heianestorsenter.no
VINN GÅVEKORT! VERDI KR 10.000,-
JUBILEUMSDAGAR 25. - 29. september
Følg oss også på
&
ÅR 2008
2018
- akkurat da du trenge
450
gratis p-plassar
Opningstider 10-20 (10-18)
23
butikkar
Gratis kake tirsdag 25. sept. fra kl 12.00 (så langt det rekk)
2008-2018
2
10ÅR
2008-2018
10ÅR
3
Senterleiar Terje Børtveit
Vinn gåvekort på heile:
10.000,-
KR
Kva er dine 3 favorittbutikkar på Heiane Storsenter? Fyll ut lappen på Heiane Storsenter og putt i boksen - så er du med i trekninga av sentergåvekort på kr 10.000!
Få med deg dei beste tilboda:
heianestorsenter.no Produksjon: Zpirit Reklamebyrå
Følg oss også på
& Med atterhald om trykkfeil i avisa
Me jubilerer – bli med på feiringa! I år er det ti år sidan Heiane Storsenter opna dørene for handlande frå heile regionen. For somme kan det kanskje verka som ei æve sidan, men slik er det ikkje for mange av oss som jobbar her. Då me kom på at 2018 er jubileumsår, og byrja snakka med butikkane om å markera dette, var reaksjonen oftast «Er det gått heile ti år allereie? Wow! Tida har jammen gått fort». Me er i dag i overkant av 200 personar som har vår arbeidsplass i senteret. Det kan me takka deg og alle dei andre kundane våre for. Anten du handlar varer eller tenester hos oss kvar dag, kvar veke eller ein gong innimellom: Tusen takk! Det er på grunn av deg at me har ein jobb å gå til kvar dag! Spennande reise Eg trur alle me på senteret er samde om at det har vore ei kjekk og spennande reise for å koma hit me er i dag. Heiane Storsenter er no det største kjøpesenteret i Sunnhordland med 1,3 millionar besøkande innom dørene kvart år og ei omsetning på rundt ein halv milliard kroner. Har så ferda gått på skjener? På ingen måte. Etter stor festivitas, massivt innrykk og snorklypping med ordføraren 25. september 2008, byrja tunge skyer å rulla inn over Heiane og resten av Noreg. Snart var den globale finanskrisa over oss for fullt, noko som påverka økonomien og kjøpekrafta her heime på berget. Normalt ville ei slik krise gitt eit solid fall i handelen for eit nyopna senter som vårt. Men Heiane Storsenter blei bygd for å dempa handelslekkasjen til haugesundsområdet, og då finanskrisa var over oss valde kundane på Stord og i nabokommunane i større grad å bruka pengane sine lokalt – framfor å dra sørover. Dermed fekk senteret ein lettare veg gjennom kriseåra enn det me frykta, og fasiten sit me med no: Heiane Storsenter har auka omsetninga kvart einaste år sidan 2008. Alt ligg til rette for utviding Butikkar har kome, og butikkar har gått. Det er heilt normalt for eit kjøpesenter – og bra for vitaliteten! Endå viktigare er det at me har hatt med oss ei solid grunnstamme av butikkar og tilsette i alle desse åra, for dei har bidrege med både vitalitet og stabilitet. Lenger bak i avisa kan du bli betre kjent med nokre av dei som har stått på sidan dag ein. I løpet av dei 10 åra har senteret også skifta eigar eit par gonger. I dag er me eigde av Midgard Gruppen i Bergen, som mellom anna også eig Husnes Storsenter. Midgard Gruppen kjøpte Heiane Storsenter rett før
ferien i år, og har i haust også sikra seg eigedomen til Heiane Bil. Det betyr at alt ligg til rette for ei framtidig utviding – der me også kan gi Skeidar og Elkjøp ei betre integrering med resten av senteret. Sidan eigaren berre så vidt har byrja sjå på desse moglegheitene, har eg diverre ikkje fleire detaljar å koma med no. At noko vil skje i nær framtid, er eg derimot rimeleg sikker på – og på Heiane Storsenter gler me oss til å utvikla oss vidare. Storflott besøk frå «Junaiten» Når eg no først er inne på oppkjøp og eigarar, må eg berre dela ei historie frå seks-sju år tilbake. Då var selskapet som eigde oss til sals, og dåverande direktør ringde og fortalte at ein svært rik amerikanar tenkte på oppkjøp og ville sjå Heiane Storsenter – eitt av fleire i ein stor senterportefølje han snuste på. Privatjeten til forretningsmannen var sjølvsagt for stor til å landa på Stord, så han måtte fykast i helikopter frå Stavanger til Heiane. Karen likte det han såg, og syntest det var noko amerikansk over Heiane: Stor gratis parkeringsplass, stor matbutikk midt i senteret og enkel tilkomst til dei andre butikkane. Så ville han til sentrum, for å sjå kva anna Stord hadde å tilby. Me sette oss i bilen, og var komen litt på veg då amerikanaren serverte det ultimate spørsmålet: «Who ownes Coop?» For alle som hugsar Coop-reklamen med nettopp ein steinrik amerikanar i ei av hovudrollene, skjønar de sikkert at eg fekk store problem med å halda meg alvorleg og profesjonell når eg fekk servert ein sånn «lissepasning». Med over ein million Coop-eigarar var det utruleg freistande å spørja som i reklamen: «Do you wanna call the owners?» – for så få følgja opp med «One by one, Sir?». Heldigvis greidde eg å halda meg i skinnet og gi storkaren eit ordentleg svar – utan at det førte til noko amerikansk oppkjøp. Vel, nok mimring. Det er på tide å retta blikket framover, og først ut er altså markeringa av 10-årsjubileet. Me gler oss til jubileumsveka, og håpar du tek turen innom for å feira saman med oss! Velkommen!
