ZOOM No1 - 2012

Page 1

N 1 G r at i s m a g a s i n m e d f o k u s på SUNN H ORD L AND

Stordjente med suksess

Synnøve Macody Lund Kværner Stord

Ny Tid for hjørnesteinen Slow-food

Ekte matglede frå Haaheim Gaard

Interiørtrendar 2013 Forsmak på våren


AKKURAT NO: FÅR DU SMAKEN AV JUL!

ÅPNINGSTIDER I DESEMBER: 13. til 21. des. 10.00 Lørdagar 10.00 Søn. 16. og 23. des. 14.00 Julaf ten 10.00 Romjula 10.00 Ny t tårsaf ten 10.00 -

21.00 18.00 18.00 13.00 20.00 15.00

10-20 (18) • Coop Extra 9-21 (20) • 450 gratis p-plassar Stord • heianestorsenter.no


INNOVASJON FRÅ KVINNHERAD

UT I VERDA

Brasil er ein av dei mest spanande plassane i maritim bransje i verda i dag. Her føregår det ei rivande utvikling som nesten saknar sidestykke i historia. I Noreq er me opptekne av å vere tilstades for kundane våre og me har vald å etablera oss på strategiske, maritime knutepunkt rundt om i verda. Også i Rio de Janeiro, Brasil. Sidan Noreq AS vart starta i 2006 har nytenking og fokus på forbetring av maritimt dekksutstyr vore kjernen i vår forretningsidé. Med brei kunnskap frå vårt eige kystmiljø har me tatt med oss vår identitet og nye produkt ut til den internasjonale shipping- og offshore marknaden. Resultatet talar for seg sjølv: Noreq har i dag om lag 120 tilsette og me er etablert med eigne kontor i Singapore, Houston, Dubai, Rio de Janeiro, Odense, Polen og Shanghai. Like fullt som Noreq er blitt ei merkevare innan dekksutstyr er ”Noreq-sjela” blitt eit omgrep innan vår bransje. Denne Noreq-sjela er tufta på innovasjon, stå på-vilje og skaparglede. Og ikkje minst: Ho er ”made in Kvinnherad”!

LIFESAVING

NOREQ AS

CrANES

| Phone: +47 53 46 47 50

FENdErS

| P.O.Box 144, N-5480 Husnes

SErVICE

| noreq@noreq.no

www.noreq.no


Zoom

Ein moderne og pulserande region Zoom er eit nytt gratismagasin med fokus på sunnhordlandsregionen og alt den har å tilby av vill og vakker natur, fantastiske buforhold, variert og aktivt næringsliv, kultur- og fritidsaktivtetar, og ikkje minst spennande enkeltpersonar og organisasjonar. Me vil visa at sunnhordlendingane har grunn til å vera stolte av regionen sin. Målet er å framheva Sunnhordland som ein region det er attraktivt å bu i, besøka og driva næring i. I Zoom vil du mellom anna finna intervju med interessante og aktuelle sunnhordlendingar, artiklar om små og store bedrifter, kulturliv og fritidsaktivitetar, og me krydrar det heile med trendar, mote og gode smaksopplevingar. I sum ønskjer me å skapa eit lettlest og inspirerande sunnhordlandsmagasin, flott illustrert og pakka inn i frisk, moderne layout. Vegen hit har vore interessant og lærerik og me ser sjølv at regionen er full av skattar me gler oss til å få fram i lyset.

Redaksjonelt ansvarleg Annonsesal Anne Birgitte Stenberg Kimberlee S. McMillan annebirgitte@zpirit.no kimberlee@zpirit.no Utgjevar: Zpirit AS Opplag: 40 000 Framsidefoto: Birgit Solhaug Med atterhald om evt. trykkfeil

4

Journalist Silje Huglen Tillung silje.tillung@gmail.com

Journalist Iver Bunes iver@zpirit.no


innhald Foto: Tor Resser

Innhald

06 Musikalsk soldat 08 Ut på tur, aldri sur

10 Jordnær stjerne – Tett på Synnøve Macody Lund 16 Løp & kjøp – Senterleiarane svarar 18 Interiørtrendar 2013 23 Ny opptur for hjørnesteinen 30 Slow food - Ekte matglede frå Haaheim Gaard 34 Satsar stort på Bømlo 42 Vintermote 48 Eit firbeint gründereventyr 55 Ein smak av Thailand 61 Arne Torget – skalden frå Kolavegen 64 Kva skjer?

ss! Tibpirgsitteo@zpirit.no

anne

Tips til neste utgåve av Zoom? - vinn ei fantastisk matoppleving!

Alt du treng gjera er å tipsa oss i redaksjonen om noko du meiner me bør skriva om i neste utgåve av ZOOM. Det beste tipset vert premiert med eit eksklusivt matkurs for to personar på herskaplege Haaheim Gaard. Etterpå får dei to nyta maten og drikka tilhøyrande vin til det smakfulle måltidet. Ei overnatting i eventyrlege omgivnadar på Haaheim er også inkludert i premien. Send forslaget ditt til annebirgitte@zpirit.no innan 04.01.13 og ver med i trekninga.

10

18

23

30

42

55 5


Gunnar Ingebrigtsen

Musikalsk soldat Om eit knapt år feirar Gunnar Ingebrigtsen 30-års jubileum som soldat i Frelsesarmeen. Han kjenner korpset betre enn dei fleste, og har ei beundringsverdig drivkraft og eit smittande humør.

Gunnar Ingebrigtsen kjem køyrande med buss. Går av busstoppet på Heiane, paraplyen under armen og sekken over skuldra. Dagens gode gjerning er å selja Krigsropet utanfor Heiane Stor­ senter på Stord. Han smiler frå øyre til øyre, som han alltid gjer, nikkar blidt til alle han møter. Gunnar er klar til å om­famna dagen.

Barndomstru Det heile starta i kjellaren i Turn­ hallen for mange år sidan, på fest med Frelsesarmeen. - Det var på den tida eg var byrja å verta så glad i kaffi, spøkjer han. Gunnar kjende kallet som soldat, og har sidan vorte verande i gjern­ inga. Det var ekkoet av barndom­s­­trua som dreiv han til kallet, men han meiner trua har ut­ vikla seg med åra og vorten sterkare. - Eg er komen så langt i livet at eg tykkjer det er godt å ha Han å støtta meg til. Han er ein viktig del av livet mitt, fortel Gunnar open­hjartig. Han er opp­teken av å ikkje tre trua si ned over hovudet på andre, og synes i staden det er viktig å møta folk på deira eige nivå. Og på deira eigne premiss.

Sterkt forhold til jula Gunnar Ingebrigtsen er fødd og opp­ vaksen på Almås. Han har overteke barndomsheimen, er vorten 56 år og

bur med ei firebeint dame. Han har alltid hatt eit nært forhold til jula, og ekstra sterkt vart forholdet etter han var i Israel i 1985. Då fekk han vitja blant anna Betlehems­ marka og Getsemane, og evangeliet fekk enda større plass i hjarta hans. Han er samd i at tradisjon og tru står sterkare rundt juletider enn elles i året. - Men eg er glad i alt det andre som jula fører med seg òg. Julemat, pakkar… eg vert som eit barn, kanskje verre! ler han og røper at julemiddagen er pinnekjøt. I fjor skaffa han seg Sissel Kyrkjebø og mormonarkoret i Utah sin julekonsert på dvd, og synest det gir ei fantastisk julestemning. Jula plar han feira hos søstera i Sirdal, men trur han skal vera heima på Almås denne jula. Spesielt har han laga seg ein eigen tradisjon som fylgjer han år etter år: på julenatta set han seg ned i stova si og let den fløyelsmjuke røysta til Mahalia Jackson fylle stova når ho syng Silent Night. Då kjenner han at heile rommet lever saman med tonane som smyg seg ut av høgtalarane.

Travel soldat I tillegg til å selja Krigsropet utanfor storsenteret, har Gunnar også andre verv i korpset. Blant anna spelar han til fellessong og held andakt på

eldresentera. Då stiller han høgtideleg i uniform slik at folk ikkje skal vera i tvil om kor han kjem frå. - Dessutan er eg så privilegert at eg får vera med på dametreff. Der spelar eg gitar til songane, ler han. - Så er det møtet med Frie Venner ein gong i månaden, der både eldre, folk frå korpset og andre menigheter treffest. Dei fleste har nok også sett den staute soldaten ved Frelsesarmeen si julegryte både på Leirvik og Heiane. Han reknar med å ha nokre ”grytevakter” også denne jula, men legg til at han tek ein dag om gongen.

- Når eg er stressa set eg meg berre ned og spelar. Det er heilt himmelsk. - Du er ein travel mann, Gunnar? - Å jada, men eg er ikkje så travel at eg ikkje har tid til å leva! Det er viktig å ha balanse, skrattar soldaten og fyller heile rommet med trillande tonar. Han meiner det er viktig å kvila ut, og går gjerne turar i skog og mark for å finna roen.

- Kjøpte meg dessutan el-piano. Eg sa til mannen i butikken at han berre kunna køyra det heim til meg, for det der skulle eg ha! ler Gunnar og fortel at han kan trylla fram eit heilt orkester på det vakre instrumentet. - Når eg er stressa set eg meg berre ned og spelar. Det er heilt himmelsk.

Soldatgjerninga Å vera utadvent er ein eigenskap Gunnar meiner det er viktig å ha dersom ein skal vera soldat. Sjølv likar han å møta nye menneske, og har stifta mange nye kjennskap og venn­ skap gjennom soldatgjerninga, både i bransjen og blant sivile. Likevel er det den sterke trua som er drivkrafta i gjerninga, og det aller beste med jobben er dette: - Det å få vera eit vitne for Han eg trur på i kvardagen. Og møta andre med­ menneske. Det er fantastisk, rundar Gunnar av før han stiller seg i stram silhuett med eit stort smil for å møta verda og selja ut dagens Krigsrop. Ein går frå Gunnar litt gladare til sinns enn då ein kom – han verkar å ha den effekten på sine medmenneske.

Tekst og foto: Silje Huglen Tillung

6


7


Fjellheim Friluftsbarnehage

Ut på tur, aldri sur! Fjellheim Friluftsbarnehage ligg idyllisk til på Aarbø i Fitjar. Sola heng låg på himmelen, og i lufta bivrar undertonar med løfte om ein vinter i anmarsj. Gradestokken kryp mot nullpunktet. Kjem snøen snart, tru? For ungane i Fjellheim Friluftsbarnehage er vêr og årstid inga hindring – dei er ute heile året.

Jessica Naturen som leikeplass Fjellheim vart starta av Anne Karin Nilsen i 1995. Det som først var ein familiebarnehage med fem born, gjekk snart over til å vera friluftsbarnehage. I dag har barnehagen 10 tilsette og 52 born, fordelt på to avdelingar: Bjørnaholo (0 – 3 år) og Jøtulen (3 – 6 år). Fellesnemnar for begge avdelingane er at dei nyttar skogen og utelivet i stor grad. Naturen er hovudtema heile året, og friluftsliv og kosthald er satsingsområde. Fjellheim har alt ein friluftsbarnehage kan ynskja seg, og med 10 mål innmark og 15 mål utmark er det nok av boltreplass til leik og turar. Det er borna som har døypt dei ulike turstadane. Med sekkar på ryggane og nybaka, heimelaga brød til niste dreg dei ofte på turar til ”Kjekkeplassen” og ”Nasehorn-plassen”. Lavvo, gamme og robåt har dei også til rådigheit, og lunsjen vert laga på stormkjøken eller bål.

Juleførebuingar Ein vilter gjeng med godt påkledde femåringar finn roen rundt utebordet. Vanlegvis har gjengen allereie vore på tur i halvanna time når klokka slår 11. I november byrjar juleførebuingane: baking, juleverkstad, kalender og kyrkjetur høyrer med. Nilsen og AnneMarie Stokken fortel at dei tek førebuingane i roleg tempo og fokuserer på å laga ei koseleg ramme rundt det heile. Dei snakkar også med borna om kva jula er, og markerer Lucia-dagen med lussekattar. Når høgtida nærmar seg, plar dei også arrangera lysog grautfest for borna med foreldre og søsken. Ungane sjølv har ein del tankar om kva jula er og kva ein gjer:

8

- Eg leikar. Med bilane mine, fortel ein liten gut. - Mm, og når det er snø brukar me akebrett og går på skitur. Eg må ha nye ski, for eg er blitt så stor, supplerer ein annan. Alle borna er skjønt einige om at nissen også høyrer jula til: - Norge-julenissen bur på Snøpolen, konstaterer dei.

I fare for å leggjast ned Det har vore ein del uvisse knytt til Fjellheim dei siste månadane. Etter 17 års drift står barnehagen i verste fall i fare for å måtta stengja dørene frå neste haust. Grunnen er at reglane for utrekning av tilskot for private barnehagar vart endra i fjor, og drifta vidare vil vera avhengig av kva for tilskotssatsar kommunen legg seg på framover. Nilsen fortel at det ikkje lenger er nokon umiddelbar risiko at dei må stengja for godt, men innrømmer at dei har sparekniven på strupen og vert tvinga til å leggja opp ting annleis. - Sjølvsagt er me innstilte på å gjera det som skal til for å fortsetja, seier ho. Om Fjellheim ein gong ser seg nøydde for å stengja dørene, vil Fitjar kommune få ei utfordring. Då har nemleg ikkje kommunen full barnehagedekning lengre.

La rs Olai


Fjellheim Friluftsbarnehage

leander

JULEPRAT

Tuva Sindre

Erik

Hanne

Emil

med borna i Fjellheim friluftsbarnehage

- Veit du kvifor me feirar jul? - Kva er det kjekkaste med jula?

Jessica Holmedal Hugøy, 5 år - Veit ikkje koffor me feirar jul. - I jula har me juletre og får presangar. Eg ønsker meg trampoline. Det kjekkaste med jula er vinger. Fe-vinger og krona og tryllestav som eg leikar med. Lars Olai Solli, 5 år - Ja, me feirar fordi det er kaldt og me får pakkar og god mat. - Det kjekkaste er å få pakkar og spisa god mat. Eg likar best graut og kjøtt. Og å pynta.

Leander Miland, 5 år - Me ønsker oss noko, og får pakke til jul. Eh… eg likar jula. - Eg står opp kvar jul før julenissen kommer og springer inn igjen på rommet mitt. Nissen har med seg pakkar, og han har reinsdyr som han parkerer i hagen. Eg ønsker meg ein stor pakke som går heilt ned til golvet, med Hot Wheelsbane.

Tuva Jensen Aarbø, 5 år - Fordi det skal vera snø. - Presangar. Eg ønsker meg Barbie, og ein sånn kvit bil til Barbiedukka. Om jula et me julemenn og drikker kakao. Sindre Skumsnes, 5 år - Fordi då får me pakkar. Kanonmange pakkar! Eg ønsker meg gravemaskin og traktor. - Å få pakkar og eta god mat er kjekkast. Eg liker pinnakjøtt.

Hanne Rimmereid, 5 år - Me feirar jul fordi me skal få ting. - Det kjekkaste er å få pakkar. Eg ynskjer meg Lego Friends.

Emil Helland Koløen, 5 år - Nei. Me pleier å få ting hos julenissen. Så har me skuletrening i jula. Eg har sett den ekta julenissen! - Det kjekkaste er å få pakkar. Eg ønsker meg ein radiostyrt bil.

Erik Helland Gjøsæter, 5 år - Nei. Men i jula pleier me å få pakkar. Og spisa pølsa. - Det kjekkaste er å aka. Tekst og foto: Silje Huglen Tillung

9


Synnøve Macody Lund

Frå filmen Hodejegerne. Foto: Erik Aavatsmark / Friland AS

Jordnær stjerne - tett på Synnøve Macody Lund Det er ikkje meir enn vel eit år sidan stordjenta Synnøve Macody Lund trollbatt det norske og det internasjonale publikum i filmen Hodejegerne. I haust har Kon-Tiki skylt inn over oss – ein produksjon der Synnøve var transmediaprodusent. Suksess til trass – Synnøve har beina planta på jorda og veit godt kvar ho kjem ifrå.

10


11

Foto: Carl Christian Raabe


Synnøve Macody Lund Foto: Birgit Solhaug

Oppveksten

Kva er dine beste barndomsminne? - Eg har eit tilnærma mytisk forhold til barndomen på Stord. Mamma og pappa hadde ein fantastisk omgangskrins med barn i nokolunde same alder. Det som står klårast for meg er korleis me ungane vart tekne med på alt. Anten det var båtturar i vekevis, fjellturar, vedhogst, dugnad eller fest. Eller det vil seie, dugnad var vel eigentleg det same som fest den gongen. Det flimrar av langbord med krabbe, pappa sine varme tørre hender som lukta Petterøes og skog, musikk, song, mamma si uendelege omsorg og tvillingskjensla med søster mi. Eg har alltid vore blindt stolt av familien min. Eg har etterkvart skjøna at det ikkje er sjølvsagt for alle. Eg kjenner meg heldig, innrømmer Synnøve. Kva må du gjera når du er heime? - Må setja Memphis Soul Stew med King Curtis på platespelaren medan pappa held takten og ungane dansar nakne i stova. Korleis trur du oppveksten i eit så lite samfunn som Stord har forma deg som person? - Oppveksten i Macody-familien har gjort meg trygg. Oppveksten i eit lite miljø trur eg gjorde meg ganske usikker, i alle fall i ungdomsåra. Eg lengta til ein plass der eg ikkje kjende alle. Der eg liksom kunne få finna meg sjølv opp på ny. Men kven gjorde vel ikkje det? Det er uansett blitt finare og finare å kjenna på kvar eg kjem ifrå, fortel ho. Har du teke med deg noko vidare frå oppveksten på øya? - Gleda over sol! Det kan vera sol i vekevis på austlandet, og eg er like lukkeleg forbausa kvar morgon. ”Steike! Sol i dag og!?!”

