Constantinopel

Page 1

Ei fotografisk reise gjennom Istanbuls største og beste


Hagia Sofia Kyrkje, moskè og musem gjennom 1500 ür. Gullbelagte tak, kjølige marmorgolv og ein beundringsverdig arkitektur gjer bygningen til ein av Istanbuls finaste turistattraksjonar.





Hagia Sofia deler merksemda med Istanbuls nest største attraksjon: Den blå moskè. Bygga kviler på kvar si side av ein torgplass, så snur du ryggen til denne vakre utsikta, ser du rett på den neste.


den blå moske Også kalla Sultan Ahmed-moskèen. Den er ein av Istanbuls mest karakteristiske byggverk. Utsida er kjenneteikna med sine seks tårn i staden for fire, og innsida er pryda av over 20 000 fliser i femti ulike blåfargar.




theodosius’ obelisk Dette egyptiske tårnet tilhøyrte Farao Tutmose III, og blei gjenreist i Hippodromen i Istanbul av den romerske keisaren Theodosius. Hippodromen i Constantinopel er no ein parkplass for nysgjerrige turistar, men har tidlegare vore ein sirkusplass der dei dreiv hesteløp.


grand bazaar Eit av verdas største og eldste marked med over 3000 mindre butikkar spreidd på 61 forskjellige gater. Dagleg kjem det mellom 250 000 og 400 000 besøkarar, og har stått der i over 500 år. Basaren tilbyr alt frå skinnvesker, sko og klede, til krydder, te og smykker.



bosporos-stredet Om du køyrer over brua eller tar båt over sundet til den asiatiske sida av Istanbul, kan du sjå utsikta over heile den gamle og den nye bydelen. Her kan du også sjå heile Bosporos-elva og korleis den deler byen og møtet mellom aust og vest i to.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.