadde gjort noko gale då læraren ville ha meg med på eit Teams-møte midt i treningsøkta mi. I staden dukka banksjef Elin Aaland opp på skjermen med 50 000 kroner til meg. Gjett om eg vart overraska og glad, smiler 16 år gamle Johannes Årdal. Merk deg namnet Johannes Årdal først som sist. Han har ambisjonar om å hoppe seg inn i verdseliten. Bokstavlege tala. For heilt sidan han var liten har lange hopp på ski fascinert han, og foreldra har i årevis inn køyrt ungdommen sin frå Jølster til aktuelle hoppanlegg på Austlandet for at han skal få realisert draumen sin.

MYKJE I BIL Og akkurat noko av eigeninnsatsen ­ Johannes Årdal har lagt ned, er den viktigaste grunn­ ­ gjevinga for at banksjef Elin Aaland dukka opp med 50 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane. – Det er kort og godt imponerande det Johannes har gjort når han satsar på hoppsport og på same tid bur i Sogn og Fjordane. Det betyr timesvis i bil frå og til trening gjennom heile

10

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

året. At han dessutan har hevda seg så godt prestasjonsmessig står det verkeleg respekt av, seier Elin Aaland i ein kommentar til utdelinga. Og 16-åringen vedgår at han i periodar har tenkt at det å satse på hoppsport ikkje nødvendigvis var det enklaste han kunne gjere. – Det har nok i periodar vore litt galskap, ja. Ikkje minst dagsturane frå Årdal i Jølster til Lillehammer, Oslo eller Vikersund for å trene. Opp i 03-tida om natta for å vere i hoppbakken klokka 09.00. Så nokre hopp før bilturen tilbake utpå kvelden. Det var ganske heftige dagar. Alt for at eg skulle få sjansen til å kunne konkurrere med jamaldringane mine som bur nær desse hoppanlegga, seier Johannes Årdal etter at han fekk overrekt Furore-stipendet frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

TIL LILLEHAMMER For når du har ambisjonar om å bli best i verda i hoppsport, og det knapt nok finst hoppbakkar på Vestlandet, så blir det mange kilometer med bilkøyring. – Då eg var mindre klarte eg meg med turar til Bjørkelibakkane på Veten i Stryn. Men etter kvart «måtte» mamma og pappa køyre meg tur/retur mange plassar på Austlandet for å trene. Då vart det mange timar i bil, seier Johannes Årdal som etter ungdomskulen på Skei tok konsekvensen av dette og sjølv flytte til Lillehammer. – No går eg på Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer og har optimale treningstilhøve her. Det er plast i Lysgårdsbakkane, så her kan vi hoppe året rundt. Eg har trent noko med Anders Fannemel frå Hornindal. Vi kjem begge frå mindre plassar, og veit noko om korleis det er å satse på hoppsport når du kjem frå slike små plassar langt unna hoppbakkane. He, he, ler Johannes Årdal og

er svært glad for at han plutseleg vart 50 000 kroner rikare gjennom Furore-stipendet.

HOPPAR ETTER FAR Interessa for hoppsporten meiner han kjem frå faren Jan Inge Årdal, som i si tid var ein habil skihoppar. – Pappa seier han har hoppa 102 meter i eit renn, og at han har hoppa nærare 115 meter på trening. Heldigvis har eg no hoppa lenger enn han. Eg har 141,5 meter som personleg rekord. Men målet er sjølvsagt å hoppe lenger enn det, seier Årdal og veit sjølvsagt at treningskamerat Fannemel i si tid hadde verdsrekord med 251,5 meter i Vikersundbakken. – Draumen er sjølvsagt å flyge så langt som mogleg. Men eg har ikkje dårleg tid på meg, og skal ta steg for steg. Tolmod er viktig i denne idretten, seier 16-åringen som allereie har vunne både Hovudlandsrennet i Norge og blitt utteken i den norske troppa til å delta i junior-VM sist vinter. Dessutan vart han nummer fire i juniorNM, stor bakke og hoppa seg også inn til 20.plass i storbakken blant seniorane i NM sist sesong.

SØK STIPEND – Det er delt ut 84 stipend sidan banken starta opp med dette for 13 år sidan. Det er svært mange kjende idrett- og kulturutøvarar frå Sogn og Fjordane som har fått tildelt slike Furorestipend gjennom desse åra, seier banksjef Elin Aaland og reknar med at det vil dukke opp mange søknadar i tida som kjem. Pengane er gjeve av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. – Fristen for å søkje om nye Furore-stipend går ut 15. juni, seier Elin Aaland.


”Det kjekkaste med jobben er å finne gode løysingar som er tilpassa kvar enkelt kunde. Det er viktig for meg å skape gode relasjonar, vere tilgjengeleg og hjelpe kundane med økonomisk rådgjeving i ulike fasar i livet.” Gøril Solvåg, Kunderådgjevar i Førde

Den korte vegen til eigen bustad Å kjøpe bustad kan vere både spennande, skummelt og moro på ein gong. Usikker på kor du skal starte? Gøril, eller ein av dei andre rådgjevarane våre er klar til å hjelpe deg. Stikk innom kontoret vårt, eller ring: 57 82 97 00

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE

BEST I NORGE PÅ

TILLIT

EP

20 SI 2 019 • 2 0

Prøv lånekalkulatoren vår og søk lån på ssf.no/bustad

Er du under 34 år og på biljakt? Billån Ung er skreddarsydd deg som treng bilfinansiering. Søk lån hos oss og få svar på timen. Vi tilbyr også Norges beste bilbonus med Frende Forsikring. Les meir og søk lån på ssf.no/bil

Priseks.: Nom. rente 6,95 %. Eff. rente: 10,22 %. Lån 100 000 over 5 år: Total kostnad: 126 165 kr

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

11


ALTI PÅ

HEIMEBANE! VI STØTTAR FIL-FOTBALL Opningstid: 10–20 (18)

Meir av det som gjer deg glad

Førde IL Fotball sin utstyrsleverandør!