12

Karriere

Du har hatt stor suksess innan film det siste året. Har dette vore eit bevisst karriereval eller har det skjedd tilfeldig? - Eg vart ringt opp ein vårdag og spurd om eg ville komma på casting til Hodejegerne, og etter første prøvefilming gjekk det berre slag i slag. Og det mest fantastiske med det var jo ikkje berre at det var eit kult prosjekt og ei gåve å få spela skodespel, men at det kom som lyn frå klår himmel. Det same gjeld eigentleg Kon-Tiki. Eg fekk ein mail av Joachim Rønning som lurte på om eg ville vera transmediaprodusent på produksjonen. Eg takka ja med ein gong utan å tenkje meg om. Eg trur det er den beste sommaren eg har hatt. Eg føler eigentleg at begge filmane har gitt meg høve til å gjera det eg eigentleg alltid har villa gjere. Lage dokumentar slik eg er utdanna til, og spele skodespel, som eg aldri hadde turt å utdanna meg til, fortel Synnøve.

“Eg føler meg ikkje som kjendis i det heile.” Det som slepp ut i media om deg som person verkar nøye planlagt. Er dette eit bevisst val du har teke? - Haha! Det at noko om meg skulle ”sleppe ut” i media og samtidig vera planlagt ser eg som høgst usannsynleg. Så ja, eg er særs bevisst i forhold til kva type presse eg gjer. Du er ein idiot om du ikkje er det. Under Hodejegerne måtte eg gjere det som var forventa av meg som skodespelar for å promotere filmen. I ettertid prøver media å skvise deg for det private og då skal ein passe seg.


Synnøve Macody Lund Heime på Knappane: Synnøve nummer to frå venstre og storesyster Ingrid bakerst saman med søskenborna. Foto: Privat

Eg kan godt tilfredsstille dameblada med å fortelje kva hudkrem eg brukar eller vise eit interiørmagasin at eg har sans for det estetiske, men eg blir aldri privat av den grunn. Eg har sjølv jobba lenge som journalist og veit alt kan vriast og vendast på. Så eg er nok ganske keisam der. Eg kjem aldri til å betru deg noko skandaløst via media, du vil aldri kome til å sjå meg på framsida av eit manneblad, og det mest ironiske er vel at dei tinga eg absolutt ikkje snakkar om er ting som ville stilt meg i eit veldig bra lys. Kor ulike er den offentlege Synnøve versus den private? - Om den offentlege Synnøve finst, så er den som sagt, i mi oppfatning, ganske tannlaus. Eg håpar for guds skuld mine næraste føler det er meir futt i den private. Kva tankar gjer du deg om kjendisstatusen du har fått? - Eg føler meg ikkje som kjendis i det heile. Men på eit generelt grunnlag tenkjer eg at det å vera kjendis ikkje gjer noko som helst med den statusen du til ei kvar tid kjenner inni deg. Den kan i beste fall hjelpa deg til å få gjera det du helst vil gjera jobbmessig. Du kan aldri gå ut av rolla som kjendis. Kva trur du dette fører til? Går du glipp av noko? - Absolutt alle kjende menneske går ut av rolla som kjendis, heile tida, fordi dette er stigmatiserte oppfatningar i folk flest og ikkje i ein sjølv. Til og med realitystjerner som er ”seg sjølv 101 prosent” har vel ei anna side enn den me ser. Og eit heilt anna liv. Løysinga er ikkje å bry seg om kva andre tenkjer. Personleg er eg uansett ikkje så kjend at det er snakk om å gå glipp av noko. Eg får snarare bonusgode eg absolutt ikkje har gjort meg fortent til.

Øverst: Synnøve og pappa Yngvar. Under: “Knappanegjengen” Framme frå venstre: Astrid Grov, Marte Jensen, Sverre Brufladt og Synnøve. Foto: Privat

“...mi erfaring er vel at eg har oppnådd best faglege resultat når den som dømmer, ikkje ser meg...“ Det å verta foreviga på film let seg ikkje endra, sjølv om du trekkjer deg tilbake frå rampelyset. Var den terskelen høg å trø over? - Terskelen var høg, men eg hoppa over med noko som likna på blindt mot. Eg var sjølvsagt særs nervøs for at eg ikkje skulle vera bra nok, men det var uansett ei utfordring eg ikkje kunne gå utanom. Eg er så vanvittig glad eg ikkje feiga ut. Eg kjem nok alltid til å vera stolt over Hodejegerne. I kor stor grad trur du eit flott utsjåande har påverka karrierevegen? - Haha! Eg har liksom aldri tenkt på det eg gjer som ei karriere. Men ein viss veg er det jo i det minste. Tja, kva skal ein seia? Eg sa aldri eit einaste ord under førelesningane på litteratur, heller ikkje på filmvitskap, fordi eg var redd for at det ikkje skulle vera smart nok og at eg dermed skulle bli oppfatta som dum og blond. Då eg vart nest best på begge fag, forstod ingen noko. Ingen såg det koma. Så mi erfaring er vel at eg har oppnådd best faglege resultat når den som dømmer, ikkje ser meg … Kva tankar gjer du deg rundt dette? - Når det gjeld Hodejegerne er det heilt klart at eg aldri hadde blitt spurd om

13


Synnøve Macody Lund

- Eg kunne godt tenkt meg ei skrivestove ved fjorden ein dag, men det vert nok ikkje før eg er gamal og grå.

der var eg flott!” utan at eg blir bekymra for at folk trur eg er ein evneveik bimbo av den grunn. Mange unge jenter drøymer om kjendisstatus. Var kjendisstatusen ein draum for deg då du var ung? - Sjølvsagt ikkje. Me drøymte ikkje om slikt på Knappane. Eg skulle bli forfattar. Korleis har du jobba for å nå dit du er i dag? - Eg har vore flink pike, men eigentleg ganske lat, og har dermed måtta ta nokre gigantiske skippertak som ofte genererer ei eller annan form for framsteg.

Visjonar og vegen vidare

Det har storma rundt deg det siste året: hovudrolle og suksess med Hodejegerne, skilsmisse og bak-kamera i Kon-Tiki. Korleis vil du sjå tilbake på det siste året? - Forutan at ein tosk i Dagbladet klarte å terrorisera meg gjennom heile august, september og oktober i fjor, vil eg seia at 2011 er det kjekkaste året eg har hatt på lenge. Foto: Carl Christian Raabe

å koma på casting om eg ikkje hadde sett nokolunde bra ut og ikkje var over ei åtti høg. Men eg hadde heller aldri fått den rolla om eg ikkje kunne fylla ho. Korleis er det å få feedback på sitt eige utsjåande i så stor grad? Gjerne sett opp mot det presset mange unge jenter opplever i dag. - Eg har eit ambivalent forhold til det. Ein kjem ikkje unna at me menneske får forventningar til kvarandre basert på ytre ting, og det er ikkje alltid lett å hanskast med. For meg har det vore vanskeleg å bli sett på, enkelt og greitt fordi eg er ganske sjenert. Dess meir andre legg merke til meg, dess meir oppteken blir eg av kva andre tenkjer enn kva eg sjølv tenkjer. Det har gjort meg sjølvbevisst, utrygg og kontrollert i sosiale samanhengar. Då eg fekk barn, opplevde eg at eg fekk ein pause frå slike litt slitsame sjølvopptekne spiralar. I dag kan eg sjå fine bilete av meg sjølv, og tenkja ”jøss,

14

Kor går karrierevegen framover? - Det er litt ymse som vanleg. Litt filmanmelderi, litt skodespel, litt tv, litt bok. Vert det nokon gong aktuelt å flytta heim til Stord? - Eg kunne godt tenkt meg ei skrivestove ved fjorden ein dag, men det vert nok ikkje før eg er gamal og grå. Eg må uansett koma meg heim til Knappane oftare. No i sommar var det TO år sidan sist. Det funker ikkje. Mange kvinner lurer nok også på korleis du klarar å sjonglera mammarolla med ein så hektisk kvardag. - Det klarar eg berre nesten. Det er klart det er ei utfordring når ein må gjera alt sjølv. Og eg har heller ikkje foreldra mine eller anna slekt i Oslo. Eg misunner ofte dei veninnene mine som bur på Stord og har alle desse rundt seg. Men eg bur heldigvis i ein seksjonert villa saman med ein annan familie med barn i same alder, dei er som søsken. Me hjelper kvarandre for å få logistikken til å gå opp. Eg trur ikkje eg hadde klart det utan dei.


PREMIEREDAGER! Pris fra kr:

251 000,-

NYE MOKKA

HELT NY OPEL. HELT NYE VENNER. Premieredager på nye Opel Mokka hos din Opel-forhandler. Delta i vår store Facebook-konkurranse FYLL OPP BILEN og du kan vinne en ny Opel Mokka.

www.opel.no - Følg oss på

www.facebook.com/OpelNO

CO2 utslipp fra 116g/km, 4,5 l/100 km. Gjelder drivstofforbruk og utslipp blandet kjøring. Euro 5. Frakt og lev. omk. Oslo kr. 8500 tilkommer. Avbildet bil kan ha ekstrautstyr. Importør Opel Norge AS.

Heiane Bil as

Åpningstider

Tlf: 53 40 23 00 www.heianebil.no

Avdeling Salg Service Deler

Man-Fred 08.00-16.30 07.30-15.30 07.30-16.30

Lørdag 10.00-14.00 Stengt 10.00-14.00


senterleiarane svarar

Løp & kjøp Leiarane for fire store kjøpesenter i regionen fortel om handelsaktiviteten - Korleis har handelsåret 2012 vore? - Kva forventningar har du til årets julehandel? - Tankar og forventningar til 2013? - Har senteret nokre konkrete planar for det komande året?

Hans Martin S. Haavik, senterleiar AMFI Stord

Åge Vikse, styreleiar i senterforeininga, Sams Senter

- Handelsåret 2012 har vore veldig bra. AMFI Stord har ein auke så langt i år på om lag 7 prosent.

- 2013 vil bli eit godt år for AMFI Stord. Håpar på ei omsetjing på om lag 420 millionar kroner.

- Handelsåret hittil har jamt over vore bra og fleire av butikkane har auka omsetjing. Me har også fått eit par nye butikkar og serveringstilbod som er med på å skapa trafikk som kjem alle butikkane i sentrum til gode. Det er spesielt sommaren som utmerkar seg som perioden der me har størst vekst, me merkar at det er turistar på hytter og rorbuer og mange som besøker Bømlo om sommaren.

- Nytt parkeringshus med plass til om lag 500 bilar vil stå klart i løpet av året, pluss nokre nye butikkar.

- Julehandelen er alltid spanande, og me har forventningar om ein liten auke.

- Julehandelen vil nok auka saman­ likna med handelen i fjor. Eg tippar ein auke på ca. 5 prosent.

- Me har forventningar om fortsatt vekst i 2013. I følge Sparebank1 SR bank si Varehandelsrapport for Sunnhordland hadde Bremnes handels­­ sentrum ein vekst på 9,3 prosent frå 2010 til 2011. Dette var høgast i Sunnhordland i perioden. Rapporten viser også at det er

16

mindre handel­ slekkasje til andre kommunar. Dette harmonerer med at me føler det er ei positiv utvikling i omsetjing, tilbod til kundane og at fleire legg handleturen sin hit, så eg er optimistisk for 2013 og fortsatt positiv utvikling. - Det er fleire som går med planar om utviding i Bremnes sentrum. Det har vore lansert planar for å finna ut om ein kan byggja saman Sams Senter med Østensen og Sekstanten. Dette prosjektet er tenkt å gi plass til fleire butikkar og leilegheiter. På den gamle HSD-tomta ved inngangen til sentrum er det meste klart for å starta bygging av eit nytt handelshus. Her vil det verta ein kombinasjon av butikkar og leilegheiter, og oppstart vil bli i løpet av kort tid. At fleire har tru på sentrum er positivt for alle som driv her og i kombinasjon med betre infrastruktur gir det grunn til optimisme.


Foto Elisabeth Berg Hass

senterleiarane svarar

Hans Martin S. Haavik

Åge Vikse

Geir Jakobsen

Terje Børtveit

Amfi Stord

Sams Senter

Husnes Storsenter

Heiane Storsenter

Omsetjing 2011: 372 millionar Butikkar: 40 stk Etableringsår: 1985 Areal: 22.160 m2

Omsetjing 2011: Ca. 50 millionar Butikkar: 12 Etableringsår: 1985 Areal:12.000 m2

Butikkar: 52 stk

Omsetjing 2011: Ca. 340 millionar Antal butikkar: 23 stk Etableringsår: 2008 Areal: 22.000 m2

Geir Jakobsen, senterleiar Husnes Storsenter

Terje Børtveit, senterleiar Heiane Storsenter

- Me har hatt ein liten oppgang, men på grunn av usikre tider i Kvinnherad så er ikkje oppgangen så stor. Auken har vore på om lag 3 prosent, men me seier oss nøgde med det.

- Handelsåret 2012 har så langt vore ein suksess! Me har 8,2 prosent auke målt mot same periode i fjor. Heiane Storsenter er det senteret i Sektor Eiendomsutvikling sin portefølje (28 senter) som aukar mest utan å ha fått nye butikkar.

- I fjor hadde me ein veldig god julehandel. Det starta roleg, men julehandelen kom utruleg godt i gong etterkvart. Eg trur me kan seia at det er den beste julehandelen me har hatt nokon sinne, så me er veldig optimistiske for årets julehandel. - Ting har blitt meir sikre rundt Søral, så me har eigentleg store forventningar. Tidlegare har folk vore meir avventande, til dømes har ikkje så mange bygd seg hus. Slikt slår ut på til dømes omsetjinga av kvitevarer og møblar. Men me er optimistiske og har store forventningar for 2013. - Me har nokre konkrete utvidingar me skal til med. No har me jo leigd ut det meste av arealet vårt, men det er sannsynleg at det vil skje endringar. Me håpar at kommunen vil godkjenna planane våre, så me vil nok investera nokre kroner i ombygging.

- Julehandelen i år har me store forventningar til, og me er godt førebudde på trykket som kjem. - 2013 vert eit spanande år for Heiane Storsenter fordi me har ei stor kjent kjede på gong. Denne kjeda vert eit godt tilskot til ”butikkmixen” på storsenteret. Samstundes vil jo McDonald’s etablera seg på Heiane Vest, så her er mykje å gleda seg til!

HEIANE STORSENTER TELEFON 53417400

17


interiørTrendar 2013

Interiør Nordmenn er over gjennomsnittet opptekne av interiør. Me brukar mykje tid og pengar på temaet, og interiørvarer vert handla som aldri før. Jungelen av boligmagasin syner vakre heimar på glansa papir, og på internett dukkar det stadig opp nye interiørbloggar. Inspirasjonsbrønnen verkar uuttømeleg, og grensene viskar ut kvarandre – men kva vert eigentleg den raude tråden for interiøråret 2013?

Tekst og foto: Silje Huglen Tillung

18


“Aldri før har så mange brukt gamle ting på nye måtar og vore kreative i metodane for å gi ting nytt liv.”

Grete Brunæs, interiørkonsulent

19


interiørTrendar 2013

“Interiør skal vera gøy” - seier Grete Brunæs, med lang fartstid innan interiør- og klesbransjen.

20

Greige det nye kvitt? - Motane innan klede og interiør heng mykje meir saman no enn tidlegare. Me ser at fargane går igjen, det er som ein buktande slange, seier Grete Brunæs og lagar mjuke rørsler med armane. Ho er eigar og dagleg leiar for Fargerike Genie i Borggata på Stord og jobbar som interiørkonsulent ved sida av. I bagasjen har ho også lang fartstid innan klesbransjen, og på fargepaletten det komande kalenderåret spår ho vidareføring av aprikosfargen og den djupe raudtonane, som burgunder, me har sett i haust – berre i litt lysare variantar.

Ein vind av aprikos, burgunder og greige kjem til å ta oss med storm i 2013, og røystene frå internett vil fortsetja å tilbe naturen... - Kvitt kan vera så mykje, forklarar ho.

Også kvitt og sota svart trur ho vil få ein ny vår. Likevel, skal ein tru ekspertane, har kvitt dette året fått ein utfordrar. ”Det nye kvitt” vert kalla for greige og er ei blanding av grå og beige. Brunæs held opp fargeprøvar som lenge har dominert i moteverda og no vert adoptert til interiøret.

