100 ting å gjøre i Surnadal 2013

Page 1

ting 책 gjere i

Surnadal


2

VÅRSØGLANDET Mellom fjell og fjord, på indre Nordmøre og toppen av Fjord Norge, ligg vakre Surnadal i all sin prakt.

Eit levande

Kom hit og opplev

for deg som vil nyte rein natur, fartsfylte aktivitetar, velfortent avslapping

vårsola skin, elvane bruse og fjelltoppane 62°58′28″N tindre! 8°43′47″Ø

eldorado

og ekte matopplevingar!


3

Ung eller gamal, eller noko midt i mellom, aleine eller

saman, her er minst

100 ting 책 gjere! Og

det beste av alt; mange av dine opplevingar er heilt

gratis!


4 S ym b o l f o r k l a r i n g Heile året Vår Sommar Haust

Vinter

Kontakt leverandør Kontakt Vårsøg Hotell for meir informasjon, vegbeskriving og booking Tlf: +47 71 65 71 00 www.varsog-hotell.no


5

Kjø l e

gøittj


6

Bli

책 bl책


7 F a r t s f yl t m o r o KLATRING OG RAPPELLERING I SVINVIKA Ønskjer du ei luftig oppleving er rappellering tingen. Her kan du velgje mellom ulike høgder og område etter som du sjølv har lyst til. Erfarne instruktørar frå Trollheimen Mountaineering er med, så ingen forkunnskaper er nødvendig.

TOPPTUR PÅ NORDVIKSULA Nordviksula er ei naturperle ved foten av Trollheimen. Fjellet reiser seg 1318m over havet og har ei relativ bratt stigning heile vegen. Perfekt for skikjørarar som liker ei bratt og fin nedkjøring.

SÆTERLIA ALPINANLEGG Med sin lune plassering og rike snømengder, er anlegget som regel i drift frå november til april. Sæterlia er eit av dei lengste skitrekka i landet og på toppen får du flott utsikt og gode moglegheiter for turar. +47 71 66 00 06

HEISTUR TIL TOPPEN Bli med skiheisen heilt til toppen og nyt utsikta over vakre Surnadal. Dette er eit flott utgangspunkt for ein langrennstur vidare innover fjellheimen. +47 71 66 00 06


8 F a r t s f yl t m o r o ZUMBA På Surnadal Trening- og Velværesenter kan du ta ein drop-in time der du rister laus og dansar til fengande rytmar. ”Ditch the workout – join the party”. +47 930 67 072

SQUASH Trollheimen Treningssenter har ein heilt ny squashbane og utlån av racket. +47 455 06 494

SENIORDANS Ei gruppe danseglade seniorar møtes ein gong i veka på Surnadal kulturhus for dans og sosialt samvær. Kaffe og ”bakels” er eit sjølvsagt innslag etter dansen.

SURNADAL SVØMMEHALL Ta ein dukkert i bassenget ved Surnadal ungdomsskole. +47 71 65 58 00


9

E f책r

levva


10

Kliv te

topps


11 F o r d e n a k t i ve FJELLTUR TIL KNYKEN – BLI EIN EKTE SURNADALING! Knyken er den mest populære toppen i Surnadal, og å nå toppen er eit kriterie for å kallas ein ”ekte surnadaling”! På toppen 1071 moh får du ei fantastisk utsikt over Vårsøglandet Surnadal!

VANDRING TIL NORDVIKSULA Her kan du kjøre bil til over skoggrensa og starte turen heilt inn til fjellheimen. Ein krevjande, men absolutt overkommelig tur. Utsikten er upåklagelig frå toppen med Trollheimen den eine vegen og utsikt heilt til Kristiansund den andre.

SPASERTUR TIL KLEIVA Surnadal er heimbygda til den kjente komponisten Henning Sommerro og diktaren Hans Hyldbakk. Hyldbakk levde store deler av livet sitt på Kleiva, ca. 20 minuttar å gå frå sentrum

NORDMARKA SKISENTER Nordmarka har vist seg å vere det mest snøsikre anlegget på Nordmøre. Her finn du ei 3,5 km. lang preparert lysløype, eit topp moderne skiskytteranlegg med skiver for 20 skyttarar og leikeanlegg for barn.


