![](https://assets.isu.pub/document-structure/230110103027-ea3bcd0a4b056c524ba17f4c9842b5e9/v1/ab70bfa7ee0b2acfcdc2118852dff4d3.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
1 minute read
17.11 KODE: Skeiv kunst s
KODE: Skeiv kunst
Det skeive blikket er ei utstilling som skapar debatt. Kan kunst vere skeiv, eller leser vi berre kunsten inn i vår eiga tid? Må kunstnaren vere skeiv for at kunsten skal vere det?
Advertisement
For femti år sidan vart homofili avkriminalisert i Noreg. Dette var eit viktig vendepunkt for skeive over heile landet, og i samband med markeringa lanserer KODE utstillinga Det skeive blikket som forsøker å løfte fram skeive perspektiv i kunsten som “til no har vorte tolka ‘rett’”.
Utstillinga viser døme på skeive historier frå antikken, vikingtida og heilt fram til i dag, men reiser samstundes ein diskusjon om korleis ein kan tolke kunst på denne måten. Kva betyr det eigentleg å sjå kunst med eit skeivt blikk? Legg vi til verdiar i kunsten han ikkje var meint til å ha i utgangspunktet? Eller rettar vi opp eit perspektiv som til no har vore forbisett?
Mathias Skaset, KODE sin prosjektleiar for Skeivt kulturår, kommer til oss for å svare på spørsmål du har om skeiv kunst og Det skeive blikket. Ta med deg ein venn, skeiv eller ikkje, og møt opp i Festsalen på KODE 1.
Foto: Dim 7 / Unsplash Torsdag 17. november 18.00 Festsalen, KODE 1
Mathias Skaset
Prosjektleiar for Skeivt kulturår på KODE
En amerikaner
![](https://assets.isu.pub/document-structure/230110103027-ea3bcd0a4b056c524ba17f4c9842b5e9/v1/99bc8fe85914c6bed05d86944ab17466.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
i Paris med BFUNG
FREDAG 18. NOVEMBER KL. 19.30 I GRIEGHALLEN
Lawrence Foster dirigent Emilie Synnøve Liknes trombone
Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester
George Gershwin An American in Paris Launy Grøndahl Trombonekonsert Robert Schumann Symfoni nr. 2
Studenter kroner 100,-
HARMONIEN.NO