Fargenyansane i 2013 vil også gli over i ei meir fargesterk skala. Knallfargar som raud, blå, gul og grøn tek me med oss vidare, men Brunæs trur ikkje desse fargane høver for alle.

- Grått kan verta ein veldig kald farge og grensar nesten til blå. For å få fram varme gråtonar må fargen ”blandast” med beige, og vert då til det du kallar greige. Den har dessutan undertonar av oker. Sjølv om kvitt no har fått ein sterk konkurrent, trur Brunæs at kvitt framleis kjem til å vera den dominerande basis­ fargen. Me vil ha det lyst.

Tilbake til røtene

- Då vel dei nok heller enkelte interiørelement i sterke fargar.

At folk er blitt meir bevisste på gjenbruk pregar også interiør­ trendane. Aldri før har så mange brukt gamle ting på nye måtar og vore kreative i metodane for å gi ting nytt liv. Eit møbel eller ein lysestake kan få eit heilt nytt utsjåande sett i ein annan kontekst, påpeikar Brunæs.


Utsmykking - Ny-opphenging (Off. og privat)

M idt i Leir vik , Osen 4, Stord Tlf 9601 1567 / 9300 1879

JULEUTSTILLING

Galleributikk - Bilde - Skulptur - Kunsthåndverk

BURSDAG & KOMMERS nr. 14

Separatutstillingar

Ta turen til Stord for ein koseleg julehandel! - Folk vil gjerne laga bord av rekved og gamle golvbord. Det er viktig at ting skal ha ei historie, og eg har inntrykk av at folk brukar ting på ein anna måte enn dei gjorde tidlegare. Ho trur folk i større grad er opptekne av at det me omgir oss med skal fortelja ei historie. Det naturlege uttrykket kor ein tek naturen med inn, vil framleis vera populært når me skriv 2013. Dyreprint er framleis aktuelt på klede, men Brunæs trur folk vil gå meir vekk frå denne trenden. Også røffe interiørinnslag i betong, tre og lær vil fortsetja å skapa røffe uttrykk i stilreine heimar.

Me komponerer smakfulle julegåver Godt utval i mat og kaffi • Alt du treng av julepynt Her finn du og juleantrekket til store og små Happylights

Mug tail

Retromønstera frå 60- og 70-talet vil me framleis halda til brystet – noko som gjerne kjem til uttrykk på veggtapet. Ergo vert det berre fantasien som set grenser for korleis ein vil innreia heimen, og det einaste Brunæs kan utelukka i trendbiletet, er denne stilen: - Shabby chic har utspela si rolle og er fullstendig ute.

Telefon 53 49 57 00 • Osen 3 - Stord


interiørTrendar 2013

“...grensene for kva som er ”lov” er nærast utviska.” Bryt med matche-effekten Noko som gleder interiørkonsulenten er at folk i større grad vågar å kjøpa ulike ting. - Kanskje kjøper dei denne lampen her, og vel deretter ein heilt ulik ein til å ha saman med den første. Lampane treng ikkje vera like, og det er så moro at folk vågar å kombinera ulike ting! Det gjer det heile så mykje meir spanande! Brunæs meiner at ein eigentleg ikkje bør matche i det heile, men heller våga å mismatche. På denne måten kjem elementa meir til sin rett, understrekar ho. Tapet er ei trend som Brunæs spår vil ta seg enno meir opp i 2013. Framleis vil ein behalda effekten der ein har tapetsert ein kontrastvegg i eit elles lyst interiør, men nytt av året er derimot å dekorera ein anna vegg med berre eit par striper frå den same tapeten. Slik vert mønsteret teke opp som ein raud tråd, og det vert ein spanande og mjuk heilskap i rommet. Spesielt i store rom vil ein slik veggdekor gi ein positiv effekt.

Oppsummering trendåret 2013 Naturmaterialar | Gjenbruk Ting skal fortelja historier / Tilbake til røtene Røffe element: betong og lær Retromønster | Tapet Greige | Kvitnyansar Lysare aprikosfargar | Lysare raudtonar Knallfargar | Kontrastveggar

Utviska trendgrenser Fortvil ikkje dersom du kjenner deg forvirra når me no står på trappene føre ein ny interiørsesong. Ein vind av aprikos, burgunder og greige kjem til å ta oss med storm i 2013, og røystene frå internett vil fortsetja å tilbe naturen, det reine, enkle og røffe uttrykket. Alt handlar om å finna sitt personlege uttrykk, og grensene for kva som er ”lov” er nærast utviska. Eit tips Brunæs meiner kan vera lurt å ta med seg, er å tenka over kva for eit rom som skal innreiast. Eit kontor bør ha ei heilt anna atmosfære enn eit soverom, så dersom du sprikar og trekkjer til den knallfarga trenden samstundes som du har ein hang for greige i kombinasjon med det naturlege – kvifor ikkje innreia eit hus som speglar begge deler? - Interiør skal vera gøy, avsluttar Brunæs med eit smil.

Mørk greige FR1133 Mandarin FR1148

Røkelse FR1128 Smaragdgrønn FR1151

Rolf-lysestakar frå Freemover. Puter frå by nord.

22

Lys greige FR1125 Gravenstein FR1092

Blek anemone FR1116 Mandarin FR1148


Kværner Stord

Ny opptur for

hjørnesteinen Den største industriverksemda på Stord og i Sunnhordland fyller ordrebøkene igjen. Kværner Stord har no ordrereserve på over 18 milliardar kroner.

- Dette er ein stor dag for oss. Edvard Grieg-utbygginga er det første store prosjektet til Lundin Norway. At me saman med Kværner no er komne skikkeleg i gang med prosjekt­ eringa, for­tener ei mar­kering, synest prosjekt­­direktør Anders Henriksson i Lundin Norway. Det er føremiddag torsdag 11. oktober, og Henriksson og kollega Bjørn Johnsen er på Stord for å sjå Lundin-flagget gå til topps i flagg­ stanga utanfor hovud­ porten til Kværner. Heising av flagga til store kundar har lange tradisjonar i hjørne­ steins­ bedrifta på Stord. Og etter at Lundin i mai gav Kværner opp­­draget med engineering, inn­ kjøp og fabri­ kasjon av dekket til Edvard Griegplattforma, verdt 8 milliardar kroner, fortener selskapet definitivt nemninga storkunde.

Eldfisk starta oppturen - Me har byrja engineerings- og innkjøpsarbeidet til Edvard Grieg på kontora i Oslo, men me må over i 2013 før prosjektet byrjar å visa igjen på Stord. Det betyr ikkje at det er stille i hallane våre denne hausten. Her jobbar me no med fabrikasjonen av dekket til Eldfisk 2/7 S-plattforma, som skal leverast eitt år før Edvard Grieg, smiler kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Kværner. Smila har han grunn til, for atter ein gong rår optimismen i hjørne­ steinsbedrifta med 1500 tilsette. Dei tre stor­kontraktane Eldfisk, Edvard Grieg og Nyhamna (sjå eigne fakta­ boksar) sikrar høg aktivitet og god sysselsetting i den tradisjons­ r ike bedrifta dei komande åra. Eldfisk skal leverast i 2014, Edvard Grieg i 2015, og oppgraderinga av Ormen Lange-

anlegget i Nyhamna på Aukra gjev jobb i heile seks år, med opsjon på ytterlegare fire år. - Eldfiskkontrakten markerte i fjor starten på oppturen, og så losna det skikkeleg med tildelinga av Edvard Grieg og Ormen Lange i vår. Kværner på Stord har no ein ordre­ reserve på 18-19 milliardar kroner, og ein horisont på prosjekta våre som er lengre enn me har hatt på mange år, konstaterer Naustdal.

Hans Bruntveit, økonomidirektør i Kværner Stord (f.v), prosjektdirektørane Bjørn Johnsen og Anders Henriksson i Lundin Norway, og Jarle Henriksrud, prosjektdirektør i Kværner Stord, var med på flaggheisinga for Edvard Grieg-oppdraget.

For to år sidan såg det langt dystrare ut. - Etter at me leverte Gjøa i 2010 gjekk me inn i ein tung periode med lite arbeid og permitteringar. Men folk med litt fartstid i bedrifta veit at aktiviteten kan svinga veldig, og har hatt trua på at situasjonen vil endra seg til det betre. I fjor vår fekk dei rett, seier Naustdal.

23


Kværner Stord

Odd Naustdal, kommunikasjonssjef i Kværner Stord

“...Kværner-miljøet på Stord har fått ein mykje meir sentral posisjon i konsernet enn me hadde før.” Ny kran for ei ny tid Han meiner dei store, nye oppdraga både har betra sjølvbildet og viljen til å tenkja langsiktig. - Konsernet satsar på Stord og har langsiktige planar med bedrifta, noko me til dømes ser i gigantinvesteringar i anlegget. Den nye Goliatkranen, som i 2013 erstattar den gamle blå kranen som har vore eit landemerke i over 40 år, blir eit svært så synleg symbol på denne satsinga. I tillegg investerer me også i nye transportvogner til frakt av store seksjonar og modular, samt at me gjer masse større og mindre grep for å rusta opp anlegget her på Stord, fortel Naustdal. Nye og betre verfts­ fasilitetar er sjølvsagt vel og bra, men kommu­ nikasjons­sjefen meiner den viktigaste effekten av oppturen likevel handlar om menneske.

24

- Det kjekkaste er at me rekrutterer igjen. I åra som kjem vil me ha behov folk over heile fjøla. Me treng fleire dyktige ingeniørar, fleire kvalifiserte fag­arbeidarar innan dei fleste fag­d isiplinar, samt personell til støtte­ funksjonar som økonomi, HMS og kvalitets­ sikring, opplyser kommunikasjonssjefen.

Store ringverknader i Sunnhordland For Stord-samfunnet og resten av sunnhordlandsregionen betyr det mykje at Kværner går godt. I eit middels år gjer hjørnesteinsbedrifta innkjøp for ein stad mellom fire og seks milliardar kroner, og ein veldig stor del av desse varene og tenestene blir handla hos leverandørar i Sunnhordland og Hordaland. Mellom anna skal Apply Leirvik innreia bustad­modulen til Eldfisk-plattforma,

og same selskap skal også byggja bustad­ kvarteret til Edvard Griegplattforma.

oss. Me har gjort mange grep for å ytterlegare styrka konkurranseevna vår, forklarer kommunikasjonssjefen.

- Det er vanskeleg talfesta dei øko­ nomiske ringverknadene som aktivi­ tetane våre gir i Sunnhordland, men eitt konkret døme er at i 2011 handla me varer og tenester for ein stad mellom 600 til 800 millionar kroner hos verk­ semder som er registrert i Stord. I tillegg må me hugsa på alle kronene som blir lagde att i handelsog service­ næringa. Me merkjer at folk i regionen, og særleg på Stord, er opptekne av korleis det går på Kværner. For tida opplever eg at optimismen rår også utanfor verfts­ portane våre, seier Naustdal.

Investeringsvilje og nye funn lovar godt for framtida

- Kva er årsakene til det veldige oppsvinget? - Svaret ligg nok i ein kombinasjon av at marknaden har vore god, og at me har vore dyktige i tevlinga om kontraktane. Det siste halvanna året har det blitt gjort mange investerings­ vedtak på store utbyggings­ prosjekt. Samtidig har den tøffe perioden me har lagt bak oss, der me tapte viktige prosjekt, ført til at me har skjerpa

I 2011 skifta hjørnesteinsbedrifta også namn. Vekke er det tradisjonsrike Aker-namnet, og no er det Kværnerlogoen som prydar Stordhallen. Naustdal poengterer at endringa handla om meir enn berre namnet. - Namnebytet kom som følgje av ei omstrukturering i Aker Solutions, der konsernet vart splitta i tre. Selskapa som driv med dei store utbyggings­ prosjekta vart del av Kværner. For Kværner Stord betydde denne end­ ringa at me ikkje lenger berre er ei bedrift i eit stort konsern. Me er no blitt eit eige forretnings­ område – Kværner North Sea – med ansvar for gjennom­­ føring og resultat for store prosjekt i og rundt Nordsjø­bassenget. Kor vidt denne endringa har spela inn på dei siste kontraktane me har vunne, er vanskeleg å seia. Men det som er sikkert, er at Kværner-miljøet på Stord har fått ein mykje meir sentral posisjon i konsernet enn me


Kværner Stord

Fakta Eldfisk 2/7 S: Til Eldfisk 2/7 S-plattforma har Kværner fått jobben med engineering, innkjøp og fabrikasjon av det 15.000 tonn plattformdekket, som består av ein kombinert bustad- og utstyrsmodul og ein kombinert brønnhovud- og prosessmodul. I tillegg skal det byggjast to bruer, brustøtte og eit flammetårn. Kontrakten har ein verdi på 5,5 milliardar kroner. ConocoPhillips er oppdragsgjevar. Plattformdekket skal overleverast i første del av 2014. Fabrikasjonen av dekk, bruer, brustøtte og flammetårn er godt i gang, både hos Kværner og underleverandørane, og på Stord vil bemannings­toppen koma sommaren 2013. Då vil rundt 1500 personar jobba på Eldfiskleveransen. Eldfisk er eitt av dei to største felta i Stor-Ekofiskområdet, og har vore i produksjon sidan 1979. Feltet ligg i den sørlege delen av Nordsjøen, om lag 300 km frå kysten.

Fakta: Edvard Grieg: For Lundin Norway skal Kværner byggja dekket til Edvard Grieg-plattforma. Det 21.000 tonn tunge dekket består av ein hovud­modul, ein kombinert bustad- og utstyrsmodul, ein prosess­modul og flammetårn. Kontrakten har ein verdi på vel åtte milliardar kroner, og er ein av dei største kontraktane Kværner Stord har signert nokon gong. Kværner har også fått ein tilleggs­kontrakt på opp­kopling og assistanse ved ferdig­gjering på feltet ute i Nordsjøen, verdt 525 millionar kroner.

Til neste år vil ein flunkande ny kjempekrane ruva over området til Kværner Stord, som eit synleg bevis på det løftet hjørnesteinsbedrifta har fått gjennom å vinna viktige gigantkontraktar. hadde før. Me sysselset i dag rundt halvparten av alle Kværner-tilsette, og direktør Lars Eide sit i konsernleiinga, konstaterer Naustdal. - Med plenty å gjera dei komande åra, korleis er så utsiktene i eit lengre perspektiv? - Det som ofte gir en indikasjon på framtidig aktivitet, er invest­ erings­ viljen på sokkelen, funnratene, og kva type funn som blir gjort. No har det vore nokre år med rekord­ investeringar i Nord­sjøen, men det er venta at denne rekorden vil bli slått både to og tre gonger i åra som kjem. Det er også gjort fleire spenn­ande funn i seinare tid, både i Nord­sjøen og i Barents­ havet. Dette lovar godt for vår del, for er det noko me kan i Kværner så er det å byggja konstruk­ sjonar for store havdjup og krevjande

Edvard Grieg-plattforma skal leverast i 2015. Engineering- og innkjøps­arbeidet er godt i gang, medan sjølve fabrikasjons­jobben startar i 2013. På det meste vil 1.650 personar vera involvert i prosjektet. Kværner har gjeve nabo­verksemda Apply Leirvik oppdraget med å byggja bustad­modulen til Edvard Grieg.

Fakta: Ormen Lange

forhold. Samtidig må me ha i mente at opp­d raga ikkje kjem gratis. Me vil framleis oppleva knallhard konkur­ ranse frå utan­landske verk­­semder, ikkje minst i Korea. I den konkur­­ ransen er vårt konkur­ ranse­ fortrinn å levera avtalt kvalitet til avtalt tid. Det har me gjort til no, og det må me halda fram med, seier den opti­ mistiske kommunikasjons­sjefen.

Kværner skal utføra engineering, innkjøp, fabrikasjon og prosjektleiing på utvidinga og oppgraderinga av gass­ terminalen Ormen Lange i Nyhamna på Aukra utanfor Molde. Oppdraget går over seks år, med opsjonar på ytter­legare to pluss to år. Estimert kontraktsverdi er seks milliardar kroner, før opsjonar. Norske Shell er oppdrags­gjevar. Rundt 500 operatørar vil gå i rotasjon på Aukra når arbeidet på anlegget kjem i gang i 2013, dei fleste frå Kværner. I tillegg skal 200 ingeniørar inn i prosjektet, med base på Stord, i Oslo og Tromsø. Kværner hadde hovudkontrakten på bygginga av Ormen Lange, og hadde rundt eit halvt tusen mann i jobbrotasjon på Aukra fram til anlegget blei opna i oktober 2007. Ormen Lange-feltet leverer gass i røyr via Langeled-leidningen til Easington i England.