Autorisert merkeforhandlar og merkeverkstad.

frydenbo-bil.no

12

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

45

BUTIK

KAR

www.alti.no

Elvetorget, 3. etasje Tlf. 57 72 00 67 • forde@sport1.no

Frydenbø – din lokale forhandlar av Volvo, Nissan, BYD og Maxus.

Frydenbo Bil

OVER


Sommardekk og vinterdekk bør oppbevarast riktig når dei ikkje er i bruk. På vårt dekkhotell får dei akuratt den behandlinga dei krev i form av trygg lagring, dekksjekk og hjulvask. Velkommen til vårt dekkhotell.

Bestill time til dekkskift på vår nettside.

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

13


Dei har over 70 års fartstid i fotballen Sjekk desse to karane! Dei er ansvarlege for at ei stor mengd pengar kjem inn på Førde-fotball og Førde idrettslag sine konti. Sjølv meiner dei at dette er fornuftig bruk av pensjonist-tida si. Bli litt meir kjent med Odd og Anders. To pensjonistar som dagleg er å finne nede på klubbhuset i Hafstadparken. I dag er dei nok mest opptekne av å få pengar inn i klubbkassene, men dei har også lang fartstid i Førde Cup-komiteen. Her har Odd vore turneringsleiar i mange år, medan Anders har vore hallansvarleg like lenge. Dei har faktisk vore med i Førde-fotballen lenger enn dei aller, aller fleste. Odd har vore med sidan 1981, og feirar i år 40 år i Førde-fotballen. Anders har «berre» vore med sidan 1990. Dermed kan desse to heiderskarane til saman sjå tilbake på over 70 års engasjement og arbeid for Førdefotballen.

DETTE ER ODD He, he. Ja, det har blitt mange forskjellige arbeidsoppgåver desse åra. Det einaste eg ikkje har gjort, trur eg er å køyre buss eller å trene A-laget. Elles har eg nok vore borti det meste, seier 69-åringen Odd Henrik Hagen. I det sivile livet er det sikkert mange som har stifta kjennskap til han som anten lærar eller inspektør i skuleverket, og kor han hadde sin siste arbeidsdag på Slåtten skule for nokre år sidan. Men dei langt fleste kjenner nok han som

14

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

engasjert idrettsmann, og spesielt fotballmann, rundt Førde-fotballen. – Etter at eg kom til Førde i 1981, har Førde il Fotball stått mitt hjarte nær, ja. År ut og år inn, så er det fotballen som har engasjert meg. Når eg så vart pensjonist, fann eg ut at eg like godt kunne halde fram med dette. No er eg ansvarleg for å krevje inn treningskontingenten for alle dei 1300 spelarane vi har. Det er klart at dette utgjer ein stor del av inntektssida i klubben, seier Odd Hagen og viser til at korona-pandemien i berre liten grad har påverka aktiviteten. – Så langt ser det ut til at dei fleste held fram med å spele fotball. Vi har ikkje sett noko grunn til å auke kontingentane no i denne perioden, og langt dei fleste held fram som før. Noko vi er svært glade for. For det er vel ingen tvil om at for barn og unge, så har idrettsleg aktivitet svært stor verdi. Ikkje minst no, seier den pensjonerte pedagogen til Patrioten sin skribent. I tillegg til arbeidet med å få inn trenings­ kontingenten for alle spelarane, så er Odd styremedlem i hovudlaget (Førde idrettslag), og er nestleiar og styremedlem i fotballgruppa. Så at Odd Hagen i 2019 fekk heiderspris er vel berre rett og rimeleg?

DETTE ER ANDERS Medan Odd Hagen i mange fora har vore ein synleg fotballmann, ikkje minst som møteleiar, speaker og talar, så er hans kollega Anders Skreien ein langt mindre synleg person. Men ikkje derned sagt at han er mindre viktig av den grunn. Langt i frå. – I starten var eg med som trenar i den aldersbestemte fotballen då ungane mine var aktive. Seinare vart det til at eg kom med i forskjellige styre og komitear, og eg har også vore klubbens konsulent når det gjeld digitalisering og slikt, seier Anders Skreien. Og på innspel frå gode kollegaer i Førde il Fotball, så er Anders Skreien langt meir enn det: – Anders er her kvar dag, og gjer alt forefallande

arbeid. Han skifter lyspærer, koker kaffe og tek eit praktisk tak når det er trong for det, seier dagleg leiar Per Øyvind Storevik om Anders sitt pensjonist-tilvere i Hafstadparken. Dessutan har Skreien eit utal med timer i alpinanlegget Blomlia gjennom vinteren. – Du veit, at viss eg er her i Hafstadparken på dagtid, så har eg ledig tid på kveldane og i helgene. Då er det godt å delta i litt dugnadsarbeid i Blomlia, smiler Anders Skreien som i sitt sivile arbeidsliv jobba i flyplasstårnet på Bringeland i ein mannsalder. I dag er Anders Skreien ansvarleg for å krevje inn medlemskontingenten i Førde idrettslag. – Det er klart at når Odd har ansvar for dei 1300 i fotballgruppa, medan eg har ansvar for 2200 i hovudlaget, så står vi for ein stor del av inntektene til både idrettslaget og fotballgruppa. Så viss ikkje dette er meiningsfullt pensjonistarbeid, så forstår ikkje eg, smiler Anders Skreien og passar på at vi alle har kaffe i koppane våre. Så at Anders Skreien fekk heiderspris i 2019 er vel berre rett og rimeleg?

