Bikubesong pedagogosk materiell

Page 1

skolemateriell

Bikubesong

Bakgrunnsinformasjon • Resymé av stykket • Intervju • Utdrag frå manus • Arbeidsoppgåver


INNHALD

Bikubesong

introduksjon

1) Ein vegvisar inn i framsyninga | Side 3 2) Handlinga i korte trekk | Side 5 3) Karakterane | Side 6 intervju

1) Intervju med regissør Lasse Kolsrud | Side 16 2) Intervju med scenograf Bård Lie Thorbjørnsen | Side 12 3) Intervju med skodespelar Hans Rønningen | Side 9 arbeidsoppgåver og bakgrunnsinformasjon | Side 19

1) Ein vegvisar til oppgåvene 2) Om organisering av oppgåvene 2) Om det historiske bakgrunnsmaterialet oppgåver og utdrag frå læreplanar i fag | Side 20

Musikk: Musikk i perspektiv 1 og 2 Formgjeving: Scenografi og kostyme Psykologi: Sosialpsykologi, Kommunikasjon, Utviklingspsykologi, Mennesket og helse Samfunnsfag: Individ og samfunn, Kultur Historie: Samfunn og menneske i tid, Historieforståing Norsk: Munnlege, skriftlege og samansette tekstar, Språk og kultur Drama/Teater: Teater og rørsle, Teaterproduksjon, Teater i perspektiv nokre historisk glimt

1) Bikubegang med Frode Grytten 2) Odda og Smelteverket 3) The Smiths the smiths: lenkjer og songtekstar | Side 54 utdrag frå romanen: tekstforslag utdrag frå manus: tekstvedlegg kjelder | Side 84

2


Ein vegvisar inn i framsyninga

Bikubesong

Ein vegvisar inn i framsyninga

Murboligen i Folgefonngata 4–10, teikna av Frode Grytten.

Odda og murboligen Midt i industristaden Odda, ligg «Murboligen»; ei bustadblokk som i si sentrale framtoning på sett og vis konkurrerer med dei bratte fjella som stuper ned i Sørfjorden. Ein kan ikkje unngå å leggje merke til Murboligen. Og det er her forfattaren let ulike skjebnar spela seg ut og veva seg saman i ein levande «bikube­song», som stig opp frå den fargerike romanen som Lasse Kolsrud og hans kunstnarlege ensemble no har gjeve scenisk liv, endå ein gong. Frode Grytten (1960–) er ein av dei mest markante novelleforfattarane i Noreg, men har òg fått mykje ros og heider innanfor fleire andre sjangrar. Han vaks opp på industristaden Odda i Hardanger, der handlinga i mange av bøkene hans også finn stad. Frode Grytten debuterte i 1983 med diktsamlinga Start, og har sidan skrive både romanar, noveller, barnebøker og lyrikk. Novellene hans har blitt gitt ut i fleire samlingar og utval. Det store gjennombrotet fekk han med den novellistiske romanen Bikubesong i 1999, som tek utgangspunkt i livet kring smelteverket, og bustadblokka Murboligen i Odda. Romanen fekk same haust Brageprisen, og blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris, Kritikarprisen og P2-lyttarane sin pris. Boka er omsett til dansk (Bikubesang), svensk (Bikupesång), nederlandsk (Het lied van de bijenkorf), tysk (Was Im Leben Zählt), albansk (Dritarja e natës), kroatisk (Pjesma Kosnice), kinesisk (Feng Xiang zhi Ge) og fransk(Les Contes de Murboligen). Alle desse finst sjølvsagt i Hardangersamlinga på Odda bibliotek. Og kanskje var det der, i Odda bibliotek, denne soga tok til? I alle høve spelte Odda bibliotek ei stor rolle for Frode Grytten i hans oppvekst. Om det kan du lese meir i samtalen med han, seinare i dette heftet. Så kan vi berre ønskje oss at teaterversjonen av Bikubesong også reiser ut i verda. Teaterversjonen av Bikubesong hadde premiere på Det Norske Teatret i Oslo den 5. september 2003. Skodespelar Lasse Kolsrud hadde dramatisert eit utval av tekstane i boka for scenen, og regisserte sjølv stykket. Du får nærare kjennskap til Kolsrud sine tankar om dette arbeidet i intervjuet med han. Teaterversjonen av

3


Ein vegvisar inn i framsyninga

Bikubesong fekk strålande kritikk og trekte fulle hus både i Oslo og Bergen; og ikkje minst i Odda, der nær 50 % av dei om lag 8000 innbyggjarane i kommunen såg framsyninga. Det Norske Teatret spelte Bikubesong ti gongar i Lindehuset på smelteverkstomta i Odda, i mai 2004. For sin regidebut fikk Lasse Kolsrud både Heddaprisen og Kritikarprisen.

Ønskereprise med dei originale karakterane i murboligen Teaterframsyninga stod på programmet i over tre år og i jubileumsåret 2013 har Det Norske Teatret i samarbeid med Riksteatret eit ønskje om å gi både nytt og tidlegare publikum høve til å ta del i ein av dei største suksessane nokon sinne i Scene 2 si historie. Den største endringa i høve til førre oppsetjing handlar om teaterrommet. Løysinga på scenografien i 2003 gjorde at publikum opplevde framsyninga frå fleire kantar, den føregjekk rundt publikum, så og seie. No, i 2013, er romløysinga annleis – mykje på grunn av at framsyninga skal ut på turné med Riksteatret. Vi har med eit meir klassisk titteskap å gjere, der handlinga finn stad på fire nivå i høgda. Personane flyttar seg på tvers av scenen, der dei tidligare flytta seg i alle retningar. For å oppretthalde den intime kontakten med publikum, har mellom anna M fått ei oppgåve å setje oss i eit 2003-modus. Vi ser altså tilbake i tid. Fagleg arbeid med tekst og/eller framsyning Det pedagogiske materiellet i dette heftet, er meint som inspirasjon til arbeid med tekst og teater, innhald og form i mange perspektiv, fleire fag og emne. Vi har valt ein brei innfallsvinkel og peika på mange fag og kompetansemål som vi ser kan finne samklang med Bikubesong; musikk, formgjeving med scenografi og kostyme, psykologi, samfunnsfag, norsk, historie, drama og teaterfag. Så overlet vi til dei enkelte brukargruppene å finne den fordjupinga som for dei synest mest spanande, interessant eller utfordrande; anten innanfor eige fagfelt, eller sett i eit tverrfagleg perspektiv. Vi vonar du kan du finne område her som treff ditt fag med noko som kan gi ein ekstra dimensjon inn mot einskilde faglege kompetansemål. I materiellet får de mellom anna oversikt over innhaldet i skodespelet, karakterar, intervju med regissør, scenograf og skodespelar. Vi har òg skildra det fysiske og samfunnsmessige miljøet, noko vi synest er viktig for å forstå kva som står på spel for menneska i Bikubesong. The Smiths, popbandet som gjennom eit rikt utval av tekstar og musikk bidreg til å kaste lys over det mangslungne i mennesket, og miljøet, får de òg ein introduksjon til. Arbeidsoppgåvene er laga til både for- og etterarbeid; i samband med teaterbesøk, eller om ein vil setje seg inn i tekst og teater på annan måte. Ikkje alle har høve til å vitje oss direkte, eller sjå framsyningane til Riksteatret, men vi vonar likevel å kunne inspirere til refleksjon og arbeid med tema som er aktuelle i ulike faglege perspektiv. Vi høyrer gjerne frå brukarar av det pedagogiske materiellet, og tek med glede i mot kommentarar, innspel og eventuelle ønskje for seinare opplegg knytt til andre framsyningar. Vi vonar stoffet blir til glede og nytte! Med vennleg helsing Siren Leirvåg og Solhild Linge

4

Bikubesong


Handlinga i framsyninga

Handlinga i framsyninga Felles for tekstane til Grytten er at dei skildrar vanlege folks liv med ein uvanleg energi; både medrivande barndomsskildringar og kompliserte kjærleikshistorier. Dei blir fortalde på ein varm måte, som gjer det mogleg å følgje karakterane inn i dei mest sårbare situasjonar. Slik møter du dei og i denne framsyninga. Manus, som de finn nokre utdrag frå som vedlegg, er bygd opp som ei forteljing med M som gjennomgangsfigur og songane til The Smiths som ein rød tråd gjennom det heile. M både opnar og avsluttar med ein song, først Asleep og i avslutninga There is a light that never goes out. Handlinga finn stad i Murboligen i Odda, som utgjer 24 leilegheiter med ulike familiekonstellasjonar: M og mora hans, Lilly (som bur åleine), ekteparet Ruth og Oddvar med dottera Hildegun, ekteparet Harry og Anne, med Frank som Anne sin elskar, Martini og sonen Kjakan, Kari (som driv Smeltaren pub). Utanfrå kjem PS (partisekretæren), reporteren og fotografen frå Tv2, og ikkje minst den lysande skapnaden Angel, som på uventa vis kjem inn i murboligen. Den svarte labradoren Pluto, eigd av kjendisjournalisten frå Hardanger Folkeblad som ein gong lanserte teorien om at biene er så intelligente at dei aldri jobbar på heilagdagar, seier ikkje så mykje. Dei ulike historiene til menneska i murboligen blir fortalde gjennom møta som oppstår dei i mellom, gjennom gangen i framsyninga. Alle er bundne til kvarandre på eit vis, og det er desse banda som utgjer historia i framsyninga som heilskap. Sentrale forteljingar i framsyninga er: 1) M si leiting etter ein kjærast, 2) Mor til M sin sjukdom og død, 3) Oddvar og Hildegun si handtering av Ruth sine diffuse lidingar, 4) Hildegun sitt kjærasteforhold med Catherine i New York, 5) Kjakan sitt hatforhold til faren Martini og omtanken hans for den livstrøytte Gerhardsen, 6) Lilly sin flørt med PS/Idar Tandem (den tilreisande partisekretæren for Arbeidarpartiet, som på si side er mest oppteken av politisk lytelaus framferd på alle nivå), 7) Harry sitt «kome-ut-av-skapet»-stunt i beste sendetid på TV2, 8) Anne og Frank sitt avstandsforhold, som viser seg å kunne ha vore nærmare enn Anne har latt seg tru, 9) Gerhardsen, som vert kasta ut av Smeltaren pub på sjølve 1.mai, ein heilag dag i Odda, og 10) Angel, som ikkje når bussen til Oslo, men finn seg ei «rolle» i det litle samfunnet som kjærasten til M - og sist, men ikkje minst, alle moglege krysskoplingar i underteksten.

5

Bikubesong


Karakterane

Bikubesong

Karakterane M (Hans Rønningen). M kan stå for Morrissey, men han heiter eigentleg Magnus. Avsett postmann og blodfan av kultbandet The Smiths, vegetarianar og lever i sølibat. Har ei sjuk og døyande mor, som han tek seg av. Leitar og lengtar fortvila etter kjærleiken, og ei jente han kan presentere som kjærasten sin for mor si. Høg sveis og Morrissey-brilller. Mor (Ragnhild Hilt). Sjuk og døyande. Lita og tynn og i ferd med å forsvinne. Ligg i ei seng i stova og ynskjer berre at sonen skal få seg ein kjærast som kan ta vare på han. Då kan ho døy roleg og lykkeleg. Blir svært glad når sonen kjem heim og presenterer ei jente som kjærasten sin, ei jente som kjem som ein reddande engel for dei begge… PS (Per Schaanning) Fotografen og Partisekretæren. Partisekretæren frå hovudstaden har ein tragikomisk entre i Odda der han skal halde 1. mai tale. Han fell i fjorden når han går ut på vengen av sjøflyet som hentar han. Han prøver å redde brillene, men det går ikkje, han vil ikkje sleppe stresskofferten der han har manus, og det må han ha. Han snublar og fell meir enn ein gong på sitt opphald i Odda… Lilly/Reporteren (Ingrid Jørgensen Dragland) Lilly er med i 1. maikomiteen. Ho tar i mot partisekretæren som fell i fjorden, og bergar han meir enn ein gong frå vanskelege situasjonar, men utset han òg for vanskar. Ho prøver å lære han å danse, og avslører pinlege sider ved den velsmurde talemaskina, som fell fleire gonger. Ruth (Arnhild Litlere) Gift med Oddvar. Mor til Hildegun. Den lettare nevrotiske kvinna les Det Beste og finn artiklar om helse der som ho prøver å prakke på både mor til M, og dottera som ho meiner er alt for tynn. Ho tek inn på hotell i Oslo, shoppar og reiser utan å gjere opp for seg. Det syner seg til slutt at ho verkeleg er sjuk, og Hildegun kysser den blanke issen hennar. Oddvar (Hans Jacob Sand) Far til Hildegun, tidlegare purk. Sender bod på dotter si frå New York for å lette på presset han lever under, med ei kone som støtt og stadig seier ho er alvorleg sjuk, men som han meiner ikkje er det. Han seier ikkje noko til dotter si om dette før ho kjem heim. Stolt av henne, og vil gjerne vite om ho har ein kjærast i New York.

6


Karakterane

Bikubesong

Hildegun (Marte Germaine Christensen) Filmskapar som bur i New York og kjem heim på besøk til ein familie ho eigentleg har vendt seg vekk ifrå. Ho blir henta på kaia av faren. Når dei kjem inn i Murboligen, kjem alle minna. Ingen ting har forandra seg. Mor hennar sit i stova og les Det Beste. Ho prøver å ringe kjærasten sin i New York, men der er det berre telefonsvarar med hennar eiga røyst som seier at Hildegun og Catherine diverre ikkje er heime. Harry (Svein Roger Karlsen). Gift med Anne, men kysser Kari to gonger på ei veke. Kåra til årets gjennomsnittsnordmann av VG, og vald ut gjennom statistikk. Kven kan vere meir gjennomsnittleg enn ein arbeidskar frå industristaden Odda? Ikkje noko merkeleg med han, ikkje før intervjuet med han går live på TV. Då syner det uvanlege seg ved den heilt vanlege mannen Harry. Anne (Anne Ryg) Gift med gjennomsnittsmannen Harry. Flink i huset og flink til å bake. Ligg med mannen sin, men er utru. Snakkar i telefonen med elskaren som ho trur er i Dublin, men som når han ringer, viser seg etter kvart å vere i ein bil rett utanfor, heimehøyrande i lokalmiljøet. Frank (Ola G. Furuseth/Morten Svartveit, hausten 2013) Forretningsmann, ein av stamgjestene på Smeltaren pub og elskaren til Anne. Han kjem direkte fram med sitt begjær. Han likar armane hennar, lukta hennar, dei snakkar mykje i telefonen. Han vil ha henne, og ho han, men det er vanskeleg å få til i eit lite lokalmiljø. Martini (Espen Reboli Bjerke) Sjåførlæraren med sine fantastiske historier er stamgjest på Smeltaren pub. Han likar godt jenter i bilen. Han likar og å ta seg ein tår over tøsten og er ein «blåsar» som kan dette med å skape fart og stemning. Lagar ølsleik i håret til Harry, og ironiserer over «isblokka» Hildegun som kjem heim frå New York. Han er den ugreie faren til Kjakan. Inviterer med seg ei ukjend jente, Angel, heim for å overnatte. Kari (Kikki Stormo) Jobbar på Smeltaren pub, er i bardisken. Styrer fjernkontrollen, musikken og TV-en i puben, nektar Gerhardsen servering når han har drukke for mykje, passar på når Frank har fått for mykje, og blir rasande på M når han prøver å få henne med heim som «liksom-kjærasten». Kysser Harry to gonger på ei veke. Gerhardsen (Jon Eikemo) Ein krigsskadd og traumatisert fyllik som ravar rundt i si eiga verd med evig tørste. Går inn ei opa dør ei leilegheit i murblokka, og tek seg godt til rette i barskapet. Gerhardsen kjem ikkje inn i varmen i heimemiljøet, men finn trøyst i ein hund han uventa må passe på. I eit møte med Kjakan er det to såre sjeler som finn saman i ein forunderleg situasjon.

7


KARAKTERANE

Bikubesong

Kjakan/Journalist (Sigurd Myhre) Kjakan er ein ung boksar som har ein ugrei far og ein grei boksetrenar. Faren er sjuk i hovudet, meiner han. Kjærasten ber han velje mellom boksinga og henne. Han vel boksinga. I eit dramatisk møte mellom den aggressive guten og fylliken Gerhardsen, opplever vi uventa sider ved dei begge. Angel (Kaja Varjord) Ei ung jente som ikkje rakk bussen til Oslo, og møter Martini på Smeltaren pub. Ho blir med han heim for å overnatte på sofaen, men stikk av etter ho har møtt sonen Kjakan og skjønar at ikkje alt er greitt med Maritini. Ho sit ute på ein benk og møter M. Dei kjem i kontakt, og ho blir med M heim og let som ho er kjærasten hans, for at han skal kunne glede mor si. Ho spelar rolla godt, klemmer mor hans og han er svært takksam. Ho liker òg The Smiths. Pluto (ein hund)

8


Intervju med skodespelar ­Hans ­Rønningen

Bikubesong

Intervju med skodespelar ­ Hans ­Rønningen

Foto: Håvard Bjelland/DNT

Måndag 4.mars 2013 kl. 10.30 «M er eigentleg ikkje ei større rolle enn dei andre»

Om det grunnleggjande menneskelege i Bikubesong. Vi møter skodespelar Hans Rønningen i resepsjonen på Det Norske Teatret. Allereie i heisen opp til kantina er vi i gang med samtalen om Bikubesong. «Ein viktig del av tilnærminga til teksten har vore arbeidet med Odda-dialekten. Den har vore ein tilgang til det lokale perspektivet – samstundes som den har vore del av den musikalske driven i stykket.» Du har jo hovudrolla i oppsetjinga av Bikubesong? Kva er det som triggar deg med rolla og dramatiseringa av romanen til Frode Grytten? Eg las boka og syntest at ho var flott! Så går det ei tid, og så byrjar arbeidet. M er eigentleg ikkje ei større rolle enn dei andre, men fungerer som ein gjennomgangsfigur med utgangspunkt i songane. Utan dei hadde det vel ikkje blitt noka bok, så vidt eg har skjønt på Frode Grytten då eg prata med han. Tekstane er fine, dei presenterer folk som også har ei litt usynleg drøymeside. Og M er ikkje annleis enn dei andre. Korleis vil du skildre karakteren M? Han er ein dei av mange i blokka. Han er mykje ute på eiga hand, utanom scenen