12 F o r d e n a k t i ve TURER I TROLLHEIMEN Dette fjellområdet er meir vilt enn Rondane, og kupert som Jotunheimen. TT sitt rutenett har knutepunkt i Surnadal, så her fins mange gode kart.

VINDØLDALEN Her er det eit fint terreng for sykkelturar langs elva Vindøla. Naturen her er også eit eldorado for vandring i Trollheimen og bading i kulpar.

FOLLDALEN Dette er eit flott utgangspunkt for turar til Snota. Dersom ein ønskjer å gå ”trekanten” som går frå Gjøldalshytta, Gjevilvasshytta og Trollheimshytta, kan ein ta utgangspunkt herifrå.

KÅRVATN Ved å starte turen her har du mange flotte alternativ. Ein kan også gå over til Innerdalshytta og kanskje bestige Innerdalstårnet.


13

Poinn kaille isa


14

Gjer me

sel


15 F o r d e n a k t i ve FRUSTRERTE FRUERS VEI I sinne eller glede – trø i veg. Dette er ein flott tur opp mot Skeisnebbå som på lokalt er døpt ”Frustrerte fruers vei”.

NORDMARKA TUROMRÅDE Stille, langstrakt og mangfoldig kan ein oppleve naturen på utallige måtar. Terrenget er smått kupert og egner seg fint for heile familien. Her er eit rikt og sjeldent planteliv og område er ypperleg for å prøve fiskelykken.

LIMÅSKJERKA Gå inn til Krokvatnet på Nordmarka og besøk den fasinerande kalksteinsgrotta ”Limåskjerka”.

VAULEN Vaulen, ein av Nordmøres vakraste seterstølar ligg på eit høgdedrag eit lite stykke opp for Vaulvatnet i Nordmarka. Her var det fast bosetjing fram til 1717, og etter den tid vart Vaulen brukt til seter og avlsgard.

SYKKELTUR RUNDT BYGDA Lei sykkel på Vårsøg Hotell og oppdag nostalgiske Surnadalsøra, lakseelva Surna, den krittkvite Kalkstranda og den frodige og levende dalen.


16 F o r d e n a k t i ve GOLF Surnadal Golfpark ligg i lett skråna dyrkamark og skogsterreng i naturskjønne omgjevnader med flott utsikt mot fjord og fjell på garden Mo ved Kvanne. Banen vart i 2007 nr 3 i ei kåring av ”Norges golfperle” i regi av nettstedet golferen.no +47 959 41 102

PILATES Delta på ein behageleg time med pilates på Surnadal Trenings- og velværesenter. +47 930 67 072

SPINNING Få opp pulsen med ein spinningtime i Surnadal treningsog velværesenter sitt spinningamfi. +47 930 67 072

KONDISJONSTRENING I forskjellige apparat på Trollheimen treningssenter får du satt din kondis på prøve. +47 455 06 494

STYRKETRENING Om du vil løfte tungt eller lett er moglegheitane mange for styrketrening på Trollheimen treningssenter. +47 455 06 494


17

Lokt t책

gras


18

Bekkjinn

søng


19 A k t i vi t e t a r f o r a l l e FISKE I SURNA Surna er for tida den største og viktigaste lakseelva på Nordmøre. Vatnet i elva kjem både frå Trollheimen og frå fjellområda på nordsida av Surnadal og Rindal.

ANDRE ELVER Surnadal har fleire elver der det går laks og sjøørret. Søya er perfekt for smålaksfiske, Toåa er kjent frå den tida da dei engelske lordane bygde den opp med tersklar, og elva Bævra som renn ut i Hamnesfjorden. Hugs å kjøp fiskekort.

FJORDFISKE Surnadal har fire fjordar kor det er bra fiske etter torsk, sei og lyr. Større eller mindre båtar kan leies, men du kan også fiske langs strandkanten. Dette fisket krev ikkje fiskekort.

