Kurskatalog 2013 Raulandsakademiet

Page 1


Raulandsakademiet blei bygd som ein folkehøgskule fyrst på 70-talet og har derfor store og greie rom til møte og kursverksemd. Fyrst på 90-talet blei Telemarkstunet bygd opp med kopiar av gamle, lafta hus frå distriktet. Desse bygningane blir bruka til verkstad og utsal for handverkarar, kafé og undervisningsrom. Om sommaren og i helgene arrangerar Raulandsakademiet kortare kurs hovudsakleg innan husflid og handverk. Kursa blir arrangert i samarbeid med Rauland Husflidslag og Studie-forbundet kultur og tradisjon. I år tilbyr vi ca 65 kurs. I denne katalogen finn du omtale av dei ymse kurstilboda. Detaljinformasjon om kursa finn du på www.raulandsakademiet.no Raulandsakademiet leiger ut til Høgskolen i Telemark, Institutt for folkekultur. Meir informasjon om studia finn du på www.hit.no

Vi tilbyr overnatting og mat til våre kursgjester. Vi har 49 rom, enkeltrom, dobbeltrom og familierom. Til saman ca. 90 senger. Hausten 2010 vart alle romma pussa opp til høgare standard. Nå er det dusj og toalett til kvart rom. Romma blir leigd ut heile året til gjester som treng overnatting og mat. Raulandsakademiet er medlem i “Norske Vandrerhjem”. Staden er eit godt alternativ for større grupper som treng rimeleg overnatting. Velkommen til Raulandsakademiet som feriegjest, kursdeltakar, eller berre for ein tur på Telemarkstunet.

Nye kurs i år Endeleg skjer det: Kurs for barn 8–14 år. Dette har det vore spørsmål om i mange år. Det blir eit vekesopplegg med forskjellige aktivitetar kvar dag; Friluftsliv, matlaging, tekstilarbeid, sølvarbeid og spikking. Sjå side 11. Keramikk og rakubrenning. Vi får besøk av Erzsebet Kabai frå Ungarn som er kjend som folkekunstmeister i heimlandet. Samstundes vil Andras Varga lære bort korleis ein lagar blyglas-lampeskjerm. Neverfletting, plantefarging og spinning av ull. Det er minst 10 år sidan sist det var på programmet.

Ta vare på den gamle omnen din. Ikkje la han bli spiker! Han kan bli like god som ny og det er framleis lov å bruke han. Anders Sundvold vil lære bort kunsten. Eller ta vare på dei gamle bøkane dine. Meld deg på bokbindarkurs med Lisa Bøthun! Veske av resirkulert traktorslange, redesign av klede eller fletting med søppel. Spanande kurstilbod der ein nyttar materiale som elles er søppel.

Andre kurstilbod:

Ann Mari Jore

Fleire knivkurs · Lafting med rundtømmer · Skrivekurs · Akvarell · Male landskap · Bakekurs · Biletvev · Tægerbinding · Møbeltapetsering · Dreiing i tre · Fotografering · Gyllenler · Slektsgransking · Kalligrafi · Handsaumsteknikkar · Sølvarbeid · Steinsliping · Maskinstrikking · Ølhøner · Lasering · Vegetarmat · Baking av jolebakst · Dreiing i tre og mykje mykje meir……

2

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Raulandsakademiet er og har vore den staden i Noreg som tilbyr flest kurs innan tradisjonshandverk. Kursverksemda er eit samarbeid med Studieforbundet kultur og tradisjon. Den lokale tilknytinga er Rauland Husflidslag. Raulandsakademiet og Studieforbundet kultur og tradisjon har som visjon at det skal vera mogeleg for alle som bur i Noreg å bli kjende med og lære folkelege kulturutrykk. Vi skal legge til rette for trygge og skapande læringsfellesskap med høg kvalitet. Opplæringa som blir gjeve skal ha kvalitet og breidde. Ho skal representere eit mangfald geografisk og på ulike nivå, og ho skal syne både tradisjonelle og eksperimentelle uttrykk.

Velkommen til oss!

Vi håper du finn eit kurs som høver for deg!

Helsing Ann Mari Jore

# Nr. og namn på kurset:. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Frå dato: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Til dato: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Namn:. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Adresse:. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Postnr. og -stad:. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Fødselsdato:. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Tlf. om dagen: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Tlf. om kvelden:. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . E-post: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Fax: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Skal du bu på Raulandsakademiet under kurset? . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Ja

Nei

Melder du deg på kurs før 1. mars?. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Ja

Nei

Er du medlem i Rauland Husflidslag? (betalt medlemskap for 2013) . . . .

Ja

Nei

Særlege opplysningar: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .......................................................................................

Stad og dato:. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Underskrift:. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . kurskatalog 2013

3


Lafting med rundtømmer 1

24.6–7.7

Ottar Romtveit Olav Romtveit | Kurs Nr.: 1310 | Påmeldingsfrist 13. mai Kurs kr 9 600,- | Opphald og mat kr 9 000,Hent tømmer i eigen skog og bygg ei lita bu! På kurset kan du setje opp di eiga hytte (sjølvbyggar), eller du kan vere vanleg kursdeltakar der du er med og byggjer ei anna hytte. Max storleik på lafta hytte er 20 m2. Du vil rekke å kome godt i gang med veggane på hytta, men vil trenge meir tid for å bli ferdig. Du kan leige lafteverktøy, kr 300,- Vil du lære meir, kan du melda deg på neste kurs som startar 8. juli. Det er høve til å arbeide vidare med lafting om kveldane og i helga. Ottar Romtveit er byggmeistar og arbeider profesjonelt med lafting. Kurset varer 2 veker. Kursstart måndag kl 19.

Sølvarbeid, filigran, sølje

24.6–7.7

Gunnhild Astrid Evju | Kurs Nr.: 1364 | Påmeldingsfrist 13. mai Kurs kr 9 600,- | Opphald og mat kr 9 000,Lag di eiga sølje! For eksempel ei slangesølje. Då kan du velge størrelse etter eige behov. Dette kurset høver for deg som har erfaring med sølvarbeid. Vi skal arbeide med ulike filigranteknikkar, så som tvinning av tråd, lage kruser, smelte kjørner og spikke demanter. Bearbeide og hamre opp sølvplate og utsagingsteknikkar høyrer og med. Vi overflatebehandlar smykket til slutt. Ein må rekne ein del utlegg til sølv. Gunnhild Astrid Evju har svenne- og meisterbrev i filigran og har mastergrad frå Høgskolen i Telemark, Rauland. Kurset varer 2 veker. Kursstart måndag kl 19 .

Biletvev

24.6–30.6

Anne Gro Johansen | Kurs Nr.: 1388 | Påmeldingsfrist 13. mai Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Kurs for nye og erfarne biletvevarar. Her kan du veve tradisjonelt eller eksperimenterande etter eige ynskje. Det blir undervist i grunnleggande teknikkar, både tradisjonelle og nyare variantar. For dei heilt ferske er det lurt å byrja med ein prøvelapp. Eller har du eit mønster du aldri har fått sett ut i livet? Har du lyst til å lage eigne komposisjonar, får du hjelp og rettleiing til det. Biletvev er eit stort kunnskapsfelt, du kan sjølv velje område du vil arbeide med; teknikkar, fargar, materialkombinasjonar, komposisjon eller uttrykk. Du må ha eiga biletvevramme. Anne Gro Johansen er biletvevar og har undervist i mange år. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

4

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Skinnfell, tradisjonell saum og trykking 24.6–30.6 Britt Solheim | Kurs Nr.: 1301 | Påmeldingsfrist 13. mai Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Deltakarane lærer å skjære til og handsy ein skinnfell etter tradisjonell metode. Vidare lærer ein om val av material og arbeidsreiskap til skinnfellsaum, tradisjonell bruk av farge, komposisjon og ornament i dekortrykk, og praktisk trykking på skinnfell.Materialkostnadene er avhengig av kva slag type skinn og kor mange skinn deltakarane ynskjer. Pris pr skinn varierar frå ca kr 950,- til 1500,-. Fire til seks skinn er vanleg å bruke. Materiell elles, skjærnåler, klyper, lintråd, koster til sammen ca 300 kr. Bok: ”Skinnfell du kan lage selv”. Kurslærar sender deltakarane utfyllande informasjon om skinn og prisar før kurset. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

Maskinstrikking, grunnkurs

24.6–30.6

Maria Valsdottir | Kurs Nr.: 1306 | Påmeldingsfrist 13. mai Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Det blir gjennomgang av dei ulike mønstervariasjonane som ein finn på maskinen, kantar, avslutningar, utrekning av oppskrifter, montering og etterbehandling. Deltakarane må ha basiskunnskap som å legge opp og felle av. Ta med eigen strikkemaskin, elektronisk eller holkort. Leige av strikkemaskin kr 500,-. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