VIS DEI RESPEKT For alle oss andre i Førde il Fotball, så kan det kanskje vere grunn til å stoppe opp og reflektere litt over dugnadsinnsatsen til slike eldsjeler. Dei har gitt av si fritid i årevis, og når dei har blitt pensjonistar, så brukar dei nesten alle dagane sine på dugnadsarbeid for oss andre. Eit arbeid det verkeleg står respekt av, og dei er førebilete for mange av dei andre som får hjula til å rulle rundt i denne organisasjonen vår. Førde il Fotball er ikkje nokon Super League-klubb. Dette er breiddefotball på sitt beste, og dei legg ned arbeid som gjer at svært mange andre også opplever meiningsfulle dagar. Gleda av å glede andre, er ofte noko av det største du kan oppleve. Så vis desse karane respekt og takksemd neste gang du møter dei!!


VI FØLGJER MED - GJER DET DU ÒG!

EIT STORT UTVAL FLIS FOR ALLE AV UTEFLIS VI LEVERER KVALITET, KOMPETANSE VI LEVERER KOMPETANSE OGKVALITET, GOD SERVICE OG GOD SERVICE

NETT AVIS MOBIL Tlf. 911 57 600 / 906 23 521 www.farsundflis.no Sanderplassen 7, 6813 Førde, post@farsundflis.no

flis for alle

Tlf. 911 57 600 / 906 23 521

TILBUD PÅ ROBOTGRESSKLIPPERE RMI632C Veil kr 22 990,-

RMI422 Veil kr 10 490,-

19.490,-

9.490,-

TILBUD

STOLT SPONSOR AV FØRDE IL FOTBALL

TILBUD

FØRDE BIL & REKVISITA AS HAFSTADVEGEN 52, 6800 FØRDE TLF. 57 82 14 44 FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

15


Best på fast breiband i Norge Best på rask responstid (Latency) i Norge www.enivest.no/kundesenter/speedtest

Nett der du er sidan 2000

16

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021


FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

17


No er det 580 dagar sidan siste kamp – Eg skal vel ikkje påstå at kulturminister Abid Raja har vist så veldig mykje forståing for korleis breiddeidretten har det, seier Førde-trenar Terje Rognsø. No er det 580 dagar sidan Førde sitt herrelag spelte sin siste obligatoriske fotballkamp. 22. oktober 2019 var siste gong Førde sitt herrelag mønstra eit lag til obligatorisk kamp. Motstandar på Førde stadion var Eid, og sluttresultatet vart 1-1. Sidan den tid har det meste av aktiviteten vore prega av den pågåande korona-pandemien. Mesteparten av tida har det ikkje vore tillête med fysisk kontakt, og alle treningsøktene har vore lagt opp for å tilfredsstille myndigheitene sine krav. Noko som har gjort kvardagen veldig spesiell for dei involverte.

IKKJE KAMP – Eg starta som trenar i Førde 1. januar 2020, og må berre innrømme at det har vore ein veldig spesiell periode. Vi driv jo med fotball primært for å teste oss ut i kampar. No når det ikkje har vore tillatt, så oppleves det omtrent som ein

unntakstilstand. Og først og fremst står det enorm respekt av at spelarane har hatt tolmod heile tida, og ikkje har gitt opp, seier Terje Rognsø då Førde-patrioten svingar innom ei treningsøkt i Hafstadparken ein maikveld. Ute på feltet er om lag 25 spelarar i aktivitet, og trenarane Terje Rognsø, Elias Øvretveit Larsen, Eirik Flatjord og Per Øyvind Storevik gjer sitt beste for at øvingane skal vere motiverande for spelarane. – Ja, faktisk har vi heile tida prøvd å finne øvingar og treningar som gjer det interessant og kjekt for spelarane å halde på. Når vi ikkje skal ha kontakt med kvarandre, så har akkurat det vore utfordrande. Berre det at vi ikkje kan møtast til spelarmøter og slikt, er jo også heilt nytt. Dessutan får vi jo ikkje testa ut ferdigheitene når vi ikkje får spele kamp, seier Rognsø.

BERRE NORGE Han viser til at dei i periodar har lagt vekt på å auke den fysiske delen av treninga, så lenge det ikkje har vore lovleg å ha ordinære speløkter. – No er Norge det einaste landet i Europa som ikkje har opna opp for aktivitet i breiddeidretten. Eg kan delvis forstå dette når det gjeld innandørsidrett, men eg kan ikkje fatte at dette skal vere noko problem utandørs. Danmark starta til dømes opp allereie i mars, medan vi her i Norge no snakkar om to moglege scenarioer; med anten oppstart i juni eller i august. Og eg fryktar faktisk det siste. Då blir det ein kort og hektisk sesong. Eg håpar berre spelarar og støtte-apparatet held ut dette, seier Rognsø openhjarteleg om pandemien som har rasa i verda i snart 1 ½ år.

– Samstundes skal vi erkjenne at situasjonen ikkje er den verste i Førde. I denne klubben er det frivillige støtte-apparatet både robust og entusiastisk, og spelarane er utruleg motiverte. Det gjer situasjonen langt lettare. Faktisk er det slik at i løpet av desse 580 dagane, så er det berre ein spelar som har «gått ut» av spelargruppa. Og i hans tilfelle var det ein jobbsituasjon som var utslagsgjevande. Dessutan har vi heldigvis hatt lite skader. Faktisk er det berre Frank Robert Værn som har vore ute ein periode grunna dette, seier Rognsø og kan ikkje få fullrost sine medhjelparar rundt laget.

