SPEIDEREN # 1 - 2021

Page 38

BLI EKSPERT TEKST: AMALIE DALHAUG HALLELAND І FOTO: AUGUST TOVEN GAUTUN

Hyggeleg og trygt Korleis drar ein behageleg på telttur vinterstid? Det er ikkje så vanskeleg. Vi går gjennom telt- og brennartips og korleis ein får det ordentleg hyggeleg og trygt i vinterheimen. Mange vegrar seg for å dra ut på telttur om vinteren i frykt for å fryse eller sove dårleg. Det treng du ikkje bekymre deg for om du har rett utstyr og kunnskap. Det er mange fordelar med å sove i telt på vinterstid. Det går raskt å sette opp og det er lett å finne ein egna teltplass. Om ein har gode vaner i teltet, kan vinterheimen verkeleg bli koseleg plass med reinskinn, lyslenker og soveposar. Med ein god brennar som du har kontroll på, kan du fyre inni teltet og få det ordentleg varmt og fint, og du kan også lage mat inne. For at dette skal fungere, må du velje rett telt og vere obs på risikoen knytta til fyring i telt.

38 | SPEIDEREN #1.2021

VAL AV TELT Det er fleire ting du må tenkje på når du skal velje telt. Kor stort er det? Har det stormmatter? Er det tunnel- eller kuppeltelt? Eit kuppeltelt har stengene på kryss og kan derfor stå betre opp mot vind frå fleire sider. Det er også ofte høgt under taket, men det kan vere mindre golvplass og mindre yttertelt enn i tunneltelt. Ein annan ting du bør tenkje på, er om du må setje opp innerteltet utan ytterteltet først, det kan vere dumt om du skal setje det opp i mykje vêr. Tunneltelt har stenger som går parallelt. Plasser teltet med

kortsida du ikkje brukar som inngang opp mot vindretninga. Om vinden snur, kan det bli ei utfordring, så sjekk vêrmeldinga. Dei fleste teltprodusentar har markeringar på dei telta som er rekna for bruk i vinterfjellet. Dei har sterkare stenger, ein solid duk som går heilt ned til bakken og ofte stormmatter. Du bør velje telt som er laga for å tole det vêret du skal ut i, vinden er spesielt viktig å hugse på. Stormmatter er påsydde flappar som ein kan leggje snø på for å sikre at teltet står stødigare i vind og vêr.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.