#møtast påtorget
”
Vi er opptatt av å skape aktivitet og ein levande by 1
SAMAN BLIR VI GODE I 1972 starta første byggetrinn på senteret vårt. Då bygde Fritz Hjelmeland Elvegården og bilforhandlaren Ford var den første leigetakaren. Deretter kom Erdal Sport som har vore ein stor og trufast leigetakar i mange år. Dette var starten på det som seinare skulle bli eit av dei store kjøpesentera i sentrum.
#møtastpåtorget ANSVARLEG UTGJEVAR Elvetorget Førde, Anne Karin Steen PRODUKSJON // DESIGN Rein Design, Kristin Gjelsvik
Førde Torg vart bygd i 1996 og i 2012 vart desse sentera bygd saman til eitt. «Saman blir vi gode» var alt då ein god grunntanke. Førde er den største handelsbyen mellom Bergen og Ålesund. Elvetorget ynskjer å vere med på å sette Førde på kartet og bidra til at byen vår har vekst og aktivitet og er ein interessant by for oss som bur her, tilreisande og dei som ynskjer å flytte til byen vår. Dette må vi samarbeide om! Vi har vore med på å skape eit levande og aktivt sentrum, og Førde er svært interessant som handelsby med to store kjøpesenter midt i sentrum. Vårt gode samarbeid med ALTI er også med på å styrke Førde som destinasjon for handlande, til det beste for både oss og kundane våre. Som ein stor aktør i Førde er vi også opptatt av å skape aktivitetar og arrangement. Vi er opptatt av breidda i samfunnet vårt og vi samarbeidar blant anna med både handball og fotball. Du vil kjenne igjen logoen vår på kleda til ungar og ungdomar og også på drakta til spelarane på damelaget i handball. Det var derfor ekstra kjekt å kunne ta spelarane inn i butikkane våre og vise dei fram på ei anna bane enn dei vanlegvis spelar på. Vi er bevisst den oppgåva vi har som møteplass for oss som bur her og dei gjestane vi har. Det er viktig med gode etestader, ulike soner for å møtast og arenaer for dei som vil komme til oss med det dei har. Det skal vere godt å møtast på Elvetorget. Torgplassen vår er blitt den faste marknadsplassen for tilbydarar av lokalmat, frukt og bær og andre som har noko dei vil selje. Gjennom heile året har vi med oss ulike aktørar som aktivt brukar Torgplassen vår, og på sommaren er det ei glede å sjå det yrande folkelivet som er her. Det er også her vi møtast for å høyre musikk frå ulike artistar som vil presentere seg, og gleda var stor når vi fekk lov å bygge ei permanent scene til fri bruk for alle. Byggestarten vart noko utsatt, men vi forventar å ha denne på plass til våren. Visjonen om at «Saman blir vi gode» ligg til grunn for alt vi jobbar med på Elvetorget. Vi er opptatt av samhald mellom butikkane våre og oss som jobbar her, eit godt samarbeid mellom senterleiing og huseigar og også resten av næringslivet i Førde. Vi er opptatt av å vere med på å skape aktivitet og lage ein levande by. Det er slik vi blir gode.
TEKST Anne Karin Steen // FOTO Photoevent TRYKK Molvik Grafisk // DISTRIBUSJON Posten Norge // OPPLAG 17.235 Distribuert november 2020. Vi tek atterhald om trykkfeil.
2
Anne Karin Steen, senterleiar // Jonny Tjønn, huseigar
Vi spelar
på lag
Vanligvis ser du Maria på handballbana og Elias på fotballbana, men dei er også på heimebane når dei kjem til oss. Samarbeid med idrett og breidde er viktig for oss. Saman skapar vi aktivitet og engasjement og det er viktig at vi heiar på kvarandre.
3
Lokal kos Det er ein stolt gjeng som ber familiebakeriet vidare og tek det til nye høgder!
Kaféen til Naustdal Dampbakeri på Elvetorget var så populær at dei måtte utvide og lage eit betre og meir funksjonelt kjøkken. No kan du kose deg i ein heilt ny kafé, med nysteikte bollar frå eigen omn og kaffi laga på nykverna kaffibønner. Bakeriet sel kos og opplevingar så vel som gode og ferske bakevarer. Kvalitet er viktig både når det gjeld varene dei leverer og servicen dei yter. Dei er sjølvsagt best på kaker, brød og bollar, men også opptatt av å vere lokale og bærekraftige. Som eit lokalt familieeigd bakeri er dei også sjølv opptatt av å bruke lokale leverandørar til det dei kan. «Vi er opptatt av at kundane har eit forhold til kafeen og bakeriet og då er det naturleg å gje noko tilbake, som ein nyoppussa og fin kafé der kundane kan kose seg.» Hjarteleg helsing familien Berntsen
4
Mot
alle odds
Det var mange som ikkje hadde trua på oss når vi etablerte oss i Elvegården for 38 år sidan, fortel Bjørg. Men her er vi! Andreas Vilnes starta Aba`s Inn i 1983 og var det første gatekjøkkenet ein kunne gå inn i kafeen på. - Vi starta med å lage burgarar og pizza i ulike variantar, og fortset i dag slik vi alltid har gjort. Det er dette kundane vil ha! Vi er opptatt av service, hurtig levering og kvalitet. Kunden skal bli sett og føle seg velkomen når han kjem til oss. Eg trur det er difor vi er så populære, ler Bjørg på den same gode måten som ho alltid har gjort. Beste helsing Bjørg
HEIMELAGA Ingenting er som heimelaga mat med gode råvarer.
