SB1 Sore Sunnmore Profilmanual

Page 1

Profilmanual

SpareBank 1 Søre Sunnmøre


Innhald

Introduksjon........................................................................................................................................... 3 Logo...................................................................................................................................................... 4 Logoplassering....................................................................................................................................... 5 Beskyttelsesområde og minimumsstorleik logo........................................................................................... 6 Ukorrekt bruk.......................................................................................................................................... 8 Korleis plassere slagord og selskapsnamn saman med logoen?................................................................... 10 Spesialvariantar.................................................................................................................................... 11 Logo i bruk........................................................................................................................................... 16 Fargar.................................................................................................................................................. 30 Tips om reglar og bruk av fargar.............................................................................................................. 32 Hovudfont............................................................................................................................................ 33 Støttefontar......................................................................................................................................... 34 Papiranbefalingar.................................................................................................................................. 35 Stripemønster...................................................................................................................................... 36 Bilete.................................................................................................................................................. 37 Språk................................................................................................................................................... 40

2


Introduksjon

Denne profilmanualen syner korleis dei ulike grafiske elementa skal nyttast ifølgje ny grafisk profil for SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Dokumentet skal fungere som eit hjelpemiddel for designarar, utviklarar og merkeansvarlege. Manualen byggjer på SpareBank 1 sin digitale og meir omfattande designmanual. Tone-of-voice

Glad og uttrykksfull

Tone-of voice kan skildrast som grunntonen i den visuelle identiteten vår, og er ei skildring av det vi vil uttrykke, og det vi vil at kundane og omgjevnadene skal oppfatte når dei ser merkevara profilert i forskjellige marknadskanalar.

Profilbileta skal som hovudregel ­nyttast med store kvite flater rundt seg.

Alle grafiske element dannar det vi kallar ”tone-of-voice”, og er eit uttrykk for tonen eller gløden i det den visuelle identiteten vår skal uttrykke.

Kvit, lys og luftig

Den kvite, luftige opplevinga er ein viktig del av SpareBank 1 Søre Sunnmøre-profilen og skal vere det dominerande profiluttrykket.

Dei sentrale profilbileta er unike foto av menneske/modellar i heilfigur, der menneska aktivt fortel historia si på ein glad og hyggjeleg måte ­­ – anten som ”dei står og går” eller ved hjelp av rekvisittar.

Vi ønskjer ikkje å byggje kjennskap til enkeltkarakterar eller enkelt­ modellar. Difor skal så mange ­karakterar/personlegdomar og historier som mogeleg nyttast i den totale profileringa.

Fargerik og brei

Foto skal lagast slik at dei er ­g jennomskinnelege. Dette er gjort for å kunne plassere menneska/ modellane og rekvisittane på fargefelt. Vi ønskjer å gje uttrykk for breidde gjennom aktiv bruk av fargar. Fargepaletten er rik og består av mange kompletterande fargar. SpareBank 1-fargeriket kan framstå som ”flate” og /eller graderte fargar.

3


Logo

SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin hovudlogo er kvit og raud på blå bakgrunn. Kjernen i profilen er logoen med namnetrekket: SpareBank med 1-talet plassert inne i varemerkets beskyttande symbol/ ikon. Både fargar, fontar (bokstavar) og symbol er tilrettelagde for digitale medium, som internett og mobil. Ikonet ­symboliserer beskyttelse, sparing, tryggleik og forsikring og kan nyttast tredimensjonalt (3D) i tillegg til at det eignar seg for animasjon (rørsle).

Kvitt og raudt inntrykk

Vi ynskjer at hovudlogoen primært skal oppfattast som kvit og raud – på ei mørkeblå flate. Den blå flata, eller det blå feltet som vert nytta, skal ikkje ­oppfattast som ein del av logoen, men vere bakgrunnsfarge for logoen. Det er difor viktig at det blå feltet er av ein slik storleik at logoen får god plass rundt seg.