DEI GODE HJELPARANE – Vi er ein kvartett rundt laget som fungerer godt saman. Elias er ekstremt dedikert og tek meir og meir leiaransvar. Han er svært dyktig på logistikk og slikt, og veks heile tida med oppgåvene. Eirik er super når det gjeld fysisk trening, og han kan dette betre enn dei fleste. Og i ein periode kor det å jobbe med spelarane sin fysikk har vore prioritert, så har dette vore gull verdt. Og PerØyvind er jo sjølvsagt den beste keeper-trenaren vi kan ha, og bidrege elles sjølvsagt på mange område, seier Rognsø som likevel vedgår at fråveret av kampar tærer sterkt på tolmodet. – No ventar vi spent på kva konklusjonar Abid Raja vil komme med i samband med gjenopningsplanen, og når vi kan starte med ordinære treningar. Vi ser lyset i enden av tunellen, men føler det går litt for sakte. Håpar kulturministeren forstår at vi er mange, mange tusen som er ganske utolmodige no, seier Rognsø.

VI GIR FØRDE FOTBALL MEIR ENERGI! Medan BKK driv med fornybar energi, er Førde fotball drive av energi frå mange frivillige som jobbar for eit aktivt og stort fotballmiljø. Etter fusjonen med Sunnfjord Energi, er det sjølvsagt for BKK at vi vidarefører sponsoravtalen med Førde Fotball. Vi gler oss til å halde fram som ein lokal støttespelar i Sunnfjord.

18

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021


– Trur vi vil overraske Damelaget til Førde er kanskje meir som eit jentelag grunna låg alder på spelarane, og trenar Henrik Myklebust trur den unge spelarstallen vil overraske med stor løpskraft og framoverretta spel. – Vi har faktisk ein stor grad av kontinuitet i troppen, sjølv om vi nesten ikkje har spelarar over 20 år. Det skuldast sjølvsagt at dette er spelarar som har halde på i mange år. Nokre av dei har eg faktisk trent sidan dei gjekk i 1.klasse på barneskulen, smiler Henrik Myklebust då Patrioten stikk innom ei treningsøkt tidleg i mai månad.

GODT TRENT – Flesteparten av desse spelarane var med på J19-laget i fjor, og har ikkje hatt like langt opphald frå aktiv fotball grunna koronaen som til dømes herrelaget. Samstundes har vi gjennomført ein svært god treningsvinter. Og resultata frå den siste Nordli-testen viser at spelarane i gjennomsnitt har betra seg minst 10 prosent gjennom vinteren. Det ser vi som svært positivt, seier Myklebust som også knapt nok opplever fråfall i spelartroppen.

– Vi har vore veldig priviligerte som omtrent ikkje har fråfall i treningsgruppa. Når dessutan trenngskvardagen har vore god, er det grunn til å sjå optimistisk på seriestarten. Når den måtte komme, seier Myklebust og ser verkeleg fram til å spele om poeng igjen.

ØVRE SJIKT – Ja, no ventar vi verkeleg på å komme i gang for fullt. Sjølvsagt håpar vi å vere med i det øvre sjikt i årets 3. divisjon. I 2019 vann Stryn, men dei makta ikkje å kvalifisere seg til opprykk. Dermed må vi truleg rekne Stryn og Sandane som dei hardaste konkurrentane også dette året. Men sjølvsagt håpar vi at vi skal vere heilt på topp, seier Myklebust offensivt og ser eit tjuetals spelarar gjennomføre ei hardøkt i Hafstadparken. – Det er bra trøkk i gruppa, og fysisk står vi langt betre rusta enn tidlegare. Så får vi berre håpe at det gjev resultat når kampen om poenga startar, seier Førde-trenaren som ikkje minst er svært glad for at ingen av spelarane har lête seg freiste av å reise til andre klubbar. – Ja, faktisk håpar eg at vi skal klare å halde på det gode miljøet i gruppa. Vi har fått mange forespurnader på fleire av spelarane våre, men eg både håpar og trur at vi no skal sjå at det sportslege tilbodet vi har her i klubben, ikkje står noko tilbake for det vi opplever i andre klubbar. Tvert om. Både hospiteringsordningane og keeper-­ treningane har vore svært gode det siste året, og no håpar vi å sjå resultat av eit langsiktig og godt arbeid på jentesida, avsluttar Henrik Myklebust.

Automatisert driftskontroll Totalleverandør av automasjonsløsninger

pønske.no

Byggautomasjon Vann og avløp automasjon Maritimautomasjon

Normatic AS Postboks 132, 6771 Nordfjordeid Telefon + 47 57 86 48 50 E-post: post@normatic.no www.normatic.no

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

19


– Sjølv om dommarsituasjonen ser bra ut no, så treng vi kontinuerleg nye dommarar, seier dommaransvarleg i Førde il Fotball, Bjørn Egil Sunde.

Utan dommarar stoppar klubben opp Har du ein gryande fotballdommar i deg, og blir irritert over prestasjonen til dei svartkledde under kamp. Då er oppfordringa frå dommaransvarleg Sunde klar: – Vi vil gjerne ha både vaksne og yngre i staben vår. Helst av begge kjønn, Så ta kontakt viss du har lyst til å dømme fotballkampar, er rådet frå Bjørn Egil Sunde og viser til at dommarsituasjonen i Førde il Fotball ser ganske bra ut. – Ja, eg meiner situasjonen her i klubben er ganske god. Ikkje minst samanlikna med korleis situasjonen er andre plassar rundt i «gamlefylket». I Nordfjord har dei for eksempel så store problem med dommarar at det kan bli vanskar å gjennomføre seriane viss vi no kjem skikkeleg i gang igjen etter pandemien, seier Sunde som også er innvald i dommarkomiteen i Sogn og Fjordane Fotballkrets og derfor kjenner godt til situasjonen rundt omkring.