Joanna lagar alle rettar frå grunnen av og er oppteken av kvalitet og god smak. Her kan du kjøpe deg velsmakande varme rettar eller nydelege heimebaka kaker. – Kundane likar veldig godt varmmaten vår, fortel Joanna.
Spesielt suppene våre er blitt veldig populære. Og så synes dei at kakene våre er nydelege! Maten er servert hos Joanna og Tone på LunsjKafé 5
Sognefjord Kaffibrenneri
Kaffipause
Dagen er ikkje heilt den same utan...
Og ingenting er som kaffi laga av gode råvarer som er handplukka og kvalitetsvurderte av ein ekte kaffikjennar. – Ein bonde som legg sjela si i gode råvarer fortener å få selt kaffien sin til nokon som bryr seg om sluttproduktet, seier Kjetil som starta Sognefjord Kaffibrenneri i 2017. Det starta som ein vill idé og i dag arbeider han med spesialkaffi og fokuserer på å tilby den beste økologiske kaffien dei får tak i. Kaffien 6
dei kjøper frå bonden er velvalgt av Kjetil og vert frakta til kaffibrenneriet der den vert brent til den kaffien vi får servert i kaffibaren. Kjetil trivast med å servere kundane sine ein kopp kaffi. Kaffi er kultur! Nordmenn er nummer 2 i verda når det gjeld kaffidrikking. Til opplysning er Finland nummer 1. I Førde pleier vi å sette oss ned å drikke kaffi, og vi drikk ofte kaffien frå porselenskopp. Kjetil vil lære oss å
ta med seg ein kopp nytrekt kaffi i forbifarten, på veg til jobb eller berre ein tur ut i sola. Eller regnet. Lat oss vere litt urbane! Sognefjord Kaffibrenneri finn du rett innanfor døra på Elvetorget. Her kan du ta med deg ein kopp i handa eller sette deg ned ved eit bord. Sognefjord Kaffibrenneri er eit av seks kaffibrenneri som er kvalifisert til NM 2020!
Enkel kaffekos: 1. Bruk god kaffe! 2. Ha i riktig mengde kaffe i forhold til vatn (60 g pr liter vatn, bruk vekt) 3. Kos deg!
Ein stor familie «Førde er ein bra by å drive butikk i», uttalte representantar for Varnergruppa når dei som Norges største kleskjede satsa tungt på Elvetorget i 2003. Inger-Lise har vore butikksjef i Cubus i meir enn 20 år og har vore på Elvetorget sidan opninga 25. april 2003. Butikkane i Varnergruppa består av Cubus, Dressmann, Bik Bok og Carlings og er som ein stor familie. Det føles greitt å ha samla alle på Elvetorget. Vi utfyller kvarandre med å dekke alle kundegruppene når det gjeld alder og kjønn, og vi står samla og samarbeider om dei same gode verdiane for butikkdrift og kunderelasjonar. Vi er Norges største tekstilkonsern, og det er vi stolte av.
INGER-LISE Butikksjef i Cubus 7
Grønn frisør
I år feirar Alise 5 år med Floke Førde!
Både kundar og frisørar er etterkvart blitt endå meir opptatt av det grøne og naturlege alternativet til hår-behandling. Floke er opptatt av å ta vare på miljøet og brukar kun miljø,- og allergivenlege produkt.
Alise, Eli og Linn
CENTRUM SALONG
Frå permanent til bølger Kari har jobba som frisør i 35 år og driv ein godt etablert frisørsalong som har halde til på Elvetorget i snart 23 år. Kari har vore med på hockeysveis og permanent og det meste av trendar i tida. No er eigentleg alt trendy! Kanskje litt meir populært med litt lengde, litt hår, litt bølger og bevegelsar. Og då er GHD stylingjern godt å ha! Kari, Camilla og Marisol
8
”
No er eigentleg alt trendy! KARI
TIL KVARDAG OG FEST Fredrik & Louisa er autorisert forhandlar av eit stort tal merkevarer innan hudpleie, makeup og parfyme til b책de dame og herre. Hos oss finn du kjende merke som Sensai, Shiseido, Chanel, Dior, Kvd. Hildegunn, Oana og Sparta er alltid oppdaterte p책 det siste nye innan makeup og hud! Hos oss kan du ogs책 f책 lagt profesjonell makeup til einkvar anledning! Velkomen til Fredrik & Louisa 9
møtast
påtorget snakkastpåtorget
festpåtorget
matpåtor
trivselp åtorget solskinpå
nyttpåtorget
snakkast
10
Gamalt nytt Brændmo og Pettersen er andre generasjon gullsmed- og urmakar med eigen verkstad for begge faga.
