1
Innhald
1. Tanken bak opplegget 2. Arbeid i klasserommet før ein går i teatret 3. Vi som har laga opplegget 4. Oppgåver knytte til framsyninga Hamsuns gate 5. Oppgåver knytte til Hamsun som forfattar 6. Tips til vidare arbeid med eller lesing av Hamsun 7. Forankring i læreplanen
2
1. Tanken bak opplegget
Opplegget tek utgangspunkt i fleire av Hamsuns noveller som stykket Hamsuns gate byggjer på. Fleire av oppgåvene anbefaler vi å gjennomgå før ein ser framsyninga, mens andre eignar seg best for etterarbeid. Fleire av oppgåvene er ikkje så tidkrevjande (to til fire timar), mens andre oppgåver går meir i djupna og krev meir tid og arbeid. Tanken bak opplegget er at det skal vere mogleg å finne oppgåver som høver for den enkelte lærar og klasse. Undervisningsopplegget rettar seg mot dei ulike trinna i vidaregåande skole.
Opplegget tek utgangspunkt i formålet med norskfaget, der det mellom anna står at ”norskfaget etablerer seg i spenningsfeltet mellom det historiske og det samtidige, det nasjonale og det globale”, og at ”faget skal hjelpe elevane til å orientere seg i mangfaldet av tekster og gi rom for oppleving, læring, refleksjon og vurdering”. Derfor vil det vere i tråd med læreplanen å bruke tid på Hamsun. I tillegg tek framsyninga utgangspunkt i novellesjangeren, og denne sjangeren skal elevane jobbe med både på ungdomsskolen og i vidaregåande skole.
2. Arbeid i klasserommet før ein går i teatret
Hamsun kan på mange måtar vere ein krevjande forfattar å lese for ungdom. Vår erfaring er likevel at når vi set av tid til å jobbe grundig med tekster, kan litteratur som krev ein innsats, engasjere elevane. Utfordringa er sjølvsagt å gjere lesing av ein tekst, som for elevane ved første augekast kan verke gammaldags og utilgjengeleg, til ein interessant, aktuell og spennande prosess. Vi trur at ved å jobbe felles med tekster i klasserommet, der læraren hjelper elevane med leseforståinga heile vegen, vil ein kunne skape læringsutbytte og interesse for Hamsun og andre store diktarar, norske som utanlandske. Med dette er vi inne i ein stadig tilbakevendande debatt i skolen om tekstutval, litterær kanon og nivå. Vi 3
lèt den debatten liggje, men nemner det ein elev fortalde oss etter at Hamsun-prosjektet ved vår skole var avslutta. Eleven fortalde at ho hadde teke med seg fleire romanar av Hamsun inn i sommarferien, etter at ho hadde fått informasjon om at klassen etter sommaren skulle ha eit Hamsun-prosjekt. ”Jeg forsto vel egentlig ikke så mye av bøkene da jeg leste dem selv, men da jeg leste bøkene på nytt sammen med klassen, fikk jeg med meg så mye mer. Det er litt sånn med Hamsun at for hver gang du leser teksten på nytt, ser du flere lag. Og du kan vel si at min første lesing handlet om å forstå det øverste laget.” Når det gjeld framsyninga Hamsuns gate, krev den noko arbeid i klasserommet i forkant. Stykket byggjer på sju av Hamsuns noveller, men vi forstår at det å lese alle sju novellene og jobbe grundig med dei, ikkje lèt seg gjere på den tida ein lærer har til rådvelde. Vi har plukka ut tre noveller som vi meiner det er lurt å bruke tid på dersom elevane skal få utbytte av Hamsuns gate. Teater representerer på mange måtar ein motkultur til mykje av den ungdomskulturen ungdommen er heime i. Handlinga på scenen kan gå langsamt, det krev konsentrasjon å få med seg det som skjer i stykket, ein må sitje still, skru av mobilen og ikkje snakke med sidemannen. For ein del