Universitetet i Bergen og samfunnet

Page 1

2019

UNIVERSITETET I BERGEN OG SAMFUNNET


HELSING FRÅ REKTOR Universitetet i Bergen har blikket vendt mot verda, slik tradisjonen er her vest. Fotfestet og forankringa er i ein by og ein region rik på historie og kultur, med høg verdiskaping og innovasjonskraft i eit trygt samfunn med høg velferd. Dette gir dei beste lokale og regionale rammer for samfunnsoppdraget vårt. Strategien vår har overskrifta «Kunnskap som formar samfunnet». Med denne signaliserer vi tydeleg rolla vi har i samfunnet. Vi skaper ny innsikt og forståing gjennom forsking, og denne kunnskapen ligg til grunn for all vår undervising, formidling og innovasjon. Kunnskap og kompetente,

nysgjerrige og nyskapande studentar er det største bidraget vårt til samfunnet, både globalt og lokalt. Vi utfører dette samfunnsoppdraget i tett samarbeid med byen og regionen. Med 18 000 studentar og over 4 000 tilsette er vi tydeleg til stades i Bergen. Vi ønskjer her gjennom tal og eksempel å vise verdien vi har både for storsamfunnet, for Bergen by og for regionen her vi har vårt ankerfeste. God lesing!

Dag Rune Olsen, rektor


UNIVERSITETET I BERGEN OG SAMFUNNET

3

UNIVERSITETET I BERGEN I 2019 ANDEL KVINNER OG MENN

52% 48%

ÅRSVERK

(2 128)

(1 934)

4 062

ULIKE NASJONAR Universitetet i Bergen er eit internasjonalt universitet. Det viser seg i høg grad blant dei tilsette som kjem frå 88 ulike nasjonar. Tyskland, Sverige og Storbritannia er dei landa som er høgst representert blant dei tilsette ved UiB etter Noreg.

INNTEKTER (I MILL. KRONER)

5 213

Universitetet i Bergen sine totale inntekter

1 080

Bidrags- og oppdragsinntekter (BOA)


4

BIDRAG TIL BERGEN VARER OG TENESTER (I MILL. KRONER)

Totalt

2 020

Som byens største høgare utdannings-

535* 26% av UiBs kostnader til varer og tenester i 2019 vart brukte i Bergen

* Gjeld ikkje leverandørar med fakturaadresse/hovudkontor utanfor Bergen.

institusjon, bidreg Universitetet i ­Bergen (UiB) med uvurderleg kunnskap, utdanning og internasjonalisering i Bergen. UiB er også ein viktig samarbeidsaktør for både ­næringsliv og det offentlege, i vårt felles oppdrag om å realisere FNs Berekraftmål. Sentralt i dette arbeidet står UiBs klyngesatsing, ei satsing som gir lokale så vel som internasjonale ringverknader. UiB sine 18 000 studentar bidreg også sterkt til byens kultur- og

FORBRUK STUDENTAR (I MILL. KRONER)

2 286

Så mykje pengar la UiB-studentane igjen i Bergen i 2019, i form av husleige, handel og kulturopplevingar i byen.

uteliv. Utan studentane hadde verken Bergen eller store a­ rrangement som Festspillene, BIFF og ­Bergenfest vore det same. Marte Mjøs Persen, ordførar i Bergen

PRAKSIS

757 studentar hadde arbeidsrelevant praksis i studieåret 2018/2019.


UNIVERSITETET I BERGEN OG SAMFUNNET

5

Arbeidslivsrelevant praksis Studentane ved UiB bidreg stort i arbeidslivet i regionen, og i løpet av studietida får mange av dei relevant arbeidserfaring. UiB har samarbeidsavtalar med ei rekkje ­bedrifter og offentlege instansar om ­praksis for studentane. For studieåret 2018/2019 hadde 757 UiBstudentar praksis.

kommune (lektorstudentar, og studentar på praktisk-pedagogisk utdanning) og Helse Vest (medisin, psykologi og andre helsefag). For UiB er det viktig å tilby studium som gir god arbeidsrelevans. Praksisopphald i studietida bidreg til kvaliteten i utdanninga og gjer at studentane får nyttig erfaring og arbeidstrening.

