FOTO: FIDEL FERNANDO-UNSPLASH
BLI EKSPERT
TEKST OG FOTO: AMALIE DALHAUG HALLELAND
Turutstyret ditt skal tole mykje og vare lenge, og du må halde det godt ved like og reparere det når det trengs.
Ta vare på utstyret ditt Det løner seg av fleire grunnar! Er det slitt eller øydelagt, kan du ofte reparere.
I Noreg brukar ein person i snitt tre gongar meir sports- og fritidsutstyr enn folk i resten av Europa. I tillegg kostar nytt utstyr mykje pengar, så om alt varer litt lenger, kan du spare mykje og bidra til å redusere forbruket av til dømes klede, liggjeunderlag, soveposar, brennarar og telt.* Fyrst og fremst er det viktig å halde utstyret ved like heile året. Når du kjem heim frå tur må alt
34 | SPEIDEREN #1.2022
turkast, så kan du impregnere vasstette klede og smørje lêrsko med skoimpregnering. Ein gong i sesongen kan det vere lurt å smørje glidelåsar med silikonfeitt og å plukke brennaren ifrå kvarandre, fjerne sot og smørje pakningar. Ulla di treng du nesten aldri vaske, det er nok å lufte godt etter bruk. Men sjølv om du gjer desse tinga, kan ustyret framleis bli øydelagt.