10 minute read
Aktivitetar 22-23
LAKSESAFARI
Advertisement
Mo Laksegard
Flyt nedover Vestlandets mest vassrike elv i tørrdrakt – er du heldig, får du auge på villaksen! Turen tek om lag 2,5 timar. Ope for grupper på minimum seks personar heile året. Ope for enkeltbestillingar onsdag og laurdag i mai– september. Pris: 850 kr pr. pers. Hugs å bestille dagen før. Du må kunne symje for å vere med. Les meir på molaks.no.
ELVEEKSPEDISJON
Mo Laksegard
Ta med familien på softrafting nedover den majestetiske Suldalslågen der den lokale guiden fortel historier frå elva og områda rundt. Halvvegs nedover elva er det ein stopp ved villmarkscampen for enkel servering. Turen tek om lag 2,5 timar. Pris: 590 kr pr. pers. Ope for grupper heile året. Minimum seks personar. Les meir på molaks.no.
SULDAL BAD
Suldal Bad er kommunen sitt store folkebad med symjebasseng, terapibasseng, badstove, utandørs boblebad, hoppetårn, sklie og meir. Dei har ulike arrangement og aktivitetsdagar gjennom året. Plassbestilling og meir informasjon finn du på suldal-bad.no.
LEIGE AV UTSTYR
Fleire stader i Suldal kan ein leige utstyr til å kome seg ut på vatnet. Frå Vikane hyttetun og Energihotellet kan ein leige båt, kano og kajakk til Suldalsvatnet. Energihotellet tilbyr også guida båtturar. Frå Ryfylke Base- Camp kan ein leige kajakk, SUP og meir til Sandsfjorden. Dei tilbyr også padlekurs for grupper og privatpersonar. Frå Gullingen turist senter kan ein leige båt og kajakk til Mosvatnet. Frå Jelsa kai går det an å leige båt av Fjord Expedition. Les meir på vikane.no, energihotellet.no, ryfylkebasecamp.no, gullingen.no og fjordexpedition.com.
GUIDA PADLETUR
Fjord Expedition
Opplev ei av Suldal sine bortgøymde perler, Økstrafjorden, på guida padletur mellom holmar og skjer med Fjord Expedition. Den lokale guiden fortel historier frå fjorden, og det blir servering av ein lokal matpakke. Kanskje treffer de havørnen? Du treng ingen forkunnskapar om padling. Ope for grupper heile året. Ope for enkeltbestillingar i sommarsesongen. Turen tek om lag 5 timar. Pris: 890 kr/vaksen, 690 kr/barn. Les meir på fjordexpedition.com.
KULTURHUSET: KINO, ARRANGE MENT, BOWLING OG BIBLIOTEK
Kulturhuset i Suldal ligg i Sand sentrum. Her kan du få med deg dei nyaste kinoane, utfordre familien i bowling, låne gode bøker i biblioteket, besøke ulike utstillingar gjennom året, delta på ulike arrangement og arrangere møte/ konferanse. Program og opningstider: suldal.kulturhus.no.
HYLSFJORDCRUISE
Helgøy Skyssbåt
Ta inn høge fjell og idylliske grender på tur innover Hylsfjorden med Helgøy Skyssbåt. Hyls fjorden har ei spanande historie og danna hovudtrafikkåra mellom aust og vest i fleire hundre år. Her får ein høyre forteljingar frå områda ein passerer i båten, av lokale suldølar som vaks opp ved fjorden, og ein blir servert ein lokalmatpakke. Turen frå Sand tek om lag to timar. Båten hentar frå fleire kaiar i Ryfylke. Les meir på helgoy.no.