9


Foto: Leif Gabrielsen/DNT

Intervju med skodespelar ­Hans ­Rønningen

med mora og ho som vert kjærasten hans, Angel. Han byrjar og han avsluttar hendingane i blokka. Med utgangspunkt i novella «Syng meg i søvn», ser vi han der heime med mora si, til ho døyr. M har overhovudet ikkje ambisjonar som musikar, han kan ikkje spele ein akkord på noko instrument. Det er tekstane og stemninga i låtane som er det viktige. Han har det ikkje så bra, men han er jo akseptert, han er ein del av samfunnet. Samstundes vil han jo vekk frå den staden. Alle har på ein måte sitt, ein kan ikkje seie at nokre er betre enn andre. Kva har vore utfordringane i arbeidet med rollen M? Det skulle spelast på ein annan dialekt. Men her får ein på sett og vis litt «drahjelp» inn i eit speleunivers. Å finne fram til rolla går over tid, det, og det gir seg sjølv etter kvart. Vi har jo åtte veker prøvetid. Kva for ei rolle spelar musikken i arbeidet ditt med rollen? Musikk er ein viktig del av livet mitt. Eg skriv musikk og eg spelar mykje. Eg synest at tekstane i Smiths-låtane er gode og ærlege, og eg har etterkvart og blitt svært glad i den musikalske sida. I byrjinga syntest eg at noko av det var litt «klønete». Men sjølv hos Beatles er jo ikkje alle låtar like bra. Som da M hadde ein jobb i postverket, og meinte det var noko drit, då er det ein låt kor han syng: «I was looking for a job, and then I got a job and heaven knows I’m miserable now!». Tekstane og stemningane hos M heng saman. Eller «Boxers», som handlar om å tape på heimebane, om ikkje å klare det som er forventa. Den blir sunge når Gerhardsen har bestemt seg for sjølvmord med barberblad og ikkje klarer å gjennomføre det. Eller låta «This charming man» som inneheld eit sterkt ønske om forføring. Den speles i ei «nattscene» kor fleire scenar blir spelte oppå

10

Bikubesong


Intervju med skodespelar ­Hans ­Rønningen

kvarandre og kor innhaldet er i nærleiken av draumane i songen. Rune og bandet spelar klin likt som platene av The Smiths, det er vitsen. Det har vi jobba mykje med. Ein skal kunne kjenne det musikalske lydbiletet. Dette er heilagt, veit du, spesielt for Smiths-fans. Ein gong flytta vi oss ut av huset og spelte ein konsert på utestaden Mono på Youngstorget, der Grytten las frå boka og vi spelte alle låtane frå Bikubesong. Då vi kom til staden var det kø nedover gata – «helvete, kva er dette?» Etter at Grytten hadde lese frå boka, skulle vi på – og det var heilt tyst! Ikkje ein lyd. Då vi kom til den siste låta bytta eg om på rekkefylgja på to setningar – og nokre i salen ropte «EY» – eg var heilt utsliten etter den konserten. Dette var alvor, dette var heilagt... Kva betyr det lokale perspektivet (her representert ved Odda) for deg? Stykket er ikkje ein kritikk av bygda. Her er det eit fellesskap. «Partisekretæren» frå Arbeidarpartiet kjem eigentleg og preikar ei samkjensle som allereie er der! Utover det er det vel ikkje eit politisk stykke – det handlar til dømes ikkje om nedlegging av smelteverket i Odda (som skjedde i 2003). Korleis opplevde du å presentere Bikubesong på heimebane i Odda? Det var veldig flott, det. Vi håpa å kunne gje noko til plassen. Dei bygde opp scenen slik ho var her (Scene 2) i det som vert kalla Lindehuset i Odda. Det var fantastisk! Det budde omlag 7000 i Odda i 2003, og 3500 kom til framsyninga. Vi var der og spelte på den rette dagen – 1.mai! – i 2004, var det vel. Til premieren her på Det Norske Teatret kom det òg bussar med folk frå Odda for å «sjå seg sjølve». Til slutt: Har du gjort deg nokre tankar om korleis eit ungt publikum/ungdom vil ta i mot eller forstå dette universet, og dei karakterane vi møter her? Det er ein ålreit ting her som kan formidlast til ein klasse – det er å ikkje splitte opp, danne klikkar. Det er ingen som blir hengt ut her. Dei folka som er i stykket og i blokka, er omtrent like mange som i ein klasse. Det er eit fellesskap, som har noko grunnleggjande menneskeleg ved seg. M, til dømes, er oppteken av at kjærleiken skal vere ordentleg og ekte. Og det er jo ein god ting å formidle til unge menneske. Han er litt sånn «nerdefyr», men det inneber jo og at ting blir gjort grundig. Han er litt moralsk på plussida der da! Men heilt oppriktig, det er viktig å vere grundig. – Viss ein ikkje er grundig, går det til helvete (ler). Det kan vere noko dei unge vil reflektere over og diskutere. Det er òg måten framsyninga er skrudd saman på, reint teknisk, som kan interessere – spesielt teaterfagleg. Dei ulike scenane er monterte i ei form for klippeteknikk, nesten som i film. Noko som gjer at lyssetjinga er særs viktig her. Sist vi spelte Bikubesong var handlinga lagt til samtida. I denne produksjonen (2013) skal vi sjå bakover, 10 år. Handlinga går no, som sist, for seg i 2003. I førre oppsetjinga hadde vi publikum på fleire kantar, men fordi dette er ein samproduksjon med Riksteateret må vi tilpasse oss meir tradisjonelle spelestader. Difor spelar vi no som i ein titteskapsscene. Det er ei utfordring å få det til å svinge. Oppsetjinga er prega av mykje humor, folk ler som berre det, men vi kan ikkje spele det morosamt, då blir det litt sånn dyrehage (ler). Det er situasjonane som oppstår som er morosame. Dei er litt såre òg. Dei er overraskande i all si enkelheit.

11

Bikubesong


Intervju med scenograf Bård Lie Thorbjørnsen

Bikubesong

Intervju med scenograf Bård Lie Thorbjørnsen

Foto: Siren Høyland/DNT

Onsdag 6.mars 2013 kl. 16.30 «Eg er interessert i dynamiske rom med realistiske detaljar. Skodespelaren og kontakten scene – sal er det viktigaste.» Om løysinga av rommet i

Bikubesong. Du er scenograf for oppsetjinga av Bikubesong? Kva er ditt forhold til romanen til Frode Grytten? Eg hadde ikkje lest Frode Grytten før Bikubesong. Eg visste kven han var. Eg likte godt romanen då eg las han – eller novellesamlinga. Romanen er ein genial konstruksjon, som eit byggverk, som sjølve «Murboligen». Og nokre av dei tekstane som ikkje er tekne med i framsyninga er òg fantastiske. Dei er eit godt grunnlag for Bikubesong II – då har eg lansert den ideen (ler). Korleis har du tenkt i utforminga av rommet? Min prosess er, som elles, å gå inn i universet til forfattaren. Då det hadde gått ei tid, gjekk det opp for meg at stykket handlar om einsemd. Eg var ikkje særleg kjapp der, kan du seie (ler). Eg hadde ikkje så mykje erfaring som scenograf, enno ikkje ferdig på Kunst- og handverksskulen, men eg lét meg inspirere utanfrå. Eg støtta meg mykje på at Lasse var skodespelar og hadde eit nært forhold til tinga. Og eg var på ei studiereise til Volksbühne i Berlin og såg eit veldig realistisk teater. Ein type skiten-realisme i scenografi, kan du seie. Heilt realistiske situasjonar og møbleringar. Det var ute i Noreg då, men inne der. Men det var ein link til det realistiske som eg gjerne ville ha. Men eg ville heller ha eit stort, svart rom med realistiske detaljar.

12


Intervju med scenograf Bård Lie Thorbjørnsen

Kva har vore utfordringane i arbeidet med scenografien? Eg arbeider ofte ut frå eit mørke. Eg byrjar med å leite etter løysingar på dynamikken i rommet, og å finne eit scenografisk uttrykk for strukturen i manus. Her må eg finne det for 120-130 skift i stykket. Det er eit systematisk arbeid å løyse logistikken, og å få rett fokus og rytme. Det er tre viktige stader: badet, stova og eit bord på Smeltaren pub. Dei andre stadane blir fordelte meir perifert ut i rommet. Eg tenkte at her er det skodespelaren som er det viktigaste visuelle elementet, og det er mange av dei i dette stykket. Eg hadde eit godt samarbeid med kostymedesignaren, Ane Aasheim, der utgangsspørsmålet for arbeidet var: Korleis ser vanlege menneske ut? Det som grip i stykket er jo det gjenkjennelege. Vi gjorde også ein versjon i Bergen i 2005 eller 2006 i Gamle Logen, eit gammalt konsertlokale, som vi bygde om fullstendig. Då var det eit privat selskap, Stageway, som produserte. Det var med éin skodespelar herfrå, Svein Roger, men flest frå DNS, mellom andre Helge Jordal. Den Nationale Scene fekk tilbodet, men takka nei. Det trur eg dei har angra på sidan. Dei sto som samprodusentar langt ut i rekka, men dei skulle nok ha involvert seg meir, både fordi det er mange frå Odda som bur i Bergen og fordi det var mange skodespelarar frå DNS som var med. Eg fekk eit tilleggskrav den gongen, om å auke publikumsplassane. Så i Logen i Bergen måtte eg rett og slett heve golvet for å skape siktliner for publikum. Det er alltid spørsmål om disposisjon av rom og kontakten scene - sal. Publikum blei sitjande på tre sider. Eg plasserte eit bilete av «Brudeferden i Hardanger» på ein vegg, som ein humoristisk kommentar til dei fantastiske naturforholda i Odda. Mottakinga blei bra i Bergen og.

13

Bikubesong

«Eg ville ha eit stort, svart rom med realistiske detaljar.» (Bård Lie Thorbjørnsen) Stillfoto av scenografi


Intervju med scenograf Bård Lie Thorbjørnsen

Bikubesong

Kva er ditt forhold til The Smiths og Morrissey? The Smiths var eit stort band, og eg er akkurat i det kullet som hørte på dei på 1980-talet. Eg trur at dei har fått ein renessanse no. Morrissey er mellom anna ein ekstrem dyrevernar – dei hadde ein låt som heiter Meat is Murder. Det står han for den dag i dag. The Smiths sprang ut av miljøet ein engelsk industriby, i dette høvet Manchester. Med tanke på min eigen bakgrunn i eit arbeidarmiljø, appellerte musikken veldig til meg. Eg kjenner meg veldig godt igjen i den «working class hero»-greia. Korleis opplevde du å presentere Bikubesong på heimebane i Odda? Odda er ein ekstrem stad med sin naturvenleik, men det var òg mykje tristesse. Med rørgata og det groteske inngrepet i naturen. Industrihistoria har noko til felles om det er Manchester eller Odda. Vi starta frå scratch i eit fabrikkrom som var nedlessa av utstyr. Det var eit vakkert rom – det flaug fuglar oppunder i taket. Vindauga var heilt sota ned. Hundre meter borti gata låg Murboligen og nede i gata var Smeltaren pub. Men det var heilt andre proporsjonar. Det var mykje å ta tak i. Dei som sveisa opp scenografien med jernbjelkar var gamle smelteverksarbeidarar, som la ned tusenvis av arbeidstimar. Det var ein utruleg dugnadsinnsats frå oddingane. Så hadde vi premiere 1.mai. Det var utruleg morosamt og alle som var med på dette, synest at det var ei oppleving. Russen hadde parodi på Bikubesong i vår scenografi. Kva er forskjellane frå 2003-oppsetiinga? Denne prosessen er styrt av at vi skal ut på turné med Riksteatret. Oppsetjinga må tilpassast ulike kulturhus og spelestader. Scenografien i 2003 var laga spesielt for Scene 2. Dei svarte veggane på Scene 2 blei Murboligen – med dei opphavlege opningane i veggen. Den same scenografien blei nytta i Odda. No, i 2013, kom eg med ei tilråding om å spele éin versjon her på huset og éin ute. Men greia blei at «Sist gjekk dynamikken i alle retningar, no går han i høgda, på tvers av scenen i fire nivå.» (Bård Lie Thorbjørnsen)

14


Intervju med scenograf Bård Lie Thorbjørnsen

vi skulle ha ei løysing, vi måtte lage eit nytt rom. No er det meir titteskap. Flyten må framleis vere der! Sist gikk dynamikken i alle retningar, no går han i høgda, på tvers av scenen i fire nivå. Mykje av rammene ligg i økonomi og slike ting, ofte er det lite areal. Til slutt: Har du gjort deg nokre tankar om korleis eit ungt publikum/ungdom vil ta i mot eller forstå dette universet, og dei karakterane vi møter her? Det er ikkje eit komplisert univers, det er ikkje noko vanskeleg å forstå i det heile teke. Så må eg berre svare at for meg er teatret viktig, og det meiner eg det er for andre også, akkurat som kunsten er viktig for å forstå mange spørsmål – som til dømes då eg oppdaga at dette er eit stort stykke om einsemd, som er eit stort tema i dag. Eg er glad i Tennesse Williams. Han er pessimistisk og interessert i folk som har «something crippled», ein skavank. Men samstundes gir han i kunsten, handsaminga av tematikken, håp og meining. Og det deler eg. Det er meiningsfylt i noko som ofte kan vere veldig vanskeleg. Det gjeld for Bikubesong som for andre ting. Vi kan jo spørje kvifor vi tar dette stykke opp igjen – kanskje det har noko klassisk over seg. Det har kanskje også ei tidstilknyting. Det fungerer emosjonelt. I ein kollektiv kunstart som teater er, er det ofte ein legg opp til noko som andre tek tak i og utvidar. Det er nokre slike augneblinkar i Bikubesong. Kanskje gjeld det nettopp dette med einsemd. Det er eit gripande stykke, og det er mykje humor i det.

15

Bikubesong


Intervju med regissør Lasse Kolsrud

Bikubesong

Intervju med regissør Lasse Kolsrud

Om utforminga av manus og regi i Bikubesong. Du har jo både utarbeidd manus og har ansvar for regien for denne produksjonen. Kvifor valde du å jobbe med Bikubesong? Kva er det som triggar deg med stoffet eller romanen til Frode Grytten? Eg las romanen i 2000, og kjende at det var noko som rørte ved meg. Det var noko scenisk ved denne romanen, som også er ei novellesamling, for så vidt. Det starta med teksten «Syng meg i søvn», om denne fyren som er sjukt oppteken av The Smiths. Og eg tenkte at eg kunne bruke den som ei slags ramme, ein måte å binde saman historiene og framsyninga på. Han siterer heile tida Morrissey og The Smiths, og då tenkte eg: Kanskje han ikkje berre kan sin «The Smiths», men er ein slik genial hybelgitarist. Han kan alle låtane heilt perfekt og sit på rommet sitt og spelar. Og Frode Grytten skriv så godt! Det handlar om kvardagslagnader, menneske som tilsynelatande er ein del av den grå massen, men kor det er noko ved dei alle saman. Og vi har så lett for ikkje å sjå det i all «kjendishypen» som er. Så då eg først fekk tenning og ein idé på det heile, gjekk eg til teatersjefen, Vidar Sandem, smelte boka i bordet og sa at «denne må dramatiserast, den må dramatiserast for Det Norske Teatret og eg vil setje det opp». Eg hadde verken dramatisert eller satt i scene før, så han blei stille – og etter ei stund sa han: «Ja vel!» Så spurde han om eg ville ha hjelp, og eg sa nei. Han lova at eg skulle både få dramatisere og setje opp, og det var utgangspunktet for produksjonen i 2003. Kva har vore utfordringane med adaptasjonen frå roman til dramatisk tekst? Du har mellom anna valt ein hovudperson i dramatiseringa, sjølv om ikkje han er det i romanen. I utvalet av novellene i boka, handla det ikkje berre om kva som er bra, men kva som fungerer saman i tid og rom. Eg måtte vurdere talet på spelestader, dei som hadde dialog, eller delvis dialog. Eg enda til slutt på to døgn, første og andre mai. Det er fleire noveller som eg gjerne skulle hatt med, til dømes den andre novella i boka, «Prinsessa av Burundi», men dama blir tjukk og tynn og ... og det kan vi jo ikkje få til på to døgn (ler). Eg gjekk altså inn og såg på dei novellene eg kunne bruke og tok det derfrå. Så sette eg dei saman med musikken – og eg hadde no to hjelparar: Frode Grytten og dramaturg Cecilia Ölveczky. Mellom anna peikte Grytten på eit poeng med karakteren M – at han ikkje er musikar. Det er forskjell på folk som diggar

16

Foto: Siren Høyland/DNT

Onsdag 27. februar 2013 kl. 9.30 «Med min bakgrunn som skodespelar, tar eg utgangspunkt i situasjonar når eg arbeider med dramatisering og regi»


Intervju med regissør Lasse Kolsrud

musikk og dei som spelar musikk. Det vil i grunnen seie at då var hovudkonseptet mitt for oppsetjinga borte (ler). Men så tenkte eg at viss det er slik at han kan alle desse songane, og at når det blir vanskeleg for han, så flyktar han i eit anna tilvære. At han då kjenner seg som Morrissey i The Smiths, at han har eit draumeband, eit draume-Smiths. Då fekk vi løyst det. I andre og tredje runde med manus, måtte eg òg leggje til noko tekst, for å få dei ulike historiene til å hengje saman, det var sjølvsagt dramaturgen òg oppteken av. Såleis blei møtet mellom M og Hildegun til, då han i utgangspunktet skulle hente mor til Hildegun, Ruth, som hadde lova å sjå til mora til M. Det blei nokre scenar som ikkje står i boka. Tretti prosent av dialogen i manus er ikkje frå boka. Kva har vore dei største utfordringane dine med oppsetjinga? Eg tenkte mykje regi då eg skreiv manus. Ei stor utfordring var å finne rommet. Det er fleire enn hundre og tjue scenar, og eg ville ikkje ha eit einaste sceneskift. Det skulle vere ein ståande dekk, som skulle overlatast til lyssetjinga. Sjølv om dei ulike leilegheitene i rommet glir over i kvarandre, trur eg ikkje det er vanskelig å forstå. No har vi løyst rommet på ein annan måte. [Sjå òg intervju med scenograf Bård Lie Thorbjørnsen] Sist var det fint med den dobbeleksponeringa vi fekk til at nokon sat i ein sofa, medan andre stod i regnet – det er jo 18 forskjellige roller pluss ein hund, som skal flytte seg i rommet. No har vi lagt handlingane til fire nivå. Lyssetjing er veldig viktig her. Korleis har erfaringane dine som skodespelar vore ein ressurs for deg i arbeidet med Bikubesong? Min måte å regissere på er via skodespelaren. Eg trudde eigentleg ikkje at eg kunne dramatisere, men så peika dramaturgen på dei situasjonane eg hadde skapt, og sa at dei fungerte bra. Då tenkte eg at eg jo har gjort meg nokre erfaringar som skodespelar, eg veit kva ein situasjon er. Eg kan ganske mykje om ein skodespelar sin frustrasjon med tekst, eg kan setje meg inn i den og eg har tenkt mykje ut på førehand. Difor dramatiserer eg som eg gjer, og difor regisserer eg som eg gjer. Det er skodespelarane som skal fram. Mi viktigaste oppgåve er at dei blir gode! Kva betyr musikk generelt og The Smiths spesielt for deg? Eg har drive mykje med musikk, og eg har vore oppteken av å bruke musikk på ein annan måte enn i musikalar. Eg er ein dårleg gitarist – eg juksar på gitar (ler). Eg kjende ikkje The Smiths og eg kjende ikkje til Morrissey, så eg måtte berre byrje å lytte til musikken. Eg hadde ei intens gjennomlytting av The Smiths sine låtar, og leita etter sitat eg kunne bruke. Så eg har jo fått eit forhold til musikken etter kvart. Morrissey skreiv mykje om kvardagsmenneske, om det å ikkje vere vellukka, om dei små augneblinkane. Karakterane i historiene er alle sårbare. Det viser seg at Frode Grytten har hatt The Smiths som eit soundtrack heile tida medan han skreiv. Det er jo 25 noveller for 24 leilegheiter i Bikubesong, og musikken eller songtekstane er det som bind dei saman. Kva betyr det lokale perspektivet og bruken av Odda-dialekten for deg? Då eg leste tekstane var eg ikkje oppteken av at det var Odda i det hele tatt! Eg kjente igjen Moss! Industrisamfunn, typane... Det er jo difor boka er omsett til så mange språk, kinesisk blant anna, at folk kjenner seg igjen i det. Men skal ein