Fig. 1: Logoen kan plasserast i ei signaturstripe, men i høgre side av formatet. Fig. 2: Logoen kan plasserast oppe, nede og i midten av flata, men reglane for minimums beskyttelsesområde gjeld likevel. Fig. 3: Logoen kan unntaksvis, og berre når det er høgst naudsynt av omsyn til plass, plasserast i eit minimums beskyttelses­område (større blå flate vert anbefalt, og er hovud­regelen). Fig. 4: Nokre stader kan det vere behov for å sentrere l­ogoen på flata. Ein bør unngå dette, men om nokon absolutt ser ­behov for å foreta ei slik plassering, må det sørgjast for at logoen vert optisk justert til det verkelege midtpunktet.

Blå flate, stripe, felt

Primært skal vi nytte logoen på ei større blå flate eller plassere logoen på ei blå stripe/felt. Det blå feltet eller den blå stripa kan utvidast både i høgde og breidde. SpareBank 1 og lokalnamnet har eit bestemt storleiksforhold mellom namn og symbol. Det lokale namnet Søre Sunnmøre har fast plass og storleik i forhold til hovudnamnet. Forholdet er 66/34.

Logoen skal alltid plasserast på høgre side av eit felt, aldri til venstre!

4


Logoplassering

rett Fig. 1

rett

rett

Fig. 2

Fig. 3

ikkje rett

Fig. 4

5


Beskyttelsesområde og minimumsstorleik logo

Beskyttelsesområde og minimumsstorleik

I nokre situasjonar er det tvingande naudsynt å kunne nytte logoen åleine på ei avgrensa flate. Difor er det laga eit anbefalt beskyttelsesområde, eit minimumsområde, og i tillegg eit unntak for korleis logoen kan nyttast på avgrensa flater i sponsorsamanheng.

1. Anbefalt beskyttelsesområde:

Ingen tekst eller element må kome innanfor det minsteområdet som er definert.

A

A

1,5x

2x

6


Beskyttelsesområde og minimumsstorleik logo

2. Minimumsområde:

I heilt spesielle situasjonar kan logoen plasserast på eit minimumsområde, men det må, så langt det let seg gjere, unngåast. Ei slik logoplassering kapslar inn logoen, slik at den kan oppfattast som ein boks, samstundes som den blå fargen kan opplevast som ein del av logoen (noko den ikkje skal vere, fordi blått berre skal vere bakgrunnsfarge)

1x

2x

1x

3. Unntak for sponsing:

Det er laga eit unntak for sponsing, der beskyttelsesområdet er mindre enn minimumsområdet.

0,5 x

1x

0,5 x

7


Ukorrekt bruk

For ein konsekvent og nøyaktig bruk av logoen, er det viktig å alltid bruke dei originale logofilene. Dei originale logofilene skal aldri endrast. •

Sørg for at logoen alltid er plassert på korrekt blåfarge.

Alle plasseringsforhold mellom skrift og symbol skal vere faste.

Sørg for at logoen som hovudregel plasserast korrekt i det blå feltet og innanfor det anbefalte beskyttelsesområdet.

Skrifttypar og skriftstorleikar skal aldri endrast.

Minimumsområdet for det blå feltet logoen skal plasserast i, skal berre brukast i situasjonar der anbefalt beskyttelsesområde ikkje let seg bruke av omsyn til plass (t.d. i eit smalt og førehandsbestemt format som i ein bannerannonse på internett).

Ikkje strekk eller forandre på proporsjonane på namnet eller symbolet.

Ikkje forandre på plasseringane mellom namn og symbol ved t.d. å auke mellomromet.

Bruk alltid riktig blåfarge i feltet bak logoen.

8


Ukorrekt bruk

SpareBank

Ikkje endre skrifttypen i namnet.

Ikkje endre plasseringa av symbolet ved t.d. å plassere symbolet til venstre.

