21.2 – 5.3 2013
Peru i vinterferien 2013
Kultur, landbruk og mat i peru
Reiseleder: Jordbrukssjef i Hå Olav Magne Tonstad
Inkahovudstaden Cuzco og «den gløymte Inkabyen» Machu Picchu var senter i det mektige Inkariket! Inkaene var eit jordbruksfolk og mais og poteter var Inkariket sine viktigaste ressursar. Gullet, som europearane søkte, hadde inkafolket meir enn nok av. Men det kunne ikkje etast og potet og mais var derfor høgare verdsett enn gull! I Peru har dei fleire hundre potetsortar i produksjon, dei mest hardføre veks heilt opp i 4 500 meter over havet! Inkaene lærte seg å tilpasse sitt jordbruk til eit hardt klima. Etter at spanjolane tok Inkariket i 1532, har europeiske husdyr komme i tillegg til lama og alpakka. Mjølk, ull og kjøttproduksjon er derfor blitt viktigare nå enn før. På denne turen skal vi besøke indianarbonden og oppleve kulturen vi kan takke for at poteta kom til Noreg for 250 år sidan! I tillegg ser vi på anna landbruksproduksjon i dette vakre og kontrastfylte landet. Langs kysten er det ørken. Her har det dei siste tiåra vakse fram eit moderne jordbruk basert på kunstig vatning.
Dette er først og fremst ein tur der vi vil skaffe oss eit inntrykk av det gamle inkariket og dei mange kulturminna i Peru. Vi vil få innblikk i inkafolket sin imponerande byggekunst og dei utrulege steinarbeida. Vi vil også besøke nokre gardsbruk og skaffe oss eit inntrykk av landbruket i landet. Men det vil ikkje bli så mykje landbruk at deltakarar som ikkje er spesielt interessert i landbruk vil føle seg utanfor. Så skal vi ta oss god tid til å smake på den lokale peruanske maten. Den peruanske bonden er leverandør til stolte mattradisjonar, og det peruanske kjøkken er kjent som det beste i heile Amerika. Mange stader vil også lokale musikarar møte opp for å spele for turistane.
På så mange område er Peru vel verdt eit besøk!!!