Dei største samarbeidspartnarane for praksisutveksling er tidlegare Hordaland fylkes-

Praksis i Bergen kommunes Næringsseksjon gav meg verdifull og relevant arbeidserfaring som eg ikkje ville fått moglegheit til elles. Det var spennande å oppleve kva eg kan bruke utdanninga mi til. Dessutan møtte og arbeidde eg med utruleg mange Namn: Anne Baumann Studie: Samanliknande politikk Praksisbedrift: Bergen kommune, Næringsseksjonen

­hyggelege menneske som eg kan kontakte i dag viss eg lurer på noko.


6

STUDENTANE VÅRE TAL PÅ STUDENTAR

VESTLANDET

61% kjem frå eit av vestlandsfylka*

17 889

Vestlandet er den viktigaste geografiske rekrutteringsarenaen for Universitetet i Bergen. *Vestland, Møre og Romsdal og Rogaland

HJERNEGEVINST

32,5% UiB bidreg med hjerne­gevinst i Hordaland. Kandidatar frå UiB blir i stor grad verande i Hordaland, også etter fullført studieløp.

45,7% 32,5% budde i Hordaland før studiane 45,7% budde i Hordaland etter fullført utdanning

BIDRAG TIL LOKALT ARBEIDSLIV

82%

Andel av studentar som har jobb ved sidan av studiane.

2 200

Studentane bidrog med arbeidskraft tilsvarande ca. 2 200 årsverk i 2019.


UNIVERSITETET I BERGEN OG SAMFUNNET

7

KULTUR

«Århundrets stemme»: Sopran Lise Davidsen har blitt omtala som århundrets stemme av kritikarar etter at ho ­debuterte på Metropolitan Opera i New York i november 2019. Davidsen har studert ­ ved Griegakademiet, og i oktober fekk ho ein æresdoktorgrad ved UiB. På biletet er ho saman med H.M. Dronninga etter ­premieren i New York 29. november.

KONSERTAR

150

konsertar vart haldne av studentane ved Fakultet for kunst, musikk og design i 2019.

UTSTILLINGAR

50

utstillingar og føredrag vart arrangerte av studentar ved Fakultet for kunst, musikk og design i 2019.

Første kvinne: I 2019 vart Hildegunn Øiseth som første norske kvinne tilsett ­ i ei stilling i instrumental jazz på førsteamanuensisnivå. Med Øiseth håper Grieg­ akademiet å skape eit miljø for kvinnelege jazzmusikarar. Øiseth er trompetist, og prislønt for å bruke det norske ur-­ instrumentet bukkehorn.


8

INTERNASJONALE UiB Universitetet i Bergen er eit internasjonalt orientert universitet som forskar på dei globale utfordringane, og utdannar innan desse. For å løyse dei store utfordringane innan helse, klima og fattigdom, er det viktig at vi som universitet samarbeider med kunnskapsinstitusjonar over heile verda. UiB har avtalar med om lag 600 institusjonar innan alle fagområde.

UTREISANDE STUDENTAR

799

Kina UiB har eit særskilt samarbeid med Kina. Samarbeidet skal leggje til rette for forsking, undervisning, innovasjon og formidling av høg kvalitet. UiB har avtale med fleire institusjonar i Kina, og hausten 2019 signerte universitetet ein ny avtale - då med Peking University, som er rangert som eit av dei ­beste universiteta i verda.

studentar var på utveksling i 2019. Studentar ved Det juridiske fakultet og Det psykologiske fakultet er dei som i størst grad reiser ut i verda på utveksling.