Kniv med sølvbeslag, laurdagskniv

24.6–30.6

Morten Håkonsen | Kurs Nr.: 1342 | Påmeldingsfrist 13. mai Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,-

På kurset vil du lære heile prosessen med å lage ein laurdagskniv med sølvbeslag. Ein sølvholk på skaftet og/eller ein sølvholk på slira. Skaft av valbjørk med smidd knivblad. Innhald: Skjera til slira, bløyting og holstikking, sying, dekor og overflatebehandling. Skaftarbeid med val av material, forming, skjefting, tilpassing av holker og overflatebehandling. Sølvarbeid: Lage ein holk på skaftet og ein på slira. Lage hengsel for oppheng på slireholken med tilpasning og lodding. Polering og etterbehandling av sølvbeslaga. Kurset høver best for dei som har laga kniv før. Erfaring frå sølvarbeid er ikkje nødvendig. Materialkostnad kr 1 200,-. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

kurskatalog 2013

5


Treskjering, dragestil

24.6–30.6

Rune Hjelen | Kurs Nr.: 1323 | Påmeldingsfrist 13. mai Kurs kr 5 500,- | Opphald og mat kr 4 500,Få grunnleggande innføring i dragestilen i norsk treskjerartradisjon! Du får praktisk tilnærming til dragestilen gjennom skjering av ulike dragestilornament. I tillegg blir det fokus på stilhistoriske trekk ved dragestilen, praktiske element ved skjering i dragestil, grunnleggande materiallære, grunnleggande slipeteknikk, utveljing av egna utstyr, emnetilpassing og prinsipp for overflate-behandling. Kurshalder har ulike teikningar som deltakarane kan bruke. Kostnader for klargjorte emne kjem i tillegg. Kurset høver både for nybyrjarar og for meir øvde treskjerarar. Rune Hjelen er lektor, har svennebrev i treskjerarfaget og ein mastergrad i tradisjonskunst frå Høgskolen i Telemark. Les mer: www.runehjelen.no Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12.

Fotografering med digitalt kamera

24.6–27.6

Dagfinn Kristiansen | Kurs Nr.: 1378 | Påmeldingsfrist 13. mai Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Kurset høver for deg som vil ta betre bilete, og lære meir om funksjonar/innstillingar i eit digitalt kamera. Grunnleggande opplæring. Fotohistorie, korleis virker kameraet med; lukker, blendar, effektar ved ulike lukkertider og blendarar, kvitballanse, ISO, blitsbruk, unngå raude auge, fotografering uten blitz, lysretningar, makrofotografering, djubdeskarphet, lyskompensasjon, bruk av stativ, frihand, digital zoom, filstorleik, formatere minnekort, komposisjon, konkrete og abstrakte motiv, biletelement etc. Deltakarane må ha med seg eit digitalt kamera med manual, ladar og helst to minnekort. www.fotodagfinn.no. Kurs frå måndag kl.19 til torsdag kl 12.

Fotografering med digitalt kamera, påbygging

27.6–30.6

Dagfinn Kristiansen | Kurs Nr.: 1302 | Påmeldingsfrist 16. mai Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Kurset høver for deg som har gått på fotokurs tidligare og vil ha oppfriskningar, eller for deg som har fotografert en del med digitalt kamera, og vil ha meir kunnskap om m.a. kamerainnstillingar. På dette kurset er det ein fordel å ha med speilreflekskamera med eitt eller fleire objektiv. Etter grunnleggande gjennomgang arbeider vi med: Lukker og blendarprioitet, kvitballanse, ISO, riktig blizbruk, fotografering uten blitz, lysretningar, makrofotografering, djubdeskarphet, lyskompensasjon, effektar ved ulike lukkertider, blendar og zoom, lage fotokunst, konkrete og abstrakte motiv, komposisjon, biletelement, etc. Deltakarane må ha med seg eit digitalt kamera med manual, ladar og helst to minnekort. www.fotodagfinn.no. Kurs frå torsdag kl. 19 til sundag kl 12.

6

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Redesign av klede

1.7–7.7

Veronika Glitsch | Kurs Nr.: 1362 | Påmeldingsfrist 21. mai Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Har du klede liggande som ikkje har rett fasong, men som har eit stoff du likar og som ikkje er utslite enda? Da kan du lære å lage heilt nye plagg ut av dei bruka kleda. Du får rettleiing til å få fram dine eigne idear og ynskjer. Vi spretter frå kvarandre delar av plagga og set delane samen på ein ny måte til det plagget vi ynskjer å sy. Vi jobbar med innprøving på eigen kropp. Du får rettleiing i sømteknikk slik at du får eit proft resultat: sjå eksempler på www.veronikaglitsch.no Finn fram bruka klede som har litt ulike stoffkvalitetar og lag nytt antrekk. Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12

Toving/filting av klede

1.7–7.7

Toril Vestad | Kurs Nr.: 1367 | Påmeldingsfrist 21. mai Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Grunnleggande kurs i toving med ull og silke der vi konsentrerar oss om skulpturell filting av klede med detaljar og tilbehør. Dette er eit basiskurs i nunofilting, det vil sei filting med ull og silke. Du kan lage jakke, kjole, skjørt, tunika eller vest og i tillegg småting som skjerf, pulsvanter eller hovudplagg. Materialkostnad er ca 700,- for ein tunika. På dette kurset får du tid til å lage fleire plagg. Heimeside: www.cocoonart.no Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12.

Male landskapsbilete

1.7–7.7

Kjersti Eliassen | Kurs Nr.: 1353 | Påmeldingsfrist 21. mai Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Dette er eit kurs i olje-/akrylmåleri der vi brukar landskapet som motiv. Vi tek for oss grunnleggande fargelære og komposisjon. Vi lagar skisser ute og arbeider vidare med måleriet inne eller ute. Alle får individuell rettleiing og vi vil bruke døme frå kunsthistoria til å forklare dei ulike problema vi møter på. Ta med godt med klede slik at vi kan vere mykje ute. Kjersti Eliassen er aktiv biletkunstnar og har utdanning frå Statens Kunstakademi. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

kurskatalog 2013

7


Knipling grunnkurs

1.7–7.7

Anna Sigurðardóttir | Kurs Nr.: 1374 | Påmeldingsfrist 21. mai Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Kurset tek sikte på å lære dei grunnleggande teknikkane i knipling. Individuell undervisning. Nybyrjarar og dei som har knipla litt kan melde seg på. Materialkostnad ca 900 kr, dersom du må kjøpe alt. Anna Sigurdardottir har mastergrad i Tradisjonskunst ved HIT, Rauland, med spesialemne kniping. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

Tredreiing

1.7–7.7

Rune Hjelen | Kurs Nr.: 1360 | Påmeldingsfrist 21. mai Kurs kr 5 500, - | Opphald og mat kr 4 500,Tredreiing er spanande. På kurset får du innføring i dei grunnleggande dreieteknikkane. Det blir fokus på dreiing i rått virke, dreiing av fat og dreiing av bollar, samt dekorering. I tillegg vil vi gå inn på grunnleggande materiallære, grunnleggande slipeteknikk, utveljing av egna utstyr og prinsipp for overflatebehandling. Utlegg til material kjem i tillegg til kursprisen. Kurset passar både for nybyrjarar og for de med noko erfaring. Rune Hjelen er lektor, har svennebrev i treskjerarfaget og ein mastergrad i tradisjonskunst frå Høgskolen i Telemark. Les meir: www.runehjelen.no Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12.

Tægerbinding

1.7–7.7

Signe Irene Berg | Kurs Nr.: 1328 | Påmeldingsfrist 21. mai Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Røtene eller tæger er mjuke og elastiske, og skal ein laga korger av dette materialet, kan ein ikkje bruka vanleg fletteteknikk. Teknikken eller bindinga held materialet godt saman og forma vert stødig. Dei skarpe bøyningane i bindinga set store krav til materialet, og det er berre røter som tåler det. Tæger hentar vi i myr eller sand. Reinskar og deler. Vi bind saman i ymse mønster; vanleg binding, kontur, ruter og fleire. Vi lagar fat, skåler, korger og andre bruksting. Nybyrjarar kan få kjøpe tæger av lærar. Det tek lang tid å hente tæger, så dei som har høve til det, bør sanke tæger før kurset. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

8

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Lafting med rundtømmer 2

8.7–21.7

Ottar Romtveit, Olav Romtveit | Kurs Nr.: 1332 | Påmeldingsfrist 27. mai Kurs kr 9 600,- | Opphald og mat kr 9 000,Dette er laftekurs nr. 2 i sommar. For å vera med på dette kurset bør du ha gått det fyrste laftekurset eller ha anna liknande erfaring med lafting. På kurset få du mellom anna vera med på rausting og legging av åsar på ei hytte. Du kan og setje opp di eiga hytte. Max storleik er 20 m2. Du får opplæring i materialval, dimensjonering og kvalitetskrav og bruk og oppsetjing av verktøy. Deltakarane må ha med eige handverktøy og verneutstyr. Du kan leige lafteverktøy, kr 300,- Det er høve til å arbeide vidare med lafting om kveldane og i helga. Ottar Romtveit er byggmeistar og arbeider profesjonelt med lafting. Kurset varer 2 veker. Kursstart måndag kl 19.