”FJORDRUTA” Fjordruta er ein vandrerute som passar for alle, med korte dagsetapper, trivelege turisthytter, nydeleg kystterreng og mange start-og stopplassar langs heile ruta.


20 A k t i vi t e t a r f o r a l l e KALKSTRANDA - BADE Den hvite Kalkstranda strekkjer seg over nokre flotte hundre kvalitetsmeter, og er absolutt verdt eit besøk.

KALKSTRANDA - GRILLE Her er det opparbeid eit flott aktivitetsområde som er fint for grilling, volleyballspeling og flåte med stupetårn.

PLUKKE BÆR OG SOPP I nesten alle lier og skogholt finn du bær og sopp! Nyt turen og smaken av naturens eige matfat!

TUR TIL NORDVIKSETRA Bomvegen går mesta heilt fram, så turen treng ikkje å vera lang for å oppleva eit ”tun” av gamle seterhus .

SVINVIK ARBORET – BESØK HAGEN Arboret med all si prakt og 450 arter av rododendron, og 200 bartreslag er ein av Surnadals mest populære attraksjonar. +47 71 66 35 80

SVINVIK ARBORET - PIKNIK Ein piknik i hagen med arboretet si heimelaga piknikkorg er ei nyting for både gane og syn. +47 71 66 35 80


21

Kring alle

haua


22

Hausten

kjem


23 A k t i vi t e t a r f o r a l l e RUTEBUSS Dersom ein ønskjer å oppleve resten av regionen er Skei eit bussknutepunkt for turar til Trøndelag og Mørebyane. +47 177

FERGA KVANNE – RYKKJEM ”FJORDTUR” Opplev noko som er typisk for fjordnorge – ein ferjetur. Kjøp ei svele, sett deg på dekk og nyt utsikten av Stangvikfjorden. Billettar kjøpast ombord. +47 71 21 95 00

SVISSHOLMEN Dette er eit barnevennleg friområdet i Stangvik, med opparbeida grill- og badeplass.

STANGVIK – BØKSKOGEN Besøk den mektige Bøkeskogen i Stangvik, som er Europas nordligste. Midt inni fins ein fint opparbeida grillplass og modellen av ei gamal høyløe.

TODALSHYTTA I Todalen ligg den nesten 100 år gamle laksefiskehytta frå den tida da engelsk lordar kom for å fiske i elvane.


24 A k t i vi t e t a r f o r a l l e OPPISTUA ØYE – LÆR Å DYRKE Kurs med dyrkingsfokus; både teoretisk og praktisk gjennomgang av økologiske dyrkingsprinsipp, forarbeid, gjødsling, jordarbeid, luking, markdekke med meir.

OPPISTUA ØYE – OPPLEV HAGEN Omvisning i nyttehagane, få høyre om, sjå og smake ulike grønsaker og urter, og få tips om bruk av dei i det daglege kosthaldet. Ein får også dyrkingstips.

OPPISTUA ØYE – LÆR Å BRUKE Gjennomgang av dei 13 offisielle kostråda med utgangspunkt i våre nyttehager – ei omvisning for dei som er ernæringsmessig interessert i økologisk hagebruk/ produkt frå hagen.

VENGESPENNET – NYT UTSIKTA Ta ein tur over ”vengespennet”, gangbrua mellom kulturhuset og Vårsøg Hotell. Her har du utsikt over sentrum og heilt ned til fjorden.


25

Te

gagns


26

No skin det

sol


27 F e s t i va l a r VÅRSØGHELGA Denne kulturfestivalen har markert seg som ei årleg kulturhelg av høg kunstnarleg kvalitet. Vårsøghelga har fått stor publikumsappell både lokalt, regionalt og nasjonalt. www.varsoghelga.no

NORSK LAKSEFESTIVAL Målet for festivalen er å auke interessen for laks- og ørretfiske hos barn og vaksne, samt på ein positiv måte skape god festivalstemning og sette Surnadal på kartet. www.norsklaksefestival.no

ØRAMARTNAN På Surnadalsøra blir det arrangert det Øramartna med blant anna loppemarked og boder med handverksprodukt. Koseleg martnadsstemning på nostalgiske Øra.