Tekst: Iver Bunes

Foto: Kværner


Smånytt frå Regionen

Young Corporation Award 2012 til Eidesvik Offshore ASA Utmerkinga er oppretta for å anner­ kjenne verksemder som satsar på unge talent. Eidesvik Offshore vann prisen i konkurranse med bl.a Grieg Shipping Group, Wilh. Wilhelmsen ASA, Det Norske Veritas, Norwegian Hull Club, Skuld og Subsea 7. I grunngjevinga frå juryen legg ein vekt på at Eidesvik har policy på at 10 prosent av alle stillingar skal vere opplærings­ stillingar, samt at

verksemda har klare mål for utvikling av dei unge og stipend­ordningar for studentar. I tillegg tilbyr Eidesvik eit eige leiar­utviklings­program, Eidesvik Young Leaders. Personal­d irektør i Eidesvik ASA, Erling Lodden, er glad for anerkjenninga rederiet får for mange års satsing på å gi unge betre vilkår for maritim utdanning og yrkeskarriere.

Rikke Lind frå Redningsselskapet overekker prisen. Ann-Helen Langaker i YoungShip Haugesund tek imot prisen på vegne av Eidesvik. Foto: Torkel Ugland, YoungShip

I Kunnskapshuset er det i dag 9 ulike bedrifter, og ca 60 personar har sin arbeidsplass her. Ved årsskiftet 2013/2014 vert byggjetrinn 2 ferdigstilt og ca 18-20 bedrifter vil ha Kunnskapshuset som si kontoradresse. Omlag 120-130 medarbeidarar vil ha sitt daglege virke i huset.

Me tilbyr: Eit miljøvennleg bygg med moderne kontorlokaler Felles møterom med det meste av tekniske hjelpemiddel Betent kantine Trimrom Stort antal gratis parkeringsplassar

Me har framleis noko ledig kontorareal! Ønsker du å vite meir? Ring Hans Oskar Vikse tlf 911 42185, for ein prat!

Illustrasjon: jk nielsen

No startar KUNNSKAPSHUSET byggjesteg 2


Smånytt frå Regionen

Sunnhordlands første vindmøller i drift på Fitjar Dei første av i alt 44 vindmøller i Midtfjellet Vindpark i Fitjar kommune er oppe og går. I løpet av 2012 skal 21 vindmøller byggjast og til neste år kjem dei restrerande 23 på plass. Når heile anlegget er ferdig vil vindparken produsera straum for rundt 17500 husstander.

Foto: Stein Erik Gilje, Midtfjellet Vindpark A/S

Kraftkontraktar på plass for Søral Sør-Noreg Aluminium har sikra kraftkontraktar for langsiktig, årleg tilførsel av straum i 8 år framover. Dette er ei viktig avklaring for hjørnesteins­verksemda på Husnes, som i lengre tid har vore truga av nedlegging. Aluminiumsmarknaden generelt er framleis laber og ved Søral vil ein halda fram med dagens produksjonsnivå og 250 tilsette, mot om lag 340 tilsette ved full produksjon. – Med fornya kraftinndekking har me no mogelegheit for auka produksjon om marknadssituasjonen betrar seg på sikt, seier admini­strerande direktør Per Øyvind Sævartveit i pressemeldinga frå verksemda.


Annonse samarbeidsrådet

Kom attende til Sunnhordland:

- Har ikkje angra eitt sekund Etter mange år i hovudstaden flytta Silvia Tofte heim til Halsnøy og blei næringssjef i Kvinnherad. - Å koma attende til Sunnhordland, der eg fekk ein spennande jobb og ei fritid rik på flotte opplevingar, har svart til forventningane og meir til, smiler Silvia.

«Skal eg ta steget og dra attende til Sunnhordland?». Etter 17 år med studiar og jobb i Stavanger, Bergen, England, Singapore, Danmark og Oslo, hadde siviløkonom Silvia Tofte smakt på spørsmålet i lengre tid. Men etter som åra gjekk, blei ei avgjerd berre flytta fram i tid. Heilt til ho i 2009 deltok på ei Kom heim til Kvinnherad-samling i hovudstaden, der ho vart oppfordra til å søkja stillinga som næringssjef i Kvinnherad Næringsservice. Då jobben var hennar, tok ho og sambuaren med seg flyttelasset og busette seg på Halsnøy. - Tre ting var viktige då me vurderte å flytta frå Oslo til Halsnøy: Det å koma nærare familien, muligheiten for ein spennande jobb, og nærleiken til natur og dyr, minnest Silvia.

interessante og utfordrande jobbar, der du kan få vel så store moglegheiter til å utvikla deg som i ein storby. Det er også langt fleire bedrifter i Sunnhordland, både store og små, som jobbar internasjonalt og mot ein global marknad enn det eg var klar over før eg flytta heim. Det skjer til dømes svært spennande ting lokalt innan miljøteknologi og den maritime sektoren, og i Sunnhordland opplever me for tida ei enorm oppblomstring i etterspurnaden etter ingeniørar, seier 36-åringen.

Viktig med gode nettverk Ho er samstundes tydeleg på at det er viktig å vera realistisk når ein vurderer å flytta attende til Sunnhordland.

Fekk aha-oppleving

- På same vis som i byen, gjeld det å skaffa seg nettverk. Både privat og i jobbsamanheng, poengterer Silvia.

Ho vedgår at det var ei stor omvelting å skulla bryta opp frå storbylivet. Men etter tre år som heimkomen sunnhordlending har ho ikkje angra eitt sekund på at ho vende nasen heim.

Ho meiner vidare at ny kommunikasjonsteknologi kan vera til stor hjelp i ein ny kvardag.

- Å koma attende til Kvinnherad, til ein spennande jobb og ei fritid der eg kan dyrka interessa mi for hest og riding, har svart til forventningane og meir til, smiler den blide næringssjefen. Ho meiner dei som har busett seg i ein storby har lett for å tenkja at det meste skjer i byane. Det er vanskeleg å sjå for seg kva som finst av næringsliv og kompetanse i Sunnhordland. Sjølv fekk ho ei aha-oppleving. - Sunnhordlandsregionen har eit meir variert og spennande næringsliv enn eg var klar over. Både i det private og det offentlege finst det mange

28

- Teknologien gjer at me i aukande grad får ein stadsuavhengig arbeidsmarknad, der me godt kan sitja i Kvinnherad og løysa fellesprosjekt saman med folk andre stader i Noreg, eller på andre sida av kloden for den saks skuld. På same vis gjer sosiale medium det lettare å halda på nettverk ein har flytta frå. Ein skal også hugsa på at det ikkje tek lange tida å koma seg fysisk ut i verda frå Sunnhordland; det gjer godt å reisa til Oslo i blant for å jobba og lufta seg litt, fortel Silvia som lurer på kva tid nokon skal starta ein skikkeleg kaffibar.


Skal auka kjennskapen til Sunnhordland - Silvia er eit døme på historier me gjerne vil ha fleire av, seier dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Gro Jensen Gjerde.

land. Oversikta er kopla opp mot registeret til NAV, og viser jobbar i både privat næringsliv og offentleg sektor. Jobboversikta er enno i startgropa, men tilbodet vil bli både utvikla og utvida i tida som kjem.

Samarbeidsrådet er ein aktiv pådrivar for å rekruttera nye innbyggjarar til sunnhordlandskommunane og nye medarbeiderarar til bedriftene i regionen. Gjennom eit eige omdømeprosjekt er målet å auka kjennskapen til dei mange gode kvalitetane Sunnhordland har å tilby. Her finst eit mylder av varierte og spennande arbeidsplassar i privat og offentleg sektor, storslegen natur, blømande kulturliv, gode bu- og oppvekstvilkår, og ikkje minst eit mangfald av fritidsaktivitetar å velja i.

- På buisunnhordland.no vil du og kunna registrera CV’en din slik at bedriftene kan finna fram til deg. Me er også i ferd med å fullføra ei meir omfattande liste over bedriftene i Sunnhordland, med kort informasjon om kva kompetanse dei har i dag og kva kompetansebehov dei vil ha i framtida. Lista vil bli publisert på nettportalen vår, slik at du kan vera ein proaktiv arbeidssøkjar og ta kontakt med bedriftene sjølv om dei gjerne ikkje har utlyste stillingar akkurat då, opplyser Jensen Gjerde.

- Etter å ha gjennomført ei omdømeundersøking blant 1000 personar landet rundt, såg me at regionen vår ikkje er så kjend som me kanskje hadde håpa og trudd. Undersøkinga viser at Sunnhordland er ein tildels skjult skatt, men det skal me endra på, fortel Jensen Gjerde.

Ny nettportal viser mangfaldet Med både næringsliv og offentleg sektor med på laget har Samarbeidsrådet meisla ut ein kommunikasjonsstrategi og fleire konkrete tiltak for å heva omdømet og kjennskapen til regionen. Eitt viktig verkemiddel er å arrangera treff for utflytta sunnhordlendingar i større norske byar. Årets samlingar på Stord og i Bergen har alle resultert i godt oppmøte og konkrete resultat.

Foto: Bodil Haga

Nettportalen www.buisunnhordland.no er eitt anna sentralt verktøy i omdømebygginga. - På buisunnhordland.no kan du finna mengder av nyttig informasjon om alt frå arbeidsliv og ledige jobbar, til fritidsaktivitetar, oppvekstvilkår og kultur- og utdanningstilbod. Med mottoet «Ja takk, begge delar» viser me at du i Sunnhordland til dømes kan kombinera spennande jobb med friske fritidssyslar, oppleva fagleg utfalding samtidig som du bur godt, og at du kan ha ein internasjonal jobbarena samstundes som du gjev borna gode oppvekstvilkår, seier Jensen Gjerde.

- Innbyggjarane er dei beste ambassadørane For å heva omdømet til Sunnhordland er det viktig å fremja kjennskapen til regionen blant folk som ikkje har tilknyting her frå før. Men Jensen Gjerde framhevar at det er minst like viktig å nå ut til sine eigne. - Skal me lukkast i å få fleire til å flytta hit, må me greia å heva omdømet, kjennskapen og stoltheita blant sunnhordlendingane som allereie bur og jobbar her. Ingen er betre omdømebyggjarar enn innbyggjarane sjølve. Sunnhordlendingen er av natur ganske smålåten av seg. Me jobbar på med vårt, og fortel ikkje omverda om alt det positive me får til. Håpet er at me gjennom omdømeprosjektet kan skapa ei haldningsendring der stadig fleire av oss viser stoltheit over regionen og nyttar dei sjansar som byr seg til å vera gode ambassadørar for alt det flotte som skjer i Sunnhordland, seier Gjerde. Nyttårsønskjet hennar for 2013 er derfor at innbyggjarane i endå større grad framsnakkar regionen sin. Til utflytta sunnhordlendingar som vurderer ein retur, har ho følgjande oppfordring: - Kom heim når du er klar!

På nettportalen finn du ei oversikt over ledige utlyste stillingar i Sunnhord-

29


Haaheim gaard

Ei totaloppleving av

av dei sjeldne Det er nærast som å rusla inn i eit Asbjørnsen & Moe-eventyr. Bonderomanse, saueskinnsfellar og kvit nostalgi. Og utanfor døra står Torstein Hatlevik og bles i luren sin så det hjallar i fjella kringom.

Lat oss stoppa litt, spola 12 år tilbake. Stiane på Haaheim Gaard var i ferd med å gro att då Torstein Hatlevik og Svein Henning Dyrhaug ein dag nærast snubla over staden. Dei fall pladask for den herskapelege eigedomen, og byrja oppussinga. Garden fekk sin renessanse ved hjelp av engasjementet deira – og for tre år sidan kunne dei endeleg opna dørene og invitera gjestane inn i varmen. I byrjinga hadde dei plass til 24 gjester, men det gjekk ikkje lang tid før dei skjøna at dei burde utvida tilbodet. I 2011 bygde dei ut og utvida til 115 gjester. Dessutan vart hageanlegget utvida og eit overnattingstilbod med fire rom etablert.

Maten i høgsetet Garden er tufta på eit restaurantkonsept, og matfilosofien til Dyrhaug og Hatlevik er at all mat som vert servert, skal vera kortreist. Dei lagar mat etter slow-food-prinsippet og hentar ferske råvarer hos lokale produsentar på Tysnes og nærområda. - Me lagar mat for sjela, fortel Dyrhaug. Eit krav dei har, er at produsentane har den same lidenskapen for mat som dei sjølve. Menyane komponerer dei oftast saman med gjestene, eit spekter som famnar frå tre til ni rettar. All mat vert laga frå botn av, frå sausar og dessertar til kaffimat og lefser. Det er ingen tvil om at Haaheim Gaard har opparbeidd seg eit godt renommé for den kortreiste maten sin, og er også i gang med å få konsesjon til å kjøpa fisk rett over ripa på fiskebåtane.

Vann Bygdeutviklingsprisen Den vesle perla vann i 2011 Bygdeutviklingsprisen for innovativ og nyskapande næringsverksemd knytt til bygdas eller landbrukets ressursar. Marknadsføringsdelen av tildelinga har hatt mykje å seia, og i løpet av 2012 reknar Tekst: Silje Huglen Tillung. Foto Haaheim Gaard

30

dei med å runda 15 000 besøkjande – eit svimlande og imponerande tal. Berre i høgsesongen har garden hatt mellom 600 og 700 besøkjande kvar veke. Suksessoppskrifta trur Hatlevik og Dyrhaug ligg i atmosfæren: - Folk kjenner at dei kjem heim til Haaheim. Dei kjenner seg velkomne, ei kjensle av varme og ivaretaking kjem imot dei.

Visjonar Haaheim Gaard vil med tida fortsetja å ekspandera tilbodet sitt. Til sommaren opnar dei hagekafé, og i vår opna dei gardsbutikk som bognar av kortreiste, gode, matprodukt. I haust reiste dei også på ”studietur” til Småland i Sverige for å læra meir og sjå korleis andre bedrifter brukar slowfood-prinsippet når det kjem til matlaging. Hatlevik og Dyrhaug legg vekt på at eit besøk på Haaheim er ei vitjing der totalopplevinga står i sentrum: sansehagar og urtehagar senkar pulsen til stressa byfolk, og innimellom arrangerer dei kulturkveldar med innslag av opera, jazz, poesi og litteratur. - Dette er staden for dei gode samtalane, avsluttar dei.


“- Folk kjenner at dei kjem heim til Haaheim. Dei kjenner seg velkomne, ei kjensle av varme og ivaretaking kjem imot dei.�

31


Haaheim gaard

Trerettar frå Haaheim Gaard - Imponerande nyting Alle oppskrifter: 4 porsjonar

Lukta av nellikspiker, smaken av steikt and med eit godt glas raudvin. Det nærmar seg jul og nyttår, og snart går me inn i ei høgtid der mykje god mat står i fokus. Med dette i bakhovudet utfordra me Haaheim Gaard til å laga ein trerettars meny til festhøgtida der stikkorda var ei enkel og imponerande nyting. Det smakfulle resultatet er presentert under, og me håpar det er mange som vil setja pris på litt ekstra inspirasjon og god smak til jule- og nyttårsfestane.

Forrett

Hummarbisque Ingrediensar: - To små hummarar (før-kokt hummar kan nyttast) - ”Dei fire store”: lauk, purrelauk, sellerirot og gulrot - 3 ss tomatpuré - 0,5 dl cognac - 3 dl kvitvin - 5 dl fløyte - 3 dl crème fraîche - Saft av ei sitron - 100 g smør Slik gjer du: Kok hummaren med ryggen ned i godt salta vatn i ca. 5 minutt. Dette kjem litt an på stor­ leiken. Reins deretter hummaren for alt kjøtet, og del halekjøtet i delikate bitar. Køyr alt hummar­ skalet i ein miksar til det er godt knust. Smelt smøret i ei panne og fres skalet saman med tomat­ puré, sellerirot, gulrot, lauk og purre­lauk. Tilset litt Cognac og brenn av (flamber) massen. Tilset deretter vatn og trekk krafta i 40-50 minutt. Skum av undervegs. Sil krafta, gjerne i sileklede. Fres finhakka lauk blank (ikkje brun). Tilset kvitvin og reduser til 1/3. Tilset krafta og reduser til om lag halvparten. Deretter tilset du fløyte og crème fraîche og let det putra i rundt ein time. Smak til med salt, pepar og litt sitron. Om suppa vert for tynn, kan du jamna med litt lys maizena­jamning. Server suppa i djupe tallerknar saman med smørsteikt hummarkjøt og godt brød. Anbefalt vin til maten: Chablis Pierre de Prehy Frankrike 159,-

32

Hovudrett

Andebryst

Serverast med glaserte røter, smør­ steikte bitar, krydra sjy og mandel­ potet-sellerirot­puré Ingrediensar til andebryst - Andebryst - 2 dl raudvin - Salt og pepar Slik gjer du: Snitt dei romtempererte ande­brysta i feittsida med ein kvass kniv. Snitt gjerne i rute­ mønster, slik som ein gjer med juleribba. Tørk ande­ brysta godt og fjern gjerne den vesle fileten på undersida. Legg andebrysta i ei glovarm panne med feittsida ned i ca. 2-3 minutt, til feittet er sprøtt og godt, men ikkje brent. Brun kjøttsida. Krydra med salt og pepar. Kok ut panna med 2 dl raudvin. Legg andebrysta i ei eldfast form og set i steikeomnen på 150ºC, til andebrysta når rundt 64ºC. Ta dei ut og la dei kvila på ein lun stad i ca. 10 minutt. Tips! Bruk gardsand frå Stange, då dei franske brysta ein finn i frysedisken har ein tendens til å vera veldig feite og ha mykje mindre smak. Norsk er best!


