MANGE ULIKE JOBBTYPAR INNAFOR OPPDRETTSNÆRINGA TEKST: KARSTEIN LUNDE
Det er fleire område innafor denne næringa som er spanande. Utviklinga i faget går fort. Det er mange ulike tilhøve ein skal ha innsikt i. Heilt frå fiskerogna vert befrukta vil systemet ha ei oversikt over fisken sin oppvekst og utvikling. Heile opplegget er meir omfattande enn ein skulle tru. Oppdrettsnæringa har etter kvart vorte ein stor bransje, mykje å læra og med mange muligheiter for karriere. Så dette er ei hurtigveksande viktig næring for framtida. Vegen ei går for å få utdanning er to år på vidaregåande Vg1 Naturbruk blå line og Vg2 Akvakultur. Då har ein fått
den teoretiske delen som er grunnlaget for endå to nye år med læretid i ei bedrift. Etter at så er gjort tek ein fagbrev i akvakultur. Yrket er fasinerande på mange måtar, du skal veta mykje innafor fleire område. Det er stor verdiar ein skal forvalta, så her gjeld det å vera nøyaktig. Det ein ser frå overflata av eit anlegg er som toppen av eit isfjell. Det meste går føre seg under overflata. Du skal også ha litt kunnskap om båtar, motorar, kranar, hydraulikk og elektrisk utstyr. I tillegg må ein få utstyeret til å fungera om det stoppar opp. Her må både fisk og utstyr fungera. Å jobba innafor oppdrettsnæringa
er noko ein bør vera stolt av. Det er ein helsug, triveleg og flott arbeidsplass. Så dette er ei mangfoldig og interessant utdanning å ta...
Verdens vakreste arbeidsplass MAGASIN FOR JOBB OG UTDANNING • 2014 / KAPITTEL
Les mer på www.marineharvest.no
23