1
Innhald 1. Kva er teater. Kvifor sjå teater 2. Kort handlingsreferat frå romanen Sangen om den røde rubin 3. Oppgåver som eignar seg til førearbeid 4. Pedagogisk opplegg for samfunnsfag 5. Pedagogisk opplegg for norsk 6. Fordjupingsoppgåver 7. Forslag til skriveoppgåver 8. Skjønnlitterært program 9. Vedlegg 1
2
Kva er teater?
Teater har eksistert i alle tider i alle samfunn over heile kloden. Det kan spelast på gata, ute i skogen, i alle slags rom og også i teaterbygningen. Det er mange forskjellige oppfatningar om kva teater er og kva det bør vere. Den greske filosofen Aristoteles (384– 322 f.Kr.) meinte at den fremste oppgåva for teateret var å formidle tragedien slik at publikum kunne lære å bli betre menneske og ikkje gjere dei same feila som den tragiske helten. I renessansekomedien skulle teateret først og fremst underhalde og få publikum til å le av dumheitene og fåfengda hos mennesket, og da særleg hos borgarskapen og makthavarane. Etter det moderne gjennombrotet kom realismen inn i teateret, som no skulle spegle verkelegheita og setje samtida under debatt. I den tidlege avantgarden på 1920–30-talet hevda mange teaterkunstnarar at teater først og fremst er visuell kunst der ljos, skuggar, form og farge er det viktigaste. Andre har brukt teater som eit pedagogisk og politisk verkemiddel for å opplyse og bevisstgjere publikum om aktuelle problemstillingar i samtida og om skeivheiter eller undertrykking i samfunnet. Teater kan ha alle desse funksjonane, og er alle kunsters kunst fordi det tek i bruk verkemiddel som ord, bilete, rørsle, dans, lyd, ljos og musikk for å gi uttrykk til kjensler, tankar og idear. Det som er spesielt for teater til skilnad frå andre kunstformer, er at det er kunst for augeblinken. Det skjer her og no i møtet mellom det som skjer på scenen, og publikum, og denne augeblinken kjem aldri att.
Kvifor sjå teater? Fordi teater ikkje er juks. Det er levande menneske av kjøtt, blod og nerver som vil formidle noko til oss anten dei lykkast eller ikkje. Fordi vi kan lære noko om historia, samfunnet og om oss sjølve. Fordi det set i gang vår eigen fantasi og skaparevna vår når vi tolkar det vi ser og høyrer der og da. Fordi teater er morosamt, levande, spennande, rørande, provoserande, irriterande, underhaldande, keisamt, farleg, djupt alvorleg og tullete. Fordi det kan få oss til å tenkje nye tankar og gi oss nye draumar. 3
1. Eit kort handlingsreferat frå romanen Sangen om den røde rubin (1956):
Sangen om den røde rubin handlar om ein ung mann, Ask Burlefot, som reiser til Bergen for å studere ved Den Økonomiske. Før han kjem dit, har han jobba som lærar diverse stader i Nord-Noreg, og der har han blitt far til to barn som han ikkje har kontakt med lenger. Han er derfor klar for ein ny start, og, ikkje minst, den store kjærleiken. Ask trivst til ein viss grad med studia sine, men drøymer også om å leve av musikken, som fiolinist. Ask møter mange kvinner, men ingen av dei er den store kjærleiken han leitar etter. Så møter han Embla i Sosialistisk Studentlag. Embla er ei sjølvstendig kvinne som Ask beundrar, men han gjennomfører likevel sin planlagde motorsykkeltur til Frankrike. Dermed tek det noka tid før Ask og Embla møter kvarandre att, og Ask får fortalt kva han føler for henne. Romanen sluttar med at Ask og Embla giftar seg.
2. Oppgåver som eignar seg til førearbeid
1. Bruk andre kjelder for å finne ut meir om kvifor romanen Sangen om den røde
rubin (1956) vart forboden. Trur du det kunne skjedd i dag? 2.
Prinsippa seksualmoral og ytringsfridom vart sette opp mot kvarandre i rettssaka rundt boka på 50-talet. Kva for prinsipp set du høgast?
