SPEIDEREN #1 - 2022

Page 36

KVA ER DU OPPTEKEN AV NO? TEKST: OSCAR ELIASSEN FINK І FOTO: PRIVAT

Ny spalte!

Ikkje reis unødvendig! Sara (18) er oppteken av klimaproblema, samstundes som ho er glad i å reise. Men ho meiner alle bør tenkje gjennom om ei reise er viktig eller ikkje.

se er 18 år og Sara Gabblegoo e roverlag i Førd rover i Iskaffe ho r Til dagleg gå speidargruppe. daregåande. andre året på vi

Kvifor er du opptatt av klimaet og miljøet? – Eg har ikkje lyst til at dyr og menneske skal døy fordi eg slepp ut CO2 og andre klimagassar. Det har store konsekvensar som me burde unngå, slik som smelting av polisen og breane. Sara prøver å la vere å gjere ting som gjev høgt utslepp av klimagassar, men det er litt vanskeleg til tider, vi er jo alle ungdommar som blant anna kanskje likar å stå litt lenge i dusjen. – Når eg handlar klede, vel eg plagg eg veit eg kjem til å bruke og reparere når dei blir øydelagde. Eg vil ikkje ha noko som blir brukt ein gong og så aldri meir igjen. OM REISER Men Sara er òg glad i å reise og skal til Sør-Korea på verdsspeidarleiren i 2023. – Skal du til Sør-Korea sjølv om reisa vil gje ganske høge utslepp? – Ja, fordi eg meiner at ei slik oppleving vil vere verdt det. Det å treffe speidarar frå heile verda og bli kjent med andre kulturar er morosamt og noko du lærer mykje av. Det bør vi fortsetje med, men det er viktig at vi finn meir miljøvennlege måtar å reise på. Ho fortel at ho ikkje reiser mykje, men ho skal på Spejdernes Lejr i Danmark i år. –Om nokon seier til deg at dei reiser mykje, kva tenkjer du då? – Unødvendige reiser tykkjer eg ein skal unngå, men har ein gode grunnar, er det greitt, meiner eg. – GRETA ER TØFF Kven er klimahelten din? – Eg ser opp til Greta Thunberg, og eg tykkjer at ho er tøff som starta med skulestreik for klimaet. Fleire burde gjere liknande ting, men ikkje skulke. Skule er viktig fordi det er vi som går på skulen no som må finne løysingane på klimaproblema. v

36 | SPEIDEREN #1.2022


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.