2008-2018
4
10ÅR
2008-2018
10ÅR
5
Bjørklund
Apotek1
Randi Presthaug & Hilde Naustvåg
Einar Fjelldal
Foto: Christopher Zibell
– Det som gir meg mest glede i jobben er når eg hjelper ein kunde slik at han går ut av apoteket både klokare og på veg til å bli litt friskare, fortel Einar Fjelldal.
Komplett makeover hos gullsøstrene Etter ei grundig oppussing skin butikklokalet til Bjørklund Stord no om kapp med innhaldet i montrane. – Godt for kundane og godt for oss, meiner Randi Presthaug og Hilde Naustvåg.
I 2016 tok Bjørklund Stord steget opp som den største gullsmedforretninga på Stord, ein posisjon butikken festa grepet om i 2017. – Var me det i fjor også? Eg følgjer ikkje med på slikt. Ikkje er det så viktig for meg heller. Me konsentrerer oss berre om å gjera det beste ut av vår eigen butikk, seier Randi Presthaug – til stadfestande nikk frå Hilde Naustvåg. Ingen dans på roser Dei to søstrene har drive Bjørklund Stord sidan senteret opna. Det har vore ti kjekke år. – Me har skapt vår eigen arbeidsplass, ein butikk folk har bruk for og som dei nyttar seg av. Og ikkje minst så treff me så mange trivelege folk – både kundar og senterkollegaer! Faktisk har me i dag faste kundar heilt frå Austevoll og Tysnes i nord til Sveio i sør, og det er me jo både glade og takksame for. Hilde og Randi er likevel tydelege på at dei ti første driftsåra ikkje berre har vore ein dans på roser. – Me legg ikkje skjul på at det har vore ein del tøffe periodar. Det tok tid å etablera ein heilt ny bransje her ute på Heiane, og det gjekk sju-åtte år før me fekk nasen over vatnet reint økonomisk. No kan me endeleg unna oss litt meir fri og avkopling i helgane. Det er største bonusen. Samtidig
Apotek 1 på Heiane har vore gjennom ei rivande utvikling, sidan Einar trassa ein del skeptikarar og etablerte filial i storsenteret.
nyttar det ikkje å kvila på det me har oppnådd, er senterveteranane samde om. Spenning har dei iallfall ikkje vore forutan. Ei novembernatt i 2010 blei gullsmedforretninga utsett for innbrot. – Det var ei ekkel oppleving. Ein skikkeleg vekkjar som resulterte i skjerpa sikkerheitstiltak. Heldigvis fekk tjuvane berre med seg relativt små verdiar. Verre var det at dei øydela for større summar enn dei tok, både hos oss og Mester Grønn, synest Randi. Tok fram geværet Søstera Hilde har også fått seg ein skikkeleg støkk på dagtid. – Det kom inn ein kar med noko eg først oppfatta som ein instrumentkasse. Den sette han på disken, før han tok opp eit gevær. Då blei eg skikkeleg nervøs, til mannen sa: «Slapp av, eg skal ikkje rana deg. Kan du gravera dette?» Det eine året er det kanskje klokker som er storseljaren hos Bjørklund Stord. Neste år er det kanskje gull og diamantar kundane vil ha mest av. No er damene spente på korleis haustens nye produkt vil slå an. – Me får mellom anna inn eit breitt utval gifteringar i sølv, for dei som ønskjer eit alternativ til den tradisjonelle gullringen, avslører dei.
Det er ikkje berre innhaldet i montrane som blir nytt. Til jubileet på Heiane Storsenter skal også butikklokalet skina i ny drakt. – Etter ti år er det på tide med ein skikkeleg «makeover», og me gler oss til å få på plass nytt golv og ny innreiing. Det blir bra, både for kundane og oss, meiner Randi. – Men det blir inga oppussing av oss to, altså. Me held fast ved den gamle hamen, smiler Hilde. – Men de, korleis er det eigenleg å vera søstrer og jobba så tett på kvarandre heile tida? – Det går heilt fint, både på jobb og på privaten. Men det hadde kanskje vore litt meir trøblete om aldersskilnaden mellom oss var mindre, trur Randi. – Ja, det går så fint så. Eg passar på å stort sett vera einig eg, så då går samarbeidet som ein draum, fleipar Hilde med eit breitt glis.
– Me begynte veldig smått, både i areal og omsetning, men sidan har det auka jamt og trutt på begge område. Det tok oss fire år å bli apoteket på Stord med flest kundar, noko me framleis er. Og internt i kjeda er det berre Apotek 1 på Amanda Storsenter som har fleire kundar enn oss på strekninga mellom Bergen og Stavanger, fortel farmasøyten. Han likar å tru at suksessen helst skuldast servicen han og dei 11 medarbeidarane gir kundane, men ser ikkje vekk frå at gode parkeringstilhøve også spelar inn. Då Viagra-salet reiste seg I ei undersøking for nokre år sidan toppa Apotek 1 lista over dei butikkane som senterkundane besøker først. Apoteket er kort og greitt eit godt trekkplaster som dreg kundar til senteret. – Samtidig får me ein del ekstrabesøk frå folk som er på senteret i heilt andre ærend. Den dagen Clas Ohlson opna, opplevde me til dømes ei femdobling i salet av Viagra. Det var mange vaksne menn på senteret den dagen, for å seia det slik, humrar Einar. Trass i at me no kan handla legemidlar både i daglegvarebutikken og i nettapotek, har han inntrykk av at dei
Trekkplasteret aller fleste likar å ta turen innom eit fysisk apotek. – Me er ein faghandel, og du får ikkje den same tette oppfølginga på nett – sjølv om det også der er farmasøytar som kontrollerer reseptpliktige bestillingar. Skal du byrja på eit sett nye reseptmedisinar, vil eg påstå at det er best å snakka med oss. Det ligg ein ekstra tryggleik i at me sjekkar at resepten din harmonerer godt med eventuelle andre medisinar du brukar. – Viktig å vera medmenneske Førebels merkar han lite konkurransen frå nettapoteka.
til
— Apotek 1 er blant dei største nettapoteka i landet, og dei fleste nettkundane vel dessutan å henta ut varene i fysiske apotek. Då kjøper nettapoteket varene lokalt frå oss – og dermed får me handelen innom vår verksemd likevel. – Kva gir apotekarjobben deg?