elevar vil Hamsuns gate vere deira første møte med ei framsyning retta mot eit vakse publikum, og da er det viktig at opplevinga blir positiv, slik at dei finn vegen tilbake til teatret ein annan gong. Derfor er det avgjerande at elevane er godt førebudde på det dei skal sjå. Gjennom å arbeide med dei utvalde novellene og med oppgåvene knytte til desse i undervisningsopplegget meiner vi utgangspunktet for ei god teateroppleving er til stades. Kanskje passar Hamsuns gate best for elevar på Vg3, og i læreplanen er det jo også her Hamsun blir plassert. Legg ein opp Hamsun som forfattar, har ein god ryggdekking i høve til læreplanen – og ved å kombinere tekstlesing i klasserommet som eit førearbeid til å sjå ei teaterframsyning får elevane ei oppleving som skil seg frå den vanlege skolekvardagen. Det at elevane opplever at noveller Hamsun skreiv for over hundre år sidan, blir sette opp på teater i dag, viser dei at Hamsun framleis er aktuell. Så kan ein jo etter sett framsyning spørje elevane om det dei såg på scenen, vart opplevd som aktuelt for dei, der dei står i livet sitt, med den risikoen det 4
inneber. Kanskje var det nokon som ikkje likte det dei såg, men kanskje var det fleire som fekk ei positiv oppleving?
3. Vi som har laga opplegget
Bjørnar Hagen underviser i norsk, historie og samfunnsfag ved Nøtterøy vidaregåande skole. Bjørnar hugsar godt sitt første møte med Pan på gymnaset, og har sidan vore oppteken av Knut Hamsun som forfattar. Etter eit foredrag med Ingar Sletten Kolloen om bruk av Hamsun i undervisninga fekk han og fleire kollegaer ideen om eit Hamsunprosjekt. Prosjektet vart ei spennande reise gjennom fleire av Hamsuns mest kjende romanar. 18-åringane likte det dei las, og da tilbodet om å lage eit undervisningsopplegg knytt til Pan og fleire av Hamsuns noveller kom, var det ikkje vanskeleg å seie ja.
Anniken Hotvedt Sundby underviser i norsk og religion ved Nøtterøy vidaregåande skole. Anniken sitt møte med Hamsun var gjennom romanen Victoria; ho hugsar enno omslaget på boka, store trykte raude hjarte, og det var kan hende meir omslaget enn forfattarnamnet som trekte til seg lesaren den gongen. Seinare har fascinasjonen for Hamsun vakse. Ingen kan skildre kjensler som Hamsun. Og det er nettopp desse kjenslene, forelskinga, og skiftingane dette fører med seg, som ungdommen kjenner seg att i. Hamsun er ein av våre viktigaste forfattarar, og det er viktig at nye generasjonar blir kjende med forfattarskapen hans.
5
4. Oppgåver knytte til framsyninga Hamsuns gate Framsyninga Hamsuns gate er basert på sju av Hamsuns noveller. Oppgåvene som følgjer, tek utgangspunkt i dei tre novellene Livets røst, En ærkeskjælm og En ganske almindelig
flue av middels størrelse, som er dei som eignar seg best for elevar på vidaregåande.
Oppgåver i forkant av framsyninga:
1. Novelleanalyse a) Nærles ei eller fleire av novellene felles i klassen. Jobb med metoden ”Dei fem spørsmåla” (frå Når børn læser fiktion av Bo Steffensen):
1) Finn fem ting som du vart nysgjerrig på da du las novella. 2) Formuler dei som spørsmål. 3) Diskuter dei ulike spørsmåla med klassen/gruppa. Kvifor valde du nettopp desse? 4) Svar på spørsmåla. Diskuter svara.
b) Analyser og tolk ei av novellene.
2. Novelleanalyse Les novella En ærkeskjælm. Kva er ein erkeskjelm? Synest du at tittelen høver til handlinga i novella? Kvifor trur du at nettopp denne novella blir brukt som rammeforteljing i framsyninga?