3. Etter rettssaka mot Mykle vart det nærmast bygd ein myte rundt han. Kva gjekk denne myten ut på?
4
3. Pedagogisk opplegg for samfunnsfag: Kompetansemål: Forklare kva som ligg til grunn for velferdsstaten, og vurdere utfordringar som velferdsstaten står overfor, og definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid 1. Korleis ser vi at velferdsstaten veks fram i dramaet Sangen om den røde rubin? 2. Prinsippa seksualmoral og ytringsfridom vart sette opp mot kvarandre i rettssaka rundt boka på 50-talet. Diskuter prinsippa. Kva for prinsipp set du høgast? 3. Embla snakkar om fri abort og at staten skal bidra med støtte til einslege mødrer, og her ser vi at Mykle er framfor si tid i tankar rundt både kvinnefrigjering og velferdsstaten. Korleis blir dei andre kvinnene i dramaet framstilte? Er dei like frigjorde som Embla? 4. Sosialisme er for Ask fridom og brød. Kva legg han i desse omgrepa? Vil du seie at Ask sitt forhold til sosialismen er av romantisk og estetisk art? 5. Romanen sluttar med setninga: ”Kjærligheten er noe som andre ikke vet om. Kjærligheten er en ensom ting”, og denne replikken kjem også i slutten av stykket. Mange har peika på at den gir uttrykk for ei nihilistisk haldning i dramaet (nihilisme: haldning til samfunnet som avviser normene i ein gitt epoke eller ei gruppe. www.Snl.no). Kan du finne eksempel i stykket der Ask bryt med dei gjeldande normene i samfunnet? Finn du det hos nokon av dei andre personane i stykket?
5
4. Pedagogisk opplegg for norsk Kompetansemål: Drøfte det moderne prosjektet slik det blir uttrykt i tekster av sentrale forfattarar frå opplysningstida via realismen til i dag (vg3), og drøfte fellesskap og mangfald, kulturmøte og kulturkonfliktar med utgangspunkt i eit breitt utval av norske og utanlandske samtidstekster i ulike sjangrar (vg2): 1. Vil du seie at Embla representerer den moderne kvinna, eit nytt kvinneideal? Forklar ved eksempel frå dramaet. 2. Embla snakkar om fri abort og at staten skal bidra med støtte til einslege mødrer, og her ser vi at Mykle er framfor si tid i tankar rundt både kvinnefrigjering og velferdsstaten. Korleis blir dei andre kvinnene i dramaet framstilte? Er dei like frigjorde som Embla? 3. Embla blir ofte omtalt som ”draumedama”. Er du samd i dette? 4. Bruk andre kjelder for å finne ut meir om kvifor Sangen om den røde rubin vart forboden. Trur du det kunne skjedd i dag? 5. Under rettssaka mot Mykle vart det hevda at romanen Sangen om den røde rubin utleverte dei litterære karakterane sine på ein utilbørleg måte. Finn vi romanar i dag som blir skulda for det same? 6. Tittelen på dramaet er Sangen om den røde rubin. Korleis tolkar du den? 7. Funksjonen til 1 mann. Korleis tolkar du han? Asks dårlege samvett? Samfunnsmoralen? Eller forfattaren sjølv som fører Ask inn i og ut av situasjonar han ikkje heilt beherskar? Forklar. 8. Replikken: ”Hvorfor skal vi absolutt være nødt til å elske hver gang vi elsker?” er ein replikk Ask seier til Embla. Ho svarar: ”Det var jo en genial replikk? En hel moralsk revolusjon ligger gjemt i den. Den er mer verdt enn noen doktoravhandling.” Kva legg du i den utsegna? 9. Kva seier Ask om oppveksten sin og forholdet til mor si? Kan vi seie noko om Ask sitt forhold til kristendommen ut frå forholdet til mora? 10. Kvifor identifiserer vi oss med Ask? 11. Ein konflikt Ask stadig vender tilbake til i stykket, er konflikten mellom det å ville vere kunstnar og det å ha ein jobb der ein har ei fast inntekt. I kva for situasjonar ser du dette? 6
12. ”Kjærlighet er noe ikke andre ikke vet om. Kjærlighet er en ensom ting”, er ein replikk i dramaet. Kva legg du i dette? 13. Korleis er tidskoloritten framstilt i dramaet? Er det mogleg å tidfeste framsyninga? 14. Korleis tolkar du slutten på dramaet? Korleis ville du ha løyst slutten? 15. Ask tek fleire gonger opp att at han trur han drøymer. Korleis blir draumar framstilte på scenen? 16. Parken er ramma rundt heile stykket, korleis fungerer den som kulisse? 17. Å framstille sex på scenen er ofte vanskeleg. Kva synest du om måten det blir gjort på i Sangen om den røde rubin?
5. Fordjupingsoppgåva Kompetansemål: Gjennomføre arbeidet med ei sjølvvald fordjupingsoppgåve og utforme den som ein muntleg, skriftleg eller samansett tekst med språkleg, litterært eller anna norskfagleg emne. Jamføre og vurdere tekstar som blir overførde frå eitt medium til eit anna. 1. Les romanen Sangen om den røde rubin, og sjå dramaet med same namnet. Presenter ei jamføring mellom dei to tekstane. 2. Tilhøve mellom roman og teater. Kva mister ein, og kva blir tilført, i ein adaptasjon frå roman til teater? 3. Forbodne tekstar i norsk litteraturhistorie. Sjå dramaet Sangen om den røde rubin, og les ei av dei andre bøkene som vart forbodne: Christian Krogh: Albertine eller Jens Bjørneboe: Uten en tråd. Presenter romanane med vekt på kvifor dei vart forbodne i si samtid. Korleis blir desse romanane sedde på i dag?