– Eg legg ikkje skjul på at eg likar å vera leiar, med dei utfordringane det byr på. Det som gir meg mest glede, er når eg hjelper ein kunde slik at han går ut av apoteket både klokare og på veg til å bli litt friskare – og med ei kjensle av å ha blitt sett. Å vera medmenneske er ein viktig del av jobben vår, ikkje minst i møte med dei som er veldig sjuke og deira pårørande. Me prøver å hjelpa folk på alle måtar. Sminke og svartmetall Einar framhevar det auka fokuset på friske personar som ei av dei største endringane i apotekbransjen dei siste ti åra. – Me har framleis ei klar overvekt av reseptkundar, noko som faktisk er litt uvanleg for kjøpesenterapotek. Samtidig blir marginane på reseptmedisin stadig mindre, og me sel fleire produkt med tap. I ein slik situasjon må me tena på andre måtar, og butikkarealet framfor disken har blitt mykje viktigare med
alt frå hudpleieprodukt til helsekost og sminke. – Og sminke er du god på…? – Eg er ganske god til å sminka meg sjølv, ikkje fullt så god på å få sminka av. Går gjerne rundt og er mørk rundt augo i fleire dagar, og får beskjed om å gå heim og kvile meg, ler Einar – som på fritida er vokalist i det plateaktuelle svartmetal-bandet Orkan. På bandbilete og konsertar i inn- og utland er svart sminke ein viktig del av imaget, og somme vil nok seia at karane ser ut som dei kan skremma fanden på flatmark. – Då eg dreiv apotek på Bømlo, hadde lokalavisa eit bilde av meg i full sminke og bandmundur med spørsmålet: «Ville du kjøpt hemoroidekrem av denne mannen?». Heldigvis ville kundane framleis det, fortel apotekaren med ei mild røyst som står i skarp kontrast til den knallharde vokalen fans nedover heile Europa kjem for å høyra.
6
2008-2018
10ÅR
2008-2018
Nille
Princess
Berit K. Grinde
Anette Salomonsen
Med eigne avdelingar for alt frå garn til rammer, bøker, reingjeringsutstyr, briller, partyeffektar, snop, leiker, lys og lampar, er det kanskje ikkje så rart at ein del kundar trur Berit Grinde på Nille sel «alt»?
dei er på jakt etter. Då svarar mange at «eg starta leitinga hos deg, for du har jo alt», ler Berit.
– Det har vore ti flotte, lærerike og utviklande år. Heiane Storsenter er eit veldig fint senter å driva butikk i, og det aller kjekkaste er å møta alle dei trivelege kundane – mange av dei faste. Eg har også mange gode kollegaer rundt meg. Me har det litt sosialt saman før butikkane opnar, men eg skulle gjerne hatt endå betre tid til å drøsa lenger, seier butikksjefen.
Til Nille på Heiane kjem alle slags folk, kvinner og menn.
– Det er veldig mykje arbeid å halda ein butikk som dette, med alt som skal bytast ut eller fyllast på. Men nettopp desse utskiftingane, i takt med sesongar og kampanjane me køyrer, gjer at eg føler butikken lever. Håper kundane kjenner det på same måten. – Karane kjem for paraplyar og briller Ho har eigne avdelingar for det aller meste du treng i heimen. – Eg må legga trykk på «aller», for det hender eg må skuffa kundar med at eg ikkje har akkurat den spesialvara
– Overraskande mange menn faktisk, ut frå varesortimentet vårt. Men eg veit som regel kva karane skal ha på førehand, for det er stort sett snakk om paraplyar eller lesebriller, humrar butikksjefen. Ho peikar på tre kvalitetar som gjer storsenteret attraktivt for handlelystne frå heile regionen vår. – Dei finn mykje forskjellig samla under eitt tak, og kan gå tørrskodde mellom dei fleste butikkane. I tillegg er nok den gode parkeringa viktig, og det at senteret har ei sentral plassering for tilreisande frå nabokommunane. Ser lyst på framtida Godteri, lys med fornøgd-garanti, effektar til fest og feiring, og ikkje minst briller er dei viktigaste storseljarane hennar.
7
Prinsessa på erta
Ho som har (nesten) alt Som sjef i butikken lengst sørvest i den innandørs handlegata, har Berit vore med sidan senterstarten.
10ÅR
– Ikkje veit eg kor sunnhordlendingane gjer av lesebrillene sine, eller om det er tre for to-tilbodet vårt som er så forlokkande, men me sel iallfall overraskande mykje briller. Leverandøren er like overgidd kvar gong han kjem for å fylla på varelageret, fortel Berit. – Nille er store på produkt til fest og feiring, er du sjølv ei festløve? – Nja… Det er veldig kjekt å bli invitert på fest eller i eit godt selskap, men eg må innrømma at eg ikkje er så glad i å stella i stand sjølv. Og etter ei hektisk veke på jobb, set eg i grunn veldig pris på ein roleg laurdag heime i godstolen, vedgår butikksjefen. Jubileet til Heiane Storsenter skal iallfall feirast med brask og bram – også på Nille. – Eg ser lyst på framtida, både for butikken og senteret. Nille kjem med masse flotte varer og nye gode butikkløysingar i tida framover, så det er berre å ta turen innom, reklamerer Berit.