Design, mønsterkonstruksjon og saum av klede

8.7–14.7

Veronika Glitsch | Kurs Nr.: 1330 | Påmeldingsfrist 27. mai Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Har du lyst til å saume klede etter eigne ideer, men ikkje veit korleis du skal få laga mønster til dei? Finn du aldri klede som passer heilt til dine mål? Har du for eksempel ein kjole i hovudet som du aldri heilt finn i butikken? Har du eit yndlingsplagg som er utslite, men som du gjerne skulle hatt ein kopi av? På kurset jobbar vi med grunnleggande mønsterkonstruksjon for klede. Vi tar for oss grunnformene for skjørt, overdel og bukse. Grunnformene blir bruka som utgangspunkt for å konstruere plagg etter dine eigne idear. Du lærer korleis du forandrar grunnmønstra, legg inn større volum, forandrar fasong, legg saumar der du ynskjer, til du har fått fram din eigen design. Så syr vi lerretsmodell av mønsteret, gjer innprøving på kroppen og overfører endringane attende til mønsteret. Dei siste dagane på kurset brukar vi til å sy opp plagget du har konstruert. Du lærer den saumteknikken som skal til for å få eit proft resultat. Under saumprosessen gjer vi innprøvinger etter eigen kropp. Heimeside: www.veronikaglitsch.no Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

Sølvsmykke, grunnleggande teknikkar

8.7–14.7

Linn Sigrid Bratland | Kurs Nr.: 1329 | Påmeldingsfrist 27. mai Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Dette er eit kurs som ikkje krev nokon forkunnskaper. Du vil lære grunnleggjande gullsmedteknikkar, som filing, saging og lodding, samt enkle smykketeknikkar. Linn Sigrid Bratland jobbar som smykkedesigner, og sylvsmed på fulltid. Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12.

kurskatalog 2013

9


Pilfletting

8.7–14.7

Klara Pil | Kurs Nr.: 1336 | Påmeldingsfrist 27. mai Kurs kr 5 800,- | Opphald og mat kr 4 500,Dette kurset høver både for nybyrjarar og øvde innan pilflettingskunsten. Pil er eit inspirerande materiale å jobbe med. Det blir undervist i: • Grunnleggande teknikkar i korgfletting. • Kimning • Forskjellige sideflettingar • Nedlegging av kant • Påsetting av hank. Dei som ynskjer det kan og lage katalanske korger. Det blir ei spanande og annleis korg som passer veldig godt til små arbeid. Ein dag av kurset får du høve til å flette inspirerande saker til hagen. Kursdeltakarane kan ta med eige verktøy eller du kan låne eller kjøpe av Klara Pil. Klara Pil må ha antal påmeldte seinast 2 veker før kursstart. Då blir pilen lagt i bløyt så han er klar til kurset. www.klarapil.no Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12.

Skrivekurs for besteforeldre

8.7–11.7

Kjersti Wold | Kurs Nr.: 1303 | Påmeldingsfrist 30. mai Kurs kr 3 900,- | Opphald og mat kr 2 250,I boka ”Writing your life story” seier forfattaren Michael Oke: ”Din historie er unik. Hvis den ikke blir skrevet ned vil den forsvinne.” Han skriv vidare: ”Jeg tror at det mest verdifulle vi kan gi til vår familie og de som skal følge etter oss, er en fortrolig, førstehånds beretning om våre liv.” På dette kurset lærer du ulike innfallsvinklar og teknikkar for å skrive ned dine eigne erfaringar. Du får praktiske tips og råd for å starte eller avslutte eit skriveprosjekt, der du jobbar med eigen erindring og hentar inspirasjon fra eige liv. Kurset krev ingen førehandskunnskap. Kjersti Wold er skjønnlitterær forfattar og har saman med Gro Dahle gjeve ut to bøker om kreativ skriving. Ho har hatt fleire hundre skrivekurs og er ein av dei mest etterspurte kursleiarane i landet. www.kjerstiwold.no Kurs måndag kl 19 til torsdag kl 12.

Handsaumteknikkar

11.7–14.7

Anne Kari Martinsen | Kurs Nr.: 1309 | Påmeldingsfrist 27. mai Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Skal du sy bunad? Mange som startar på bunadkurs har ikkje erfaring med handsaum. På dette kurset vil du lære å bruke dei mest vanlege stinga som blir bruka på bunader. Stinga og teknikkane brukar vi til å lage eit klesplagg, enten til deg sjølv eller andre. Det kan vera dåpslue, middelalderlue, skjørt eller barneskjorte. Det er fint å vite på førehand om du har særskilde ynskje, for eksempel ein bunad du skal sy. Materialkostnader ca 300,-, avhengig av kva deltakarane sjølve har med. Kurs frå måndag kl.19 til torsdag kl 12.

10

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

A k t i v i t e t sv e k a p å R a u l a n d

8.7–14.7

Kurs Nr.: 1315 | Påmeldingsfrist 1. mai Kurs kr 1 600,- (Rabatt for medlemmer i Varden Xtra og medlemmer i Rauland Husflidslag) Opphald og mat kr 2 250,- (i dobbeltrom med føresette)

I samarbeid med Noregs Husflidslag blir det for fyste gong arrangert aktivitetsveke for barn frå 8 til 14 år på Rauland. Barna blir delt inn i grupper og får ein dag på kvar base. Base 1: Tekstildagen. Lær å spinne på handtein, lag din eigen nøkkelring med fargerikt band. Lag ditt eige hoppetaug med repslagingsteknikk. Hekle tøft panneband. Base 2: Spikkedagen. Du lærer spikke ymse ting i rått materiale. Du får låne ein god og skarp spikkekniv. Base 3: Sølvdagen. Du lærer å lage eit armband eller fotlenke i sølv med glasperler. Base 4: Friluftslivdagen i samarbeid med Villreinsenteret. Ein dag ute i det fri på jakt etter spor av fuglar og dyr. Praktiske oppgåver: Lage bål og lage eit måltid på bålet, spikking m.m. Base 5: Matdagen. Bli med på kjøkenet og lag suppe og rundstykke til gruppa di. Rundstykka kan du få steikt i vedfyrt steinomn eller på bål. Etterpå lagar vi solskinnslefser. Be om eige på meldingsskjem Frammøte måndag kveld kl.19 for informasjon. a på epost post@raulan dsakademie Sundag føremiddag blir det utstilling av ting som t.no eller på telefon 35 07 32 92 er laga på kursa. Vi inviterar foreldre og andre. Utdeling av kursbevis. Kurset startar tysdag morgon og varer til sundag kl 12. Aktivitetsveka er støtta av Varden Xtra. Noregs Husflidslag og Villreinsenteret m.fl. Meir informasjon finn du på www.raulandsakademiet.no

kurskatalog 2013

11


Steinsliping og fatting

15.7–21.7

Birgith Hestangen | Kurs Nr.: 1387 | Påmeldingsfrist 3. juni Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Lag sølvsmykke med eigenslipa stein! På kurset blir det undervist i smykkesteinsliping, ulike steinar og ulike former. Du lærer om kva eigenskapar og kvalitetar ein smykkestein bør ha. Har du stein du ynskjer å slipe, ta dei med, elles har Birgith eit rikt utval. Etter slipinga skal du lodde og fatte inn steinen til ferdig smykke. Birgit Hestangen driv eigen verkstad og utsal, slipar smykkestein og kombinerar stein og sølv til smykke. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

Ølhøner

15.7–21.7

Harald Kolstad | Kurs Nr.: 1390 | Påmeldingsfrist 3. juni Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Ølhøner er tradisjonelle drikkekar som blei bruka til fest og høgtid. Dei er rikt dekorera med både utskjering og måling. Du lærer å lage di eiga ølhøne, og lærer samstundes mykje om tradisjon, lokale variantar, symbolbruk, folketru og ritual knytt til bruk av ølkaret. Emne og verktøy får du kjøpt på kurset. Kostnad ca. kr 1700,- Harald Kolstad har gjeve ut bøkene ”Gamle redskaper, små antikviteter” og ”Vakkert verktøy”. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

Blyglas lampeskjerm

15.7–21.7

Andras Varga | Kurs Nr.: 1369 | Påmeldingsfrist 3. juni Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Lag din eigen heilt spesielle lampeskjerm i blyglasteknikk. Dette er eit meisterkurs og du bør ha arbeidd med blyglas for å vera med på kurset. Andras Varga er frå Ungarn. Han lærte blyglasteknikken av ein serbisk meister. Fra 2007 har han budd i Noreg og jobba med blyglas i Tønsberg. Han har mellom anna restaurert glasmalerier i Uranienborg kirke og i Tønsberg Domkirke. Materialkostnad til glas og bly ca. kr 2000,- Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12.

