SORTERINGS
GUIDE
Last ned “appen” - få full oversikt !
Kvifor kjeldesortere? Tidlegare kasta vi alt avfall samla, utan å tenke på attvinning eller å nytte avfallet som råvare i ny produksjon. I snitt kastar kvar av oss 414 kg avfall kvart år. Det er dobbelt så mykje som i 1974. Ved å produsere mindre avfall og å sortere det, kan vi unngå store søppelberg. Attvinning reduserer også behovet for å ta ut nye råvarer. Attvinning gjev dermed dobbel miljøgevinst.
2
Meir sortering = mindre avfall
Føremålet med å kjeldesortere er å skile ut avfall som kan attvinnast.
Det du kasserar, kan attvinnast til nye produkt eller være med på å produsere fjernvarme og elektrisitet i eit forbrenningsanlegg.
Klede, aviser, mjølkekartongar, plast, glas og hermetikkboksar er nyttige ressursar som kan attvinnast.
Ein annan viktig grunn til kjeldesortering er å få tak i miljøskadeleg avfall. Farlig avfall leverast derfor separat til miljøstasjonane eller på dei bemanna mottaka.
3
Liten innsats gjev stor effekt Sortering krev liten innsats av oss alle, men gjev stor miljøgevinst.
OVER
AV AVFALLET BLIR I DAG ATTVUNNE.
Det vil sei at vi har “eliminert” over halvparten av søppelberget og fått store mengder ressursar som elles ville gått til spille. 4
Sjølv om bebuarane i Vest-Telemark er blant landets beste kjelde-sorterar, kan vi bli betre.
Dersom vi alle blir litt flinkare til å sortere, vil vi kunne attvinne enda større del av avfallet!
Avfall som hentast heime hjå deg er og har symbolet:
RESTAVFALL
MATAVFALL
PAPIR
PLAST
5
PLAST Plast skylast og leggjast i gule knytesekkar som knytast godt for. Dersom du går tom for sekkar kan du hente nye hjå kommunen eller Renovest.
Døme på plastemballasje: Plastposar Plastkanner til vaskemiddel Påleggsemballasje Ketchupflasker og liknande Rjomebeger og liknande Kaffi og potetgullposar og liknande. Støtemballasje i plast (ikkje isopor) Shampooflasker Emballasje frå matvarer må vera skylt/ reingjort 6
Du kan og skrive ein beskjed til renovatøren på eit A4-ark som du legg under loket på avfallsdunken med grønt lok, og han vil leggja att posar til deg.
Viktig! Skyl emballasjen Ikkje skru på korkane Når sekken er full, knytast den for og leggjast ved dunken med grønt lok, på tømedagen
MATAVFALL Matavfallet leggjast i Bioposar, knytast for og kastast i dunk med brunt lok. Dersom du går tom for Bioposar kan du hente nye hjå kommunen eller Renovest.
Døme på matavfall: Teposar, kaffi og filter Mjølk og mjølkeprodukt Middagsrestar, kjøtt, fisk Mjøl og bakevarer Grønnsaksavfall Eggeskal
Du kan og skrive ein beskjed til renovatøren på eit A4 ark. Legg arket under loket på avfallsdunken med brunt lok, så vil han leggja igjen posar til deg.
Viktig! Dette skal ikkje i matavfallet: Metall, glas, plast og andre ikkje nedbrytbare materiale Åske, kjemikaliar, støvsugarposar Bleier, bind, q-tips
Frukt Tørkepapir 7
KVART Ă…R 42 kg
8. kastar kvar og ein av oss mykje mat som burde vore ete, i gjennomsnitt 42 kg per person eller kvar 8. handlepose. Dette er mat for mange tusen kroner i ĂĽret som vi kunne brukt pĂĽ heilt andre ting. 8
PAPIR Papir, papp og drikkekartong leggjast i dunk med grønt lok.
