Studvest 2001 03

Page 1

Fotballsparkande jentelus Saman med 114 andre lag deltok Jentelusene (biletet) på fotballcup i Bergen Racketsenter i helga. SIDE 13

Onsdag 31. januar 2001 • Nr. 3 • Veke 5 • Årgang 56 • www.studvest.uib.no Returadresse: Parkvegen 1 • N-5007 BERGEN

Nytt ex.phil. slit ut forelesarar Utslitne ex.phil.-forelesarar fortviler. Den nye seminarordninga har ført til eit umenneskeleg arbeidspress og uverdige arbeidforhold. I haust mangla dei både pc, telefon og kontor. Vegleiing av studentar skjedde i kantina.

– Eg har brukt over 1000 kroner av eiga lomme på internett-kafe for å retta oppgåver over mail, seier Tore Ferner, som underviste på Mat.nat.

Gro Rørstadbotten var òg forelesar på ex.phil. i haust. Ho seier det er uaktuelt å gå tilbake til liknande arbeidsforhold. – Eg åt samstudes som eg hadde vegleiing, og betalte telefonen sjølv, seier ho. SIDE 5

Illustrasjonsfoto: ANNIKEN C. MOHR

Heilt vanleg onsdag SIDE 6

UgleZ fram frå mosen

Profitterer på AIDS

Etter ein haust i dvale har studentgruppa UgleZ komme tilbake på banen. Styremedlem Tore Lirhus (biletet) ønskjer å restaurera tilbodet for homofile, lesbiske og bifile, og arrangerer fleire foredrag og ein piknik i løpet av våren.

AIDS- epidemien har drept 16 millionar menneske på under 20 år. No sel dei store medisinprodusentane medikament mot sjukdommen, men prisane er så skyhøge at dei fattigaste landa ikkje har råd.

SIDE 12

SIDE 7

TIPS STUDVEST PÅ TELEFON 55 54 51 48 / 55 54 52 06


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Studvest 2001 03 by Studvest - Issuu