Studvest 2003 09

Page 1

STUDVEST ONSDAG 19. MARS 2003 - NR. 9 - ÅRGANG 58 - WWW.STUDVEST.NO

Noregs eldste studentavis VEKE 12

Slutt på student-fylla

Fordomsfull presse I arabiske vekeblad vert den vestlege verda framstilt som eit samfunn bygd på utruskap og seksuelle avvik, der narkotikaen florerer og folket er utan tru. Hovudfagsstudent Pernille

Myrvold har dukka ned i fordommane, og ho meiner pressa i Noreg er like flinke til å oppretthalde mytane om menneska i Midtausten. SIDE 9, 10 OG 11

Månadlege utbetalingar frå Lånekassen har endra studentane sine drikkevanar i Bergen. Dette er inntrykket etter ei ringerunde til dei største student-utestadane i byen. – Det er meir «vanleg» drikking og mindre grøftefyll, seier Andre Holt på Hulen. SIDE 5

Holebuarar i nabokrangel

Naboane til Hulen har lenge vore plaga med hærverk frå gjestane på studentutestaden. No truar dei med å klage Hulen inn for forliksrådet. Jo Rasmussen, leiar for Hulen, er ikkje bekymra. SIDE 15

Seksualopplysing frå Jamaica

Studentar utbrende før førti Fryktar for helsa: Seks av ti studentar er redde for å bli utbrent før fylte førti. Heile to av tre kvinnelege studentar fryktar dei skal bli utbrende tidleg i yrkeskarrieren. Dette viser ei undersøking blant studentar på NHH, BI, jusstudia i Bergen og Oslo, samt NTNU.

Tøff arbeidsmarknad: – Utruleg skremmande, seier Line Asker, NHH-student og medarbeidar ved undersøkinga. Ho trur ein stadig hardare arbeidsmarknad har mykje av skulda for resultata. Undersøkinga blei lagt fram på Næringslivssymposiet der både ho og Christian Rasmussen (biletet) var med. SIDE 4 OG 5

Renee Johnson er i Bergen for å lære norske ungdommar om kondom og seksuelt overførbare sjukdommar. I programmet «togheter we can» skal ikkje berre nordmenn redde verda, verda skal også redde oss. SIDE 12


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.