17

Bikubesong


Intervju med regissør Lasse Kolsrud

gjere ting universelt, så må ein gjere det lokalt. No var dette skrive for Odda, så då blei det Odda. Når det gjeld dialekten er det ein stor del av den lokale koloritten. Korleis nyttar du erfaringane dine frå produksjonen i 2003, der du debuterte som regissør, fekk debutantprisen frå Hedda-juryen og Kritikarprisen? Eg prøver å gjere det så nytt som mogleg. Eigentleg har eg ikkje lyst til å gjenta, men eg har jo gjort meg ein del erfaringar. Stykket gjekk i tre år, og det var sett opp i Bergen og i Odda. Eg går ikkje for å komme med svaret, men for at skodespelarane kan få komme med sitt. Heldigvis har eg eit nytt rom å arbeide i. Om det blir ei betre framsyning, er eg ikkje sikker på, men arbeidsmessig er det bra å måtte tenke nytt. Eg treng ikkje stresse det å måtte gjere som sist, eg kan gjere det annleis. Korleis var det å presentere Bikubesong på heimebane i Odda? Det var heilt vilt! 1. mai 2004 kom Bikubesong heim til Odda. I to veker spelte ensemblet framsyningar i Lindehuset, eit bygg knytt til det nedlagte smelteverket. Ein dugnadsgjeng jobba fire tusen dugnadstimar. Vi blei mottekne på ein fantastisk måte, med ordførar og det heile. Det var fulle hus. Folk var stolte og opptekne av Bikubesong, sjølv om det ikkje er smigrande alt som står der. Vil du seie at Bikubesong kan sjåast som ei politisk oppsetjing – i tilfelle korleis? Eg ville at stykket skulle vere oppdatert. Og det er klart det tyder noko for menneska i Odda at smelteverket blei lagt ned i 2003, sjølv om ikkje det er hovudfokus i framsyninga. Men når eg set opp igjen Bikubesong i dag, i 2013, så er det mykje som har endra seg. Difor har eg lagt handlinga til 2003 denne gongen òg, kor vi ser tilbake i tid. Til dømes er det viktig å få fram at ein i Odda ikkje gjorde forskjell på første og syttande mai. Første mai var og ein viktig dag å feire, med gratis is til ungane. Det er klart at Odda er eit klassisk industrisamfunn. Til slutt: Kvifor skal vi sjå Bikubesong, slik du ser det? (Har du gjort deg nokre tankar om korleis eit ungt publikum/ungdom vil ta i mot eller forstå dette universet, og dei karakterane vi møter her?) Skodespelaren Trond Espen Seim fortalte meg om då han var og såg framsyninga og gjekk ut i pausen for å ta seg ein røyk. Då overhøyrde han ein samtale, der ein elev sa til ein annan: «Eg kjedar meg ikkje!» Det kan vel seiast å vere eit kompliment (ler). Det handlar jo om folk, om morosame og rare menneske. Det er gode historier, det er fin musikk og det er menneske vi kjenner igjen: boksaren, Angel, vaksne «på tuppa». Vaksne er jo òg dumme: Harry står på badet og kler seg i kona sitt undertøy. Kva er det han held på med? Ein skjønar at livet har mange fasettar – og det er morosamt.

18

Bikubesong


ARBEIDSOPPGÅVER OG ­BAKGRUNNSINFORMASJON

ARBEIDSOPPGÅVER OG ­BAKGRUNNSINFORMASJON Ein vegvisar til arbeidsoppgåvene Frå urteater til vår tid har teater spegla skiftande kulturelle og sosiale tilhøve i ulike samfunn. Det er framleis ei kjelde til kulturforståing og synleggjering av lokale, nasjonale og globale tradisjonar og kulturelt mangfald på tvers av tradisjonar. Historisk og globalt har drama og teater vore knytt til danning og læring på mange samfunnsarenaer. Det omfattar mange ulike disiplinar og er ei utprega tverrestetisk uttrykksform som har tilknyting til mange fagfelt. I samband med framsyninga Bikubesong, er det fleire kompetansemål i skolefag og studieområde som kan vere aktuelle å knytte opp mot eit besøk i teatret. Dette gjev både teaterbesøk og fag ein ekstra dimensjon. Det blir ein måte å realisere faglege kompetansemål på, som gjev oppleving, innsikt og læring gjennom drama og teater. Det er ein måte å oppleve teater på som gjev erfaring med kunst og kultur som læringsvegar, i tillegg til den opplevinga det er å gå i teater. Vi ynskjer at det tilrettelagte materialet som elevar, studentar og lærarar kan nytte seg av, skal bidra til eit grunnlag for estetisk oppleving, refleksjon og formidling, så vel som eit bidrag til fagleg inspirasjon og fordjuping. Vi har valt ut nokre fag, fagområde og kompetansemål og laga døme på oppgåver knytt til desse. Sjølvsagt kan det vere fleire fag, fagområde og kompetansemål, som de sjølve, som lesarar og brukarar, kan finne fram til og nytte i samband med dette materialet. Nokre av kompetansemåla vi har teke fram, eignar seg i samband med førebuande arbeid før teaterbesøket, andre i samband med eit etterarbeid. Organisering av oppgåvene Oppgåvene er presenterte kvar for seg, knytte opp mot det enkelte faget/kompetansemåla, men kan naturlegvis nyttast om kvarandre, om brukaren ynskjer det, slik vi òg peikar på i Ein vegvisar inn i framsyninga. På den måten kan det inspirere til å sjå eige fag i fleire perspektiv, utfordre og oppleve fagleg arbeid slik som teatret og teaterframsyningar også er: eit mangfald av inntrykk, uttrykk, disiplinar og former. Om det historiske bakgrunnsmaterialet I boka Bikubegang, tek forfattaren oss med på ei vandring gjennom Odda, verbalt, og «site specific» - til stader og situasjonar som er direkte knytte til miljøet i Bikubesong. (For dei som har vore med på, eller planlegg å vere med på Litteratursymposiet i Odda, som arrangerast kvar haust, tek forfattaren folk med også reint fysisk på ein guida rundtur til desse stadane). Omtalen av Smelteverket i Odda, og The Smiths er bakgrunnsstoff som kan gi nokre historiske glimt for å sjå miljø og menneske i fleire perspektiv, sjølv om materiellet ikkje går i djupna. Lenkjer til YouTube gjev deg glimt av eldre og nyare innspelingar/konsertar og songar med The Smiths.

19

Bikubesong


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Bikubesong

OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR MUSIKK Utdrag frå Læreplan i Musikk i perspektiv 2 Utdanningsprogrammet Musikk, dans, drama: Programområdet Musikk Musikkhistorie Hovudområdet omfattar hovudlinjene i musikkhistoria. Det blir lagt vekt på ulike musikalske ytringsformer, norsk og samisk kulturarv, kulturforståing, toleranse og respekt for musikk som brubyggjar i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv. Hovudområdet omfattar også musikken sin funksjon og plass i samfunnet til ulike tider. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • drøfte karakteristiske trekk og stilistiske verkemiddel i musikk • setje musikk frå 1900 og fram til i dag inn i ein politisk, økonomisk, sosial og kulturell kontekst Musikkhistorisk fordjuping Hovudområdet handlar om eit relevant musikkfagleg omgrepsapparat i utvalde område i musikken. Samanliknande tilnærmingsmåtar, utviklingsliner og fellestrekk på tvers av sjangrar og stilhistoriske epokar er sentralt. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • samanlikne og drøfte stiltrekk ved musikk frå ulike sjangrar eller stilartar

The Smiths i teaterframsyninga Bikubesong. Frå venstre: Rune Berg, Robert Øien Fylling, Klaus Robert Blomvik, Hans Rønningen. Foto: Siren Høyland

20


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Arbeidsoppgåver i eit musikkperspektiv Om The Smiths side 50 Lenkjesamling side 54 og songtekstar side 55 1. Musikken til The Smiths og Morrissey spelar ei sentral rolle i Bikubesong. Kvar kan vi plassere musikken i musikkhistoria? 2. Kva kjenneteiknar musikken med omsyn til sjanger og stil? Samanlikn og drøft stiltrekk ved popmusikk frå ulike sjangrar og epokar. 3. Kva kan vi seie om innhaldet i songtekstane ut frå konkrete eksempel? Diskuter i kva grad dei kan setjast inn i ein sosial, politisk eller kulturell kontekst. (Sjå vedlegg med songtekstar og tolk/vurder nokre av songane i eit slikt perspektiv, studer nokre lenkjer) 4. Kva vil det seie å vere The Smiths-fans? Kva synest du om reaksjonen til The Smiths-tilhengjaren Frode Grytten fortel om? (Sjå samtalen med Grytten under Bikubegang) 5. Dersom du ser framsyninga: Korleis medverkar musikken og songtekstane til handlinga og historiene i Bikubesong? I kva grad synest du det skil seg frå bruken av filmmusikk? 6. I ein kommentar til låta There Is a Light That Never Goes Out, skriv ein person i loggen på YouTube 20.mars 2013: «Where have songs like this gone? Dj‘s, computers, and synthesizers have completely taken over music. It seems as though music today has practically lost the feeling of being human.» I kva grad er du einig i utsegna?

21

Bikubesong


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Bikubesong

SCENOGRAFI OG KOSTYME Utdrag frå Læreplan i scenografi og kostyme – valfritt programfag i studie­ spesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag Scenerom Hovudområdet scenerom omfattar utforming av modellar av scenerom og produksjon av enkle sceneoppsetjingar. Korleis lys, farge og komposisjon verkar inn på bodskapen og uttrykket til scenerommet, er sentralt. Planlegging og utforming av scenografi for digital produksjon høyrer med. Val av materiale og teknikkar står sentralt. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • utforme modellar i målestokk av scenerom til tenkte arrangement • planleggje og produsere enkle sceneoppsetjingar • vurdere korleis kvitt og farga lys verkar inn på uttrykket til scenerommet • nytte form, farge, komposisjon og materiale til å formidle ein bodskap Kostyme Hovudområdet kostyme omfattar enkel design og produksjon av kostyme. Val av materiale, teknikkar og farge i klede og kostyme står sentralt. Sminke, kostyme og rekvisittar som del av scenerommet er med i hovudområdet. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • designe og produsere enkle kostyme • lage skisser til presentasjon av kostyme • vurdere val av farge og materiale i klede og kostyme • vurdere verkemidla sminke, kostyme og rekvisittar som kommunikasjon i scenerommet Stilhistorie Hovudområdet stilhistorie omfattar stiluttrykk i klede, møblar og gjenstandar frå ulike kulturar og epokar og sceniske verkemiddel frå ulike epokar. Studie av scenografi for større arrangement er òg ein del av hovudområdet. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • karakterisere særtrekk ved klede, møblar og gjenstandar frå ulike epokar og kulturar • analysere og samanlikne sceniske uttrykk og verkemiddel i filmar frå ulike epokar • karakterisere særtrekk ved design av større arrangement Eit grunnleggjande utgangspunkt for scenografien… (Skisse laga av Bård Lie Thorbjørnsen)

22


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Arbeidsoppgåver i eit scenografi- og designperspektiv Om scenografi, sjå skisser frå scenografen og intervju med han (s.12) 1. Kva kan grunntanken vere i utforminga av teaterrommet, sett ut frå framsyninga, bileta og intervjua i heftet? 2. Kvar kan vi plassere utforminga av scenerommet i 2013-framsyninga teaterhistorisk? 3. Korleis verkar scenerommet og kostyma inn på ei framsyninga, både generelt – og spesielt i Bikubesong? 4. Lyssetjinga har særskild mykje å seie i denne oppsetjinga fordi alt skal skje i ein og same dekorasjon. På kva måte kan ein bruke lys for å skape fleire stader og stemningar i same teaterrom? Korleis ville du gjort det? 5. La oss seie at du fikk i oppdrag å lage kostyma og/eller scenografien til Bikubesong. Korleis ville du tenkt, og gått fram i arbeidet?

23

Bikubesong


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Bikubesong

PSYKOLOGI Utdrag frå Læreplan i psykologi – programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram Utviklingspsykologi (psykologi 1) Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • definere personlegdom, og gjengi ulike teoriar om personlegdom • gjere greie for korleis arv og miljø påverkar mennesket si utvikling • drøfte samanhengar mellom erfaringar i oppveksten og haldningar og verdiar som vaksen • beskrive korleis mennesket utviklar sitt sjølvbilete og sin identitet • gjere greie for forsvarsmekanismar og mestringsstrategiar Mennesket og helse (psykologi 1) Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • drøfte omgrepet normalitet i høve til psykisk helse • gjere greie for vanlege psykiske kriser i ulike livsfasar, og drøfte korleis krisene kan føre til vekst og utvikling Sosialpsykologi (psykologi 2) Hovudområdet handlar om individet som ein del av det sosiale fellesskapet. Det dreier seg om grupper, roller, verdiar og haldningar, og om sosial kompetanse, leiing og makt. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • drøfte kva som er viktig med å ha sosial kompetanse • forklare kvifor og korleis grupper oppstår, vert haldne ved lag, og løysast opp • gjere greie for ulike roller individet kan ha i sosiale samanhengar, og gi døme på rollekonfliktar • drøfte kva som påverkar og endrar haldningar Kommunikasjon (psykologi 2) Hovudområdet handlar om ulike kommunikasjonsmåtar og samhandling. Det dreier seg om kommunikasjon på tvers av og innanfor ulike kulturar. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • gjere greie for omgrepet kommunikasjon, og kunne greie ut om kommunikasjonsprosessen og kva som påverkar han • greie ut om verbale og ikkje-verbale former for kommunikasjon og kommunikasjon som eit kulturelt avhengig fenomen Gerhardsen og Kjakan – kommunikasjonen mellom menneska er ikkje alltid verbal... Foto: John Hughes/DNT

24


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Arbeidsoppgåver i eit psykologisk perspektiv, i tekstar og/eller framsyning 1. Korleis kan vi karakterisere kommunikasjonsprosessen mellom karakterane i teksten og/eller framsyninga? Ta for deg til dømes tekstvedlegg 1, 4 og 5 og finn ut kva tekstane fortel om familietilhøva og kommunikasjonen mellom familiemedlemmene? Studer òg bileta av Gerhardsen og Kjakan, og M og mor hans. Kva fortel dei om relasjonar? 2. Ta for deg/framfør tekstutdraga om PS (partisekretæren). I kva grad kan ein seie at hans måte å kommunisere på er styrt av den kulturen han høyrer til? Korleis synest du dette kjem til syne i framsyninga? 3. Kva for rollekonfliktar finn vi i stykket/dei vedlagde tekstane/i framsyninga? 4. Korleis kan vi skildre karakterane i stykket/tekstane i høve til sosialkompetanse? Studer til dømes tekstvedlegg 3 og 2. 5. Kva har miljøet å seie for korleis karakterane handlar/agerer? Sjå til dømes tekstvedlegg 2, 3 eller andre vedlegg. 6. Ta for deg kompetansemåla under utviklingspsykologi. I kva grad kan analyse av til dømes rollefigurane Kjakan og M sjåast i samband med desse måla? Sjå tekstvedlegg/ bilete og framsyning. Er det andre rollefigurar de kunne sjå i same lys? 7. På kva måte vil du tolke songen Boxers, og tekstlina «Losing in front of your home crowd» i samband med ein eller fleire av rollefigurane/ personane i Bikubesong? 8. Korleis utviklar einskilde karakterar seg gjennom stykket? Sjå eventuelt tekstvedlegg, der du møter til dømes M, Harry, Kjakan eller Hildegun. 9. Korleis oppstår klikkdanning? I kva grad synest du at det er klikkar og folk som blir «hengt ut» i tekstane/framsyninga? Sjå òg intervjuet med Hans Rønningen – er du einig med han? 10. Ta for deg tilhøvet mellom Gerhardsen og den aggressive Kjakan, der Gerhardsen vil ta livet av seg. Kva kan det vere som påverkar og eventuelt endrar haldningane til dei to gjennom den scenen? Sjå tekstvedlegg 5

25

Bikubesong

Morrissey held kring eit bilete av mora som ser på han. Foto: Jon Arne Madsø


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Bikubesong

SAMFUNNSFAG Utdrag frå Læreplan i samfunnsfag, hovudområda Individ og samfunn, Kultur, Arbeidsog næringsliv. Frå føremålet med faget: Mennesket samhandlar gjennom språk og uttrykksformer som er prega av den kulturen dei veks inn i. Ved å gjere elevane nyfikne og stimulere til undring og skapande arbeid vil faget kunne setje dei betre i stand til å forstå seg sjølve, meistre si eiga verd og motivere til ny innsikt og livslang læring. Faget skal òg medverke til at elevane utviklar medvit om at menneska inngår i ein historisk samanheng, og at ei lang rekkje historiske hendingar gjer at dei er der dei er i dag. Individ og samfunn Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar og diskutere kvifor kjønnsrollene endrar seg over tid • gjere greie for endringar i familie- og samlivsformer Kultur Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • definere omgrepet kultur og gjev døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid Arbeids- og næringsliv Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • definere omgrepa levestandard og livskvalitet, gjere greie for årsaker til at levestandarden i Noreg har auka og diskutere om auken har ført til betre livskvalitet

«Industrihistoria har noko til felles, om det er Manchester eller Odda.» (Bård Lie Thorbjørnsen)

26


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Arbeidsoppgåver i eit samfunnsperspektiv 1. Korleis kan vi beskrive dei sosiale forholda i Odda ut frå tekstane/framsyninga? Sjå til dømes vedlegg 2 (Smeltaren pub) 2. Korleis har Frode Grytten/Lasse Kolsrud portrettert «oddingen» kulturelt og sosialt? Sjå til dømes tekstvedlegg 2 (Smeltaren pub) 3. Korleis kan vi beskrive familieforholda i Murboligen i tekstane/framsyninga? Sjå til dømes vedlegg 7 scene 35 b, om møtet mellom Angel, Kjakan og far hans. 4. Korleis gir tekstar og songar uttrykk for kjønnsroller slik dei var/har vore, offisielt og i det skjulte? Studer til dømes tekstvedlegg 4 og 8 og songteksten This charming man. 5. Som vi ser av intervjua, er 1. mai ein viktig dag for folk i Odda – kvifor er det slik og korleis kjem det til uttrykk i dei vedlagte tekstane/framsyninga? 6. Partisekretæren seier i talen sin: «Vi skal gjøre det slik Einar gjorde det, slik Trygve gjorde det, slik Gro gjorde det, ... slik Torbjørn burde ha gjort det .» Kven er dei personane han viser til? 7. Kan vi kalle stoffet i Bikubesong politisk – i tilfelle kvifor og korleis? Sjå eventuelt på tekstar i boka, tekstvedlegg frå dramatiseringa og/eller samtalen med Frode Grytten her i heftet.

