2 minute read
Tusenårsstaden Trondenes
from Alle tiders 2021
PÅ SEINHAUSTEN 2021 VART IDYLLISKE TRONDENES FREDA. OMRÅDET LIGG LIKE UTANFOR BYSENTRUMET I HARSTAD. MIDT MELLOM FJORD OG FJELL. OMRÅDET HAR EI LANG OG INNHALDSRIK HISTORIE.
TEKST Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Kulturmiljøet på Trondenes har vore eit historisk maktsenter heilt fram til vår tid. Her finn du spor etter alt frå jernalder, til tyske kanonstillingar frå andre verdskrigen.
Tusenårig historie Her har det vore aktivitet lenge. Området er framleis eit aktivt forsvarsområde, men det er også eldre historie på Trondenes. Og det er kanskje den tusenårige historia i området som gjer det så spesielt. Her finn ein steinkyrkjer frå mellomalderen, prestebustad og spor frå steinalder. Alt innafor eit relativt lite geografisk område. Difor er det også to ulike fredingssaker på Trondenes. Ei for det historiske Trondenes og ei for Trondenes fort.
Kulturminne frå krigen Krigen har sett tydelege spor på Trondenes. Trondenes fort vart bygd opp som eit tungt kystfort som del av forsvaret av det okkuperte Noreg og Europa. Festningslinja strakk seg frå grensa mellom Spania og Frankrike til grensa mellom Noreg og Sovjetunionen. Noreg hadde høg prioritet i den tyske planen for forsvaret av Europa.
I samband med bygginga av Trondenes fort/batteri «Theo» blei det etablert ein fangeleir for krigsfangar nord for kyrkja. Her var det hovudsakleg sovjetiske fangar som utførte tvangsarbeid. Vest for kyrkja blei leiren for den paramilitære Organisation Todt etablert.
Anlegget har høg symbolverdi som åstad for slavearbeid. Dette er særleg viktig ettersom dei fleste spora etter fangane som bygde anlegget er tapt, både i form av fangeleiren som blei brent i 1946, og gravene etter dei omkomne fangane, som blei flytta til krigskyrkjegarden på Tjøtta i 1951. Dei som var fangar her levde under umenneskelege høve. Ein reknar med at så mange som 500 personar døydde som ein konsekvens av vald, tortur og lidingar dei vart utsette for i fangeleiren.
Finnmarksleiren Då krigen slutta kom «Finnmarksleiren» her, for delar av befolkninga som blei tvangsevakuert frå Nord-Troms og Finnmark. På det meste budde det over 1000 menneske her. Finnmarksleiren blei formelt avvikla i 1951. Framleis er det folk som har gode minner frå tida i evakueringsleiren. Livet i leiren arta seg annleis etter krigen. Tyske soldatar blei erstatta av unge og gamle, barnefamiliar, og leik og latter.
Sjølv om det er to ulike fredingssaker, er kulturmiljøet og kulturminna på Trondenes like fullt tett knytt til kvarandre. Dei to fredingane skal saman sikre ei heilskap i området.
Med fredinga av kulturmiljøet på Trondenes er kulturminne frå nær og fjern fortid sikra for ettertida.
Gruppebilete av elevar og lærarar ved grunnskulen i «Finnmarksleiren», fotografert hausten 1946 med brakkar og Trondeneskyrkja i bakgrunnen. Foto: Bernhard Slagstad, Sør-Troms Museum
Trondenes kyrkje er ei mellomalderkyrkje i stein. Det har vore kyrkjebygg på staden sidan 1100-talet. Foto: Øystein Hagland, Riksantikvaren