Mi forteljing om Myra
Jakob Thingnes 2022
Innleiing
Denne forteljinga byggjer på brev, mest dei eg (Jakob) har skreve til dei heime og svara eg fekk, elles bilete, samtalar og det eg hugsar. Marit, Vesla og Svein har hjelpt med utfyllande kunnskap, bilete og korrigeringar. Den er berre i nokon grad kronologisk. Camilla har notert og skrive. «Tida ho renn som elv mot os», så eg kjende at no skulle dette gjerast.
Då eg vaks opp var det sju hus på garden: Myrahuset, floren, smia, stallen, Karlhåjen (husmannsplass), naust og ei lita sjøbu.
Hovudhuset er bygd saman av (minst tre) ulike hus som vart flytta dit på 1850-talet etter at ordninga med tunsamling vart avskipa. Den vestre stua i Myrahuset blei kalla for nystua, og rommet over var bua. Dei andre vart kalla lemmen .Det kan tyde på at dette var sjølvstendige hus som vart bygde inn. Ettersom ungane kom til fekk dei fyrst soveplass med Fia og Anna på lemmen, seinare delt mellom gutelemmen og jentelemmen.
Fyrst var det ei vindeltrapp frå gangen opp til svala. Denne vart seinare bytt med den rette trappa som er der no. Bygda sitt bibliotek hadde plass på svala (gangen oppe).
Kring 1939 vart Bakketun bygd. Det er eit hus frå Skorva som vart kjøpt av Johannes til Laila og flytta til garden. I huset hadde budd ei jente, Lisa, som vart plassert i Tuna som tjenestejente.
Eg hugsar at Atle og eg terga arbeidskarane med å hive grus i kaffikoppane deira. Dei lest som dei sprang etter oss og Atle sprang utfor ein hammar, men gjorde seg ikkje skade.
Far var bonde, rydda og grøfta garden for å få meir lett tilgjengeleg slåttemark. Eit kart over alle grøfter vart laga, så han lett kunne finne der feilen var om noko gale hende. Han sprengde sund den so kalla «griseryggen» bakom huset, jobba i mange år med elvefaret nede ved dalsåkeren. Målsetjinga var å gjere garden meir lettdreven både for seg sjøl og neste generasjon.
Far var oppteken av at ein skulle vere så sjølvhjelpne som råd er på garden. Då smia som stod ovafor hestestallen brann ein gong på 40-talet, bygde han ny smie og sag i tilknyting til eldhuset Sirkelsaga vart nytta til å sage opp bygningsmateriale frå granskogen på Klubben. Den kom godt til nytte både for far og seinare Agnar då Myrahuset vart utvida. Over mange år på 40 og 50-talet vart det laga murar langs elva av Anders og far. Det vart og pussa opp inne, laga bad med dusj og nytt kjøken.
Sjøbua ved naustet vart reven på slutten av 30-talet og Olav under Hamrane fekk materialane til fjøs.
I 1964 vart SegInn bygd på murane til sjøbua. Utforminga ellers vart avgjord medan vi bygde. Innvendig panel vart laga etter inspirasjon frå butikken Norway Design som eg ofte vitja når eg var i Oslo. Det var syskenbarnet Kåre (Vefring) som bygde saman med Agnar og meg.
Svein sitt hus vart bygd i fyrste halvdel av 70-åra og inneheldt keramikkverkstad og ovn. Agnar og fleire andre hjelpte til med bygginga. Huset var ikkje bygd etter ferdig teikning, men tilpassa terrenget, og det som var tilgjengeleg av dører og vindauge.
I midten av 80-talet vart det som kallast «Holsahuset» sett opp nede ved sjøen av Agnar.
Kven vi var og kva vi gjorde
Far Johannes (1890-1979) som hadde vakse opp på Myra og mor Åsta (1900–1984) frå Furesundet gifta seg i april 1931.
Johannes var son til Jakob Thingnes, frå Thingneset og Josefine Maria Andersdotter som var jordajente på Myra. Han var nummer fem av åtte sysken der to døydde i barnealder.
To systre vart gifte i Vevring (Johanne med Anders Vefring og Sofia med Anders Årseth) og ei i Kvammen( Katrina med Olav Aalen). Anna og den yngste, Anders, var ugifte.
Far til Åsta, Andreas Rotenes frå garden Rotenes nær Førde, kjøpte Furesundet med kontant betaling noko som forundra mange. Kona heitte Maren Høydal og var frå Høydalane. Mor var yngst av ni sysken. Den eldste, Anna, var 21 år eldre enn mor og Laila 8 år eldre. Desse to budde over lengre tid i Bakketun og eg hugsar dei godt.
Fire døydde unge, truleg av tæring (tuberkulose), Alisa gifte seg med Oluf Færøyvik og Josefine med Herman Terøy.
Gardsdrifta var vanleg husdyrhald dvs produksjon av mjølk, kjøt og egg. Vi hadde kyr, sauer, gris og høns. I trettiåra var det vanleg å drive med oppdrett av sølvrev. Slik var det og på Myra, men fortenesta fallog drifta vart avvikla ikkje lenge etter krigen. Hestane var Myrablakka, seinare Sally. I periodar hadde vi og hundar og kattar.
Mjølka blei levert i spann på kaia der den vart henta av båten som gjekk til Florø. Om kvelden kom båten attende med dei tomme spanna.
Far sa ved fleire høve at vi kunne takke mor vår for at vi hadde det så bra økonomisk.
Dei som var på garden då eg vart fødd (1932) var mor og far, farmor Josefine, farbror Anders, tenestejenta Fia (Apalset) og inni mellom mors syster Anna før ho flytta inn på Bakketun. Om somrane hadde vi og dreng til å hjelpe oss.
Det er sagt at eg vog 6 kg ved fødsel som føregjekk på Myra, der alle vi syskena er fødde.
Det fyrste eg hugsar om farmor Josefine var ein sid svart stakk, og at ho sat på ein benk inne i stova.
Seinare kom syskena mine Agnar (1933), Josefine Anbjørg (1937), Marit (1938) og Svein (1940). Eg hugsar og at vi vart fylgde ut i eldhuset av Anders då mor skulle føde Svein. Han låg i ein kommodeskuff då eg såg han fyrste gongen.
Både Anna og Fia og vi ungane
sov oppe på lemmen, madrassane i sengene var fylte med halm. Vi bytte halm to gonger for året, etter innhaustinga om hausten og til jul. Vi sov på kvitlar og hadde dyne over oss. Nattdrakt hadde vi ikkje, vi sov i underkleda.
Om dagen gjekk eg med ullgenser, kortbukse, ullstrømper, alt heimevevd eller strikka og så tresko. Til å halde strømpene oppe brukte vi snøreliv. Skomakar Birte og eit par andre laga sko og støvlar til folk i bygda.
Vesla og Marit gjekk i skjørt eller kjole. Bukser var ikkje aktuelt for dei før dei var vaksne. Men Vesla ville bruke bukser allereie etter konfirmasjonen, og det førde til strid i familien.
Ho ville og gå med sandalar, noko som var heilt utenkjeleg. Difor hadde ho dei i veska til ho kom ut av garden.
Kvar morgon åt vi brødskjeve med smør og brunost, sukker eller sirup og drakk mjølk attåt.
Midt på dagen åt vi middag i 12-tida ofte fisk, og onsdag og sundag kjøt. Då var alle samla, og om søndagane var og mor med oss.
Dersom det var spekesild til middag, visste vi at Anders ikkje åt istra, så den kappast vi om å få.
Nons som var brødskjeve åt vi i 5-tida og til kvelds var det vanlegvis graut og sul som var saup eller mjølk.
Etter at ho flytte til Bakketun kom Anna ofte for å ta oppvasken om føremiddagen. Hunden hennar, Stella, var vand med den rutinen, og ein gong ho var litt sein gjekk han til ho med hanskane og skjerfet som for å signalisere at no måtte dei gå.
Det hende at Anders fylgde meg til sengs og song Halle Trallemann som var ei teikneserie i Illustrert Familieblad til sjøllaga melodi.
Mor (1900–1984) var oppvaksen på gard i Furesundet med 8 sysken. Ho var den yngste. Foreldra var Andreas Rotenes og Maren Høydal. To brør og ei syster døydde då mor var i tenåra. Dei var alle vaksne, og truleg var «tæring» (tuberkulose) årsaka.
I 1917-1918 gjekk ho på Solvang folkehøgskule i Førde. Ho fortalde oss at ho ein haustdag nokre år seinare stod i vindauget i Furesundet, såg på regnet og tenkte at slik kan eg ikkje stå ein vinter til. Så søkte ho seg til lærarskulen i Nesna etter at skuleåret hadde begynt, tok opptaksprøva, reiste nordover og gjekk der 1922 til 1924.
Hennar fyrste arbeidsplass var på Kvellestad der ho arbeidde ei tid før ho kom som vikar for Dagny til Vevring skule. Det var ikkje så lett å få jobb i dei tider så ein måtte ta det som fannst.
Seinare arbeidde ho som lærarinne både i Rørvika, Gjøringebøen, Kvammen, Skorva, Rognaldsvågen, Steindalen, Kvellestad, Flokenes og Vevring. Ho var 14 dagar på kvar plass og heime i helga dvs frå laurdag til sundag. To og to skular deltest om å ha henne som lærarinne.
I april 1931 gifte ho seg med Johannes Thingnes. Barna kom på rekkje og rad frå 1932 til 1940.
I 1939 fortalde ho i eit brev til Laila moster at det hadde vere kristeleg ungdomsstemne på garden og plassen mellom elva og smia vart rydda. Det kom mange hyggjelege kjentfolk og slektningar som fekk servering på garden. «Jakob fekk ei brusflaske av to gjenter som han spaserte med, og den flaska låg han med i armane i heile natt og i dag då han sov til middag. No etter middag opna vi flaska og Jakob, Agnar og Jossa heldt selskap med brus og tebrød og kvar sitt egg. Men det var Jossa som fekk brusen mest åleine. Da e surt, sa han Agnar.»
«Desse som var på stemnet sa at ein kunde ha ei heil ur av slike (ungar) når dei var so snilde». Åsta fortalde og om Vesla som «så strålande, kvikk og sprudlande at det lyser av henne lang veg».
Eg hugsar at alle vi tre eldste fekk vere med mor etter tur då ho skulte på andre sida av fjorden. Då sov vi i kammerset i skulehuset der ho budde. Nokre gonger rodde vi og henta ho. Mor var vekependlar, så vi henta henne laurdag etter skuletid på Leknes og rodde ho tilbake på sundagskvelden.
Alle var små skular, så det var 14 dagar på ein skule og dei neste på ein annan. Når ho kunne gå til og frå skulen, brukte ho å strikke (noko Hans Nielsen Hauge som hadde vore i Vevring og var kjend for).
Ein periode vikarierte ho for Dagny som fekk barn. Då vart ho kjend med Johannes som budde på Myra med broren Anders og sine foreldre, Jakob og Josefine. Mor hans var kjend som ein særleg omsorgsfull person som hjelpte folk som hadde det vanskeleg. Ei lita jente (syskenbarnet vårt Alfhild Aalen) som miste mor si tidleg budde ein periode på Myra. Etter krigen hadde dei og omsorg for ein tysk jente, Marion. Åsta var mellom anna med i Raude Krossen, Sanite-
tesforeininga, Husmorlaget og Barnevernsnemda. Ho heldt og sykurs for unge jenter i Kvammen.