27

Bikubesong


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Bikubesong

HISTORIE Utdrag frå Læreplan for historie - fellesfag i studieforberedande utdanningsprogram Samfunn og menneske i tid (vg3) Hovudområdet samfunn og menneske i tid omfattar sentrale historiske fenomen og prosessar og trekkjer liner mellom fortid, notid og framtid. Ulike perspektiv ved fortida står i fokus: maktforhold og politikk, sosiale og økonomiske forhold, kultur og tankeliv. I hovudområdet vert vektlagt kontinuitet og endring i utviklinga av samfunn og menneske som aktør i historiske prosessar, både som individ og i gruppe. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • gjere greie for befolkningsutviklinga i et lokalsamfunn over ein lengre periode og diskutere kva faktorar som har hatt påverknad på innbyggarane sin livssituasjon • gi døme på korleis ulike uttrykk innanfor musikk, arkitektur eller biletkunst i ein tidsperiode kan sjåast i samanheng med utviklinga på andre samfunnsområde Historieforståing og metodar (vg3) Hovudområdet historieforståing og metodar handlar om korleis menneske tenkjer ulikt om fortida, og korleis dette kjem til uttrykk i forteljingar og i historiske framstillingar. Hovudområdet handlar om korleis historisk kunnskap blir bygd opp, forstått og vurdert Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • undersøkje korleis eigne tankar om fortida er blitt forma og diskutere kva faktorar som gjer at menneske kan ha ulike oppfatningar om fortida • drøfte korleis historie er blitt brukt og brukast i politiske samanhengar

Tekst som følger bildet: Murboligen blei teikna av bergensarkitekten Egill Reimers i 1913. Utkasta til fasadeog planteikningar er daterte september det året og har påskrifta AS North Western Cyanamide Co. Odda. Arbeiderboliger paa Bakke. Den nye karbid- og cyanamidfabrikken i Odda var ein suksess, talet på tilsette steig raskt og Murboligen blei ei løysing på bolignauda. Bygget kom opp i Dr. Boyds gate (seinare Folgefonngata) ved sida av Folkets Hus og ein del mindre arbeidarbustadar. Bygget blei reist på eit par år og gjekk først under namnet Storboligen. Nemninga Murboligen fikk det sannsynlegvis på grunn av dei utvendige murflatene og dei innvendige murveggane. Murboligen hadde i alt 44 bustadar då han stod ferdig, 30 bustadar med to rom og kjøkken, pluss 14 bustadar med eitt rom og kjøkken. Stilen kan karakteriserast som seinhistorisme med jugendpreg. Planløysingane i huset hadde likevel meir modernistiske trekk. Arkitekten Egill Reimers er også kjent som mannen

28

Murboligen i Odda, 2005. (Foto: Arne Midtbø)


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

bak Bergensbygg som Turnhallen, Statsarkivet, Tinghuset og Historisk Museum. Det var planar om å byggje fleire hus av same type som Murboligen, men økonomiske problem på fabrikken stansa desse planane. Rett over Folgefonngata frå Murboligen ligg i dag NVIM (Norsk vasskraft- og industrimuseum) som viser historiske arbeidarbustadar frå både 20-, 30- og 50-talet.

Arbeidsoppgåver i eit historisk perspektiv Om Odda som industrisamfunn, sjå til dømes teksten om Odda Smelteverk og samtalen med Frode Grytten

29

1.

Grei ut om utviklinga av industrisamfunnet Odda.

2.

Kva for ei rolle har smelteverksindustrien spelt i Noreg sidan andre verdskrig?

3.

Finn årsaker og forklaringar på kvifor smelteverket i Odda blei lagt ned i 2003.

4.

Kva har hendt med industribyane i Europa etter at industrien blei lagt ned?

5.

Kva hende i Odda?

6.

I kva grad finn du at uttrykk innanfor musikk, arkitektur eller litteratur/ teater kan sjåast i samanheng med utviklinga på andre samfunnsområde? Bruk Bikubesong og kunnskap om industrisamfunn/Odda-samfunnet som utgangspunkt. Studer òg Murboligen, teksten som fylgjer biletet, musikken til The Smiths eller annan musikk du meiner kan ha spelt ei rolle.

Bikubesong


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

NORSK Utdrag frå Læreplan i norsk: samansette tekstar, munnlege tekstar, skriftlege tekstar, språk og kultur – alle trinn Samansette tekstar Hovudområdet samansette tekstar viser til eit utvida tekstomgrep der tekst kan vere sett saman av skrift, lyd og bilete i eit samla uttrykk. Det inneber arbeid med tekstar som biletbøker, teikneseriar, aviser, reklame, nettsider, songtekstar, film og teater. Hovudområdet omfattar både eigen tekstproduksjon og eiga oppleving, kritisk vurdering og analyse av samansette tekstar. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • gjere greie for estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjonar knytte til språk og bilete • gjere greie for samspelet mellom munnleg og skriftleg språk, bilete, lyd og musikk • lese og tolke eksperimenterande og modernistiske tekstar og bruke dei som utgangspunkt for eigen tekstproduksjon • bruke kunnskap om tekst, sjanger og litterære verkemiddel i eiga skjønnlitterær skriving på bokmål og nynorsk • samanlikne og vurdere tekstar som blir overførde frå eit medium til eit anna Munnlege tekstar Hovudområdet munnlege tekstar dreier seg om munnleg kommunikasjon, det vil seie å lytte og tale, og utforsking av munnleg tekst. Sentralt er utvikling av ulike språklege roller og sjangrar og forståing av korleis ein tilpassar språk og form til mottakar, og til mål med teksten. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • meistre ulike munnlege roller i gruppesamtalar, foredrag, dramatiseringar, presentasjonar og framføringar som aktør og tilhøyrar. Skriftlege tekstar Eleven utviklar skrivekompetanse gjennom å skrive og lese, og lesekompetanse gjennom å lese og skrive. Dette skjer gjennom arbeid med ulike sjangrar på bokmål og nynorsk, med aukande krav til forståing for samanhengar mellom form og funksjon i tekstane. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • analysere tekstar i ulike sjangrar for å kunne ta stilling til spørsmål tekstane tek opp, og verdiar dei representerer. • skrive essay, litterære tolkingar og andre resonnerande tekstar på bokmål og nynorsk, med utgangspunkt i litterære tekstar og norsk tekst- og språkhistorie. Språk og kultur Hovudområdet språk og kultur dreier seg om norsk og nordisk språk- og tekstkultur, men med internasjonale perspektiv. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • drøfte fellesskap og mangfald, kulturmøte og kulturkonfliktar med utgangspunkt i eit breitt utval av norske og utanlandske samtidstekstar i ulike sjangrar.

30

Bikubesong


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Bikubesong

Morrissey finn inspirasjon gjennom bøker av Oscar Wilde. Foto: Jon Arne Midtbø

Arbeidsoppgåver i eit litteratur- og språkperspektiv

31

1.

Les forteljinga «Syng meg i søvn» frå Bikubesong og diskuter kva for ein rolle ho spelar i romanen som heilskap. Kva handlar teksten om? Sjå og tekstvedlegg 1.

2.

Korleis vil du samanlikne og vurdere teksten i novelleform og slik han er blitt når han er overført frå eitt medium til eit anna - her dramatisert i tekstutdrag og framsyning?

3.

Prøv deg, gjerne saman med ein annan, på ei dramatisering av eit tekstutdrag frå romanen – til dømes frå «Song for ein skuggeboksar».

4.

I læreverket Spenn2, Norsk for studieforberedande utdanningsprogram, blir det peika på fem ulike lesemetodar: Lesarorientert metode, forfattarorientert metode, ideologisk metode, feministisk metode, tekstorientert metode. a) Les samtalen med Frode Grytten, der samtaleteksten i sin heilskap er henta frå boka hans Bikubegang. Er du einig i at forfattarorientert metode er det som høver best i samband med lesing av Bikubesong? Kvifor? Kvifor ikkje? b) Kva tenkjer du om den fridommen regissøren har teke seg med å dikte/ skrive inn scenar som ikkje finst i boka?

5.

Frode Grytten seier (sjå samtalen med han, og boka ): «I romanen er det fire oppgangar med seks bustadar i kvar oppgang. Det er sjølvsagt ein håplaus måte å skrive ei bok på. Å bestemme seg for ein litterær arkitektur der du blir nødt å komme opp med 24 historier.» Men – det er 25 forteljingar i boka. Kan du klare å finne løyndommen bak den 25.?

6.

Dramatisk tekst framstilt på scenen: Korleis er sceniske verkemiddel med på å underbygge temaet? (Kostyme, rekvisittar, sminke, verbalspråk og kroppsspråk) Korleis skapar scenografien eit fysisk og sosialt miljø på scenen?

7.

Sjå på biletet av Murboligen (s. 28). Kva symboliserer boligen, som bilete og uttrykk for eit fellesskap?


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

8.

Kva for ei rolle spelar Odda-dialekten i tekstane til Grytten – og kva er kjenneteikna til dialekten?

9.

Musikken til The Smiths og Morrissey spelar ei sentral rolle i Bikubesong. Kva vil du seie om musikken, både som språk (tonar, rytme etc.) og som litteratur (lyrikk)?

10. Ta for deg ein eller fleire av songtekstane (delar av dei er brukt i framsyninga). Kva for meining eller tyding kan vi lese ut av tekstane? Sjå vedlegget med songtekstar, s. 44 11. Teatermelding eller bokmelding av Bikubesong: sjå Drama og teaterfag 12. Dramatisering/ biletteater/skriveoppgåver: sjå Drama og teaterfag

32

Bikubesong


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

DRAMA OG TEATERFAG Utdrag frå Læreplanen for Programområdet Drama, vg2 og vg3 Utdanningsprogrammet Musikk, dans, drama Teaterproduksjon, programfag Opplæringa i teaterproduksjon skal bygge på ei praktisk tilnærming, og ivareta både ein skapande, utøvande og reflekterande dimensjon. Opplæringa skal legge til rette for at den enkelte skal tileigne seg forståing av omgrep og kunnskap om sceniske verkemiddel. Sjanger og spelestil, vg2 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • analysere ein skodespeltekst og finne sjangerspesifikke trekk ved ein tekst • drøfte tilnærmingsmåtar til ulike sjangrar Scenisk formidling, vg3 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • utvikle monologar og dialogar og formidle dei som kunstnarlege uttrykk • drøfte spelestil, verkemiddel og tilnærmingsmåtar Skodespelarutvikling, vg2 og vg3 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • bearbeide monologar og dialogar og presentere dei i eige skodespelararbeid og samspel (vg2) • bruke grunnleggjande kunnskap om regi i eige og felles produksjonsarbeid (vg3) Teaterproduksjon, programfag til fordjuping Teaterproduksjon fordjuping skal synleggjere ulike måtar å produsere, formgi og uttrykkje seg på i teatersamanheng. Programfaget teaterproduksjon fordjuping skal gjennom praktisk erfaring og refleksjon utvikle kunnskap om sentrale område i teaterproduksjon. Dramatisk tekst, vg2 • drøfte tilhøvet mellom innhald, dramaturgi, spelestil, og scenografiske og tekniske verkemiddel Dramatisk form, vg2 • presentere scenografiske løysingar i høve til teaterrom og speleplass Utforsking av form, vg3 • drøfte verknaden som ulike regival kan ha for ein teaterproduksjon

33

Bikubesong


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Teater i perspektiv Frå formålet med faget: Teater i perspektiv skal bidra til utvikling av den enkelte si teaterfaglege forståing Teaterhistorie 1 og 2 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • presentere ein analyse av eit skodespel ved hjelp av teaterteoretiske omgrep, drøfte historiske og kulturelle føresetnader for ulike teateruttrykk • beskrive og drøfte sentrale utviklingstrekk i teatret frå modernismen til eiga samtid • presentere ei teaterform og drøfte tilhøvet mellom tekst og uttrykk, sal og scene Teaterteori og -analyse 1 og 2 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • presentere og drøfte definisjonar, omgrep, metodar og retningar i teatret si utvikling • beskrive og drøfte teater som uttrykks- og ytringsform og vurdere samanhengar mellom teori og praksis • analysere og tolke framsyningar og skrive teatermeldingar • analysere framsyningar i eit sosialt og kulturelt perspektiv • analysere og drøfte samanhengar og påverknader mellom sceneteater og andre medieuttrykk

Arbeidsoppgåver i eit teater- og dramaperspektiv 1. Presenter ein dramaturgisk analyse av eit av tekstutdraga av Bikubesong. Ta utgangspunkt i bruk av verkemiddel og metode for scenisk realisering. 2. Vel ei novelle frå Bikubesong og lag ei eiga dramatisering der du utviklar ein monolog/dialog og formidlar teksten i individuelt skodespelararbeid eller samspel. 3. Presenter eit regikonsept for eitt av tekstutdraga av Bikubesong. 4. Vel ein scene frå vedlegga og presenter tre versjonar av spelestil: psykologiskrealistisk, episk og performanceorientert. (Til dømes tekstvedlegg 7, scene 67, med M og Angel) 5. Ta for deg tekstvedlegget om Kjakan (tekstvedlegg 5), eller Partisekretæren (tekstvedlegg 6) og lag ei biletteaterframsyning der du har med den undertrykte situasjonen, idealsituasjonen og eit bilete som syner prosessen. Lag eventuelt replikkar og tankebobler. 6. Korleis ville du arbeid med fysisk ekspressivitet i rolletolkinga av Kjakan? 7. Det er tre viktige stader i framsyninga: badet, stova og eit bord på Smeltaren pub. Korleis vil du løyse dette scenografisk, når det samstundes skjer fleire scenar i andre rom, inne og ute og alt skal vere i ein dekorasjon? Lag eit utkast til scenografisk løysing. Korleis ville du tenkje deg lyssetjinga i denne samanheng? 8. Skriv ei teatermelding av framsyninga, eller ei bokmelding av Bikubesong. 9. Dersom du har høve til å sjå framsyninga: Gjer ei analyse av framsyninga, gjerne to eller tre saman. Om analyse, sjå skjemaet nedanfor, henta frå Teater i Perspektiv, 2009 (Leirvåg og Eriksen, Thalia forlag).

34

Bikubesong


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Bikubesong

ANALYSE Ein analyse av verkemidla i ein framsyning vil kunne gi auka kunnskap og medvit om korleis ei framsyning er produsert og konstruert, samstundes som det gir grunnlag for moglege tolkingar av og perspektiv på framsyninga.

35

1.

Ein generell diskusjon av framsyninga a) Kva held dei ulike delane av framsyninga saman? b) Kva skapar eventuelle brot i framsyninga, med tanke på framstillinga av dei ulike historiene i stykket? c) Kva opplever du som markante trekk ved framsyninga (sterke og svake augneblinkar)? d) Korleis vil du skildre karakterane i framsyninga, samla og kvar for seg?

2.

Scenografi (inkludert lyssetjing, rekvisittar og kostyme) a) Korleis er forholdet mellom publikumsplasseringa og spelerommet utforma? b) Kva funksjon har lyssetjinga (i forhold til rommet, handlinga og skodespelarane sine rørsler)? c) – og rekvisittane? d) – og kostyma?

3.

Spelestil a) Korleis er spelestilen i framsyninga (realistisk, episk/forteljande, eksperimentell)? b) Korleis er tilhøvet mellom skodespelar og ensemblet? c) – skodespelar og tekst? d) – skodespelar og rolle?

4.

Musikk og lydeffektar a) Kva funksjon har musikken i framsyninga som heilskap? b) – i forhold til teksten? c) – i forhold til karakterane? d) Kva funksjon har musikken og andre lydeffektar i forhold til dramaturgien?

5.

Teksten a) Kva rolle spelar teksten (eventuelt dramatiseringa)? b) Kva er forholdet mellom teksten og dei andre verkemidla i framsyninga (spelestil, scenografi, musikk, osb.)?

6.

Fortolking av fabelen i framsyninga a) Kva for historie(r) blir fortalde? b) Korleis er framstillinga av historia/historiene gjort (dramaturgien)? c) Kva moglege tolkingar/meiningar/assosiasjonar får vi i møtet med framsyninga?

7.

Publikum a) Kvar finn framsyninga stad og kva for rolle spelar det for forventningane til publikum? b) Kva forventningar hadde du til framsyninga?


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

Bikubesong

c) Korleis reagerte publikum under framsyninga? d) Korleis reagerte dei rett etter framsyninga? 8.

Dokumentasjon og etterarbeid med analysen a) Korleis skaffa du deg dokumentasjon på framsyninga (notat, program, bilete, videoopptak, osb.) b) I kva for ein samanheng vil du setje framsyninga (repertoar, jubileum, anna markering, osb.? c) I kva for eit perspektiv vil du setje framsyninga (kunstnarleg, politisk, kulturelt, kommersielt, osb.)

(Frå Patrice Pavis (1985): “Theatre Analysis: Some Questions and a Questionnaire” i New Theatre Quaterly ½: 2008-12. Omarbeidd og omsett til nynorsk av Siren Leirvåg)

36


OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ ­LÆREPLANAR

37

Bikubesong


Bikubegang med Frode Grytten

Bikubesong

Om eg kan nå inn til hjartet på Dublin, kan eg nå inn til hjartet på alle plassar. – James Joyce

Bikubegang med Frode Grytten

Foto: Martin Grüner Larsen

Denne samtalen er bygd på boka Bikubegang, om korleis Bikubesong blei til. Det er boka bak boka, frå Frode Grytten si hand, hans eigen tekst. Det er boka om løyndommane i bikuben.

Når tok forteljingane til, Frode? Kvar tok dei til? Korleis kan du dikte ein heil by? Er historiene til å stole på? Kvifor 24 historier? Og kven har fyr? Spørsmåla er mange, kan du gje oss nokre svar? Eg veit ikkje heilt når roman-ideen kom til meg, men ein dag hadde han flytta inn i meg. Her bur eg, sa ideen. Her blir eg. Ein dag skulle det bli i fullformat. Ein dag skulle det bli i widescreen. Eg hadde budd meg på det. Eg hadde trena og trena. Skrive og skrive. Små forteljingar, utkast, skisser. Ein dag skulle eg skrive om industristaden inst i Sørfjorden. Heimplassen min. Eit håplaust prosjekt, sjølvsagt. Ei umulig oppgåve. Men ein dag tenkte eg at eg bare fikk hive meg ut i det. Hadde ikkje James Joyce skrive om Dublin? Hadde ikkje Robert Musil skrive om Wien? Ernesto Sabato om Buenos Aires? John Dos Passos om New York? Sherwood Anderson om Winesburg, Ohio? Haruki Murakami om Tokyo? Orhan Pamouk om Istanbul? Nokon måtte skrive om Odda. Det fikk bli meg. Ok, dette er ikkje heilt sant. Hadde eg tenkt slik, hadde eg garantert gitt opp før eg tok til. Men lysta hadde krype inn i meg, lysta til å lage eit portrett av ein småby, eit portrett av Odda. Eg hadde så mange forteljingar oppe i hovudet. Eg

38


Bikubegang med Frode Grytten

ville stappe sidene fulle med folk. Køle på med folk. Rare, skakke, streite, vakre, snåle, vanlige, sinte, melankolske, lykkelige. Eg kunne krydre med ein og annan tilreisande. Ein tilfeldig gjest. Ein partisekretær. Ein journalist. Mest skulle det vere Odda. Hundre prosent Odda. Seamus Heaney skriv i eit essay om korleis plassar også må eksistere i skrift. Ein må kunne erfare plassar også på lærd vis, ved å lese om dei, ikkje bare på levd vis, ved å bu der.

