1 minute read
MANGE ULIKE JOBBTYPAR INNAFOR OPPDRETTSN\u00C6RINGA
JOBB I OPPDRETTSNÆRINGA
Mange spanande oppgaver
Det er fleire område innafor denne næringa som er spanande. Utviklinga i faget går fort. Det er mange ulike tilhøve ein skal ha innsikt i. Heilt frå fiskerogna vert befrukta vil systemet ha ei oversikt over fisken sin oppvekst og utvikling. Heile opplegget er meir omfattande enn ein skulle tru. Oppdrettsnæringa har etter kvart vorte ein stor bransje, mykje å læra og med mange muligheiter for karriere. Så dette er ei hurtigveksande viktig næring for framtida.
Utdanning
Vegen ei går for å få utdanning er to år på vidaregåande Vg1 Naturbruk blå line og Vg2 Akvakultur. Då har ein fått den teoretiske delen som er grunnlaget for endå to nye år med læretid i ei bedrift. Etter at så er gjort tek ein fagbrev i akvakultur.
Fasinerande yrke
Yrket er fasnerande på mange måtar, du skal veta mykje innafor fleire område. Det er stor verdiar ein skal forvalta, så her gjeld det å vera nøyaktig. Det ein ser frå overflata av eit anlegg er som toppen av eit isfjell. Det meste går føre seg under overflata. Du skal også ha litt kunnskap om båtar, motorar, kranar, hydraulikk og elektrisk utstyr. I tillegg må ein få utstyeret til å fungera om det stoppar opp. Her må både fisk og utstyr fungera.