TA STEGET OPP – Etter at eg melde overgang frå Eikefjord til Førde for eit år sidan, så har vi no tre krins­ dommarar i klubben. Dette er Jonas Mossestad, Arve Ekehaug og underteikna. Dessutan har vi sju rekrutteringsdommarar, og fleire av dei kan ta steget opp til krinsgraden viss dei har interesse for dette. For tida er det fire av desse sju som er påmeldt kretsen, seier Sunde. Desse dommarane dømmer ungdomsfotballen

20

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

i klubben, og er følgjande: Amund Laukeland, Sander Solheimsnes Holvik, Astrid Kiil, Linus Hagenes, Stian Helle, Eirik Fleten og Elias Lekva.

23 PÅ LISTA På nivået under desse ti aktive dommarane, har Bjørn Egil Sunde heile 23 klubbdommarar på lista si. Dette er dommarar som dømmer blant dei yngste i klubben, og har alle gjennomgått grunnleggjande dommarkurs. – Fleire av desse står på terskelen til å ta steget opp til rekrutteringsdommarane, og viser fotte haldningar. Så situasjonen ser absolutt lys ut, seier Sunde som likevel gjerne vil ha med fleire som tek ansvar for dommargjerninga.

LANG FARTSTID – Utan dommarar stoppar fotballen opp, og vi må alle ta eit ansvar for det. Så viss det finst tidlegare fotballspelarar som gjerne vil halde seg litt aktiv og kan tenkje seg å dømme nokre kampar, så er det berre å ta kontakt. Dette er ein fin måte å halde seg i fotballmiljøet på, og det er dessutan økonomisk godtgjort. Førde il Fotball opererer nemleg med samme godtgjersle som det kretsen har, så her kan ein få litt godtgjort for fritidsinteressen sin, seier Sunde som til dagleg sjølv er å finne som ambulansearbeidar i Helse Førde.

– Eg har stort sett alltid vore oppteken av å dømme fotballkampar, og har hatt svært mange gode opplevingar desse åra. Eg har tidlegare vore i klubbane Anga, Eikefjord og ikkje minst moderklubben Førde. No er eg tilbake der eg starta, og då har eg veldig lyst til å gjere dommarsituasjonen betre i klubben min, seier Bjørn Egil Sunde.

FEKK NAPP Leiaren i breiddeutvalet og styremedlem i Førde il Fotball, Geir Vindheim, er svært glad for at dommarsituasjonen endeleg er betre i klubben. – Eg har lenge hatt lyst til å få Bjørn Egil Sunde tilbake i klubben, og då vi endeleg lukkast med dette i fjor, så ser vi allereie no at mykje har betra seg. Han tek ansvar, følgjer opp dei einskilde dommarane og er på mange måtar eit positivt førebilete. No er jobben til klubben å vidareutvikle mange av desse dommartalenta vi har, og ikkje minst få utvikla fleire jenter inn i dommarjobben. Noko som er heilt naturleg med tanke på kor mange jenter som spelar fotball. Ikkje minst her i Førde, seier Geir Vindheim om dommarsituasjonen i Førde il Fotball. Og husk at viss du har lyst til å dømme fotballkampar, så er det berre å ta kontakt med Bjørn Egil Sunde.


14 stk selde!

29 NYE LEILEGHEITER I FØRDE SENTRUM

Med gangavstand til alt det spennande sentrum har å by på Ynskjer du å bu vedlikehaldsfritt og med nærleik til natur midt i sentrum? I Langebruvegen kjem det moderne og funksjonelle leilegheiter over seks etasjar. Leilegheitene får gode kvalitetar som vassboren golvvarme, vestvendte balkongar, heis og felles takterrasse. I Langebruvegen er det kort veg til opplevingar innan kultur og friluftsliv, trening og velvære, lege og apotek og det du elles treng i kvardagen.

Finn di leilegheit: Besøk LANGEBRUVEGEN.NO Eller kontakt prosjektet sine meklarar: Ole Jonny Klopstad Holsen Eigedomsmeklar MNEF 415 22 029 Renate Ripe Johnsen Eigedomsmeklarfullmektig MNEF 473 30 484

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

21


VI STØTTAR

FØRDE-FOTBALLEN Tlf. 99 21 25 55 – www.fsement.no

Vi ønskjer deg ein fin sommar!

Hotellet for dei

gode opplevingane! • Kurs og møter • Lokalmat på menyen • Kunst og kultur • Blåtur og kick-off • Bryllup og jubileum • Avslapping, velvære og SPA