Kva er det med denne Murboligen? Eg har gått forbi Murboligen så mange gongar, på veg til skulen, på veg ned i Odda, på veg heim, på veg bort. Eg hugsar ikkje heilt når eg tenkte at Murboligen var noko å skrive om. Men det er noko med å stå utanfor eit slikt bygg, tenke på kva som skjer der lysa er tente, spekulere på kva som skjer der lysa er sløkte. Dei tok til å byggje Murboligen i 1914 som svar på bolignauda i Odda. For hundre år sidan flytta folk til Odda frå heile landet. Dei skulle byggje ut krafta i Tyssedal, dei skulle etablere smelteverk i Odda. Folk budde oppå kvarandre og trong husrom. Åtti år seinare tok eg til på romanen om Murboligen. Ein kveld på Smeltaren kom ein fyr bort til meg. Han var ikkje heilt edru, men var heilt klar i talen: «Grytten, det er ingen i Odda som ikkje har budd i Murboligen». Eg måtte svare: «Eg er gjerne den einaste då?» Etterpå tenkte eg at eg likevel er den einaste oddingen som har skrive ein heil roman om Murboligen. Kva er det med staden Odda då? Odda blei til ein materiell stad med industrien. Nesten alt er knytt til det konkrete, til det som kan teljast, målast og vegast. Mirakla i Odda skjedde inne på fabrikkområdet der dei smelta kalk og koks om til karbid, ikkje i ein stall eller i ei svart bok. Kyrkja eller trussamfunn fikk aldri noko godt feste på plassen. Frelsesarmeen ligg rett nok ved sida av Murboligen, og armeen satsa sikkert hardt på denne gudlause plassen inst i Sørfjorden. Men Gud kom aldri til Odda. Ferda stansa litt lenger ute i fjorden. Likevel finst det nok å undre seg over i Odda også. Kanskje kvilar skrivinga i den undringa. Ei lyst til å gripe det som er uforståelig, ein vilje til å nærme seg det gåtefulle, eit driv til å utforske det underlige. Som Rolf Sagen seier det: «Han som tar verda for gitt, og ikkje forstår at ho er underlig, gidder sjølvsagt ikkje skrive om verda. Han som undrar seg og vil vite noko, er han som har behov for å uttrykkje seg, og det er han som vil arbeide med språk for å få sagt noko». Musikken spelar ei stor rolle, kanskje ei hovudrolle, i Bikubesong. Har den alltid vore ein del av deg? Eg kunne ikkje synge. Det var sjølvsagt eit nederlag. I sjetteklassen stira læraren på meg og sa: «Det er ein som syng falskt her…» Eg var tatt på fersken med ein frosk i halsen. Songane lokka likevel. Betzy er ikkje den som skal takkast. Ho dreiv platesjappa i Odda, og alle platene låg på merkeligaste vis på kaia. Vi frekventerte sjappa, men Betzy sa alltid at platene låg på kaia. Alle gode plater låg faen meg på kaia. Det fikk oss til å dikte opp køddenamn og spørje om Betzy hadde fått dei inn. Men også den siste til The Lum Hum Hum eller The Bolleristers låg på kaia. Håpet blei tent då Ellingsen-familien skulle overta sjappa, men håpet blei raskt

39

Bikubesong


Bikubegang med Frode Grytten

sløkt igjen då det viste seg at den nye eigaren skulle kombinere salet av plater med sal av barnevogner. Eg måtte bestille platene frå Newcastle. Roxy Music. Bowie. Van Morrison. Springsteen. No tenker eg at det var ei dør inn til skrivinga. Popen var nærmare, tettare på, mindre skremmande enn litteraturen. Som vokalisten i bob hund, Thomas Öberg, sa i eit intervju ein gong: Han følte seg fri då han tok til å skrive. Det var ingen som forventa at han skulle få det til. Det gjorde ingenting om det blei dårlig. Han kunne gå inn på ein bane utan strekar, mål eller cornerflagg. Popen skapte same fridom for meg. Pønken kom susande med ei kjensle av at alt var lov, det var bare å gjøre det, gi faen, bare gjøre det. Akkordane sit framleis i brystet frå den kvelden eg hadde vore på fotballtrening og såg på tv. Eyvind Solås i Musikknytt skulle spele musikk til skrekk og åtvaring, og så reiv Sham´69 av seg «Borstal Breakout». Når du er femten, bur i Odda og har ein frosk i halsen, synest du sjølvsagt at det er det tøffaste du nokon gong har sett. Eg fikk mjølka i vrangstrupa og fårepølsa i nasen. Det var eit sjokk, ein revolusjon, eit tupp i ræva. Pønken skapte denne fridommen for folk i min generasjon. Du trong ikkje vere verdsmeister. Du trong ikkje vere Ibsen for å skrive. Du trong ikkje vere Debussy for å få det til å seie twang. Du kunne bare gjøre det. Men som Thomas Öberg frå bob hund også sa: «Får man lov att sparka bollen över stadion, är det stimulerande att se hur långt man kan få iväg den».

Korleis kom The Smiths inn i biletet, for deg, og for bikubesongen? Det er så mange plassar eg kan ta til, det er så mange ting eg vil ha med, men ein stad må eg gå inn og seie: Greitt, her byrjar det. Og denne gongen får det bli i Denver, Colorado. Hausten 1987 tvinga ein væpna mann seg inn i lokala til ein kommersiell radiostasjon i den amerikanske byen. Programleiaren og produsenten blei tatt som gislar. Politiet kom raskt til og omringa studio. Lyttarane og politiet forventa å høre ein desperat mann kringkaste sine krav om pengar eller fritt leide. Gisseltakaren overraska alle. Han verka rolig og hans einaste krav var at radiostasjonen dei neste 24 timane skulle spele musikk av den britiske popgruppa The Smiths. Opp frå arkivet henta skjelvne radiofolk platene til det heller ukjente bandet: Fire studio-album, tre samleplater og 17 singelplater som blei spytta ut på rekordtid midt på åttitalet. Detaljane rundt gisseldramaet i 1987 er noko uklare, kanskje fordi politiet frykta smitteeffekten, at andre musikkentusiastar skulle ta seg til rette i radio- og fjernsynsstudio verda over. Heilt utenkelig er det ikkje at den unge Smiths-tilhengjaren reagerte på meldingar frå England om at favorittgruppa hans var oppløyst. Tidspunktet kan stemme. Radiostasjonen skal uansett ha etterkomme kravet i rundt fem timar. Ut over det haustlige Colorado strømte popmusikk lagd av ein obskur kvartett frå det nordvestlige England. Morrissey sjølv har kommentert episoden med stor entusiasme: – Alle mine fans burde vere slik! Rekk det? Held det? Sikkert ikkje, men det kjem meir, det kjem meir. For det må seiast her, det må seiast no: Eg er fan. Heile Bikubesong tenker eg på som eit dobbelt Smiths-album. Lydsporet til den boka er alle Smiths- og Morrissey-songane. Kanskje har eg ikkje utvikla same interessa for våpen som han amerikanaren, kanskje er eg ikkje særlig hypp på å ta folk til fange, men eg kunne godt ha ropt

40

Bikubesong


Bikubegang med Frode Grytten

med gisseltakaren i Denver, denne sweet and tender hooligan, då han blei ført ut til ventande svartemarje: – Morrissey, I love you!

Hugsar du di første Smiths-plate? Eg hugsar ein høgspent, elektrisk vårdag i 1984 då eg kjøpte den første Smithsplata på Apollon i Bergen. Det var ingen tvil. Eg hadde ein handgranat mellom hendene. Splinten var vekke, splinten hadde eigentlig aldri vore der, og eg visste at eg måtte bære denne plata som ein baby over Puddefjordsbrua, leggje ho varsamt ned på spelaren og bare håpe det beste. Andre plater var energiske, vakre, såre, medrivande. Men her var ei plate som var alt saman på ein gong. Enkel og kompleks. Tradisjonell og nyskapande. Avvisande og øm. Kald og varm. Sur og søt. Songen Boxers er ei av hans perler. Her serverer han ei linje som det er umulig å få ut av hovudet: Losing in front of your home crowd. Meir trenger han ikkje seie. Du har alt teften av songen. Du luktar blod, gjørme, regn. Du ser den forslåtte boksaren som prøver å reise seg, som forsøker å halde fram. Men tannbeskyttaren kjem skranglande ut av kjeften på han, beina visnar vekk under han og regnet hamrar nådelaust på asfalten. ... seks … sju … åtte … ni … TI! Eg ser Morrissey for meg når eg speler den songen, denne glømte perla, denne perfekte popsongen om boksaren som taper framfor eit lamslått heimepublikum. Du har omtalt Morrissey som ein folkefiende, kvifor det? Bransjen, pressa og eliten har alltid kasta Morrissey opp i sekken som det står «sutrekopp» på. Så snører dei igjen. Det er sjølvsagt eit forsøk på å ufarliggjøre mannen. For han er ein farlig mann, ein folkefiende. Nettopp fordi han viser at det går an å leve i kvardagen også. I hans verd er menneska verken halve eller case. Dei er heile menneske, underlige og komplekse. I hans univers er det naturlig plass for alle, også dei kriminelle, dei hatefulle, dei blyge, dei små, dei hundsa, dei homofile, dei latterliggjorte, dei lengtande. Han er ein opprørar frå den kvardagsgrå gata, frå ein plass midt i verda, han er ein egalitærrevolusjonær, ein forsvarar av alt det vanlige. Til og med namnet The Smiths sladrar om det gjennomsnittlige, om det normale, om det kjedelige, om traurige familiemiddagar, kyssing under den rustne jernbanebrua ein laurdagskveld, bilvaskar ein søndags ettermiddag, kalde soverom i skitne mursteinshus… Morrissey dansa som ei påskelilje og stakk som ei rose. Han var ein verbal akrobat, ein blyg ekshibisjonist, ein ambisiøs outsider. Han opptrådte med blomstrar i bukselomma på Top Of The Pops. Han siterte avdøde poetar når han blei spurt om inspirasjonskjelder. Han sa alle dei gale tinga. Han sa alle dei rette tinga. Ideen om boka hadde ein dag «flytta inn i deg», sa du. Korleis var skriveprosessen? Hausten 1995 reiste eg til Obrestad fyr for å skrive det eg hadde tenkt skulle bli eit portrett av heimplassen min. Hå kommune leiger ut bustadar på fyret, og eg var heilt åleine med ein pc. Eg hadde ikkje rekna med at det skulle gå så galt. Eg fikk ikkje til nokon ting, eg lytta bare til vinden og skreiv nokre dårlige dikt. Seinare

41

Bikubesong


Bikubegang med Frode Grytten

har eg konkludert med at eit slikt skriveopphald på Obrestad fyr kan delast i fire fasar: 1) du er optimistisk med tanke på skrivinga og går bare nynnande rundt, 2) du får ikkje heilt dreisen på det og tar til å snakke med deg sjølv og litt med dei som er på radioen, 3) du får ingenting til og skjellar regelrett ut dei som er på radioen, 4) du blir Jack Nicholson i The Shining.

Kom plassen eller menneska først? Det tok si tid å finne staden der forteljingane skulle falde seg ut. Det må finnast ein plass for at noko skal skje, som Elizabeth Bowen sa: «Ingenting kan skje i ingenmannsland». Eg reiste heim frå Obrestad fyr utan ei einaste side med tekst og sette meg til under trappa heime for å skrive på det som skulle bli Bikubesong. Fire år skreiv eg. Det tok nokre månader før eg skjønte at det ikkje var bygget som interesserte meg. Eg hadde først valt Rådhuset i Odda som ramme for forteljingane, så hoppa eg elegant over til Murboligen. Då forstod eg at det var menneska som var interessante, ikkje sjølve huset eller romma. Folka. Oddingane. Dei som held på og dunkar i veg 24 timar i døgnet. Då kom tekstane. Det var luka som opna skallen. Forteljingane kom ut. Folka dukka opp. Eg kunne gjøre kva som helst med personane. Skru dei til, dikte dei opp, setje dei i rørsle. Få dei til å krangle, elske, angre, lyge, snakke sant. Eg kunne til og med sende ein av dei ned på busstasjonen på jakt etter ein kjærast for å trøste den døande mora si. Kvifor nettopp 24 historier? Murboligen er huset som er navet for alle forteljingane. I romanen er det fire oppgangar med seks bustadar i kvar oppgang. Det er sjølvsagt ein håplaus måte å skrive ei bok på. Å bestemme seg for ein litterær arkitektur der du blir nødt å komme opp med 24 historier. Men når eg først var i gang, så gjekk det overraskande lett. Eg hadde opna skallen og ut kom alle historiene. Heilt til eg hadde 22 historier. Då var det bom stopp. Då slo luka igjen. Eg fikk lettare panikk. Eg kunne liksom ikkje henge opp eit skilt på to av dørene: «Sorry, her bur det ingen». Eg måtte ha 24 historier. Det var ei klassisk skrivesperre. Så eg måtte presse fram dei to siste historiene, ta dei med keisarsnitt. Det er også dei to eg er misnøgd med i boka. Dei ligg rett nok ikkje til slutt i boka, for eg skreiv alt saman litt hulter til bulter og ikkje i rekkjefølge. Eg har ikkje tenkt å røpe kva to forteljingar som kom på plass til slutt, men eg kan seie at det ikkje er historia som er lagt til Smeltaren pub, «Gå langs vegen som ein vanlig mann». Det tok meg fire år å skrive Bikubesong. Eg gjorde sjølvsagt andre ting også, men det tok fire år frå eg reiste til Obrestad fyr for å ta til på boka til ho var ferdig trykt. Eg trur det måtte gå så lang tid. Eg ville skrive om alle mulige typar folk, og eg ville gjøre det på ulike måtar, med ulik temperatur og farge. Eg måtte bruke fire år for å gire om så mange gongar, for å skifte fil, bytte bil, lakkere om. Du har snakka om biblioteket i Odda som ein stad der orda fekk liv? Ja, kvar tok historiene til? No tenker eg at det eigentlig var i rådhuset i Odda. Det var der alle orda først kom piplande ut. Der alle historiene tok til å putre. På biblioteket i rådhuset. Mellom hyllene av bøker. Det biblioteket var min andre heim då eg voks opp. Kvar kveld var eg nede på biblioteket, snuste på bøkene, las ei side

42

Bikubesong


Bikubegang med Frode Grytten

her, las ei side der, lånte som regel ein stabel med meg heim. Eg hugsar lange ettermiddagar med regn mot biblioteksvindauga. Å leite etter bøker. Å lukte på bøker. Eg liker å tenke at det er den lukta som har fått meg til å skrive. Lukta av bøker. Lukta av boksider. Bøker luktar heilt spesielt. Dei luktar ein slags klokskap som ikkje finst andre plassar. Som Morrissey sa: «Eg voks opp på Manchester offentlige bibliotek, avdelinga for krim». Eg kan seie: «Eg voks opp på Odda offentlige bibliotek, avdelinga for krim».

Partisekretæren er ein underleg skrue – kvar fann du han? Forteljinga «Tillitsmannen» veit eg godt kvar eg fann. Eg blei sendt ut på oppdrag for Bergens Tidende til Sunnfjord. Vi tok sjøfly, det var noko som hasta, vi måtte få saka på trykk til dagen etter. Oppdraget hugsar eg knapt, men eg hugsar korleis eg plutselig stod med vatn opp til livet. Eg skulle gå om bord i flyet. Då glei eg og gjorde ei ukontrollert rørsle med eine handa slik at brillene blei hengande på skeive. Då eg instinktivt prøvde å redde brillene frå å falle i vatnet, kom eg i ubalanse og var plutselig på full fart bakover i staden for framover. Eg gjekk under. Det var ein urkomisk situasjon: Den lite elastiske kroppen som ikkje maktar å leve opp til dei fysiske krava som verda stiller. På veg heim lo vi godt og lenge av episoden. Eg sat klissblaut på passasjersetet og likna mest ein uheldig Donald frå Andeby. Men situasjonen var også pinlig, resten av dagen hadde eg denne kjensla av å falle, korleis eg skjønte det lenge før eg låg der. Det var noko nedverdigande i rolla som ufrivillig Donald, ei kjensle som eg tenkte at eg ville bruke seinare. Sjansen kom då eg kunne sende AP sin partisekretær til Odda for å halde første mai-talen. Eg sendte han rett til botn. Og så dyppa eg han to gongar til i løpet av dagen. Talen i romanen er forøvrig mekka saman ved at eg har kutta opp og limt setningar frå essay av Thorbjørn Jagland og biografiane til Gro Harlem Brundtland. Det var ei glede å studere dei lokale arbeidarpartifolka på premieren av Bikubesong i Odda 1. mai 2004. Mange av dei sat saman på eine tribuna i vest. Og då deira lett paniske partisekretær øvde seg på ein noko vasstrukken tale, såg eg AP-folka nikke nøgd på hovuda: God tale, glimrande tale, perfekt tale! Tenkjer du på Bikubesong som ei politisk bok? Det slår meg at det vanlige livet ofte forsvinn i litteraturen og journalistikken, ein tar nesten ikkje i det, det er nesten tabu. Vår tid er ein trommel som slenger individ ut i ytterkantane. Autoritet blir gitt til dei som er ekstreme og overskridande. Eit tydelig døme er nynazistane som ikler seg ytre symbol og eit ekstremt språk. Men ytterkanten får alltid merksemd, status og tyngde. Alt frå ekstremsportarar til reality-kjendisar, frå bokbrennarar til dødsstraff- tilhengjarar. Mens alt som er i kjernen, det som er fleirtalet, blir borte. Det vanlige, normaliteten, forsvinner eller blir valt vekk. Det må vere eit mål for ein som skriv å vise at dei personane finst, at dei ikkje er klisjear, at dei ikkje er enkle eller dumme, heltar eller skurkar, men heile menneske. Dei er ikkje feilfrie, tvert om, dei er menneske. Når ein verkelig tar til å sjå på dei vanlige, ser ein at dei har mange ulike sider, dei kan ikkje så lett puttast i ein sekk. Til dømes kan det godt vere at mange av dei hippaste bur i Odda, dei som har greie på soul og kjører scooter. Du må alltid jobbe hardare når du bur i utkanten. Du må vite alt og fange opp alt, du kan ikkje bare skli med, slik ein kan

43

Bikubesong


Bikubegang med Frode Grytten

i sentrum. Om ein ser lenge nok på det som er vanlig og normalt, så viser det seg at det er alt anna enn ordinært. Det politiske i skrivinga tenker eg på som eit forsøk på å gi dei i midten ei slags verdigheit. Å gi dei som ikkje blir tatt vare på andre stader, ein autoritet og tyngde. Halde dei fram som meir enn case eller halve menneske. Vise at det finst eit lys eller ei spenning i det som ikkje alltid er så tydelig elles. Kanskje gjør det også dei vanlige mindre sårbare og vanskeligare å skade for mindretalet som sit med makta. Eg kom til å tenke på dei bilda då eigarane av smelteverket i Odda bestemte seg for å legge ned produksjonen. Regjeringas ryggmargskjensle var at Odda fikk klare seg utan statlig hjelp. Odda ville ikkje få fem flate øre av den konservative regjeringa. Då dette blei kjent, fikk eg ein telefon frå NRK Dagsnytt. Dei ville ha ein kommentar. Eg svarte at eg neppe var rette mannen. Dei fikk heller ringe politikarar, eigarar og tilsette. Men journalisten ga seg ikkje. Når smelteverket no blir lagt ned, kva skjer med dei som du skriver om i Bikubesong? spurte ho. Sjølvsagt kan ein bli smigra over å bli bedt om å gi kommentarar til NRK Dagsnytt. Men seinare tenkte eg at noko måtte ha skjedd ein stad på vegen. Forteljingar har framleis kraft. Fiksjon har ein funksjon. Meir enn noko anna kan forteljingar vise fram heile menneske, sårbare menneske. Sjølv om regjeringa ikkje hadde fått det med seg, hadde nokon skjønt at dette handla om menneske av kjøt og blod, ikkje tal i ein statistikk.

