«CROSS-OVER» - EIN KUNSTKRITISK RAPPORT Robert Øfsti 1. Forord Kva skjer om vi betraktar eit undervisningsforløp som ei kunsthending, eit «spel» om estetiske og etiske verdiar der dei fysiske objekta som blir skapt er «brikker» i «spelet», der kunstnarane gjev «spelereglar» eller «styringssignal» til deltakarane som arbeider kunstnerisk/handverksmessig med å formgje sine «brikker»? Styringssignala er ein hovudsak i det relasjonelle kunstverket forsåvidt så vidt som det dreier seg om relasjonane mellom kunstnarane og deltakarane. Gjenstandane er ein hovudsak i det relasjonelle kunstverket forsåvidt det dreier seg om relasjonane mellom kunstnarane/deltakarane og inviterte gjester/autoritetspersonar rundt eit måltid. Det er ei slik betraktning og eit slikt resonnement som er underliggjande i denne rapporten om Bjørg Nyjordet og Magnar Gilberg (N/G) sitt kunstprosjekt for fleirkulturelle ungdomsgruppar «Cross-Over» som vart gjennomførd med fem ulike ungdomsgrupper i fire ulike situasjonar i løpet av 2013. 2.Frå produksjon av estetiske objekt via utstillingsmediet til relasjonelle prosessar. «CrossOver» i kunstnarane sin biografi. «Cross-Over»-prosjektet inngår som eit logisk trinn i N/G si kunstneriske utvikling. Begge har i utgangspunktet ei tradisjonell handverksutdanning; Bjørg er møbelsnekkar frå Moholt videregåande skole, Magnar har fagbrev som tømrar. Deretter hamna begge på Norsk Kunstandverkskule på Voss, ein skole som vart grunnlagt i 1920 og som i utgangspunktet la vekt på norsk handverstradisjon, treskjering og møbelsnekring. Deretter gjek begge to på Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen, med hovudfag frå interiørarkitektur, Magnar i 1990, Bjørg i 1992. Dei etablerte seg med verkstad på Mære og produserte i starten kunsthandverk i tre – fat, klokker, hyller med meire. Ved sia av tok dei oppdrag med scenografi og utstillingsdesign – forsåvidt heilt i tråd med kva dei hadde utdanna seg for. I 1996 fekk dei sitt første oppdrag med kunst i offenteg rom, utsmykkinga «Spor i landskap» ved Sykehuset Levanger. I dei snart 20 åra som har gått sia, har dei utført i alt 15 større og mindre utsmykkingar. Eitt av desse er det spesielt verd å merke seg her «Vannpost» på Steinkjer torg, utførd i spesiallaga glassbyggestein med helsinga «Hei» i samtlege språk som vart snakka av innbyggarar i Steinkjer i 2007. I vår samanheng er det like viktig å merke seg at dei tidleg tok steget fra å lage scenografi og utstillingsarkitektur for andres utstillingsidear og -gjenstandar til å ta bruk heilskapsutstillinga (konseptutstillinga) som sitt fremste uttrykks- og kommunikasjonsmedel for sine eigne idear. Konseptutstillinga er meir velegna for eit sterkt samfunnsmessig engasjement som dei må ha funne det meiningslaust å ikkje la kome til syne i kunsten. Den første utstillinga med den prosaiske, men presist beskrivande for tematikken tittelen «Resirkulering», vart laga for Østfold kunstnersentrum i 1995. Same grunntema, men i litt ulik utforming frå utstilling til utstilling og med dei atskilling meir poetiske titlane «Sjå attende», «Sjå igjennom» «Minne om eit møbel» og «..høst...og så..» pregar N/G si kunstneriske verksemd i åra 1997 – 1999. Så tidleg som i 2002 blir dei første tankane om «Cross-Over» formulert, med målsettinga å «etablere ein arena, som motiverer for kunstfagleg samhandling mellom folk med ulik etnisk bakgrunn.[...]Vi ser for oss ein kunstnerisk prosess, der folk med ulik etnisk bakgrunn møtest, for å skape rom. Kvar enkelt arbeider med sitt private rom, akkurat så stort at ein kan kome inn i det. Og med eit uttrykk som representerer denne personen sin bakgrunn, sine kunnskaper, sine drømmer osv. Neste fase, vert så å arbeide med rommet som oppstår mellom desse private romma; mellomrommet...».i «Cross-Over» er altså allereie frå starten tenkt som eit prosjekt der ein vil undersøke og utprøve det potensialet for nedbygging av konflikter og oppbygging av