Etter ti år som forhandlar av komfort for auge og kropp, har Anette Sydnes Salomonsen i Princess blitt ganske så kresen på enkelte område I livet.
– Eg pleier å spøka med at eg er blitt litt «prinsessa på erta». Når det kjem til dyner og puter, skal dei vera fylte med dun! Hadde seinast ein jentetur der ei venninne la seg på senga og skrytte av dei gode dynene og putene på hotellet. Eg kjente det var syntetisk fyll– så eg berre grynta til svar, ler Anette, før ho utbroderer: – Dun pustar og regulerer varme betre enn syntetiske fyllstoff, så eg synest det gir betre søvnkvalitet. Og aller helst skal det vera bomullssateng utpå dyna og puta, for den perfekte kombinasjonen av glatt og mjukt. Retur for velur Som nyutdanna interørkonsulent fyrte ho i 2008 av garde ein søknad på stillinga som sjef for den nye Princess-butikken på Heiane Storsenter. Då senteret opna, var ho med sine 21 år den aller yngste butikksjefen. – Både i starten, og til ein viss grad enno, er det mange som vender seg til den litt vaksnare kollegaen min når dei skal snakka med sjefen. Me har fått oss ein og annan god latter når dei blir viste vidare til meg, fortel Anette, som synest dei ti åra på Heiane Storsenter har vore både spennande, kjekke og utfordrande.
– Eg har visst trivst skikkeleg godt i jobben, for dei ti åra har gått frykteleg fort, seier ho. – Kva er den viktigaste trenden innan tekstilar til hus og heim denne hausten? – No er det velur og fløyel for alle pengane! Det er det folk spør etter, og det skal vera velur og fløyel på alt frå sofaer til gardiner, puter og sengeteppe. I desse dagar er det derfor mange av den eldre garde som kan sjå seg rundt i huset og konstatera at dei er heilt «up to date» med mykje av interiøret. Til dømes er bestemor mi sin raude velursofa supertrendy, ler Anette. – Kor ofte fornyar du sjølv interiøret ditt? – Det skjer vel ganske jamt og trutt. Han eg bur med spurte ein gong om eg byter pynteputer kvar gong han er to veker vekke på turnusjobb, og det er nok ikkje så veldig langt frå sanninga. Men ein treng jo ikkje byta ut alt eller bruka ein formue for å fornya interiøret. Ofte er det berre små endringar som skal til for å friska litt opp.
Tatt på senga Butikksjefen opplever at dagens kundar er mykje meir bevisste på kva dei vil ha, samanlikna med for ti år sidan. Kundane kan også langt meir om produkta hennar enn tidlegare. – I dag les folk seg i større grad opp før dei kjem i butikken, og eg opplever av og å bli teken på senga av kunnskapen dei har med seg. Det synest eg er heilt topp! Det viser berre kor viktig det er at me har den gode fagkunnskapen og kan yta den forventa servicen. Toppar me det med å vera smilande og imøtekomande, og byr litt på oss sjølv, har me ein god resept for å halda på dei mange kjekke kundane våre. Anette trivst veldig godt med å vera ein del av Heiane Storsenter, der ho har med seg ein fast tilsett og to ekstrahjelper. – Det er ein kjekk arbeidsplass, med flotte kollegaer og vener rundt oss. Den lange og rette handlegata gjer dessutan at me får kjenna på livet og pulsen i senteret. Her får me med oss det som skjer, sjølv om det er hektisk innanfor eigne vegger.
8
2008-2018
10ÅR
2008-2018
10ÅR
9
Mani Jane Ø. Bjelland
Likar å bli utfordra – Kven er kundane dykkar? – Kvinnene er heit klart i fleirtal, anten dei handlar til seg sjølv eller søkjer vår fagekspertise på barnesko. Ekstra stas er det når me blir utfordra til å vera kreative, til dømes ved at kunden skildrar eit antrekk og ber om forslag til matchande sko. Mannfolka er kanskje dei kjekkaste kundane, for då er det ofte eg som får siste ord når valet skal takast, ler Jane – og minnest spesielt ein kar som kom slentrande innom butikken.
Heilt skomanisk Interessa for sko gjekk fort over i pur lidenskap då Jane Østhus Bjelland fekk foten innanfor bransjen.
– Det absolutt beste med jobben min er jo heilt klart at eg får jobba med sko! Eg har berre alltid vore utruleg glad i sko, og interessa blei ikkje akkurat mindre då eg byrja som butikksjef i Mani for ti år sidan. Du kan trygt seia at eg lever opp til namnet på kjeda vår, smiler Jane. – Kor mange par har du sjølv? – Hehe.. Eg likar ikkje å telja, men joda, eg har til å byta på. Og ingen av dei er utslitne, humrar butikksjefen. 80-talet returnerer Ho er utdanna førskulelærar, men har aldri jobba i barnehage. Då den nye skobutikken på Heiane søkte sin første butikksjef, søkte Jane eigentleg «på løye» for å sjå om ho hadde ein sjans med si jobberfaring frå kles- og kjøkkenbutikkar. Då ho fekk sjansen, greip ho han. – 10 år høyrest veldig lenge ut, men det kjennest som ganske kort tid.
