Studvest 2001 13

Page 1

STUDVEST

VEKE 17

ONSDAG 25. APRIL 2001 - NR. 13 - ÅRGANG 56 - WWW.STUDVEST.NO

FÅR IKKJE LEVERA HOVUDOPPGÅVA

BIBLIOTEKSGEBYR No må studentane sjølve betala for å få kopiar av tidsskrift frå andre bibliotek. Det har Rådet for Universitetsbiblioteket vedteke. Studentrepresentant Øyvind Neumann fryktar at dette vil føra til at studentane les færre tidsskrift. SIDE 5

OVERSKOT

Foto: JUNE SKODJE SKAAR

FORTVILT. Cecilie Hansen (t.v.) og Brita Eskeland får ikkje levera hovudfagsoppgåva si.

Studentar ved HF-fakultetet får ikkje levera hovudoppgåva si til hausten, dei må venta til november. Årsaka er pengemangel på fakultet. Studentane fortviler over situasjonen. – Til hausten får eg ikkje meir

studielån, men eg kan ikkje søkja jobb fordi eg ikkje har ein yrkestittel. Samstundes kan eg heller ikkje melda meg arbeidsledig sidan eg må vera student for å levera oppgåva, seier Brita Eskeland, som studerer kunsthistorie.

Fakultetsdirektør på HF, Asbjørn Bjørnset vil likevel ikkje lova betring. – Denne nye ordninga gjer at fakultet totalt sett sparar pengar, seier han.

SIDE 5

Norsk Studentunion (NSU) har snudd underskotet sitt på ein halv million til eit overskot på 260.000 kroner. Det kom fram på landstinget i helga, der også Trond Larsen (biletet) vart valt som ny leiar av organisasjonen.

SIDE 4

KROPPSDILEMMA

GÅTEFULL DINGS Foto: RIKKE F. CHRISTIANSEN

Etter fleire år på høgskuler og universitet, er mange studentar i ferd med å avslutte studiane sine. Are Folkestad (biletet) er ein av ni vi har snakka med som snart er ferdig med den avsluttande oppgåven. Han skal bruke dei neste to åra på å finne ut korleis han kan ta i bruk ein avlang metalldings.

SIDE 9- 15

Kven har rett til å definere den rette kroppen? Ved Instititutt for russisk, klassisk og religionsvitskap er to hovudfagsstudentar tilknytta forskingsprosjektet «Kampen om kroppen». SIDE 16


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.