H
enning og Jannicke har lang erfaring med det handtverket dei utfører. Dei både reparerer, tilpassar og gjer nytt av gammalt. Er det noko du ynskjer å ta vare på så kom innom så hjelper dei deg.
Her finn du også eit stort utval av smykker, ringar og armband i gull og sølv frå kjende norske og utanlandske leverandørar. Kva er vel meir naturleg enn å vise sin kjærleik med friarring, forlovelsesring og morgongåver?
Er du på jakt etter meir tradisjonsrike gåver og utstyr finn du både sølvbestikk og bunadssølv hos Brændmo & Pettersen. Klokker er fortsatt i tida og her er eit stort utval av moteur og kvalitetsur frå bl.a. Daniel Wellington, Gant,
Seiko, Certina, Ramond Well, Citizen og NIXON. Ein fagbutikk med lange tradisjonar! Henning og Jannicke
11
SOV GODT interiørtekstilar, kan du levere det hos Kid Interiør på Elvetorget. Har du søvnproblem? Prøv Heavy sleep! Dette er ei ny type dyne som tilsvarar 10-15% av kroppsvekta di.
BO
Ingenting er som ei god natts søvn i herleg flanellssengesett med ei god dundyne. Kid Interiør leverer gode og miljøvenlege produkt og er opptatt av berekraft. Har du gamle dyner og puter og andre
IP KT
S!
Drøym deg vekk 12
Noko du lurer på? Kom innom så hjelper dei deg!
«Å lese, å drøyme seg vekk i ei anna verd, i ei anna historie. Fri frå kvardagens stress. Bruke eigen fantasi til å sjå for seg personer og omgjevnader. God og ubevisst hjernetrim for unge og vaksne og mange gode opplevingar!» Silje, Norli Førde Det er mange gode titlar i haust! Vi les alt! Både krim og romanar, noko meir fokus på klima og bærekraft i faktabøker og nokre romaner. Barn les meir og meir og blir motiverte av lesekonkurranser både privat og på skulen. Norli arrangerer Norli Junior lesekonkurranse som engasjerer mange. Kom innom til oss og få vår anbefaling eller finn di bok! Silje og May-Elin
Meir enn lys og serviettar
Hos Nille på Elvetorget finn du mykje meir enn lys og serviettar. Haust, vinter og høgtider er ei herleg tid for innkos og lune fargar. Tenn eit lys, dekk eit bord og kos deg med fine fargar. Vi hjelper deg med inspirasjonen. Mari Anette
BLOMSTERGLEDE Astrid har drive blomsterbutikken sin i snart 40 år og har med seg nokre flinke og kreative damer. Her kan du stikke innom og kjøpe med deg friske blomster til helga, eller glede nokon du set pris på med ein blomsteroppsats. Det er ekstra kjekt å dekke eit bord til fest med ein fin blomsteroppsats på bordet. Ein ny trend den siste tida er meir grøne plantar. Gjerne gamle plantar som var populære for 20-30 år sidan, og det er ofte dei yngre som gjerne vil ha det grønt. Fram mot jul er sjølvsagt asalia og julestjerne dei mest populære. Amaryllis er også fin. Den kan du få både som avskoren eller som potteplante. Damene på Astrid Blomster er her for å hjelpe deg til å sette saman det du likar best. Blomsterhelsing frå Astrid, Anita, Helen og Eline 13
14
MORE WOMAN DAMEMOTE Møre Konfeksjon har gjennom fleire tiår drive innan produksjon og sal av damekonfeksjon til den moderne kvinna med eigne merker samt også klede frå internasjonale produsentar. Dei legg stor vekt på at alt dei sel skal vere produsert på ein slik måte at dei tek vare på miljø og arbeidsmiljø. More Woman designar sine eigne kolleksjonar og tilpassar plagga til den skandinaviske kvinna. Design, utvikling og prøvekolleksjonar vert laga i Volda på Sunnmøre der hovudkontoret ligg. I butikken på Elvetorget treff du Magny og Karita som har lang erfaring i å hjelpe kundane til å finne det rette antrekket. Ungdomane kan også finne seg eit tøft antrekk her! Magny og Karita
NON STOP SKO
SKO FOR FAMILIEN Non Stop Sko AS vart etablert i 1985. I dag finn du dei i 2. etg på Elvetorget. Dei er framleis ei familiebedrift som kan dekke dei aller fleste behov og ønsker, frå dei minste til dei største føter og frå jobb/ skule til fritid og leik. Personalet har stor kompetanse og lang erfaring etter mange år i bransjen. Dei har også lang erfaring med tilpassing av sko og tilbyr eit utval av skotypar som kan passe dei fleste føter.