Mange år seinare vart det strid om lærarjobben i Vevring då Dagny Thingnes slutta. Det var to kvalifiserte søkjarar frå Vevring, og det tykte mor var vanskeleg. Den andre var Harald Årseth som var i slekt med Førlandsfolket. Ho ville trekke søknaden, med eg rådde henne til ikkje å gjere dette. Situasjonen var så vond at vi ei tid rodde til Kvammen for å handle. Etter ein del usemje i bygda fekk ho stillinga og arbeidde der til ho sjølv slutta ca 1968.
Mor var svært arbeidsam og gjorde også mykje på garden ved sidan av lærarinnejobben. Ho skreiv prologar til møter, merkedagar og heldt fleire gonger tale på 17. mai. Ho var og leiar av 17. mai-nemnda i 1968 og laga program med tittel Noreg i tekst og tonar. Ho skriv at ho tykte det var eit «ork, men vi bør jo ta kvar vår vesle stein, og det utan å syte og klage».
Firda skreiv 13.01.1959 om «Gild og lærerik juletrefest i Vevring»: Det var fullsett i skulehuset då fru Åsta Thingnes ynskte velkommen og las ein prolog. Deretter heldt fru Jørgina Vetvik eit forvitneleg foredrag om kosthaldet. Det var seinare gong rundt juketreet, og husmødrene serverte kaffi og den rette kosten med grovbrød, kneippbrød og kavring med godt nærande pålegg.. Der var to skjetsar og meir juletregong».
Prologen vart trykt i Firda seinare same veke.
Mor kunne og spele salmar og songar på orgelet som stod i nystua.
Tidleg vov ho stoff som kunne nyttast til klede, gardiner og anna. På eldre dagar vart det og billedvev etter eige motiv. Som 82-åring vov ho gardiner til stova i huset på Rabbane som eg flytte inn i med Camilla og Peter.
I eit brev til henne for å gratulere med 60-årsdagen skreiv eg: «Ditt lyse og glade lynne gjer visseleg at det er dei gode minna som dominerar. Eg veit i alle høve at når vi ungane har skuffa deg, og du har hatt gode grunnar for «å take oss av dage», så har du aldri teke mismodet med deg inn i morgondagen. Det har visseleg hatt meir å seie for oss enn vi skjønar. Vi har all grunn til å takke
deg for denne milde skjønsemd, smilet og dei gode orda som aldri har vore langt borte».
Far
Før Far gifta seg som 41-åring, spelte han trekkspel og fele til dans og i festleg lag. Sjølv har eg aldri høyrt han spele desse instrumenta men han spelte «Jeg blir gammel kjære du» på kornett i nystua for seg sjølv i blant. Bilde viser at han og spelte i Bjørkehogen.
Han nemde ein gong at det vart sagt: «det blir ikkje fart i dansen før Johannes kjem med trekkspelet»
Av og til kom Arvid Årset (ein granne far var onkel til) og sette seg og spelte på orgelet vårt utan at han trong spørje om lov.
Far brukte vanlegvis snus, men kunne og be Anders om ein sigarett etter middag. Då henta Anders sigarett til storebroren. Som oftast var dei einige om korleis ting skulle gjerast. Einast ein gong som eg kan hugse krangla dei høglytt om noko eg ikkje veit kva var.
Det arbeidsområdet dei delte var muring av elveleiet, ellers heldt Anders seg til felling av tre, nedkjøyring og oppkapping av ved. Han sytte for at det alltid var turr ved i eldhuset.
Ein gong kom ein mann og ei kone, fint oppkledde, for å få skrive skøyte på garden der dei budde. Det var far som ordna med dette.
Ein annan gong kom ein som hadde skada seg (Trygve Årseth) og far spjelka fingeren hans. Han sydde og folk som hadde skada seg.
Han kjøpte ein karjol, truleg på auksjon, eigentleg ikkje eit naturleg køyrety å ha på Myra. Framme var det plass for ein person på eit fint stoppa sete med puter. Bak var kuskesetet. Eg hugsar det hende at far henta mor i den då ho kom frå arbeid på Kvellestad. Vanlegvis gjekk ho den 7 km lange vegen kveld og morgon.
Ein gong fekk Vesla og Marit dra ned Sally foran karjolen for å hente mor. Det var spennande for Sally vart lett skremd av lydar og ukjende ting. Då det kom ein syklist vart
jentene redde for kva som kunne skje, men syklisten kjende til Sally og stansa i vegkanten, så alt gjekk bra.
Far var ordførar frå 1938 til 1942 då han vart avsett av nazistane. Han var og kasserar for vegbygginga mellom Vevring og Horne. Han var den som betalde ut løn til vegarbeidarane.
Når vårvinna byrja måtte vi barna sette poteter, hjelpe til å tryskje (rake vekk slikt som ikkje skulle ligge på marka), seinare slå og hesje. Alt som hadde med høyberging å gjere. Agnar og eg slo med ljå, medan Vesla og Marit hesja.
På våren når det var sei, drog vi på sjøen med Anders som drivkraft. Vi heldt alltid eit auge på om båtar samlast i Ålesundet, Dyvika eller andre plassa,r for då var det sei å få. Fisken vart sløgd, flekt, salta og hengd til turk. Populært fiske var når det var stengd brisling, det vil seie at brislingen stod i not til det var tid for levering til hermetikkfabrikk. Mykje fin fisk samla seg utafor eit slik steng/lås så då var det enkelt å få både mykje og stor fisk.
Vi rykte ein brisling inne i stenget og brukte den på utsida av nota der torsk og sei var eit lettfanga byte med levande agn. Slikt fiske var ulovleg, så det gjaldt å halde eit auge med om noteigaren kom. Kjeft var vel den vanlegaste reaksjonen,
men ein kunne og verte meld. Marit fortel at Vesla kunne gøyme fisk i badedrakta for å få den med i land.
På slutten av 30-talet kjøpte foreldra mine ein ny båt, ein Oselvar. Det var stor stas. Ein gong far var med, imponerte han oss ungane med å fange spir (små makrell) med berre nevane. Han heldt dei bak ryggen og ned i vatnet og kneip til når han hadde dei inni hendene sine. Så slang han småfiskane framfor seg i båten, og vi gjorde store auge.
Far og Leif laga ein kjelke med meigar av T-jern og sete av tre. Då for vi i stor fart ned skreiebakken nedafor Bakketun. Det fanst og ein type kjelke som vi kalla krubbe.
Johannes hadde bestemte meiningar om kven som skulle gjere kva. Ein gong ringde han etter meg då eg stod på krambua og sa: «Du må komme heim for det har komme gjester på garden, og det er ikkje kvinnfolk i huset til å koke kaffi».
Ein gong han såg Agnar vaske golvet på svala sa han: «Nei, no Agnar synest eg det går for langt!»
I ettertid har eg forstått at far i periodar ikkje hadde god helse, truleg sleit han med depresjonar. Han var på Hagavik til behandling for plagene. Mor skriv om problem med mathug og svevn. I 1945 skriv ho til Laila: «Johannes har kome seg bra no ei tid, så vi vonar det må gå over. Han har bra mathug og ser godt ut».
I januar 1953 skreiv ho til Laila om ei fin julefeiring, men «Johs. er ikkje bra, så då er det ikkje gildt». Ho fortel og om brevet som vart sendt meg som var i Tyskland og gjelde overtaking av garden.
No ser eg at det kunne vere far som var plaga av depresjon og uvisse om kva som skulle skje med garden vidare som gjorde at denne saka kom opp då den gjorde.
Anders (1900–1996) vaks opp og budde nesten heile livet på garden Myra i Vevring. Han tok ikkje mykje plass med seg og sitt. Han var av dei som såg kva som måtte gjerast på ein gard og gjorde det. Når det var ungar på garden, gav han dei gjerne ei hjelpande hand.
Anders sytte for at det alltid var turr ved i vedahuset som han hadde vore oppe i Ordalen og felt. Dette var den næraste skogteigen. Bjørk henta vi ovafor Furuhaugen. På vinterføre drog hesten stokkane til gards på stytting eller slede.
Anders var og den som henta og leverte posten til garden. Han hadde særs godt lag med dyr og kunne med nokre korte rop kalle kyrene til gards når dei skulle mjølkast. Ein gong var han uheldig og kom i vegen for ei ku og braut lårhalsen. Han var nær 90 år, men trente seg opp til å gå igjen. Då frakta han veden inn med hjelp av gåstolen.
Anders var venleg i all si ferd og hadde ei særeigen ro, samstundes som han fekk mykje gjort.
Olav Aalen (far sin svoger i Kvammen, han med spikerbåten) skal ha sagt at det ikkje var nokon sak å vere Johannes som hadde han Anders til å ordne opp for seg.
Det lengste Anders hadde vore samanhengande borte frå garden, var 72 dagar i militæret på Voss i 1922. Ellers var han nokre vinterveker på sildefiske, men aldri lenger enn Solund.
Lenge arbeidde han samstundes med gardsarbeidet for Norske Liv som forsikringsagent. Han var ein stillfarande og sparsommeleg mann. I februar 1958 skreiv Åsta til Jakob «Anders har fått ei sylvskei frå Norske Liv fordi han har tinga så mange liv (livsforsikringar). Skal tru om han torer bruke ho?»
På julaftan var aldri Anders med, men fekk pakkane sine og opna dei oppe hos seg sjøl.
Det hende han mellom anna fekk ein sigar til jul.
Anders var forsiktig med alt han eigde og kom ein gong på 70-talet med ei tilsynelatande ny jakke av dongeristoff i battlemodell. Då han fikk spørsmål om jakka, sa han at han hadde hatt ho liggande sidan før krigen for å vente med å ta den i bruk til den andre var utsleten.
Anders kjøpte i seinare tid fast 10 skulebollar på butikken kvar torsdag. Han var glad i det som var søtt og lagde sitt eige syltetøy av bær han hadde plukka. Ein annan grunn til at han kjøpte skulebollar kan vere at han tilpassa seg endringar i familielivet på Myra med mindre faste måltid og meir sjølvstende i å lage seg mat. Anders var ikkje van med dette, men fann si eiga løysing.
Anders hadde og syltetøy på rommet. Det var ein uskreven regel at vi ikkje gjekk inn på rommet hans.
Då Camilla og eg fekk vår Anders i 1983, henta Gamle-Anders fram ein barnegensar han hadde vunne på basar og ga den til Lille-Anders.
Men litt spenning likte han, kjøpte jamnleg lodd i Pengelotteriet og seinare skrapelodd på butikken eller fekk andre til å kjøpe for seg. Anders arbeidde på garden til han flytta til Fjordtun då han var 93 år og pensjonist.
Vel ein halv million kroner oppsparte av alderstrygda etterlet han seg.
Laila
(1894–1994) var fødd og oppvaksen i Furesundet. Ho gjekk på Solvang i 1912-1913.
Ho skriv sjøl: «Mi læretid hadde eg ved Oslo norske kvinners sanitetsforening. I den tid var denne elevskulen i den gamle bispegården i Akersbakken 27… Det var i 1914 eg kom til elevskulen, 20 år gammal daa. Etter 4 år kom eg etter eige ynskje som meninghetssyster til Talvik i Finnmark»
Som 21-åring under elevtida arbeidde ho på Akers sykehus og pleiehjem og fekk fylgjande attest: «Maalrot, avholdsrot, socialist og gæ`ren, Kamplysten, ivrig og skraalende som stæren» Underskrevet av Finn Nyquist 30.12.1915, kl 12.05 aften! Tydelegvis var ho målkvinne, fråhaldskvinne og sosialist på den tida, noko vi ikkje kjenner heilt igjen frå eldre år.