Haaheim gaard

Fest og god stemning på Haaheim Gaard

Litt av utvalet frå vilkjellaren på Haaheim Gaard

Andebryst med mandelpotet og sellerirotpuré

Dessert:

Panna cotta Ingrediensar til Mandelpotetsellerirotpuré: - 300 g poteter - 100 g sellerirot - 75 g smør - 1,5 dl fløyte - Salt og pepar Slik gjer du: Skrell og damp potetene og sellerirota til dei er gode og møyre (utan salt). Køyr i miksar med visp til ein glatt og luftig masse. Pisk deretter inn smøret og fløyten, og tilset salt og pepar dei siste sekunda av piskinga. Tips! Tilset du salt og smør for tidleg i piskinga vil ein enda opp med ein seig masse som verken ser god ut eller smakar godt.

Ingrediensar til Krydra andesjy - Andesjy - 3 dl raudvin - 2 ss brunt sukker - Saft av ei sitron - Balsamico - Five Spice-krydder (kan kjøpast i dei fleste innvandrarforretningar) Slik gjer du: Reduser raudvinen til ca. ein tredjedel. Tilset ande­sjyen og reduser ytter­­ligare. Smak til med brunt sukker, sitron, balsa­ mico og ørlite grann Five Spice-krydder, som gir ein jule-aktig smak. Tips! Server gjerne med glaserte gulrøter, smør­ steikte bitar, asparges­ bønner og porto­ bello-sopp. Porto­ bello-soppen kan med fordel rutast slik som ande­brystet før steiking, og ein kan gjerne tilsetja litt soya­­­saus for smaken si skuld.

Tips! Five Spice-krydder kan du også laga din eigen versjon av. Ingrediensar: 2-3 stjerneanis 1 ts Szechuanpepar 5 cm kanelstong 0,25 ts fenikkelfrø 0,25 ts malt ingefær 2 nellikspikar Slik gjer du: Kvern alle ingredi­ ens­ ane i ei krydderkvern, ein hurtig­­miksar eller ein morter. (Lise Finckenhagen, Frokost-TV) Anbefalt vin til maten: Girardin Bourgogne Rouge Terroir Noble Frankrike 160,-

Ingrediensar: - 4 gelatinplater - 2 vaniljestenger - 7,5 dl kremfløyte - 2,5 dl sukker - 1 stjerneanis Slik gjer du: Reins vaniljestengene og kok dei opp med sukker, fløyte og stjerneanis. Legg gelatinen i vatn og klem ut alt restvatnet før du tilset fløyten. Hell over i porsjons­former eller eigna glas og set dei kjølig i 3-4 timar. Server gjerne med ein frisk bærsaus og gode bær. Kanskje du har noko i frysaren frå hausten? Anbefalt vin til maten: Recioto di Soave Le Sponde Italia 159,-

Panna cotta som du får den på Haaheim Gaard

33


Satsar stort på Bømlo Illustrasjon: Jo Kjetil Nielsen

Satsar stort på Bømlo Hans Oskar Vikse myser mot haustsola. Bømlingen og næringslivstoppen som for 30 år sidan grunnla Vikse AS, lener seg over bordet og snakkar engasjert om framtidsplanane. Dei skal satsa, investera, byggja og gjera både Bømlo og Bremnes endå meir attraktive, både for sambygdingar og tilflyttarar.

Bakgrunnen for storsatsinga må me tilbake til 2007/2008 for å finna. Vikse AS og Helle AS kjøpte den gamle tomta til HSD på Bremnes og stifta selskapet Hellvik AS. Seinare kjøpte dei nabotomta og fekk dermed 20 mål regulert for handel, kontor og service. Sidan den gong har dei delregulert for å kunna byggja bustadar på tomta – og no er endeleg planane i ferd med å verta realiserte: eit nytt handelshus med leilegheiter på toppen. Byggeplanane er godkjende av kommunen, og Vikse skal no i forhandlingar med samarbeidspartnarar for bustadprosjektet, samt med ulike entreprenørar til å utføra arbeidet. Bremnes skal verta større, meir muskelkraftig og stå endå sterkare i konkurransen med dei andre handelssentruma i regionen. Vikse er optimistisk og reknar med at grunnarbeidet kjem i gong allereie til våren. Framdriftsplanen er at bygget skal stå ferdig i 2015. Det er arkitekt Jo Kjetil Nielsen som har teikna det nye bygget. Første etasje kan innehalda om lag 15 butikkar, med ei samla grunnflate på 7000 m2. I andre/tredje etasje vil 45 leilegheiter ta plass, med storleikar på mellom 60 og 120 m2. Samla vil bygget vera på rundt 12.500 m2, og har ein estimert prislapp på rundt 200 millionar kroner. Ein legg også til rette for at ein skal kunna utvida handelar-

34

“ Dette er den moderne og miljøvenlege måten å bu på...” ealet med ytterlegare 1000 m2. Hans Oskar Vikse har med andre ord stor tru på vekst i Bømlo kommune.

Optimisme på Bømlo - Bømlo har etablert seg med mange gode bedrifter, og har eit stort mangfald blant bedriftene. Det er god sysselsetjing. Ein av dei største arbeidsplassane i kommunen er servicenæringane i Bremnes sentrum, og talet vil auka ytterlegare med ny satsing. Dessutan vert det investert rundt ein milliard kroner i nye vegar på Bømlo. Dette har skapt stor optimisme, og me ser stadig at fleire unge bømlingar vel å flytta heim igjen. Å kunna bidra med vekst i sentrum og kommunen er positivt, det viser også alle undersøkingar. Dei som skal


Satsar stort på Bømlo

“Det er betre for alle partar å konkurrera internt i kommunen, enn at det er handelslekkasje til andre kommunar ...”

flytta til kommunen har krav til eit godt sentrum med god service og breidde i vareutvalet, seier han. - Me ser kor positivt kulturhuset har slått ut for sentrum og kommunen, det skapar aktivitet både dag og kveld. Og det er ein møteplass for heile kommunen, legg han til. Tal frå SSB syner at Bremnes som handelssentrum hadde ein vekst på over 9 prosent frå 2010 til 2011, noko som er det høgaste prosenttalet for heile regionen. Sentrumskjernen på Bremnes vert utvida når det nye bygget kjem på plass.

Auka handel i sentrum - Det vert ei fortetting rundt Bremnes sentrum, og me utvidar i retning Hollundsdalen og industriområdet der, fortel Vikse. Over 200 nye parkeringsplassar i sentrum følgjer også med når bygget står klart, og Vikse er ikkje i tvil om at det nye senteret vil bidra til auka handel i sentrum.

- Det vert i dag bygd mange hus og leilegheiter rundt sentrum, og det vert planlagt eit stort tal nye. Dei som skaffar seg leilegheit på toppen av det nye handelshuset vil ha alt i gå-avstand: butikkar, daglegvare, skular, barnehage og flotte turterreng. Dette er den moderne og miljøvenlege måten å bu på, seier Vikse. Han meiner det er med på å gjera Bømlo meir attraktivt og at kommunen har eit fortrinn når det gjeld handelsnæringar sidan det er mange hytteog rorbuturistar i kommunen. Desse legg naturleg nok igjen mykje pengar i sentrum og hos handverksbedriftene. At det nye senteret vil liggja såpass nære det allereie godt etablert Sams Senter, har han ingen motførestellingar mot.

Det nye handelshuset på over 12.000m2 vil gjera Bremnes sterkare i konkurranse med andre handelssentrum i regionen.

- Nei, konkurranse er sunt, og det vil føra til auka handel i kommunen og på Bremnes. Det er betre for alle partar å konkurrere internt i kommunen, enn at det er handelslekkasje til andre kommunar, slår han fast.

Tekst og foto: Silje Huglen Tillung

35


Annonse

- Eit komplett bilsenter Fylkesnes Bil tilbyr nye bilar og eit stort utval bruktbilar av ulike merke.

Sentralt på Heiane handel- og næringsområde i Stord reiser det seg eit landemerke langs E39. ”Stjerneblokka” blir seks etasjar høg, med ei stor Mercedes-stjerne på toppen. Sjølve fundamentet er eitt av dei mest komplette bilsentera i regionen. Fylkesnes Bil AS er forhandlar for merkene Mercedes-Benz, Peugeot og Mitsubishi, men har utvikla eit moderne bilanlegg som tilbyr langt meir. Her kan ein få alle typar verkstadhjelp, bilberging (Viking og NAF) og leigebil (AVIS), og no står også eit topp moderne billakkeringsanlegg klart. - Sidan me starta i 1976 har drivkrafta alltid vore å bli best på bil i Sunnhordland, seier Kjell Fylkesnes. Han er hovudeigar og drivkrafta bak Fylkesnes Bil. - Filosofien vår er enkel: Hjelpa kundane på ein løsningsorientert og flexibel måte. Kundane skal vera trygge på at me leverer kvalitet, anten det er bilar me sel eller tenester me utfører. I dette ligg også at me skal ha topp utstyr og arbeidsforhold i bilsenteret, noko som er ein nøkkelfaktor for å kunna gi kunden ein best mogleg leveranse.

Alt på ein stad – praktisk og enkelt for kunden

Nytt og moderne lakkeringsanlegg er med på å komplettera bilsenteret. Frå venstre: Terje Heggøy og Kjell Fylkesnes

36

Det moderne bilsenteret er på totalt 5200 kvadratmeter under tak, fordelt på to etasjar. I tillegg til store bilutstillingslokale, tre moderne merkeverkstader, bilbergingsmottak og bil-

utleige, har altså Fylkesnes Bil investert i heilt nytt lakkeringsanlegg. – Anlegget er topp moderne, det beste på Vestlandet, sikrar korrekt farge og utføring, i tillegg til raskare levering til kunde, forklarer Kjell Fylkesnes Han legg til at dei også opnar eiga Mekonomen-avdeling i bilsenteret, som eit tilbod til andre bilmerke enn dei Fylkesnes Bil forhandlar og til køyretøy av litt eldre årgang. – Me ser at folk får mindre tid og ofte ønskjer å ha tilgang til det meste på ein stad. Når me no har komplettert bilsenteret, meiner me at me kan gje kundane våre eit godt totaltilbod.

Saman med Bauge Auto på Haugalandet I 2011 kjøpte Fylkesnes Bil seg inn i Bauge Auto i Haugesund. Dei to bilforhandlarane har saman lang fartstid og tradisjon i Sunnhordland og på Haugalandet. - I lag med Bauge Auto vil me gjera vårt for å skapa eit endå betre totaltilbod for bilkundane. I fellesskap kan me tilby eit betre utval av bilar, og me kan utnytta ressursane våre slik at me både blir meir effektive og kan tilby gunstigare vilkår.


Heiane 31, 5412 Stord - 53 40 40 40 - www.fylkesnesbil.no

Følg dine hjerteslag.

Pulsen til en ny generasjon.

Nye A-Klasse. Pulsen til en ny generasjon. Opplev nye A-Klasse hos oss nå. Pris fra 269.900,- inkl. lev.

Forbruk blandet kjøring: 0,38-0,61 liter/mil. CO2-utslipp: 98-143 g/km.

NYHET! PEUGEOT 208 208 fra kr

173.900,-

2WD fra kr

311.900,- 418.500,-

Nye A-Klasse. Mercedes-Benz oppfant verdens første bil i 1886. 126 år etter har vi oppfunnet følelsen av bil på nytt. Med sitt helt nye design og unike teknologi stjeler nye A-Klasse showet.

Komplett sikkerhetsprogram. Standard i nye A-Klasse er for eksempel oppmerksomhetsassistenten ATTENTION ASSIST samt COLLISION PREVENTION ASSIST med adaptiv bremseassistent.

Se video, utstyr og bestill prøvekjøring her. Eller send SMS: Kodeord “208 ” til 2262 for prøvekjøring.

4WD fra kr

Ekte Mercedes tvers igjennom. Et stilikon innvendig. COMMAND Online skjerm på hele 6,7 tommer (800x480 oppløsning). Ditt vindu til et nett av muligheter. Twitter, Facebook er en selvfølge. Du reiser på første klasse fra første stund.

Nye Mitsubishi Nye A-Klasse fra kr 275.000,-. Velkommen til prøvekjøring! Pris levert XXXXXXXXXXXX. Forbruk blandet kjøring: 0,38-0,61 l/mil. CO2-utslipp: 98-143 g/km. Importør: Bertel O. Steen AS. Bildet kan avvike fra tilbudt modell.

Fylkesnes Bil, Heiane, 5406 Stord, Tlf. 53 40 40 40, Fax 53 40 40 41, www.fylkesnesbil.no for opptil 7 passasjerer. Med elektronisk styrt 4WD og avansert sikkerhetsteknologi kommer du trygt frem. Nye Outlander byr på en unik kombinasjon av plass, fremkommelighet, lavt forbruk/utslipp og høy kvalitet. Alt til priser man knapt skulle tro var mulig. Priser fra kun: 2WD bensin 150 hk 4WD bensin CVT 150 hk

// 2WD diesel 150 hk

KJØP BIL

// 4WD diesel 150 hk

OG FÅ DEN MED DEG

HEIM I DAG!

Pris er inkl. frakt og andre lev. omk. Utstyrsdetaljer kan avvike fra standard. Forbruk: 4,9-6,9 l/100 km variert kjøring. CO2-utslipp: 130-157 g/km. Med forbehold om evt. trykkfeil.

Nye Mitsubishi


Din totalleverandør av elektrotekniske tenester Me leverer komplette og energieffektive elektroinstallasjonar til nye einebustader, i tillegg forbetrar og utvidar me eksisterande anlegg. LOS Elektro har hovudkontor på Bømlo men utfører store og små oppdrag for kundar i heile Sunnhordland og landet forøvrig. Me legg mest vekt på fagleg styrke og god oppfølging.

HOLLUNDSDALEN INDUSTRIFELT, 5430 BREMNES TLF: 53 42 21 00 | firmapost@los-elektro.no | www.los-elektro.no

OPPGRADERING OMBORD APPLY LQ Partner er ledende innen renovering og oppgradering av boligkvarter på offshoreplattformer. Vår kompetanse er bygget på over 40 års leveranser til norsk sokkel og det internasjonale markedet. Vår forbedring av bo- og arbeidsforhold øker trivsel og ytelse ombord.

www.applylqpartner.no


Annonse

Edle dråpar Vasskraft er fornybar, rein, påliteleg, fleksibel og billeg energi for generasjonar. Vatn er utruleg viktig for alt liv. Om lag 71 prosent av jorda er dekka av vatn. Dei siste hundre åra har vatnet også blitt ein betydeleg ressurs for produksjonen av elektrisk kraft. Sidan tidleg på 1900-talet har me kunna omdanna rørsleenergien i vatnet til elektrisitet, og med bratte fjell og mykje nedbør låg alt til rette for at Noreg skulle bli en vasskraftnasjon. I dag kjem over 95 prosent av all kraftproduksjon her til lands frå vasskraft. På verdsbasis utgjer vasskrafta om lag ein sjettedel av den totale kraftproduksjonen.

39


Annonse

Foto: Jan Rabben

Visste du at SKL produserte om lag 2000 GWh elektrisk kraft i 2011. Dette tilsvarar energibruken til om lag 100.000 husstandar. SKL har vedlikehaldsansvar for omlag 1100 km linjer og kablar som forsyner regionen med straum. Den distansen er lengre enn avstanden frå Stord til Berlin. Turbinen i kraftstasjonen Blåfalli Vik i Matre har ein effekt på heile 330.000 hestekrefter. Det svarar til motorkrafta til rundt 3.300 personbilar.

- Vasskrafta har mange og store fordelar samanlikna med annan kraftproduksjon. Ho er fornybar, rein, påliteleg, fleksibel og produserer rimeleg energi i generasjonar, konstaterer konsernsjef Magne Heimvik i Sunnhordlands største kraftselskap, SKL.

Utømeleg ressurs Av alle teknikkar for å produsera kraft, har vasskrafta den høgaste virkningsgraden, den lengste levetida og det lågaste klimagassutsleppet. - I produksjonen av vasskraft utnyttar me heile 90 prosent av råenergien i vatnet. Til samanlikning greier eit kolfyrt varmekraftverk berre å utnytta knapt 50 prosent av energien i kolet, mens ein vanleg bilmotor utnyttar rundt 30 prosent av energien i bensinen eller dieselen me fyller på tanken, forklarer Heimvik. Han meiner vidare at vasskrafta er så godt som uslåeleg når det kjem til levetid. - Sysendammen i Eidfjord kan tena som eit godt eksempel. Dammen består av fleire millionar kubikk med stein, og er nærast evigvarande. Det same er tunnelen som fører vatnet til turbinen i kraftstasjonen. Når også ressursen som energien vert henta frå, vatnet, er fornybar og utømeleg, ligg alt til rette for ein berekraftig kraftproduksjon i generasjonar, framhevar Heimvik.