Er det altså folk i det vanlige livet, «dei ordinære» du vil løfte fram i lyset? Til dømes Gerhardsen, som du mellom anna omtalar slik: Nede ved elva legg han seg under brua, akkurat der du kjem inn til Odda om du kjører austsida. Han er varm av whiskyen, varm av dampen frå rørgatene som går frå hamna opp til smelteverket, varm av bikkja som kveilar seg inntil han. Lykka mi snur no, kviskrar han til bikkja. Då eg var i innspurten med manuset til Bikubesong, gjekk eg på kino for å sjå Todd Solondz sin Happiness. Det er ein film som på fleire vis kan minne om Bikubesong. Temaet er det kvardagslige og det vanlige. Det er ei polyfon forteljing med mange karakterar og utan nokon eigentlig hovudperson. Kanskje hadde eg ein dårlig kveld. Kanskje fauk poenget forbi meg. Men etterpå var eg urolig og rastlaus og forbanna. Eg ville hive meg på bussen og komme meg heim. Eg ville setje meg ned ved datamaskina og skrive om heile manuset. I kinomørket tenkte eg at regissøren bare gjorde narr av sine eigne karakterar. Eg tenkte at han heldt dei fram for at vi i salen skulle le av dei, for at vi skulle forakte det vanlige livet og flire av dei som har rollar i det vanlige livet. Dei sårbare. Dei rare. Dei ordinære. Eg veit ikkje. Eg ville uansett heim for å skrive på forsida av manuset: Personane i denne boka er mine, eg har røska dei ut av mitt eige bryst, min eigen plass, eg er glad i dei, alle orda i denne boka er skrivne i kjærleik.

Kor viktig er det lokale, sett i eit globalt perspektiv? Ein kjent norsk forfattar sa ein gong at han var så lei den norske litteraturen. Han var lei fordi den norske litteraturen bare handla om den norske steinrøysa. Han sakna europeisk utsyn i norsk litteratur, han sakna vidsyn og europeiske tankar. Eg tenker at steinrøysa må vere noko av det mest interessante du kan skrive om.

44

Bikubesong


Bikubegang med Frode Grytten

Eg hugsar den gongen eg bare drømte om å skrive. Eg var misunnelig på Ernest Hemingway, Raymond Chandler, John Fante, Flannery O’Connor. Alt dei hadde å skrive om, alt dei kunne dikte frå byar som Los Angeles, Denver, Paris, Madrid. Alt det frodige, alt det ekstreme, alt det høge og låge. Alt fanst der. Seinare då eg verkelig tok til å skrive, gjekk det opp for meg at Odda var dramatisk nok. Odda er kontrastfull, fandenivoldsk, gjennomsiktig og ujålete. Odda har historiene, forteljartradisjonen og råstoffet. Alt finst her også. Ei perfekt steinrøys å skrive om. Kven lengtar etter europeisk utsyn når ein har Odda i blodet? Det var bare å setje seg ned og dikte ein heil by. Odda finst i bilda til Chris Killip frå Tyne-området. Odda finst i songane til Tindersticks frå Nottingham. I tekstane til Bruce Springsteen frå Freehold, New Jersey. I romanene til John Fante frå Boulder, Colorado. I musikken til The Blue Nile frå Glasgow. I biletrutene i filmen Hatet av Mattieu Kassovitz frå forstadane utanfor Paris. Å skrive fram ein plass er å vere i dialog med andre plassar og andre folk som skapar. Å skrive er også å nærme seg det du hører, det du leser, det du ser. Eg blei dradd mot romanane til Alan Sillitoe, songane til Prefab Sprout, filmane til Martin Scorsese. Og det var Odda inni der som var fyrstikka. Songane, bøkene og filmane fortalte noko om min eigen plass. Eg fikk lyst til å utdjupe, halde fram og motseie. Eg ville skrive, skrive, skrive.

Er forfattaren til å stole på? Kjenner ein seg att i historiene - eller er det fiksjon? Ein fredagskveld skulle eg lese opp frå Bikubesong i ein mindre by på Vestlandet. Det gjekk fint. Det var bra med folk og god stemning. Etterpå fortalte arrangementskomiteen at ein utflytta odding hadde site i baren og jazza seg opp før opplesinga. Han skulle faen meg ta han der Grytten. Han skulle faen meg setje han der Grytten på plass. Han skulle faen meg seie ifrå. Han hadde sjølv vakse opp i Murboligen, og det var slett ikkje slik som Grytten skreiv. Det likna ikkje på ein flekk. Eg opna kvelden med å seie at eg skulle lese frå Bikubesong, ein roman om Murboligen i Odda, men det var ikkje den faktiske Murboligen eg hadde skrive om. Det var ein oppdikta Murbolig, ja, på sett og vis var det min eigen murbolig, eit slags sjølvportrett med 24 ulike sider av ein person. Eg fortalte at akkurat då eg tok til på manus, hadde eg lese om Gunnar Staalesens hundreårs-trilogi. Staalesen hadde sagt i intervju at alt skulle vere rett i bøkene hans. Om det regna den 30. mai 1924, skulle det regne i boka også. Eg tenkte at det verka då veldig kjedelig. Var det ikkje tøffare med ei bok der alt var feil? Etter innleiing og opplesing var det opent for spørsmål frå salen. Den utflytta oddingen måtte ha fått lagt sine planar i grus då eg snakka om at eg hadde dikta opp murboligen i boka. Eg hørte i alle fall bare at han kremta og sa: «Eg kjenner meg jævlig godt igjen i boka di, Grytten!» Teaterversjonen av Bikubesong – korleis var ditt møte med den? Dei seier at du kan sjå livet passere i revy. Visse augneblinkar minner om filmar eller romanar. Nokre augneblinkar blir løfta opp eller grensar til det uverkelige, noko forsvinn inn i forteljinga eller fiksjonen. Eg hadde ein slik augneblink då eg såg teaterversjonen av Bikubesong for første gong. Eg tenkte at karakterane hadde gått heile vegen, frå det verkelige liv der eg hadde henta dei, inn i fiksjonen, og tilbake til det verkelige liv igjen. No stod dei framfor meg og spelte ut alle forteljingane. Men eg såg ikkje bare sjølve stykket, eg såg også ein film bak stykket, ein

45

Bikubesong


Bikubegang med Frode Grytten

film som var sjølve livet mitt. Alt som skjedde då eg skreiv dei forteljingane og dei replikkane. Og ikkje bare det, det fanst ein film bak der igjen: Alle hendingane eg hadde henta fiksjonen frå. Alle episodane eg hadde rappa bikubesongen frå. Snurr film! Ditt eige liv! Det aller finaste var å gå frå barndomsheimen på Hjøllo ein måndag i mai, seie til foreldra mine at eg tok meg ein tur på teater og så gå ned Røldalsvegen, gå ned den vegen eg hadde gått så mange gongar, gå ned der og så gå inn på smelteverket, inn på Lindehuset og sjå Bikubesong, eit teater i Odda ein måndags kveld, eit teater i Odda, om Odda. Det var perfekt. Det regna til og med den måndagen.

46

Bikubesong


Odda og Smelteverket

Bikubesong

Odda og Smelteverket Odda kommune, lengst søraust i Hardanger, er ein kommune med storslått og vakker natur. Tidleg på 1900-talet var Odda ein sentral turiststad. Turistane kom frå heile Europa for å oppleve dei imponerande naturattraksjonane; fossane i Oddadalen, Folgefonna, Buarbreen. Og dei to unike fjellformasjonane inst inne i Ringedalen: Trolltunga og Preikestolen. Men det var Smelteverket som var grunnlaget for at tettstaden vaks seg til ein industriby.

Industrieventyret i Odda Odda tok del i eit industrieventyr som starta dei første tiåra etter 1900. I tillegg til rik tilgang på vasskraft, hadde Odda isfri hamn for import av råvare og eksport av ferdig produkt. Noreg fekk på denne tida sitt gjennombrot som moderne industrinasjon, i det som gjerne omtalast som «den andre industrielle revolusjon». Det var den vitskapsbaserte og kraftkrevjande storindustrien som spelte hovudrolla i denne industrialiseringsbølgja, og ny teknologi som kunne utnytte vasskrafta til produksjon av elektrisitet, gjorde Noreg til eit attraktivt land for industrietablering. Bak sto ofte utanlandsk kapital og ekspertise. I 1906 starta Alby United Carbide Factories og North Western Cyanamide Company oppføringa av kalsiumkarbidfabrikk og cyanamidfabrikk (Frå 1924 fekk dei fellesnemninga Odda Smelteverk AS). Bak begge selskapa stod den britiske aktøren The Sun Gas Company, medan den svenske ingeniøren Albert Petersson

47

Odda Smelteverk; lageret, hovudlageret og instrumentverkstaden. (Foto: Ann Steindal) HFK


Odda og Smelteverket

Bikubesong

var ei viktig drivkraft og den første direktøren ved anlegget. Hausten 1908 sto Tysso I klar til å levere straum, og produksjonen ved dei to fabrikkane tok til. Karbid vart produsert av kalk og koks, og saman med nitrogen var karbiden råstoff for cyanamid. Det var ein av fleire typar kunstig nitrogengjødsel som vart utvikla tidleg på 1900-talet. Ei utviding av anlegget kom alt i 1912 og i åra fram mot 1. verdskrig vart cyanamidfabrikken i Odda kjend som verdas største i produksjonskapasitet. På eit seinare tidspunkt skulle smelteverket og bli verdas største eksportør av karbid. Dette var altså ei betydeleg bedrift også i internasjonal målestokk. Smelteverket var i drift i nær hundre år før nedlegginga i 2003.

Odda smelteverk etter nedlegginga Det nedlagte smelteverket har i dag høg verdi som teknisk-industrielt kulturminne. Hovudtrekka i produksjonslinja er framleis intakt og bygningsmassen fortel om skiftande tendensar med omsyn til byggeskikk og estetikk. Som det største av pioneranlegga i nitrogengjødselindustrien tidleg på 1900-talet har verket ein viktig posisjon i den internasjonale industrihistoria, og i nasjonal samanheng har det høg verdi i forteljinga om framveksten av den kraftkrevjande industrien i Noreg.

Tapping av flytande karbid i omnshus 3 ved Odda Smelteverk (1989). Omnen var då framleis rekna som verdas største, med eit straumforbruk på linje med ein mellomstor norsk by. Foto: Helge Sunde

Kva smelteverket har hatt å seie for samfunnet, speglast i fleire litterære verk. Gro Holm sin roman De hvite kull (1936) har handling frå grunnlegginga og oppbygginga av smelteverket. Fleire bøker av Frode Grytten og Lars Ove Seljestad byggjer på livet i Odda i tilknyting til smelteverket. I dag er Smelteverket i Odda ein smeltedigel, samansett av næring, kultur, utvikling, ulike aktivitetar og arrangement som omhandlar fortid og framtid. Murboligen og verneverdige pissoir, Espeland Dame, kommunestyresalen, biblioteket, politikammeret, Hardanger Hotell, Lindehuset, Kinoen, Sentralbadet, Smelt, gamle fabrikkar og nye bedrifter har no alle blitt arena for det som blir kalla «Noregs mest inkluderande litteraturfestival».

48


Odda og Smelteverket

Litteratursymposiet i Odda, ein nasjonal litteraturfestival Det er i år ti år sidan symposiet byrja, i det små. I løpet av desse åra har festivalen vakse i omfang og publikumstal for kvart år og går no over 5 dagar kvar haust. Dei siste to åra har det vore fleire besøkande på symposiet enn det er folk i heile Odda kommune. Litteratursymposiet i Odda spring ut av Frode Grytten sin forfattarskap. Med den moderne klassikaren Bikubesong dikta han Odda inn i norsk litteraturhistorie i 1999. Den karakteristiske forteljartradisjonen frå Odda blir halden i hevd både i romanen – og i Gryttens årlege byvandring Bikubegang der han tek publikum med på ein guida tur rundt til dei stadane han skriv om i Bikubesong. Turen inneheld historier om dei litterære karakterane i romanen og om faktiske personar og hendingar. Slik fortel han samtidig historia til industristaden Odda, som har vore ein av spydspissane i utviklinga av det moderne Noreg.

49

Bikubesong


PRESENTASJON AV THE SMITHS

Bikubesong

PRESENTASJON AV THE SMITHS

Take me out tonight Because I want to see people and I Want to see life Driving in your car Oh, please don‘t drop me home Because it‘s not my home, it‘s their Home, and I‘m welcome no more

50


PRESENTASJON AV THE SMITHS

There`s a light that never goes out: The Smiths The Smiths var utan tvil det største indiebandet i England på 80-talet. Og ein av dei største britiske banda totalt sett i tiåret, med 18 topp-40 singlar, og 4 storseljande album. Musikken markerte starten på den gitarorienterte britpopen som på slutten av 80-tallet, og utover 90-tallet blei den dominerande stilen i England. Inspirert av 60-talls band som The Beatles, The Rolling Stones, og The Kinks. Dei sentrale personane i bandet var John Martin Maher og Steven Patrick Morrissey. Betre kjent som Johnny Marr og Morrissey. Eit låtskrivarpar som har gått inn i musikkhistoria på linje med Paul McCartney & John Lennon. Morrissey grunngjev valet av namn på bandet på denne måten: “I decided to call ourselves “The Smiths” because it was the most ordinary name, and I think it’s time that the ordinary folk of the world showed their faces”. Og Morrissey, i likskap med Ray Davies, synte ei unik evne til å finne det interessante i det kvardagslege. Debutalbumet fekk namnet «The Smiths» då det vart gitt ut 20. februar 1984. Kritikarane var over seg av begeistring. Særleg var dei imponerte over dei ironiske tekstane som på ein særeigen måte tek for seg tema som mord, seksuelt misbruk, audmjuking og homoseksualitet («Hand in Glove»). Og dei var imponerte over intensiteten i Morrissey sin song, der han på få sekund kunne skifte frå crooneraktig stil til klagande hyl. Også den uvante strukturen på låtane, der dei ikkje følgde den tradisjonelle stilen med vers/refreng, vers/refreng, blei lagt merke til. Med bass, gitar, trommer og song framstod The Smiths som «nakne» i lydbiletet, med rett fram gitarrock, utan bruk av syntetiske element for å skape fyldigare lydbilete. Noko som gjorde det naturleg å samanlikne dei med postpønk band som The Pretenders, Wire og Magazine. Morrissey si stemme og dei djupsindige tekstane kom dermed meir i forgrunnen enn kva dei elles ville gjort. Musikken til The Smiths var trass i eit stundom aggressivt gitarspel og saftige tekstar, relativt lett tilgjengeleg med sine fengande melodiar og sin gode rytmeseksjon. I august 1984 blei den klassiske Smiths singelen: «William, it was really nothing» gitt ut. Dei fleste er einige om at låta er meint som ei helsing til Morrissey sin kamerat og moglege kjæraste, Billy MacKenzie, frå det skotske bandet The Associates. Men Morrissey seier låta handlar om ein mann som gjev gode råd til ein annan mann, der han åtvarar den andre mot å gifte seg, fordi: «it was really nothing». Morrissey: «I thought it was about time there was a male voice speaking directly to another male, saying that marriage was a waste of time... that, in fact, it was ‚absolutely nothing». «How soon is now?» frå albumet «Hatful of Hollow» (november 1984), blei gitt ut på singel på nytt i 1985. Plata blei spelt inn i bakrus i Jam studios i Finsbury park i Nord London. Marr hadde kome opp med et godt gitarriff, sende Morrissey ein demo i posten, og nokre dagar etter hadde Morrissey skrive ein tekst som passa. Plata har kome høgt opp i mange kåringar over tidenes beste låtar, og er også covra av mange artistar. «How soon is now?» skil seg ut i Smiths’ diskografi på grunn av Johnny Marr sin bruk av tremolo på gitaren, som gir en glidande, syntetisk effekt. Mange vil også seie at gitarane på låta gir ein nesten hypnotisk effekt som kan gi assosiasjonar til 60-talets psykedelia. Dette er etter mange si meining The Smiths’ beste låt – og truleg også den mest kjente – «This charming

51

Bikubesong


PRESENTASJON AV THE SMITHS

man», blei gitt ut i oktober 1983 som bandet sin 2. singel, før debutalbumet. Og sjølv om denne ikkje klarte å markere seg på listene (25. plass i Storbritannia), er det ein av bandet sine finaste låtar. Og ein av dei mest typiske, med sitt «skranglete» gitarspel og Morrissey sin karakteristiske vokal. Teksten er mangetydig, noko som blei et varemerke for The Smiths. I juni 1984 fikk The Smiths si første topp-10 plassering i heimlandet med den vakre singelen «Heaven knows I’m miserable now». At The Smiths’ musikk er av klassisk kaliber på linje med The Beatles og The Rolling Stones, vart slått fast på ein konferanse i Manchester i april 2005 som heitte «Why Pamper Life`s Complexities», ei setning hentet frå Smiths låta «This Charming Man». Deltakarane skulle diskutere bandet utifrå innovasjon, fankulturar og estetikk. I løpet av konferansen blei også bandet si sosiale, kulturelle, politiske og musikalske rolle vurdert. Professor Justin O`Connor, ekspert på musikk og kultur sa i den samanhengen: «The Smiths såg ut som ingen andre, høyrdest ut som ingen andre, og musikken deira hadde ei emosjonell djupn som rørte menneskje på ein måte som ikkje noko band har greid sidan».

Eventyret om The Smiths tok diverre slutt så alt for tidlig. Etter å ha skrive ca 70 glimrande låtar, tok samarbeidet slutt i 1987. Interessa for The Smiths har halde seg levande i åra etter at dei ga seg, mellom anna. gjennom musikkblad som Uncut og NME og Mojo som stadig vekk har

52

Bikubesong


PRESENTASJON AV THE SMITHS

oppslag om bandet. Morrissey har halde fram med å turnere, og med å provosere. Han har framleis mange av dei gamle låtane på spelelista. I 2006 gjekk albumet «Ringleader Of The Tormentors» til topps i Storbritannia. Han har òg vore i Noreg ved fleire høve, som til dømes på Quart-festivalen i 2004, og på Sentrum Scene i Oslo, i juni 2009. Mange har hatt eit ynskje om ein reunion av The Smiths, men i eit intervju med musikkbladet Uncut gjorde Morrissey det i 2006 klart at han aldri kom til å spele med dei andre medlemmene av The Smiths igjen. Han sa det slik: «Eg vil heller ete mine eigne testiklar enn å gå vidare med The Smiths, og det seier litt for ein som er vegetarianar». Tekst: Jon Arne Madsø, i nynorsk omsetjing og tilrettelegging av Solhild Linge

53

Bikubesong


MUSIKKLENKJER OG SONGTEKSTAR

MUSIKKLENKJER OG SONGTEKSTAR The Smiths-songane frå framsyninga kan du høyre og sjå på følgjande lenkjer på YouTube, lasta ned 27.03.2013: 1.

