Studvest 2002 15

Page 1

STUDVEST

NOREGS MEST KVALITETSREFORMERTE

VEKE 20

STUDENTAVIS

ONSDAG 15. MAI 2002 – NR. 15 – ÅRGANG 57 – WWW.STUDVEST.NO

Clemet avviser NHH-favorisering Foto: ÅSTA YTRE

Fleire kilder meiner at Noregs Handelshøgskule (NHH) har fått unntak for den nye gradsstrukturen i «kvalitetsreforma» på grunn av skulens sterke stilling internt i regjeringa. Arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman har vore rektor ved skulen, mens både Kristin Clemet og Kristin Krohn Devold har vore elevar. – Eg har ikkje eingong prata med Victor D. Norman om denne saka, seier utdanningsminister Clemet, og nektar for at hennar forhold til skulen har noko å seie for regjeringa sitt forslag.

SIDE 6

Narkolys kamuflerar blodflekkar

Dei nye, blå narkolysa som er installert på toaletta i Realfagbygget, støyter ikkje frå seg narkomane. Istaden blir det vanskelegare for vanlege toalettgjestar å oppdage blodflekkar på toaletta. SIDE 5

Ukår for kritikk

Arild Linneberg er uroa for fagkritikken sine kår. Han meiner at «kvalitetsreforma» kan kome til å undergrave desse kåra enno meir. Men løysinga på dette trur han studentane må kome med sjølve. SIDE 18

Foto: SILJE B. RISHOLM

Flaggermusikk

LOV OG LITT RETT På jussformidlinga har mellom anna Kent Solvang og Kent Andre Johannesen flusst å gjere, og plassen er det trongt om. Likevel fekk vi kome på besøk.

MIDTEN

Det skal vere glitrande kjolar og full festmundur når studentar ved Griegakademiet set opp operette for fyrste gong. Under festspela skal dei framføre ei akt frå «Flaggermusa» av Johann Strauss. Der spelar Kristin Mulders Steine Soldal og Sveinung Hølmebakk (biletet) ekteparet Eisenstein, som vert offer for intrigespel. SIDE 8


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.