Truleg gjekk ho på Sjukepleiarskule i åra 1915 til 1920. Etter 4 år kom ho etter eige ynskje til Talvik i Finnmark som menighetssyster. Ho reiste saman med distriktslækjaren rundt til folk som hadde fått spanskesjuka. I ein liten skulekrins med 10-12 hus var det berre to friske. Laila gjekk omkring og laga havresuppe til dei sjuke og fyrte opp i omnane. Så vart ho og sjølv smitta. Sanitetesforeinga sitt hovudstyre kalla ho til Oslo Helseraad der ho arbeidde nokre månader før ho tok til som assistent ved Glemmen Helseraad.
I Talvik vart det bygd Tuberkulosehjem og barnekoloni for 80 pasientar. Der var ho oversyster og mellom anna med på å skjule ein jødisk lege Hugo Adler som «spelte» pasient ved kontrollar, men fungerte som lege på institusjonen. Han klarte å rømme til Sverige då alle pasientar og tilsette vart tvangsevakuert 8. november 1944. Moster Laila drog saman med dei fleste pasientane med båt frå Talvik til Trondheim før dei hamna i Vestre Slidre i Valdres (Skammestein).
Seinare vart det oppretta ein ny sjukeheim i Mo i Rana for tuberkuløse der ho som tidlegare vart oversjukesyster til 1956. Laila skriv at ho var knytt til dette sjukehuset «til eg nådde alderspensjon, nesten daa».
Moster Laila flytte inn på Bakketun saman med systera Anna. Etter at ho flytta heim og var ufør grunna helseplager, fungerte ho uformelt som sjukepleiar i bygda. Laila stelte m.a for ein sengjeliggande granne. Ho vart seinare omtala som « ein institusjon».
På vegne av husmorlaget skreiv ho i 1958 eit brev til skulestyret der ho klaga over tilhøva for borna på skulen og kravde nytt skulehus.
Laila hadde eit nært forhold til kyrkja og pynta gjerne der med blomster frå eigen hage. I dagboka hennar finn eg at ho hadde besøk av ikkje mindre enn 47 emissærar i åra frå 1956 til 1984. Dei budde og åt hos henne. Ho var avholdskvinne og likte dårleg at det vart servert juledram på Myra.
På eldre dagar reciterte ho gjerne fleire vers av «Fjellbyggen akter på tiden» (Dalevise av Petter Dass)
Anna (1879–1971) var Åsta si eldste syster.
Ho flytte inn på Myra då Agnar vart fødd, truleg fordi såg ho at det trengdest ei ekstra hjelpande hand. Seinare flytte ho til Bakketun.
Åsta skriv mellom anna dette om henne i tale ved gravferda: «Å hjelpe og glede var for deg det største, deg sjølv du gløymde, vi andre var dei første»
Jakob hugsar at ho ofte spurde når dei kom heim frå fest: «Har de hatt det kjekt?» Ho var ikkje den som la vekt på korleis dei hadde oppført seg, men gledde seg med dei.
Anna kokte i bryllaup og gravferder. Eg hugsar og at ho sa: «Det vert aldri noko moro i eit bryllup om ein ikkje får danse.»
Fia (Sofie Katerina Apalset 1895 -1984) var tenestejente på garden.
Fia kom om morgonen, mjølka, stelte huset og tok seg av førefallande arbeid som hesjing. Også ho strikka medan ho om somrane gjekk i marka til kyrne for å mjølke morgon og kveld. Ho bar holken med mjølk nedatt. Det hende ho tok med eit blåbærris til meg som noko ekstra godt.
Fia sov på Myra, fyrst saman med meg, seinare med Svein.
I tillegg vaska ho i skulehuset. Då ho vart eldre og slutta i floren, lagde ho mat i blant.
Det var ei felles oppgåve for alle dei vaksne å oppdra barna. Eg hugsar at eg valde å gå til Fia om eg hadde vore uheldig og gjort i buksa for ho var så snill. Eg sa då: «Du er so mykje dyktige du, Fia»
Fia gjorde ein stor innsats på Myra, ikkje berre i det daglege arbeidet, men og ved det ho var som medmenneske. Dei siste åra sat ho i stova mest alltid smilande og mild.
Karlhåjen
På denne husmannsplassen oppe i bakken budde Karl Wefring (1867-1956) og kona Karoline med 9 barn. (Far til Karl, Nils, hadde kome til Myra frå Strand i Jølster som 6-åring fordi mora døydde tidleg. Seinare kom Nils tilbake med kona og bygde huset på Karlhåjen. Han hadde med to eiker som vart planta langs vegen til Bakketun. Den eine står der fortsett, er no freda og 3,60m i omkrets.)
På Håjen hadde dei sauer og ei kyr. Karl levde i tillegg av jakt og fiske. Skinn vart sende til Bergen. Om sundagane sat han på hogen og sang salmar og songar med kraftig røyst. Eg hugsar «Kjeto, kjeto mella ser du geiten oppi fjella» som seinare Lillian, dotter til Kally, ga meg teksten til. Han song og salmar som « Den store hvite flokk» med si kraftige røyst.
Ein gong i året kom Karl ned til far og betalde bygslingsavgifta. Han forsikra seg kvart år om at gravferda hans skulle gå frå Myra.
Den fyrste jenta Klara Signora Maria var fødd i 1892 og den siste Kally i 1914. Det var berre Kally som budde i heimen då eg vaks opp. Eg hugsar at ho og Lina (syster til Kåre og Leif Vefring) ordna med dans i Litje-løa truleg sumaren 1939 med løyve frå far. Dagen etter gjekk eg opp for å sjå om det var noko spor etter dansen, kanskje ein kam, men fann ikkje noko.
Leik
Som smågutar leika vi med å lage kvernkall i ei lita gro som gjekk langs med smia forbi den store grana (no fylt igjen). Var det mykje vatn, kunne vi lage det til slik at kvernkallen drog små «tømmerstokkar» oppover «elva».
Om det hadde regna lenge og mykje, gjekk vi til ei elv lengre inne og fiska kjø. Seinare fann vi på å bere kjø i holkar til Myra-elva, og dei etablerte seg faktisk der.
Eg hugsar berre ein gong at eg fekk klaps på baken av far då eg hadde gjort eit fantestykke mot Agnar.
Marit hugsar at ho ved eit høve banka på vindauget for å bli sleppt inn, men at brørne ikkje gjorde det. Då banka ho så hardt at ruta sprakk, og ho sprang opp i senga og la seg bak Fia.
Vi gjekk og i marka og leika. Ein gong var Konrad (Apalset) og eg på tur i fjellsida over Madshogen. Eg fall utfor ein hammar og slo meg medvitslaus. Konrad sprang heim til foreldra sine inne på Hogane og sa ved middagsbordet: «Han Jakob ligg daud oppi marka». Far hans gjekk då inn på Myra for å fortelje kva som hadde skjedd, men då var eg alt heimattkomen.
For i mellomtida hadde eg vakna til igjen og ga meg på heimveg. Eg blødde mykje frå eit hol over tinningen, og då eg skulle gå forbi Karlhåjen tok eg ein omveg for at Karl og Karoline ikkje skulle sjå meg. Såret såg så stygt ut at foreldra mine kontakta lækjaren (nazisten dr Øye) som hadde kontordag i Vevring den fredagen. Han kom heim og sydde att såret. Det var nære tinningen og eg hugsar han sa at eg hadde vore heldig.
Marit hugsar at ho leika med dyr av konglar med Svein. Dei hadde både kyr, sauer og gris. Ho prøvde ein gong å spele orgel hos grannen og lukkast med «Sol ute, sol inne sol i hjertet, sol i sinnet, sol bare sol». Nilla sa ho tykte Marit var flink. Ho har og fortalt at dei bytta ut et av egga til skjorene med hønseegg.
Vesla hadde venninner på same alder som ho for med. Ho hugsar at ho fekk ei mørkhuda dokke med tøykropp. Freistinga til å undersøke kva som var inni magen, gjorde at ho spretta den opp og sagrubb kom ut. Etter dette var det ikkje så stas med dokka.
Når dei vaksne kvilte middag og veret var godt, samlast vi barna i Myravika eller på Sandbotnen på grannegarden for å bade. Vi trente på å symje utan at vaksne
var med. Fjæra hadde vore ein ynda leikeplass gjennom mange år.
Ein gong Agnar og eg hadde rodd inn til Engebø for å fiske, hadde vi surra snøret kring agnet slik at ein hummar surra seg inn i det. Vi drog han opp i fleire vender, men den plaska så kraftig med halen at vi ikkje vågde å ta den inn i båten. Agnar vart redd, gret og ville heim.
Om sommaren hoppa vi i høyet, mens ein køyrde inn turrhøy. Høyet seg i hop og under bjelkene kunne ein krype langt og lage seg holer og gøymeplassar.
Eg hugsar Dagny sa jentene skulle akte seg for å krype i høyet med gutane. Det skjøna eg ikkje den gongen.
Ei tid hadde eg selt postkort og julekort til jul og fekk slik ei lita ekstrainntekt. Desse kjøpte eg frå K. Lund i Drammen som og solgte «hygieniske artikler». På spørsmål heime fekk eg ikkje svar. Eg bestilte sistnemnde for å sjå kva det var og fekk nok ei lita overrasking då eg skjønte det (kondomar). Planen var å selje dei saman med julekorta, fortalde eg far. Men dei gjekk til jamnaldringar. Mor til ein av desse kameratane klagde til far over kva gutane hadde kjøpt av meg. Han sa likevel ikkje noko til meg om saka.
Om vintrane prøvde vi ein gong å gå på ski som var laga av tønnestavar. Stavar kan eg ikkje hugse at vi hadde. Vi starta i bakken bak eldhuset og for ned mot elva. Under krigen fekk vi laga ski på Åsnes i Dalsfjorden. Då sende vi stokkar helst av rogn til dei og fekk ski attende.
Agnar slost eg med til han vart sterkare enn eg. Ein gong hoppa eg der eg ikkje skulle og Agnar fortalde dei vaksne at «han Jakob hoppa rett opp i abrasupa (rabarbrasuppa)»
Skal eg setje ein merkelapp på Vesla dei fyrste leveåra, så må det vere «fasadeklatraren». Det byrja frå ho vel hadde klart å setje føtene under seg. Ho fann fort ut at det var meir spennande å gå i vindaugskarmen enn på golvet. Eg hugsar spesielt ei særleg vakker blomsterkrukke, -ei sokalla pyntekrukke som stod i glaskarmen i vestre stoveglaset. Den var kvit med gullforgylling kring kanten med to runde hankar og hadde i kraft av sin alder fått ein heidersplass midt i vindaugskarmen omgjeven av mindre heilt vanlege blomsterpotter. Ved ei av dei fyrste klatreøvingar, gjekk det gale. Ho hadde med lettheit teke seg forbi dei små brune pottene, men den store gjekk i golvet. Eg kan enno sjå og høyre den eine runde hanken som løyst frå krukka rulla bortover
stovegolvet og la seg fint til rette under vedaomnen til «tonefylgje» av Vesla sin glade lått.
Ein gong sigla ho på løtaket og fekk ein skikkeleg rift av ein spikar i baken. Då måtte han pappa til å sy den igjen (utan bedøving).