LINDEX FOR DAMER OG BARN
Trond
Hilde og Anita og resten av jentene på Lindex
Du har kanskje møtt Hilde og Anita på Lindex. Etter mange års erfaring i butikken på Elvetorget har dei god kjennskap til varesortiment og kva som kanskje kan vere det rette antrekket for deg. Dei har også ekstra fagkompetanse på rettleiing ved kjøp av BH og undertøy og her skal du kunne få hjelp til å finne det som passar deg. Gode produktkunnskapar hos desse damene og eit godt varesortiment gjer handelen på Lindex ekstra triveleg.
15
16
#trivselpåtorget Heimekoseleg og avslappande i MARIAS HUS. Ungdomane møtast etter ein dag på handel. Oda har vore på jobb og synes det er deilig å ta på seg den mjuke kosedressen frå CUBUS, Kristian og Sander har vore på fotballtrening før dei kledde seg opp i antrekk frå STORM og DRESSMANN. Mia synest strikkehua var veldig kul, og matcha resten av antrekket frå BIK BOK. Hedda likte aller best jumpsuiten som ho fann på GYNGEHESTEN, og alle var nøgde med skoa dei fann på STORM. SÅ MASSE TØFT I BUTIKKANE VÅRE NO!
TAKK til Maria for lån av hus, Marias Hus 17
I Storm og
Medvind 18
– Eg skal drive min eigen butikk, tenkte Frode for mange år sidan. Og no har han to av dei på Elvetorget. Storm og Medvind har veldig raskt blitt to populære butikkar.
E
g elskar å drive butikk, skape noko og få det til, seier Frode. Det er også heilt nødvendig å ha med seg dei gode folka, dei som brenn for salg, mote og gode kundeopplevingar. Eg leitar alltid etter dei som tenker som meg, men som er betre enn meg på det eg ikkje er så god til. Og dei
Bodil og Eirin
har eg funne, smiler Frode fornøgd. Det er mykje planlegging og arbeid som ligg bak ein god butikk. Vi er opptekne av å ta inn dei rette varene, tenke nytt, leite etter inspirasjon og ikkje minst sjå ting frå eit kundeperspektiv. Vi vil vere den fysiske butikken som kundane skal komme til, det er dei gode kundemøta
som gjev oss inspirasjon og engasjement for den jobben vi gjer. Kvar dag er forskjellig og vi er svært nøgde med at kundane våre let oss få lov til å halde på med det vi likar aller best. Om eg har planar om fleire butikkar? Den som venter får sjå, ler Frode.
Frode, Stine, Grethe, Jeanett, Bodil og Synnøve 19
BREIDDE OG FAG I tillegg til å vere ein fullsortiments sportsbutikk, er Sport 1 Førde stolt hovudleverandør for mange klubbar i tidlegare Sogn og Fjordane. Med eige trykkeri!
Midt i butikken finn du også eit stort Shimano Service Center med utdanna sykkelmekanikarar og ein sertifisert verkstad. Sport 1 er ein av Norges største butikkar på Hoka og har eitt breitt utval av mange kjende merkevarer som Hoka, Norrøna og Arcteryx med fleire. Sportsleg helsing heile gjengen på Sport 1.
YRKESKLÆR
UT PÅ TUR
Dette er butikken for deg som vil ut i naturen. Runa og Reidun har sjølv kledd seg for haustens vestlandsver i gode regnklede frå Aalesund Oljeklede. Her finn du også eit utval i andre populære merker som passar for folk flest. Butikken tilbyr eit lavterskelsortiment for å starte opplevinga ute i naturen enten det er termos og turkoppar, kokekar til bål eller funkjsonelle klede. Dette er ein butikk som du vil sjå meir av når dei i begynnelsen av desember fornyar seg og får ein ny profil. Følg med! Runa og Reidun
20
Sport i generasjonar Erdal Sport starta som ei familiebedrift av Arne og Ruth Erdal i 1971 i same lokale som dei held til no. Butikken vert framleis driven av familien Erdal. Mykje har endra seg, butikken er blitt dobbelt så stor, og staben er utvida til 13 tilsette, men framleis står god service og fagkunnskap i fokus. Dette har vore spesielt viktig på enkelte av fagområde som dei er særleg framtredande på, som fisk. Fiskeavdelinga på Erdal Sport Intersport er spesielt kjent hos blant anna
laksefiskarar frå heile landet som fiskar i dei populære elvane i området vårt. Lojaliteten deira er ei anerkjenning av fagkompetansen blant dei som jobbar der. Med nært samarbeid med skigruppa og ikkje minst eigne profilerte skiløparar som Karoline og Ole Martin Erdal seier det seg sjølv at dei kan faget sitt. HERMAN ERDAL
KVALITET PÅ LOFTET Denne gjengen på loftet hos Erdal Sport Intersport har eit interessefelt og ein kompetanse som er ukjent for mange av oss. Våpenloftet er kjent for sin kvalitet på børsemakararbeid og sin kunnskap om alt som gjeld jakt og våpen. Her får du langt meir enn vara du kjøper. Eigne erfaringar og tips delast med kundane og gode råd om konservering og vakumering følger med. Har du hund? Her finn du kvalitetsprodukt av fôr og utstyr! Velkomen på loftet
21
Vi er
på bana
Logoen til Elvetorget er to snakkebobler som er sett i lag. Det handlar om å møtast.