Sikkert fordi det har vore så kjekt å vera med på å bygga opp butikken, kjeda, og senteret, og oppleva at omsetningstala stig år for år og at kundekrinsen veks. I fjor blei me til og med kåra til årets Mani-butikk! fortel Jane – som har to andre fast tilsette og to ekstrahjelper med seg i butikkdrifta. Om pilene har peika ein veg, går skomotane gjerne meir i sirklar. Ting som har vore trendy for mange år sidan, blir brått å sjå i hyllene igjen. 2018 er ikkje noko unntak. – Utover hausten er det element frå 80-talet som kjem attende, der me får gjensyn med Buffalo-stilen og dei kraftige, tjukke solane. Endå meir av dette vil me sjå i vårkolleksjonane, så det er berre å stilla inn hovudet på meir ekstreme ting på skofronten, varslar Jane, før ho kjapt legg til at butikken sjølvsagt også vil føra sko med meir moderate fasongar.
—Han lurte på om eg kunne hjelpa han med dressko, for han skulle gifta seg i kyrkje om ein times tid. Sjølv var han heilt avslappa. Han skulle jo berre kjøpa sko, dra heimom og hoppa i dressen, så han hadde jo plenty med tid til å rekka kyrkja. Eg derimot tenkte at det tidsskjemaet skulle jammen halda hardt, og stressa noko heilt vanvitig på hans vegne. Men, han fekk seg sko og eg reknar med han blei gift, ler Jane. Trivst i «Lyckliga gatan» Ho er takksam for å ha så mange kjekke kundar i butikken, anten dei kjem for å handla eller berre stikk innom for seia hei eller slå av ein prat. – Me er svært opptekne av service, at me skal vera førsteval. Då har det noko å seia at me byr litt på oss sjølv, og at me har kunnskapen til å gi gode råd. Hos oss får du i tillegg prøva, ta og kjenna på, noko som er viktig når du skal finna akkurat den skoen og storleiken som passar din fot. Mani ligg midt i den innandørs handlegata. Butikksjefen er svært nøgd med miljøet på senteret. – Eg opplever at me som driv butikk her samarbeider bra. Me spelar kvarandre gode, og det trur eg kundane opplever gjennom den gode stemninga på senteret. Nokon har kalla handlegata for «Lyckliga gatan», og det synest eg passar godt, seier Jane Østhus Bjelland.
«Fedrane» mimrar:
– Tufta på vestlandsvêr og handelslekkasje – Den opphavlege tanken var å knyta bygga på Heiane saman med enkle, overbygde gangtrasear, slik at folk kunne gå mellom butikkane utan å bli våte. Så batt det heile littegrann på seg, mimrar Knut Øyvind Markhus og Lars Åge Myhre – duoen som stod bak Heiane Storsenter. – Det heile starta over ein kaffikopp i bilsenteret til Kjell Fylkesnes, ein svært regntung dag i 2001. Etter eit møte blei me tre sittande igjen og snakka om kva me kunne gjera for å skapa ein betre handelsakse aust-vest langs hovudvegen over Heiane. Med regnet som auste ned utanfor, blei me kjapt samde om at det viktigaste var å kunna gå tørrskodd mellom dei ulike bygningane, fortel Knut Øyvind og Lars Åge. Førstnemnde hadde den gong hand om Bohus-butikken heilt vest i dagens senter, medan Lars Åge hadde hand om Heianegården i midtre del og Rema 1000-butikken i austre del av senterområdet.
reguleringsplan og konsekvensutgreiing for senterområdet. Berre konsekvensutgreiinga kosta ein million, og heile planprosessen for å gjera industriområdet Heiane om til handelsområde tok fleire år.
Starta som «Trekantsenteret» Den første ideen om overbygde, utandørs gangtrasear utvikla seg kjapt til noko meir. Ei enkel arkitektskisse for eit langt, samanhengande kjøpesenter på 25.000 kvadratmeter blei utvikla, og prosjektet fekk arbeidstittelen Trekantsenteret. Det blei tidleg klar at det var duoen Markhus og Myhre som måtte dra lasset på prosjekteringssida. Og med ein nasjonal «kjøpesenter-stopp», måtte duoen utarbeida både ordinær
– Eit kvantesprang Då alle godkjenningar var på plass, fekk duoen Noregs tredje største sentereigar – Sector-gruppen med sine 25 kjøpesenter – inn på eigarsida. Med storkapitalen på plass, kunne den fysiske forvandlinga av Heiane starta i 2007.
– Kommunen var positiv frå dag ein. Lokalpolitikarane såg verdien i arbeidsplassar og mindre handelslekkasje. Eg hugsar ordførar Magne Rommetveit hadde eitt spørsmål då me presenterte prosjektet første gong: «Korfor har de ikkje gjort dette før?». Fylkesmannen måtte me derimot jobba hardt for å overtyda, minnest Knut Øyvind.
