
6 minute read
Boka – innhald og inndelingar
14
MARIt OLAVE RIIS-JOHANSEN, RANDI SOLHEIM OG HILDEGuNN OtNES
ordet og skaper meining saman (Matre & Fottland, 2011). Dette er ein tankegang vi er meir kjende med frå skriveopplæringa; i skulen skal ein både lære å skrive og skrive for å lære. Å utvide både skrive- og samtalekompetansen til elevane, til dømes ved å legge til rette for dialogiske hendingar (jf. Igland & Skaftun), er ein del av det store oppdraget til lærarane. Samtalen er også ein arbeidsreiskap, både i samarbeid om undervising og vurdering og i utvikling av profesjonsfellesskapar. På same måten som det å studere samtalar mellom elevar kan ta oss inn i læringsprosessane deira, kan samtalar mellom lærarar seie oss noko om refleksjonane dei gjer kring eigen praksis (jf. Liberg & Folkryd; Ofte & Otnes). Slike dialogar gir også innsyn i korleis lærarar lærer, og korleis dei gjennom samtale utviklar kunnskap saman.
Denne antologien har tre delar som saman dekker ulike steg i utdanningsløpet og presenterer ulike faglege perspektiv og inngangar – frå empiriske studiar til overordna utdanningspolitiske perspektiv, forankra i aktuell forsking.
Del 1 av boka – Samtalar om skriving og fag − gir innsyn i skrivepraksisar på barnetrinnet, både gjennom kasusstudiar av skriving og samtale i skulen og gjennom meir overordna perspektiv på den same tematikken, basert på større metastudiar. Her får vi også innsyn i dialogiske tilbakemeldingspraksisar på ungdomstrinnet og ein analyse av fagleg klassesamtale i vidaregåande skule.
Den første artikkelen, av Randi Solheim, Vivi Nilssen og Arne Johannes Aasen, gir perspektiv til boktittelen: Studien går tett på ei skrivehending der to seksåringar, gjennom samtale, samskriving og leikprega samspel, legg grunnlag for meiningsfylt tekstproduksjon på eigne premissar. Gjennom analyse av doble videoopptak viser studien korleis elevane i ulike fasar av skrivinga imiterer – og lærer av − kvarandre, både når det gjeld formelle sider ved språket og ulike måtar å handle på gjennom skriving. Det er prosessen og ikkje produktet som utgjer framgrunnen i analysane, og studien viser korleis elevane involverer kvarandre i kompleks samhandling og tar i bruk ulike multimodale ressursar. Såleis står tekstskapingsprosessen fram som ei meiningsfull og lærerik skrivehending, der elevane drar vekslar på personlege interesser og får tatt i bruk eit breitt register av ressursar, mens teksten i seg sjølv blir ein artefakt i leiken.
Daroon Yassin Falk og Lennart Jølle slår fast at god skriveundervising må romme velutvikla måtar å snakke om tekst og skriving på. I denne studien undersøker dei samtalar mellom lærarar og andreklassingar som skriv argumenterande tekstar. Em-
INNLEIING SAMtALE, SAMSKRIVE, SAMHANDLE 15
pirien er henta frå intervensjonsforsking der læraren har fått ei skriveoppgåve med lærarrettleiing. Eit sentralt spørsmål i studien er korleis læraren omset desse ressursane til undervising. Analysane dreiar seg om kva som blir tema i samtalene mellom lærar og elev, og viser at elevane får lite hjelp med å styrke argumentasjonen sin, mens formmessige trekk får mest merksemd, både frå lærar og elev. Ved å gå inn i skriveprosessen og samtalane rundt skrivinga synleggjer forskarane kvifor tekstane blir som dei blir. Samtidig gir artikkelen overordna perspektiv på skriveopplæringa ved å løfte fram den kjeda av tekstar som påverkar praksisen i klasserommet.
Dei britiske skriveforskarane Debra Myhill, Ruth Newman, Annabel Watson og Susan Jones løftar i artikkelen sin fram ein slåande mangel på forsking omkring samanhengen mellom samtale- og skriveutvikling blant elevar på barnetrinnet (− ein situasjon dei to artiklane som er omtala ovanfor, kan bidra til å møte). Myhill med kollegaer jamfører funn frå to tidlegare studiar av samtalar om skriving mellom lærarar og elevar på 10−11 år. Dei løftar fram korleis det dei kallar ‘dialogisk metaspråkleg snakk’, kan stimulere elevane til å tenke og reflektere over dei språklege vala dei tar mens dei skriv. Forskarane argumenterer for at lærarar treng eit stort samtalerepertoar («talk repertoire») for å stimulere elevane si metaspråklege merksemd, og med utgangspunkt i tidlegare forsking lagar dei ein taksonomi over samtaletrekk («talk moves») som kan brukast for å stimulere samtalar om språklege val i skriveprosessar. Artikkelen gir både teoretiske og empiriske argument for ein skrivepedagogikk der samtalar inngår som eit viktig ledd i læringa.