Elvetorget er opptatt av å spele kvarandre gode. Dette gjer vi i butikkane, på senteret og mot kundane våre. Vi er også opptatt av at vi har eit godt og ambisiøst næringsliv og stor og god aktivitet i lag og organisasjonar. Breidde er viktig for oss. Alle skal med og saman blir vi gode. Dette er veldig synleg i vårt samarbeid med blant anna fotballen og handballen. Vi ser mange ungar og ungdomar som dagleg går i drakter og genserar med logoen til Elvetorget. Det er viktig for oss å vere synlege. Vi vil gjerne fortelle at vi er med og at Elvetorget er her for våre kundar, og er med på å bidra til aktivitetar og utvikling i byen vår. Logoen til Elvetorget er to snakkebobler. Det handlar om å møtast. Møtast på torget eller møtast på bana. Det er møta mellom menneska som er med å gje oss det levande samfunnet som vi ynskjer oss i byen vår. Og på Elvetorget. 22
”
Per Øyvind Storevik Førde IL Fotball set stor pris på samarbeidet med Elvetorget. Elvetorget er ein av våre mange lokale samarbeidspartnarar og utan dei ville det vore utfordrande for oss å halde den aktiviteten vi har i dag. Om vi vil eller ikkje, er vi å rekne som ein stor samfunnsaktør og ved hjelp av lokalt næringsliv er vi i stand til å ivareta dette ansvarsfulle og svært ærefulle oppdraget. Førde IL Fotball takkar Elvetorget så mykje for hjelpa og håpar på mange gode år framover.
”
Sissel Bruland Gurvin Handballgruppa er stort sett drive på dugnad, så det at næringslivet stiller opp og bidreg er kjempeviktig. Å støtte lokalt gjev noko tilbake til lokalsamfunnet. Handballgruppa set veldig pris på det lange og gode samarbeidet vi har med Elvetorget. Elvetorget er også veldig flinke til å profilere handballen for oss.
FJORDPROFIL AS
DU BLIR SETT Fjordprofil AS er leverandør av det du kan tenke deg av profilartiklar til bedrifter, lag og organisasjonar. Dei dekker eit stort område i tidlegare Sogn og Fjordane og er også no tatt opp i kjeda New Wave Profile som gjev dei ei endå større spennvidde. Trond og Jonas er også sentrale i trykking av logoar til idretten og har sjølvsagt eit eige trykkeri på bakrommet i lag med Sport 1. 23
For store og små Anne Turid er eigaren av Gyngehesten i Førde, butikken som Vera og Arne Berent Larsen starta opp så langt tilbake som i 1983. Hennar mål er at Gyngehesten skal vere den beste staden å handle barneutstyr og leikar. – Eg hadde lenge tenkt eg skulle starte og drive noko for meg sjølv og tidleg i 2017 vart det alvor! No er Gyngehesten kjend langt utover vårt nære omland, og kundane kjem langveis frå til oss for å handle barneutstyr. – Vi har fått gode tilbakemeldingar både på produkta og servicen vi har, fortel Anne Turid. Gyngehesten er ein barne- og ungdomsbutikk med leikar og kvalitetsklede frå 0-16 år og ein komplett barneutstyrsbutikk med produkt frå alle dei store leverandørane. Her er kvalitet i fokus både på klede og utstyr. Og så har vi byens største legoavdeling! Vi skal ha 100% fornøgde kundar! Anne Turid
Møt sjiraffen Yesper og Oddrun på Yes Det første du møter på Yes Leikebutikken er Yesper og dei andre dyra i jungelen. Dette er ei spennande utstilling der du får møte dei store jungeldyra. Oddrun starta leikebutikk for snart 30 år sidan og har fulgt utviklinga og trendar hos barn og unge opp igjennom tidene. Både sparksykkel-tida og trampolinefeberen er trendar som går inn i historia som nokre av dei store tinga. Kanskje hugsar du også Pog, Baquan, Spinner og Pokeman? I år er det 75 år sidan Tove Janson vart kjent for Mummi-verda. Og dette er framleis populært og på full fart inn på ønskelista i år. På Yes Leikebutikken finn du eit stort og unikt utval i ulike Mummi-produkt. 24
Velkomen innom til Yesper, Snusmumrikken, Oddrun på Yes
STING FOR STING og MASKE FOR MASKE Sari driv sin eigen velassorterte handarbeidsbutikk på Elvetorget. Her finn du symaskiner, garn, broderipakkar, stoff og alt anna du kan ynskje deg av handarbeid.
har det vore stor pågang frå kundar som ynskjer retting og reperasjon av klede. Ho har god hjelp i Ashraf som kjem frå Syria og har gått i lære hos skreddar i heimlandet sitt. Strikkeinteressa har verkeleg blomstra i det siste! Fleire har oppdaga gleda ved eit handarbeid og lykka over å lage sine eigne klede. Har du lyst å prøve? No er det strikkevest som er i skuddet! Vi har ulike mønster og hjelper deg i gang!
