![](https://stories.isu.pub/96316156/images/3_original_file_I2.jpg?crop=210%2C158%2Cx27%2Cy5&originalHeight=228&originalWidth=296&zoom=1.41283315648212&width=720&quality=85%2C50)
2 minute read
Opplev Suldal
Advertisement
FJELLTOPPAR HEILT FOR DEG SJØLV
![](https://stories.isu.pub/96316156/images/3_original_file_I2.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Trolltunga og Preikestolen er berre starten av det regionen kan tilby av natur opplevingar med ei rekke turnettverk og turisthytter der ein kan nyte frisk luft og fantastisk utsikt i fred og ro.
LIVLEGE GRENDER
![](https://stories.isu.pub/96316156/images/3_original_file_I0.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Besøk bygdesentruma våre for å få innsikt i kvardagslivet langs fjorden. Nyt Jelsa-jordbær om sommaren, få servert rykande fersk komle, eller besøk dei lokale butikkane våre.
70 KM MED SKILØYPER
![](https://stories.isu.pub/96316156/images/3_original_file_I1.jpg?width=720&quality=85%2C50)
I vintersesongen kan ein nyte heile 70 km med merka løyper i høgheia, der ein finn tilpassa barneløyper, lysløyper, rundturar og flotte toppturar. Ein kan også slå seg ned i skileiken eller hive seg ned bakken i vårt flotte skitrekk.
LEVANDE KULTURLIV
![](https://stories.isu.pub/96316156/images/3_original_file_I3.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Opplev gardstunet Kolbeinstveit som kjem til liv med dyr og vertskap om sommaren, eller stig inn i Kvitebjørn-utstillinga på Nesasjøhuset. Du kan òg utfordre familien til bowling på Kulturhuset i Suldal.
ATTRAKSJONEN SULDAL BAD
![](https://stories.isu.pub/96316156/images/3_original_file_I4.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Suldal bad er eit hypermoderne symje anlegg med flott utsikt over fjorden. Med fleire basseng, badstue, klatrevegg og vannsklier er Suldal Bad på Sand i Ryfylke eit aktivitetsparadis for heile familien.
NOREGS STØRSTE DAMANLEGG
![](https://stories.isu.pub/96316156/images/3_original_file_I6.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Blåsjø er Noregs største vassreservoar, der du kan oppleve natur og vasskraft i samspel med kvarandre. Området er perfekt for vandring, sykling og skiturar.
NOREGS FØRSTE LAKSESTUDIO
![](https://stories.isu.pub/96316156/images/3_original_file_I5.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Opplev laksen på veg opp elva for å gyte i Noregs første laksestudio! Laksen bruker ofte fleire år ute i havet, men finn alltid tilbake til den elva han var fødd i.
PRISVINNANDE ARKITEKTUR
![](https://stories.isu.pub/96316156/images/3_original_file_I7.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Ta ei historisk reise gjennom Suldal og Røldal med fantastiske arkitek toniske perler, frå det eldste bygget i regionen, Guggledalsloftet, til kraftarkitekturen på Nesflaten og den prisvinnande Høsebrua.