Share Public Profile
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) vart oppretta i år 2000, som ei vidareføring av Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane (oppretta 1987). I 2004 vart SFKM organisert som ei stifting med Sogn og Fjordane fylkeskommune, kunstnarorganisasjonane i Sogn og Fjordane, og kommunane Førde, Jølster, Hornindal og Lærdal som stiftarar. Frå 2009 er SFKM organisert i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MISF). DRIFTSEININGAR: Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) i Førde (nybygg i sentrum opna i 2012) er ei vidareføring av Fylkesgalleriet i SF (skipa i 1987) og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter (opna i 1983) Astruptunet i Jølster (opna i 1986) Eikaasgalleriet i Jølster (opna i 1994) Sogn Kunstsenter i Lærdal (opna i 2011, vidareføring av Gjesmegalleriet som opna i 1998). Sogn og Fjordane Kunstmuseum forvaltar om lag 4500 kunstverk frå ca. 1900 og fram til i dag. Museet ligg i sentrum av Førde, to minutt frå rutebilstasjonen. Les meir om oss på: https://www.sfk.museum.no/nn