Arqus I 2019 fekk UiB og universiteta i Granada, Gratz, Leipzig, Lyon, Padova og Vilnius EU-finansiering til å opprette Arqus ­European University Alliance. Målet med Arqus er å etablere ein allianse for tett og omfattande samarbeid innan undervisning, forsking og samfunnskontakt. Regional forankring og stor kontaktflate mot folk, næringsliv og samfunnsliv i ­regionen er ein sentral ide i Arqus.

INNREISANDE STUDENTAR

1 231

Uganda I 2019 markerte vi 30 års samarbeid mellom UiB og Makerere University i Uganda. Samarbeidet er den lengstlevande internasjonale samarbeidsavtalen UiB har. Samarbeidet har mellom anna resultert i om lag 150 doktorgradar og 300 mastergradar.

innreisande utvekslings– studentar studerte ved Universitetet i Bergen i 2019.

NOREGS MEST SITERTE UNIVERSITET

90 80 70 2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

UiB si forsking får gjennomslag og vert brukt av andre forskarar. Det viser evalueringane frå dei viktigaste rangeringane. Times Higher Education World University Rankings har gjennom fleire år rangert UiB som det mest siterte universitetet i Noreg, i 2019 med ein skår på 94,1 av 100.


UNIVERSITETET I BERGEN OG SAMFUNNET

9

FNS BEREKRAFTSMÅL RANGERING

RANGERING

KURS I BEREKRAFT

#53

#15

SDG214

I 2019 rangerte det anerkjente Times Higher Education (THE) for fyrste gong universitet ut frå deira sosiale og økonomiske bidrag til samfunnet, basert på berekraftsmåla. UiB var einaste norske universitet som kom med i denne rangeringa.

Rangering på Berekraftsmål 12, Ansvarleg forbruk og produksjon, i THE si rangering. UiB var det fyrste større universitetet som blei sertifisert som Miljøfyrtårn, som er Noregs mest brukte miljøsertifiseringsordning.

Kurset SDG214 tar ei leiande rolle i tverrfagleg utdanning på berekraftig hav, tiltrekkjer seg studentar frå heile verda og har vakt global merksemd.

Universitetet i Bergen har ei leiande rolle i arbeidet med berekraftsmål 14, Liv under vatn, på vegner av FN-organisasjonen United Nations Academic Impact. UiB skal inspirere og motivere partnarar globalt i arbeidet for kunnskap om eit berekraftig hav.

Universitetet i Bergen er eit anerkjent universitet med stor fagleg breidde og eg har sjølv gode minne frå mi tid som student ved UiB. Som statsminister vil eg spesielt ­framheve satsinga på marin forsking, klima og energi, omstilling og globale samfunnsutfordringar. På desse områda er universitetet eit ­internasjonalt fyrtårn. Gjennom utdanning og forsking betyr UiB svært mykje, ikkje minst for næringslivet på vestlandet. Eg vil òg ­framheve den leiande rolla universitetet har tatt i korleis universiteta og høgskulane i Noreg kan bidra til å nå FNs berekraftsmål. Erna Solberg, statsminister


10

MARIN Bergen har lange tradisjonar knytt til h ­ avet. ­Marin forsking er eit av satsingsområda til UiB. Nokre av dei marine forskingsgruppene i ­Bergen er blant dei mest anerkjente i verda, og dei har vore omtala som eit internasjonalt kraftsentrum med politisk påverknad.

Eg har stor respekt for ­Universitetet i Bergen som er eit av dei store universiteta i verda når det gjeld marin forsking. Eg er audmjuk over å bli tildelt eit æresdoktorat og ser fram til å vere ein representant for Universitetet i Bergen. Peter Thomson, FNs generalsekretærs spesial­utsending for havet og æresdoktor

Stor undersøking: Bergen er Noregs havby Flesteparten av dei spurte i ei stor undersøking utført av Opinion, meiner at Bergen er Noregs havby. 30 prosent plasserer Bergen på topp, framføre Tromsø, som 15 prosent av dei spurte meiner er Noregs havby. Om lag 40 prosent legg byens havforskings- og ­utdanningsmiljø til grunn for sitt val av by.

ved Universitetet i Bergen

EU-MIDLAR

34% av EU-midlane til marin forsking hos dei norske universiteta gjekk til Universitetet i Bergen. Dette plasserer UiB på topp og er dobbelt så mykje som det nummer to på lista fekk.