STANGVIKFESTIVALEN Kvalitet - intimitet - stor spennvidde er stikkord for denne kammerkonsertfestivalen som blir arrangert annakvart år. www.stangvikfestivalen.no

NORSK VANDREFESTIVAL Denne er ein heilt spesiell festival med fokus på folkehelse, natur og kultur! www.norskvandrefestival.no AMCARTREFFET Første helga i september treffes bilentusiastar frå heile MidtNorge for bilutstilling og sosiale arrangement. www.amcar.no


28 Inspirasjon FREDAGSQUIZ Ein gong i månaden blir det arrangert quiz på Vårsøg Hotell. Dette er ein populær treffstad for dei som ønskjer å utfordre allmennkunnskapen, men likeså mykje for det sosiale.

FRITIDSKLUBB FOR UNGDOM Surnadal Fritidsklubb er ein klubb som er open tre kveldar i veka. Den held til midt i sentrum på Skei og er for dei mellom 13 – 18 år. +47 71 65 58 00

LÆR DEG SANGEN/DIKTET VÅRSØG Når du er i Vårsøglandet er det nesten ”obligatorisk” å lære seg teksten frå diktet ”Vårsøg” skriven av Hans Hyldbakk.

INTERNETTILGANG I ”Hotellstuå” på Vårsøg Hotell er det gratis å surfe og sjekke mail for hotellets gjester.

BIBLIOTEKET På biblioteket på Surnadal kulturhus kan du halde deg oppdatert i dagens aviser, månadsmagasinar og lån bøker. +47 71 65 93 00


29

Fint e

fjell책


30

Det kjenne e

s책 vel


31 Guida turar OMVISNING PÅ VÅRSØG HOTELL Vårsøg Hotell ønskjer velkommen til eit nyrenovert hotell. Hos oss vil du bli møtt med ei engasjert og serviceinnstilt betjening, som vil gjere det lille ekstra for å gi deg eit minnerikt opphald.

BESØK GAMMELFABRIKKEN I TODALEN Omvisning på Gammelfabrikken til Talgø, Noregs eldste møbelfabrikk. Talgø har gjort om fabrikken til eit fantastisk showroom, der du kan sjå møbler som kjem i butikken neste sesong.

GUIDA TUR TIL SNOTEGGEN Dette er eit flott alternativ til Snota via normalvegen, med guide frå Trollheimen Aktiv. Turen inneheld blant anna klatring, båttur og klyving.

GUIDA TUR LANGS GAMMELVEGEN I SVINVIKA Roleg gåtur langs gamalvegen i Svinvika med guide. Få oppleve det gamle vegnettet inn mot Todalen med innslag av historia bak bygginga av vegane .

GUIDA TUR MED SVEIN SÆTER Høyr historia om ”ei reise i Vårsøglandet”. Forfattar Svein Sæter tek dykk med inn i ei interessant forteljing.


32 Guida turar OMVISNING I NISTUA PÅ NORDVIKSTRANDA Gardshistorisk museum på Nordvikstranda. Dette ligg ved vegen inn mot Todalen. Historia i romanserien ”Arvesynd” kjem herifrå.

SJØBRUKSMUSEET I BØFJORDEN Her får ein eit innblikk i nordmørsk sjøkultur. Det inneheld ei samling av båter og skipsutstyr, fiskeutstyr og båtbyggerutstyr, med hovudvekt på tida frå 1850 til 1930. +47 71 66 28 14

KALLASTUÅ Galleri og målerisamling etter den lokale kunstnaren Kalla Skrøvseth (1913-1997) på Tellesbø. Her finn ein måleri, mosaikkar og pastellar.

KALKSTEINGRUVA PÅ GLÆRUM Opplev kvite gruvegangar som strekk seg 3 km inn i fjellet, og knusverk frå krigens dagar som framleis er i bruk.