Sari både syr og strikkar, og reparerer også symaskinene sjølv. I den seinare tida
Strikk deg glad med Sari
NOKO FOR HEILE FAMILIEN Skal du pusse opp? Då er du komt på rett plass! Kjell Ove og gutta på Bokuben har lang erfaring og stor kompetanse på maling, golv og alt anna du treng vete om oppussing. Her finn du eit utval av produkt og reiskap du treng til jobben, og med på kjøpet får du alltid gratis og nyttige råd! Bokuben er også ein Panduro-butikk med eit stort utval innan hobbyprodukt. IngerAnne er ivrig scrapbooker og har mange gode tips og idear til heimelaga kort aller anna morosamt for heile familien. Gode råd frå Kjell Ove 25
AUDHILD VIKEN BUNAD
Tradisjonen tru I eit lokale i 1. etg. på Elvetorget sit to damer og syr bunader.
D
ette er eit respektabelt handtverk med lange tradisjonar. Det er blant mange ein tradisjon at konfirmanten får sydd seg bunad. I hovudsak er det jentebunader som vert sydd, gutane får gjerne interesse for bunad i vaksen alder. I den siste tida har det blitt sydd mange herrebunader. Hos Audhild Viken bunad kan du også få reparert og korrigert bunaden, eller om du vil prøve å sy sjølv kan dei klippe den til deg. Liv Solveig og Agne syr Sunnfjord-, Nordfjord- og Sognebunad til damer. Til menn syr dei kun Sunnfjordbunad. Har du lyst på bunad? Start prosessen tidleg! Vi har bestillingar fram til 2023. Agne og Liv Solveig
MED BLIKK FOR DETALJAR SPECSAVERS Hege og Anders opna butikken sin på Elvetorget for 3 år sidan og no har dei flytta inn i eit nytt og større lokale nokre meter lenger inne i gangen. Butikken har vore ein suksess frå starten og med stor pågang av både nye og gamle kundar var det nødvendig med betre plass. Hege og Anders har fått med seg Julie som også er optiker, og her får du rask tilgang på timeavtale. I butikken er det god plass og tilrettelagt for at kundane kan finne sine favorittar blant eit utval av utstilte brillermodellar. Her får du også kyndig råd og veileiing frå erfarne fagfolk som har vore lenge i bransjen. Hege og Anders 26
BEST PÅ MOBIL Vi er ekspertar på Telenors mobiltenester, seier gjengen på Telenorbutikken.
Med vår kompetanse er vi her for å hjelpe kunden med det han treng. Vi set opp ny mobil for kunden, overfører data og oppdaterer mobilen din så den er klar til bruk. Fiks ferdig! Sikkerhet er viktig! SAFE kan beskytte deg mot id-tjuveri og nettsvindel, og Nettslett hjelper deg bl a ved uønska bildedeling. Vi tilpassar også skjermbeskyttelse til din mobil. Noko meir vi kan hjelpe deg med? Gjengen på Telenorbutikken
Fagkunnskap til lav pris
Power flytta inn på Elvetorget april 2019 og tok med seg ei lang og brei erfaring innan fagfeltet sitt. Det heile starta for nesten 70 år sidan av Magne Aase, og Steinar er neste generasjon som har videreført Magne Aase AS og har tatt det videre inn i Power. Styrken ved å vere ein del av ein så stor kjede er å kunne tilby eit fullsortiment innan elektronikk, tv, data, kvitevarer og kjøkken. I tillegg har dei også tatt med seg verkstaden til Magne Aase AS og har med seg kompetente reperatørar som har lang erfaring. Hos Power vil du finne lik pris både i butikk og på nett. Pris og kunnskap om teknologi er viktige grunnelement hos Power. Gjengen på Power 27
Ta vare på helsa På Sunnfjord Apotek møter du autorisert helsepersonell som hjelper deg og gjev deg gode råd og informasjon om det du treng.
DERMIA Mange hudsjukdomar krev utredning for å få stilt korrekt diagnose. Vi utreder med bl.a. biopsi, blodprøver og sopp-prøver. Akutte og kroniske hudsjukdomar treng ofte ein tilpassa og enkel behandlingsplan som er skreddarsydd den enkelte sine plager. God informasjon til pasienten om diagnose er også viktig for å få gjennomført ein behandlingsplan. Vi tilbyr vurdering, utredning og behandling av alle typar hudsjukdomar. Vi tilbyr utredning og behandling, både for akutte og kroniske forløp. Vi tilbyr også kosmetisk dermatologitenester.