– Den gong var Heiane eit samansurium av stål- og trebygg, rot og bos. Det såg ganske enkelt ikkje ut. Gjennom bygginga av storsenteret fekk heile området ein
«total makeover», der me reiv sju-åtte bygningar, flytta ein, og slo saman tre bygg. Satsinga var eit kvantesprang for Heiane og handelsnæringa på Stord, meiner Lars Åge. Ti år etter opninga er begge framleis fornøgde med resultatet av det omfattande utviklingsprosjektet. – Senteret blei flott, og me hadde fullt hus med leigetakarar frå dag ein. Sidan har det vore forholdsvis få omrokkeringar, og det betyr at butikkane har klart seg nokolunde bra. At storsenteret har skifta eigar fleire gonger sidan me selde oss ut, er også positivt fordi det viser at senteret held fram med å vera eit interessant investeringsobjekt, påpeikar dei. Sjølv selde lokalinvestorane seg ut på eigarsida i 2009. – Har framtida for seg – Kva er de mest stolte av? – Ikkje alle meiner at eigedomsutvikling og senterutvikling er samfunnsnyttig, men me har jo bidrege til etablering av viktige handelsarbeidsplassar, redusert handelslekkasje og eit senter som dreg kundar frå heile regionen. Det er
klart me er stolte av å ha vore med på noko slikt! meiner karane. Dei er ikkje samde med kritikarar som meiner utviklinga på Heiane bidreg til utarming av sentrum. – Det som har skjedd her på Heiane er ein kolossal styrke for Stordsamfunnet. Satsinga har ikkje flytta handel frå Leirvik til Heiane, men ho har henta mange handelskroner attende til Stord. Dermed har Stord styrkt seg som handleby, og det gagnar også sentrum. Me ser jo at til dømes Amfi-sentert på Leirvik også har opplevd mange år med god vekst, påpeikar Lars Åge og Knut Øyvind, og minner i same andedrag om at det heller ikkje er areal til å etablera plasskrevjande handel i Leirvik. – Kva tenkjer de om vegen vidare for Heiane Storsenter? – Med dei utviklingsmoglegheitene eigarane har i form av areal og vedtekne rammeplanar, og med klimaet og infrastrukturen me har på Stord, har senteret så absolutt framtida for seg!
2008-2018
10
10ÅR
2008-2018
10ÅR
11
G L A S R LAGE R E K Ø B E N R A B ALLE *
TILBUD
FAST LAVPRIS
Lyng
Alpefiol
30,-
50,-
29,FRA
25,-
*Gjelder ikke titler utgitt i 2018
NORGES STØRSTE BOKHANDEL
heiane storsenter 10 år
2 000 kr TILBUD Phalaenopsis
100,-
100,-
‘Beauty Queen’
120,-
Midi
150,Dersom brillene ikkje oppfører seg som dei skal, kan du når som helst koma innom Brilleriet for å få skikk på dei. Me er først nøgd når du er nøgd. Her er ei oversikt over dine garantiar hos oss: 2 mnd tilvenningsgaranti. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje vert ven med brilleglasa, bytar me dei kostnadsfritt innan 2 mnd til nye glas som er meir samarbeidsviljuge.
Tilbudet gjelder uke 39, så langt beholdningen rekker.
6 mnd uhellsgaranti. Dersom brillene dine legg seg under bildekket ditt, skoen din eller rumpa di og får varige mén, får du nye like briller til halv pris. 2 års brillegaranti. Dersom brillene treng etter-
Tilbodet varer frå 24.-29. september og gjeld ved kjøp av komplett brille. Kan ikkje kombinerast med andre tilbod. Velkomen til oss på Vikjo og Heiane!
em
Kj
Erica busk
i
er
TILBUD
i rabatt på våre beste progressive brilleglas
p e g re
2008-2018
12
10ÅR
2008-2018
10ÅR
L.O.L Surprise pets PRIS 149,-
Mr Incredible 30cm
13
L.O.L Surprise lil sisters PRIS 179,-
Baby Jack m/ lys og lyd 30cm PRIS 549,-
349,-
199,-
NYHET
Twiaty Petz
Vikle den sammen for å få et søtt dyr. Dra den siden i halen og hodet og vips har du et fint armbånd.
Scruf-a-Luvs
129,-
149,-
Glittseez Zoo Kosedyr
NYHET
Figurset 5-pack PRIS 249,-
E R Æ L U P O P R E P U S ! R E K LE
Incredibles 2 - kjøretøy med figur PRIS: 249,-
E D E L L A R VI HA E NYHETENE! KUL
299,-
L.O.L Surprise confetti pop PRIS 199,-
NYHET
Når du kjøper din Scruff-a-Luv er den liten, trist og tovete men etter at du har badet, tørket og børstet den får du frem et supersøtt lite dyr. hvilket blir ditt lille dyr? Hundevalp, katteunge eler en liten kanin?
Fingerlings ape, dragen og panda elsker å ta tak i saker, spesielt fingre! fingerlings reagerer på lyd, bevegelse og berøring.
L.O.L Surprise glitter PRIS 199,-
Spar 50,-
supersøte glitrende kosedyr med paljetter som skifter farge når du stryker hånden over. finnes i forskjelige farger og dyr ca 15 cm
Fingerlings Hugs De populære Fingerlings har vokst enormt, nå til en myk, nydelig ape, en ekte klemmer som reagerer på bevegelse, lyd og berøring. De kan lage store klemmer med sine lange arme armer, gynges i søvn og nyser mens man leker med den. Spesielt med NYHET denne apen er at barna kan ta opp lydene og ordene sine og høre apen gjenta.
599,-
Exogini lyser i mørket PRIS 99,- st.
NYHET
699,Spar 100,Voff, voff! supersøt myk og lydig! Lucy er det! Verdens mest talentfulle hundvalp. Lucy er din egen lille hund. Lucy kan lytte til 20 forskjellige kommandoer og kan også synge og danse i forskjellige stiler som ballett, hip hop, rock & roll og salsa. Ekstra dansestiler og morro er inkludert i hennes app.
799,Spar 200,-
Yoyo panda den nye, interaktive og kosete vennen din! Med sensorteknologi vil Yo Yo rope på deg når du kommer inn i et rom. Sjekk om hun er sulten ved å lukte på bambusen men være forsiktig, for noen ganger nyser hun! Aaatsjo! Gi henne flaske for å få henne til å sove, og kil henne på magen for å få henne til å le.
