Sakspapirer 4hlm14 endelig lr

Page 1

Praktisk informasjon og reiseinformasjon for landsmøtet i 4H Norge 2014 på Rica Hell Hotel , Værnes, 15.-17. juli 2014. 1. Reise og opphald 1.1. Reise til landsmøtet 15. juli 2014 Den enkelte utsending på landsmøtet kjøper billett sjølv, eller kontaktar fylkeskontoret for hjelp til dette. Husk å bestille billettar i god tid, då 4H Norge dekkjer reiseutgiftene etter billigaste reisemåte. Hotellet ligg på Hell, rett ved Trondheim lufthavn Værnes. Adressa er Sandfærhus 22, 7517 Hell. Det vert ikkje sett opp fellestransport, då det er greitt å kome seg til hotellet med fly, tog, buss og bil. Sjå hotellets nettside for meir informasjon: www.rica.no/hell 1.2. Avreise frå landsmøtet

For dei som skal vidare på landsleir vert det organisert transport frå Værnes til Tautra. 1.3. Kostnadar ved reise 1.3.1.Representantar for klubbane

Etter 4H Norges lover § 5 pkt 15 skal reise- og opphaldsutgifter for landsmøterepresentantane vert dekt av den dei representerer. I § 7.7.j er det likevel tillagt landsstyret å vedta reglar for reiseutjamning for klubbane sine representantar valde av fylkesårsmøta. Landsstyret vedtok i sak 11/14 ei reiseutjamning på kr 1 200 for kvar av klubbanes representantar til 4H Norges landsmøte valde av fylkesårsmøtet. Klubbanes representantar sender difor reiserekninga til 4H Norge, som så fakturerar fylket for eigendelen på kr 1 200. 1.3.2.Fylkesstyrets leiar

Fylkesstyreleiar si reise og opphald dekkast heilt ut av 4H i fylket sitt budsjett, og reiserekninga skal sendast 4H i fylket. Fylket vert fakturert for opphaldet av 4H Norge i etterkant av landsmøtet. 1.3.3.Representantar for 4H-gard Norge, N4HA og tilsettes representantar

Reise og opphald skal dekkjast av den dei representerar, jf § 5 pkt 15. Representantane vert fakturert for opphaldet av 4H Norge i etterkant av landsmøtet. 1.3.4.Æresmedlemmer, valkomiteen, kandidatar til styreverv og landsstyret 4H Norge dekkjer kostnadane for opphald og reise. Reiserekning skal sendast 4H Norge i etterkant. 1.3.5.Gjestar og medlemsorganisasjonar Desse betaler sjølve for opphald og reise, og gjer opp direkte med hotellet. Postadresse: Postboks 113, 2026 Skjetten • Besøksadresse: Bråteveien 200, 2013 Skjetten • Telefon: 64 83 21 00 • Telefaks: 64 83 21 19 E-post: 4hnorge@4h.no • Internett: www.4h.no • Bankgiro: 9365 11 70352 • Organisasjonsnummer: 943 838 240


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Sakspapirer 4hlm14 endelig lr by 4H Norge - Issuu