6
3. Klassediskusjon Hamsun ønskte ikkje å kalle desse tekstene noveller. Drøft ut frå sjangerkrav om tekstene er noveller eller ikkje.
4. Biletanalyse Biletanalyse – Edward Hoppers bilete Nighthawks (1942) blir nemnt i omtalen av stykket som utgangspunkt eller den scenografiske ideen bak sceneversjonen.
1. Kvifor vart nettopp dette biletet valt, trur du? 2. Kven eller kva ser du på biletet? (motiv) 3. Analyser biletet (f.eks. tema, bodskap, komposisjon, farger og symbolikk).
5. Klassesamtale (Dersom du før framsyninga jobba med novella En ærkeskjælm i oppgåve 2) Korleis fungerte novella som ei rammeforteljing i framsyninga? 7
Oppgåver i etterkant av framsyninga:
1. Klassediskusjon A) Korleis likte du stykket? Kommenter skodespelarar/ljos/kostyme/språk/scenografi. Kva hugsar/likte du best – kvifor? Noko du ikkje forsto? Songane og dikta – korleis fungerte dei i framsyninga?
B) Med tanke på dei novellene du las før du såg stykket, korleis vart forventningane dine innfridde?
2. Refleksjons- og skriveoppgåve Oppgåva munnar ut i at ein anten individuelt eller i grupper skriv ei teatermelding på bakgrunn av framsyninga ein har sett. Men før elevane skriv ei teatermelding, bør det først diskuterast felles i klassen: ‐
Kva for mottakargruppe er meldinga meint for?
‐
Kva av konkret informasjon om oppsetjinga bør vere med?
‐
Skal meldaren si objektive eller si subjektive oppleving/forståing av stykket ta mest plass?
Til det siste punktet kan elevane ta utgangspunkt i desse sitata frå kjende meldarar: ”Når jeg skriver, skal det være sant, min subjektive beskrivelse er den sanneste.” (Hans Rossiné) ”Det viktigste – og det vanskeligste (...) – er å møte oppsetningene med åpent sinn og se etter hva
de på scenen vil si meg – ikke lukke meg inn i det jeg forventer å se.” (Astrid Sletbakk)
(Begge sitata er henta frå Nationaltheatrets jubileumsbiografi frå 1999)
8
A) Etter diskusjonen/samtalen kan klassen, for å komme i gang med skrivinga, gjere ei øving felles.
Finn ein scene som anten provoserte deg, rørde deg, gjorde deg glad eller fekk deg til å føle medliding. – Læraren kan hjelpe elevane i gang med å stille spørsmål som: Kven var med i scenen? Kva slags kostyme hadde dei på seg? Korleis var scenebiletet (kulisser, rekvisittar, ljos, lyd..)? Kven sa kva til kven? Spesielle ord eller sitat?
Skriv ned denne scenen slik du hugsar den, og les opp for ein medelev. Snakk saman om kvifor de valde nettopp denne scenen.
B) Skriv så ei teatermelding – med dei sjangerkrava de har blitt samde om i klassen.
C) Etter at du har skrive ei melding, kan du sjå på dei ulike meldingane som stykket
Hamsuns gate fekk etter premieren på Nationaltheatret (våren 2009). Kva for ei melding er du mest samd eller usamd i?
9
5. Oppgåver knytte til Hamsun som forfattar
Oppgåve 18 På denne nettstaden http://www.dagbladet.no/hamsun/ får ein fleire opplysningar om Hamsun som forfattar. Les igjennom sida og svar på spørsmåla: a) Korleis vart Knut Hamsun forfattar? b) Kva kan ha vore Hamsun si beste lesaroppleving? c) Kven var Hamsun sine litterære førebilete? d) Korleis jobba Hamsun?
For å svare på spørsmåla over har du berre brukt éi kjelde. Drøft om dette er problematisk.