Klimavennleg Vasskraftproduksjon forureinar ikkje lufta, og er den rådande teknologien for kraftproduksjon som ikkje har utslepp av klimagassar. I ei tid der reduksjon av klimagassutsleppa er ei av våre største globale miljøutfordringar, er dette er ein svært viktig eigenskap. - Ved å utnytta vatnet som ein fornybar ressurs, bidreg vasskraftproduksjonen både til å motverka global oppvarming og til å avgrensa uttøming av energiressursar som ikkje er fornybare. No kan ein sjølvsagt framføra at bygginga av vasskraftanlegg medfører lokale miljøulemper, men sett i eit globalt perspektiv er desse ulempene marginale, meiner Heimvik.

40

Regulering og utbygging av eit vassdrag kan til dømes påverka fiskebestandar, biologisk mangfald og landskapet i området. Men med moderne kraftutbygging kompenserer kraftselskapa godt for desse ulempene, til dømes gjennom å setja ei minstevassføring i vassdrag og å etablera fiske­ tersklar. I SKL har me også nyleg tilsett ein eigen biolog. Han skal hjelpa oss med å forstå den lokale fauna og flora i område me vurderer å byggja ut for kraftproduksjon, slik at det kan gjerast på ein måte som er endå meir skånsam for miljøet, seier Heimvik.

Vestlandet er som skapt for vasskraftproduksjon SKL eig og driv i dag i alt åtte kraftstasjonar i Kvinnherad, Fusa og Stord, og har 8,75 prosent eigardel i Sima kraftanlegg i Eidfjord. Samla yting er på 566 MW, og middel årsproduksjon utgjer 1625 GWh. I 2011 produserte SKL 2023 GWh elektrisk kraft. 80 prosent av produksjonen kjem frå Blådalsvassdraget (Blåfalli) i Matre i Kvinnherad kommune. Om lag halvparten av tilsiget kjem frå Folgefonna. Breen har ein viktig utjamnande effekt på tilsiget av vatn, slik at SKL kan ha høgproduksjon også i år med lite nedbør.

”Vasskraft er som champagne, og ei så god og edel vare søler du ikkje vekk.” At mange norske vasskraftverk ligg på Vestlandet, har sine heilt naturlege grunnar. - Utanfor Vestlandskysten ligg lågtrykka i kø frå Nordatlanteren, før dei kjem inn og slepp nedbøren over oss. Og her vest måler me ikkje nedbør i millimeter. I Blådalsvassdraget i Kvinnherad kjem det til dømes fire til fem meter nedbør i eit gjennomsnittsår. Når Vestlandet i tillegg er stupande bratt, med kort veg frå fonn til fjord, og det ville landskapet også har mange store, naturlege groper som kan nyttast til vassmagasin, er Vestlandet som skapt for vasskraftproduksjon, seier Heimvik.


Annonse

90%

Bilmotor

I eit vasskraftverk blir denne fallenergien transformert til roterande energi via eit hjul med skovlar, vassturbinen. Den roterande akslingen på turbinen er kopla til ein generator, som omdannar den mekaniske energien til elektrisk energi.

I 2011 hadde Norge ein produksjonskapasitet på 122,5 TWh vasskraft. NVE plussa 6 TWh på dette på grunn av meir nedbør (produksjon i eksisterande anlegg). Fram mot 2030 trur NVE at den gjennomsnittlege årsproduksjonen vil auka med ytterlegare 5 TWh som følge av klimaendringar. Til samanlikning hadde norske gasskraftverk ein årleg kapasitet på 6 TWh og vindkraftverk 1 TWh i 2011. I Noreg er om lag 98-99 % av elektrisiteten produsert i vasskraftverk.

Kolkraftverk

Vasskraft er omdanna solenergi. Varmen frå sola har fordampa vatn på hav- og bakkenivå til skyer. Vassdampen i skyene vert avkjølt og blir til regn. Regn som fell ned på eit høgare nivå i terrenget innehar fallenergi, og den potensielle energimengda er avhengig av høgda over havet.

Grad av energiutnytting

Vasskraft

Vasskraft

50%

30%

Avgjerande for utviklinga i Sunnhordland - I ein fjernsynsserie om dei som bygde landet etter krigen vart Finn Lied, som var forskingssjef ved Forsvarets forskningsinstitutt i ei årrekkje, statsråd og sat ti år som styreleiar i Statoil, spurd om kva han meinte har vore dei viktigaste ressursane for bygginga av landet. Han rangerte då vasskrafta øvst, før fisken, olja og gassen, ut frå at vasskrafta er billeg å produsera, rein, og ikkje minst for nybar, minnest Heimvik. Han meiner vasskrafta har vore avgjerande for utviklinga i Sunnhordland. - Sunnhordland var ein av dei siste regionane i landet som vart elektrifisert. Før 1950 var det berre enkelte tettstader som hadde elektrisitet. Noko heildekkande elektrisitetsnett fanst ikkje. Frå å vera ein grisgrendt region utan straum, har Sunnhordland gjennom industrireising utvikla seg til å bli ein slagkraftig region med eit aktivt og variert næringsliv og god velstand. Dette er i stor grad eit resultat av kraftutbyggingane til SKL, som gav elektrisitet til folket og bedriftene i Sunnhordland, fastslår Heimvik. - Korleis ser du på utsiktene vidare for vasskrafta? - Framtida er elektrisk. Derfor vil vasskrafta berre bli meir og meir verdifull, om ikkje ein finn heilt nye energiformer eller heilt nye metodar å produsera energi på som er like effektive, miljøvenlege og berekraftige, seier Heimvik. Han avrundar med ei lita påminning til oss forbrukarar. - Vasskraft er som champagne, og ei så god og edel vare søler du ikkje vekk. Sjølv om me har god tilgang på dei edle dråpane, må me likevel prøva å bruka dei på best mogleg måte og gjerne spara litt på godsakene når me har høve til det. Ein syklist måtte ha sykla utan stopp i omlag 577 000 år for å oppnå same kraftproduksjonen som SKL hadde i 2011.

41


Mix og Match: Vintermote Mari Dramdal har plukka ut favorittar i dei øvre og lågare prissjikta. Ho er oppvaksen på Stord og er no dagleg leiar i klesbutikken Nova i Bergen.

2

3

1

5

4

1: Svart blondekjole frå Cubus, 299,- 2: Thomas Sabo smykke frå Atle Myhre Gull og Sølv, 1690,- 3: 4: ADAXClutch frå Fadnes, 749,- 5: Essie neglelakk frå Fadnes 129,-

Julebord eller nyttårsafta? Festantrekk utan å vera overpynta vil ein sjå mykje av i vinter.

Tweedjakke frå Vero Moda 400,- | Topp frå BikBok 249,- | Skjørt med perledetaljar frå BikBok 499,- | BD Pumps frå Mani Sko 399 ,-

42


Vintermote

Retro Casioklokke frå Bjørklund 598,-

Rock opp med rett tilbehør

Beck Söndergaard skjerf frå Molly Mo 699,-

7

5 Beck Söndergaard portemonè frå Molly Mo 399,-

Øyrepynt frå BikBok 99,-

6

Fleire prisklassar, like stilig!

Luksus til kalde dagar

Mark O’polo raud genser 999,- | Isay mønstra genser frå 1499,- Begge frå Molly Mo | Levi’s Jeans frå Match 999,-

Uformell og flott

5: Z-BIZ kjole frå Match 899,6: JosefRibkoff kjole frå Irgens 2190,7: Paljettkjole frå Vero Moda 330,-

Bland fleire stilar og tekstiler til festen.

Jakke frå Cubus 399,- | Singlet med trykk frå Cubus 199,- | Paljettskjørt frå Cubus 199,-

43


Vintermote

Elegant og praktisk 4 1

3

5 2

6

1: Jean Paul jakke frå Match 2299,- 2: Sand skjorte frå Match 999,3: X-plizit Slips frå Match kr 399,- 4: Ecco sko frå Skohandlar Hillestad 1600,5: TW STEEL klokke frå Atle Myhre Gull og Sølv 4900,- 6: Jack & Jones strikkajakke 600,7: Jack & Jones genser 300,-

På detaljnivå Klassiske antrekk med fokus på detaljane. James Bond-inspirert kanskje? Frå venstre: Ricco Vero skjorte frå Irgens 1199,Nixon klokke frå Bjørklund 2499,Ricco Vero dress frå Irgens 4790,-

44

Varmt og stilfullt

7


Vintermote

Stilig for aktive små 5 1

7

6

3

2

4

Leikande og matchande

8

1: MeMini skjorte frå Lucas og Linnea 399,- 2: Selebukse frå Cubus 249,- 3: Molo belte frå Lucas og Linnea 129,- 4: Duffy boots frå Mani Sko 499,5: MeMini jumper frå Lucas og Linnea 399,- 6: MeMini skjørt frå Lucas og Linnea 399,- 7: NoaNoa alpelue 299,- 8: Bisgaard gullboots 749,På detaljnivå Lett, leikent og romantisk Frå venstre: NoaNoa jakke 499,MeMini skjorte 349,I Dig bukse 599,MeMini kjole 449,alt frå Lucas og Linnea. Kjole frå Cubus 199,-

45


For mer informasjon, se www.frontagruppen.no

Salgstart i desember

32

5

Leiligheter

Eneboliger

Leilighet Priseksempel månedlig kostnad etter skattefordel

kr 2088,-

Sæ Barnehage

Felleshus for leilighetene

Inntil 100% finansiering * ** Andel i fellesgjeld, kr. 1320,- pr.mnd kommer i tillegg Felleskostnader tilkommer (forsikring, strøm fellesareal etc.)

Illustrasjon: Stage Studio

ÅSTUNET

Prisgunstige funkisleiligheter nær Leirvik sentrum

Med 32 leiligheter og fem eneboliger i rekke byr Åstunet på moderne og lettstelte funkisboliger i gangavstand til Leirvik sentrum. I dag er søndre del av den gamle fotballbanen på Ås bygget ut med nye Sæ barnehage, og i nordre del lanserer Fronta Bolig nå boligområdet Åstunet. 32 leiligheter på 70 kvadratmeter utgjør selve kjernen i Åstunet. Leilighetene er fordelt på tre toetasjes blokkseksjoner, som omkranser et ett mål stort fellesområde. Hver blokkseksjon får heis for enkel tilgang til andre etasje. Leilighetene bygges i moderne funkisstil, der de brune og hvite fasadene brytes opp med flater i spreke kontrastfarger. Sentrumskjernen i Leirvik ligger bare fem minutters gange unna, og i nærområdet finnes det hele to barnehager, dagligvareforretning og ny fotballbane og ballbinge. Det er heller ikke langt til flotte tur- og bademuligheter ved Ådlandsvatnet. Planlagt byggestart for blokkene er i februar 2013. Samtlige leiligheter får et areal på vel 70 kvadratmeter, og inneholder kombinert stue og kjøkken, to soverom, bad og en innvendig bod som kan benyttes som vaskerom. I tillegg

får alle leiligheter egen terrasse og en utvendig sportsbod som er plassert like utenfor inngangsdøren. Sameiet Åstunet vil disponere et felleshus, like vest for blokkbebyggelsen, som sameierne kan leie. Fellesbygget blir innredet med stort fellesrom, perfekt til familiefeiringer og andre tilstellinger, og minst to soverom med dusj der gjester kan overnatte. Som i alle Fronta-utbygginger, blir det også på Ås lagt stor vekt på at utearealene skal være attraktive og hensiktsmessige. I Åstunet blir uteområdet tilrettelagt med veier, grøntarealer, lekeområder for de yngste og felles parkeringsplasser for beboere og deres gjester. I tillegg til de 32 leilighetene, bygger Fronta også fem nye eneboliger i rekke som en del av Åstunet. De vestvendte funkishusene får et areal på 150 kvadratmeter, og preges av moderne, åpne og effektive interiørløsninger. Eneboligene inneholder blant annet tre soverom og to bad/toalett. Toppetasjen preges av en åpen løsning med stue og kjøkken, der gode vindusflater i både øst og vest sørger for flotte lysforhold i det store oppholdsrommet.

Planløsning for leilighetene: 4 940

2 825

Terrasse 10,3 m²

Leilighetene: Opphald 31,9 m²

71 kvm BRA, kombinert stue og kjøkken, to soverom, bad og en innvendig bod, 5 kvm sportsbod rett utenfor inngangdør, terasse, egen parkeringsplass, heis og trappehus i hvert leilighetsbygg.

Bod 3,9 m²

Bad 6,8 m²

Gang 9,8 m²

Sov. 11,8 m²

Sov. 7,4 m²

Carport er mulig som tilvalg.

(18 carporter bygges - “Førstemann til mølla”)

Bod 5,0 m²

Illustrasjon: Link Arkitektur

Prisantydning

Leilighet kr 2.290.000,-

Åstunet

Andel fellesgjeld kr. 190.000,Total kjøpesum kr. 2.480.000,-

Enebolig Illustrasjon: Link Arkitektur

pris på forespørsel Et prosjekt fra For mer informasjon, se www.frontagruppen.no

* Husbankfinansiering 80% av kjøpesum (5 års avdragsfrihet, fastrente 3 år 1,884% pr. 15.10.2012), med mulighet for resterende 20% fra vår bankforbindelse.

** Fellesgjeld basert på 5% rente - løpetid 30 år.


Annonse

Foto: FRM

Rustar opp for nye tokt i djupet Innanfor fire meter tjukke betongvegger frå andre verdskrig er LOS Elektro i ferd med rusta opp det elektriske anlegget i ubåtbunkeren i Laksevåg i Bergen. Etter ein tøff tilbodskonkurranse tildelte Forsvarsbygg Utvikling Vest i år LOS Elektro kontrakt på installasjon av nytt 400 volts elektroanlegg og leiesystem i ubåtbunkeren i Laksevåg. Bunkeren, som blei bygd av tyskarane under andre verdskrig, er i dag hovudverkstad for det norske ubåtvåpenet. - Det er ganske spesielt å jobba i eit anlegg frå krigens dagar, innanfor fire-fem meter tjukke betongveggar. For LOS Elektro er dette også ein stor og omfattande jobb, der me for aller første gong har fått ansvaret som hovudbedrift. Det inneber at me har øvste ansvar for HMS og koordinering mellom dei forskjellige disiplinane i prosjektet, og sjølvsagt også for kvaliteten på arbeidet me og underleverandørane våre utfører, forklarer prosjektleiar Fredrik Urke.

Storjobben i ubåtbunkeren er berre eitt av mange spennande og utviklande oppdrag som pregar kvardagen til medarbeidarane i LOS Elektro. Sidan oppstarten i 1983, då verksemda hadde to tilsette og konsentrerte seg om elektroinstallasjonar i bustadmarknaden, har LOS Elektro utvikla seg til eit selskap med 160 dyktige elektromontørar. Desse installerer elektrotekniske anlegg i alt frå bustader til industribygg, offentlege bygg, administrasjonsbygg, sjukehus, skip, offshoreplattformar og landbaserte olje- og gassanlegg. LOS Elektro har i dag hovudkontor og to avdelingar på Bømlo, samt avdelingar i Bergen, Fitjar og på Kårstø.

BRUNO: Ubåtbunkeren i Laksevåg blei bygd av tyskarane under andre verdskrig og er i dag hovudverkstad for det norske ubåtvåpenet.

”Me er framleis på jakt etter fleire dyktige medarbeidarar...”

Opprustinga av det elektriske anlegget omfattar mellom anna installasjon av ny hovudtavle, ny trafo, fordelingstavler, eit større strekk med straumskinner av ulike storleikar, og ikkje mindre enn 25 kilometer med straumkablar og signalkablar. På det meste vil LOS Elektro ha 12 tilsette i arbeid på prosjektet, i tillegg til at underleverandørane mønstrar sju montørar. Prosjektet starta i august i år, og skal vera ferdigstilt i mars 2013. - At me vann dette oppdraget viser at me er konkurransedyktige på pris og leveringstid, og at me har både kompetansen og HMS-rutinane som trengst til slike jobbar, meiner Urke.

- Me er framleis på jakt etter fleire dyktige medarbeidarar, og har særleg behov for nye servicemontørar og høgspentmontørar, opplyser dagleg leiar Inge Reidar Kallevåg. Han er sjølv relativt nytilsett i LOS Elektro, etter 12 år som ordførar i Bømlo kommune. - Sjølv om eg har følgd med på bedrifta i åra som ordførar, vart eg likevel overraska over kor stor verksemda har vakse seg, breidda og omfanget i oppdraga, og den solide og varierte kompetansen til våre tilsette, vedgår Kallevåg.

Frå starten i 1983 med 2 tilsette, har LOS Elektro utvikla seg til eit selskap med 160 dyktige elektromontørar. Naturleg base er framleis i Hollundsdalen, Bømlo.

Han poengterer at sjølv om LOS Elektro har tatt steget oppover i divisjonane, skal firmaet framleis vera det naturlege valet for privatkundar på Bømlo og elles i Sunnhordland som treng elektrikar til hus, hytter eller naust. - Denne marknaden er framleis svært viktig for oss, så det er berre å ta kontakt om du treng hjelp med det elektriske anlegget, oppfordrar Kallevåg.