Ikkje endre på proporsjonane mellom namn og symbol ved t.d. å skalere på symbolet slik at det vert større eller mindre.

Ikkje endre på nokon av logoelementa ved t.d. å endre fargen i symbolet.

Få din forsikring hos oss

Legg ikkje inn tekst innanfor det verna minimumsområdet for logoen.

Logoen skal alltid plasserast vassrett eller loddrett, aldri på skrå.

Logoen skal aldri plasserast på ei blå flate som ikkje er eit rektangel. Altså er ellipsar, sirklar, hjarte og liknande forbode.

9


Korleis plassere slagord og selskapsnamn saman med logoen?

Logoen kan med fordel plasserast i ei såkalla signaturstripe (lang blå stripe med logo i seg), og i tillegg plassere slagord i same stripe. Her gjeld følgjande plasseringskriterium. Logoen kan med fordel plasserast i det vi kallar ei signaturstripe. Signatur­ stripe tyder at det blå feltet rundt logoen utformast som ei stripe – med signaturen (logoen) til høgre. Signaturstriper lagast med utgangspunkt i ­anbefalt beskyttelsesområde. Anbefalte proporsjonar på signaturstripa er vist her. Slagordet vert skrive med fonten Max TF Regular med store og små ­bokstavar, og med ei høgde som tilsvarar 1,5 gonger breidda på 1-talet i symbolet (X). Slagordet midtstillast vertikalt i signaturstripa, like langt frå toppen som frå botnen og venstrestillast, slik at det står på motsett side av logoen i signaturstripa med ein avstand til venstre kant på ikkje mindre enn 1,5X.

1,5 x

Bank. Forsikring. Og deg.

x

10


Spesialvariantar

Unntaksvis, og berre for nokre flater, er det tillate å bruke SpareBank 1 Søre Sunnmøre logo i spesialvariantar. Det er lov å bruke nokre spesialvariantar av logoen til skilt og/eller sponsorplakatar dersom flata/ underlaget som logoen skal plasserast på er ekstremt låg, smal eller brei, og/eller om det er særs viktig. Når det gjeld skilt og skilting av bygg, er det den enkelte byggherre og/eller kommune som lagar reglar eller retningsliner for dette. Svart/kvitt-logoane er forenkla versjonar utan gråtonar, raster eller andre detaljar. Logoutgåvene i svart/kvitt passar til silketrykk, foliering, preging, etsing, sandblåsing, brodering, stansing med meir. Meir informasjon om svart/kvitt-logoane på side 12-13.

11


Spesialvariantar – svart/kvitt

12


Spesialvariantar – svart/kvitt

Svart/kvitt-logoane er forenkla versjonar utan gråtonar, raster eller andre ­detaljar. Logoutgåvene i svart/kvitt passar til silketrykk, foliering, preging, ­etsing, sandblåsing, brodering, stansing med meir. Svart/kvitt-logoane er laga utan gråtonar, raster eller detaljar for å halde talet på logovariantar nede, og for å sikre at logoen vert framstilt korrekt. Dette er spesielt viktig der ein nyttar trykk- eller publiseringsteknikkar der detaljar og valørar (gråtonar) ikkje er mogeleg å få til med korrekt attgjeving (som t.d. brodering på tøy/stodd). Logovariantane i svart/kvitt passar til silketryll, foliering, preging. Etsing, sandblåsing, brodering, stansing m.m. Svart/kvit logo er tiltenkt flater som ikkje har farge ”Royal Blue” eller tilnærma same mørkeblå. Logoane nyttast enten som kvit logo på mørk/svart bakgrunn eller svart på lys/kvit bakgrunn. Den svart/kvite logovarianten kan attgjevast i svart, kvitt, sølvfoliert eller ton-i-ton.

13


Spesialvariantar

Logo - med lokalnamn i lik storleik, plassert til høgre for hovudmerket.