7
6. Forslag til skriveoppgåver Kompetansemål: Jamføre og vurdere tekstar som blir overførde frå eitt medium til
eit anna:
1. Sangen om den røde rubin kan seiast å vere ein tekst om ein ung mann si identitetssøking og sin lengt etter det vakre og kjærleiken. Korleis blir dette framstilt i dramaet? Les utdrag frå Karl Ove Knausgårds roman Min kamp 1 (sjå vedlegg 1), og jamfør med Ask sitt forhold til sosialismen i dramaet Sangen om den
røde rubin.
2. Jamføre og vurdere tekstar som blir overførde frå eitt medium til eit anna. Les tekstutdraget frå byrjinga av romanen og slutten av romanen. Kva er skilnadene og likskapane med det du har lese og det du har sett?
3. Øystein Rottem seier i si litteraturhistorie (band 1, 1996) at Sangen om den røde
rubin ikkje er ein høgsang til den frie kjærleiken, den handlar om jakta på den eine store kjærleiken. Og det er den store, romantiske kjærleiken som er målet for Ask. Korleis høver dette med samfunnsnormene i dag? Leitar vi alle etter den eine store kjærleiken? Finn vi andre kjende verk frå norsk og internasjonal litteraturhistorie der kjærleiken blir framstilt på same måten?
4. Ask og Embla giftar seg. Skriv talen Ask held til Embla i bryllaupet.
5. Som kjent vart romanen Sangen om den røde rubin forboden i Noreg. Bruk andre kjelder, og dramaet du har sett, og skriv Mykle si forsvarstale for romanen sin. Du kan òg gå inn i sjølve rettssaka og skrive aktor si grunngiving for å forby romanen.
6. Skriv ei side i dagboka til Embla etter at ho har vore på ball med Ask på Den Økonomiske.
8
7. Skriv eit brev der Embla fortel foreldra sine at ho har møtt Ask. Kva vil ho leggje vekt på å fortelje om Ask til foreldra sine slik at dei får eit positivt inntrykk av han?
8. Skriv ei melding av dramaet. Ei teatermelding skal ikkje vere for lang. Begynn med ein presentasjon av stykket/oppsetjinga der du tek med namnet på stykket og dramatikar og regissør. Sei så kort litt om handlinga. Du må òg seie noko om regien og scenografien, og korleis du vurderer prestasjonane til skodespelarane. Hugs at i ei melding skal du gi uttrykk for di eiga meining. Gi for eksempel ei anbefaling, og du kan godt trille terning. Send gjerne meldinga på e-post til (skole@riksteatret.no), så kan den bli publisert på Riksteatret si nettside.
7. Skjønnlitterært program Kompetansemål etter 3. året: Setje saman og framføre eit avgrensa skjønnlitterært program 1. Ask og Embla er namna på dei to første menneska på jorda slik den norrøne mytologien fortel det. Jamfør denne myten med andre mytar om dei to første menneska. Framfør dette muntleg, gjerne med rollespel, videoblogg eller film 2. Finn vi andre kjærestepar i litteraturen framstilte på same måten som Ask og Embla i Sangen om den røde rubin? Framfør dette muntleg, gjerne ved å bruke rollespel, videoblogg eller film
9
Vedlegg 1
Utdrag frå Min kamp 1 av Karl Ove Knausgårds (s. 158–159).
En fem, seks stykker kom, og så begynte møtet. Det var i regi av AUF, og det var et slags vervingsmøte. I alle fall ble AUFs politikk presentert, og så ble det snakket om ungdomspolitikk i sin alminnelighet, hvorfor det var viktig å engasjere seg, hvor mye man faktisk kunne utrette, og, som en liten bonus, hva man selv, personlig, kunne få ut av det. Hadde det ikke vært for at Hanne satt ved siden av meg, med det ene benet over det andre, så nær at det brant i meg, ville jeg ha reist meg og gått. På forhånd hadde jeg tenkt meg et mer forlkemøteaktig arrangement, en tettpakket sal, sigarettrøyk, åndfulle talere, latterbrøl gjennom salen, altså en slags Mykle-aktig tilstelning, med en Mykle-aktig betydning, unge menn og kvinner som ville noe, som brant for noe, sosialisme, dette magiske femtitallsord, og ikke dette, kjedelige gutter med kjedelige gensere og stygge bukser som pratet til en liten forsamling av gutter og jenter som ligner dem selv, om kjedelige og åndløse saker. Hvem bryr seg om politikk når det finnes flammer som slår opp i ens indre? ….Hvem bryr seg om politikk når man brenner av lyst til livet? Av lyst til det levende? Ikke jeg, i alle fall.
10