5. - 15. oktober 2014
TUR TIL ISRAEL OG DEI PALESTINSKE OMRÅDA
Israel og dei palestinske områda høyrer vi ofte om. På denne kyrkjelydsturen vil vi kunne sjå og oppleve sjølve. Vi startar i Gallilea der Jesus voks opp og budde. Vi ser på kjende stadar frå Bibelen og er innom historiske stadar frå samtida. I Tel Aviv ligg hotellet rett ved stranda. Her er høve til rekreasjon og bading. Vi besøkjer dei kjende stadane i Jerusalem og Betlehem. Dei siste dagane bur vi i Betlehem der vi også har høve til å sjå denne byen og kome i kontakt med palestinarane som bur der. Tur til den historiske borga ved Dødehavet, Masada, samt Qumran og bading i Dødehavet høyrer også med. Turen vil vere open for andre om den ikkje blir fullteikna frå kyrkjelydane i Bjoa og Ølen. Har du lyst til ein opplevingsferie der du får oppleve kjende bibelske stadar i Gallilea, Jerusalem og Betlehem, samt tur til Dødehavet og litt avslapping ved Middelhavet, er dette turen for deg. DAGSPROGRAM Dag 1, søndag 5 oktober. UTREISEDAG Vi reiser med Sabra Fokusreisers direktefly frå Norge / Stavanger til Tel Aviv. Det blir servert eit måltid mat på flyet. På flyplassen i Tel Aviv blir vi møtt av sjåfør og guide som tek oss til Tiberias, der vi skal bu dei første dagane.
så dreg vidare til Kapernaum, der Jesus budde som voksen. Etter lunsj i nærleiken går turen vidare til Caesarea Fillipi, staden for Peter si vedkjenning. Her går vi langs klippene i fin natur. Etter å ha køyrt over Golan kjem vi så tilbake til hotellet der god middag ventar.
Dag 2, mandag 6. oktober PÅ OG RUNDT GENESARETSJØEN, ØVRE GALLILEA Vi startar med båttur på Genesaretsjøen etter frukost. Deretter tek vi turen til Saligprisningsberget, ser brødunderkyrkja, og les bibeltekstar før vi
Dag 3, tirsdag 7. oktober NASARET, SEPHORIS, HAIFA Etter ein god frukost reiser vi så vestover gjennom eit kupert område der vi først stoppar i Nasaret. Her besøker vi den store flotte Bebudelseskyrkja over staden der ein trur Maria budde. Så går turen vidare
Reiseledere: JOHANNES NEDRELID HALLDIS DJUVE NEDRELID »»Kyrkjelydstur med opning for fleire å melde seg på. »»Besøke kjende bibelske stadar vi har høyrt frå bibelsoge og søndagskule. Historiske glimt frå Jesu si samtid. »»Sjå arbeid som Israelsmisjonen driv i Haifa. Oppleve gudsteneste saman med palestinske kristne i Beit Jala. »»Sjå og oppleve korleis dei har det i Israel og dei palestinske områda. Oppleve løvhyttefesten »»Tid til bading og avslapping ved Middelhavet og i Dødehavet »»Reiseforsikring. Vi formidler Europeiske Reiseforsikring Da dette er et chartret fly har vi dessverre pr. i dag ingen informasjon om flytider. Denne informasjon vil vi få nærmere avreise og alle deltakere vil da bli informert.