UNIVERSITETET I BERGEN OG SAMFUNNET

11

KUNNSKAPSKLYNGER Universitetet i Bergen skal vere ein pådrivar for nytenking og kunnskapsdeling. Difor samarbeider vi med forskingsinstitusjonar og samfunns- og næringsliv om å bygge kunnskapsklynger der vi utviklar framifrå og nyskapande forsking, utdanning og innovasjon. Kunnskapsklyngene er etablerte på område der UiB ­allereie har høg internasjonal fagleg kvalitet.

UiB HAR FØLGJANDE SEKS KLYNGER:

Helseklynge

Klimaklynge

Alrek Helseklynge har som mål å bli eit internasjonalt kraftsentrum som skal skape innovative helseog omsorgsløysingar i primærhelsetenestene for heile mennesket, ved hjelp av framifrå forsking og utdanning, fullverdige praksisarenaer og tverrfagleg samhandling. Bygging av Alrek-bygget starta i 2019, og skal stå ferdig hausten 2020.

UiB er vertskap for Bjerknessenteret for klimaforsking, det største klimaforskingssenteret i Norden og eit av dei leiande i Europa. Bjerknessenteret ­samlar store delar av klimaforskingsmiljøa ved ­Geofysisk institutt, Institutt for geovitskap og Institutt for ­ biovitskap, i tillegg til klimaforskarar ved NORCE, ­Nansensenteret og Havforskningsinstituttet.

Medieklynge

Marin klynge

Media City Bergen er ei internasjonal kunnskaps- og næringsklynge for mediebransjen der UiB har ei sentral plassering. Under same tak som leiande medieog teknologiselskap som NRK, TV2, Vizrt, BT, IBM og Vimond samarbeider UiB med bransjen om utdanning, og vi samlar eit internasjonalt leiande miljø som utviklar kunnskap og innovasjon i mediesektoren.

Bergen Marine forskingsklynge samlar verdsleiande marine forskingsmiljø på Marineholmen i Bergen. UiB er ein stor aktør i den marine klynga, og saman med partnarane utviklar vi kunnskap om havområda våre, marine ressursar og akvakultur. Målet er å svare på regionale, nasjonale og globale utfordringar innan klima, teknologi, helse, miljø og ressursar.

Energiomstillingsklynge

Mellomalderklynge

Energiomstilling VEST er eit samarbeid mellom UiB, NORCE, Norges Handelshøgskole og Høgskulen på Vestlandet. I Energiomstilling VEST skal ein kople saman miljø frå forsking og utvikling, næringsliv og offentleg sektor i regionen. Målet er å mobilisere til auka forsking og innovasjon innan energiomstilling.

Mellomalderklynga legg til rette for eit auka samarbeid mellom fagmiljø og samlingar ved UiB, og med eksterne partnarar som museum, arkivverk, skular, reiselivsnæring, forvaltingsapparat og andre representantar for kultur- og samfunnsliv.


12

FORSKING OG INNOVASJON FORRETNINGSIDEAR

FRAMIFRÅ FORSKING

36

registrerte forretningsidear i 2019 frå tilsette ved Universitetet i Bergen.

INNOVASJONSPROSJEKT

46

4

UiB er vert for fire sentre for framifrå forsking. Dei fire er Birkelandsenteret for romforsking, Senter for forsking på mødre- og barnehelseintervensjonar, Senter for kreftmarkørar og Centre for Early Sapiens Behaviour. I tillegg er UiB partnar i Norsk senter for forsking på mentale lidingar som vert leia av UiO.