Kan berre brukast på følgjande flater: Fasadeskilt (der det er eit krav), arenareklame (med stor og brei flate).

Logo – med frittståande bokstavar utan bruk av blå bakgrunn/blått felt bak. Kan berre brukast på følgjande flate: Fasadeskilt

Logo – der berre merkesymbolet (ikonet) er brukt.

Kan berre brukast på desse flatene: Uthengskilt og sponsormerke på drakt.

Logo – positiv med kvit bakgrunn.

Positiv fargelogo (utan blå bakgrunn) er utvikla for bruk i heilt spesielle unntakstilfelle, og skal berre brukast etter avtale.

14


Spesialvariantar – arenareklame

15


Logo i bruk

Handkle

Krus

Penn

Annonse

Messevegg

Plakat

Namneskilt

Flagg

16


Logo i bruk - webside

Webside

17


Logo i bruk - visakort

Visakort

18


Logo i bruk - visittkort

Visittkort

19


Logo i bruk - mappe

Mappe

20


Logo i bruk - brevark og konvolutt

Konvolutt C5 med vindauge

Konvolutt C65 med vindauge Brevark

21


Logo i bruk - E-post signatur

22


Logo i bruk - powerpoint

Powerpoint

23


Logo i bruk - magasin/brosjyre

Magasin/brosjyre 24


Logo i bruk - fasadeskilt

Ørsta

Ørsta

Volda

Volda

Herøy

Ulstein

Sæbø

Vartdal

25


Logo i bruk - bildekor

26


Logo i bruk - flagg/fane

Beach flagg

Bordfane

Flagg

27


Logo i bruk - drakter

28


Logo i bruk - drakter

29


Fargar

Hovudfargen til SpareBank 1 Søre Sunnmøre er mørk blå med ein tilleggspallett på ti fargar. Den blå hovudfargen er spesifisert med verdiar i CMYK og RGB. CMYK-verdiane er justerte for ikkje å verte lilla i aviser og i andre trykksaker som sug fargar. Tilleggspaletten har ti fargar, der nokre er sterke og friske, medan andre er meir dempa og nøytrale. Alle tilleggsfargane passar til hovudfargen.

Hovudfarge: Royal PMS 280 C CMYK 100 80 05 28 RGB 000 039 118

Traffic PMS 485 C CMYK 00 100 100 00 RGB 219 043 030

Snow

Forest light PMS 381 C CMYK 20 00 80 00 RGB 201 221 003

Lavendel light PMS 665 C CMYK 18 22 00 01 RGB 198 189 210

Berries light PMS 7437 C CMYK 14 35 00 00 RGB 204 178 209

Sky light PMS 291 C CMYK 38 04 00 00 RGB 160 207 235

Forest dark PMS 383 C CMYK 35 00 100 20 RGB 162 173 00

Lavendel dark PMS 271 C CMYK 50 46 00 00 RGB 144 147 206

Berries dark PMS 521 C CMYK 36 55 00 00 RGB 171 138 184

Sky dark PMS 299 C CMYK 86 08 00 00 RGB 000 161 222

Støttefarge:

30


Fargar

Støttefarge forts.:

Graderingar (lys til mørk):

