Opplev magiske Peru

Page 1

26.2 – 10.3 2015

OPPLEV MAGISKE PERU

Lima ~ Ballestasøyene ~ Stillehavskysten ~ Arequipa ~ Titicacasjøen ~ Urumbamba ~ Machu Picchu ~ Cusco Reiseleiar: Olav Magne Tonstad

Inkahovudstaden Cusco og «den gløymde Inkabyen» Machu Picchu var senter i det mektige Inkariket! For mange er Peru sjølve eventyrlandet i Sør-Amerika. Eventyrlege skattar og store sivilisasjonar går som ein rød tråd g jennom landet si historie. Kulturminna vart rasert og landet plyndra då spanjolane erobra landet på 1500-talet. Likevel har Peru nok gull, ruinar, mektige byggverk og kunstskattar til å trekke til seg over ein million turistar kvart år. Turistane kjem mellom anna for å sjå inkafolket sin imponerande byggekunst og dei utrulege steinarbeida, men også for å oppleve den vakre og varierte naturen, med dei høge Andesfjella,

jungelen, ørkenen, Titicacasjøen og Stillehavet. Inkaene var eit jordbruksfolk, og mais og poteter var Inkariket sine viktigaste ressursar. Gullet, som europearane søkte, hadde inkafolket meir enn nok av. Men gullet kunne ikkje etast, og potet og mais var derfor høgare verdsett enn gull! I Peru dyrkar bøndene fleire hundre potetsortar, dei mest hardføre veks heilt opp i 4 500 meter over havet! Inkaene var flinke til å tilpasse jordbruket til eit hardt klima. Etter at spanjolane tok Inkariket i 1532, har europeiske husdyr kome i tillegg til lama og alpakka. Mjølk, ull og kjøttproduksjon er derfor blitt viktigare nå enn før. På turen skal vi besøke mange av dei kjente minnesmerka

i landet og oppleve kulturen. Vi skal møte bønder i Andesfjella, og vi ser vi på ørkenjordbruket i dette vakre og kontrastfylte landet. Langs kysten er det ørken. Her har det dei siste tiåra vakse fram eit moderne jordbruk basert på kunstig vatning. Så skal vi ta oss god tid til å smake på den lokale peruanske maten. Den peruanske bonden er leverandør til stolte mattradisjonar, og det peruanske kjøkken er kjent som det beste i heile Amerika. Mange stader vil også lokale musikarar møte opp for å spele for turistane. På så mange område er Peru vel verdt eit besøk!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.