AVLAGDE DOKTORGRADER I 2019

innovasjonsprosjekt starta i samarbeid med Vestlandets Innovasjonsselskap (VIS) i 2019. Totalt har UiB 60 pågåande prosjekt i samarbeid med VIS ved inngangen til 2020.

229

MEDISINSK NYVINNING

Professorane ved Det medisinske fakultet, Rolf Bjerkvig og Per Eystein Lønning, samt overlege Lars Prestegarden i selskapet Cytovation, står bak innovasjonen av eit medikament som målretta fjernar kreftceller ved å aktivere kroppens immunforsvar. I løpet av kort tid har selskapet fått godkjenning til klinisk utprøving i Europa der det no pågår studiar.


UNIVERSITETET I BERGEN OG SAMFUNNET

13

HELSE BERGEN 4 DAY TREATMENT

2 000

pasientar har fått behandling for tvangslidingar, panikklidingar eller sosial angst gjennom modellen Bergen 4 day treatment (B4DT). Modellen er utvikla av UiB-professorane Gerd Kvale og Bjarne Hansen. Behandlinga går over fire intensive dagar, der pasientane får opplæring og blir konfronterte med individuelt tilpassa eksponeringsterapi. Ved å sette saman tidlegare kjente prinsipp på ein ny måte, og å etablere ein modell for opplæring og integrert kvalitetssikring, har ein fått resultat i verdsklasse. 15 helseføretak i Noreg har tatt i bruk behandlingsmodellen, og i utlandet er han tatt i bruk i Stockholm, Reykjavik og Houston.

BCEPS Forskingsgruppa Globale helseprioriteringar blei til senteret BCEPS i 2019, under leiing av Ole Frithjof Norheim. BCEPS får 121 millionar kroner i støtte frå Bergens forskningsstiftelse (BSF), NORAD, UiB, og Bill og Melinda Gates Foundation. BCEPS skal intensivere arbeidet sitt med lokal kapasitetsutbygging i hovudsakleg afrikanske land ved å trene opp fleire forskarar og helseadministrasjon til å ta betre økonomiske og rettferdige slutningar ut frå knappe budsjett.

Noregs første Forskingssenteret for klinisk behandling, Neuro-­ Sysmed, får 160 millionar kroner frå F­ orskningsrådet for å finne ny og betre behandling for hjernesjukdommar som MS, ALS, Parkinsons sjukdom og ­demens. Dette er Noregs første forskingssenter i ei nysatsing frå Forskningsrådet, og senteret skal organisere og gjennomføre utprøvande behandling av pasientar frå heile landet. Senteret vert leia av professor Kjell-Morten Myhr og professor Charalampos Tzoulis, og det er eit samarbeid mellom UiB, Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sykehus.

Sjukehuset og universitetet har gått hand i hand opp igjennom historia og har vore gjensidig avhengige av kvarandre for å utvikle seg som utdanningsinstitusjon og sjukehus, og ikkje minst innan forsking. Det medisinske fakultet har vore ein av grunnsteinane sidan Universitetet i Bergen vart oppretta i 1946. Kvart år utdannar vi tusenvis av helsearbeidarar, og saman er vi landets nest største forskingsmiljø innan medisin og helsefag. Saman med universitetet har vi eit spisskompetent miljø som heile tida ­utviklar helsetenesta til beste for pasientane og befolkninga. Eivind Hansen, administrerande direktør, Helse Bergen


14

KLIMA Innan år 2030 skal UiB vere eit klimanøytralt universitet. Vi skal nå det ambisiøse ­klimamålet ved å kvart år redusere utslepp knytt til innkjøp av varer og tenester, reiser og energibruk, samt ved å effektivisere arealbruken.

VILLIGE TIL Å ENDRE VANAR

NY REISEPOLICY

90%

av dei tilsette og studentane ved UiB er villige til å endre vanar av omsyn til klimaet. Det kom fram i ei undersøking gjennomført hausten 2019.