Asleep http://www.youtube.com/watch?v=3D9ae_hdkUM

2.

I Know It‘s Over http://www.youtube.com/watch?v=5sQPZ9dD9v8&list=AL94UKM Tqg-9BteiblxP5bM6bIAmWjstxh

3.

Ask http://www.youtube.com/watch?v=YyaSQLlS5e8

4.

Heaven Knows I‘m Miserable http://yourmus http://www.youtube.com/watch?v=GPYOf-P4Hlo&list= AL94UKMTqg-9BteiblxP5bM6bIAmWjstxh

5.

Please, please, Let Me Get What I Want Frå albumet Hatful of Hollow http://www.youtube.com/watch?v=DMQbzLrvwlE

6.

You´ve Got Everything Now The Smiths, Madrid, May 18 1985 – La Edad de Oro http://www.youtube.com/watch?v=JEzi4ijrYf0

7.

This Charming Man: Markthalle Hamburg, 04 May 1984,Live http://www.youtube.com/watch?v=HgPMKdAWTVQ

8.

I know It´s Over: Morrissey live at the Manchester Arena 28 .juli 2012 http://www.youtube.com/watch?v=w4U0IZ4q8TA

9.

William It Was Really Nothing (Wembley 2006) http://www.youtube.com/watch?v=j5MBIeKjMDE

10. How Soon Is Now: Morrissey live at the Manchester Evening News Arena 28 .juli 2012 http://www.youtube.com/watch?v=Yd-VwWih1E4 11. Boxers Frå Top Tracks for Morrissey http://www.youtube.com/watch?v=tbXvYM5fwHQ&list=AL94UKM Tqg-9ANJxZODwiHJs_g3NVPxnPV 12. Back To The Old House: The Smiths {LIVE} Back to the old house {Sheffield 1984} http://www.youtube.com/watch?v=F3i4HWWVR3M 13. There Is A Light That Never Goes Out: Glastonbury 2011 http://www. youtube.com/watch?v=gjObvIQtsLk There is A Light That Never Goes out http://www.youtube.com/watch?v=n-cD4oLk_D0 14. Never Had No One Ever (HQ/Lyrics) IMPROVED VERSION IN HIGH QUALITY. Second version for this song. From the album «The Queen Is Dead», 1986. Second version for this song. From the album «The Queen Is Dead», 1986. http://www.youtube.com/watch?v=H888yfanNr8

54

Bikubesong


MUSIKKLENKJER OG SONGTEKSTAR

Bikubesong

SONGTEKSTAR

Asleep Sing me to sleep And then leave me alone Don‘t try to wake me in the morning ‚Cause I will be gone Don‘t feel bad for me I want you to know Deep in the cell of my heart I will feel so glad to go To die, to sleep; To sleep: perchance to dream

Heaven knows I`m miserable now I was happy in the haze of a drunken hour But heaven knows I‘m miserable now I was looking for a job, and then I found a job And heaven knows I‘m miserable now In my life Why do I give valuable time To people who don‘t care if I live or die ? Two lovers entwined pass me by And heaven knows I‘m miserable now I was looking for a job, and then I found a job And heaven knows I‘m miserable now In my life Oh, why do I give valuable time To people who don‘t care if I live or die ? What she asked of me at the end of the day Caligula would have blushed «You‘ve been in the house too long» she said And I (naturally) fled In my life Why do I smile At people who I‘d much rather kick in the eye ?

55


MUSIKKLENKJER OG SONGTEKSTAR

Bikubesong

I was happy in the haze of a drunken hour But heaven knows I‘m miserable now «You‘ve been in the house too long» she said And I (naturally) fled In my life Why do I give valuable time To people who don‘t care if I live or die ?

Boxers Losing in front of your home crowd You wish the ground Would open up and take you down And will time never pass ? Will time never pass for us ? Your weary wife is walking away Your nephew is true Well, he thinks the world of you And I have to close my eyes Oh ... Losing in front of your home town The crowd call your name They love you all the same The sound, the smell, and the spray You will take them all away And they‘ll stay Till the grave Your weary wife is walking away Your nephew, is true Well, he thinks the world of you And I have to close my eyes Oh ... Losing in your home town Hell is the bell That will not ring again You will return one day Because of all the things that you see

56


MUSIKKLENKJER OG SONGTEKSTAR

Bikubesong

When your eyes close Your weary wife - walking away Your nephew, it‘s true He still thinks the world of you And I have to dry my eyes Oh ... Losing in your home town Hell is the bell That will not ring again You will return one day Because of all the things that you see When your eyes close Your weary wife - walking away Your nephew, it‘s true He still thinks the world of you And I have to dry my eyes Oh ...

This charming man Punctured bicycle On a hillside desolate Will nature make a man of me yet ? When in this charming car This charming man Why pamper life‘s complexity When the leather runs smooth On the passenger seat ? I would go out tonight But I haven‘t got a stitch to wear This man said «it‘s gruesome That someone so handsome should care» Ah ! A jumped-up pantry boy Who never knew his place He said «return the ring» He knows so much about these things He knows so much about these things

57


MUSIKKLENKJER OG SONGTEKSTAR

Bikubesong

I would go out tonight But I haven‘t got a stitch to wear This man said «it‘s gruesome That someone so handsome should care» La, la-la, la-la, la-la, this charming man ... Oh, la-la, la-la, la-la, this charming man ... Ah ! A jumped-up pantry boy Who never knew his place He said «return the ring» He knows so much about these things He knows so much about these things He knows so much about these things New York version adds : I would go out tonight But I haven‘t got a stitch to wear I would go out tonight But I haven‘t got a stitch to wear Oh, la-la, la-la, la-la, this charming man ... Oh, la-la, la-la, la-la, this charming man ... Ah ! A jumped-up pantry boy Who never knew his place He said «return the ring» He knows so much about these things He knows so much about these things He knows so much about these things When exactly do you mean? See I‘ve already waited too long And all my hope is gone

How soon is now? I am the son and the heir Of a shyness that is criminally vulgar

58


MUSIKKLENKJER OG SONGTEKSTAR

Bikubesong

I am the son and heir Of nothing in particular

You shut your mouth How can you say I go about things the wrong way I am Human and I need to be loved Just like everybody else does

I am the son And the heir Of a shyness that is criminally vulgar I am the son and heir Of nothing in particular

You shut your mouth How can you say I go about things the wrong way I am Human and I need to be loved Just like everybody else does

There‘s a club, if you‘d like to go You could meet somebody who really loves you So you go, and you stand on your own And you leave on your own And you go home And you cry And you want to die

When you say it‘s gonna happen now, When exactly do you mean? See I‘ve already waited too long

59


MUSIKKLENKJER OG SONGTEKSTAR

Bikubesong

And all my hope is gone

There is A Light That Never Goes out Take me out tonight Where there‘s music and there‘s people And they‘re young and alive Driving in your car I never never want to go home Because I haven‘t got one Anymore

Take me out tonight Because I want to see people and I Want to see life Driving in your car Oh, please don‘t drop me home Because it‘s not my home, it‘s their Home, and I‘m welcome no more

And if a double-decker bus Crashes into us To die by your side Is such a heavenly way to die And if a ten-ton truck Kills the both of us To die by your side Well, the pleasure - the privilege is mine

Take me out tonight

60


MUSIKKLENKJER OG SONGTEKSTAR

Bikubesong

Take me anywhere, I don‘t care I don‘t care, I don‘t care And in the darkened underpass I thought Oh God, my chance has come at last (But then a strange fear gripped me and I Just couldn‘t ask)

Take me out tonight Oh, take me anywhere, I don‘t care I don‘t care, I don‘t care Driving in your car I never never want to go home Because I haven‘t got one, da ... Oh, I haven‘t got one

And if a double-decker bus Crashes into us To die by your side Is such a heavenly way to die And if a ten-ton truck Kills the both of us To die by your side Well, the pleasure - the privilege is mine

Oh, There Is A Light And It Never Goes Out There Is A Light And It Never Goes Out There Is A Light And It Never Goes Out There Is A Light And It Never Goes Out There Is A Light And It Never Goes Out There Is A Light And It Never Goes Out There Is A Light And It Never Goes Out

61


MUSIKKLENKJER OG SONGTEKSTAR

There Is A Light And It Never Goes Out There Is A Light And It Never Goes Out

62

Bikubesong


MUSIKKLENKJER OG SONGTEKSTAR

UTDRAG FRÅ BOKA BIKUBESONG Forslag til tekstar å lese i romanen. Tala refererer til oppsettet i boka der dei er nummer til oppgangane i Murboligen i Folgefonngata 4–10 4: Syng meg i søvn, Dublin i regn. 6: Lykka mi snur no 8: Tillitsmannen, Song for ein skuggeboksar, Gå langs vegen som ein vanleg mann 10: Jetlag. UTDRAG FRÅ MANUS Tekstvedlegg 1–8

63

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 1

TEKSTVEDLEGG 1 AKT 1 EI LEILEGHEIT I MURBOLIGEN (Leilegheita inneheld STOVE, BAD og LOFT, og eit kjøkken og eit soverom vi aldri får sjå) (Musikk: «Asleep» intro) Scene 1. STOVA (M snakkar til publikum. Mor kjem etterkvart til syne på stova. Ho ligg i ei sjukehusseng.) M:Eg var 43 år, like gammal som Morrissey, den gang som no. Endelig var våren der og mor mi hadde komme heim til Murboligen for å dø. Eg hadde trilla senga inn på stova. Ho låg for det meste der, kald og tynn, lita og gjennomsiktig, venta på døden mens ho glei inn og ut av søvnen. Eg breidde dyna over ho og henta vatn til ho når ho ville drikke. Eg prøvde å få ho til å ta medisinen ho hadde fått med frå sjukehuset... MOR: Nei, nei, nei. M: Er du sikker? MOR: Ja. M: Legane seier det ... MOR: Legane seier så mye. M: Eg kan forstå ho. Ho er gjennomlyst og gjennomfotografert. Ho er stukken full av nåler og kanylar. Dei har tatt blodprøver, EKG og røntgen. Ho har rett. Legane kan ikkje gjøre meir for henne. Snart er det over. Snart er det slutt. Eg ser kor lita ho er blitt. Ho er blitt bitte lita, som ei lita jente, som om ho har gått sirkelen rundt, frå jente til kvinne og heile vegen tilbake til jente igjen. Men framleis er ho vakker, og eg liker å sjå på ho når ho søv. Dei fine trekka i ansiktet hennar. Dei magre hendene som kviler på dyna, hender med blodårer i merkelige mønster og hud som tynt papir. Ho er den finaste kvinna eg veit om. Aldri har eg hørt ho seie eit vondt ord om andre. Sjølv ikkje etter at ho blei skilt frå far min har ho sagt eit skeivt ord om han. Og far min er ein mann eg kunne finne tusen stygge ord å seie om. Eg har så mange stygge ord. Mor mi hadde ingen. Mor mi ofra seg alltid for alle andre. Sitt eige liv la ho til side. Heile livet skuffa eg ho, men ho klandra meg aldri. Ho støtta meg i alt.

64

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 2

TEKSTVEDLEGG 2 Akt 1 Scene 16. SMELTAREN PUB (Storskjermen og andre TV-monitorar viser «vår The Smiths» medan dei spelar. Ved eit bord sit Harry, Oddvar og Martini. Kari jobbar bak bardisken og Frank sit på ein barkrakk like ved baren.) MARTINI: Den gjennomsnittlige nordmannen! Skål for 1. mai l! HARRY: Det er sant! MARTINI: Er du den gjennomsnittlige nordmannen! Ikkje faen Harry, ikkje prøv deg! ODDVAR: Sikkert ein sånn radiofyr som ringer opp folk og lurar dei opp i stry ... eller ... ein sjuk jævel ... ein sånn telefonterrorist. HARRY: Det var ei dame. ODDVAR: Javel, så er det ein kvinneleg telefonterrorist, då! HARRY: Nei, det var det ikkje. MARTINI: Kva sa ho, då? HARRY: Ho spurte om ho hadde komme til Harry Lund ... og eg var klar til å skjelle ho ut for eg var sikker på at det var ein telefonseljar som skulle smiske seg inn på meg, sant? ... og ... eg skulle til å gi henne mitt vanlige thank you and good night ... men så seier ho at ho er reporter. ODDVAR: I TV2? HARRY: I TV2 Ho spør om ho kan få intervjue meg ... ho seier at eg har blitt plukka ut blant alle vaksne menn i heile landet ... av ei datamaskin. MARTINI: Det var ikkje frå lotto, då? HARRY: Hadde det vore så vel ... Neida ... utifrå ein drøss med ... statistiske opplysningar har dei altså funne fram til ... ODDVAR: Den gjennomsnittlige nordmannen. HARRY: Yes. MARTINI:

65

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 2

Ola Nordmann! Er det deg det? HARRY: Yes. MARTINI: Skål! ... Og no skal TV2 lage ein dokumentarfilm på Ola Nordmann! HARRY: Det er visst bare eit lite innslag på nyhetssendinga i forbindelse med dette forskningsopplegget dei har gjort då ... på norske levekår ... og då måtte dei snakke med meg. ODDVAR: Når kjem ho då? HARRY: I morgon. ODDVAR: Kva heiter ho? HARRY: Eg er så dårlig med namn ... eg har til og med problem med å huske kva kjerringa heiter. MARTINI: Kven har ikkje det? Nei, Harry, dette må vi fukte hjernen på... Kari! Tre. Ola Nordmann spanderer! ODDVAR: Ikkje til meg, takk. MARTINI: Slapp no av, då. Det er jo 1. mai. Du må ha deg ein 1. maipils. Og så må vi feire at vi har Ola Nordmann midt i blant oss. ODDVAR: Nei ... eg stakk bare innom .... skal plukke opp dottera på busstasjonen. MARTINI: Hildegun? ODDVAR: Ja. Ho kjem heim frå New York no i kveld. MARTINI: Skal Hildegun Spielberg komme heim til Odda? Ikkje har det stått i avisa, det eg har sett ... ikkje har det vore på TV. HARRY: Ho må vel ha rett til litt privatliv ho òg. MARTINI: Dette veit vel du alt om, Harry, du som er kjendisen vår. Du, kanskje Hildegun kunne lage filmen om Harry – Song of Norway 2 ... Ola frå Odda . Kva trur du, Harry? Trur du ikkje det vil slå an borte i Hollywood? Du blir filmstjerne du, Harry. Dirty Harry. Dirty Harry 2. Ikkje bli ei sånn blære, kva? Husk kompisane dine ... Lovar du? KARI: Værsågod. ODDVAR:

66

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 2

Nei takk. MARTINI: Då blir det dubbelt på deg, Harry. Du har jo så mye å feire. Ein til Harry Lund, ein til Ola Nordmann. Og sidan det er Harry som spanderer får Ola versågod betale Kari ... Ola og Kari! Ola og Kari!!...det er jævli bra!! Kariiii!!!... Her har vi Ola til deg! Vil du elske og ære Ola Nordmann i gode og vonde dagar? KARI: Greit det! Men det blir 144 kroner. MARTINI (lågt): Så mye er ho faen ikkje verd! ODDVAR: Kari Nordmann. Kven er ho? HARRY: Veit ikkje eg. MARTINI: Kari Nordkvinne bur sikkert på Styggaberget eller i Indre Køddebygd. ODDVAR: Harry. Høyr her. Det er noen som køddar med deg. HARRY: Dessverre. Nei. ODDVAR: Jo. Det er eg sikker på. HARRY: Skulle gjerne avlyst det heile eg, men kva skal eg gjøre då? Ringe TV2 og seie ... hallo ... dette er Ola Nordmann frå Odda, kan eg få snakke med journalistskreppa som skal intervjue meg? ODDVAR: Veit du ikkje kven som skal komme? HARRY: Nei, har eg sagt! MARTINI: Dorthe Skappel! Då skal eg faen meg gi meg ut for å være Harry Lund sjøl ...og eg skal ned i trusa på ho. ODDVAR: Kanskje det er ei av dei værdamene! MARTINI: Uansett ... Kjerringa må ut! (Martini tar opp kammen frå baklomma og begynner å greie håret til Harry) HARRY: Ikkje kødd! MARTINI: Men du må være fin til i morra. (Han stikk kammen ned i halvliterglasset og greier håret pånytt) Ølsleik! Ola Nordmann med ølsleik! ODDVAR: Nei, eg må komme meg avstad. MARTINI:

67

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 2

Du får hilse frk. Spielberg, for ho er vel framleis frøken? ODDVAR: Jada. MARTINI: Hils og sei at eg skal ha to billettar på Ola frå Odda . ODDVAR: Skal eg gjøre. Ha det. (Oddvar går) MARTINI: Frøken Spielberg ... kven faen vil gifte seg med den isblokka? HARRY: Hildegun er vel fin ho. MARTINI: Fin? Velbekomme. Fraulein Spielberg has eine grose giljotin-fisse! Frank. Du som er verdsmann. Kva seier du? Er Harry ein verdig representant for oss nordmenn? FRANK: Syns det høres bra ut, eg. MARTINI: Du... Husker du forrige gongen noen frå Odda kom på TV n? ... Husker du dei tre dustane på nattskiftet på Zinken? FRANK: Dei som såg ubåt ute på fjorden? MARTINI: Riktig. Husker du? ... det var ikkje ubåt dei hadde sett, det var ufo! FRANK: Ja, eg husker det. MARTINI: Men dei var faen meg så dumme at dei ikkje visste forskjell! (latter) (Angel kjem inn med ein tung koffert) MARTINI: Ledig her frøken! (Angel smiler høflig og går til baren)

68

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 3

TEKSTVEDLEGG 3 Akt 1 Scene 21. LOFTET M: Eg las ein gong i eit blad om Morrissey og kjærasten hans. Mens dei var saman, plapra ho jenta til vennene deira om kva som skjedde mellom ho og Morrissey, alt saman, heilt ned til minste pinlige detalj. Det var som å henge skittentøyet ut på utstilling, sa Morrissey og tenkte: Greitt, eg har fått nok av dette, eg har fått nok, det er ikkje slik eg vil ha det. Og så levde han einsam, i sølibat. Eg har levd som Morrissey. Eg er vegetarianar, og eg har levd i sølibat. Det var den einaste løysinga. Denne verda er så full av sex og så fattig på kjensler. Folk flest har hjernen mellom beina. Eg hatar når folk snakkar om sex på trivielt vis. Fittepreik kalla dei ekle fyrane på posten det. Fittepreik. Dei var bare ein gjeng med siklande idiotar. Ingen av dei hadde eingong hørt om The Smiths. Akt 1 Scene 9. LOFTET

M:

Eg husker første gong eg hørte The Smiths. Eg veit ikkje, det er den følelsen du jaktar på resten av livet, trur eg. Men du kan bare være jomfru ein gong i livet, ikkje sant? Musikken er min einaste venn, musikken er den einaste vennen eg noen gong har hatt. Musikk er ein måte å puste på. Eg kan kjenne meg så ulykkelig og nedfor som det går an å kjenne seg, men når eg høyrer musikk er det som om eg langsamt blir løfta opp frå golvet og stig mot taket. Eg har lese ein plass at Morrissey har det på same måten.