Det fanst eit dokkehus og ei mørk dokke, men dei vart ikkje mykje brukt, i fylgje Marit og Vesla. Ute hoppa dei paradis, leikte blindebukk og slå-på-ring. Det skal ha vore populært å passe småjentene på Myra for dei hadde så fine klede.
Svein kalla meg «Koko» då han var liten. Marit hugsar at han plukka ein liten fiol til mora.
Kortspel vart rekna som synd, men Gnav, Svarteper og Ludo gjekk an heime.
Vi lagde difor kortstokk av celluloseplatar som vanlegvis vart nytta som kyrafor. Problemet med desse var at korta svall opp når dei vart fuktige, og det vart dei av bruk. Det førde til at vi måtte stokka korta i fleire omgongar. Kortstokken kunne verte ca 20 cm høg.
Det var ikkje likt på alle gardane. Om vi gjekk til Kåre og Leif, kunne vi sjå på når dei spelte Whist.
Då eg tok med min nye Gnav-kortstokk på skulen, tok lærarinna den og brende den. Seinare vart haldningane meir liberale også på Myra, og mor kunne legge kabal. Men ein gong postmannen som og var klokkar kom inn døra, sopte ho korta ned i fanget så han ikkje skulle sjå kva ho heldt på med.
Vesla likte dårleg at det var kortspel på Myra, så det hende at ho brende korta.
Biblioteket og bøkene på garden
Vi hadde folkebiblioteket i gangen på lemma. Det var mest Anders og mor som styrde med dette. Eg såg veldig fram til å lære å lese og ha så mange bøker å lese i. Og eg misunte Jorunn som var to år eldre og kunne det.
Då eg hadde lært å lese, las eg både salmeboka og dei fleste bøkene som stod i hyllene.
Som ungdom fann eg ei diktsamling av Jakob Sande i det store skåpet i nystova. Det starta ei livslång interesse for Sande og annan norsk lyrikk.
Seinare reiste eg på Flora på utgjevingsdagen til nyaste diktsamlinga av Sande for å sikre meg den. Og eg las høgt for dei andre heime.
Mor skreiv til meg då eg var lærar i Gamvik jula 1957: «Ja, så må du flittig gå i kyrkja, Jakob, både i jula og elles. Og så skal du vel halde fest med borna. Du må ikkje lese Jakob Sande, men noko som er fint»
Eg trur eg fylgde det rådet, men då eg tidligare hadde vore i militæret las eg Sande på ein leirkveld på Hauerseter. På 50-årsjubileum for militærtenesta, var det folk som hugsa meg nett for dette og oppmoda meg om å lesa Sande på festen, noko eg gjorde med glede.
Skulen
Vi gjekk alle på skule i Vevring, småskule tysdag, torsdag og laurdag, storskule måndag, onsdag og fredag.
Fyrste skuledagen min oppdaga lærarinna at det mangla ein pult og at Laura var utan. Då sa eg: «Ho kan få sitje med meg». Då lo alle for det var ikkje vanleg at gutar og jenter sat saman.
Det var Dagny Thingnes som var vår lærarinne. Ho var sterkt interessert i kristendom. Den fyrste timen vart alltid nytta til å undervise i dette, og den timen kunne verte nokså lang sjølvom leksehøyring berre tok ein liten del av tida. Leksa var ofte frå Bibelsoga til Volrath Vogt, katekisme/trudomslære eller salmeboka. Desse vart brukte alle dei 7 skuleåra.
Vi hadde elles landkunne, soge, norsk, rekning og kroppsøving.
Ved skulefråver kunne ein ta det igjen ved å fylgje den andre gruppe dvs småskule eller storskule uansett kva gruppe ein høyrde til i.
Midt på dagen kom Karl med varm mat til Dagny nedanfrå Thingneset. Det hende at kristendomstimen ikkje vart avslutta før han kom. Vi barna åt nista som vi hadde med heimanfrå. Vi varma mjølka som vi hadde med i flasker på ein elektrisk varmeomn med plate oppå.
Ei spesiell hending knytt til kristendomsundervisninga var då Dagny ein gong tykte Kåre ikkje følgde nok med. Ho spurde kva det var han sat og såg ut glaset for. Han forklarte at det var eit ekorn på veg opp langs elva. Då sa Dagny at det var Satan som hadde sendt ekornet i veg for å forstyrre hennar kristendomsundervisning og at han ikkje måtte la seg uroe av ekornet.
Noko seinare oppdaga Dagny at Kåre framleis sat og såg ut. Ho kvesste i «kva
er det no igjen?» Kåre svara: «Åh, det er noe berre hinmannen som fer her ute og spring»
Forplantingslære var nærast fråverande i skulen. Dagny sa ein gong at det var slik med menneska som med dyra. Difor gjekk eg å grunna på kven den mannen i bygda var som hadde hingsten si oppgåve. For meg var det eit mysterium, men eg lurde på om det kunne vere han som hadde hingsten.
Ein gong hugsar eg at Dagny vart opprørt. Det var ein dam etter regn utafor skulen og vi ungane «øyste» (spruta med foten) så skitpøyla stod oppetter veggen. Best var det når sketspruten stod over loftsglaset. Ein vår var det Sverre som hadde rekorden. Gode sketflekkar viste kor høgt han hadde nådd. Ein gong sa Dagny irritert at «de heldt på som om de var betalt for det». Då sa Atle: «Eg skal gje deg 5 kr om du vil gjere det same» Då vart ho skikkeleg arg, gjekk langs heile guterekka og lugga kvar enkelt, bortsett frå Ansgar (sonen hennar).
Juletrefestane for heile bygda var på skulen. Det var ulike typer festar. Sundagsskulefesten var for barn medan KFUM-festen var for ungdom og vaksne. Det hende at småfulle ungdommar stod ute i gongen og prata medan festen pågjekk inne. Ved siste songen rundt juletreet, kom alle inn og deltok. Ungdommane som trong det, fekk støtte til å halde seg på beina for alle skulle med.
Slik var det og på fyrste juletrefesten i nyskulen. Ein kvinneleg emissær, Lovisa, reiste seg med ein gong og sa: «Satan har vore her i kveld» (truleg med tanke på alkoholbruken).
Kyrkja
Når det var gudsteneste gjekk nokon frå Myra i kyrkja, oftast mor og Anders. Seinare vart og far med. Eg hugsar at Anders ba meg knyte slipset hans før han gjekk.
Før kyrkja vart ombygd hadde Myra og Thingneset, bruksnr 29, ein fast plass på nokre stolar ved sidan av preikestolen og Årsethfolka hadde tilsvarande plass på andre sida ved sidan av orgelet. Vi hadde eigen inngong bak alteret. Så kom det ein prest (Julset) som ikkje tykte om denne ordninga så han fekk døra låst bak alteret. Fyrste gongen eg fann døra låst, gjekk eg inn den vanlege inngongen og sette meg på den faste plassen til garden, men vart sitjande der åleine fordi familien hadde forstått kva presten meinte og hadde sett seg ein annan plass. Folk smilte vel litt i det skjulte av det dei tolka som at eg var modig utan at eg hadde tenkt slik sjøl.
Ein annan prest, Kvarstein, kommenterte ein gong at det var folk som var ute og mora seg i staden for å gå i kyrkja. Alle forstod at det var folk på Myra han såg frå sakristiet, men eg hugsar hendinga og veit det hadde si forklaring. Vi hadde fått besøk av ein kar som hette Bjarne Arnoldussen. Han hadde vore fosterbarn i Furesundet med tante Anna som fostermor og no var han på besøk. Bjarne var
ikkje frisk så nokon valde å vere heime med han. Men presten var moralsk forarga over åtferda til nokre av Myrafolket.
Dei sundagane det ikkje var preike, vart det forventa at vi som var i huset skulle høyre radiogudstenesta. Det var et ork, tykte eg. Men verre var det på grannegarden for der las bestefaren lange tekstar frå ei bønebok i tillegg til radiogudstenesta.
På den tida eg var om lag 13-14 år overtok Atle Vefring og eg eit lite kyrkjeleg oppdrag etter Ottar og Trygve. Vi fekk nemleg arbeidet med å pumpe luft i orgelbelgen under gudstenestene. Årsløna var 50 kroner på deling. Det fanst ei lita bjølle som Spele-Lovia kunne bruke for å varsle oss om når vi skulle pumpe. I belgen var det eit lite hol som ga ein pipande lyd som var sjenerande om ein pumpa luft inn om det ikkje vart spelt på orgelet, så vi måtte lære ritualet i kyrkja og fylgje preike og tekstlesing nøye for å forstå når det skulle syngjast. Ein gong det var gravferd for ein frå Kvellestad kom ein kar frå Bergen (son til avlidne) og ga meg fem kroner ekstra for jobben. Det var ein stor sum den gongen. Med hausten og vintermørkret kom emissærane og heldt møte i skulehuset. Krig og uvisse ga næring til tankane om endetid og domedag.
Haldningane til kva som var upassande og syndig var ein del av kvardagskulturen.
Ein gong kom det klage på presten. Klagen var så spesiell at eg sende den inn til Dagbladet der den kom på trykk og seinare i ein samling kalla «Levende anekdoter» 1959:
«Det var kome ein ny kapellan til Naustdal i Sunnfjord. Kapellanen var ein ung og spenstig kar og slett ikkje noko hengehovud. Han tok det til dømes ikkje så nøye med å late opp grindar, men hoppa like gjerne over både grind og gjerde når han var ute og gjekk i embets medfør. Men dette fall ikkje i dei gode naustedølingane sin smak. Så da Bjørgvin-bispen Andreas Fleischer kom på visitas, møtte dei mannssterke fram og sa frå at dei ikkje var nøgde med kapellanen. Fleischer ville gjerne vite kva klagemål dei hadde mot han. Ja, han slikt eit ukristeleg fotalag, sa dei.»
Krigen
Midt på skuledagen 9. april kom nokon opp til skulen og fortalde at det var krig i Noreg. Dagny gret og let oss gå heim sjølvom skuledagen ikkje var slutt. Saman med Atle gjekk eg heimover. Vi som både berre var 8 år, tykte det høyrdes spennande ut.
Då vi var heime på tunet på Myra la vi øyret til marka og meinte bestemt at vi høyrde kanontorden noko som sjølvsagt ikkje stemde.
Om lag eit år seinare hugsar eg at Ane i Bygningen (telefonsentralen) ringde og fortalde at «dei grøne» var på veg. To av dei i uniform og med gevær kom og spurde etter far som ikkje var inne. Vi forklarte kor han var og den eine gjekk for å finne han. Den andre stilte seg opp utafor døra. Eg var nok litt redd den gongen.
Dei hadde eit konkret ærend, dei ville sjå storleiken på stallane som fanst i bygda. Truleg vurderte dei om dei skulle legge ei avdeling i Vevring.
Eg hugsar og at dei spøkte og lo, sa «Gott mit uns» og ga oss ungane snop. Vi visste ikkje om vi skulle ta imot.
Anna hadde kjøpt radio i 1938, men alle radioar vart samla inn. To vart gøymde hos sambygdingane Toralf Vefring og Ola Apneset. Dit gjekk far eller Anders og høyrde på i blant.
Vi hadde eit stort kart over Russland oppslege på veggen heime, og far flytta merke av frontlinjene på kartet ettersom krigen skreid fram.