47


Eit firbeint gründereventyr

Eit firbeint gründereventyr Eit lite stykke eventyr har teke plass høgt oppe i fjellheimen på gudeøya Tysnes. Ein hundesnackssuksess som omset for nær 6 millionar i året.

- Har du firehjulstrekk? Ikkje? Då er det best eg kjem ned og hentar deg, sa Tine-Sofie Stensland før intervjuet. Det er femten år sidan Kjell-Henning Vinje stal hjarta hennar over ei flaske fransk vin. Den store, sølvgrå Mitsubishien tek oss med opp i fjellheimen, heilt opp til Dalsgård kor naturen omfamnar oss med eit vilt, vakkert og haustleg famntak. Tine-Sofie fortel at det er Kjell-Henning som har bygd vegen, og at det er nærast uframkommeleg på vinterstid når snø og is tvingar kjettingar på hjula. Så er han der. Den gråsprengde nordlendingen som starta heile eventyret. - Vælkommen, seier han og strekkjer ut ein stødig, grov arbeidsneve.

48


49


Eit firbeint gründereventyr

Kjell-Henning Vinje har solid kunnskao innan ernæringsbehovet til hundar. Han har tidlegare vore i internasjonalt toppnivå innan oppdrett av belgisk fårehund.

Paradis Lat oss spola tilbake. Året var 1986 og Kjell-Henning pakta eit gardsbruk på Osterøy. Ein dag såg han ei annonse i BT som kom til å snu livet hans på hovudet: eit småbruk på Reksteren var til sals. - Me har mykje potensiale her, smiler Tine-Sofie. Ho er utdanna psykodramaterapeut og pendlar til Bergen ein til to dagar i veka. Ho og Kjell-Henning har vore gifte sidan 2007, då dei feira med eit storslått, utandørs bryllaup på Huldremarka like nedanfor hovudhuset.

Gav seg på Noregstoppen Eigentleg var ikkje garden tiltenkt hundematproduksjon i det heile. Det var oppdrett av slakteender som skulle vera hovudgeskjeft, saman med sal av utstyr til fugl, som rugemaskinar og fôrautomatar, på postordre. Men lag­naden ville det annleis, og Vinje vart tvinga til å koma opp med noko nytt nærast over natta. - Slakteriet me leverte til i Bergen vart lagt ned, og postordre­geskjeften åleine var ikkje nok til å halda oss oppe øko­ nomisk, inn­ rømmer han. Dette hende samstundes som han var i noregs­toppen innan oppdrett av belgisk fårehund. Også på den internasjonale rankinga hadde han klatra til topps – og bestemte seg for å gi seg medan leiken var god. Openbart sat han på mykje kunnskap rundt ernæringsbehovet til hundar, og hadde opparbeidd seg ei gruppe med kontaktar gjennom åra som hundeoppdrettar. Slik vart det til at den energiske nordlendingen byrja å vindtørka animalsk hundesnacks i lokala kor slakteendene tidlegare heldt til. Etterspurnaden etter produkta auka, og det tok ikkje lang tid før dei hadde vakse seg ut av lokala. Ein milepæl var møtt, og han måtte bestemma seg for å anten investere og satsa stort – eller leggja ned drifta. Stålviljen til Vinje gjorde derimot valet enkelt: Han ville byggja nytt og satsa på draumen.

Hundesnacks Kjell-Henning og Tine-Sofie legg vekt på at produkta dei leverer er naturlege. Snacksen vert laga av kylling, gris og storfe – levert av Fatland, Nortura og enkelte private slakteri. Tidlegare henta Kjell-Henning slaktet sjølv, men det vart for tidkrevjande.

50

“Me har lært oss at nedturar er ein del av oppturar” - Det vert på ein måte økologi. Me driv med gjenbruk, smiler Kjell-Henning. Dei ferdige hundesnacksprodukta, som strimla griseøyra, knas og vomburger, vert leverte til blant anna veterinærar, storgrossistar og dyrebutikkar i heile Noreg. I 2011 omsette Dalsgård Hundemat for nær seks millionar kroner, så det er tydeleg at marknaden er open for produkta. Også i finanskriseåret 2009 gjekk rekneskapen i pluss, og ekteparet trur det rett og slett skuldast at folk treng ein ven ikkje minst i harde tider og syner derfor ekstra omsorg for dyra.

Gründerverksemd - Strengen i meg har vore spent til brestepunktet i over 10 år no, seier KjellHenning. Ekteparet legg ikkje skjul på at det har vore tøffe år, men etter kvart som produksjonen har vakse og dei er blitt meir sikre på seg sjølve, kan gründeren endeleg seia at han fått eit meir distansert forhold til bedrifta enn han hadde tidlegare. No har dei større slingringsmon, ting går på skinner og bedrifta tel fem tilsette inkludert dei sjølve.


Gaver å bli glad i! 6.-9. desember

Supertilbud!

299,Glass for vinkjennere

Vinum

Colosseum Vase H 30,5 cm - Skål Ø: 25,5 cm Før 499,-

RIEDEL

40%

Sammi Stekepannesett Før 1699,-

399,-

299,-

Holly servise

Tilbud alle deler: 4 stk. frokosttallerken, før 500,- nå 296,o bords.n bords.no - www.til 30 17bords.n www.til – www.til 17Tlf. Tlf. 40 o1753- 40 40 30 53 53 Stord, obords.n DS Stord, bords.n www.til TILBOR -30 DS17 30 - www.til TILBOR 40 17Tlf. 53 30 53 40Tlf. Stord, DSTlf. 356,Stord, nå TILBOR før 597,- DS 4 stk. kafekopp m/skål, TILBOR

Sausekasserolle med helletut. Før 699,-

ÅPENT 9-18 (10-15)

G-Sport har vintervarene! BILLIG PAKKE!

ÅSNES SKIPAKKE TIL BARN

ROSSIGNOL TURSKIPAKKE

899,TØFF TWINTIP-PAKKE TIL BARN OG JUNIOR

BARN OG JUNIOR

PAKKEPRIS FRA

699,-

KOMPLETT CARVINGPAKKE TIL DAME OG HERRE TILBUDS PAKKE!

PAKKEPRIS

2999,-

HEAD CARVINGPAKKE TIL RÅ PRIS!

PAKKEPRIS

1999,-

PAKKEPRIS FRA

Velg mellom 3 ulike støvler

1499,G-Sport Stord

Torgbakken 2 - Tlf. 53 40 30 14 - www.gsport.no

Åpent 9.00-18.00 (10.00-15.00)


Eit firbeint gründereventyr

“For det første må du brenna for ideen din. Deretter må du vera uthalden og ikkje gi opp. Dernest må du ha det gøy.”

- Me har vel lært oss at nedturar er ein del av oppturar, og at det er heilt naturleg at det svingar, slår Tine-Sofie fast. Familien på fire kan endeleg ta seg tid til å skapa pustehol i kvardagen og reisa på feriar. Når slikt skjer, er det ein av dei andre tilsette som tek seg av den daglege drifta. - Kva legg de i å driva ei gründerverksemd? Den elles så pratsame nordlendingen vert stille ein augneblink, tenkjer seg om. - Det må vera at ein vågar å satsa på ei nyskaping og noko som er annleis, gjerne der rammene er snudde på hovudet. Å følgja ideane sine og handla på dei. Against all odds, seier han. - Og nøkkelorda til suksess, kva er dei? - For det første må du brenna for ideen din. Deretter må du vera uthalden og ikkje gi opp. Dernest må du ha det gøy. Du må lika det du held på med, seier KjellHenning og ser på Tine-Sofie med glimt i auga. Han fortel openhjartig om den enorme trua han heile tida har hatt, og det har vore eit travelt tiår sidan han starta aksjeselskapet i 2001. Tidlegare dreiv han enkelmannsføretak. Hovudfokuset framover kjem derimot ikkje til å vera utviding og ekspansjon – snarare vil ekteparet ha fokus på marknadsføring. - Den biten skal byggjast vidare på. Det har vore det svakaste leddet til no, avsluttar Kjell-Henning før han går i gong med dagens arbeid.

Tekst og foto: Silje Huglen Tillung

52


Annonse

Kina rullar inn i Sunnhordland SANY – det gigantiske, kinesiske gravemaskinsmerket er på full fart inn i Noreg, og satsinga skjer frå Sunnhordland gjennom det lokale selskapet Hardnor. – Me er svært fornøgde med å ha fått agenturet på sal av SANY-gravemaskinar i Noreg, smiler Bjørn Eldøy, dagleg leiar i Hardnor AS. – Skepsisen til gravemaskinar frå Kina har hatt godt fotfeste her i regionen, og landet forøvrig – men no ser me at dette er i ferd med å snu, og at stadig fleire kundar får augo opp for kor gode maskinane faktisk er blitt. Kvaliteten har kome opp på eit imponerande nivå og SANY byrjar å bli ein likeverdig konkurrent til meir etablerte og velkjende merker i Europa og Norden. Me har sjølv vore i Kina og jobba med SANY om å tilpassa maskinane til norske forhold, seier Eldøy.

SANY har etablert eit teknisk- & servicesenter i Bedburg rett utanfor Köln i Tyskland.

i Bedburg rett utanfor Köln i Tyskland. Her blir gravemaskinane samanstilte og kvalitetssjekka før dei vert distribuerte til den europeiske marknaden. Alt no er der 170 mann i arbeid. Senteret trenar opp service- og ingeniørteknikarar og har i tillegg det meste av deler på lager. Med dette europeiske hovudkontoret vert dialogen med kundane endå betre og responstida kortare.

Lønsam investering – Stadig fleire oppdagar SANY. Kvalitetsskilnaden til dei meir etablerte merka er i ferd med å bli utjamna, men skilnaden i pris er framleis markant. Den som kjøper ein SANY gravemaskin i dag får mykje for pengane og gjer ei svært lønsam investering for mange år frametter, poengterer Bjørn Eldøy.

Europeisk hovudkontor i Tyskland SANY har investert over 100 millionar euro i eit teknisk- & servicesenter

Hardnor – utstyrspesialisten i Sunnhordland Bjørn Eldøy har saman med økonomi- og marknadsansvarleg i Hardnor, Helge K. Sæbø, lang fartstid i anleggsbransjen i Sunnhordland. – I mange år har me stått for sal og vedlikehald av gravemaskinar, deler og utstyr – nytt og brukt. Dette driv me i høgste grad med framleis, understrekar Eldøy. Me har det meste ein treng til gravemaskinar i ulike storleikar; skuffer, hurtigfester, belter og understell, for å nevna litt, seier Eldøy Hardnor tilbyr blant anna fleire variantar av eigenutvikla skuffer som er spesial­ tilpassa norske forhold. I tillegg har selskapet utvikla og masseprodusert eit patentert hurtigfeste som har fått namnet Hardlock. – Vårt feste er 100 prosent slarkefritt. Festet er spesialkonstruert og allereie testa ut, og er i dagleg bruk. Etter meir enn 5000 arbeidstimar fortel ein av kundane fylgjande: “Det sit framleis som sveisa fast. Det er heller ingen antydning til sprekkdanning i festet, som i tillegg er enkelt å løysa ut”.

– Dette er ekstra kjekt å høyra, ettersom det er konkurrrentar av oss som også sel hurtigfeste dei påstår er heilt slarkefrie, men der tilbakemelding frå kundar vitnar om at påstanden ikkje held vatn.

Hardnor står for reperasjon og vedlikehald av det meste innan annleggsmaskiner og utstyr.

– Vår visjon er alltid å kunna tilby høg kvalitet til rimelege priser, og me legg stor vekt på oppfølging av kundar i form av service og deletilførsel. Me sel maskinar og utstyr til ein relativt oversiktleg marknad – då er det viktig at me held det me lovar. Elles tar det ikkje lang tid før me møter oss sjølv i døra, avsluttar Eldøy.

53


Vi åpnerdørene dørene tiltil premieren! Vi åpner førpremiere. Splitter nye Ford B-MAX er et vesentlig skritt videre for alle som verdSplitterfornuft nye Ford er et løsninger, vesentlig skritt videre for alle som verdsetter setter ogB-MAX praktiske i kombinasjon med nye teknologier fornuft og praktiske løsninger, i kombinasjon med nye teknologier og og motorer. motorer. Vi nåfått fåtttak taki en i enbil bil eksklusiv førpremiere. Vi anbefaler deg Vi har har nå tiltil eksklusiv premiere. Vi anbefaler deg derfor påderfor på sterkeste til turen å ta turen XXXXXXX for åB-Max se og- før oppdetdet sterkeste til å ta innominnom oss foross å seden og oppleve nye Ford leve Ford B-Max - før bilen lanseres. Velkommen! bilennye lanseres. Velkommen!

FORD B-MAX

(Forhandlerfelt)

ford.no

Vabakken, Stord Tlf. 53 40 37 90 - www.sunnhordlandbil.no Åpningstider: Mandag: 07.00-18.00, Tirsdag -fredag: 07.00-16.30, Lørdag: 10.00-13.00


Soradas

Ein smak av

hailand - Sawadee Kah! Klokka er 09:00. Det er to timar til opningstid og alt no står tre blide damer og jobbar over gryter og wokpanner fulle av ris, kål, nudlar og kjøt. Soradas Thai Take Away har teke stordingane med storm, og med plassering midt i det nye hjarta på øya; Heiane, sikrar dei seg gjennomfart frå både Haugesund og Bergen. Frå vogna som er stasjonert på parkeringsplassen til Heiane Storsenter serverer dei ein smak av Thailand til svoltne vestlendingar.

55


Soradas

56


Soradas

Ein gong i veka vert ingrediensane flydde rundt halve verda til kjøkenet til Soradas. Kjøtet og kyllingen er Norsk, men fellesnemnaren er at råvarene er av god kvalitet.

Eit lite stykke eventyr

Importerer råvarer

Wiratda Sorada kom til Noreg for tre år sidan. Ho er gift med Jørn Kenneth Myhre og saman har dei tre barn. Sorada er lidenskapelig oppteken av å laga mat, og understrekar at ho elskar matlaging. Ideen om å starta take away botnar i eit ynskje om å la andre også få glede av Soradas velsmakande mat.

26. mai i år opna Soradas Thai Take Away luka for første gong – og kundemassen let ikkje venta på seg. Gjennom heimeside på Facebook og generelt folkesnakk vart dei raskt eit populært alternativ, og damene – ja, dei syner ukuelig optimisme. Menyen er rikt samansett og representerer god mat frå det thailandske kjøkkenet. For å få fram den rette smaken importerer dei råvarer direkte frå Bangkok. Ein gong i veka vert nudlar, te, ris, chili, galangal, sitrongras, kokos, fersk basilikum og andre grønsaker flydde rundt halve verda. Kjøtet og kyllingen vert henta frå diverse leverandørar i Noreg, men fellesnemnaren er at råvarene er av god kvalitet. Ein av rettane har rukke å bli ekstra populær:

“Damene på Soradas er stolte av kulturen sin, og det er flott for dei å kunna stå her og presentera maten sin for folk på denne måten”

- Me klarar nesten ikkje å produsera nok vårrullar til å dekka etterspurnaden, fortel ekteparet nøgde.

Luke mot verda - Matfilosofien vår er god, sunn og tilgjengelig mat for kundane, fortel dei. Dei legg også vekt på at dei ynskjer tett samarbeid med kundemassen gjennom tilbakemeldingar og kontakt, for på denne måten å vera meir levande for kundane sine. Jørn Kenneth har sjølv bakgrunn frå kokkefaget og matbransjen, og har difor god kunnskap om kva dei driv med. - Damene på Soradas er stolte av kulturen sin, og det er flott for dei å kunna stå her og presentera maten sin for folk på denne måten, seier han. Sorada nikkar samtykkjande.

Klokka går mot 11:00, og den store luka som gjev kundane eit lite innblikk i det topp moderne kjøkkenet skal snart opnast. Freistande og eksotiske smakar er trylla fram, og snart vil lunsjboksar, middagsrettar og grøn thai-te få bein å gå på. Det er ikkje tvil om at dei flittige damene er lidenskapleg opptekne av maten dei lagar, og ein siste ”finish” på rettane vert det vesle ekstra. Minuttane tikkar. Snart vil telefonen ringja og vil ikkje stå stille sidan. Ein ny eventyrleg dag står på trappene for Soradas Thai Take Away. Det er ikkje tvil om at stordabuen har teke varmt imot det eksotiske mattilbodet, og at Stord bokstaveleg talt har fått ei ny luke mot den store verda.

Tekst og foto: Silje Huglen Tillung

57


Kan du tenke deg å bli med på et vinnerlag og er tørst på utfordringer? Apply Leirvik er verdens ledende produsent av boligkvarter i aluminium. Dette har vi klart i flere tiår – fordi vi hele tiden ønsker påfyll av ny skaperkraft.

Velkommen om bord!

www.applyleirvik.no

Foto: Shutterstock, Bodil Haga

FORFRISKENDE MULIGHETER


Illustrasjon: Stage Studio

VELKOMMEN TIL EN NY BYDEL DET BESTE FRA BY OG NATUR I vakre og landlige omgivelser ved golfbanen på Stord bygger Fronta nå ut Prestagardslio. Et nytt boligområde med over 200 moderne funkisboliger i ulike størrelser og prisklasser. De solrike tomtene ligger flott plassert i terrenget, nær skoler, barnehager, idrettsanlegg, butikk og skjærgårdsidyll. Samtidig er byen Stords mange ulike tilbud bare en kort kjøretur unna. I Prestagardslio befinner du deg på ærverdig grunn. Boligfeltet ligger i utmarka til Prestagarden, en gård som har hatt en viktig plass i historien siden 1648.