Storehagen 2, 6800 Førde - tlf. 57 83 40 00 www.scandichotels.no

22

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021


ҳҮҜңҸůҲчҳҮөчҮһһҮө өҜẀҺчһҮẃҮөҸůҲчәỪчҮҸч өҮҺҺҮчŮӘңҮһһҜө ŰӮВЁӢЁӢЙЙБŧŰš В˛ΏЫ˝ЉЇ˜˝̄hЉ˛̄�ИЯ˛Љˇ̄Ỳ˙˜–ˇ̄ЫЯˆЯ˛̄˜Ỳ˝̄țˇЉ˝Ŏ̄ЪЯЮ˜ЉЪ˝Љ˝–˛̄țЫỲ˙Ỳ˜ЪỲЮẅ̄ЉˆỲ˝Ŏ̄˜ЉЫ̄ЫЯ̄ЉỲ–˜ˇЯЫ̄˝Љˇ˙Я˛̄ ŰЯ̄hț˛̄—Ỳ̄˛ț˜Ї̄ˆЉ—Љ˛ỲЮẅ̄Яẅ̄ЇЮțˆˆẅЯЫЉ̄˝ỲˆẀЯЫ̄˙Λ̄ЉỲ̄˛ЉЇЇЉ̄h‚Ẁ˛ỲЫˇЯЫЉˆˆț˛Ń̄ВΛЫЉ̄ГИИБ̄̄ЀУВЁŦŎ̄ ỲЮЪỲЫỲЫ–Ю˝̄–˝̄ˆțẀЯ˛Љ̄Љ˝̄ЫЯˆЯ˛Љ̄ˇțẅЮț̄țˆỲ˚–țŐ̄П˝̄ЉЮỲˇ̄țЫ̄ˇỲЮỲˇ̄—ЉЮỲțˇŎ̄˚–Ỳ˜̄ЮЯ˜˝˛–Ы̄Љ’Љ˛ЪỲ˝ț˝ỲЯЮ̄ БРŖ̄ИПЕŏЁŰ̄ЀУВЁŦ̄Яẅ̄УБЁ̄ЀУВЁŦ̄ЊΛ˛̄Ы–̄ЮЯ̄ˇЉЫ̄ЊțЮ˝ț˜˝Ỳ˜ЇЉ̄Їțˇ˙țЮІЉ˙˛Ỳ˜ț˛̄Яẅ̄ẅЯЫ̄˛ЉЮ˝ЉŐ̄ –ˆˆțˇЪЯ̄ˆțẀЯ˛Ỳ˜̄ЮỲ˜Ỳ̄–˝̄țˆỲ˚–Ỳ˙̄Љ’̄Љț̄ЪЯˇˇЯЫЯ̄ЪЯЮ˜Љ˚–ț˝Ő̄Ŧ–Ỳ˜̄ț–˝Љ̄Ỳ˛–˛Љ̄ЫЯˆЯ˛̄ỲЮ̄˛Љ˙˛ЉhЉЮЫЉ˛Ỳ˝̄ỲЮ̄ Їțˆ̄Ы–̄hț̄Ю‚̄ẀỲˆ̄˝Ỳˆ̄˜Яˇˇț˛ЉЮš̄ŦΛ̄ЇțЮ̄ЫЉ˝̄—Љ˛Љ̄ˆ–˛˝̄Λ̄˝ț̄ЇЯЮ˝țЇ˝̄ˇЉЫ̄Я˜˜̄ЮЯŐ̄РЉˆЇЯˇˇЉЮ̄˝Ỳˆ̄Я‚Я˝ț̄ —Яˆ–˙˝ț˝Љ̄—ЉˆỲ˝̄Љ˜˜Љ̄ЪỲˆˆ–ˇ̄ЫЯˆЯ˛Љ̄Љ–̄Њ–ẅỲț˝̄Ю–ˆˆț̄˙ț˛Ỳț˝–˛Ő̄ŧ’ЪЉ˙˝Љ–˛̄˜ỲЮ˝̄ЯЪЪțЉЪț˝̄Ъ–˙ỲЫț˝ț˝̄ЮЯЮ̄ ДΏ˛ЫЉŃ ˙˛ЯỲЫЉЮ˝Ŏ̄˜–Ю˝̄ỲЮ̄Ъ–ˆ˙țŎ̄ŦЉЮЮЉ̄˝ЉЇ˜˝ЉЮ̄Љ˛̄˛ЉЫỲẅЉ˛Ẁț˛Ń

C-HR GR SPORT Pris frå 348.000,-* Privatleige frå 2.750,-/md** 0,95 % fastrente 3 år**

ГИИБ̄̄ЀУВЁŦ ˛Ỳ˜̄Њ˛Λ̄ŖœřŐŒŒŒŎŏŌ ˛Ỳ—ț˝ˆЉỲẅЉ̄Њ˛Λ̄ŔŐřœśŎŏőˇЫŌŌ ŒŎśŗ̄Ň̄Њț˜˝˛ЉЮ˝Љ̄ŕ̄Λ˛ŌŌ

БРŖ̄ИПЕŏЁŰ̄ЀУВЁŦ ˛Ỳ˜̄Њ˛Λ̄ŗřŚŐŒŒŒŎŏŌ ˛Ỳ—ț˝ˆЉỲẅЉ̄Њ˛Λ̄ŕŐśŖŕŎŏőˇЫŌŌ ŔŎśŗ̄Ň̄Њț˜˝˛ЉЮ˝Љ̄ŕ̄Λ˛ŌŌ

УБЁ̄ЀУВЁŦ ˛Ỳ˜̄Њ˛Λ̄ŕŒŚŐŒŒŒŎŏŌ ˛Ỳ—ț˝ˆЉỲẅЉ̄Њ˛ț̄œŐśŚŘŎŏőˇЫŌŌ œŎśŗ̄Ň̄Њț˜˝˛ЉЮ˝Љ̄ŕ̄Λ˛ŌŌ

ёҸẴằẲẻẹắẼẫчẬẸầằẺѓчẲẫẼѕẵậчẸẫậѕẵẳằчёёәẸắẼầẺẲẫắậẫчẫằẹѕчẳẵẪẫẲẲчẁẵếẵẺầчҢҳөґчẀẺầẸẺẲẫắậẫіẫẺầẨẲѕậẫẨếẸчѝїѕїїїѓєѕчẁẵẺầẲẺчјѝћчћҐїѓєѕчњчλẸẹчẨắẴẪắẴậẹẺắẪѓчằẰⁿẸẫẲẫẴậẪẫчћќчїїїчằẳѕчҜẼẨắẲẪẫẺчẳẵẪẫẲẲчằầẴчẮầчẫằẹẺẸầẻẺẹẺếẸѕчẃắчẺầẸчẬẵẸẨẫẮẵẲẪч ẵẳчẺẸếằằẬẫắẲѕ