Ocean light PMS 337 C CMYK 40 00 21 00 RGB 154 220 198

Orange light PMS 142 C CMYK 00 25 78 00 RGB 239 189 071

Forest

Lavendel

Ocean dark PMS 7473 C CMYK 74 05 46 03 RGB 030 157 139

Orange dark PMS 138 C CMYK 00 56 100 00 RGB 223 122 000

Berries

Sky

Sun light PMS 122 C CMYK 00 11 80 00 RGB 252 212 80

Peach light PMS 487 C CMYK 00 44 36 00 RGB 233 166 143

Ocean

Orange

Sun dark PMS 110 C CMYK 02 24 100 08 RGB 215 169

Peach dark PMS 7417 C CMYK 01 84 83 00 RGB 220 080 052

Sun

Peach

Metal light PMS 7542 C CMYK 24 04 08 13 RGB 172 192 198

Earth light PMS 7528 C CMYK 05 10 17 15 RGB 202 192 182

Metal

Earth

Metal dark PMS 7544 C CMYK 34 14 11 32 RGB 137 150 160

Earth dark PMS 7530 C CMYK 10 18 25 30 RGB 170 156 143

31


Tips om reglar og bruk av fargar

Som hovudregel bør ikkje for mange av støtte­ fargane kombinerast i ein og same komposisjon. I større dokument med mange sider kan fleire ­fargar nyttast for å variere uttrykket, men helst ­ikkje i same oppslag. Bruk fargane i harmoniserte komposisjonar

Som ein hovudregel bør ein ikkje kombinere for mange av støttefargane i ein og same komposisjon, maks ein farge, to valørar og graderingar. I større dokument med mange sider, som årsrapportar, magasin etc. kan fleire fargar nyttast for å variere uttrykket, men helst ikkje i same oppslag.

Variér fargebruken

Meininga med ein så stor støttepallett er å gi høve til å vise eit breitt utval av produkt og tenester. Vi ønskjer også å gje eit friskt og fargerikt uttrykk. Det er ikkje meininga at nokon av støttefargane skal vere viktigare enn andre. Det er viktig å variere fargebruken i forhold til bodskapane. Pass på at ikkje ein farge dominerer totalinntrykket. Det er ikkje ønskjeleg å knyte ein av fargane opp mot ein bank, eit produkt eller eit tema.

Kvit farge er sentral i profilen

Sjølv om hovudfargen er mørk blå og støttepaletten er stor og fargerik, er kvit ein viktig farge i SpareBank 1 Søre Sunnmøre-profilen. Alle bileta er tekne på kvit bakgrunn og har difor ingen rammer. Dette gir eit distinkt og unikt uttrykk som gir formidlinga mange mogelegheiter. Hugs å la bilete og element få godt med kvite pusterom, og unngå å dekke opp med for store fargefelt.

32

Fargar som anbefalast til PM-materiell Sun:

PM, ung

Orange:

PRO, ung

Peach: Berries:

PM, feminin, familie PM, feminin, ung

Fargar som anbefalast til BM-materielll Ocean: Forest:

BM Landbruk, innovasjon, miljø, HR

Metal: Earth:

BM-rådgivning, totalleverandør BM, Privat Bank

Lavendel:

BM, voksensegmentet

Fleirbruk Sky


Hovudfont

SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin hovudfont er ”FF Max”. Den vert brukt i både logo og tekst. FF Max

Logoen har fonten ”FF Max”. Den er også SpareBank 1 Søre Sunnmøre sin hovudfont. Fonten gir eit enkelt, ­konsekvent og moderne uttrykk og er lett å lese. Den kan brukast på alt frå skilt og store overskrifter til små notisar. Fonten FF Max fins i mange variantar og vekter.

I SpareBank 1 sin profil skal berre følgjande versjonar brukast:

FF MaxTF-Light FF MaxTF-Regular FF MaxTF-SemiBold FF MaxTF-Bold FF MaxTF-Black

FF MaxTF-LightItalic FF MaxTF-RegularItalic FF MaxTF-SemiBoldItalic FF MaxTF-BoldItalic FF MaxTF-BlackItalic

Fonten kan kjøpast hos Font Font: http://www.fontfont.com/shop/ Fonten er eit nytt sans serif skriftsnitt, inspirert av Aldo Novarese’s Eurostile (1962). Fonten vart designa av danske Morten Rostgaard Olsen (født 1964).

33


Støttefontar

Til større publikasjonar med mykje tekst kan det vere behov for å bruke fontar med seriffar som seiast å vere lettare å lese når ein les mykje tekst. Støttefonten SpareBank 1 Søre Sunnmøre har valt er Melior LT Std.