Nokre somrar kom ei jente frå Bergen, Astrid frå Knøsesmauet, og fekk god landsens kost og omsorg hos oss. Det var småjenter på mange av dei andre gardane og.
Krigen endra ellers lite i kvardagen då garden hadde sjølhushaldning, men det foregjekk varebyte og svartebørshandel. Eg dyrka tobakk for sal slik mange gjorde. Blada vart smurde med ein saus eg fekk frå ein målarmeister i Bergen. Han var hos oss for å marmorere taket i stova på Myra og i Bakketun.
Matias på Håjen (eit nabohus til Bakketun) ga meg tobakksmerke (til bruk i butikk) når han kjøpte heimeavla tobakk av meg. Ein gong vart eg bodsend av mannskapet på ei finsk frakteskute fordi dei trong tobakk. Ein av mannskapet fekk tobakk av meg, lukta på den og heiv den rett på sjøen. Det tykte eg var leit.
Far var ordførar frå 1938 til 1942 då han vart avsett. Då overtok ordføraren i Naustdal, doktor Anders Øye som var nazist og som tidlegare hadde sydd meg.
Frå dei fyrste åra hugsar eg at far fekk tilsendt fargerike plakater med bilete av soldatar. Desse skulle hengast opp for å rekruttere menn til militæret. Far let dei bare ligge, men eg som syntes dei var fine hengde opp ein. Då far såg dette, reiv han den ned utan eit ord.
Sigvald Gjelsvik (ikkje nazist) vart seinare ordførar og heldt fram så lenge krigen varde. Eg hugsar han kom og henta ordførarsakene som far hadde oppbevart i ein kuffert.
Etter eit emissærmøte i skulehuset der eg var saman med Fia, gjekk vi heimover ein mørk haustkveld. Plutseleg stod ei lysande kule på himmelen. Det vart lyst som på dagen og ute i havet laga sporlys ein båge i himmelranda. Då sa Fia: «Kom la oss springe, Jakob, det er dommedag.»
Den svarte fredagen (9. februar 1945) såg vi om morgonen då vi gjekk på skulen at det låg nokre krigsskip inne ved Ålesundet. I 12-tida på dagen kom det eit alliert fly som krigsskipa skaut på utan å treffe. Flyet vende og for vestover igjen. Vi hadde lært så mykje om krig at vi skjønte at no blei det bråk.
Vi vart sende heim frå skulen, og vel heime på Myra såg vi ei heil mengd fly komme med kurs inn Førdefjorden. Den store båten som hadde vore geleida inn Førdefjorden var målet for flya som var ute etter å senke den. Eit 10-tal mindre båtar følgde den. Båtar og fly opna eld mot kvarandre. Vi såg at fly blei skotne ned.
Fordi vi var så opptekne av det som hende inne i fjorden, merka vi ikkje at to fly kom rett over Engebøfjellet og flaug lågt over bygda. Først kom eit alliert fly som var etterfylgt av ein tysk jagar. Vi stod samla nedanfor husa og såg rett opp i buken på flya Det var kraftig lyd av motorane og skota. Mor var i Rørvika som lærar, og vi tenkte med uro på ho fordi angrepet var i same område.
Seinare fann vi patronhylser rett ved sida av der vi hadde stått og vidare fram gjennom bygda med jamne mellomrom. Så vi kunne leite dei opp fordi vi visste kor dei fanst.
Enno har eg ein av desse liggande. Eg hadde mareritt om flyangrepet i mange år seinare.
Då freden kom vart vi sende heim frå skulen etter at Dagny hadde fortalt at det var fred. Vesla (då 8 år) hugsar at ho såg nabojenta Margunn hoppe opp og ned og rope «Det er fred» opp att og opp att. Sjølv forstod ho ikkje heilt kva det skulle bety.
Familien på Myra fekk radioen sin tilbake etter 8. mai. Det var stas.
Eg hugsar og at ein slektning (Jostein Aalen) kom med ein stor kjeksboks med kvite kjeks til Myra for å feire freden.
Åsta skreiv 16.07.1945: «Ja, det er fint no med kaffi og fint mjøl, gode kjeks og i dag får vi sjokolade. Du verda kor godt vi har det i eit fritt Noreg. «Her er sommersol nok, her er sedejord nok», og no trur eg vi også har kjærleik, om ikkje nok».
Krambua
Eg arbeidde om lag eit og eit halvt år (1950-51) som handelsvein hos Torleif Førland i butikken i Vevring. Den heldt til i underetasjen i bustadhuset hans.
Dei faste kundane handla på bok og betalte når dei vart oppmoda om det. Onkel til Torleif som heitte Gustav og var postmann tok imot pengane som hadde kome inn kvar dag. Nokre hadde lite pengar og levde på fattigkassa, Det var butikken si oppgåve å regulere kor mykje dei kunne få av det dei hadde skreve opp på handlelista. Fattigkassa ettersåg kva som vart levert til dei. Kundane hadde med ryggsekk eller handleveske som dei la varene i.
Folk kom i butikken om morgonen når dei hadde levert mjølk i spann på båten, og om kvelden når dei henta dei tomme spanna. Butikken var slik ein sosial samlingsplass. Hestane stansa automatisk når folk møttest på vegen for dei skjøna at no skulle det pratast.
I krambua fanst mange matvarer; margarin, smolt, ost, kveitemjøl - grovt og fint, semuljegryn, risengryn, havregryn, tørka erter og mais, kaffi og kaffierstatning, salt, sukker og gjær. Mjøl, sukker og kaffi vart vege opp i posar. Sirup vart lagra i tønner. Dessutan hadde vi pølser og kjøttpudding frå Grytten kjøttvare i Førde. Butikken tok i mot egg som vart stempla og sende vidare til Eggsentralen i Bergen. Folk visste kva ost dei ville ha, for det var ulik smak på ostane frå gardane i Vevring. Vi hadde og sardinar på boks og Sunda (søtt pålegg). Om hausten selde vi frukt og appelsiner til jul.
Vi fekk brød frå Jetmund Berntsen i Naustdal og Martens bakeri i Bergen. Nokre gongar wienerbrød og skoft som kom i sekker opphavleg tenkt som dyrefor.
Vi hadde snop som sjokolade, drops, brus. Dropsa kom i spann og vart selde i spissposar. Spanna var populære når dei var tomme.
Av apotekvarer hadde butikken Globoid, Kamferdråpar og Nafta. Tobakk og skrå fannst og. Norsk-engelsk tobakksfabrikk (NITO) hadde eigen båt som dei leverte varer frå.
Jernvare; Spiker, glas (som vi skar), dynamitt, lunte og fenghetter, utstyr for fuglejakt, krutt, hylser, hagl, lyspærer, tjære til båtar, såpe var standard. Krambua tok imot harer og ryper og sende dei til Bergen.
Klede: Sko, Gummistøvlar, ullunderklede, regnklede, tresko, skinn og solar til å reparere sko. Mange sydde og kjøpte mønster til dameklede.
Butikken forhandla ein periode bøker frå Ansgar Forlag.
Brennstoff: Parafin og lampeolje. Petroleum til gardane på Engebø, Gryta og Redalen som ikkje hadde straum som Vevring. Fôrmjøl til dyr og hesteskor fannst sjølsagt og.
Eg ekspederte kundar og tok imot varer som kom med båt til kaia. I starten kom
det meste frå Bergen, men så vart det oppretta eit engrosfirma i Florø (Sigurd Nybø), og då fekk vi varene derifrå.
Folk handla med rasjoneringskort, og eg fekk mykje sjokolademerker som dei ikkje brukte.
Anna kunne eg og råke til å få som då Leif Wefring hadde kjøpt ei flaske med dram og skulle dele den med ein annan. Han hadde med ei flaske til dette, og han fekk bruke bakrommet. Som takk ga han meg ein dram (60%) som eg måtte svelge rett ned. Det var voldsomt sterkt og heilt ukjent for meg som ramla inn i butikken ganske fortumla.
For å oppmuntre folk til å reparere eigne sko, laga eg ei lita utstilling av det ein trong for å gjere dette. Bekatråd, grisebust med meir vart presentert i ein glasmonter på disken. Torleif tykte det var greit, men kommenterte: «Det vert ikkje pengar av slikt!»
Då Førland hadde vore på kurs i Heimevernet, heldt han kurs lokalt om korleis handtere ei mitraljøse. Ved avslutning lurte han på om det var nokre spørsmål. Då sa Matias Engebø: «Sei meg Førland, har du mais?» Han trengde dette til oppforing av grisar.
Torleif skreiv i attesten til meg (05.05.1955): «Han synte seg å vere ein trugen medarbeidar. Med si venlege, høflege og ærlege framferd vart han godt omtykt også av kjøparane våre. Jakob Thingnes er ein roleg og stø ung mann som alltid har synt sømeleg framferd.»
Kven skal drive garden vidare?
Då eg var 18-19 år sa far til meg at garden var min om eg ville ha den, men om eg ville gjere noko anna måtte eg finne ut av det sjølv. Omtrent på same tid sa han: «Du kan klare deg godt, du Jakob, sjølv om du ikkje får til noko med hendene.» I Kropperbusch der eg var med Tysklandsbrigaden i 1952/1953 kom eit brev frå mor som kravde eit svar.
26. november 1925 skreiv eg: «Kjære Far og Mor. Det var det viktige du mor bad meg svara på sist du skreiv. Det var dette: Meg-Agnar-Garden. Det var noko eg visste før eller seinare måtte avgjerast. Likevel kom det så brått på. Men ein ting er greit det er som du mor skreiv: Det vert ingen bonde av meg. Men det er liksom så sårt likevel. Det er som å taka eit steg bort frå dette sikre- grunnfaste, garden og heimen, mot ingenting.
Veit ikkje om de skynar meg, men slik kjenner eg det. Ikkje slik at eg misunner Agnar garden, på ingen måte. Han fortenar han mykje betre enn eg. Har lenge kjent det slik at garden har glidd meir og meir bort frå meg. Likevel er det sårt å riva seg heilt laus frå det eg alltid liksom har kjent som mitt. Har liksom ingen-
ting att, berre viljen til å verta noko, men kva?
For framtida står som eit stort spursmålsteikn. Før var dette med garden som ei lita von, men no-ingenting. Men, men det ordnar seg nok, noko må det vel verta av meg og, men det ser smått ut. Sjølv om eg no står utan noko som ein gong skulle verta mitt, er eg og vil alltid vera dykkar Jakob.»
Mor skreiv til Laila i januar året etter: «Agnar skal reise til Sola i militæret. Vi ville han skulle reist på jordbruksskule, men det ville han ikkje. Vi skreiv og spurde Jakob om han ville la Agnar få odelsretten. Han høyrdest ikkje glad ut.- Han var samd med oss at han truleg ikkje vert nokon bonde, og han unte Agnar så vel.- Men på same tid var det sårt. Eg veit ikkje om det er difor A. ikkje vil. Det må no vel verte ei råd med det.»
Og det vart det. Agnar tok over gardsdrifta i praksis midt på 60-talet og formelt i 1983.
Ei annleis jul 1957
Denne jula fekk eg mange brev fordi eg skulle vere i Gamvik og ikkje kom heim slik det hadde vore før.
Agnar skreiv til Jakob etter jul: «Det er liksom ikkje den greia med jula, når vi ikkje er heime alle og kan kose oss saman desse juledagane».
