Aarsmotepapirer_2010

Page 1

Til delegatane på årsmøtet i 4H Norge 2010  Representantar for 4H-klubbane valde på fylkesårsmøta  Representantar for Norske 4H-alumnar  Representantar for Forum for norske 4H-gårder  Representantar for Naturviterne og STAFO-foreninga ved 4H Norge  Leiarar i fylkesstyra  Representantar for medlemsorganisasjonane i 4H Norge  Æresmedlemmar i 4H Norge  Landsstyret

Rundskriv 51/10/aso/E0200

Hellerud, 10.juni.2010

Innkalling til årsmøte i 4H Norge 22.-24. juli 2010 Representantane til årsmøtet i 4H Norge vert med dette, i følgje 4H Norge sine lover, kalla inn til ordinært årsmøte i 4H Norge på Rica Hotel Hamar, Ringsaker i Hedmark 22. – 24. juli 2010. Sakliste og sakspapir er vedlagt. Vi viser til eige vedlegg med praktiske opplysningar når det gjeld påmelding, program, reise, innkvartering, økonomi o.l. Som det går fram av vedlagde program, er det registrering og lunsj på årsmøtehotellet torsdag frå kl. 1100 og offisiell opning kl. 1300. Avslutninga laurdag er satt til kl. 1300, med buss direkte til landsleiren på Moelv kl. 14.00, eller til Hamar stasjon for dei som ikkje skal på landsleiren. I leiren er det middag kl. 17.00 og offisiell opning kl. 20.00. På årsmøtet kan det kome opp spørsmål til rekneskapen som kan vere vanskeleg å gje gode og utfyllande svar på. Dersom de har detaljspørsmål til rekneskapen, ber vi om at de sender desse til oss på førehand. Frist 20. juli. Ver venleg å gå inn på 4H Norge sine nettsider og registrer deg som deltakar innan 1. juli dersom du ikkje allereie har gjort det (www.4h.no/påmelding) og vel påmelding til årsmøtet. Skal du på fylkesleiarsamling må du melde deg på den separat. Treng du hjelp til påmeldinga, så ta kontakt med fylkeskontoret eller Ann-Helen Bakkelund på tlf: 64 83 21 08. Vi ynskjer vel møtt til årsmøtet i Hedmark!

Med helsing Sigurd Vestrheim Årsmøtets ordførar /s/

Astrid Solberg Generalsekretær

Postadresse: Postboks 113, 2026 Skjetten • Besøksadresse: Bråteveien 200, 2013 Skjetten • Telefon: 64 83 21 00 • Telefaks: 64 83 21 19 E-post: 4hnorge@4h.no • Internett: www.4h.no • Bankgiro: 9365 11 70352 • Organisasjonsnummer: 943 838 240


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.