Av ulike årsaker har vi vore nøydde til å ­innføre nokre fleire fontar enn det som er anbefalt å bruke i marknadsføring og merkebygging. Verdana, Times New Roman og Arial

Ein font med seriffar har bokstavar med ei avrunding eller utheving der bokstavstrekane sluttar. Fontar med seriffar skal vere lettare å lese når ein les mykje tekst.

Til skjermbaserte medium og PC-program som PowerPoint og Excel skal ein nytte fonten Verdana

På dokument som primært skal skrivast ut anbefalar vi Times New Roman (grunna sparing av plass)

Av tekniske grunnar nyttar vi Arial på SpareBank 1 sine n ­ ettsider, men den skal ikkje brukast i publikasjonar som vi lagar for ­internett eller andre digitale flater

Støttefonten er Melior LT Ltd

Fonten er designa for å vere lett å lese. Den er robust og har formlikskap med Max, og står difor godt saman med hovudfonten. Melior LT Std skal først og fremst brukast i magasin, årsrapportar og liknande.

Melior LT Std fins i fire vekter:

Melior LT Std Regular Melior LT Std Italic Melior LT Std Bold Melior LT Std Bold Italic Fonten kan kjøpast hos LinoType: http://www.linotype.com/1222/melior-family.html. Fonten er designa av Hermann Zapf (1952).

34


Papiranbefalingar

Som hovudregel skal ein bruke eit bestrøka papir på alle trykksaker frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Salsmateriell, årsrapport og ymse trykksaker

Vi anbefalar Galerie Art Matt, eit dobbelt-bestrøka papir med ekstra matt overflate som både er lett å lese og gir god biletkvalitet. Galerie Art Matt fins med papirtjukkleik i gramvekt frå 100 til 300 gram. For ei brosjyre på åtte sider vil vi foreslå ei gramvekt på 150 gram.

Selskapsmateriell

Når det gjeld val av papir fins det avgrensingar som har betydning for produksjons­ messige forhold og posten sine krav for maskinell sortering. Vi anbefalar at ein tek ­kontakt med trykkeri for meir informasjon.

Spesialtrykksaker

Ved behov for å gje eit eksklusivt trykk, anbefalar vi PhoeniXmotion. Det er eit trippelbestrøka kunst-trykkpapir med matt overflate. PhoeniXmotion fins i 115, 150 og 250 gram. Ver merksam på at dette er eit dyrt papir, så sjekk med trykkeriet ditt for pris. I enkelte tilfelle som t.d. for omslag, er det lov å velje ein blankare papirkvalitet. Her kan ein t.d. nytte Galerie Art Gloss, eit trippel-bestrøka papir med ekstra jamn og høgglansa overflate. Ved høge krav til lesbarheit skal ein derimot unngå den type papirkvalitet. Eit transparent papir kan brukast som spesialeffekt og som skiljeark. Her anbefalar vi ­Curious Translucents Clear, som fins i gramvektene 92, 112, 140, 180 og 285 gram.

35


Stripemønster

Stripemønsteret skal nyttast som dekor og ikkje kombinerast med r­edaksjonelt innhald eller nyttast i annonser i marknadsføringa. ­Dekorstripene kan nyttast på brevark, interiør, gåveartiklar, bankkort og liknande. Forma på SpareBank 1 sitt stripemønster?

Forma på mønsteret er basert på symbolet i logoen og har altså dei same kurvene.

Bruken av stripemønsteret

Stripemønsteret skal brukast som dekor. Dekorstripene kan også brukast på brevark, interiør, gåveartiklar, bankkort og liknande. Stripene skal brukast diskré, med låg kontrast. Ved behov kan mønsteret beskjerast, men krysnings­ punktet må alltid vere med.