Vesla som var sjukepleiarelev skulle ha vakt på julaftan og kom heller ikkje heim. Ho skreiv til meg: «Eg har no vore dum nok til å gå og ha eit lite håp om å koma heim i jula. Trudde eg skulle få nattevaktsfri når eg kom frå fødeavdelinga, «men den gang ei». Ein kveld som eg var retteleg sliten og ikkje i det humøret som eg burde vera i, fekk eg vita at eg fekk ikkje nattevakt, men skulle ha seinvakt (frå kl 15–24) heilt åleine både julekvelden og juledag. Tårene kom, eg greidde ikkje halda dei tilbake. Fyrste jula heimafrå og så sitja åleine. Eg såg for meg i ånda stova heime, der alle mine som eg er så inderleg glad i feira jul, medan eg sprang med fulle hender på post. Eg kjende meg reint som ein martyr og syntest synd på meg sjølv i rikeleg mon. Du kan vel skjøna litt korleis eg hadde det. No ser eg fornuftig på det. Eg kunne likevel ikkje koma heim eller eg hadde ingen kjende i byen som eg kunne feira jul saman med. Så då er klart eg er den falaste og synest det er heilt rett at dei andre som kan koma heim eller har nokon å vitja får fri på kvelden»
Marit hadde huspost i Moss. Ho skriv 17.12.1957 om heimreisa: «Sundag ettermiddag skal vi altså reise herifrå, vi kjem truleg til å reisa så tidleg at ho Vesla kan få besøk av oss nokre timar. Det går båt frå Bergen kl. 2 mandag, og då er vi heime kl. 3 10 natt til tirsdag, og eg gledar meg. Vi må tilbake her til sundag den 29.12. Vi slepp å gå på post før klokka 12 den sundagen. Så visst det passar med rutene kan vi reise heimanfrå om laurdagen innover ellers må vi reise fredags morgon og så vere heile dagen på Florøyna og tilbake her laurdag kveld» Det vart ikkje mange dagane heime med så lang reise. (Marit har fortalt at
ei anna jul måtte Agnar hente henne på Helle sjølvaste julafta for at ho skulle kome seg heim.)
I eit seinare brev fortel Vesla kva ho hadde kjøpt som gåver frå seg og Jakob. Svein hadde ynskt seg ei slik skjorte som tenåringane går med, og far som såg på då han pakka opp den raude skjorta skreiv at han aldri hadde sett Svein så glad før. Mor fekk toalettveske med ymse innhald, Marit tøflar, badematte til Anna og Laila, slips og Våre hestar (blad) til far, skjerf til Fia, voksduk til Anders, sigarett-tendar og Bonytt til Agnar. Til Jakob sende Vesla ei svensk diktsamling. Svein skreiv 3/1-1958 til Jakob: «Eg gløymer mest å takke for den gjeve gåva eg fekk hjå deg og Vesla. Skjorta var super. (Du visste vel kanskje ikkje kva ho hadde kjøpt).»
Han fortalde og om festane som hadde vore: «Tredje juledag var barnefesten. Berre barn og nokre gamle kjerringar av det som var der, men då var ungdomsfesten betre. Folk frå Flokeneset, Gryta, Stranda og andre stadar, så det var ganske moro. Tala var av «klokkaren». Den tredje festen var i går og det var avholdfesten og med det siste juletrefesten i denne helga. Denne festen var og god, mykje utanbygda folk og då er det no likaste lell.»
Agnar skriv og om julefestane: «Her var ein sver ungdomsfest. Veret var fint og her var mange tilreisande, men utpå kvelden vart det ein snøstorm, så folk frå Flokeneset og frå Vikja kom seg ikkje heimatt når festen var slutt. Vi gjekk då inn i kjellaren hans Arvid og der dansa vi til klokka var 8 om morgonen, men då hadde det vore finever lenge»
Eg feira jula i Mehamn saman med ein medstudent frå lærarskulen på Hamar som heitte Helge Nilsberg. Vi hadde avtala at vi skulle feire jul der han heldt til og nyttår i Gamvik der eg var lærar. Min plan var å ta rutebåt frå Gamvik til Mehamn, men ruta vart innstilt grunna dårleg ver. Då julafta kom, var veret stilt og fint, så eg spende på meg skia og gjekk mot Mehamn. Helge skulle møte meg midtvegs på den to mil lange vegen. Turen vart ei stor oppleving for meg som aldri hadde gått så langt på ski. Det var heilt mørkt då vi kom fram. Helge skulle lage julemiddag og mor hans hadde sendt ei kokebok der oppskrifta stod. Men i den stod at kålen skulle forvellast, og det visste vi ikkje korleis skulle skje. Helge gjekk til rektor på den skulen han arbeidde for å få råd. Det enda med at vi vart inviterte på julemiddag hos rektor. Det var lapskaus som var julemiddag der i huset.
Vegen ut i verda for dei fem syskena
Jakob (f. 15.01.1932)
Eg gjekk på skulen i Vevring frå 1939. Dei andre hoppa langt og sprang fort noko eg ikkje gjorde. Men eg likte å lese opp dikt.
I 1946 vart eg konfirmert og so vart det Framhaldsskule i Kvammen. Då budde eg hos syskenbarna mine, Jostein og Alvhild Aalen. Ei tid etterpå (1948-1949) arbeidde eg i butikken deira i Kvammen.
Ein sommar drog eg ein veke på ein leir i Holmedal som Indremisjonen og KFUM organiserte. Samværet med jamnaldringar og at Atle Wefring og Eiliv Thingnes frå bygda var ein grunn til å vere med.
Innhaldet var bibeltimar og idrett. Vi vart frå starten delte i to flokkar. Bønestunda midt på dagen var for dei frelste. Vi andre sat utanfor og venta på at bønestunda skulle ta slutt, men vi var litt spente på kva som føregjekk der inne. Det førte til at fleire bestemte seg for å vere med på eit bønemøte. Atle og eg gjekk inn i lag. Det var då Atle reiste seg og vitna, han las «Med
Jesus vil eg fara» og gjekk ned på kne saman med dei andre frelste. Det kom som ein sterk overrasking på meg at min beste ven skulle gjere noko slikt. Ved slutten av veka hadde mange vorte frelste. Samværet siste kvelden vart organisert slik at alle frelste gjekk ned på kne, uten oss to ikkje frelste. Eg kjende meg veldig åleine. På båten heim hadde eg ikkje lenger noko fellesskap med venene mine. På veg opp til garden møtte eg far som sa: «Eg kan sjå det på deg at du har ikkje likt deg»
Til Fana folkehøgskule reiste eg hausten 1949. Rektor, Martin Birkeland, var frå Naustdal og eg hadde høyrt mykje vellete om han. Mange ungdomar frå Naustdal gjekk der. Eg såg på dette som eit godt alternativ til Sunnfjord folkehøgskule etter opplevinga i Holmedal. To ugifte halvbrør (Nikolai og Jakob) til mormor Maren ville koste lærarskule på meg, men slik vart det ikkje då.
Heimeyrkesskulen (1950/51) i Jølster var neste steg på utdanningsvegen. Agnar hadde gått der året før; og han laga mykje av dei møblane som vi mangla heime t.d. soveromsmøblement til foreldra våre. Eg laga eit skrivebord, eit kråskåp (som kom på utstilling i Førde), ein kubbestol, ein lenestol med meire.
Då skulen var slutt trong eg hjelp av hest og vogn til å frakte møblane til Førde før dei vart sende med båt til Vevring.
I 1952 kom innkallinga til militæret der ein skulle møte nybada. Det førte til at eg la på svøm i fjorden ca 14 dagar før avreise for anna bading fanst ikkje. (Bad på Myra kom i 1957 i fylgje brev frå mor.)
I militæret var eg fyrst på Jessheim, deretter i Kropp i Schleswig-Holstein (i Tysklandsbrigaden). Der tok eg sertifikat for buss utan køyretimar eller anna røynsle. Ein dag vart alle køyrde til Flensburg, der dei blei sette til å køyre buss og fekk sertifikatet.
Etter militæret reiste eg vekk og tok realskulen på eit år i Syvdsbotten på Sunnmøre (1953/54).
Hausten 1954 tok eg til på gymnas i Sogndal der eg gjekk 2 år. Mange andre var på min alder. Eg hugsar at eg kjøpte lær og bekatråd og halvsåla mine eigne sko medan eg var der. Eg tenkte på kva skulle eg bli: Journalist? Sosionom? Som barn hadde eg tenkt det måtte vere spanande å vere kramkar.
Det blei til at eg drog til lærarskulen på Hamar. Frå 1956 til 1959 med eit avbrekk på eit år i som lærar i Gamvik 1957-1958.
På lærarskulen fekk eg nære vener som har fylgt meg gjennom livet. Interessa for dikt førde til at Audun Gjermstad, eg pg nokre fleire innførde månadens dikt i klassen.
Eg gjekk til bokhandelen på Hamar og kjøpte diktsamlingar av Rolf Jakobsen som stod der og selde bøkene sine. Dette var truleg hans fyrste jobb etter soninga (var nazist under krigen.)
Vi spelte ved fleire høve teater på lærarskulen. Også den interessa fylgde meg vidare i livet. Audun starta «Det hemmelege teater». Der hjelpte eg til med snekring.
Deretter valde eg folkehøgskulen i Darbu. «Her vert friskt opp med arbeid både
no før skulen tek til og ikkje minst når han kjem i gang.» skreiv eg i brev heim.
Eg fekk m.a. ansvar for tilsyn med elevane, å ordne opp på sløydsalen og lage kartotek til biblioteket. Der snekra eg mine eigne stolar og bord og inviterte lærarane på kaffi på rommet.
Frå 1962 til 1980 var eg lærar i norsk språk og litteratur ved den nordiske folkehøgskulen i Kungälv, eg var og gymlærar (!) Etter nokre år tok eg elevane med på reiser til Gamvik, Henningsvær og Vevring. Mange både elever og lærarar besøkte meg seinare heime.
I Sverige møtte eg andre og friare haldningar til mangt og la meg til med nye vaner.
I Sunnfjord måtte ein på 60-talet bestille vin frå Bergen, og det gjorde eg. For postmannen var det viktig at andre ikkje fekk sjå slike leveringar. Så då eg skulle hente kvitvinen på kontoret hans, sa han at eg skulle komme etter kl 12 om kvelden. Eg spurde om kvifor eg ikkje kunne få pakken med det samme. Då sa han: «Eg trur du er galen, no midt på høglys dag»
Ei anna lita historie: I same tidsperiode hadde eg besøk av eit lærarpar frå Kungälv som ikkje var gifte. Mor nemde dette til meg og eg svara at det viktigaste var vel at dei hadde det godt i lag. Mor ropte då på far og sa «sei noko du!», men han valde ikkje å kommentere dette.
I periodar hadde eg permisjon for å ta universitetsfag, norsk grunnfag og til slutt hovudfag i historie i 1979 der Folkehøgskulen var tema. Så gjekk ferda heimover fordi eg hadde treft Camilla som budde i Naustdal. Eg var vikar for rektor ved folkehøgskulen i Sogndal i eit år (1980-1981).
Då Livar Litlere, som var ein ven frå tidlegare, trong lærarvikar på Horstad tok eg til der som vikar til 1983. Diverre døydde då Livar altfor tidleg, og eg vart rektor.