RIB-SAFARI I HYLSFJORDEN
Ryfylke Fjordhotel / Ryfylke BaseCamp RIB-safari er for den av dykk som søkjer flotte naturopplevingar kombinert med fart og spenning. Kom tett på elementa i ei av dei best gøymde perlene i regionen vår: Hylsfjorden. Turen tek om lag 90 minutt. Pris: 990 kr/vaksen. Les meir og bestill på ryfylkebasecamp.no
BESØK NOREGS FØRSTE LAKSESTUDIO
I Sandsfossen på Sand finn du det som er Noregs første laksestudio. Her får du eit innblikk inn i laksen si naturlege vandring frå havet til elva ved å sjå inn i det femte trinnet i laksetrappa ved fossen gjennom eit glasvindauge. I studioet kan du også lære meir om laksen, elva og kraftutbyggingane i Suldal. Pris 40 kr/vaksen, 30 kr/born, 110 kr/ familie. Ope juni– september. Les meir på visitsuldal.no.
LAKSEFISKE I SULDALSLÅGEN
Suldalslågen er ei sein lakseelv med ein sesong som over Sandsfossen strekker seg frå 20. juli og ut september. Før ein startar fisket, må ein betale den nasjonale fiskaravgifta og kjøpe fiskekort hjå den aktuelle grunneigaren. Full oversikt over grunneigarane i elva får du på suldalslagen.no. På visitsuldal. no får du oversikt over grunneigarar som også tilbyr overnatting og andre aktivitetar. Fiskeutstyr får du tak i hjå Sand Sport.
LAKSEFISKE MED GUIDE
Mo Laksegard
Med lokal guide får du endå meir ut av laksefisket! Den lokale guiden vil vere med deg for å dele av eigne erfaringar frå elva for å sikre at du får ei god oppleving, og for å auke sjansane for å få fangst! Ingen forkunnskapar er naudsynte. Les meir på molaks.no.
AUREFISKE
Aurefiskesesongen i Suldalslågen er frå 1. mai til 20. juli. Ein får tak i kort til brunaurefiske hjå grunneigarane for elva via suldalslagen.no.
FISKE I FJORDEN
Det er gratis å fiske i fjorden. Me ber deg likevel lese deg opp på retningslinjer for fisket på inatur.no. Det er eigne reglar for fiske ved elvemunningar.
FISKE I VATN
I Suldal finn du ei rekke flotte fiskevatn, både i heia og lågare i landet. Suldalsvatnet er mellom anna kjend for tett røyebestand og storaure. Fiskekort for ulike vatn i Suldal finn du på inatur.no
LAKSEFISKE I HÅLANDSELVA
Sesongen i Hålandselva i Erfjord varer frå 15. juni til 31. august. Før du startar fisket, må du betale den årlege fiskaravgifta og sikre deg fiskekort. Fiskekort til elva får du via inatur.no.
VILLMARKSLEIR
Mo Laksegard
Ta med deg gode kollegaer, vener eller familie på teambuilding! Mo Laksegard har to ulike villmarkscampar der ein kan nyte kjekke timar i godt lag i romslege lavvoar. Her legg ein opp til gruppeaktivitetar og servering. Les meir på molaks.no
UTANDØRS STAMP OG BADSTOVE
Vikane hyttetun, Mo Laksegard
Ved Vikane hyttetun og Mo Laksegard kan ein leige seg badstove og stamp for kvelden. Nyt seine kveldar i godt lag med utsikt over elv eller vatn. Les meir på vikane.no og molaks.no.
RYFYLKEMUSEET
I eit tidlegare sjøhus i Nordenden av Sand finn du hovudsetet til Ryfylkemuseet. Her kan du besøke barneutstillinga Kvitbjørnen og ei utskiftande utstilling. Dei har også eigen museumsbutikk. Les meir på ryfylkemuseet.no
KOLBEINSTVEIT
Ryfylkemuseet
I sommarsesongen kjem museumsgarden frå 1850-åra til live med vertskap, dyr og servering. Her kan ein tre inn i livet på det som var ein av storgardane i Suldal nokre hundre år tilbake. Ungane kan kle seg ut, bli med på historiske leikar og helse på dyra. Opningstider og meir info finn du på ryfylkemuseet.no
LITUNET
Ryfylkemuseet
Nesten 300 stupbratte meter opp i høgda med panoramautsikt over Hylsfjorden finn du Litunet. Tunet består av 13 bygningar frå 1700- og 1800-talet og er blant dei mest verneverdige tuna i denne delen av landet. Les meir på ryfylkemuseet.no.