Rosemåling

15.7–21.7

Vivian Grieg Teisner | Kurs Nr.: 1365 | Påmeldingsfrist 3. juni Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Kurset høver for deg som har prøva litt rosemåling. Men det er og plass for nybyrjarar. For det meste individuell undervisning. Oljefargar. Kurset inneheld teori om oppbygging og linjeføring i ei telemarksrose, men hovudvekta ligg på praktisk øvingar. Vivian Grieg Teisner har mastergrad i tradisjonskunst frå HIT, Rauland, og er kjend for å prøve nytt innan rosemålingskunsten. Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12. 12

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Keramikk, rakubrenning

15.7–21-7

Erzsebet Kabai | Kurs nr. 1350 | Påmeldingsfrist 3. juni. Kurs kr 5 500,- | Opphald og mat kr 4 500,På kurset vil du lage ditt eige keramikkprosjekt. Du lærer korleis leire blir forma til kopp eller tallerken. Vi brukar forskjellige teknikkar for å forma leira. Til slutt kjem eit vakkert mirakel, Rakubrenning. Rakubrenning er ein oksygenfri brenning. Ved hjelp av eit hol i jorda, sagflis, eld og høg temperatur blir keramikken brent og skiftar farge. Erzsebet Kabai er ein av dei mest kjende keramikarane i Ungarn, ho har fått høge prisar for arbeidet sitt og har tittel folkekunst meister. Ho snakkar engelsk, men vil få hjelp av Katalin som snakkar norsk. Materialkostnad ca kr 1 500,Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12.

Maskinstrikking, Designa Knit

15.7–21.7

Maria Valsdottir | Kurs Nr.: 1307 | Påmeldingsfrist 3. juni Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Bli kjent med dataprogrammet Designa Knit. Det blir undervist i Designa Knit versjon 8. På kurset vil vi gå gjennom dei mest bruka teknikkane. Ta med eigen strikkemaskin og utstyr som høyrer til eller du kan leige utstyr. Maria Valsdottir har svennebrev i kjole- og draktsaum og 2-årig utdanning i maskinstrikking frå HiT, Rauland. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

Annonse:

Open heile året!

Raulandsakademiet har pussa opp romma! www.raulandsakademiet.no – Tlf. 35 07 32 92

kurskatalog 2013

13


Akvarell

15.7–21.7

Ivar Øksendal | Kurs Nr.: 1335 | Påmeldingsfrist 3. juni Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Du blir kjent med ulike akvarellteknikkar. Vi målar akvarell både ute og inne, landskap, oppstilling m.m. Ivar Øksendal er utdanna frå Statens Kunst- og Handverkskole og Statens Kunstakademi, og har hatt mange separatutstillingar. Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12.

Baking på takke

15.7–18.7

Anne Lise Andersen | Kurs Nr.: 1395 | Påmeldingsfrist 3. juni Kurs kr 3 500 ,- | Opphald og mat kr 2 250,Du vil lære baking på takke, lage kling, potetlefse, tykklefse, vestlandslefse, lappar, potetkake, flatbrød m.m. Det blir og tid til å prøve ut særskilde oppskrifter. Kurs frå måndag kl 19 til torsdag kl 12.

Restaurering av gamle omnar

15.7–18.7

Anders Sundvold | Kurs Nr.: 1321 | Påmeldingsfrist 3. juni Kurs kr 3 900,- | Opphald og mat kr 2 250,Ikkje kast den gamle omnen din! Ikkje la gamle omnar bli til spiker! Etter restaurering av omnen får du eit ”smykke” av ein omn som er like god som ny, når du fyrer rett. På kurset lærer du alt som har med restureringa å gjera. Ta med eigen omn! Kurset høver for alle som er interessert i å ta vare på gamle verneverdige omnar. Anders Sundvold har jobba med omnar i 20 år og er for tida opptatt med å setje i stand eldstadene på Eidsvoldbygningen. Ta ein titt på heimesida hans www.gamleovner.no og klikk deg vidare til Norge Rundt innslag. Kurs frå måndag kl 19 til torsdag kl 12.

Vegetarmat

18.7–21.7

Henriette Bohwim | Kurs Nr.: 1345 | Påmeldingsfrist 6. juni Kurs kr. 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Lær å tilberede smakfull og energigjevande mat full av vitaminer og smak. Raw food: Vi lager bl.a. raw lasagne, sjå bilete. Og vi lagar sunne, enkle godsaker av naturlege rå ingredienser, sukkerfritt og glutenfritt. Burgere og tilbehør lagar vi av belgfrukter og vegetabilske produkt. Det er ikkje animalsk mat i kurset. Henriette Bohwim er vegetarianer og arbeidd med vegetarmat i 20 år. I tillegg til kursavgifta kjem utlegg til matvarer. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

14

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Bokbinding

22.7–28.7

Lisa Bøthun | Kurs Nr.: 1384 | Påmeldingsfrist 10. juni Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Bokbinding er eit gamalt handverk som appellerar til både den fingerferdige og den kreative. Kurset skal vise enkle bokbindarteknikkar du kan gjera heime utan for mykje spesialutstyr. Vi kjem til å lage ei notat- eller gjestebok for å trene på teknikk og lære 20 å kjenne materialane. Deltakerene vil og lære korleis ein lagar eit fotoalbum. Vi skal ha litt materiallære og bokbindarhistorie. Vi kjem og til å dekorere papir med klistermarmor, slik at kvar bok blir unik. Ta med minst fire bøker som du ynskjer å binde inn, og minst to bøker som du ynskjer å reparere. Bøkene skal helst ikkje vere verdfulle og ikkje av skinn. Ta og med ei vanleg pocketbok eller ei samling lause ark som du ynskjer å binde inn. Materialpakke med alt du treng av material og noko handverktøy kostar kr 800,-. Lisa Bøthun er utdanna bokbindar og har hatt eigen bokbindarverkstad i Tønsberg sidan 2003. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

Møbeltapetsering/trekk om møblar

22.7–28.7

Erik Melcher | Kurs Nr.: 1370 | Påmeldingsfrist 10. juni Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Her kan du lære enkel stopp og trekk av stolar. Gjerne antikke stolar. Treverket må vere i orden. For nokon kan det vere aktuelt å lære snøring av fjærer. Snøring av fjærer og stopping er arbeidskrevjande. Lærar tek kontakt med deltakarane før kurset for å bestemme kva som skal gjerast og kva som trengs av materialer og utstyr. Materialkostnad til eit spisestolsete med fjærer er ca. kr 750,-. Kurset er for nybyrjarar og dei som har arbeidd med møbeltapetsering ei tid. Erik Melcher er meister i faget og har arbeidd som møbeltapetserar i 35 år. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

Lasering, gamle måleteknikkar

22.7–28.7

Vivian Grieg Teisner | Kurs Nr.: 1352 | Påmeldingsfrist 10. juni Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Vi legg vekt på lasering, ådring og marmorering. Du må ta med eigne ting til å måle på, eks. stol, dør, kommode, skap eller mindre gjenstandar. Hugs at treverket må vera i orden! Kostnad til måling ca. kr 300,-. Vivian Grieg Teisner har mastergrad i tradisjonskunst frå HIT, Rauland. Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12.

kurskatalog 2013

15


Veving

22.7–28.7

Eli Vesaas | Kurs Nr.: 1351 | Påmeldingsfrist 10.juni Kurs kr 5 800,- | Opphald og mat kr 4 500,På kurset skal vi lage ca 4 meter kraftig ullstoff som kan brukast til bekledning. Stoffet er i naturfargar. Når du kjem på kurset, er veven ferdig rennt og sveipa på. Du lærar å tre veven, knyte fram, knyte ned, justering av veven, spoling og veving. Når stoffet er ferdig vevd laurdag, blir det stampa i ei vassdriven stampe på Mjonøy i Vinje. Materielkostnad ca. kr 1000,Eli Vesaas er vevlærar, har produsert vevnader for sal og har hatt mange kurs. Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12.

Neverfletting

22.7–28.7

Inger Johanne Larsen | Kurs Nr.: 1334 | Påmeldingsfrist 10. juni Kurs kr 5 500,- | Mat og opphald kr 4 500,På kurset får du kunnskap om å ta ut never, behandling, oppbevaring og bearbeiding. Du lærer ymse fletteteknikkar og lagar både nytte- og pyntegjenstandar, mellom anna kjeleunderlag, stjerner, korger og fat. Inger Johanne Larsen har arbeidd med never sidan i 1982 og har undervist på utallige kurs. Materialkostnad kjem i tillegg til kursprisen. Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 12.