DANIEL HABASHI Lege i spesialisering, dermatologi
NAPRAPATSENTERET Muskel - Ledd - Nerve - Idrettsskader Rehabilitering Tilgang på MRI/CT/RTG/UL
Sureeporn er apoteker og drifter apoteket og sørger for at dei følgjer krava til apoteket si verksemd. Du møter også Solveig som er provisorfarmasøyt og Tamara som er reseptarfarmasøyt. Farmasøyter rettleiar og informerer om legemidlar og riktig legemiddelbruk, klargjer og ekspederer reseptar og kontrollerer andre reseptar som er tilberedt av apotekteknikar og apotekmedarbeidarar. Farmasøytar sikrar gode kundemøter, 28
kundebehandling og behovskartlegging både i reseptur og sjølvvalg. Sanja er apotekteknikaren vår og logistikkansvarleg. Palwasha, Ane og andre apotekmedarbeidarar som i tett samarbeid med apotekteknikar, farmasøytar og apotekar bidreg til at apoteket vårt er prega av verdiar som effektivitet, kompetanse og pålitelegheit. Sanja, Tamara, Bartosz, Solveig, Palwasha og Sureeporn
Naprapaten behandler stort sett alle problem i muskler, ledd, sener og leddbånd. Dette kan være så vel akutte som kroniske smerter og funksjonsforstyrrelser i alle kroppens bevegelsesorgan. Er du i tvil så ta kontakt med din naprapat for råd.
ALEXANDER ØEN ASK Naprapat
Dette er ein livsstil Det var far min som etablerte Rema 1000 i Førde. Han starta opp i eit lokale på sørsida i 1990 og etter kort tid vart det for lite og vi etablerte oss på Elvetorget i 1995, fortel Gerd.
E
g har vore kjøpmann i 14 år og har gått i god skule med ein handelsreisande far som eg ofte var med. Eg har lært mykje av han. Dette er ein livsstil som eg har fått inn som ein del av barneoppdragelsen. Eg er «oppvaksen på utgått dato», ler Gerd.
Det som ikkje kunne selgast tok far min med seg heim til mat på bordet. Det har vore ei stor utvikling for daglegvarebutikkane. Tidene har forandra seg mykje. Alt er lettare no, men samtidig vert det stilt strenge krav til oss. Det er fokus på å levere kvalitet både på vare og service. Det er godt å vere i Rema 1000, og eg er stolt over butikken min. Vi er alltid sikre på at produkta våre er kvailtetssikra og leverer, og vi har veldig god omtale blant kundane våre. Vi er fleire Rema 1000 butikkar i Førde og vi samarbeidar godt sjølv om vi driv våre eigne franchisesforetak med kvar vår butikk.
Eg elskar å vere ute blant kundane mine, fortel Gerd. Ingen dag er lik og det er det som gjer det så spennande å drive butikk. Eg brenn for at butikken skal sjå bra ut. Det skal vere som ei nyopning kvar dag. Derfor er det veldig viktig å ha med seg gode tilsette! Eg kan ikkje drive butikk åleine og er glad for å ha med meg ein flott gjeng i butikken min på Elvetorget. Og så er det godt å vere på senteret! Her treff vi kundar som finn oss i samband med at dei skal andre ærend. Det er hardt arbeid, lange dagar og ein livsstil. Men eg elskar jobben min!
Gerd Jakobsen 29
Vi samarbeider med...
”
Kundane i Førde er viktige for oss
LOMELDE GARD
LOMELDE GARD Lomelde Gard ligg ved Sognefjorden og dyrkar og tilbyr eit stort utval av frukt og bær. Torgplassen er ein naturleg møteplass for frukt,- og bærprodusentar og denne aktiviteten er med å gjere det til ein aktiv og levande Torgplass i sesongen. «Kundane i Førde er viktige for oss. Vi får god omtale og dei set pris på frukt og bær frå lokale gardar».
GLOPPEN PRODUSENTLAG Du veit det er sommar når Jordbærbilen kjem på Torgplassen. Dette har etterkvart blitt den faste plassen for bærprodusentane frå Gloppen til å selge bæra sine. Her kjem dei faste kundane igjen år etter år, og ofte set dei på benken og ventar på at bilen skal komme. Det er blitt veldig populært med kortreiste bær frå Gloppen og køa er ofte lang. Ingenting er som nyplukka bær som du kan kjøpe rett frå plukkaren.
BRITO
BONDENS MARKED
Bondens marked er ein lågterskel salgskanal som tilbyr unike varer direkte frå produsent til forbrukar! At vi kan stå sentralt i sentrum og ha eit godt samarbeid med senteret, har ein stor verdi. Både for salget, men og for å skape noko unikt i sentrum. Gro Sveen, Marknadsleiar
Gjennom heile året treff du Odd Birger, mest omtalt som Brito, frå Brito Spekemat. Han har med seg eit stort utval av spekepølser med tilbehør og er blitt eit populært innslag på Elvetorget. Han sel pølser frå ulike produsenter, og har også eit utval av eigentilverka produkt. Her får du også smake før du bestemmer deg for kva du vil ha.
KVALITET FRA HAVET Ein gong i månaden kjem fiskebilen med fisk og fiskeprodukt frå lokalprodusentar og fiskarar på Mørekysten. – Dette er kvalitetsvarer, fortel Odd Andrè Fredriksson og er godt kjend med kvar fisken han sel kjem frå.