SOMMAROPNE KYRKJER
Kyrkja i Suldal, Ryfylkemuseet og Suldal Vekst
I sommarsesongen held ein ope utvalde kyrkjer i kommunen. Jelsa kyrkje frå 1600-talet er eit av dei flottaste kulturhistoriske bygga i regionen med sine utskjeringar, dekor og handmåla stjernehimmel. Kombiner gjerne med eit besøk til skulemuseet like ved. Les meir på visitsuldal.no.
BADEPLASSAR
Over heile kommunen finn ein flotte badeplassar med både ferskvatn og saltvatn. Tilrettelagde badeplassar for saltvatn er Sandvikjå (Vanvik), Neset badestrand (Sand sentrum), Jelsa badestrand og Habn (Erfjord). Tilrettelagde badeplassar i ferskvatn er Mosvatnet (Gullingen).
GARDSBESØK TIL FUGLESTEIN FRUKTGARD
Fuglestein Fruktgard ligg unikt i fjordparadiset ved Økstrafjorden, like mellom Jelsa og Erfjord. Her har dei over 17000 epletre som dei nyttar til pressing av eplemost, sider og andre produkt. Ein får omsyning i eplehagen og smaksprøvar frå garden. Dei held ope for grupper heile året, i tillegg til faste opne dagar i sommarsesongen. Ta kontakt for å avtale besøk. Les meir påfacebook.com/fuglesteinfruktgard
FÅ EIT INNBLIKK I BIENE SIN FANTAS TISKE VERDEN!
På den vakre garden Våge tett på Suldalsvatnet, produserer Lars og Helene Suldal sin heilt eigen honning. Ønskjer du å besøke produksjonslokala eller bigården for lære meir om bier og honningproduksjon kan du gå inn på Suldalshonning.no
AKTIVITETAR MED NUTFANT 24
Nutfant 24 arrangerer ulike aktive opplevingar i Suldal gjennom året. Høgdepunktet er «Nutfant på eit døgn» der ein skal koma seg opp til seks fjelltoppar i løpet av 24 timar. Les meir på www.nutfant24. no og Facebook @ nutfant24.
GUIDA TUR OG KURS PÅ SUP
Aktiv Fuglestein
Bli med Aktiv Fuglestein på ei unik padleoppleving i Økstrafjorden der du kjem tett på naturen med SUP. Dette er ein aktivitet som passar for alle som er glad i vatn, og som ønsker å oppleve naturen frå ein ny vinkel. Aktiv Fuglestein tilbyr SUP-kurs og guida SUP-turar for grupper i mai– september. Ein treng ingen forkunnskapar for å bli med, men må vere symjedyktig. Les meir på www. aktivfuglestein.com
BESØK TIL VINGARD
Midtsommar
I den idylliske fjordgrenda Hebnes ligg Suldal sin heilt eigen vingard, Midtsommar! Eit besøk til garden tek 1,5 time, og her blir ein med bonden på tur blant vinrankene før ein får smaksprøvar i produksjonslokala. Ope for grupper også utanom faste dagar. Ope for enkeltbestillingar i sommarsesongen. Les meir på midtsommar.no.
DAGSTURHYTTA PÅ BJØDLENUTEN – OPNAR JUNI 2022!
Hytta er 15 m 2 med vedfyring og solcellebelysning. Inne i hytta finn du eit minibibliotek. Her kan du eta matpakka di, varma deg ved peisomnen og kosa deg med bøker frå hyttebiblioteket. Dagsturhytta er open for alle. Tilkomst: Parkering på offentleg parkeringsplass på Suldalsosen og følg skilting. Turen til hytta tar ein god halvtime på merka sti med bratte parti.