Gyllenler

22.7–28.7

Marit Furulund | Kurs Nr.: 1311 | Påmeldingsfrist 10. juni Kurs kr 5 200,- | Opphald og mat kr 4 500,Dette er eit kurs for både nye og erfarne gyllenlermakarar. Det er individuell undervisning. På kurset får du innføring i heile prosessen for gyllenler, prege skinnet, legge på gullgrunn, legge på bladgull, legge på gullferniss og til slutt male leret med oljefargar. Vi brukar vegetabilsk garva skinn. Materialkostnad ca kr 1300,-. Dersom du har gjort grunnarbeidet heime får du hjelp og ispirasjon til malearbeidet. Marit Furulund er meister i gyllenlerfaget. Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.

Plantefarging

22.7–25.7

Berit Knai Johansen | Kurs nr 1359 | Påmeldingsfrist 10. juni Kurs kr 3 500.- | Opphald og mat kr 2 250.Plantefarging: raude, gule og blå fargar. På kurset får du ei innføring i heile fargeprosessen: beising, farging og etterbehandling. Vi fargar ullgarn med lav, indigo og andre fargestoff frå naturen. Plantekunnskap. Kort historikk. Lærer tek med garn og noko fargestoff for sal. Kurs måndag kl 19 til torsdag kl 12.

16

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Sølvarbeid, nybyrjarkurs

22.7–28.7

Anne Synnøve Berglund | Kurs Nr.: 1363 | Påmeldingsfrist 10. juni Kurs kr 5 800,- | Opphald og mat kr 4 500, Dette er eit nybyrjarkurs. Du vil lære grunnleggande gullsmedteknikkar som lodde, sage- og fileteknikk. Du lærer om enkel forming av metallet, overflatebehandling, sliping og polering. Kurset er lagt opp med ulike prosjekt kvar dag slik at ein kjem innom alle dei ulike teknikkane. Du får laga ferdig fleire smykke under kurset: armband, ring, ørepynt og anheng eller ring. Etter kurset vil du vera i stand til å jobbe vidare på eiga hand. Anne Synnøve Berglund har svennebrev som filigransølvsmed og utdanning fra Høgskolen i Telemark. Kurs måndag kl. 19 til søndag kl. 12.

Vesker av resirkulert traktorslange

22.7–25.7

Else Ljungstrøm | Kurs Nr.: 1376 | Påmeldingsfrist 10. juni Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,På dette kurset vil du lære å sy veske, nett og småprodukt som smykke av resirkulerte materialer: nemlig innerslangen på traktordekk og sykkelslanger. Vi lærer å klargjera materiala til bruk. Lærer å jobbe med materialet og ikkje mot det, det vil seie å sjå på moglegheitar som materialet gjev oss. Du vil lære å lage mønster som nyttar det materialet du har. Du lærer å lage mønster og morosame lukningar og dekor. Alt syast for hand med voksa lintråd. Materialutgifter 350-500 kroner. Ta gjerne med eigne slanger. Les meir: www.papirmadammen.net Kurs frå måndag kl 19 til torsdag kl 12.

Skrivekurs

25.7–28.7

Kjersti Wold | Kurs Nr.: 1320 | Påmeldingsfrist 13. juni Kurs kr 3 900,- | Opphald og mat kr 2 250,Dette kurset vender seg til alle som ynskjer å bli betre kjent med verktøykassa til forfattarfaget. Med hjelp av ulike skriveoppgåver vil du få innblikk i korleis du komponerer eit dikt, skriv ei novelle eller startar på ein roman. Du vil og få innføring i knep og skrivetriks for å bli ein betre skribent. Kurset passer for alle skrive- og litteraturinteresserte og krev ikkje noko særskilt erfaring på førehand. Kjersti Wold er skjønnlitterær forfattar og har saman med Gro Dahle gjeve ut to bøkar om kreativ skriving. Ho har hatt fleire hundre skrivekurs, og er ein av dei mest etterspurte kursleiarane i landet. www.kjerstiwold.no Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

kurskatalog 2013

17


Pølser, heimelaga

10.10–13.10

Bodil Nordjore | Kurs Nr.: 1397 | Påmeldingsfrist 26. august Kurs kr 4 200,- | Opphald og mat kr 2 250,Få hjelp av Bodil til å få god smak på middagspølsene. Eller lær å lage spekepølse av elg, storfe, lam, svin og blanding, noko salta og røykt og noko berre salta. Middagspølser av lam, svin og blanding, t.d. bondepølse, medisterpølse, tradisjonspølse. Pølser med eller utan urter. Ein må rekne ca. kr 2500,- i råvarekostnad. Deltakarane tek med seg produkta heim. Bodil Nordjore har arbeidd med tradisjonsmat i 25 år og er fagleg ansvarleg for tradisjonsmatstudiet på Høgskolen i Telemark, Rauland. Kurs torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Tredreiing, helgekurs

10.10–13.10

Rune Hjelen | Kurs Nr.: 1392 | Påmeldingsfrist 26. august Kurs kr 3 700,- | Opphald og mat kr 2 250,Under kurset får du innføring i dei grunnleggande dreieteknikkane, der det blir fokus på dreiing i rått virke, dreiing av fat og bollar. I tillegg går vi inn på grunnleggande materiallære, slipeteknikk, utveljing av egna utstyr og prinsipp for overflatebehandling. Kurshaldar har emne, kostnader kjem i tillegg. Kurset passer både for nybyrjarar og for de med noko erfaring. www.runehjelen.no Rune Hjelen er lektor, har svennebrev i treskjerarfaget og ein mastergrad i tradisjonskunst. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Kalligrafi

10.10–13.10

Borghild Telnes | Kurs Nr.: 1386 | Påmeldingsfrist 26. august Kurs kr 3 500 ,- | Opphald og mat kr 2 250,Kurset gjev innføring i kalligrafikunsten. Vi tek for oss ulike skrifttyper innan vestleg kalligrafi. Det vert lagt mest vekt på italic (renesansekursiv); ei skrifttype som passar godt til invitasjonar, helsingar o.l. I tillegg blir det undervist i layout og skrifthistorie. På kurset trenar vi på skrifttyper og bokstavformer og arbeider med enkle prosjekt der du brukar bokstavar og skrift (kort, enkel bokbinding o.l). Vi opnar for at dei som har noko kunnskap om kalligrafi frå før og gjerne vil arbeide med eigne prosjekt, kan melde seg på kurset. Desse deltakarane vil arbeide meir sjølvstendig og kurshaldar vil gje individuell rettleiing. Du får kjøpt materiell på kurset, men ta med det du har av kalligrafipennar, pennesplittar, blekk og vassfarge. Materiellkostnad: ca 300-500 kr. www.firingan.com. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

18

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Brikkeveving, steg 2

10.10–13.10

Sonja Berlin | Kurs Nr.: 1358 | Påmeldingsfrist 26. august Kurs 3 900,- | Opphald og mat kr 2 250,Kurset bygger vidare på grunnkurset og høver for dei som har gått grunnkurs eller har vevd brikkeband før og kjenner grunnprinsippet. Kursinnhald: Repetisjon av oppsetting. Mønsterkonstruksjon. Fletting. Veve med ulike garnkvalitetar i same renning. Veve med eit eller to tomme holl i kvar mønsterbrikke. Rundvev. Avslutningar og montering. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Småting av saueskinn

10.10–13.10

Britt Solheim | Kurs Nr.: 1304 | Påmeldingsfrist 26. august Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,På kurset lager vi lager pulsvarmerar, skjerf, lue, babytøflar, vottar, sitteunderlag, puter m.m. Du får kjøpt skinn og verktøy av Britt. Skjærenåler, klyper, lintråd, koster til sammen ca 300 kr og utlegg til skinn er avhengig av kor mykje og kor store ting som blir laga. Kurslærar har arbeidsverktøy til utlån for dei som ynskjer det. Britt Solheim har gitt ut boka ”Skinnfell du kan lage selv”. Les meir: www.skinnfell.no Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Spinning av ull 10.10–13.10 Harriet Beisland | Kurs Nr.: 1338 | Påmeldingsfrist 26. august Kurs kr 3 500,- | Mat og opphald kr 2 550,På kurset lærer du å spinne ull på rokk og på handtein. Dette er eit nybyrjarkurs. Du vil spinne av norsk ull og du vi lære å spinne dekkhår av spelsau. Du får og prøve å spinne andre fiber så som lama. Ta med rokk og karder. Ca. kr 100,- i materialutlegg. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

kurskatalog 2013

19


Baking i steinomn, kornsortar, næringstoff, bakemetodar

10.10–13.10

Øystein Løvlie | Kurs Nr.: 1313 | Påmeldingsfrist 26. august Kurs kr 3 900,- | Opphald og mat kr 2 250,Kurset vil gje ei innføring i gamle og nye kornsortar (enkorn, emmer, spelt, bygg, rug, havre), fyring,baking og bruk av vedfyrte bakeromnar. Aktiviteten blir knytt opp mot baking i steinomnen i Eldhuset på Telemarkstunet. Vi går gjennom bakemetodar med bruk av gjær, surdeig og spontanheving. Vi brukar og tid på forarbeid og behandling av ymse ingredienser i brød – i tillegg til korn og mjøl. Øystein er utdanna bakar, og var dagleg leiar for den økologiske bakerikjeden Godt Brød frå oppstart 1994 til hausten 2009. I dag jobber Øystein som inkubatorleiar ved den Mat- og Naturbaserte Inkubatoren i Seljord. Utlegg til råvarer og ved ca. kr 500,-. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Annonse:

Rauland kunstforening “kunsten i sentrum” ope kvar dag i alle feriar elles ope fredag, laurdag og sundag 12-17, torsdag etter avtale

galleributikk kaffebar/lunchbar filmrom/Black Box

www.raulandskunstforening.no Årets kunstforening 2010!

