Samtale, samskrive, samhandle

Page 18

14

Marit Olave Riis-Johansen, Randi Solheim og Hildegunn Otnes

ordet og skaper meining saman (Matre & Fottland, 2011). Dette er ein tankegang vi er meir kjende med frå skriveopplæringa; i skulen skal ein både lære å skrive og skrive for å lære. Å utvide både skrive- og samtalekompetansen til elevane, til dømes ved å legge til rette for dialogiske hendingar (jf. Igland & Skaftun), er ein del av det store oppdraget til lærarane. Samtalen er også ein arbeidsreiskap, både i samarbeid om undervising og vurdering og i utvikling av profesjonsfellesskapar. På same måten som det å studere samtalar mellom elevar kan ta oss inn i læringsprosessane deira, kan samtalar mellom lærarar seie oss noko om refleksjonane dei gjer kring eigen praksis (jf. Liberg & Folkryd; Ofte & Otnes). Slike dialogar gir også innsyn i korleis lærarar lærer, og korleis dei gjennom samtale utviklar kunnskap saman.

Boka – innhald og inndelingar Denne antologien har tre delar som saman dekker ulike steg i utdanningsløpet og presenterer ulike faglege perspektiv og inngangar – frå empiriske studiar til overordna utdanningspolitiske perspektiv, forankra i aktuell forsking. Del 1 av boka – Samtalar om skriving og fag − gir innsyn i skrivepraksisar på barnetrinnet, både gjennom kasusstudiar av skriving og samtale i skulen og gjennom meir overordna perspektiv på den same tematikken, basert på større metastudiar. Her får vi også innsyn i dialogiske tilbakemeldingspraksisar på ungdomstrinnet og ein analyse av fagleg klassesamtale i vidaregåande skule. Den første artikkelen, av Randi Solheim, Vivi Nilssen og Arne Johannes Aasen, gir perspektiv til boktittelen: Studien går tett på ei skrivehending der to seksåringar, gjennom samtale, samskriving og leikprega samspel, legg grunnlag for meiningsfylt tekstproduksjon på eigne premissar. Gjennom analyse av doble videoopptak viser studien korleis elevane i ulike fasar av skrivinga imiterer – og lærer av − kvarandre, både når det gjeld formelle sider ved språket og ulike måtar å handle på gjennom skriving. Det er prosessen og ikkje produktet som utgjer framgrunnen i analysane, og studien viser korleis elevane involverer kvarandre i kompleks samhandling og tar i bruk ulike multimodale ressursar. Såleis står tekstskapingsprosessen fram som ei meiningsfull og lærerik skrivehending, der elevane drar vekslar på personlege interesser og får tatt i bruk eit breitt register av ressursar, mens teksten i seg sjølv blir ein artefakt i leiken. Daroon Yassin Falk og Lennart Jølle slår fast at god skriveundervising må ­romme velutvikla måtar å snakke om tekst og skriving på. I denne studien undersøker dei samtalar mellom lærarar og andreklassingar som skriv argumenterande tekstar. Em-

9788215057248_Otnes mfl_Samtale, samskrive, samhandle.indd 14

25.01.2022 06:18


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.