Snart overtok eg i byggenemda for ny skule på Horstad, og den vart trass i ein del motvilje realisert i 1986. I talen ved innviinga sa eg mellom anna «at det ikkje hade vore nokon stafett, men meir snakk om pinnar i vegen og vandring i ei hinderløype med innslag av fribryting. Men all idrett fostrar sine folk og framalar både fantasi, pågangsmot og skaparevne. I alle fall har det ført til at skulen står ferdig her i dag, og alle har vore med.»
Vi hadde fleire prosjekt på Horstad som eg minnest med glede; Elva, trea i klasserommet og prosessorientert skriving.
I Vevring var det som alltid livet i fjorden som fanga meg og førde til det fyrste fiskekurset i 1972. Vi fiska og fekk fangsten analysert av ein marinbiolog før den var eten.
I 1994 tok eg saman med nokre andre initiativet til «Lyr, lyre og lyrikk» som var ein oppfylgjing og utviding av fiskekurset.
I 1998 slutta eg på Horstad fordi hadde eg nådd pensjonsalderen.
Eg vart sambuar med Camilla Voss og sonen Peter i 1979. Vi bygde hus og flytta opp på Rabbane i 1982 saman med gode vener. I 1983 fekk vi Anders. Fyrst i 2020 gifte vi oss.
Agnar (1933–2012)
Fyrst gjekk han som eg på folkeskulen i Vevring. I tresko, kortbrok, gensar og heimespøta sokkar sprang vi i lag til skulen.
Då Agnar var konfirmant i 1947 skreiv mor til Laila: «Veret var forferdeleg. Det kom ingen frå Furesundet. …Det vart 15 framande og vi hadde ei hyggjeleg kveldsykt. Agnar fekk ikkje mange gåver, men han fekk 200 kroner. Han synes han er blitt rik. Han har i sommar bygd fleire modellfly, små og enkle og større med mykje fint arbeid på. Så går han opp på Langhaugen og hiv dei og sume tider siglar dei så langt, langt nedom stova vår, og det er fint å sjå på. Karl på Håjen tykkjer dette er eit meisterverk av Agnar. Han sa sundag: «Du var svær å svare presten. Han visste nok kva som budde i deg, han sette deg høgst på kyrkjegolvet.»» Dei stod etter alfabetet.
Agnar gjekk eitt år på Heimeyrkesskulen i Jølster der gamle handverksteknikkar og samtidstilpassa møbelproduksjon var faga. Kunnskapane derifrå kom han og familien til stor nytte.
Så tok han flymekanikarutdanning i militæret 1953-1954 i Kjevik, Værnes og Forus. I eit brev til meg skreiv mor at ho meinte Agnar skulle gå landbruksskule, men han drog i militæret.
Han skriv heim. «De skriv at de håpar eg stryk, men den gleda trur eg ikkje de skal få. Eg har gjennomsnitt 1,7. Stryk er 4». Der fekk han og eit tinnkrus i premie som beste crewchief i si avdeling. Denne kunnskapen kom seinare til stor nytte.
Åsta skreiv i februar 1958 til meg: «Agnar og alle dei andre er komne heim frå sildearbeidet. Agnar hadde arbeid 2-3 timar på heile turen. Og noko liknande vart det vel på dei andre og. Det slo no reint feil for Florø i år. Det var syrgjeleg.» Seinare i same brevet skreiv ho: «Agnar var på Tivoli i Florø og der fekk han fleire fine premiar. Ein kveld fekk han premie for kveldens beste. Då fekk han velje kva han ville ha av alt der var. Og han kom heim med ein stor nydeleg hund. Han ser så god og forstandig ut. ---Det vart altså luten hans i år.»
Agnar arbeidde ei tid som snikkar på Smestad utanfor Oslo for firmaet Astrup
og Aubert. Lønna var dårleg (7 kr i timen) så han skreiv heim at «de må sende handdukar og putevar straks.» Han fortel og at han gjekk mykje i bygdelag og Sunnfjordslaget.
Agnar fortel i brev hausten 1956 til meg (som då hadde byrja på lærarskulen) at han var beden i bryllaupet til Ansgar «det var mest som eg ikkje trudde mine eigne auge då eg såg at det var heimebrygg og pils på bordet til middagen. Dagny skåla for brudeparet og var i eit stråkande humør». Han fortel og at han lurer på om han «skal vere med på eit dansekurs. Ein har ikkje vondt av det ein kan.»
Agnar skriv sjølv at han er «glad for å ha sett meg litt om før eg slær meg til ro». Og at han «synest dei kunne skrive oftare for det er so moro å få brev heimanfrå»
Han kommeterer og opplysningar han hadde fått hos meg 17. mai: «Det var no vel den største dag Svein har opplevd so godt som han skaut, det var alldeles fantastisk».
Agnar gifte seg med Sarah Rittenhouse i 1969 og fekk sønene Alexis i 1970, Jo (Josef) i 1971 og Stian i 1975.
Far skreiv i eit brev til Vesla: «Eg har aldri sett så mykje snø. Idag tidleg gjekk det ras i elva. Du har aldri sett det, eg berre ein gong før som eg kan minnast. Det tok til å regne om kvelden og oppe i utmarka hadde vatnet demma seg oppi snøen og då tyngda av vatnet vart stor nok skuva det snøen føre seg saman med stein og jord. Eit færsleg bråk og so kom det heile ned gjennom gjelet utafor smia. Det heile såg ut på størrelse som eit hus, svart av mold og grus, for over alle bruene og utover marka like til sjøs.»
Dette kravde eit stort oppryddingsarbeid, men Agnar såg seg nytte i steinen då han kunne realisere påbyggingsplanar på huset. Sarah og Agnar hadde på førehand hatt ulike idear til tilbygg. Så steinraset vart til Steinstova som fekk mykje å seie for heile bygda si utvikling.
Frå tidleg på 70-talet tok han initiativ til forelesingar (for eksempel om reiser og naturskildringar) og konsertar i regi av Folkeakademiet.
Han var aktiv i Bonde og småbrukarlaget og Aksjon Bygde-Noreg. Sistnem-
de arrangerte seminaret «Bygda – sentrum i framtids-Noreg i Vevring i februar 1978. I kommunestyret for Vevring og seinare Naustdal var Agnar innvald for for Senterpartiet.
Agnar hjelpte oss brørne med bygging av hus og hytte ved sjøen og stilte alltid opp for andre som trong «ei hand» eller eit råd.
Med tida utvikla han seg etterkvart i meir radikal retning og ynskte stor fridom for einskildmennesket.
Protesten mot «skikkeligheita» dreiv han på mange frontar ovafor dei som ville legge band på andre, alltid med eit glimt i auget.
I ettertid kan eg sjå at Vevringutstillinga og Fiskekurset «Lyr, lyre og lyrikk» på eit vis byggjer på tradisjonane både frå Folkeakademiet og basarane i bygda.
Josefine Anbjørg, kalla Vesla (f. 18.01.1937)
Gjekk som oss andre på folkeskulen i Vevring og hadde fleire jamnaldringar som venninner.
To-årig realskule tok ho i Askvoll i 1954. Ho har seinare fortalt at ho var stolt over å få like gode karakterar som storebror Jakob.
Så drog ho til Oslo og huspost hos Kjell Olsson Bondevik (onkel til Kjell Magne). Sommaren deltok ho i slåtten på Myra. Ho fekk då eit fint brev frå Bondevik som fortalde at kona var død og at dei hadde sett stor pris på Vesla.
Sykepleieskulen på Aker vart neste stopp (1956-1959) Ho budde på hybel saman med Aase Andresen frå Raufoss (seinare gift med Ivar Helgheim frå Jølster).
Vesla sin fyrste arbeidsplass som sjukepleiar var på medisink avdeling på Aker Sykehus.
Vi brevveksla mykje den fyrste tida etter at vi flytta heimanfrå. Eg har gøymt dei fleste av desse breva, og kan sjå at vi diskuterte etikk og verdival, korleis vere «god, vakker, snill og sann». Vesla var sterkare knytt til kristendomen enn eg og dette kunne få mange slag konsekvensar.
Eit eksempel er då Vesla skreiv til meg: «Veit sanneleg ikkje kva eg skal finna på til deg. Var i byen ein dag og tenkte kjøpa Leo Tolstojs novellesamling, men så var den utgitt på Ansgar Forlag og hadde ei anna ånd enn du best ville like. Så eg våga ikkje kjøpa den. Du skulle skamme deg».
Ja, vi både terga og støtta kvarande på ulike vis. Eg oppmuntra henne til å ta opp problem i arbeidet, «slå laus på problema, men ver førebudd på at dei slår igjen, Seier Kumbel»
I 1966 tok ho tilleggsutdanning i adminstrasjon og leiing på Norges Høyere Sykepleieskole og vart avdelingsleiar på ei kirurgisk avdeling. Det vart veldig
krevjande, så ho flytte etter ei tid med sjukemelding til ei mindre avdeling.
Ein gong ho var heime på besøk fortalde ho mykje til mor si om kva ho var oppteken av. Dagen etter angra ho seg litt og sa til mora at ho visst hadde snakka for mykje kvelden før. Då sa Åsta: «Ver glad du at du kan snakke.»
Kreftsjukepleie tok ho som neste tilleggsutdanning på Radiumhospitalet i 1987. Der fekk ho attest på at ho mellom andre gode kvalitetar hadde «en adekvat personlighet».
Så fekk ho ei stilling i Kreftforeningen og utvikla der prosjekt med fokus på dei pårørande: «Kreft krever krefter – pårørende trenger kraft»
Ho pensjonerte seg som 65-åring og bur framleis i Oslo. Vesla har teke initiativ til mange trivelege samlingar for heile familien. Særleg kjekt var det å møtast på Gålå og sjå Peer Gynt saman. Marit (f. 1938) Etter folkeskulen i Vevring gjekk Marit (som Åsta og Laila) på Solvang Folkehøgskule i 1955. Deretter drog ho til Florø for å gå på handelsskule. Der fekk ho så gode karakterar at snittkarakteren (1,54) kom i avisa.
Kjøkkenhjelp på Lunden Aldersheim i Sandefjord vart i 1957 neste stopp. Der fekk ho grunna kokkens sjukefråver stort ansvar og lagde som nittenåring velsmakande mat til 65 menneske, og det heilt utan erfaring frå liknande arbeid. Men ho slutta då ho skulle heim til slåtten.
I 1958 var ho med å hente 10 tyske flyktningbarn i Bergen som skulle til Sunnfjord. Det var meldt storm, så ho fekk dei inn på eit hotell der dei fekk mat. Agnar kom og var med på båten. Mange vart sjøsjyke før dei kom til Florø der dei igjen overnatta til neste dag. Så gjekk ferda til Vevring der folka dei skulle vere hos henta dei. Marion som skulle vere på Myra og Edith som skulle til Bakketun var mellom dei.
Ho tok så huspost hos ein familie i Moss. Der fekk ho ansvar for både matlaging, reinhald og barnepass. Planen hennar var å få mest mogleg praktisk erfaring før ho skulle byrje på Stabekk husmorskule hausten 1958. Også her fekk ho gode
karakterar med mykje godt i alle fag. Men ettersom ho mangla realskule, kunne ho ikkje gå vidare for å bli lærar i husstell.
Ho vart i staden tilsett som 3. kokke på det kongelige slott og arbeidde der i 1,5 år (1960/61). I Folkebladet stod det i fylgje Åsta: «Vevringsgjente til kongskjøkenet. Marit Thingnes frå Vevring er tilsett på H.M. Kongens kjøken. Vi ynskjer henne lukke til.» Ho fekk ein god attest og varm anbefaling med frå hoffsjefen då ho slutta.