30
#møtastpåtorget Torgplassen er ein naturleg samlingsstad for både kultur, opplevingar, mat og marknadssal. Ein stad der folk møtast for å oppleve. Det er ein godt etablert stad for ulike tilbydarar av frukt, bær og andre som har noko å selje. Vi har også i ei årrekke hatt eit nært samarbeid med blant anna Førdefestivalen, og opplever gratiskonsertane på Torgplassen som svært populære. Det er difor ekstra gledeleg at vi no kan tilby dei ei permanent scene.
FOLKEMUSIKKFESTIVALEN
Scena skulle vore klar i år men av naturlege grunnar og forseinkingar så vil den stå klar til neste år. Dette vil vere ei scene på ca 7x10 m2 med takoverbygg og tilrettelagt med strøm. Her skal vi kunne tilby ein god plass både for lokale aktørar og andre til å kunne presentere seg.
Førdefestivalen har i ei årrekkje arrangert gratiskonsertar på Torgplassen i festivalveka, og det er eit kjærkome innslag for mange publikummarar. Her kan ein få ein smakebit på festivalprogrammet og kjenne på festivalstemninga gjennom veke 27 kvart år. Me har eit godt samarbeid med Elvetorget i fleire samanhengar og no gler me oss veldig til den nye scena kjem på plass, som gjer det endå enklare for arrangørar å gjennomføre arrangement på plassen, og me håpar det vil koke av liv og aktivitet gjennom året! Per Idar Almås
LARRIS SCENE
«Eg er stolt over at eigarane våre vil bruke 1,5 mill på ei permanent scene på Torgplassen, seier Jonny Tjønn. Denne vil vere til fri bruk for dei som ynskjer det og vi vil på denne måten vere med på å skape aktivitet og liv i sentrum.»
VISSTE DU AT:
Vi ser fram til å samarbeide med Elvetorget når dei no skal bygge ei fast scene utanfor senteret. Vi på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa ønskjer å vere med på støtte aktivitet og arrangment i Sunnfjord Kommune. Ei slike scene vil gje tilreisande og lokale ein flott arena til å skape meir aktivitet i Førde. Fred Reisersen
«Vi er stolte over å kunne bidra til økt aktivitet til lag og foreiningar i lokalmiljøet» Berit Berge, Link Bingo AS
LINK BINGO SPECSAVERS Link Bingo As vart etablert i 2007 og drifter 6 bingohallar omkring i landet. Alle avdelingane er linka saman og speler om attraktive pengepremier, i tillegg til også god gammeldags papirbingo. Drifta er strengt regulert av lovverket. Bingohallane er ein sosial og naturleg møtestad for mange og overskuddet tilfell lokale lag og foreiningar. Avdelinga i Førde vart etablert i 2008 og overskudd til lokale lag og foreiningar for dei 3 siste åra er kr 2 490 000,-! 31
Jul på Elvetorget Vi opnar julehuset vårt 28. november og ynskjer alle velkomne til ei fin førjulstid på Elvetorget. Skriv eit brev til nissen som du kan legge i postkassa vår. Kanskje kjem han ein tur til oss? Her blir Bondens Marked, Kvalitet fra Havet og Brito sel spekemat. Dei siste dagane før jul kan du kjøpe ekte juletre frå Nina Sofie på Torgplassen.
Dette er berre litt av det som skjer hos oss i førjulstida. - Bondens Marked 5.12, 12.12, 19.12 - Kvalitet fra Havet 11.12 - Brito Spekemat 26.–28.11 og 7.–23.12 - Juletresal 12.–22.12
HEIM // HOBBY Astrid Blomster Bokuben/Panduro Gyngehesten Kid Interiør Leikebutikken Yes Nille Norli Sybutikken Sting for Sting Telenorbutikken Audhild Viken bunad Power Marias Hus KLEDE, SKO OG TILBEHØR Bik Bok Carlings Cubus Dressmann H. Brændmo og J. Pettersen Lindex More Woman Non Stop Sko Storm Medvind Yrkesklær – Jobb og fritid SPORTSUTSTYR Erdal Sport og Våpenloftet Sport 1 Førde
JULETIDER PÅ ELVETORGET Laurdag 28.11 10–18 Laurdag 5.12 10–18 Laurdag 12.12 10–18 Søndag 13.12 14–18 Laurdag 19.12 10–18 Søndag 20.12 14–18 Julaftan 24.12 9–12 Romjul 28.–30.12 10–16 Nyttårsaftan 31.12 10–14
JULETIDER PÅ REMA 1000 OG LINK BINGO Oppdaterte opningstider finn du på elvetorget.no 13. og 20. desember har vi søndagsope Alle laurdagar frå 28.11 held vi ope til kl. 18 Elles ordinære opningstider: 10–20 (16) GRATIS PARKERING! 32
PERSONLEG PLEIE OG HELSE Centrum Salong Dermia Floke – Grønn frisør Fredrik & Louisa Naprapatsenteret Sunnfjord Apotek Specsavers KAFÉ OG DAGLEGVARE Aba´s Inn Olefine – Naustdal Dampbakeri LunsjKafe Rema 1000 Sognefjord Kaffibrenneri DIVERSE Fjordprofil Link Bingo