VANGSGUTANE Opphavet til teikneserien Vangsgutane, skriven av Leif Halse, er i Todalen. Der finn ein Vangsgutane sitt monument og Halsesamlinga.


33

Frå kvite

høgdå


34

Ein sommar

te


35 Sightseeing UTSIKTEN, STOPPE- OG RASTEPLASS "Utsikten" ligg på veg opp mot Nordmarka (Fv 65) i retning Kristiansund. Herfrå får du panoramautsikt over nedre Surnadal, elva Surna, Surnadalsfjorden, Skei og «gamlebyen» Surnadalsøra.

SIGHTSEEING PÅ SURNADALSØRA Her blomstra handelslivet den gong dampskipskaia var det naturlege treffpunkt. Den gamle og spesielle bebyggelsen er ei severdighet i seg sjølv.

SYKKELTUR FLESSEN - BØKLEPP. For å komme til startstaden for denne turen tar ein av Fv 65, ved Sjøheim og kjører utover på nordsida av Hamnesfjorden, forbi Solem og vidare utover stranda til Flessen. Dette er ein kulturhistorisk tur med flotte opplevingar på vegen.

KÅRVATN – NAUSTÅFOSSEN Kårvatn ligg innst i Todalen ca 40 km frå Surnadal sentrum. Her finn du målestasjon for Europas reinaste luft og vatn. Nauståfossen ligg 1 km frå Kårvatn. Fossen har eit fall på omlag 110 m.


36 Shopping SHOPPING Også i Surnadal kan du unne deg Noregs mest utbredte fritidsaktivitet. Her har vi butikkar for nokon og ein kvar. AMFISENTERET +47 71 65 75 00

COOP SENTERET +47 71 65 96 00

MILJØGATA Ta ein spasertur langs miljøgata i sentrum .

SIKRE DEG VARIGE MINNER Å kjøpe med seg ein souvenir er sjølvsagt på ferieturar. Dette finn du blant anna på husfliden og på Coop kjøkken og hjem.

KÅRVATN FJELLUTSTYR I ein lafta låve ved foten av Trollheimen finn du ein heilt unik sportsbutikk med kvalitetsprodukt. Verdt eit besøk for alle! +47 71 66 39 29


37

Brattast

berj e stel l 책


38

bjøllåin

kling


39 Kultur FORESTILLING I STORSTUÅ I Storstuå i Surnadal kulturhus kan du få kulturelt påfyll av lokale og nasjonale artistar.

KINO I KAMMERSET Surnadal kommune viser dei nyaste kinofilmane 3 gonger i veka heile året.

UTSTILLING FINSTUÅ GALLERI I Surnadal kulturhus er kvar utstilling ei ny oppleving. Her stilles ut kunst frå eit vidt spekter.

MO KYRKJE Denne er ein av 5 Y-forma kyrkjer i Noreg.

RANES KYRKJE Ranes kyrkje har enno sitt første orgel - frå 1914. Det er eit av dei eldste instrumenta i sitt slag på Nordmøre.

STANGVIK KYRKE Stangvik kyrkje vart vigsla i 1897. Dette er største trekyrkja på Nordmøre - opprinneleg med 600 sitteplassar.

TODALEN KYRKJE Ein bauta ved kyrkjeporten har namn på soldatar frå Todalen som blir minna for sin innsats for fedrelandet.

ØYE KYRKJE Hovudkyrkja Øye i Surnadal er bygd i 1871.

ÅSSKARD KYRKJE Åsskard kyrkje vart vigsla av biskop Andreas Grimelund 9. november 1876.


40 Ti d t i l å l e va BO PÅ VÅRSØG HOTELL EIt moderne fullservice hotell med 70 rom, flotte møterom og ein behageleg lounge. Dei nye romma har den beste komfort og er utstyrde med alle fasilitetar. Lokal fotokunst og dikting gir romma ei unik stemning. Resepsjonen til hotellet finn du i kulturhuset. Derifrå går du over Vengespennet til hotellromma og dei andre fasilitetane på hotellet.