Oppgåve 19 Ved å gå inn på denne sida http://www.nrk.no/nyheter/kultur/1.3760914 får du informasjon om debatten som gjeld om Hamsun skal få ei gate eller ein plass oppkalla etter seg. Kva for tankar gjer du deg om dei ulike sidene av saka? Drøft med dei andre i klassen: Kva meiner klassen om saka?
Oppgåve 20 I 2009 er det eit 150-årsjubileum for Hamsun. Kva slags jubileum er det snakk om, og korleis skal det markerast? Bruk for eksempel nettressursen under for å finne informasjon: www.nb.no/hamsun2009
10
6. Tips til vidare arbeid med eller lesing av Hamsun
Bøker: Faldbakken, Knut (1985) Glahn. Hamsun, Tore (1970) Knut Hamsun Ferguson, Robert (1987) Gåten Knut Hamsun Hansen, Torkild (1978) Prosessen mot Hamsun Rottem, Øystein (1996) Hamsuns liv i bilder. Vige, Rolf (1963) Knut Hamsuns Pan
Film:
Gåten Knut Hamsun (1996) Regi Bentein Baardson Pan (1995) Regi Henning Carlsen
Hamsun på Internett: http://www.aftenposten.no/alex/litterat/forfatte/hamsunkn.htm www.nb.no/hamsun2009 www.nrk.no/litteratur/forfattere/1591758.html www.dagbladet.no/hamsun/ www.hamsun-selskapet.no/
11
7. Forankring i læreplanen
Kompetansemål etter 10. årstrinn i Kunnskapsløftet: Muntlege tekster: • delta i utforskande samtaler om litteratur, teater og film. Skriftlege tekster: • lese og skrive tekster i ulike sjangrar • formidle muntleg og skriftleg eigne leseerfaringar og leseopplevingar baserte på tolking og refleksjon • (vise korleis tekster i ulike sjangrar kan byggjast opp på ulike måtar) Samansette tekster: • vurdere estetiske verkemiddel i samansette tekster henta frå informasjons- og underhaldningsmedium, reklame og kunst, og reflektere over korleis vi blir påverka av lyd, språk og bilete. Språk og kultur: • presentere viktige tema og uttrykksmåtar i sentrale samtidstekster og jamføre dei med framstillinga i klassiske verk frå norsk littaraturarv: kjærleik og kjønnsroller, helt og antihelt, røyndom og fantasi, makt og motmakt, løgn og sanning, oppbrot og ansvar.
Kompetansemål etter Vg1 studieførebuande og Vg 2 yrkesfagleg utdanningsprogram: Muntlege tekster: • meistre ulike roller i gruppesamtaler, foredrag, dramatisering, presentasjonar og framføringar som aktørar og tilhøyrarar. • bruke kunnskap om språk og tekster i utforskande og vurderande samtaler om litteratur ut frå eiga oppleving. Skriftlege tekster: • gjere greie for eit breitt register av språklege verkemiddel og forklare kva for funksjonar dei har 12
Samansette tekster: • tolke og vurdere samspelet mellom muntleg og skriftleg språk, bilete, lyd og musikk, rørsle, grafikk og design og vise samanhengen mellom form og føremål. • beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjonar knytte til språk og bilete.
Kompetansemål etter Vg2: Skriftlege tekster: • analysere tekster i ulike sjangrar for å kunne ta stilling til spørsmål tekstene tek opp og verdiar dei representerer. Jamvel om det å jobbe med Hamsun lett kan grunngjevast ut frå læreplanmål i både 10. klasse, Vg1 og Vg2, er det spesielt i Vg3 at Hamsun er på sin plass.
Kompetansemål etter Vg3: Språk og kultur: •
gjere greie for den modernistiske tradisjonen i norsk og internasjonal litteratur frå siste halvdel av 1800-talet og til i dag.
•
Drøfte det moderne prosjektet slik det blir uttrykt i tekster av sentrale forfattarar frå opplysingstida via realismen og til i dag.
Skriftlege tekster: •
Lese og tolke eksperimenterande og modernistiske tekster og bruke dei som utgangspunkt for eigen tekstproduksjon.
13