Samtaleforskaren Marit Skarbø Solem studerer heilklassesamtalar – og primært deltakarstrukturar og formelle trekk i desse. Ho nyttar analytiske grep fra CA («Conversation Analysis») for å kaste lys over deltakarmønster og kunnskapsposisjonar i samtalen. Studien gir døme på sekvensar initiert av eleven, noko som bryt med det lærarstyrte IRE-mønsteret. Empirien viser at heilklassesamtalar gir rom for elevinitiativ, og nyanserer såleis ein vanleg kritikk av heilklassesamtalen. Analysane viser at det ikkje nødvendigvis er formatet til ytringa, men samtalekonteksten som avgjer om «opne» og «lukka» spørsmål eller spørsmål «med kjent svar» fungerer hensiktsmessig. I tillegg viser funna at sjølv når sekvensane er elevinitierte, er utdjuping av faglege tema ofte lærarstyrt. Den viktigaste didaktiske implikasjonen av studien er at lærarane som styrer heilklassesamtalane, bør vere medvitne om formålet med samtalane.
Mari-Ann Igland og Atle Skaftun lanserer omgrepet dialogiske hendingar for å kunne drøfte kva som krevst for at skriveundervisinga skal få det dialogiske preget som mange argumenterer for at ho bør ha. Som empirisk eksempel på korleis ei
16
MARIt OLAVE RIIS-JOHANSEN, RANDI SOLHEIM OG HILDEGuNN OtNES
dialogisk hending kan utspele seg, følgjer dei ein digital dialog som tar form i kommentarfeltet til eit Google-dokument, mellom ein ungdomsskuleelev og ein forskar som kommenterer eleven sin tekst i sanntid. Empirien opnar òg for å sjå korleis ulike ressursar (her: digitale verktøy) kan gi endringar både i deltakarmønster, «setting» – og dermed i sjølve responspraksisen. Artikkelen gir både teoretiske bidrag til kva vi kan forstå som dialogisk undervising, han rommar ei metodologisk drøfting av korleis ein kan undersøke slike hendingar, og han gir lærarar – på ulike nivå – didaktiske føringar for å kunne legge til rette for dialogiske hendingar i eiga undervising.
I del 2 av boka – Lærarstemmer i dialog – er det lærarane som let seg høyre. Vi får innsyn i korleis grunnskulelærarar og lærarutdannarar samhandlar, og vi får demonstrert verdien av å forske på både innhaldet i og forma på slike kollegasamtalar.
Caroline Liberg og Jenny Folkryd er opptekne av kva forståing lærarar har av dei yngste elevane sin skrivekompetanse. Dei analyserer samtalar mellom lærarar og samanliknar samtalar som er gjennomførte før og etter eit vidareutdanningsprogram om skriveutvikling. Analysane tar både for seg korleis lærarane i samtalane samarbeider og bygger på ytringane til kvarandre, og kva lærarane fokuserer på i elevtekstane. Ved hjelp av Hallidays ulike typar av «ekspansjonar», og med ulike tekstkategoriar (som kommunikasjon, innhald og samanheng), viser forfattarane at lærarane etter vidareutdanninga snakkar saman om elevtekstane på meir komplekse måtar.
Ingunn Ofte og Hildegunn Otnes presenterer ein studie frå høgare utdanning. Materialet består av samtalar mellom lærarutdannarar frå fleire fag som deler erfaringar frå – og syn på – skriving i studentane si akademiske utdanning. Artikkelen prøver å avdekke kva samtaledeltakarane legg vekt på i undervisinga si, og om dei gjennom ytringane sine signaliserer visse posisjonar knytte til skriveopplæring. Forskarane ser mellom anna på lærarutdannarane sine prioriteringar når det gjeld skriving i undervisinga, og finn at skriving som tenke- og læringsreiskap har ein sentral plass. Ein analyse av samtale kring rettleiing av akademiske tekstar får fram nyansar, og ei viss usemje, i synet på graden av stillasbygging i skriveopplæringa.
Del 3 av boka – Metaperspektiv på morsmålsfaget og grunnleggande språklege ferdigheiter – rommar to artiklar som gir meir overordna perspektiv på skriving og munnlegheit.
I artikkelen til Ellen Krogh og Jon Smidt møtest danske og norske forskarstemmer i jamføring og drøfting av tendensar i fire sentrale studiar av samtalar om skriving og tekstarbeid relatert til morsmålsfaga i dei to landa. To av studiane har prosessorientert skriving som bakteppe, mens dei andre spring ut av utdanningspolitiske satsingar,