Døme på stripemønster:

Krysningspunkt

rett

36

rett

ikkje rett


Bilete

Bilete og biletebruk er ein viktig del av den visuelle identiteten til merkevara vår. Bileta vi nyttar skal understreke og støtte den verbale ­kommunikasjonen og den bodskapen vi vil ha fram. Det er difor viktig at vi i materiellet vårt – uavhengig av kva kanal vi nyttar – bruker bilete av god kvalitet som kommuniserer på rett måte i forhold til profilen vår. ­Bilete nytta i ekstern kommunikasjon bør takast av ­profesjonell fotograf, eller hentast frå biletebyrå. SpareBank 1 Søre Sunnmøre er oppteken av lokal forankring, og ønskjer å stå fram som folkeleg, ærleg, direkte, nær og personleg. Vi har difor valt å ta utgangs­ punkt i historia til kunden. Gjennom bileta våre ønskjer

vi å vise realistiske situasjonar som fortel ei god historie. SpareBank 1 Søre Sunnmøre ønskjer først og fremst å bruke lokale bilete og modellar. Stilen på bileta våre er svart/kvitt. Svart/kvitt bilete har etterkvart vorte SpareBank 1 sitt kjennemerke og er noko ved den visuelle profilen som skil oss frå andre bankar. Bileta våre skal ha eit moderne og framtidsretta uttrykk, og vi brukar sterke og klare kontrastar, snarare enn duse, kornete bilete.

37


Bilete

Person i landskap/miljø

I enkelte kampanjar og liknande kan det dukke opp behov for bilete med menneske i miljø. Det er viktig å fremje ein framtidsretta stil, og ikkje lage historiske uttrykk. Bruk lyse bakgrunnar og legg fokuset på h ­ istoria og menneska i biletet. Der det er mogeleg bør ein unngå tydelege ­rammer rundt bileta, slik mørke bakgrunnar vil skape. Bileta og modellen skal vere frå lokalmiljøet.

Landskaps- og miljøbilete

Der det er behov for å ta miljøbilete skal ein tilstrebe eit grafisk uttrykk og ein stil som er framtidsretta og ikkje historisk. Bileta skal vere frå lokalmiljøet.

Teknisk fotobrief:

Foto skal lagrast i PNG 24 format som tillet ein alpha/transparent­ maske. Dette er standardformat i mediadatabasen/Profilsenteret vårt. På denne måten kan objekt/refleksar/skuggar stå fram som heilt eller delvis ­transparente på t.d. farga bakgrunn. Foto skal vere trykkbare opp til A4 i magasinkvalitet og bør ha ei ­minimumsoppløysing på 4000 pixlar på den lengste sida, fordi det skal kunne trykkast korrekt heilt opp til plakatstorleik 50x70 cm. Foto bør ha ei oppløysing på ca 4000 pixlar for å tåle plakatstorleik.

Simulert refleks

Foto skal takast i studio med reflekterande underlag for å gje inntrykk av stofflegheit i underlaget. Nokre gongar er dette ikkje mogeleg, t.d. dersom objektet ikkje kan takast inn i studio, eller det er for stort. For å simulere refleksar og slagskugge med uttoning, kan Photoshop scriptet: ”Reflekser Skygger.atn” nyttast: Installer Photoshop Actionscript i: Programfiler\Adobe Photoshop\Presets\Actions. Dersom ”Refleks gulv” ikkje gir ein realistisk refleks, kan dette ofte ­skuldast at objektet er teke ovanfrå og perspektivet i refleksen ikkje følgjer perspektivet i sjølve objektet. Då kan ”Slagskygge” ofte verte betre, då den gir ei blautare uttoning. Objektet bør sjåast mest mogeleg frå sida om ”Refleks gulv” skal sjå naturleg ut.

38


39


Språk

Det vi skriv skal først og fremst gje ei meining for lesaren, kunden eller interessenten. Men måten vi formidlar på, fortel og noko om oss som avsendar – om merkevara SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Korleis skriv vi ”nært og dyktig”?