I perioden 1961 til 64 og 65 til 67 arbeidde ho hos Norsk Hydros representasjonsbolig på Rjukan, avbrote av eit år heime på Vevring skule som kjøken og handarbeidslærar.
Ho slutta for å utdanne seg vidare og tok 2-årig utdanning ved Statens skole for kostholdsøkonomer. Også der fekk ho gode karakterar med berre særs godt og mykje godt.
Så underviste ho ved Husmorskulen i Førde eit år før ho la ut på reise til Israel saman med Lillian Førland. Dei arbeidde på kibbutz i 3 månader hausten 1970.
Frå 1971 til 1975 var Marit internathusmor på Buskerud Landbruksskule som lå i Åmot på Modum. Ho vart kjend med Trine Vangen som arbeidde i bokhandel, og dei drog saman til Furesund for å drive garden der. Dei hadde sauer og griser som m.a. vart fora opp på tang og fisk. Ellers dyrka dei poteter og rotvekster til eige bruk. «Dei lika ikkje serleg bruk av kunstgjødsel eller kjemiske midler til å bekjempe ugras og skadeinsekt. Dei hausta gode erfaringar med jordbruksdrift på denne måten.» (Flora landbrukskontor)
Etterpå vart ho husmor på Nansenskulen i Lillehammer frå november 1979 til mai 1987. I attesten stod m.a.: «Hun er særskilt dyktig til å utnytte ressursene på en spennende og velsmakende måte. Marit har en utpreget sans for kvalitet- på alle områder. Å oppleve et festbord bli til under Marits ledelse er å bivåne en kunstnerisk prestasjon. Mellom hennes hender blir mat kultur og kunst. Blomster, farver, dekorasjon – alt er preget av hennes rike personlighet og hennes kyndige grep.» (Inge Eidsvåg)
Marit budde i SeglInn i Myravika 1987-1990 og gjekk samstundes på Sogn og Fjordane kunstskule i Førde. Så gjekk ferda vidare til Kunstskulen i Kabelvåg 11990-1992.
Debututstilling/Separatutstilling i Sogn og Fjordane Kunstnarsenter 1994 med «På rek», Seinare og i Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane. Seinare deltok ho i ei rekkje gruppeutstillingar med gruppa MIM frå 2000 og utover t.d. Vestlandsutstillinga, «NORDVEST-SØRAUST» både i Xian og Beijing (der ho sjølv var med), så Oslo og Sogn og Fjordane, Vevringutstillinga, «Spor i landskap» i Noreg og Barcelona, «Made in Mirlef» i Marokko, ….i Stômstad, Sverige og «Tryksammensurium» i Silkeborg, Danmark.
Eit av hennar arbeid «Babettes gjestebud» er innkjøpt av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Svein (f. 13.09.1940) gjekk som oss andre folkeskule i Vevring, deretter realskule fyrst i Førde, så i Florø.
Han var tidleg god til å teikne som ein kan sjå av humoristiske teikningar på brev. Så gjekk han rekruttskule i Horten i 1959 og signalkurs. (Seinare, heime i Vevring, hende det at Svein signaliserte med morse til båtar på fjorden og fekk svar)
Han var i marinen i ubåtteneste og arbeid på land. Her teikna han i mannskapsavisa.
Til Heimtun (Darbu) kom Svein medan eg var der i 1961 på vårkurs truleg etter forslag frå mor.
Der var ein særs dyktig keramikar frå Kongsberg, Rolf Hansen, lærar. Svein har fortalt at det var han som tende interessa for keramikk
Deretter var det førefallande arbeid på garden våren og sommaren 1963 før han tok til på Bergens Kunsthåndverksskole der han gjekk frå 1963 til 1965.
Han hadde og praksis hos Odd og Kari Gjerstad nokre månader i 1965.
Dagbladpatruljen skreiv i 1972: «Svein Thingnes er en slags tilbake-til-naturen for mange kunstnere på Vestlandet om sommeren. Selv har han ikke vendt tilbake til naturen. Han har vært der hele tiden.» Han fortsette å utvikle seg som keramikar i Sverige og Danmark.
Vidare hadde han eit stipendopphald på Kunstakademiet Sofia, Bulgaria 19681969.
I Dagbladet (februar 1973) skreiv den danske forfattarinna, Elsa Gress, i ein kronikk kalla «Norge i sindet» fylgjande om Svein: «Sidst, men ikke mindst havde jeg og min familie i tresserne længe glæde af at huse en ung normand, Svein Thingness, der lige som de norske trolde, kun sjældent talte i ord, men uttrykte sig let, flydende og ytterst velartikuleret i ler. Han var (er) keramiker og kom tilløbende, ligesom en del andre kunstnerisk anlagte væsener af diverse nationaliteter til den gamle landsbyskole i Midtsjælland vi den gang beboede, og der herskede han i mange måneder over en japansk rakuovn, bygget i vores bakha-
ve av en kanadisk indianer og en japansk uddannet kalifornier der kom på motorsykkel fra Bakindien og senere forsvant i retning af Stillehavet. I den ovn digtede Svein mange smukke sager, alt mens han fant sig engleligt i alskens amerikansk troldtøj, der huserede omkring ham i form af undergrundsskuespillere fra New York, som den gang holdt til i vores skolehus. Vi andlagde ham som yderst troværdig renæssancebonde i en film vi lavede med amerikanerne, plus en fransk lysog lydmand og diverse danskere, og han kom lige ufornderligt norsk du af det altsammen. Jeg håber han læser disse linier, hor han nu er i Norges land, og kommer igjen og digter. Hei, Svein, vi bor nu på Marienborg Møn, og får en fin ovn der også»
Svein skreiv eit brev på 6 sider til meg i oktober 1963 (etter at han hadde starta på Kunsthandverksskulen) som eg har plukka nokre utdrag i frå:
«Her går det bra, betre og betre i alle høve, som du hadde høyrt. Den fyrste tida var hard, når eg såg alt elevarbeid som var utstilt, fekk eg mest lyst til å reise heim att og lesse hå, eller til og med gå ned i elva og slite på stein i staden for. For eg fekk det inntrykket at det heile låg for høgt for meg.(…)
No held vi på med kolteikning. Vi teiknar på grått innpakningspapir, ganske store ark, og vi skal komponere, stilisere, abstrahere, vi står heilt fritt. Her laga eg eit par fiskar, stiliserte, som stod i eit garn, og dei fekk eg godt til og læraren likte dei sers godt. Eg laga og ei sunnfjordsjekt, som eg såg på sjøf.museet, i storm, også stilisert. Det vart og godt likt.(…)
Så er det sjølve keramikken. Her har vi drive å dreia skåler og fat i ulike storleikar og form. Så mange har det likevel ikkje blitt, for dei eg laga fyrst har eg kasta, for eg har mislikt dei.(...)
Vi har dreiing to kveldar for veka, frå 5 til 7, men eg har teke til att å dreie så snart eg har vore heim og gjort innkjøp og ete. Så det blir nokre timar på skulen og lita tid heime til å ha det keisamt.
Eg har laga mi fyrste tekanne, meir eller mindre bra. Det er visse problem
både med hank, strut og lok, men eg har no fått henne til. Men det blir mest skåler. Den dreiinga er interessant, tida går så altfor fort når vi held på med den.
Så hybellivet, det byrja elendigt, då eg vart dårleg, men no er det ganske bra. Apetitten er for stor for budsjettet. Det går eit kneippbrød pr. dag +1 liter mjelk og tre-fire koppar kaffi (Maxwll House pulverkaffi) så eg svelt ikkje. Og så er eg så heldig at eg kan ete middag på «Alrek» (studentmessa) Det er heilt fin-fin mat og ein kan få påfylling og prisen er berre kr 3, men det er berre fem dagar med servering, ikkje laurdag og sundag.
(..) Eg skreiv til Vesla at om det var noko som ho hadde ekstra lyst på, måtte ho gjerne senda ei «bestilling». Det same får du gjere, men det må ikkje vere for komplisert, og det må vere rundt så det kan dreiast. Vi skal ha julemesse 15.–20. des. Då kan vi laga nær sagt alt av alt, smykker, skåler (keramikk), lamper etc. Det vil bli sensurert av ein jury av lærarar som set pris på etter arbeid og kvalitet, og av det som blir selt får vi 70%, så der er sjanse til å tene seg litt pengar, men eg veit ikkje om eg vil senda inn noko for det må vere bra, for utan er det berre «nedbrytande».(..) Hvis du får «juleperm» i den tida må du legge turen om skulen og sjå utstillinga, den kan gje inspirasjon, kanskje til ditt arbeid.(..) Eg har nesten invitert Agnar og til messa om han har høve og lyst. Eg trur ikkje det blir bomtur for dykk om de tek turen, for eg kan love at der er mykje bra.(..)
Onsdag hadde vi «Boheme-aften» på skulen. Det var moro, det var typer i massevis. Underhaldninga var berre dans, så eg fekk vere samd med far at eg burde lært meg å danse, men her hjelpte det lite med reinlender etc. Her var det anna musikk enn på Myrabrua, ja.»
Då Svein hadde etablert seg med hus og keramikkverkstad i Vevring, kom folk på sundagane og sette seg i bakken ovafor huset. Dei venta på at keramikken han hadde brent skulle takast ut av ovnen så dei kunne sjå og kjøpe.
Eg hugsar ein gong det dukka opp ein mink med 7 ungar som Svein skaut. Skotpremien vart veksla inn i nokre flasker med raudvin.
Svein har hatt ei rekkje separatutstillingar i Noreg og dei andre skandinaviske landa og delteke i gruppeutstillingar i inn og utland. Dei fyrste utstillingane var i 1974 og 1975 så langt eg veit. Dei siste i 2015. Det er utsmykkingar laga av han i fleire offentlege bygg og verk frå hans hand finst i Kunstindustrimuseer i Oslo, Bergen og Trondheim.
Svein gifte seg med Krasimira Yordanova (f. 1946) i 1977 og fekk døtrene Natalia i 1978 og Thea i 1980.
Sluttord
Om eg skal summere opp noko som prega oppveksten er det at mor var mykje borte frå heimen grunna lærargjerninga og at far både hadde ansvar utanfor garden og til tider var deprimert.
Men Anna, Anders og Fia sørgde for stabilitet, glede og interesse for oss barna i kvardagen. Der fanst alltid ein vaksen som hadde tid til oss.
Dei oppdrog oss ikkje, men alle forventa at vi skulle innordne oss god takt og tone i bygda. Ein klaps på baken hende det nok at vi fekk.
Det vart ein kombinasjon av å skulle skikke seg vel og samstundes ha det romsleg og fritt.
Ein gong på 70-talet vart Vevring omtala som «eit raudt miljø» i Firda. Heilt på slutten av livet spurde Åsta ein gong: «Kvifor fekk eg så rare barn?» som kanskje var uttrykk for at ingen av oss fylgde den vanlegaste vegen.
Likevel trur eg dei var stolte av oss på ulikt vis. Vi tok alle utdanning utan at det var forventa. Far oppmoda oss som hadde reist ut om aldri å begynne å knote. Vi skulle halde på språket og med det vise kven vi var og kor vi kom frå. Vi har alle likt å ta folk med heim og syne dei garden og bygda.
Mykje fint og spennande har skjedd på Myra etter at eg flytte ut. Den soga håpar eg yngre krefter tek tak i og fortel vidare.