REDUKSJON I UTSLEPP

10%

reduksjon i CO2-utslepp i samband med flyreiser. Styret ved UiB vedtok i november 2019 ny reisepolicy med ambisjon om ein årleg gjennomsnittleg reduksjon på 10 prosent CO2.

FORBRUKSMATERIELL

9 tonn CO2 Hausten 2019 innførte UiB miljømerka forbruksmateriell innan kontorrekvisita. Utrekningar viser at ein med det grepet kuttar om lag ni tonn CO2 i året.

40%

reduksjon i utslepp frå kjøp av varer og tenester innan år 2025.

KLIMAFORSKING

251

publiserte artiklar frå UiB innan klimaforsking. UiB er ein dominerande aktør i Noreg og er ein viktig aktør internasjonalt på dette området. Web of Science plasserer Noreg på 16. plass i publikasjonsvolum internasjonalt på søkeordet «climate», og UiB på topp i Noreg.


UNIVERSITETET I BERGEN OG SAMFUNNET

15

GLIMT FRÅ 2019

Prestisjetung status

15 år med forskarstøtte

Senter for Integrert Geovitskapeleg utdanning (iEarth) fekk i 2019 status som Senter for Fremragende Utdanning (SFU). iEarth er eit nasjonalt samarbeidsprosjekt leia av Universitetet i Bergen, og det tar sikte på å utvikle undervisninga i geofaget. Gjennom iEarth ønskjer ein å promotere eit studentfokusert og innovativt læringsmiljø for morgondagens geovitskaplege studentar. Slik kjem vi komplekse samfunnsutfordringar i møte.

Trond Mohn stiftelse feira i 2019 sine 15 fyrste år. Stiftinga har betydd mykje for UiB, og ho har gjennom åra gitt midlar til fleire samfunnsnyttige ­ forskingsformål. Eit godt eksempel er TMS Starting Grant-­ programmet (tidlegare rekrutteringsstipend). Midlane lar unge forskarar bygge opp ei gruppe ved UiB rundt sine forskingsinteresser og gir dei eit langtidsperspektiv. Sidan det fyrste TMS Starting Grant blei tildelt i 2007, har totalt 42 unge forskarar fått stipendet.

Avslørte lynets hemmelegheit I desember 2019 kunne forskarar frå Birkelandssenteret for romforsking ved UiB avsløre kva som skjer i den høge atmosfæren når det lyner og tornar. Eit sentralt spørsmål som lenge har opptatt romforskarar, er rekkefølga på gammaglimt og det synlege lynet. Skjer dei samtidig, eller kjem det eine før det andre? Forskarane frå UiB kunne presentere at gammaglimtet kjem før det synlege lynet. Dei nye funna er gjort frå instrumentpakken Atmosphere-Space ­Interactions Monitor som blei sendt til Den internasjonale romstasjonen i 2018.


Innhald og design: Kommunikasjonsavdelingen, UiB Trykk: Bodoni AS Foto: Forside: Thor Brødreskift / s. 2: Eivind Senneset / s. 4: Hans Jørgen Brun / s. 5: Privat (portrettbilde), Colourbox (stort bilde) / s. 7: Karen Almond/Met Opera (bilde 1), privat (bilde 2), Eivind Senneset (stort bilde) / s. 9: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor (portrettbilde), Eivind Senneset (stort bilde) / s. 10: Thor Brødreskift (portrettbilde), Unsplash (stort bilde) / s. 13: Helse Bergen / s. 15: NASA

Universitetsmuseet Naturhistorie opna dørene i midten av oktober etter fleire års oppussingsarbeid. Frå opninga og ut 2019 hadde samlinga 49 413 besøkande. Totalt hadde Universitetsmuseet i Bergen 66 713 besøkande i 2019.

Ø M E R KE T ILJ

9 Trykksak 6

uib.no

M

1 9

24


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.