Korleis skriv vi for å få folk til å fatte interesse? Korleis skriv vi for å overtyde? Korleis får vi lesaren til å handle? Korleis vil vi at SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal presentere seg og sine produkt? Korleis ønskjer vi å verte o ­ ppfatta? Det er ei krevjande oppgåve å formidle på ein måte som fangar interesse og samstundes byggjer opp under ­identiteten vår.

Alle som formidlar har eit ansvar

Den som formidlar ein bodskap i regi av SpareBank 1 Søre Sunnmøre har først og fremst eit ansvar overfor lesaren, men og eit ansvar for å synleggjere merkevara sine verdiar. Vi skal ivareta ”nær og dyktig-dimensjonen” i formidlinga – på same måte som i alt anna vi gjer.

Nynorsk

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har ein nynorsk språkprofil som skal brukast i alt vi gjer.

Korrektur

Før du sender frå deg ein tekst, bør den kvalitetssikrast. Det er viktig å lese korrektur og følgje andre rutinar for kvalitetssikring for at teksten skal verte feilfri. Alle tekstar som skal publiserast eller distribuerast eksternt BØR ­g jennom desse kvalitetsrutinane.

40


Spr책k

41


Språk

Før du sender ein tekst til korrektur 1. Treff teksten målgruppa?

4. Er innhaldet fagleg forankra?

7. Fins det stavefeil og andre småfeil i teksten?

2. Oppfyller teksten føremålet – kva vil du at lesaren skal oppfatte, forstå eller gjere?

5. Er alt som står i teksten korrekt i forhold til fakta?

8. Har du hugsa kjeldetilvising og akredittering av fotograf/illustratør?

3. Er det god flyt i teksten?

6. Held teksten seg innanfor marknads­ føringslova?

42


Språk

Tips til rutinar for kvalitetssikring •

Les gjennom heile teksten, les korrektur – sjå til at den er fri for feil og at den er fri for vanskelege faguttrykk og stammeuttrykk.

Les gjennom heile teksten om att og sørg for at det er god flyt i språket. Dersom du må stoppe for å lese ei setning to gonger, er det ikkje optimal flyt.

Gå gjennom teksten og sjå på samanhengen mellom avsnitta, dei viktigaste avsnitta må kome først, og du bør ikkje gjenta, men gjerne utdjupe med eksempel.

Gå gjennom teksten og sjå på setningsbygnaden. Sørg for at alle setningane er enkle å forstå, og at dei gir meining i den samanhengen dei står.

La teksten liggje og les korrektur ein gong til. Det er lett å sjå seg ”blind” på eigen tekst og ikkje oppdage stavefeil, dårlege setningar og brest i logikk og oppbygging. Eit tips kan vere å lese teksten bakfrå ord for ord.

Ikkje gjer alle korreksjonane på ei og same gjennomlesing. Då er det fort gjort å gløyme noko.

La nokon andre lese gjennom teksten. Be dei spesielt leite etter brestar i argumentasjon og logikk, i tillegg til ­korrekturlesing. Det vil gje eit betre resultat.

Gå gjennom teksten med tanke på tilbakemeldingane du har fått.

Få endeleg ”godkjenning” av ein tredjepart, til å lese gjennom teksten med tanke på å finne feil i teiknsetjing, tilvisningar, sidenummerering, manglande kjeldetilvisning, kontaktpunkt – som adresser, telefonnummer og liknande.

43


sommersethdesign.no

SpareBank 1 Søre Sunnmøre Org. nr 937 899 785 Hovudkontor: Gymnasveien 2 PB 55 6101 Volda www.sparebanken.no E -post: sparebanken@sparebanken.no Telefon: 700 70 000 Faks administrasjon: 70 07 41 01 Faks kundeekspedisjon: 70 07 41 02


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.