20

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Baking i steinomn, kornsortar, næringstoff, bakemetodar

31.10–3.11

Øystein Løvlie | Kurs Nr.: 1394 | Påmeldingsfrist 16. september Kurs kr 3 900,- | Opphald og mat kr 2 250,Kurset vil gje ei innføring i gamle og nye kornsortar (enkorn, emmer, spelt, bygg, rug, havre), fyring,- baking og bruk av vedfyrte bakeromnar. Aktiviteten blir knytt opp mot baking i steinomnen i Eldhuset på Telemarkstunet. Vi går gjennom bakemetodar med bruk av gjær, surdeig og spontanheving. Vi brukar og tid på forarbeid og behandling av ymse ingredienser i brød – i tillegg til korn og mjøl. Øystein er utdanna bakar, og var dagleg leiar for den økologiske bakerikjeden Godt Brød frå oppstart 1994 til hausten 2009. Utlegg til råvarer ca. kr 500,-. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Lasering, helgekurs

31.10–3.11

Vivian Grieg Teisner | Kurs Nr.: 1382 | Påmeldingsfrist 16. september Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Du må ta med eigne ting til å måle på eks. stol, dør, kommode, skap eller mindre gjenstandar. Hugs at treverket må vera i orden. Det er viktig at ubehandla treverk får eit målingsstrøk før kurset tek til, slik at du ikkje treng å bruke tid på grunning og pussing. Materialutlegg ca. kr 300,Vivian Grieg Teisner har mastergrad i tradisjonskunst frå HIT, Rauland. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Kniv, nybyrjarkurs

31.10–3.11

Morten Håkonsen | Kurs Nr.: 1368 | Påmeldingsfrist 16. september Kurs kr. 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Her skal vi lage ein brukskniv med treskaft og lærslire. • Klargjering av blad før skjefting • Sauming og bearbeiding av slire • Skjefting og forming av skaft • Oppheng • Uttak av sliremal • Finish og etterbehandling av slire og skaft Moten Håkonsen er heiltids knivmakar og knivsmed. Han er ein av landets beste på sitt område og har premiar på øvste hylle både for knivmaking og smiing. Les meir: www.mortenhakonsen.no. Materialkostnad kr 600,Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12

kurskatalog 2013

21


Spinning av lin

31.10–3.11

Anne Holen | Kurs Nr.: 1337 | Påmeldingsfrist 16. september Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Lær å spinne lin! Lin, som betyr ”det svært nyttige”, er eit fantastisk materiale. På kurset lærer du om spinneutstyr, korleis ein legg lin på rokkehovud og spinning av ymse kvalitetar. Orientering om linsortar, dyrking og bearbeiding, så som tørking, røyting, braking m.m. Ta med eigen rokk eller du kan leige. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Jolemat, tradisjonelle rettar

31.10–3.11

Bodil Nordjore | Kurs Nr.: 1316 | Påmeldingsfrist 16. september Kurs kr 4 200,- | Opphald og mat kr 2 250,La deg inspirere av Bodil sine mange tradisjonelle matrettar. På kurset vil du lage tradisjonell jolepålegg som sylte, lammerull og leverpostei og mykje meir. Du må rekne ca 2 500 kr i råvarekostnad, alt etter kor mykje som blir laga. Deltakarane tek med seg dei ferdige produkta heim. Bodil har gjeve ut fleire kokebøkar, hausten 2010 kom ”Go Jolemat”. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Sy klede etter ferdigmønster

31.10–3.11

Veronika Glitsch | Kurs Nr.: 1314 | Påmeldingsfrist 16. september Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Er du ein av dei som aldri har noe å ha på seg fordi standardstørrelsane i butikken ikkje passer heilt til din kropp? Eller har du en draum om å sy akkurat den kjolen som passar perfekt til dine mål? På dette kurset lærer du å sy eigne klede etter ferdigmønster og tilpasse det etter eigne mål. Du lærer å forstå mønsteret, tilpasse det etter eigne mål og gjera innprøving på eigen kropp under sømprosessen. Du får og rettleiing til den sømteknikken som skal til for å få et proft resultat. For nybyrjarar er det lurt å velge skjørt som er det enklaste plagget, men du kan og sy eit annet plagg om du ynskjer det. Er du litt trena i sømfaget vil du og få godt utbytte av kurset i form av smarte måter å gjera ting på. www.veronikaglitsch.no Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

22

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Jolebakst med Bodil

7.11–10.11

Bodil Nordjore | Kurs Nr.: 1398 | Påmeldingsfrist 23. september Kurs kr 4 200,- | Opphald og mat kr 2 250,Bli med Bodil og lag heile jolebaksten denne helga. Goro, kromkaker, smultringar, rosettbakkels og mykje meir. Deltakarane tek med seg dei ferdige produkta heim. Bodil Nordjore har arbeidd med tradisjonsmat i 25 år og er fagleg ansvarleg for tradisjonsmatstudiet på Høgskolen i Telemark, Rauland. Ho har gjeve ut fleire kokebøkar, hausten 2010 kom ”Go jolemat”. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Plukkeband/grindeband

7.11–10.11

Eli Vesaas | Kurs Nr.: 1383 | Påmeldingsfrist 23. september Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Du lærar veving av plukkeband i grind med og uten spalter. Typiske eksempel på plukkeband er band til Vest-Telemark bunaden, her er botnveven i mercerisert bomull med mønstertrådar i ull. Vevmetoden gjev deg stor fridom når det gjeld mønster og motiv. Du må ha med bandgrind, helst med spalter og helst grind med 9 spalter, ein trekniv til og plukke mønster med, eit bandvevfeste og belte til å feste bandvevfeste rundt livet. Lærar har med vevmønster og garn, og kan låne ut noko vevutstyr. Kostnader ca. kr 200,- Eli Vesaas er vevlærar, har produsert vevnader for sal og har hatt mange kurs. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Fletting med søppel

7.11–10.11

Camilla Gundlach | Kurs Nr.: 1357 | Påmeldingsfrist 23. september Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Ikkje kast potetgullposen din! På dette kurset lagar du dei lekraste vesker og pungar ut av det som til vanleg berre blir kasta. Det vil si at vi brukar tomme kaffiposar, potetgullposar og liknande. Det blir vaska, skore til, bretta og deretter fletta. Den ferdig fletta gjenstanden blir til slutt montert. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Kveding, tradisjonell song

7.11–10.11

Unni Boksasp | Kurs Nr.: 1348 | Påmeldingsfrist 23. september Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Innføring i norsk vokal tradisjonsmusikk. Unni Boksasp har fordjupa seg i dei to tradisjonsområda Nordmøre og Tinn i Telemark. Dette kjem sjølvsagt kurset til å bere preg av, men ein kjem og til å arbeide med songtradisjonane frå andre stader i landet. I tillegg generell song- og pusteteknikk. Unni har studert folkemusikk både i Rauland, Valle i Setesdal og i Stockholm. www.boksasp.no Kurs torsdag kl 19 til sundag kl 12.

kurskatalog 2013

23


Maskinstrikking, vottar, luer og sokkar

7.11-10.11

Maria Valsdottir | Kurs Nr.: 1343 | Påmeldingsfrist 23. september Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Vi lærer å utforme vottar, sokkar og luer med og utan mønster, ymse fellingar og saumar. Ta med eigen strikkemaskin, elektronisk eller holkort, gjerne med patentapparat – da kan vi strikke rundt utan saumar. Leige av strikkemaskin kr 500,Maria Valsdottir har svennebrev i kjole- og draktsaum og 2-årig utdanning i maskinstrikking frå HIT Rauland. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Gravering på sølv, påbygging

7.11-10.11

Eli Taugbøl | Kurs Nr.: 1326 | Påmeldingsfrist 23. september Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,På kurset lærer du å gravere med hand på sølvplate. Teknikken blir bruka som dekor på smykke eller dekor på sølvbeslag på kniv. Dette kurset bygger på grunnkurs eller liknande erfaring. Du må rekne utlegg til ferdig oppsette gravørstikler og sølvplate, dersom du ikkje har det frå før. Eli Taugbøl er meister i sølvsmedfaget. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

Slektsforsking, innføring om utvandringa

7.11-10.11

Liv Marit Haakenstad | Kurs Nr.: 1324 | Påmeldingsfrist 23. september Kurs kr 3 500,- | Opphald og mat kr 2 250,Har du ein onkel i Amerika? På kurset får du ei innføring i utvandrarhistorie og kjelder til utvandring. Ta med den informasjonen du har, namn, opplysningar om fødsel, dato og stad, evt. død, omtrent når han eller ho utvandra og stader dei kan ha vore. • Generell utvandrarhistorie • Innføring i kjelder og metodikk • Munnlege kjelder • Skriftlege kjelder • Digitaliserte avskrifter av kjelder • Nettressurs og søking i desse • Litt om slektsprogram • Slektsfora der du får hjelp • Særskilde problem som dukkar opp. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.