14
2008-2018
10ÅR
2008-2018
10ÅR
15
DUMPER ELLER FRONTLASTER MED LYS OG FLERE ULIKE LYDER
99,-
Slime Elasti Plasti Heftig og kult. stretchy! mega elastisk - super fantastisk! strekk den ut, vikle den rundt, blås kjempebobler! Ha det kult med Elasti Plasti. PRIS 199,Pull my Finger prompespill Pull my finger er et helt sprøtt morsomt spill som kombinerer 2 saker som får alle til å le, aper og promp! Snurr bananhjulet, dra i apens finger og se hvordan prompen kommer nærmere og nærmere for hvert trekk. Den som ungår prompen vinner! Fra 2 spillere morro for hele famile PRIS 349,-
E D E L L A R A VI H E LEKENE! KUL
Bad Jokes Challenge kan du holde maska? Med bad jokes challenge er det nesten umulig å ikke begynne le. for å vinne må du unngå å le når motstanderen din leser den ene dårlige vitsen etter den andre... PRIS 249,-
Spar 200,-
99,-
Spar 200,-
LOVELY BABY DUKKE M/TILBEHØR 40CM
! S I R P R E P U S
JOGGER BABY BORN
199,-
My sugar friends En søt myk følgesvenn med en hærlig duft. Hengeklips, slik at du enkelt kan feste den i ryggsekken din eller lignende. My Sugar Friends lukter fantastisk! Hva lukter du? 15 cm PRIS 99,90
Bubbleezz inni hver Bubbleez fines det gjemte «charms» som man kan se flytene rundt på innsiden når man klemmer dem PRIS 99,-
Spar 300,-
PIRATSKIP MED LYD 18+M
99,-
Spar 250,-
BYGG DIN ROBOT 31 DELER
99,-
Spar 200,-
2008-2018
16
10ÅR
2008-2018
10ÅR
E T K O P A 10 år 1 HEIANEApotek1
princessbutikken.no
17
VINN hudpleiebehandling: Kjøp hudpleieprodukt og bli med i trekning om gratis hudpleiebehandling! *
Vi har 10-årsjubileum og feirer med gode tilbud. Velkommen til jubileumsuke.
ALLE SATENGSENGESETT
50
140x200 og 140x220 cm
%
LENA GARDINHØYDE
50
%
Kan ikke kombineres med andre tilbud. Gjelder t.o.m. 30.09
Kan ikke kombineres med andre tilbud. Gjelder ikke Shimogo grønn og blågrå. Gjelder t.o.m. 30.09
Torsdag 27. september: Gratis håndmassasje til alle som kjøper tre håndkremer! Fredag 28. september: Vår hudpleier sminker alle som kjøper sminke mellom kl 11-15.
Tilbudet gjelder Apotek 1 Heiane på gitte datoer, så langt beholdningen rekker. * Vinneren trekkes 01.10.2018
Apotek 1 Heiane. Heiane Storsenter, Heiane 43. Tlf. 53 40 22 10. Åpningstider: mandag-fredag 10-20, lørdag 10-18.
Jubileum! 27.-29.september
HANDLE FOR OVER 800,- OG FÅ
50
%PÅ
FULLPRISVARER
Alle ordinære varer
-25% Gjelder ikke Jean Paul og kan ikke kombineres med andre tibud
Gjelder ikke spesialbestillinger og kan ikke kombineres med andre tilbud.
Før fra 29990 nå fra
14995
Gjelder Princess Heiane Storsenter 25 - 29. september
Heiane Storsenter
2008-2018
18
10ÅR
2008-2018
Bowl it
10ÅR
! g i l l bi
Heiane Storsenter - Stord
Opningstider Mån : 15:00 - 22:00 Tirs : 15:00 - 22:00 Ons : 15:00 - 22:00 Tors : 11:00 - 22:00 Fre : 15:00 - 22:00 Lør : 12:00 - 18:00 Søn : 14:00 - 20:00
BOWLING
Jubileums-tilbud
Bursdagsbowling
1 bowling-serie inkl. skoleige
Eit vellukka bursdagsselskap treng ein kjekk aktivitet der alle kan delta. Hos oss får borna ei oppleving litt utanom det vanlege. Me tilbyr 4 ulike bursdagspakkar og arrangerer bursdagsbowling alle dagar i veka. Prisar og detaljar finn du på vår web-side: http://bowlit.no
50,Tilbud gjeld i uke 39
Seniorbowling Torsdagar kl. 1100-1500 har me bowling for de eldre eller for de som har tid på dagen. Kaffi og lappekaker vert servert. Om du ikkje har prøvd bowling før så har me flinke instruktørar som hjelper deg i gong! Velkomen til ein hyggeleg prat og samvær!
Jubileums-tilbud
Pizzabuffé fra kl 1700 alle dager
70,120,-
19
-30% DEN STOLTE HANE MIDDAGSFAVORITTER Utvalgte varianter. 180-750 g
Billig hverdagsluksus!
barn
voksne
Tilbud gjeld i uke 39
For bestilling av banar, ring
53 40 10 30 eller send epost: bowling@bowlit.no
PLUKK & MIKS
r o f 3 2 på ferske skalldyr Vi spanderer den billigste
25 SUNNIVA JUICE
Coop og Lofoten. Utvalget kan variere
Prisene gjelder i uke 39 Forbehold om trykkfeil og utsolgt.
Original. 1,75 l. Pr kartong Pr l 14,20
coop.no/extra Coop Extra Norge
extra_norge
2008-2018
20
10ÅR
2008-2018
10ÅR
21
JUBILEUMSFEST! 299,-
299,-
Ord. 499,-
TIRSDAG TIL LØRDAG
Ord. 499,-
Jubileumstilbud på en rekke sko til dame, herre og barn
Mani
TENDÈ str. 36-41
500,Ord. 799,-
LØRDAG
-20%
Ord. 399,-
500,Ord. 799,-
Gjelder alle ordinære varer
NEW CLASSICS str. 40-46
250,-
TENDÈ str. 36-41
250,Ord. 399,-
NEW CLASSICS str. 40-46
450,Ord. 699,-
VI FEIRER 250-
Ord. 399,-
SENTERETS 10-ÅRS JUBILEUM BOBOLI
ME str. 25-30
ME str. 25-30
LEVI´S str. 32-39
ME str. 30-36
119,Tilbudet gjelder 27.-29. september
MANI HEIANE STORSENTER | skomani.no
Lunt bobolibrød fylt med marinert kylling, frisk salat og hvitløksdressing
2008-2018
22
10ÅR
2008-2018
10ÅR
ETALING. MNDOSSDEFORLBMINIM 10 UM 2000,HANDLE HOS
-30%
OG DEL BELØPET I 10 LIKE STORE AVDRAG.
HELT UTEN RENTER OG GEBYR!
Tilbudene gjelder f.o.m. 17. sept. t.o.m. 29. sept.
BEIGE VASKET EIK
på alle ytterjakker heile jubileumsveka Tilbodet gjeld veke 39
Risøe Heiane Storsenter - Stord Tlf. 400 35 080
- SLITESTERK TITAN V-OVER FLATE - 20 ÅRS GARANTI
249
199 Ikke-medlem: 359
Spar: 160
GRÅ EIK
PERGO PREMIUM MODERN PLANK 1-STAVS VINYLGULV
SOM VIST PÅ TV
Pris pr m². I utførelsen grå eller beige vasket eik. Vannbestandig. Mål (LxBxH) 1510x210x4,5mm. Selges i pakker à 2,22 m²
Me feirar i lag med Storsenteret – møt oss på stand i løpet av veka! Godsaker frå Spissøy
Grace Maagad
Elma Karat
Brød, lefser og nordlandskaker
Take away mat (europeisk)
Austrått kaffebrenneri
Kaffe
Vårrullar og etc.
Vest Catering
Koldtbord, middag og dessert
Alma Kjærland
Gerd Høgsve
Jan Arne Tjomsland
Blaaklokken lefsebakeri
Tupperware
S.E. Godbiten
Spekemat
Bavaria Haugesund
Prøvekjøring av biler
Lefser og flattbrød
Charmis
Garn
Fitjar Gardsmat
Kjøttprodukt
23
Glasartiklar
Lefser
Fylkesnes Bil
Prøvekjøring av biler
BUTINOX MALING, STUE & SOV MATT SOM VIST PÅ TV
9990 ADURO 9 PEISOVN
Konveksjonsovn med Aduro-tronic - en automatisk lufttilførsel som gir enkel betjening, ren forbrenning og opptil 40 % mindre vedforbruk. Vedlengde opptil 39 cm. Røykuttak på topp og bak. Driftsområde: 3-9 kW, oppvarmingsareal 30-140 m². Vekt: 98 kg. Energimerke A+
• 3 liters spann • Matt interiørmaling • Allergivennlig og luktsvak akrylmaling • Overmalbar etter 2 timer
1995 RYOBI RTS1800S-G BORDSAG
Kraftig bordsag på 1800 W, for stabile kraftige og nøyaktige kutt. Aluminiumsbord med lette innstillinger og avtagbart stativ
7-207-20 (9-18) OBSAVSENDER: BYGG STORD: (9-18)
2008-2018
24
S
J
E
K
K
10ÅR P
R
I
S
E
N
H
O
I N T E R S P O RT H E I A N E ! SJEKK PRISEN
399,-
SOLID TERRENGLØPESKO
ALLE KLÆR FRA NIKE
25 % R A BAT T
XA ELEVATE GTX® TERRENGLØPESKO DAME/HERRE
XA Elevate GTX® en slitesterk terrengløpesko fra Salomon som passer godt til løp både på og utenfor stien. Skoens overdel av pustende mesh er forsterket med Gore-Tex® membran som gjør terrengskoen vanntett og pustende. Vnr 252468001/252495001
100% MERINOULL
100% MERINOULL
SJEKK PRISEN
PR. DEL
VOSSA ULLTRØYE/BUKSE DAME
299,-
Ullundertøy med feminin passform og kule farger. Det fine, pustende materialet i merinoull føles mykt mot huden og er naturlig lukthemmende. Vnr 185248005/006/185250006/005
SJEKK PRISEN
PR. DEL
SJEKK PRISEN
299,-
FJELLRAPP ULLTRØYE/BUKSE DAME/HERRE
Vnr 154601001
ÅPENT 10-20 LØR 10-18 WWW.INTERSPORT.NO
SJEKK PRISEN
549,-
RUNDEMANEN ULLGENSER DAME
Vnr 220842002
399,-
Ullundertøy i ren, myk og deilig merinoull. Den er utviklet for enhver aktivitet og holder temperaturen behagelig regulert gjennom dagens vekslende aktivitetsnivå. Vnr 114481/114483/114491/114486
VIND- OG VANNAVSTØTENDE
YLVINGEN FLEECEJAKKE HERRE
S
LØPESKO MED GOD DEMPING
SJEKK PRISEN
749,-
BREKKETIND SOFTSHELLBUKSE DAME
Vnr 186970004
HEIANE
SJEKK PRISEN
399,-
LUNARGLIDE 9 LØPESKO DAME/HERRE
Vnr 243043001/243044001
HEIANE STORSENTER RINGVEIEN 44 5412 STORD