Jordbruket har stått sentralt, men i nyere tid har bydelen også blitt det mest populære boligområdet i kommunen. Ved inngangen til 2010 var Nordbygdo den største bydelen i Stord, med 5565 innbyggere. Prestagardslio åpner nå nye muligheter for folk som ønsker å bosette seg i denne flotte delen av regionsenteret i Sunnhordland.

I dette området ble også Stord Seminarium, forgjengeren til Høgskolen Stord/Haugesund, etablert i 1839. Kulturlandskapet i bydelen Nordbygdo er formet fra stein og bronsealder og fram til i dag.

www.prestagardslio.no

ER M M KO OR F G! SAL

Et prosjekt fra


Vi gjør alt for bilen din

Stord Bilteknikk – Verksted for alle biler!

EU-kontroll Service og vedlikehold Dekk og felg Polering Reparasjon av kjøretøy Datadiagnose Ruteskift Effektmåling av motor i bil Elektrisk feilsøking av problemer Webasto og Eberspächer

VÅRE SPESIALFELT:

Tilbud på Nokian-dekk:

30-35 % rabatt Stord Bilteknikk A/S Vabakken 10 • 5411 Stord Tlf. 53 40 32 00 Mob. 990 08 776

www.stordbilteknikk.no GÅ INN PÅ VÅR NYE HJEMMESIDE! Her finner du informasjon om våre tjenester, og du kan bestille bilservice direkte på nett.

For everything your car needs.


Arne Torget

Arne Torget - skalden frå Kolavegen Så sit han der, på andre sida av bordet. Med raudt hår og godt humør. Pratar om skriveri, lidenskapen sin, å byggja ord for ord opp til finurlege setningar. Arne Torget, 46 år, gift trebornspappa frå Husnes. Eigentleg dødeleg sjenert, i følgje han sjølv.

Tekst: Silje Huglen Tillung

61


Arne Torget

“Katten ligg stort sett i sofaen når eg kjem heim frå jobb, på same stad der han låg då eg gjekk. Eg vert så forbanna provosert og førestiller meg alt han kunne gjort...”

Debuterte i skuleavisa

Gubben og katten

Arne var 13 år då pennen hans skapte magi for første gong. I skuleavisa til Husnes ungdomsskule debuterte han med ei ærleg sjel, og sidan har skrivinga vore ein stor del av han – ein levande lidenskap som har fylgt han gjennom tjukt og tynt. Formuleringane på rim var eigentleg ein notatteknikk, morosame knaggar å hengja tørt studiestoff på. Han vidareutvikla det, byrja å framføra nokre av tekstane sine i lystig lag – og i dag er han ein del av staben til Glafot Event, drive av Jan Otto Vik. Det er Vik som har pusha han, oppfordra og utfordra han til å verta stuntpoet. Det har bore frukter, og no har han nok å velja mellom når det gjeld oppdrag. Mykje av det er i ”lukka lag”: på store næringskonferansar med tusenvis av tilhøyrarar. For mange er han også eit kjend andlet frå sommarrevyen på Stord, der han har hausta lått dei siste to somrane – men revykarrieren starta eigentleg i -98, på Husnes. - Eg er eigentleg ein typisk revyartist, men Jan Otto har hjelpt meg å utvikla dei andre sidene av meg.

På Facebook har Torget funne ei nisje. Der krydrar han kvardagen til sine følgjarar med finurlege dikt – og i dikta er det i hovudsak den usedvanleg vakre og late katten hans, Pus, som dreg på eventyr. Ein del av Facebook-dikta hans vart utgjevne i ei u-korrekturlesen bok like før jul i fjor, Soldråpar. - Katten ligg stort sett i sofaen når eg kjem heim frå jobb, på same stad der han låg då eg gjekk. Eg vert så forbanna provosert og førestiller meg alt han kunne gjort, smiler Arne. Kvar dag brukar han i underkant av ein time på pendling frå heimbygda Husnes til Dimmelsvik, der han har sin jobb hos Kvinnherad Energi som marknadskonsulent. På vegen, som snor seg langs kanten av Kvinnherad, har mang ein idé vorte fødd. - Eg syns vegen er drepande keisam og brukar tida i bilen til å tenkja ut dikt. Då maner eg dei fram og kan dermed skriva dei ned på ein – to – tre.

Ein seriøs mann

“- Det er ein ekstremsport, og mi form for strikkhopping. Eg vert aldri vant til det, men har vent meg til det,” Ekstremsport At CV-en til Arne byrjar å innehalda ei respektabel merittliste innan stuntpoesi, er det inga tvil om. Det mest utfordrande han har gjort, var i mai under Nordiske Mediedagar i Bergen. I regi av sjølvaste TV2 var han hyra inn som stuntpoet. I debattpanelet sat dei fire direktørane for dei største norske fjernsynskanalane. Trygve Rønningen var konferansier, og på fyrste rad sat store, vesle Arne Torget og skulle i elden og summera heile debatten på rim. Heldigvis slo ikkje tunga krøll på seg, ikkje fekk han jarnteppe denne gongen heller – Arne har trena mykje på å opptre, skriva på kommando, men kjenner det i magen kvar gong likevel. - Det er ein ekstremsport, og mi form for strikkhopping. Eg vert aldri vant til det, men har vent meg til det, seier han.

62

Arne rustar seg til kamp med kvass blyant. Dukkar ned blant spissformuleringar og tankar om korleis ord kan setjast saman til finurlege setningar, kva ord som gir akkurat den dobbelt-tydinga han vil ha og korleis han kan høvla vekk alle dei overflødige orda. Ofte tek han ting så på kornet at lesaren får ei aha-oppleving med sitt biletmalande ordforråd. Ting som verkar tilsynelatande tilfeldig skribla ned, kan det liggja mange tankar bak, og kjem han på noko ingen andre har tenkt på før, vert han godt nøgd. (”Har du nokon gong tenkt på kor måsane vert av når dei døyr?”) Men han har ingen planar om å gjera skrivinga om til heiltidsgeskjeft. - Eg kunne sikkert levd av å skriva, men eg er alt for glad i jobben min, fortel han. Forutan skrivinga er han også symjepappa, og har vore aktiv friidrettsmann i mange år. Då symjehelten Aleksander Dale Oen døydde i sommar, vart hyllestdiktet til Arne lese opp i gravferda og kom på trykk i Bergens Tidende. Sjølv betraktar han seg som eit bindeledd mellom teknologi og kvardag, og er ikkje reint lite nerd, skal me tru han sjølv.

For å gjera ei lang historie kort: Arne har gjort karriere i humormiljøet i regionen vår, og er vorten vår eigen skald som me varmt trykkjer til brystet. I kvart nummer av ZOOM vil Arne reflektera på sitt humoristiske vis over aktuelle saker og ting.


Arne Torget

Englar dalar ned i skjul Eg er ein snart 50 år gammal mann

Om julafto kjem før kjeringo vil eg sei

Eg ønske god jul te veldig mången

å feira jul å gle meg e nåke eg kann.

atte nissen har teke ein aen vei.

i frå maen i gato te drånningo å kången.

Sommaren synst eg ofta e tonge

Om du les dette nissen, har eg eit tips

Å så tenkjer eg fram ein flotte julablom

men i november så eg gler meg så ein onge!

eg ønskjer meg alt anna enn eit slips!

te adle dåke så lese i Zoom.

For då kjeme endeleg julabrusen

Eg ønske meg berre fred på joro

å me slakta ripsbero å laga syltetøy av pusen.

å atte kålrabistappo ikkje ska vara frå Toro.

Åsså vil eg bli flinkare enn i fjor

Eg ønske atte julafto blir flott

i år ska lutafisken få sprø svor.

å atte da årdna seg te slutt for Askepått

Helsing Arne, 46 år. Kolavegen.

Effektiv og trygg samarbeidspartner innen økonomitjenester Er du i gang med å etablere et firma, eller har du behov for regnskapsbistand i din eksisterende virksomhet? Vi finner den rette løsningen for deg og din bedrift.

Irene

Anna Lisa

Else

Håkon

Javier

Karina

Lovise

Regnskapsføring • Remittering • Scanning av bilag • Fakturering • Lønn • Onlineføring • Årsoppgjør Økonomisk rådgiving • Utleie av regnskapsfører • Styrearbeid Sumarum AS | Lonavegen 1, 5460 HUSNES | tlf.: 53 48 22 60 | fax.: 53 48 22 61 | post@sumarum.no

Foto: Geir Remme

Egil


Kva skjer?

Liv & røre! Uteliv i sunnhordlandsregionen

Bømlo Kulturhus Desember

Februar

07 Julehuset. Bømlo Teater. 7.-9. desember. 11 Senioruniversitetet: Herman Friele kl: 11.00 13 JulePost med TAUS, konsert

02 Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen, teater forestilling for born

Januar

02 ”Abrahams Barn” av og med Svein Tindberg. Kl: 18.00 15 Lindesnes Trekkspillklubb show.

20 Nyttårskonsert med Bømlo Janitsjar. kl: 19.00

Stord Kulturhus Desember

Februar

06 Scrooge – Ei juleforteljing, Stord kulturskule. 6.-9. desember 01 Påmelding til UKM 2013. Fellesmønstring for Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes.

Januar 25 Ingrid Bjørnov - 2012 ouverturen. Kl. 19.00 26 Nyttårskonserten 2013. Stord Musikklag

Kinopremierer 9/11 Reisen til Julestjernen 16/11 Twilight – Breaking Dawn Part 2 30/11 De fem legendene 12/12 Hobbiten – En uventet reise 26/12 Historien om Pi 18/1 Les Misérables Copyright

64

Mars

Twentieth Century Fox Film Corporation All Rights Reserved

02 Ungdommens Kulturmønstring 2013 for Fitjar, Tysnes, Bømlo og Stord 03 Hakkebakkeskogen kl: 17.00 16 Robin Hood og villungane i kongens skog, Stord Teaterlag 16.–19. februar

Mars 03 Abrahams barn kl. 19.00 15 Barne- og ungdoms­ teaterfestivalen 2013, 15.-17. mars


Kva skjer?

Konsertar & festivalar Fliflet/Hamre Energiforsyning

Desember

14 Olsen og Jensens viseklubben inviterer til popmusikk av ypparste sort. Pogo Pops tek turen frå Bergen for å servera gamle og nye låtar til folket - Osvald.

Januar

25 Ø yo 2013 - inviterer godtfolk til grisebra musikk kombinert med fin vinterstemning! Artistar som Allo Darlin, Vit Päls, I Was A King, Endre Olsen, Bergen Mandolinband og D’Accord vert å sjå på scena. I tillegg skal Kaldestad-søskena tolka David Bowie. - HSH Rometveit

Mars

14 “100 dagar” - Stordfest presenterer festival og musikartreff. Musikarar og andre kunstnarar frå Bergen til Stavanger møtes for nettverksbygging og konsertar. Ope for alle. - Arena og Den Blå Time. 14. mars - 16. mars

April

19 Stordfest presenterer HELLSONGS (SE) - Den Blå Time 27 Stordfest presenterer Fliflet/Hamre Energiforsyning. - Den Blå Time

Juni

27 Stordfest 2013 - Verdas vakraste skuter og heftige artistar. 27. juni - 30.juni

Hellsongs (SE)

Bli ein del av Kværner-teamet Verksemda vår er stadig veksande, og med tildelingane av større kontraktar som Eldfisk, utviding av Nyhamna og Edvard Grieg er me på jakt etter talent som er villige til å realisera potensialet sitt. Gå inn på www.kvaerner.com/career og les om dei ledige stillingane våre på Stord.


www.alu1.com Fleksibel og gunstig

Utleie av islandsk ingeniørkompetanse

- Tjenester Mekanisk/industri

Maritim engineering

Mekanisk engineering Maskinengineering Mekanisk tegning Layout design og optimali­ sering HVAC Termodynamikk Prosjektledelse Modifikasjon av maskiner Installasjon og idriftsettelse

Detaljtegning

Hydraulikk/luft Engineering Optimering Installasjon Idriftsettelse

Elektro Elektroengineering PLC­engineering Elektro tilpassing

Konstruksjon Bygningsdesign Ståldesign Detaljtegning

Trenger du ingeniørkapasitet innen et avgrenset tidsrom? Vi tilbyr høyt kvalifiserte ingeniørtjenester innenfor et bredt spekter disipliner. Våre ingeniører kan utføre oppdrag fra Island eller leies ut i perioder på oppdragssted. Våre ingeniører har gode kommunikasjonsevner og erfaring fra flere oppdrag bl.a i sunnhordlandsregionen. Kontakt oss og få mer informasjon om muligheter for effektiv og fleksibel kompetanseutnyttelse.

Programvare Inventor AutoCad Solid Works PC Schematic

Eyvindur Gudmundsson, Island Tlf: +354 522 6800

alu1@alu1.com

Jan Ytredal, Norge

jyttredal@gmail.com

Tlf: +47 951 18 528

Alu1 Eft er et teknologibasert konsulentselskap med høyt kvalifiserte ingeniører som leverer produksjonsløsninger for en global aluminiums­ og smelteverksindustri. En norsk eiergruppe fra sunnhordlandsregionen har tilgjengeliggjort gunstige muligheter for ingeniørutleie til lokal industri.


WE ARE DOERS

OKTAN Stord WÄRTSILÄ® is a registered trademark.

Wärtsilä Ship Design er en ledende leverandør av fartøysdesign og ingeniørtjenester til den globale shippingindustrien. Vi tilbyr spennende og varierte arbeidsoppgaver i et høyteknologisk og internasjonalt arbeidsmiljø, store muligheter for faglig og personlig utvikling, samt gode forsikrings-, pensjons- og lønnsbetingelser. Nå søker vi etter flere dyktige skipsingeniører innenfor fagområdene prosjektutvikling og stabilitet/hydrodynamikk.

SKIPSINGENIØRER, PROSJEKTUTVIKLING Viktigste ansvarsområde vil i hovedsak være å utvikle nye skipsdesign ved å lede pågående initial design-prosjekter fra start til sluttfase. Her inngår utforming av generalplan, spesifikasjon, tett kundeoppfølging, samt å beregne stabilitet og andre hydrostatistiske kalkyler. Arbeidssted: Fitjar. Ønsket bakgrunn er utdannelse på ingeniør-/sivilingeniørnivå innen området naval architecture eller tilsvarende, og minimum tre års erfaring fra tilsvarende arbeid. Kontaktperson: Inge Skaar, General Manager, Project Development & Naval Architecture, tlf: 906 82 105, e-post: inge.skaar@wartsila.com

SKIPSINGENIØRER, STABILITET/HYDRODYNAMIKK Viktigste ansvarsområde vil i hovedsak være å beregne stabilitet og hydrodynamikk/CFD for nye prosjekter, gjennomføre studier og fremstille fullstendig stabilitetsdokumentasjon for pågående prosjekter og ombygginger. Arbeidssted: Fitjar. Ønsket bakgrunn er utdannelse på ingeniør-/sivilingeniørnivå innen naval architecture eller tilsvarende. Erfaring fra den marine industrien er en fordel, men nyutdannede oppfordres også til å søke. Kontaktperson: Ketil Fykse, Global Discipline Leader, Stability, tlf: 479 09 569, e-post: ketil.fykse@wartsila.com

WARtSilA.cOm/nORWAy Wärtsilä Ship Design er en av verdens ledende skipsdesignere for både offshore og spesialtilpassede skip. Våre innovative løsninger kjennetegnes av høy energieffektivitet, optimaliserte skrog og operasjonell fleksibilitet. Vi tilbyr et unikt utvalg av skipsdesign og designtjenester, som alle er støttet av en sterk global tilstedeværelse. Søknadsskjema og mer informasjon om stillingene finner du under Careers på wartsila.com/norway Søknadsfrist: 31. desember

energy • excellence • excitement


Oddvar - Steinar - Barbara - Einar - Rune - Jon Olav - Iver - Anne Birgitte - Else - Kimberlee - Throstur

RESULTAT - UTAN Å SLØSA Zpirit er eit reklamebyrå som først og fremst fokuserer på å oppnå tydelege resultat for våre oppdragsgjevarar

eller å vinna prisar. Det viktigaste er å oppnå høg marknadsføringseffekt ut frå det budsjettet og dei ressursane kundane våre faktisk har til rådvelde.

– så effektivt som mogleg.

Derfor startar me alltid med den gode samtalen, der me saman med kunden vurderer utgangspunktet og effekten me ønskjer å oppnå

Vår erfaring er at ressursar brukt til marknadsføring ofte kan nyttast langt betre. For oss handlar ikkje jobbkvardagen om storleiken på reklameoppdraget

– før me kliner til med idear og løysingar!

Telefon 41 53 40 70 - post@zpirit.no www.zpirit.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.