Døme på papiravfall: Aviser Blad/magaisner Katalogar Printerpapir Pizzakartong og liknande
Viktig! Berre tørt og ikkje tilgrisa papir Drikkekartongar skylast, brettast og stappast saman i kube Tørkepapir leverast som matavfall Gåvepapir (julepapir) leverast som restavfall
Drikkekartong (skylast og stappast saman i kube) 9
RESTAVFALL Restavfall leggjast i pose og kastast i dunk med grå-svart lok.
Døme på restavfall: Tilgrisa plast og papir Åske Gåvepapir (jolepapir) Kattesand Bleier Isopor Øydelagde tekstilar Drikkeglass, keramikk, porselen, krystall og speglar 10
Viktig! Unngå tilgrising av dunken ved å leggje avfallet i pose som knytast for. Åske må vætast og leggjast i pose som knytast for. Skarpe gjenstandar pakkast i papir/ kartong
Dette fraktar du sjølv til returpunkta
Glas- og metallemballasje skylast og leverast i containerar på returpunkta
Døme på glas- og metallemballasje: Syltetøyglas m.m. Aluminiumsformer Vinflasker og andre glasflasker Metallboksar
Viktig! Vindaugsglas og metallskrap leverast til dei tre satelittstasjonane, eller hovudmottaket i Brunkeberg Skårmoen (Fyresdal) Vistad (Dalen) Hovdestad (Åmot) Brunkeberg avfallsmottak
For oversikt av returpunkta - sjå www.renovest.no 11
Dette kan du som privatperson levere gratis på bemanna satelittstasjonar og på avfallsmottaket i Brunkeberg
→→ Elektrisk og elektronisk avfall →→ Farleg avfall (sjå punkt om kva vi ikkje tek imot) →→ Kvite-/ brunevarer →→ Glas- og metallemballasje →→ Hageavfall (frå klipp av hekk og buskar på bustadtomt) →→ Plast →→ Papp og papir →→ Jern og metall →→ Møblar →→ Tekstilar, sko og klede/ty (til ombruk eigne innsamlingscontainerar/UFF) 12
→→ EPS, XPS, Cellegummi produsera før 2005 (inneheld farleg avfall) →→ Asbesthaldig avfall (eternitt ol.) inntil 300 kg pr. personbilhengar. Avfallet må emballerast i tjukk plast på pall - berre lev. til Brunkeberg avfallsmottak →→ Vindauga ,gjeld berre isolervindauga som er produsert i tidsrommet 1965-1990. Andre vindauga er definera som brennbart avfall etter sortering og må betalast for →→ Dekk utan felg →→ Impregnera trevirke inntil 300 kg pr. personbilhengar. →→ Ikkje brennbart avfall (porselen, keramikk, o.l.)
NB!
Leveransar større enn anslagsvis 300 kg / ordinær personbiltilhengar (max 1,5 m ) vil bli fakturera. 3
13
Følgende avfallstyper kan leverast mot betaling: →→ Gips →→ Bygg- / rivingsvirke (trevirke, isolasjon, takpapp, glasfibertankar o.l.)
→→ Isopor →→ Dekk på felg →→ Vindauga som ikkje er produsera i tidsrommet 1965 - 1990 →→ Gebyr bereknast i stk, volum eller vekt (berre Brunkeberg Avfallsmottak)
Følgjande avfallstypar tek vi ikkje imot: →→ →→ →→ →→ →→ →→ 14
Eksplosivar Ammunisjon Fyrverkeri Infeksjonsfremjande og radioaktive stoff Gassflasker (med unntak av propan og butan) Anna, som betong, stein og jordmasser
Emballasjemerking, symbol
PLAST EMBALLASJE, SKAL ATTVINNAST
KJELDESORTERAST SOM GLAS/ SMÃ…METALL
DRIKKEKARTONG, SKAL ATTVINNAST
KARTONGEN SKAL ATTVINNAST
15
Renovest IKS I Ordalsvegen 63 I 3850 Kviteseid Telefon: 35 06 80 00 I E-post: post@renovest.no
Design og trykk: Reklamehuset Wera 91339
Notat: