Maritime CleanTech - Annual report 2019

Page 1

Ă…rsmelding

2019

maritimecleantech.no


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2019

Klyngeleiing:

Samarbeidets tiår

Dei nærmaste åra skal avgjera om me klarar det raske og omfattande energiskiftet som må til for at skipsfarten skal nå sine klimamål, og at verda kan nå 1,5 graders målet. Korleis skal ein klara dette? Kva må til? Svaret er samarbeid. Samarbeid for å nå måla er også FN sitt berekraftsmål nummer 17. Dette har våre partnarar i NCE Maritime CleanTech erkjent, og 2019 var nok eit år med sterk vekst i klyngesamarbeidet. I vår klynge er me i gang med ei storstilt utvikling og uttesting av ulike energiberarar på stadig nye fartøystypar. Våre partnarar deltek i både nasjonale og europeiske innovasjons- og demonstrasjonsprosjekt. Dei komande tre åra vil energisystem med batteri, brenselceller, hydrogen (både flytande og komprimert) og ammoniakk bli utvikla og demonstrert om bord i operative fartøy. Samtidig må nytt regelverk og klassestandardar utarbeidast, og det må utviklast nye og grøne leverandørkjeder for desse nye energiberarane. Klasseselskapa og Sjøfartsdirektoratet sitt partnarskap i klynga og i våre innovasjonsprosjekt er difor svært viktig.

2

Den norske modellen, der det offentlege brukar innkjøpsmuskelen sin til å få fram ny miljøteknologi, blir lagt merke til ute i verda. Teknologien må deretter skalerast og takast ut i nye marknader ved hjelp av bærekraftige forretningsmodellar. Det er ofte her ein møter dei største utfordringane. Me i NCE Maritime CleanTech vil difor forsetja vårt arbeid og dialog med politiske avgjerdstakarar, verkemiddelapparatet og kapitalmiljø. Grøne løysingar må bli konkurransedyktige med fossile løysingar, og dette vil skje gjennom politiske krav, reguleringar og skattlegging av utslepp. Den norske modellen, der det offentlege brukar innkjøpsmuskelen sin til å få fram ny miljøteknologi, blir lagt merke til ute i verda. Denne modellen er overførbar til mange marknader. Me vil i det komande året fortsetja vårt politiske arbeid og bruka våre gode kontaktar og relasjonar i ulike parti, kommunar, fylkeskommunar og departement til å fremja miljø- og klimakrav i alle sektorar.

Sterke politiske drivarar for å kutte utslepp kan allereie i det komande året få store konsekvensar for skipsfarten. EU lansert sin klimastrategi Green Deal like før jul, og i 2020 vil det bli avgjort om EU flyttar skipsfarten inn i det europeiske kvotesystemet. Det vert også forventa at IMO etterkvart vil innføre ei CO2-avgift. Dette fører til usikkerheit, som igjen betyr risiko. Denne risikoen påverkar også finansmiljø og investorar, som no søker kunnskap for å unngå investeringar i forelda teknologi. Ved at slike miljø aktivt deltek i vårt klyngesamarbeid, kan me ytterlegare styrka den viktige dialogen for å sikra ei felles forståing av kva som er dei mest berekraftige løysingane for framtida. Vår klynge har eit stort ansvar for å bidra til meir verdiskaping gjennom grøne løysingar til havnæringane. Eg ser fram til nye satsingar i 2020!

Hege Økland Dagleg leiar NCE Maritime CleanTech


ÅRSMELDING 2019  NCE MARITIME CLEANTECH

Foto: Bodil Haga

Om NCE Maritime CleanTech

Klyngeadministrasjonen har sju tilsette, frå venstre: Silje Sivertsen (prosjektkoordinator), Håvard Tvedte (direktør prosjektleiing), Hege Økland (administrerande direktør), Marius Knutsen (kommunikasjonskonsulent), Marie Engelsen Launes (direktør samfunnskontakt), Geir Odland (direktør forretningsutvikling) og Marte Jensen (EU-rådgjevar).

NCE Maritime CleanTech blei etablert i mars 2011 med visjonen om å vera ei verdsleiande klynge for reine maritime løysingar. Klynga skal skapa framtidsretta, innovative og konkurransedyktige løysingar innan maritim sektor som reduserer miljø- og klimaskadelege utslepp til luft og sjø. Etter tre år som Arena-klynge blei NCE Maritime CleanTech i 2014 tildelt status som Norwegian Centre of Expertise (NCE). I 2019 blei NCE Maritime CleanTech for andre gong sertifisert med EUs gullmerke for klyngearbeidet sitt. Sertifiseringa som vart utført i august 2019 gav full score hos den europeiske organisasjonen ESCA.

NCE Maritime CleanTech er eit innovativt næringsmiljø som omfattar over 100 verksemder frå heile den maritime verdikjeda, kompetansemiljø innan fornybar energi, samt forskingsmiljø og utdanningsinstitusjonar. Våre partnarar samarbeider om å utvikla ulike løysingar som kan gjera maritime operasjonar låg- og utsleppsfrie. Fleire av klyngedeltakarane er internasjonalt leiande innan sine teknologi- og kompetanseområde, og har vore pionerar i å utvikla og ta i bruk nye energiberarar på ulike typar fartøy.

Årets klyngebedrift

I 2019 delte NCE Maritime CleanTech for første gong ut prisen «Årets klyngebedrift», i samarbeid med Sparebanken Vest. Den årlege prisen skal gå til ei verksemd i klynga som har utmerka seg innan grøn teknologi og som ein aktiv deltakar i klyngesamarbeidet. Under årskonferansen på Solstrand vart prisen tildelt Corvus Energy, med bakgrunn i blant anna bedrifta sin innovasjonsevne, framtidsretta produkt og gode samarbeidskultur. Juryen trekte også fram Corvus Energy som eit førebilete innan naudsynt industribygging for å løysa klimautfordringane.

Også i 2019 var klynga i sterk vekst og 19 nye partnarar kom til. Per 31. desember 2019 hadde NCE Maritime CleanTech 108 klyngepartnarar.

Kva betyr NCE?

Norwegian Centres of Expertise (NCE) skal forsterka nytenking og utvikling i dei mest vekstkraftige og internasjonalt orienterte næringsklyngene i Noreg. Programmet blir styrt gjennom samarbeid mellom Innovasjon Norge, Siva og Forskningsrådet. Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet finansierer programmet. Det finst 12 NCE-klynger, og denne statusen sikrar oss tilgang til verkemidlar som akselerer innovasjonstakten i næringa og dermed styrkar konkurransekrafta til våre partnarar.

3


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2019

Styre og leiing av organisasjonen 2019 var året der barn og unge inspirert av Greta Thunberg demonstrerte for klima over hele verden. Europaparlamentet støttet avtalen «European Green Deal» som i 2050 skal gjøre Europa til det første klimanøytrale kontinentet. Og her hjemme startet for alvor debatten om fremtiden for vår olje- og gassindustri. Mange redere legger nå sine planer for hvordan de skal nå IMO-målsetningen om klimagassutslipp. Dette arbeidet kan være krevende, på grunn av stor usikkerhet rundt hvilke verdikjeder som skal utvikles for nullutslippsdrivstoff. På klyngen sin årskonferanse fortalte et av verdens største rederier, Maersk, at de allerede i 2023 må ta et valg om hvilke energibærere de skal benytte i fremtiden. Målet er at selskapet skal bestille kommersielt lønnsomme nullutslippsskip i 2030. Det er derfor utrolig viktig at NCE Maritime CleanTech legger til rette for at medlemsbedriftene fortsetter å utvikle og demonstrere lav- og nullutslippsløsninger for skipsfarten. Og når verdens redere leter etter fremtidens energiløsninger, er jeg sikker på at de vil finne dem i Norge. I 2019 ble det startet flere spennende hydrogenprosjekter. Norled startet bygging av verdens første fartøy som skal benytte flytende hydrogen,

FLAGSHIPS-prosjektet utvikler verdens første ferge med trykksatt hydrogen og en hydrogendrevet havnebåt. Og ikke minst ShipFC, som blir en fullskala demonstrator for grønn ammoniakk som drivstoff. I et internasjonalt perspektiv er dette meget viktige prosjekter, fordi de alle piloterer det som kan bli fremtidens verdikjeder for nullutslippsenergi til skip. Grønn skipsfart er utpekt av regjeringen som et satsingsområde for norsk industri. For at vi skal være ledende på dette området, må vi lykkes også internasjonalt. Derfor har NCE Maritime CleanTech de siste årene økt satsingen på å hjelpe bedriftene ut i verden. Verdens klimautfordringer blir ikke løst ved at norske løsninger blir værende i Norge, men ved at vi greier å gjøre dem til globale løsninger! Sentralt i vårt arbeid er også å sikre et godt hjemmemarked for de grønne løsningene som verden trenger framover, gjennom blant annet strenge miljø- og klimakrav i offentlige anskaffelser. Gjennom hele 2019 har styret og administrasjonen diskutert strategier og veivalg for hvordan videre drift av klyngesamarbeidet skal sikres etter at den ordinære programperioden for NCE-programmet avsluttes i 2021.

Bjørn Sundland Styreleiar, NCE Maritime CleanTech

Styret ser flere muligheter for dette både gjennom videre prosjektstøtte fra Innovasjon Norge eller gjennom midler over statsbudsjettet. Det er gledelig å se at klyngen er i vekst. Dette viser tydelig vår sterke posisjon i industrien, og at flere og flere bedrifter ser verdien av samarbeid. Jeg vil med dette takke administrasjonen for fremragende innsats i året som gikk, og ønske nye medlemmer hjertelig velkommen!

Styre vald av årsmøte 21. mars 2019

Det blei gjennomført seks styremøter i 2019. • Bjørn Sundland, BKK (styreleiar) • Liv Reidun Grimstvedt, Høgskolen på Vestlandet (nestleiar) • Hans Petter Nesse, Wärtsilä i Norge (styremedlem) • Erik Hjortland, Odfjell (styremedlem) • Vermund Hjelland, Eidesvik Offshore (styremedlem) • Kristin Flornes, NORCE (styremedlem) • Tor Inge Dale, Solstad Offshore (styremedlem) • Terje Johansen, Kværner (styremedlem) • Ada Jakobsen, NorthSea Container Line (styremedlem) • Helge Gjøsæter, Leirvik (styremedlem) Varamedlemmer: • Pål Tveitevåg, BKK (varamedlem) • Asbjørn Tverdal, Haugaland Kraft (varamedlem)

4

Styret i NCE Maritime CleanTech, frå venstre: Vivian Lunde, Vermund Hjelland, Helge Gjøsæter, Erik Hjortland, Asbjørn Tverdal, Bjørn Sundland, Hans Petter Nesse Terje Johansen, Hege Økland og Tor Inge Dale. Liv Reidun Grimstvedt, Kristin Florn Ada Jakobsen og Pål Tveitevåg, var ikkje til stades då biletet vart teke.


e, nes,

ÅRSMELDING 2019  NCE MARITIME CLEANTECH

Aktivitetar

Strategiarbeid NCE Maritime CleanTech si hovudmålsetting er å redusera utslepp frå ulike maritime operasjonar og samtidig styrka konkurranseevna til medlemmane våre. For å nå desse målsettingane er utvikling og vidareutvikling av strategi viktig for å sikra at klyngeprosjektet til ein kva tid er tilpassa både marknaden og bedriftene sine behov. Strategien har ei solid forankring i klynga, og representerer ei felles forståing av måla og planane for klynga si vidare utvikling. Strategien til kyngesamarbeidet for perioden 2017-2021 er utarbeida av styret, med innspel frå dei ulike klyngedeltakarane. I 2019 har styret fokusert på arbeidet med NCE Maritime CleanTech sin forretningsmodell etter at basisfinansiering frå klyngeprogrammet går ut frå 2022.

Konkrete resultat frå denne samlinga var blant anna fleire innovasjons- og utviklingsprosjekt innan infrastruktur for flytande hydrogen, EU-prosjekt innan hydrogen og ammoniakk, teknologiseminar, samt eit samarbeidsprosjekt med Maritime Bergen som samlar reiarlag og sentrale aktørar innanfor verdikjeda i deep sea-segmentet for å kartlegga grøne utviklingsmoglegheiter.

Dei siste åra har klynga også styrka satsinga si mot EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020. Dette har resultert i tildelingar til tre revolusjonerande EU-prosjekt initiert av klynga; TrAM (2017), FLAGSHIPS (2018) og ShipFC (2019), der ei rekkje av partnarane våre deltek. I juni samla me nær 100 deltakarar til vår årlege klyngesamling i Rosendal. Hovuddelen av samlinga var via interaktive workshopar, der deltakarane i grupper diskuterte nye smarte og grøne løysingar innan deep sea mot lågkarbon, berekraftig infrastruktur, smart produksjonsteknologi, flytande hydrogen, maritime operasjonar for offshore vind og grønt havbruk. Deltakarane kom også med ynskjer til nye innovasjonsprosjekt og aksjonar som klynga og partnarane skulle jobba vidare med.

Ny inkubator for reine maritime løysingar CleanTech Energy Incubator er ein av dei nyaste satsingane til klynga. Inkubatoren skal bidra til at endå fleire verksemder kan veksa og omstilla seg. I slutten av 2019 fekk NCE Maritime CleanTech, saman med klyngepartnar Atheno og katapult-senteret Sustainable Energy tildelt 3 millionar kroner frå Siva. Midlane skal nyttast til oppretting av ein ny inkubator som skal hjelpa både gründerar og etablerte selskap å få fleire grøne idear ut i marknaden. For å styrka industrien og bidra til å auka takten i nyskapinga, er ein slik dedikert inkubator for maritim miljøteknologi viktig. Atheno har brei erfaring med entreprenørskap og innovasjon, og kjem til å stå for drifta og utviklinga av satsinga. NCE Maritime CleanTech vil bidra med sitt nettverk og over 100 medlemsbedrifter med kompetanse knytt til maritim miljøteknologi, medan Sustainable Energy tilbyr testfasilitetar og kompetanse.

5


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2019

AKTIVITETAR 2019

Hydrogen – ein grøn gamechanger I 2019 bidrog NCE Maritime CleanTech og klyngepartnarane til å setja i gang fleire initiativ og innovasjonsprosjekt som vil bidra til å akselerera implemeneringa av hydrogen og hydrogenbaserte drivstoff. Grøn og berekraftig skipsfart er ein føresetnad for å oppnå nasjonale og internasjonale utsleppsmål. Internasjonal skipsfart peikar i dag på flytande hydrogen som eit av dei optimale nullutslepps-drivstoffa for skip med stort energibehov. Fleire hydrogenprosjekt er sett i gang innanfor blant anna cruise, ferje og hurtigbåt, og me vil sjå fleire hydrogenskip i kommersiell drift i løpet av dei neste to til tre åra. Desse vil visa at teknologien er klar, og dermed vil interessa for slike løysingar auka. Nye fornybare drivstoff er eit viktig satsingsområde i klynga. I 2019 har NCE Maritime CleanTech jobba med utvikling av både konkrete hydrogenfartøy og ny infrastruktur. For å styrka dette arbeidet oppretta me i mars ei eiga ekspertgruppe for hydrogen, med medlemmer frå partnarbedrifter gjennom heile verdikjeda. I april lanserte me ein rapport som viste korleis infrastrukturen på Vestlandet kan byggast for å legga til rette for hydrogen i skipsfarten. Rapporten var utarbeida i samarbeid med klyngepartnarane Greensight og Norled, med støtte frå Hordaland fylkeskommune. Hausten 2019 fekk klynga også 2 millionar frå Sparebanken Vest gjennom ordninga «Vestlandsutbytte», for å etablera ei verdikjede for grøn hydrogen langs kysten. Ekspertgruppa er ein viktig aktør i dette arbeidet.

6

Eksempel på fartøysutvikling i klynga er EU-prosjektet FLAGSHIPS, som starta i januar 2019. Prosjektet skal utvikla teknologien til to hydrogenfartøy i kommersiell drift. Den eine båten er ein hamnebåt som opererer på elva Rhônen i Lyon, den andre er ei hydrogenferje som skal setjast i drift på Finnøysambandet av Norled i 2022. I juli 2019 vart EU-prosjektet ShipFC, leia av NCE Maritime CleanTech, tildelt nær

Delegasjonsbesøk i Vancouver, Canada

100 millionar kroner frå EU for å byggja om Eidesvik sin PSV «Viking Energy» til verdas første offshorefartøy som kan segla lange distansar utsleppsdrift, med eit brenselcellesystem drive av grøn ammoniakk. Ei rekkje av våre klyngepartnarar jobbar også med utvikling av nullutslepps hurtigbåtar for både batteri- og hydrogenoperasjon. Desse fartøya er høgaktuelle inn


ÅRSMELDING 2019  NCE MARITIME CLEANTECH

mot det kommande anbodet til Vestland fylkeskommune, der 8 ruter skal vera utsleppsfrie innan 2024 Felles for klynga sine ulike hydrogensatsingar er at dei gir stort potensiale for industribygging. Utviklingsarbeidet i klynga og hos våre partnarar kan også få stor betydning for utviklinga mot ein utsleppsfri skipsfart, både i Noreg og internasjonalt.

PILOT-E midlar til verdikjede for flytande hydrogen Eit nytt initiativ som ønskjer å byggja opp ei komplett forsyningskjede for flytande hydrogen til den maritime industrien fekk i 2019 tildelt 33,5 millionar frå støtteordninga PILOT-E. NCE Maritime CleanTech er partnar i prosjektet, som vert leia av klyngepartnarane BKK, Equinor og Air Liquide. Frå venstre: Stortingsrepresentant frå Høgre, Liv Kari Eskeland, generalsekretær i Norsk Hydrogenforum, Kristian Vik, adm. dir i klyngepartnar Hyon, Tomas H. Tronstad, statssekretær i Olje- og energidepartementet, Rikard Gaarder Knutsen og direktør ressursnæringar og miljø i Forskingsrådet, Fridtjof Unander under NCE Maritime CleanTech sin debatt om hydrogen og infrastruktur langs kysten under Arendalsuka 2019.

Industriaktørane har som mål å bidra til vekst i marknaden ved å gjera flytande hydrogen tilgjengeleg for kommersiell skipsfart innan første kvartal 2024. Prosjektet omfattar heile verdikjeda frå produksjon av grøn hydrogen frå elektrolyse, lagring og transport, til bruk ombord i konkrete fartøy. Dei andre prosjektdeltakarane er NORCE, Norled, NorSea Group, Viking Cruises og Wilhelmsen.

7


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2019

Internasjonalisering

Internasjonalisering er eit viktig satsingsområde for NCE Maritime CleanTech. Også i 2019 jobba klynga aktivt for å opna nye marknader og hjelpa klyngepartnarane ut i verda.

Klyngepartnarar i NCE Maritime CleanTech får mykje merksemd verda over for sine pionerprosjekt innan maritim miljøteknologi. I løpet av 2019 arrangerte klyngeadministrasjonen, i godt samarbeid med Innovasjon Norge, fleire reiser for bedrifter til utvalde marknader i Canada, Kina, Tyskland og USA. Fleire bedrifter i klynga deltok på vårt Global Growth-program retta mot vestkysten av Canada og USA vinteren 2019. Elektrifiseringa av nærskipsfarten har så vidt starta i denne delen av verda, og det var stor interesse for å høyra meir om erfaringar frå dei norske aktørane. I april deltok bedrifter i NCE Maritime CleanTech på verdas største cruisemesse i Miami, også innanfor denne marknaden ser me aukande merksemd for norske løysingar.

Samarbeid på tvers av kontinent Den amerikanske klynga Washington Maritime Blue er oppretta etter initiativ og modell frå klyngesamarbeidet i NCE Maritime CleanTech, og under Nor-Shipping i Oslo i juni teikna dei to klyngene ein avtale som skal legga til rette for fleire

8

samarbeidsaktivitetar på tvers av bedrifter og landegrenser. Avtalen blei følgd opp med ein eigen workshop hausten 2019.

NCE Maritime CleanTech var òg ein av partnarane under Norway-Asia Business Summit i Shanghai i Kina hausten 2019. Her arrangerte klynga eit godt besøkt seminar om «Smart and green short sea shipping». I tillegg deltok fleire bedrifter i klynga på eit eige Global Growth-program for grøne løysingar retta mot dei kinesiske provinsane Jiangsu og Shanghai. På tampen av året deltok fleire bedrifter på klynga sin studietur til Hamburg og Papenburg for å diskutera og utveksla erfaringar med leiande aktørar i den internasjonale cruiseindustrien. Internasjonaliseringa av klyngeaktivitetane skaut ytterlegare fart i 2019 med stor merksemd knytt til fleire store EU-prosjekt, mange innovative løysingar for grønare skipsfart og stadig fleire utanlandske medlemsbedrifter som søkjer samarbeid med vårt verdsleiande klyngemiljø.

Lokale idear får globale moglegheiter Gjennom sin EU-rådgivar tilbyr NCE Maritime CleanTech unike moglegheiter til samarbeid og deltaking i banebrytande europeiske prosjekt. Sidan 2017 har NCE Maritime CleanTech hatt ein eigen EU-rådgivar tilsett i administrasjonen. Rådgjevaren er ein sentral ressurs for klynga og medlemmene når det gjeld å identifisera aktuelle finansieringsutlysingar i EU og rettleia bedriftene om finansieringsmoglegheiter for deira innovasjonsprosjekt. Stillinga skal også initiere og følgje opp konkrete prosjektinitiativ, samt bistå i utforminga av EU-søknader. EU-rådgjevaren har vore sterkt deltakande til at klynga og våre partnarbedrifter har vunne fram med tre store EU-prosjekt dei siste åra.


ÅRSMELDING 2019  NCE MARITIME CLEANTECH

Katapult med vind i segla Med si satsing innanfor havvind og grøne energisystem blir Sustainable Energy Catapult Centre eit viktig verktøy for å styrka norsk industri i åra som kjem. I juni 2018 fekk eit konsortium leia av NCE Maritime CleanTech i oppdrag frå Siva å byggja opp eit nasjonalt katapult-senter for utvikling av berekraftige energisystem for havnæringane. Sustainable Energy Catapult Centre (SECC) er eit av fem norske katapult-senter som skal bidra til ny teknologi vert utvikla raskare, billegare og med mindre risiko. SECC vart offisielt stifta 20. desember 2018, og eigarane er Norwegian Maritime Energy Complex, Unitech, Haugaland Kraft, VIS, NORCE, The Switch Marine Drives Norway og NCE Maritime CleanTech. Gjennom senteret får norske industribedrifter tilgang til å leiga utstyr og kompetanse for å testa ulike typar berekraftige energisystem

med framtidas drivstoff, som til dømes offshore vind, batteri og hydrogen brenselceller. Allereie i sitt første driftsår i 2019 opplevde senteret stor interesse frå næringslivet, med totalt 25 gjennomførte prosjekt. På kundesida stod blant anna Google (MAKANI), som testa sin drage for produksjon av elektrisitet frå vind på MET-senteret si havvind-mølle utanfor Karmøy. Eit anna eksempel er LOS Gruppen, som testa sine nye ladesystem for ferjer ved The Switch sitt testsenter på Stord. Ammoniakk-brenselcella som skal installerast i verdas første utsleppsfrie offshorefartøy «Viking Energy» skal også testast i katapulten sine fasilitetar, gjennom EU-prosjektet ShipFC.

Svarar på viktige satsingsområde Norsk maritim industri er i dag verdsleiande på utvikling av berekraftige energiløysingar. Katapultsenteret har ei særleg satsing innafor to av områda som er definert som viktig for å sikra at Noreg beheld denne leiarrolla; grøne energiløysingar og havvind. Dette er også område som står høgt på den politiske agendaen, og katapulten vert sett på som eit viktig verktøy i regjeringas strategi for å få fram norske vinnarar i skipsfarten sitt grøne skifte. Katapult-ordninga vert finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet og blir styrt av Siva i samarbeid med Forskingsrådet og Innovasjon Norge. 9


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2019

AKTIVITETAR 2019

Nyskaping og innovasjon

GRØNARE CRUISEFART Cruiseindustrien møter stadig strengare krav og reguleringar til utslepp. I samarbeid med deiande cruisereiarlag har klyngepartnarar i NCE Maritime CleanTech utvikla eit konsept for nullutslepps cruisefart. Cruise er ein av dei raskast voksande turistformene internasjonalt. Samtidig gir stadig strengare reguleringar eit stor behov for ny, grøn teknologi. I 2019 initierte klynga utviklinga av eit nytt cruisekonsept i samarbeid med Eker Design, cruisegigantane Carnival Corporation og Royal Caribbean

Cruises Ltd, teknologibedrifter i klynga og ulike interesseorganisasjonar. Målet med arbeidet var å møta nullutsleppskrava i norske turistfjordar frå 2026. På verdas viktigaste cruisemesse, Seatrade Cruise Global i Miami, lanserte NCE Maritime CleanTech i april 2019 eit tre-stegs-konsept som viser korleis bransjen over tid kan fasa inn ny teknologi som gir nødvendige utsleppskutt. Frå 2026 kan det nyttast ei midlertidig løysing, der ein byggjer om offshorefartøy til kraftforsyningsfartøy. Desse fartøya

skal kunna tilby rein kraftforsyning til dei store cruiseskipa når dei seglar inn i verdsarvfjordane. Frå 2030 kan nye og spesialbygde cruisefartøy dra nytte av dei same energipakkane, samt vidareutvikla modulteknologien for ny handtering av forsyningar, avfall og bagasje. I åra fram mot 2050 ser teknologimiljøa store moglegheiter for utvikling av skip som kan gå i opptil to veker utan ny energiforsyning. Utviklingsarbeidet vart støtta av DOGA.

Prosjektdeltakarar: Eker Design, Carnival Corporation, Royal Caribbean Cruises Ltd, Bergen havn, Scanship, Wärtsilä, Corvus Energy, Teknotherm, DNV GL, Norsk Hydro, ETA Energi, NORCE, Hardcruise, Blueday Technology, BKK, Solbære, Hyon, Bostek, Østensjø rederi, GAC Norway, Yxney Maritime, Prototech, Gann, NCL, Bellona, NCE Fjord Tourism Norway.

10


ÅRSMELDING 2019  NCE MARITIME CLEANTECH

AKTIVITETAR 2019

SHIPFC

NCE Maritime CleanTech er prosjektkoordinator i eit stort EU-prosjekt som for første gang i verda skal konvertera eit offshorefartøy til ammoniakkdrift. Eit europeisk konsortium, med 14 selskap og institusjonar, vart i 2019 tildelt nær 100 millionar kroner frå FCH JU (EU) og Horisont 2020 for å gjera Viking Energy om til det første offshoreskipet i verda som kan segla utsleppsfritt. Offshorefartøyet, som er eigd og drive av Eidesvik og går på kontrakt for Equinor, vil få ettermontert eit stort 2 MW brenselcellesystem drive av grøn ammoniakk. Det nye energisystemet vil gjera det mogleg for skipet å segla lange avstandar utan utslepp. Målet er også å verifisera at ei stor brenselcelle kan levera all elektrisk kraft som trengst til skipssystema om bord på ein trygg og effektiv måte. Dette er første gong at ei ammoniakkdriven brenselcelle blir installert på eit fartøy. Ein betydeleg del av prosjektet vil bestå av å oppskalera ei 100 kilowatts brenselcelle til 2 megawatt. Prosjektet kan få svært store og positive ringverknader for miljøet. Lukkast konsortiet med utviklingsarbeidet, kan denne teknologien vera løysinga også for utsleppsverstingane innan deep sea- og cruise-segmenta.

VERDSNYHEIT: ShipFC-prosjektet skal konvertera offshorefartøyet Viking Energy til ammoniakkdrift – og demonstrera at lengre seglasar med nullutslepp er mogeleg for større skip.

SATSAR UTSLEPPSFRITT: Hans Petter Nesse (Director, Wärtsilä Norway), Hege Økland (CEO, NCE Maritime CleanTech), Bernt Skeie (CEO, Prototech), Frida Monstad (Vice President Logistics and emergency response, Equinor) og Jan Fredrik Meling (CEO, Eidesvik Offshore).

Prosjektdeltakarar: NCE Maritime CleanTech, Eidesvik Offshore, Equinor, Prototech, Yara, Wärtsilä i Norge, Fraunhofer IMM, Persee, University of Strathclyde, National Centre for Scientific Research Demokritis, North Sea Shipping, Capital-Executive Ship Management, Star-Bulk Ship Management og Sustainable Energy Norwegian Catapult Center.

Elektrisk passasjerbåt med ny byggeteknologi - TrAM I januar 2018 blei NCE Maritime CleanTech og partnarar tildelt 117 millionar kroner frå EU sitt forskingsog innovasjonsprogram Horisont 2020 til prosjektet TrAM. I det NCE MCT-initierte prosjektet samarbeider leiande europeiske fagmiljø om å utvikla eit hurtiggåande heilelektrisk fartøy med null utslepp. Gjennom avansert modulproduksjon skal produksjonskostnader kuttast med 25

prosent og engineeringskostnader skal ned med 70 prosent. Arbeidet med pilotfartøyet, som skal byggjast på Fjellstrand, har kome langt. I desember 2019 vart skrog og propellsystem testa i Hamburg. Frå januar 2022 skal båten inn i pendlarruta mellom Hommersåk og Stavanger. Prosjektdeltakarar: Kolumbus, Rogaland fylkeskommune,

NCE Maritime CleanTech, Fjellstrand, Leirvik, Hydro Extruded Solutions, Servogear, Wärtsilä i Norge, HSVA, University of Strathclyde, National Technical University of Athens, Fraunhofer IEM, MBNA Thames Clippers og De Vlaamse Waterweg.

11


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2018

AKTIVITETAR 2019

Autonome bybåtar – utvikling av nasjonal pilot i Haugesund I samarbeid med Haugesund kommune arbeider bedrifter i NCE Maritime CleanTech med å utforska potensialet for ein elektrisk bybåt i hamnebassenget mellom Haugesund og Karmøy. Målet er å flytta passasjertransport frå veg til sjø og redusera utslepp i by- og nærområdet. Ei grundig analyse av reisestraumar i byen og regionen rundt konkluderte i 2019 med eit mogleg marknadspotensiale for eit slikt tilbod. Fleire norske byar ynskjer å utvikla sjøvegen og integrera bybåtar i kollektivtilbodet. Ein jobbar no for at eit nasjonalt autonomt pilotfartøyet skal realiserast i Haugesund. Det blir samarbeida med fleire norske byar, samt klyngene

SAMS Norway og Nordic Edge for å sikra ei nasjonal satsing som kan gi store eksportmoglegheiter for norske teknologibedrifter. Prosjektdeltakarar: NCE Maritime CleanTech, SAMS Norway, Nordic Edge, Haugesund kommune, Westcon Power & Automation, Urbanet Analyse, Norled, Haugaland Kraft og Brødrene Aa.

Norwegian future value chains Norwegian future value chains Norwegian future for liquid hydrogen value chains

Infrastruktur for grøn hydrogen NCE Maritime CleanTech med partnarar starta i 2018 opp eit prosjekt for å utarbeida eit vegkart for produksjon og distribusjon av flytande hydrogen i Vestland. I 2019 kom rapporten som estimerer kor mykje hydrogen skipsfarten vil trenga framover. Hordaland fylkeskommune finansierte forskingsprosjektet, som kom fram til at Noreg om få år kan ha eit årleg behov for 105.000 tonn flytande hydrogen. Behovet ser ut til å bli størst i Vestland og i Rogaland, der to ferjeruter og 26 hurtigbåtar er potensielle brukarar av flytande hydrogen.

for liquid hydrogen for liquid hydrogen

MEST I VEST: Rapporten viser det framtidige behovet for hydrogen i Norge.

maritimecleantech.no maritimecleantech.no

maritimecleantech.no

maritimecleantech.no

maritimecleantech.no

maritimecleantech.no

Prosjektdeltakarar: NCE Maritime CleanTech, Greensight, Norled og Hordaland fylkeskommune. for liquid hydrogen value chains Norwegian future

for liquid hydrogen value chains Norwegian future

Dekarbonisering av shipping I 2018 frakta 60 000 skip tolv milliardar tonn gods over verdshava. Sjøtransport er den mest klimavenlege måten å transportere gods på, men potensialet for å kutta utslepp er likevel stort. I 2019 fekk NCE Maritime CleanTech og Maritime Bergen støtte frå Hordaland FK og Sparebanken Vest til eit samarbeidsprosjekt som skal samla utvalde reiarlag og sentrale aktørar innanfor deep sea-segmentet. Prosjektet skal kartlegga teknologistatus, teknologigap og utviklingsmogelegheiter for at denne delen av skipsfarten skal kunna møta strengare utsleppsreguleringar i tida framover.

12

for liquid hydrogen value chains Norwegian future

Prosjektdeltakarar: NCE Maritime CleanTech, Maritime Bergen og fleire reiarlag innanfor deep sea-sektoren.


ÅRSMELDING 2019  NCE MARITIME CLEANTECH

Innovasjonsrammen Innovasjonsrammen er ei støtteordning frå Innovasjon Norge som skal stimulera til auka innovasjon i klyngene gjennom samarbeidsprosjekt. I 2019 fekk NCE Maritime CleanTech full utteljing for søknadene sine og totalt 1,05 millionar kroner blei tildelt bedrifter i klynga. Midlane gjekk til fire nye innovasjonsprosjekt, i skarp konkurranse med andre norske klynger.

LOKAL PRODUKSJON AV GRØN HYDROGEN TIL HAVBRUK Prosjektet skal utvikla ein heilt ny forretningsmodell som legg til rette for nullutsleppsløysingar i havbrukssektoren, som til dømes hydrogendrivne arbeidsbåtar og strømagregat til oppdrettsnæringa. Å erstatta diesel med fornybart hydrogen som drivstoff på anlegg og i operasjonar kan føra til store reduksjonar i CO2-utslepp. Prosjektdeltakarar: Greenstat og Hyon

UNDERVASSTØY FRÅ SKIP

FRÅ PSV TIL CSV Forprosjektet skal legga til rette for konvertering av eit eksisterande offshorefartøy (PSV) til ein heilt ny fartøytype: Cruise Support Vessel (CSV). Forprosjektet baserer seg på NCE Maritime CleanTech sitt tidlegfasekonsept for grøn cruisefart, og vil validera løysinga for rein kraftforsyning frå CSV-ar til cruiseskip.

I dag finst det ikkje etablerte metodar for å definera i kva grad propelldesign og støy i vatn er skadeleg for sjødyr. Dette prosjektet skal utvikla metodar som kan estimera støy frå propellar på hurtigbåtar og dermed bidra til å kartlegga problematikken. Prosjektet kan danna grunnlag for eit hovudprosjekt kor propellar med mindre støy blir utvikla. Ei slik løysing kan ha stort internasjonalt potensiale, mellom anna i skipsfarten langs nordvestkysten av Nord-Amerika kor det er strenge krav til støyreduksjon av omsyn til mellom anna spekkhoggarar. Prosjektdeltakarar: CFD Marine og Servogear

Prosjektdeltakarar: Blueday og ETA Energi, med støtte frå bedrifter i NCE Maritime CleanTech si faggruppe for grøn cruisefart

VR I VERFTSINDUSTRIEN Forprosjektet skal legga til rette for at VR-teknologi blir nytta i design- og prosjektfasen i verftsindustrien. Å implementera VR-teknologiar kan auka verdiskapinga hos prosjektpartnar Kværner, ettersom arbeidsprosessar blir meir effektive når det gjeld tid, ressursar og energibruk. Prosjektdeltakarar: Kværner og Storm Industrial Design

13


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2019

AKTIVITETAR 2019

Samfunnskontakt I NCE Maritime CleanTech blir det arbeidd kontinuerleg med å forbetra rammevilkåra for havnæringane våre og for innføringa av miljøteknologi. Mykje arbeid blir lagt ned i formidlinga av den viktige rolla det offentlege bør ha som krevjande og miljøvenleg kunde, blant anna når det kjem til innkjøp av transporttenester til sjøs. Det har også vore viktig å formidla behovet for strengare miljøkrav i fjordar og langs kysten, både for at me skal nå klimamåla våre og for å styrka konkurranseevna til industrien internasjonalt. I bodskapen til politikarane vektlegg me også behovet for å flytta meir godstransport frå land til sjø, oppbygging av infrastruktur for nye energiberarar og at det offentlege må leggja til rette for pilotprosjekt i sine samband. NCE Maritime CleanTech har eit godt samarbeid med fylkeskommunane Rogaland og Vestland, som også deltar i klyngesamarbeidet vårt. Vestland Fylkeskommune bidrar blant anna med finansiering til tre pågåande klyngeprosjekt innanfor cruise, infrastruktur for hydrogen og analysar av nye energiberarar i maritim sektor. Rogaland Fylkeskommune samarbeider 14

med ei rekkje klyngepartnarar i EU-prosjektet TrAM. Kommunane Bergen, Stord og Haugesund er også aktive partnarar i klynga. I løpet av året har me gjennomført mange aktivitetar i samarbeid med dei offentlege verkemiddelaktørane. I tillegg har me møtt statsrådar og stortingspolitikarar, fylkespolitikarar og ordførarar, og me har god dialog med byråkratane som utformar regelverket både nasjonalt og internasjonalt. Me har skrive mange politiske høyringsinnspel, mellom anna til regjeringa sin handlingsplan for grøn skipsfart og regjeringa sin hydrogenstrategi.

Nullutsleppskrav i hurtigbåtanbod Noreg er i ferd med å gjennomføra eit totalskifte i ferjesektoren, no står hurtigbåtane for tur.


ÅRSMELDING 2019  NCE MARITIME CLEANTECH

Stort engasjement på Arendalsuka

Hurtigbåtar er i dag ei kjelde til store utslepp, og den transportforma som gir høgast utslepp per personkilometer. Mellom 2019 og 2026 skal det lysast ut rundt 75 hurtigbåtanbod langs norskekysten. Desse vil ha svært mykje å seia for utviklinga av maritim miljøteknologi, klimagassutslepp og norske arbeidsplassar. Først ut er Vestland fylkeskommune, med oppstart av nye anbod i 2022. Eit viktig fokusområde for klynga i 2019 har difor vore politisk dialog for å sikra at desse anboda vert lyst ut med krav til nullutslepp i løpet av anbodsperioden. I løpet av året deltok klynga på ei rekkje politiske møte og skreiv fleire innspel på vegne av partnarane. I august 2019 samla klynga også fire konsortium som jobbar med utvikling av utsleppsfrie hurtigbåtar til ei felles tilråding som blei overlevert fylkeskommunane. Endeleg resultat frå prosessen vart eit vedtak i fylkesutvalet om at innføringa av miljøvenlege snøggbåtar i Vestland skal skje snarast mogeleg frå 2022 og seinast i 2024. Med dette følgjer fylkesutvalet opp stortingsvedtaka om krav til nullog lågutslepp for alle nye ferjer og hurtigbåtar.

Arendalsuka vert rekna som årets viktigaste møteplass for leiarar innan politikk, næringsliv og media. I 2019 deltok NCE Maritime CleanTech med fire høgaktuelle debattarrangement. Den årlege Arendalsuka er Noregs største politiske møteplass. Arrangementet er difor ein viktig arena for NCE Maritime CleanTech og våre partnarbedrifter. I 2019 deltok klynga for fyrste gong med eige program, og alle dei fire debattane våre på Statsraad Lemkuhl engasjerte både deltakarar og eit stort publikum. Her møttest nasjonale politikarar og dei fremste fagfolka i industrien for å diskutera korleis me skal få til den naudsynte grøne omstillinga i skipsfarten. Tema var miljøkrav i nye hurtigbåtanbod, grønare cruisefart, infrastruktur for hydrogen langs kysten og bruk av elektriske bybåtar i norske byar.

15


&

NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2019

AKTIVITETAR 2019

Møteplassar arrangement

2019 var eit år med høg aktivitet i klynga. Mange relevante tema blei belyst og drøfta på ulike samlingar og møtestader for partnarbedriftene i NCE Maritime CleanTech. I tillegg deltok NCE Maritime CleanTech på fleire aktuelle konferansar og politiske møte for å løfta fram utviklinga av maritim miljøteknologi:

22. JANUAR STORD Frå samarbeidsprosjekt til kommersialisering: IPR og kontraktar 27.-31. JANUAR BRITISH COLUMBIA VANCOUVER Global Growth 31. JANUAR - 2. FEBRUAR WASHINGTON, SEATTLE Global Growth 5.-7. FEBRUAR DANMARK Studietur materialteknologi 13. FEBRUAR OSLO Zero emission Cruising 19. FEBRUAR BERGEN Vestlandskonferansen 20. FEBRUAR BERGEN Demo Day hos VIS 21. FEBRUAR STORD Invest in clean maritime solutions

16


ÅRSMELDING 2019  NCE MARITIME CLEANTECH

21. FEBRUAR BERGEN HAVlunsj: EU-midler til store innovasjonsprosjekt 5. MARS HAUGESUND Grønare cruisefart 21. MARS STORD Klyngesamling og årsmøte 27. MARS ÅLESUND Ferjekonferansen 28. MARS BERGEN Storm i et vannglass 2019

12. JUNI STORD Stordkonferansen 2019

16. OKTOBER BERGEN Kluge IPR Summit 2019

14. JUNI HAUGESUND Investorfrokost: Havrommet

23.-24. OKTOBER OSLO Our Ocean

20.-21. JUNI ROSENDAL Klyngeverkstad

31. OKTOBER BERGEN HAVlunsj: Framtidas grøne energiløysingar

25.-27. JUNI AMSTERDAM Electric Hybrid & Marine 12.-15. AUGUST ARENDAL NCE MCT på Arendalsuka

31. OKTOBER -2. NOVEMBER SHANGHAI Norway-Asia Business Summit 4.-7. NOVEMBER JIANGSU/SHANGHAI Global Growth Green Tech

2. APRIL BERGEN Kurs i prosjektutvikling

23. AUGUST BERGEN Grøn aktivitet i maritim næring – frukostmøte

9. APRIL TYSVÆR Møte EU-ambassadørar

29. AUGUST BERGEN HAVlunsj: Blå bybane

12. NOVEMBER STORD Tech Update: Ammoniakk i maritim sektor

9.-11. APRIL MIAMI Seatrade Cruise Global

29. AUGUST KRISTIANDSAND Havnekonferansen

13. NOVEMBER STAVANGER Vestlandets hydrogenkonferanse

10.-11. APRIL ÅLESUND Klyngesamling

3. SEPTEMBER TRONDHEIM/HELL Hurtigbåtarrangement – Trøndelag fylkeskommune

14. NOVEMBER STORD Nyskapingsmaraton

24. APRIL TYSSEDAL/ODDA Hydrogensymposiet 6.-7. MAI FØRDE Næringsdagane

3. SEPTEMBER BERGEN Maritime Hydrogen & Fuel Cells conference

9.-10. MAI OSLO OECD Ocean Innovation

4. SEPTEMBER BERGEN Maritime Hybrid & Electric Conference

14. MAI BERGEN TechUpdate: CleanTech in ports

10. SEPTEMBER LONDON Greening Inland Shipping conference

15. MAI BERGEN Med NCE MCT til Kina – informasjonsmøte

10.-12. SEPTEMBER SAN FRANCISCO H2@Ports Workshop

4.-7. JUNI LILLESTRØM/OSLO Nor-Shipping

17. SEPTEMBER BERGEN THE OCEAN 19.-20. SEPTEMBER STORD/BERGEN Besøk Washington Maritime Blue

15. NOVEMBER BERGEN Årskonferanse Bergen næringsråd 21. NOVEMBER BERGEN Energiomstilling Vest 28.-29. NOVEMBER SOLSTRAND Annual conference 2019: Waves of CleanTech 5. DESEMBER HAUGESUND Autonome el-vannbussar – nasjonalt dialogmøte 11.-13. DESEMBER HAMBURG/PAPENBURG Greener cruising – industry tour to Germany

17


NCE MARITIME CLEANTECH  ÅRSMELDING 2019

AKTIVITETAR 2019

Fakta om klynga - 2019 i tal 1148

følgjarar på Twitter

30

3

EU prosjekt

48

INNOVASJONSPROSJEKT

12

møter med politikarar

klynge-tilklynge prosjekt

109

nternasjonale nyheitsoppslag

196

millionar i prosjekttildelingar i 2019

23

politiske innspel

90.000

KOMMUNIKASJON

443

nyheitsoppslag

besøk på nettsida

98

1346

1998

følgjarar på LinkedIn

55

følgjarar på Facebook

partnarselskap representert på våre arrangement

innlegg på konferansar

2

26

første utenlandske selskap

eigne arrangement

108

ARRANGEMENT

MEDLEMMER

19

nye medlemmer

18

3

4

nye reiarlag

dedikerte faggrupper

25

internasjonale aktivitetar


ÅRSMELDING 2019  NCE MARITIME CLEANTECH

ÅRSMØTE

Styret si årsmelding for 2019 Foreininga si verksemd Maritime CleanTech (MCT) er registret som foreining og vart registrert i mars 2011. MCT er kontraktpartnar til NCE-prosjektet. NCE-prosjektet vil avlevera eige revidert prosjektrekneskap til Innovasjon Norge. Rettvisande oversikt over utvikling og resultat Føretaket har i 2019 eit overskot på kr 2 748 897,-. Selskapet sine inntekter viser ei auke på kr 6 363 203,tilsvarande 49%, som hovudsakleg skuldast auke i prosjekttilskot. MCT sin eigenkapital er pr 31.12.19 på 16% mot 58,7% førre år. Likvide midlar utgjer kr 49 397 777,der kr 39 449 143,- av desse vil bli utbetalt til prosjektpartnarar i EU-prosjektet ShipFC. Kortsiktig gjeld utgjer totalt kr 42 780 082,-. Det er gjort investeringar i aksjar i Sustainable Energy AS 2018 på kr 250 000,-. Det er ikkje gjort investeringar i driftsmidlar i 2018. Årets avskriving er kr 58 425,-.

Fortsatt drift Selskapet har en god finansiell struktur og likviditet. Rekneskap er framlagt under føresetnad om framhald i drifta. Arbeidsmiljø Styret meiner arbeidsmiljøet er tilfredsstillande, men det har i 2019 vore noko høgare sjukefråvær enn i 2018. Dette skuldast ei langtidssjukemelding som ikkje er oppgitt å vera arbeidsrelatert. Sjukefråværet var i 2019 på 2,38%. Selskapet arbeider generelt med trivsel, men har ikkje spesielle tiltak for å oppnå reduksjon i sjukefråværet. Likestilling Foreininga har som målsetjing at det ingen skal behandlast ulikt på grunn av kjønn. Foreininga har per 31.12.19 sju tilsette, 3 kvinner og 4 menn. Styret har 3 kvinner og 7 menn.

Styret i Maritime CleanTech: Stord, 12. februar 2020

Bjørn Sundland Styreleiar

Vermund Hjelland Styremedlem

Ada Jakobsen Styremedlem

Liv Reidun Grimstvedt Nestleiar

Kristin Margrethe Flornes Styremedlem

Helge Gjøsæter Styremedlem

Hans Petter Nesse Styremedlem

Terje Johansen Styremedlem

Pål Tveitevåg Varamedlem

Erik Hjortland Styremedlem

Tor Inge Dale Styremedlem

Asbjørn Tverdal Varamedlem

19


www.maritimecleantech.no

Deltakarar i NCE Maritime CleanTech:

HtreN Fuel Systems


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.