69

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 4

TEKSTVEDLEGG 4 AKT 1, Frå scene 40: STOVA ODDVAR: Vi hører så lite frå deg ... har ikkje fått deg kjæraste, vel? HILDEGUN: Far ... ODDVAR: Eg skal ikkje mase ... Får du deg kjæraste, blir det vel enda vanskeligare å få deg heim ... HILDEGUN: Eg har det bra, far. Veldig bra. Scene 41. (Hildegun går opp på LOFTET. Ho slår eit nummer på mobiltelefonen) (Hildegun får svar. Det er hennar eiga stemme i telefonsvararen) TELEFONSVARAR: Hi. This is Catherine and Hildegun’s answering machine. We’re not in at the moment, or at least too damn busy to answer your call. However, if you would be so kind as to leave a tiny message after the beep, we’ll certainly call you back. Bye! (Beep) HILDEGUN: Catherine. Where are you? … I’ve been trying to get hold of you, but you never answer … I hope there’s nothing wrong … I miss you so much already, I feel like I’m about to burst. Call me, OK? … Call me …Please …Catherine … Love you. Scene 58. LOFTET (Hildegun slår eit telefonnummer på mobiltelefonen. Ei metallisk røyst svarar) RØYST: You have just dialled a number that no longer is in use ... You have just dialled a number that no longer is in use …You have just dialled … HILDEGUN: Fuck!

70

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 5

TEKSTVEDLEGG 5 UTDRAG KJAKAN OG GERHARDSEN:

KJAKAN Akt 1 Scene 15. UTE (Kjakan, ein ungdom, skuggeboksar mot ein imaginær motstander. Han henvender seg heile tida mot det som snart skal vise seg å vere SMELTAREN) KJAKAN: Sjuk ... Sjuk ... Sjuk .... Sjuk faen ... Den faens sjuke jævelen ... Ein sjuk, sjuk faen. Det er det han er ... Ein tvers gjennom sjuk faen ... Sjuk på sinnet. Sjuk på det sjuke, sjuke sinnet sitt. (Han spring av garde) AKT 2 Scene 47. UTANFOR MURBOLIGEN GERHARDSEN: Kjakan, du må hjelpe meg. Eg har mista Pluto. KJAKAN: Pluto? GERHARDSEN: Hunden min. KJAKAN: Gerhardsen. Du har ikkje hund. Du har aldri hatt hund. GERHARDSEN: Eg må finne han før tyskeran gjør det! (Kjakan går mot Murboligen. Han kastar eit hånande blikk på Angel) KJAKAN: Sove godt? (Han går inn. Gerhardsen leitar vidare etter bikkja) GERHARDSEN: Pluto! Pluto!

Scene 47. UTANFOR MURBOLIGEN KJAKAN (til publikum):

71

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 5

Det finst to typar gutar som kjem ned på gymmen, seier trenaren, dei som vil lære å slåst, og dei som vil lære å bokse. Dei som vil lære å slåst, sender han heim med ein gong. Dei har ingenting på gymmen å gjøre. Dei kan ikkje bli boksarar, seier han, dei kjem garantert til å opne seg. Ingen lurar han, seier trenaren ... Eg har lurt han. Eg har lurt han trill rundt. Eg har gått på gymmen for å lære å slåst. Eg drit i boksinga, eg gir blaffen i boksinga. Eg vil bli sterk og farlig og nådelaus. Eg vil bli alt eg ikkje er i dag, ikkje sant? Armane mine er for tynne ... beina har ikkje nok kraft ... brystet er som på ein fugleunge ... men eg skal trene og trene og trene. Trenar eg lenge nok, kjem kanskje det rette øyeblikket ... kvelden eg kan gå opp frå gymmen ... og ut på gata ... for å slåst. Eg skal bokse, bokse, bokse heilt til min dag kjem ... Styrke er ikkje alt. Boksing handlar like mykje om å bli slått som å slå ... Komme seg gjennom smerta ... halde kontrollen ... og så ... plante det der fantomslaget i hovudet på motstandaren. Forstår du?

Scene 61. STOVA KJAKAN: Sjuk, sjuk, sjuk. Han hatar at eg boksar. Han har prøvd å få meg til å slutte. Meiner at eg ikkje har godt av det. Som om han bryr seg om kva som er godt for meg. Som om han bryr seg ... Han hatar trenaren ... Trenaren!... Det er trenaren som har vore far for meg, ikkje han ... Ein gong sa han at han visste noe om trenaren, noe som han ikkje kunne snakke om ... Hvis han ikkje kan snakke om det, korfor held han ikkje bare kjeft om det, då? ... Eg er sikker på at det er han som står bak. Min eigen far ... eg meiner eg har ein far, men kva slags far er det, då? Han skal bare ta rotta på meg ... og alle andre. Han er faen meg yngre i hovudet enn eg! Han driv kjøreskule bare for å sjekke opp damer ... Dei sit der i den nyvaska bilen og kjenner lukta av det dyre etterbarberingsvatnet hans ... Full kontroll ... Får dei akkurat dit han vil ha dei ... Men kven trur du må vaske bilane? Gjett to gonger ... Eg må vaske ... støvsuge ... bone og rydde dei forbanna bilane hans, så han kan sjarmere jentene. Så han kan sitte med dobbelt pedalsett og ha full kontroll. Så han kan gjøre som han vil. Ein gong fann eg ein dong bak i eine skulebilen. Ein brukt dong ... på golvet ... bak førarsetet. Eg tenkte ... eg skal ta med den dongen ned på Smeltaren og vise han til far min ... - Eg trur du har glømt denne, skulle eg si, og slengt den brukte dongen på bordet ... - Eg spurte mor, og ho veit ikkje kor han kjem ifrå. (Han skuggebokser meir og meir iherdig) Sjuk. Sjuk. Sjuk ... Han er faen meg ein sjuk jævel. Plutselig står Gerhardsen der, drypande våt, stinkande av sprit og drit. KJAKAN: Ææææh! GERHARDSEN: Er far din heime?

72

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 5

KJAKAN: Nei, han er ute og kjører. GERHARDSEN: Mor di, då? KJAKAN: Bortreist. GERHARDSEN: Eg ramla i elva. KJAKAN: Skål! GERHARDSEN: Eg ramla i elva. KJAKAN: Tenkt å gjøre slutt på det? (stille) GERHARDSEN: Trur du far din har noen tørre klær? KJAKAN: Korfor ville du gjøre slutt på det? (stille) Kjærleik? ... Spelegjeld? (stille) Du får gå på badet og kle av deg. (Kjakan leitar fram ei badekåpe på soverommet. Gerhardsen går på BADET og begynner å kle av seg. Han får auge på ein barberhøvel som han kuttar seg i venstre handa med. Kjakan kjem inn.) KJAKAN: Det nyttar ikkje gjøre slutt på den måten, det nyttar ikkje gjøre det sånn, du gjør det heilt feil, forstår du ikkje? Blodet kjem til å koagulere etter ei stund om du gjør det sånn.

73

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 5

(Kjakan tar frå han høvelen og fyller vatn i badekaret) Du må fylle vatn i badekaret og så kutte over pulsårene på langs, skjønner du ikkje? Alle veit jo det. Kvar idiot veit det. Kom igjen... oppi badekaret med deg! (Kjakan drar Gerhardsen opp i badekaret og pressar han nedi) Du må sjå til å få det gjort ... men du må gjøre det rett ... elles går det bare skeis endå ein gong ... Sett deg ned ... Sett deg ned! (Kjakan held barberhøvelen fram for Gerhardsen) Vær så god ... Bare sett i gang... (Gerhardsen tar imot) No kan du gjøre det!... Kom igjen ... no har du sjansen! (stille) GJØR DET! (Gerhardsen slepper høvelen, reiser seg opp og tar til å grine. Hulkar og snufsar) SLUTT! HALD KJEFT!

Scene 62. LOFTET M (syng) («Boxers») Losing in front of your home crowd You wish the ground Would open and take you down And will time ever pass? Will time never pass for us? Your weary wife is walking away Your nephew it’s true Well, he thinks the world of you And I have to close my eyes (Musikken held fram)

Scene 61b. BADET (Kjakan dusjar Gerhardsen. Vaskar håret, såper han inn og spyler han på nytt.)

74

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 6

TEKSTVEDLEGG 6 Partisekretæren, utvalde scener

Akt 1 Scene 3. UTANFOR MURBOLIGEN (Lilly, ei kvinne i førtiåra, kjem gåande med den gjennomvåte Partisektretæren på veg mot Murboligen. Det blør frå den eine handa hans, i den andre har han ein stresskoffert det dryper ifrå) PS: Jeg skulle bare vinke og så sklei jeg på flottøren ... PS: Det var vel ikke presse der? LILLY: Eg såg ingen. PS: Takk og pris. LILLY: Men dei kjem nok for å dekke 1.mai-talen din skal du sjå (Dei går inn i MURBOLIGEN)

Scene 7. BADET (Ein nydusja PS trekker bort dusjforhenget. Han er i ferd med å ta på seg dei lånte kleda. Han går bort til spegelen, tar på seg co-op brillene, opnar stresskofferten og tar ut eit smuldra og ubrukeleg manus) PS: Å, i helvete! (PS Kastar frå seg manuset, tar av seg brillene og ser seg sjølv i speilet) Rett ryggen, kamerat! Rett ryggen! (Han held fram med påkledinga. Noko passer, noko passer ikkje) Rett ryggen, sosialdemokrater! Rett ryggen og se fremover i dette nye årtusen med freidig blikk! Nå, mer enn noensinne, må vi kjempe for å føre den sosialdemokratiske arven videre, koste hva det koste vil. Vi trenger sosialdemokratiet fordi vi trenger hverandre. Sosialdemokratiets historie handler om trofasthet ... hvordan var dette, da ...jo, lik en hund er trofast mot den eieren som behandler ham pent. Og dette er viktig å kjempe for i ei tid hvor samfunnet mer og mer ligner et gedigent bikkjeslagsmål. En alles kamp mot alle. Det er ikke sånn vi ønsker å ha det. Ingen er lykkelig i et slikt samfunn. Derfor er det viktig at jeg og andre partiarbeidere børster støv av glemte grunnverdier i dagens Norge. Jeg snakker om trygghet. Trygghet. Trygghet ... Dette behovet for trygghet må vi begynne å tru på igjen! Og jeg trur ikke jeg snakker for døve ører om akkurat slike, lite populistiske holdninger, nettopp her

75

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 6

i Odda. Her hvor folk virkelig har fått kjenne på kroppen hva det kan føre til når markedskreftene får for frie tøyler. Trygghet. Vi skal gjøre det slik Einar gjorde det, slik Trygve gjorde det, slik Gro gjorde det, ... slik Torbjørn burde ha gjort det ... vi skal gjøre det skritt for skritt, steg for steg, legge stein på stein, ikke ta tyngre tak enn vi tåler, aldri løfte mer enn ryggen kan klare, ikke løfte hver for oss, men løfte sammen! LILLY (utanfor badet): Vi har faktisk litt dårlig tid!

Scene 12. UTANFOR MURBOLIGEN (Lilly, med paraply, kjem gåande med den søkkvåte Partisekretæren. Ho stansar foran utgangsdøra og leiter i veska etter nøklane) PS: Det er faktisk første gangen jeg holder tale uten manus. LILLY: Det burde du gjøre oftare. PS: Blei det gjort opptak? LILLY: Opptak? PS: Kunne vært morsomt å hørt på. Som kuriositet. LILLY: Du kan jo bare spørre meg! Kor er dei ... (ho begynner å tømme veska på fortauet) Frys du? PS: Neida. Det går bra. LILLY: Du skal få ein whisky når vi kjem inn. Scene 33. BADET (PS har greidd håret bakover. Han forsyner seg rikelig med etterbarberingsvatn og deodorant medan han ser seg sjøl i spegelen) PS: FRIHET ... SAMMEN! ... VELFERD ... SAMMEN! ... TID ... FOR HVERANDRE ... SKOLE FOR FREMTIDEN ... FELLES MILJØ ... FRIHET ... BOMILJØ ...ØKONOMISK DEMOKRATI ... STÅ SAMMEN ...BEINA PLANTA ... I NORSK JORD ... ANSIKTET ... MOT VERDEN ... UTFORDRINGENE ... FORDRER ... ENDA STERKERE ENGASJEMENT... VI KAN IKKE GI OPP ...PASSIVITET ...og PESSIMISME ...HAR ALDRI ...BRAKT ... JORDA... FRAMOVER. (Han trekker ei kvit fotballtrøye over hovudet. På brystet står det: Tenk positivt – bruk Odda. Han går ut på STOVA) Scene 34. LOFTET (Bandet spelar intro «This Charming Man»)

76

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 6

Scene 33b. STOVA LILLY: Dansar du? PS: Heller dårlig. LILLY: Vi har ein danseklubb her i Odda, akkurat sånn som dei sosialdemokratiske toppane hadde det på sekstitalet. PS: Er det sant? LILLY: Jepp. Kvar fredag drikk vi pjolter og lærer å danse, slik partitoppane gjorde heime hos Randi og Trygve. (Dei dansar ein slags sving)

77

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 7

TEKSTVEDLEGG 7 Angel, Martini og Kjakan Akt 1 35b. STOVA KJAKAN: Kven er du? ANGEL: Eg skulle bare sove på sofaen. KJAKAN: Seier kven? ANGEL: Eg går ut ifrå at det var far din ... KJAKAN: Og han sa at du skulle ligge her? På sofaen? ANGEL: Ja ... Eg rakk ikkje bussen ... det var i orden for mor di at eg låg her på sofaen ... KJAKAN: I orden for mor mi? ANGEL: Ja. KJAKAN: Har du snakka med mor mi? ANGEL: Eg trur ho søv. KJAKAN: Det trur eg óg, men ikkje her. ANGEL: Kva? KJAKAN: Kutt ut! Eg er ikkje dum! (Martini kjem inn med eit pledd)

78

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 7

MARTINI: Så du er heime? (Kjakan spring ut.) ANGEL: Kanskje eg heller skulle ... MARTINI: Ikkje bry deg om han. Han er ikkje heilt god ... Veksthormoner, du veit. Her. (Angel tar imot pleddet) ANGEL: Takk ... og god natt. (Martini set seg i stolen) Angel og M

AKT 2 Scene 67. UTANFOR MURBOLIGEN (M sit seg på benken og stirer framfor seg. Angel kjem og slenger seg ned ved sida av han.) ANGEL: Er det ledig her? (stille) Har du gått på eit isfjell eller noe? (stille) (M nikkar) Kva er det med deg? (stille) Så ille kan det vel ikkje være? M: Mor mi skal dø. (stille) ANGEL:

79

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 7

Det var leitt å høre ... Det var ikkje meininga å såre deg ... M: Det er greitt. ANGEL: Ligg mor di på sjukehuset? M: Nei ... Mor mi ligg her inne ... i Murboligen ... og skal dø. ANGEL: Korfor er du ikkje hos ho? M: Det er ei lang historie. ANGEL: Eg har tid til å høre, det er i alle fall sikkert... Eg skal nå ein buss, men det er lenge til. M: Eg leitar etter ein kjæraste. ANGEL (ler): Kven gjør ikkje det? M: Mor mi har alltid ønskt at eg skulle få meg ein kjæraste, men heile livet har eg vore utan. Utan kjæraste og utan sjarm. ANGEL: Det trur eg ikkje noe på. M: Neivel. (stille) Vil du være kjærasten min? ANGEL: Synest du ikkje vi burde gå litt roligare fram? M: Sorry. Det var bare ein dårlig spøk. (M reiser seg og går mot døra til Murboligen)

80

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 7

No skal eg gå inn til mor mi og drepe ho. I kaldt blod. Mor, skal eg seie, sorry, sorry, sorry ... eg har bløffa for deg. (Han går inn) ANGEL: Vent! (Ho spring inn etter han)

81

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 8

TEKSTVEDLEGG 8 AKT 2 Scene 59. BADET (Harry har tatt på seg Annes truse og behå. Han ser seg sjøl i spegelen, tar på augeskugge og leppestift, tar på seg sjølv, og vurderer uttrykket. Telefonen ringer. Han tørkar av seg alt og spring inn på soverommet) HARRY: Faens homofaen!

Scene 63e. STOVA REPORTER: Spesiell og spesiell, Hedda. Joda, vi er da hjemme i stua til Harry Lund i Odda, mannen som statistisk sentralbyrå nylig har kåret til å være den mest gjennomsnittlige nordmannen av oss alle! Og Harry, gratulerer! HARRY: Takk. REPORTER: Ola Nordmann viser seg da å være en 47 år gammel sportsekspeditør med lang fortid som keeper i Odda ballklubb, han er gift og har to barn, og sier selv at han er svært glad i damer. Og Harry, hva betyr denne kåringen for deg? HARRY: Eg må legge om. REPORTER: På hvilken måte? HARRY: Eg må slutte med aerobics ... og sprangridning ...og syncronsymjing. REPORTER: Du fikk vite om denne kåringen i går. Hva slags tanker har du gjort deg i løpet av disse 24 timene? HARRY: Titten Tei. REPORTER: Titten Tei? HARRY:

82

Bikubesong


TEKSTVEDLEGG 8

Eg er alltid stiv. REPORTER (ler høflig): Hvordan føles det å bli kåret til den mest vanlige nordmannen? HARRY: Eg er ikkje så vanlig. Eg er homo ... Sidan eg no har sjansen vil eg gjerne offentlig komme ut av skapet ... Eg har mest sans for silkepysjar og George Michael ... og Oil of Ulay ... REPORTER: Interessant. Og med dette vil vi gjerne få takke ... HARRY: Sånn er det i Odda! REPORTEREN: Og med dette setter vi tilbake til deg i studio, Hedda, mens vi her i Odda konstanterer at den gjennomsnittlige nordmannen kanskje ikke er fullt så A4 som vi hadde trodd.

83

Bikubesong


Bikubesong

Tilrettelagt av Siren Leirvåg og Solhild Linge

Kjeldeliste: Grytten, Frode: Bikubesong. Det Norske Samlaget 1999, 2. utgåve 2008 Grytten, Frode: Bikubegang (2007) Ei litterær kartbok over Frode Grytten sitt Odda og forteljinga om korleis romanen Bikubesong vart til. Og litt til. Kartboka er laga av Frode Grytten etter oppdrag frå Odda kommune. Reklamebyrået Konvoi har stått for utforminga. Manuskriptet Bikubesong av Frode Grytten. Dramatisert av Lasse Kolsrud Revidert utgåve 3. januar 2013 Leirvåg og Eriksen: Teater i perspektiv, Thalia forlag, 2009 Internettkjelder lasta ned 1. mars 2013: http://www.samlaget.no/nn-no/forfattarar/g/frode-grytten.aspx(Samlaget) http://www.litteratursymposiet.no/document/Bikubegang%20lavoppl%C3%B8st.pdf http://www.detnorsketeatret.no/ http://www.sffarkiv.no/sffbasar/style_hordaland.asp?p= result&db=dbatlas_leks&art_id=116402&spraak_id=1&ptype=single http://spenn3.cappelendamm.no/binfil/download.php?did=38898 http://www.multinet.no/~jonarne/Hjemmesia/Favorittartister/the_smiths/the_smiths.htm

Foto: Det Norske Teatret, Ann Steindal, Helge Sunde, Arne Midtbø, Jon Arne Madsø Skisser/teikningar: Bård Lie Thorbjørnsen, Frode Grytten Design: Concorde Design Vi gjer merksam på at materiellet er laga før premieren. Endringar kan skje.

84


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.