Toyota Førde www.toyota-nf.no

Hafstadvegen 78, 6802 Førde Tlf: 57 72 10 00

Åpningstider: Mandag - fredag 08.00 - 16.00 Lør. 10.00-13.00

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

23


2021 1971–2021

BESTILL CONTAINER TIL FAST PRIS BESTILL CONTAINER BESTILL CONTAINER Kontakt på 09700 TIL FASToss PRIS TIL FAST PRIS Du kan også bestille Kontakt oss på: påwww.ngn.no 09700 Kontakt oss på 09700

Blinken - b rav o

-

ar Sp

de før

50

år

m e d dag l e g

e r a v

r

Du kan også bestille på: www.ngn.no Du kan også bestille på: www.ngn.no

VI KAN HJELPE DEG MED... • Graving • Pigging • Masseforflytting • Natursteinsmuring • Plastring • Snørydding • Stikking • Masseberekning

• Boring • Sprenging • Transport • Sandtak • Nydyrking • Rørlegging • Landmåling • Rivingsarbeid

Kontakt oss for eit prisoverslag! Tlf. 57 82 40 30 eller magne@magnehafstad.no

24

FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021


POSITIV ATMOSFÆRE

SOSIALT

HYGGELEG SERVICE

PULS FØRDE

Komperansesenter for idrett – tren med høgkvalitetstrenarar i avslappa atmosfære.

TRIVELEG

KVALITET

GLEDE

KOMPETANSE

Kom innom oss, eller send epost til post@pulsforde.no for å få hjelp til trening tilpassa akkurat deg og dine ynskjer. Starter du i dag er du nerare målet i morgon.

av r o ns ball o sp Fot t l Sto rde Fø FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

25


l l a b t o f e ørd Vi støttar Førdefotballen! .no www.fordecamping Tlf. 468 06 000

likra, Advokatfirmaet B Slotterøy og Fonn

Øyrane 4

Anleggsgartner

w.rikoforde.no

ww

Baarøy AS

Døskeland Marine59

r a t t ø t s i V ! n e l l a b t Førdefo Angedalsvegen

F

Firda Revisjon

R

R

& Rådgivning AS

Vie Senter

le Pers Trafikksku Tlf. 918 09 888

Øyrane 4

ttar ! n e l l a b t fo Utleie - maskiner

Tlf: 57 82 70 00

likra, Advokatfirmaet B Slotterøy og Fonn

no

www.rikoforde.

Døskeland Marine59 Angedalsvegen

og utstyr

AVD. FØRDE

www.ramirent.no

Vie Senter

Øyrane 4

likra, Advokatfirmaet B Slotterøy og Fonn

Døskeland Marine

Anleggsgartner

Baarøy AS

Angedalsvegen 59

Utleie - maskiner

26

FØRDEPATRI TEN FØRDEPATRI TEN NR. 1 2021

Vie Senter

Tlf: 57 82 70 00

og utstyr

www.ramirent.no

F Firda Revisjon

R

FØRDE AV R D.

& Rådgivning AS

.n www.fordecamping 0 00 06 8 Tlf. 46


no

Vi st ! n e l l a b t o Førdef

r a t t ø t r s a t t Vi ø t s i V ! n e l l a b t o l l a b t o f Førdef e Førd likra, Advokatfirmaet B Slotterøy og Fonn

GLASMEISTER

Øyrane 4

e.no

An

www.rikoford

Døskeland Marine59

Ba

Angedalsvegen

Sjøsanden Eigedom AS

likra, Advokatfirmaet B Slotterøy og Fonn

Vie Senter Øyrane 4

Firda R

Øyrane 4

e.no

www.rikoford

e.no

www.rikoford

Døskeland Marine59

B

Angedalsvegen

Utleie - maskiner

Tlf: 57 82 70 00

og utstyr

www.ramirent.no

Vie Senter

Fird

AVD. FØRDE

Vie Senter

GARDEROBE KJØKKEN | BAD | TLF. 913 11 837

950 41 650

Anleggsgartner

Baarøy AS og utstyr

Utleie - maskiner

Tlf: 57 82 70 00

maskiner og utstyr

- E Utl FØRD D.eie AV

www.ramirent.no Tlf: 57 82 70 00

F Firda Revisjon

R

R S

& Rådgivning A

www.ramirent.no

.no www.fordecamping Tlf. 468 06 000

NR. 1 2017 FØRDEPATRI TEN

27


50 år i idretten si teneste Han debuterte som fotballspelar på A-laget til Førde i 1971. Etter den dagen har han vore i moderklubben sin teneste. På eitt eller anna vis. Bli med på ei idrettsreise utanom det vanlege, og les om Oddvar Huseklepp si historie som ihuga og entusiastisk Førde-patriot. Ei historie som du garantert ikkje vil gløyme, og som venteleg vil gje deg forståing for kvifor nokre brukar så mykje tid på noko dei er glad i.

STARTEN – Det heile starta med at eg debuterte på Førde i 1971. Eg var ein typisk forsvarsspelar og spelte stort sett midtstoppar i heile karriere mi. Eg heldt det gåande med å spele på A-laget ut 1981-sesongen. Då vart det vanskeleg å kombinere den sivile jobben min med å vere aktiv spelar, og i staden vart det til at frå 1981 og i 22 år framover i staden vart trenar i klubben, mimrar Oddvar Huseklepp då Førde-patrioten sin skribent slår av ein prat om fortida. – Eg har vore trenar for laga til alle dei tre ungane våre, Kari, Per Otto og Siri. Og prestasjonsmessig var vel toppen dei tre åra damelaget til Førde spelte i 1. divisjon. Då trente eg laget saman med Tom Farsund, og vi hadde ein veldig god stamme i laget. Flesteparten av desse spelarane var også med å tape to kvartfinalar som junior damer på Norway Cup tidlegare. Så ingen tvil om at her var det mange gode spelarar, seier Oddvar Huseklepp i kjent stil.

