221117studeregeografiba

Page 1

STUDERE GEOGRAFI ved Universitetet i Bergen


Geografi - eit fag for vår tid Geografar har ferdigheiter som trengs for å jobbe med komplekse samfunnsutfordringar. Geografistudiet ser på samspelet mellom miljø, natur og samfunn, og er tilpassa ei verd i endring. Geografar er attraktive arbeidstakarar. Geografar forstår drivkreftene bak miljø-, landskap- og klimaendringar, og konsekvensane deira for ulike samfunn. Geografar analyserer bruk og forvaltning av naturressursar. Geografar planlegg og utviklar stader og byar for framtida, og arbeider med næringsutvikling, velferd og lokalisering av arbeidsplassar. Geografar forstår korleis matsikkerheit, ekstremvêr og klimatilpassing heng saman. Geografar arbeider med miljø, utvikling, makt og rettferd. Geografar bruker kart og geografiske informasjonssystem (GIS) til å visualisere og analysere data. Bergen og Vestlandet er den perfekte ramma for samfunnsengasjerte og naturinteresserte geografistudentar. Feltkurs står sentralt i undervisninga på geografistudiet i Bergen, og byen og regionen blir brukt som studieområde. Gjennom feltkursa får du jobbe med aktuelle problemstillingar, du får erfaring med prosjektarbeid og kan teste ut teoriar i praksis, noko som er relevant for yrkeslivet. Gjennom feltkursa blir du også godt kjent med dine medstudentar. Geografistudentane i Bergen er kjente for samhald og godt studentmiljø. Velkommen som geografistudent i Bergen!


Geografi og karriere Med sin tverrfaglege bakgrunn har geografar ferdigheiter som får oss alle til å sjå og tenke på nye måtar. Det gjer geografar godt skodd til å løyse både små og store samfunnsutfordringarvi står overfor i tida som kjem. NINA BERGAN HOLMELIN Forsker/stipendiat ved CICERO Senter for klimaforsking Geografiens teorier og tilnærminger er også svært godt egnet for å studere tilpasning til klimaendringer, som jo foregår lokalt, men i samspill med globale endringer.

IDA GRØNDAL STEFFENSEN Avdelingsingeniør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Som geograf får du en fot innenfor flere steder, og du får et unikt perspektiv som skiller deg fra andre samfunnsvitere og naturvitere.

EVEN VAULAR Samfunnsutviklar i Fedje kommune Det heilskaplege perspektivet på verda ein får gjennom geografifaget gjer at ein vert bevisst på kompleksiteten på ein stad og i eit samfunn. Slik står ein betre rusta når ein skal planleggja og utvikle samfunn.


Feltkurs st책r sentralt i undervisninga p책 geografistudiet ved UiB. Gjennom feltkursa f책r du jobbe med aktuelle problemstillingar, du f책r erfaring med prosjektarbeid og kan teste ut teoriar i praksis.


Bachelorprogram i geografi Ein bachelorgrad har 180 studiepoeng fordelt på tre år. På bachelorprogrammet i geografi tar du først felles innførings- og geografiemne. Dette gir ein basiskunnskap i både samfunns- og naturgeografi. På slutten av studieløpet vel du ein studieretning som du fordjuper deg i. I tillegg har du 60 frie studiepoeng der du kan studere det du vil ha inn i graden din. Du kan også studere eitt eller to semester i utlandet som del av graden. Vi har mange utvekslingsavtaler med universitet over heile verda.

Felles innføring (1.-3. semester) 1. semester EXPHIL Examen philosophicum GEO100 Introduksjon til geografi GEO110 Kartografi og tematiske kart 2. semester GEO111 Landformdannande prosessar GEO124 Regional utvikling 3. semester GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi GEO125 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø GEO131 Ressursforvaltning og global utvikling


Institutt for geografi anbefaler studentar til ü reise pü utveksling i løpet av bachelorstudiet. Vi har utveklsingsavtalar over heile verda. Som utvekslingsstudent für du internasjonal erfaring som eit tillegg i utdanninga di.


Bachelorprogram i geografi Frie studiepoeng/utveksling (4. - 5. semester) Du tar emne frå andre fagfelt eller fleire geografifag, ved UiB eller eit samarbeidsuniversitet i utlandet. Anbefalte geografiemne ved UiB i 5. semester: GEO215 Geografiske informasjonssystem:Teori og praksis GEO217 Hydrologi, grunnvatn og geofare GEO281 Miljøforvaltning og planlegging

Fagleg spesialisering - val av studieretning (6. semester) Naturgeografi: GEO204 Kvantitativ metode GEO212 Terrestriske klima- og miljøendringar GEO291 Naturgeografisk feltkurs Miljø- og landskapsgeografi: GEO204 Kvantitativ metode + GEO206 Kvalitativ metode GEO282 Kulturlandskapets geografi GEO293 Miljøgeografisk feltkurs Utviklingsgeografi: GEO204 Kvantitativ metode + GEO206 Kvalitativ metode GEO231 Teoriar om migrasjon og utvikling GEO292 Regionalgeografisk feltkurs Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging: GEO204 Kvantitativ metode + GEO206 Kvalitativ metode GEO221 Globalisering og stadsutvikling GEO292 Regionalgeografisk feltkurs


Geografistudiet tar opp samfunnsaktuelle tema som: • Grønn omstilling og planlegging • Steds- og næringsutvikling • Klimaendringer og naturfare • Global utvikling, migrasjon, makt og rettferdighet • Forvaltning av naturressurser og matsikkerhet • Klima og energiomstilling • Landskapsendringer og miljø Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i geografi innanfor den studieretninga du spesialiserte deg i på slutten av bachelorstudiet.

Har du spørsmål? Nettside: uib.no/geografi E-post: studieveileder@geog.uib.no

@uibgeografi

UNIVERSITETET I BERGEN / POSTBOKS 7800, 5020 BERGEN 55 58 00 00 / POST@UIB.NO / UIB.NO


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.