24

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a! Annonse:

30. juni – 4. august

Fire vise kvinner (detalj)

Anne Valen Ness

Vinjeutstillinga 2013 Sommarutstilling: måleri, grafikk, skulptur, tekstil, keramikk og foto

Tema: Mål og meining. Vi markerer Språkåret 2013 og Stemmerettsjubileet 2013. Opningstider alle dagar: kl. 11-18 Opningsprogram på Vinjar sundag 30. juni kl. 14.00.

Inngang Bill : kr 40,- Born under 15 år gratis Utstillingsstad: Vinjar, 13 km vest for Åmot (retning Haukeli). Utstillingsnemnda i Vinje handverkslag er arrangør av utstillinga. Vinje handverkslag driv òg Haugsæl i Bøgrend og stampa på Mjonøy.

www.vinjehandverkslag.no – post@vinjehandverkslag.no

Annonse:

Annonse:

Se det komplette aktivitetstilbud i Rauland på

www.visitrauland.com

Tlf. 35 06 26 30 – info@visitrauland.com – www.visitrauland.com

kurskatalog 2013

25


Annonse:

Snoformingsfestivalen 2013

Åmot 15. - 17. februar 2013 www.snoforming.no

“ORD-BRU” FREDAG 15. februar kl 17.00 Start stor kube og bålkos ved teltet kl 21.00 Quiz i teltet kl 22.00 “ANTI-LOOP”, danseframsyning ved kubene LAURDAG 16. februar kl 13.00 “Brakar og Mikkel-bamseknep og revestrekar” kl 14.00 Opning ved ordførar Arne Vinje og song av ”Måneskin” kl 14.15 Hopprenn og barneskirenn med premieutdeling kl 15.00 Visning av klede frå Silkevippa og Vinjebue Sal av mat og drikke på området kl 21.30 “ANTI-LOOP” møter snoformingsfestivalen for andre gong kl 22.00 Dans på kroa SUNDAG 17. februar kl 14.00 Messe med musikkinnslag kl 14.45 Premieutdeling

Annonse:

26

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Annonse:

Annonse:

30. august – 1. september 2013 • Aa. O. Vinje er i fokus på fredagen • Foredrag, konsertar og debutantsamtale • Utdeling av Storegutprisen på laurdag i Edland • Knut Buen i Biletgalleriet på sundag For nærare tema, program og påmelding:

www.litteraturdaganeivinje.no kurskatalog 2013

27


Kursa på Raulan dsakademiet blir arr angera i samarbeid me Rauland Husflidslag og d Studieforbundet kultur og tradisjon. Fleire kurs parallelt slik at ektefelle gå r eller vener kan gå på kvart I år er det om lag 65 ku rs å velje mellom. Det blir sitt kurs samstundes. kurs, som blir sendt til utarbeidd ein plan for kv dei som ber om det, elle art r melder seg på. Her finn du detaljopply sningar om tidsrom, læ rar, materiale, verktøy og materialkostnadene blir kva . Du finn mykje informas jon på www.raulandsa kademiet.no

Kven kan melde seg på kurs?

Kursa er opne for alle over 14 år. Er du dårleg til beins eller har andre hemningar, vil vi gjerne ha beskjed om det, slik at vi kan legge alt best mogleg til rette. Dersom du ikkje snakkar norsk, er dette som regel ikkje eit problem. Men ta for sikkerheits skuld kontakt med oss og spør. Dei fleste av våre lærarar snakkar engelsk. Dersom ikkje anna er nemnt i kursomtalen, er undervisningsspråket norsk. Dersom du snakkar andre framandspråk enn engelsk, må du ta kontakt med oss.

Most courses are open for English speakers

Nearly all our teachers understand and speak English. To be certain about the course language, please contact us. If nothing else is mentioned in the course description, the teaching language is Norwegian. For information about the courses in English, please look at our homepage www.raulandsakademiet.no.

Program for sommarkurs

Innkvartering frå kl 15:00 Kl 18:00 Måltid for dei som har bestilt overnatting og mat. Kl 19:00 Fyrst felles orientering i Vesaas-salen, deretter startar kurset på verkstaden. Kl 21:00 Kaffi og kake i matsalen. Ein kursdag ser slik ut: Frukost frå 07:30. Samling i Vesaas-salen kl 08:30 til orientering om program for dagen. 08:45–12:00 Undervising. 12:00 Lunch 12:45–16:00 Undervisning. 16:00 Kaffi, te, frukt mm. Etterpå er det høve til å gå på utstilling, fjelltur eller liknande. 18:30 Middag. Verkstaden er opne til kl 22:00. Nokre kveldar er det foredrag om ymse emne. Siste kveld stiller kursdeltakarane ut det dei har laga på kurset. Etterpå blir det ekstra servering og underhaldning. Kurset avsluttast med lunsj kl 1200 siste kursdag.

Fritidsaktivitetar

Det er undervising fram til kl 16. Etterpå kan du arbeide vidare på verkstaden eller nytte tida til andre fritidsaktivitetar. Tur i fjellet, bading i Totak, båttur på Møsvatn, fisking, padling eller ridetur. Du kan vitje ei av kunstutstillingane i distriktet: Raulandsutstillinga, Mjonøy og Vinjeutstillinga, Vinje Biletgalleri med verk av Henrik Sørensen og Harald Kihle, Øyfjell Bygdemuseum, Haukeliutstillinga, Seljordsutstillinga, Dyre Vaa samlingane, Knut Skinnarland Skulptursamling, Lårdal Bygdemuseum, Anne Grimdalen museet, eller andre kulturminne som Vinjestoga, Myllarheimen og freda bygningar og tun.

Gåvekort

Å få eit kurs i gåve er populært. Ta kontakt med oss, gje oss namnet på den heldige, kor gåvekortet skal sendast og kven som skal betale.

28

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a!

Tips ein ven

Kjenner du nokon som du trur ville setje pris på å få ein kurskatalog? Ring oss eller send oss ei melding med namn og adresse, så sender vi katalogen i posten.

Slik melder du deg på kurs

Du melder deg på ved å sende inn påmeldingsskjemaet, brev eller e-post. Det er bindande påmelding. Ikkje vent for lenge med å melde deg på! Dei mest populære kursa blir fort fulle. Før kursstart får du brev om at kurset kjem i gang, detaljert informasjon om kurset, deltakarliste og giro. Dersom vi må avlyse kurset, får du brev om det. Sjå kursomtale for påmeldingsfrist. Dersom det er ledige plassar, tek vi mot påmelding fram til kursstart.

10% rabatt på kursavgifta?

Det er to måtar å få rabatt på: 1. Meld deg inn i Rauland Husflidslag. www.husflid.no/husflid/abcmedlem/innmelding då blir du samstundes medlem i Noregs Husflidslag og får bladet Norsk Husflid tilsendt 5 gongar i året. 2. Alle som melder seg på kurs før 1. mars får 10% rabatt på kursavgifta

Kva dekker kursavgifta

Kursavgifta dekker kurs og verkstad. På nokre kurs må du rekne materialkostnader. Betaling for mat og opphald på Raulandsakademiet kjem i tillegg. Dersom du ynskjer å bu heime eller på hytta under kurset, betaler du berre kursavgift.

Innkvartering

Du får kost og losji på Raulandsakademiet. Så sant det er plass, er det høve for familiemedlemmer og andre å leige seg inn. Overnattingsdelen på Raulandsakademiet er pussa opp og det er dusj og toalett på alle rom. Det er enkeltrom, dobbeltrom, tremanns rom og familierom med plass til fire. Vi har dessverre ikkje høve til å ta i mot bubilar, telt og campingvogner på Raulandsakademiet sitt område. Vi viser til campingplassar i nærleiken.

Dersom du må melde avbod

Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå så fort som mogeleg. Send brev eller e-post. Avmeldingsreglar: Fram til 28 dagar før kursstart er avmeldingsgebyret 20% av kursavgifta. Etter 28-dagars fristen må heile kursavgifta betalast. Du kan avbestille overnatting og mat dagen før.

Offentlege kommunikasjonsmiddel

Haukeliekspressen med bussruter til Oslo, Bergen, Haugesund, Skien, Porsgrunn, Sandefjord. Ruteopplysing: 177 eller 815 00 184, www.telemarkbil.no Tog og buss: Sørlandsbanen til Bø og buss vidare til Rauland. www.nsb.no Hugs alltid å sjekke rutetider.