AUDMJUK Oddvar har nemleg aldri vore så oppteken av å framheve seg sjølv og si innflyting i arbeidet sitt. Han likar aller helst å spele dei andre gode. – Jo, det kan hende det, men det er vel slik eg er, kanskje. Sjølv om det sikkert finst andre oppfatningar av meg, ler Oddvar då vi prøvar å bli litt personlege.

– For meg har det viktigaste vore å etablere både aktivitetar og anlegg for at barn og unge skal ha ein god oppvekst, seier han og forklarer dermed noko av grunnen til at han parallelt med trenarjobben i Førde etter kvart engasjerte seg meir og meir i det administrative i klubben. – Eg vart styreleiar i Førde il Fotball på slutten av 1980-talet, og har vore leiar i ungdomsgruppa. Ikkje minst vart det kjekt å vere med å starte opp Førde Cup. Eg har heile tida vore oppteken av at idretten skulle ha gode anlegg, og var dessutan lenge engasjert i at treningsanlegget på Kronborg fungerte godt. Heilt til vegvesenet overtok området, og det vart til veg og næringsareal til Plantasjen og Biltema. Og grunna engasjementet mitt så vart eg med i Førde idrettsråd. Et råd som hadde ein viktig funksjon for utvikling av idrettsanlegga i kommunen, fortel Oddvar Huseklepp som også var sterkt engasjert då Hafstadparken i si tid vart planlagt.

HAFSTADPARKEN KOM – Eg hadde pause frå Førde idrettsråd i perioden 2006 til 2015, og i den perioden dreidde det seg stort sett om Hafstadparken heile tida. Historia om dette suksessanlegget går heilt tilbake til 1987. Då hugsar eg at eg var på synfaring i området her saman med Håkon Fimland og Knut Folkestad, og vi konkluderte med at dette måtte vere ein ideell plass for eit større idrettsanlegg. Berre eit langt steinkast frå Førdehuset, mimrar Oddvar Huseklepp og kan ikkje få fullrost jobben som eldsjelene Håkon Fimland og Knut Folkestad har gjort. – Dessutan har det vore eit svært godt samarbeid med Førde kommune, og ikkje minst må ordførar Nils Gjerland framhevast for at denne prosessen fekk bein å gå på, seier Oddvar Huseklepp og vedgår at han var skikkeleg stolt då han saman med godt over 1000 førdianarar kunne sjå Hafstadparken opne søndag 31. mai 2015. – Det var ein stor dag for oss alle, men spesielt for Håkon Fimland. Utan han hadde ikkje dette vore ein realitet, seier Huseklepp rørt.

INN I IDRETTSRÅDET Når Hafstadparken stod ferdig i 2015 gjekk Oddvar Huseklepp inn igjen i Førde idrettsråd, og

sat der som leiar heilt fram til han trekkte seg ut i mars 2021. Då overtok Jan Herstad frå Naustdal som leiar. – Noko av den viktigaste jobben i denne perioden var å samordne og tilpasse idrettsrådet til den nye storkommunen. Det var berre Førde som hadde idrettsråd tidlegare av dei fire kommunane, og no var det viktig at dei andre større idrettslaga som til dømes Jølster, Gaular og Tambarskjelvar fekk sin representasjon. For idrettsrådet skal jo snakke på vegner av alle idrettane i kommunen, seier Huseklepp og viser til at Sunnfjord idrettsråd er det femte største idrettsrådet i Vestland fylke. – Idrettsrådet er ikkje så veldig kjent for mange, men rådet har ein viktig funksjon mellom idretten og kommunen. Idrettsrådet har lenge hatt eit svært godt samarbeid med kommuneleiinga, og personar som Håkon Fimland, Ole John Østenstad og Trond Ueland har vore konstruktive og positive dialogpartnerar. Håpar Hilde Bjørkum med sitt team vil halde fram med dette, seier Oddvar Huseklepp som i tillegg til eit heilt liv i idretten har drive firmaet sitt.

SIVILE LIV – Eg overtok den drivstoff-tekniske delen i røyrleggar-firmaet etter faren min då eg slutta som spelar på Førde. Vi spesialiserte oss etter kvart på det drivstoff-tekniske ved bensinstasjonar og tankanlegg, og i 2000 selde vi selskapet til den internasjonale eigaren Dresse Wayne AB. Som tilsett der hadde eg arbeidsplass frå Berlevåg i nord til Kristansand i sør, så det vart mykje reising. Men når eg var heime, så var det å engasjere seg i idretten i Førde. Eg vil jo gjerne gje noko tilbake når eg sjølv har fått så mykje, smiler Oddvar Huseklepp og ruslar med underteikna rundt i Hafstadparken. – Dette er kort og godt eit fantastisk anlegg. Det einaste minuset er at eg gjerne ville ha sett at Håkon Fimland kunne ha fått opplevd meir av den enorme aktiviteten vi har fått her nede. Men han døydde dessverre året etter opninga. Derfor er det viktig at vi ikkje gløymer den innsatsen han la ned for at vi skulle få Hafstadparken. No manglar vi berre bru over til Førdehuset, så er planen hans komplett, understrekar Oddvar Huseklepp ettertenksam.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.