RÅKK Råkk diskotek har toppmoderne lys- og lydanlegg som står i stil med det lekre interiøret. Ein populær utestad i helgane, som du også har anledning til å leige for dine eigne arrangement, jubileum og fester.

RELAX I SKEISALONGEN Vår nye, trivelege lounge i 2.etg, mellom Kalla og Horisonten Restaurant, er eit naturleg samlingspunkt under kaffepausen. Skeisalongen egner seg også perfekt til aperitiffen før middagen og til rekreasjon etter lange dagar.


41

E ska

laua


42

Stronk 책

strakjin


43 Ti d t i l å l e va MASSAJE OG AROMATERAPI Unn deg avslapping på Surnadal Trenings- og velværesenter med ein time massasje eller aromaterapi. +47 930 67 072

SOLSTUDIO Her skin det sol – både ute og inne. Ta ein drop-in time i solstudioet midt på Skei.

SURNADAL FOTKLINIKK Etter ein aktiv dag er det godt å få pleie såre føter. Bestill ein time hos fotterapeut. +47 71 66 04 74

TID FOR HÅRET DITT Er håret lyst eller mørkt – langt eller kort, her fins ein frisørsalong for alle!


44 Mat & Drikke HORISONTEN RESTAURANT På Vårsøg Hotell får du smaksrike opplevingar frå eit framifrå kjøkken. Matkulturen spring ut frå lokale råvarer frå Midt-Norge, hovudsakleg Nordmøre og Trøndelag.

MUSTERS Utestad på Vårsøg Hotell, midt i sentrum. Alle rettigheter.

KASTANJEN Staden for å ”se og bli sett”! Nyt god mat og drikke under det flotte kastanjetreet ved Musters.

HAMMERKAFÉEN +47 71 65 96 14

CONDITORIET AMFISENTERET +47 71 66 33 70

CAFÉ SOMTI +47 71 65 74 40

NAPOLI PIZZERIA +47 71 65 75 99

CHINA RESTAURANT +47 71 65 75 88

SELSKAPSARRANGØREN HAMMERSTUENE +47 71 66 31 75


45

S책 sval ein

drekk


Lær deg surndalsk

46

Ka du sa no? æn to tri fir fæmm sækks sju ått ni ti yllæv tållv trættå fjortå fæmmtå sækkstå sykkjå akkjå nikkjå kju

Vinnle å

vætta

Aillvæg Bakels Dråkja Ettegangar

Alltid Vaffel Jenta

Utkledd person som kjem ubeden i eit bryllaup Færre farrainn Forberedt, ute i god tid Gøittj Artig, triveleg Hånstær Idiot, tulling Ikkje-farra-nålles Ikkje bli utsatt for uhell Jær-på di da? Kva gjer de? Ka-så-li? Kva er klokka? Liv-i-lørvåinn Liv å røre, oppstand Mykkjygått Nesten, så godt som Nebbå Fjell med nebbform Ofærlekkt Ueinige Poinnhålt Snødekket is Rænhækkla Rein, ekte Stjisjle Flaut Tuppåt Toskete Utapåkleåinn Ytterklær Va-de-så-lekkt! Slett ikkje Yllæv Elleve Ækkrå Åkeren Ørabyjjinn Innbyggjar frå Surnadalsøra Åt’råkkjinn Overstadig beruset


47

Vårsøg Hotell Surnadal Kommune Legekontor Legevakt Tannlege Turistinformasjon Boots Apotek Falck Emergency

F oto Øyvind Leren Tore Korsnes Nils Olav Talgøy Arnstein Fjelnseth Karstein Telstad Nathan Lediard Sara Brauten

71 65 71 00 71 65 58 00 71 65 78 00 72 48 01 00 71 66 13 86 71 65 71 00 71 65 75 65 71 66 20 00

1 00 ti ng å gj ere

Tel efon

Idé og design Karin Åsbø Sara Brauten

Vår s ø g Hotell AS


Vårsøg Hotell AS Svartvassvegen 1 6650 Surnadal +47 71 65 71 00 www.varsog-hotell.no post@varsog-hotell.no

BRANN

110

AMBULANSE

112

113


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.