Raulandsaka demiet AS Akademiet 2, 3864 Rauland Tlf.: 35 07 32 92 Fax: 35 07 35 30 post@raulands akademiet.no www.raulands akademiet.no

kurskatalog 2013

29


Kursnavn

Dato

Kursholder

Side

Tekstil, veving, saum, filting, maskinstikking, knipling m.m. Biletvev Brikkeveving, steg 2 Design, mønsterkonstruksjon og saum Handsaumteknikkar NY Knipling grunnkurs Maskinstrikking, ”Designa knit” NY Maskinstrikking, grunnkurs Maskinstrikking, vottar, luer og sokkar Møbeltapetsering/trekk om møblar Plantefarging NY Plukkeband/grindeband Redesign av klede Spinning av lin Spinning av ull NY Sy klede etter ferdigmønster Toving/filting av klede Veving

24.6–30.6 10.10–13.10 8.7–14.7 11.7–14.7 1.7–7.7 15.7–21.7 24.6–30.6 7.11–10.11 22.7–28.7 22.7–25.7 7.11–10.11 1.7–7.7 31.10–3.11 10.10–13.10 31.10–3.11 1.7–7.7 22.7–28.7

Anne Gro Johansen Sonja Berlin Veronika Glitsch Anne Kari Martinsen Anna Sigurðardóttir Maria Valsdottir Maria Valsdottir Maria Valsdottir Erik Melcher Berit Knai Johansen Eli Vesaas Veronika Glitsch Anne Holen Harriet Beisland Veronika Glitsch Toril Vestad Eli Vesaas

4 19 9 10 8 13 5 24 15 16 23 7 22 19 22 7 16

Sauskinn/skinnfell, gyllenler, veske av traktorslangar m.m. Gyllenler Skinnfell, tradisjonell saum og trykking Småting av saueskinn Vesker av resirkulert traktorslange Fletting med søppel NY

22.7–28.7 24.6–30.6 10.10–13.10 22.7–25.7 7.11–10.11

Marit Furulund Britt Solheim Britt Solheim Else Ljungstrøm Camilla Gundlach

16 5 19 17 23

Andras Varga Eli Taugbøl Erzsebet Kabai Anders Sundvold Birgith Hestangen Gunnhild Astrid Evju Linn Sigrid Bratland Anne Synnøve Berglund

12 24 13 14 12 4 9 17

Sølv/metallarbeid, blyglas, steinsliping, keramikk, restaurering av omnar Blyglas, lampeskjerm NY Gravering på sølv Keramikk, rakubrenning NY Restaurering av omnar NY Steinsliping, fatting NY Sølvarbeid/filigran/sølje NY Sølvsmykke, grunnleggande teknikkar Sølvarbeid, nybyrjarkurs

15.7–21.7 7.11–10.11 15.7–21.7 15.7–18.7 15.7–21.7 24.6–7.7 8.7–14.7 22.7–28.7

Lafting, tredreiing, treskjering, ølhøner, kniv, tægerbinding, pilfletting, neverfletting Kniv med sølvbeslag, laurdagskniv Kniv, nybyrjarkurs Lafting med rundtømmer 1 Lafting med rundtømmer 2 Neverfletting NY Pilfletting Tredreiing NY Tredreiing, helgekurs NY Treskjering, dragestil NY Tægerbinding Ølhøner

24.6–30.6 31.10–3.11 24.6–7.7 8.7–21.7 22.7–28.7 8.7–14.7 1.7–7.7 10.10–13.10 24.6–30.6 1.7–7.7 15.7–21.7

Morten Håkonsen Morten Håkonsen Ottar Romtveit, Olav Romtveit Ottar Romtveit, Olav Romtveit Inger Johanne Larsen Klara Pil Rune Hjelen Rune Hjelen Rune Hjelen Signe Irene Berg Harald Kolstad

5 21 4 9 16 10 8 18 6 8 12

Ivar Øksendal Borghild Telnes Vivian Grieg Teisner Vivian Grieg Teisner Kjersti Eliassen Vivian Grieg Teisner

14 18 15 21 7 12

Måling, kalligrafi, rosemåling, lasering Akvarell Kalligrafi Lasering, gamle måleteknikkar NY Lasering, helgekurs NY Male landskapsbilete Rosemåling

30

15.7–21.7 10.10–13.10 22.7–28.7 31.10–3.11 1.7–7.7 15.7–21.7

Les meir på www.raulandsakademiet.no


Meld deg på ku få 10 % rabatt rs før 1. mars på kursavgift a! Kursnavn

Dato

Kursholder

Side

Mat, tradisjonsmat, baking, vegetarmat Baking i steinomn, kornsortar, næringstoff… Baking i steinomn, kornsortar, næringstoff…. Baking på takke NY Jolebakst med Bodil NY Jolemat, tradisjonelle rettar Pølser heimelaga Vegetarmat NY

10.10–13.10 31.10–3.11 15.7–18.7 7.11–10.11 31.10–3.11 10.10–13.10 18.7–21.7

Øystein Løvlie Øystein Løvlie Anne Lise Andersen Bodil Nordjore Bodil Nordjore Bodil Nordjore Henriette Bohwim

20 21 14 23 22 18 14

Foto, skrivekurs, slektsgransking, bokbinding, kveding Bokbinding NY Fotografering med digitalt kamera 1 Fotografering med digitalt kamera, påbygging Kveding, tradisjonell song Skrivekurs Skrivekurs for besteforeldre Slektsforsking, innføring om utvandringa NY

22.7–28.7 24.6–27.6 27.6–30.6 7.11–10.11 25.7–28.7 8.7–11.7 7.11–10.11

Lisa Bøthun Dagfinn Kristiansen Dagfinn Kristiansen Unni Boksasp Kjersti Wold Kjersti Wold Liv Marit Haakenstad

15 6 6 23 17 10 24

Fleire

11

Aktivitetsveka for barn 8–14 år Tekstil, spikking, sølv, friluftsliv, mat NY

8.7–14.7

Annonse:

Unike studium i folkekunst og folkemusikk Årsstudium og 3-årige bachelorstudium i • Folkemusikk • Folkekunst - tre, metall eller tekstil Masterstudium i tradisjonskunst (folkemusikk eller folkekunst) Deltidsstudium: • Tradisjonsmat • Kreativ maskinstrikking • Design, redesign og saum av klede • Innføring i norsk folkemusikk Studietilbod ved Institutt for folkekultur høver for utøvarar av folkekunst eller folkemusikk og for deg som tek sikte på eit yrke innom kulturarbeid eller lærarverksemd. Velkomen til eit innhaldsrikt studieår i flott natur, nye og funksjonelle lokaler med godt utstyrte verkstadar, lydstudio, pc-lab, øvingsrom m.m. Høgskolen i Telemark

Institutt for folkekultur

kurskatalog 2013

3864 Rauland Tlf. 35 95 29 00 rauland@hit.no www.hit.no/folkekultur

31


B Returadresse: Raulandsakademiet AS, Akademiet 2, 3864 Rauland

Raulandsakademiet

Raulandsakademiet har drive med kurs i meir enn 30 år og tradisjon og fornying er viktige prinsipp. I år tilbyr vi omlag 60 kurs. Nytt i år er at vi og har tilbod til barn mellom 8 og 14 år. Det er i veke 28, midt i juli. Her får dei prøve seg på spikking, tekstilarbeid, sølvarbeid, matlaging og friluftsliv.

Under kurset kan du bu på Raulandsakademiet. Elles kan du leige deg inn på Raulandsakademiet heile året for skiferie, molteferie, kor- eller korpssamling og på sommarferie. Her får du fantastisk natur- og kulturoppleving til rimeleg pris. Kursoversikta finn du bak i katalogen.

Miljømerket trykksak 241 749

Erik Tanche Nilssen AS

Dei vaksne har mange tilbod: kurs i trearbeid, tekstilarbeid, skinnarbeid, mat og restaurering av gamle omnar m.m.

Miljømerket trykksak 749 – Erik Tanche Nilssen AS AS Framsidebilete: Rune Hjelen Miljømerket trykksak241 241 749 – Erik Tanche Nilssen

Vi vil invitere deg til kurs på Raulandsakademiet. Her håper vi du vil få ei oppleving som gjev deg noko nytt, anten du har drive med ulike former for handverk og kreative prosessar før, eller at dette er ei heilt ny verd for deg.

Lurar du på noko i samband med kurs, overnatting, mat, selskap og opplevingar er du velkommen til å kontakte oss på tlf. 35 07 32 92 eller klikke deg inn på:

www.raulandsakademiet.no Vi ser fram til å sjå deg på Raulandsakademiet, Velkommen til oss!

Tel.:+ 47

miet.no ndsakade post @ raula 35 30 07 5 47 3 2 – Fa x:+ 35 07 32 9


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.