Hotel Union Geiranger Konferansebrosjyre 2015

Page 1

KURS / KONFERANSAR FEIRINGAR / EVENTS / MØTE



VELKOMEN TIL UNION Konferanse med meirverdi På Hotel Union Geiranger høyrer inspirerande omgjevnader, god mat og felles aktivitetar naturleg med til det gode møtet. Her får du den aller beste ramma rundt arrangementet ditt. Union ligg midt i UNESCO sitt verdsarvområde Vestnorsk Fjordlandskap. Den storslegne naturen vert difor ein verdifull og viktig del av konferanseopplevinga, både under opphaldet og på reisa til og frå.

Konferanseavdelinga har lyse og moderne møte- og utstillingslokale – med kapasitet til 400 deltakarar. Lokala passar til alt frå konferansar, kurs og feiringar til utstillingar, events og intime selskap.

Monja og Sindre Mjelva

Som arrangør vert du teken godt vare på. Vi gir deg ein fast kontaktperson, som tek hand om den praktiske førebuinga – frå planlegging av transport, overnatting og meny til tilrettelegging av tekniske løysingar, opplevingar og velvere. Under sjølve arrangementet vil ein konferansevert alltid vere i nærleiken, og i businessenteret finn du alle nødvendige kontorfasilitetar. Hotel Union Geiranger har vore eit familiedrive hotell heilt sidan familien Mjelva tok over hotelldrifta i 1891. Union er framleis eit moderne hotell, og vi legg vekt på å utvikle oss i tråd med gode tradisjonar, ekte hotellånd og med omtanke for kvar enkelt gjest. Vi ynskjer deg varmt velkomen til Hotel Union, og vonar du vil reise herifrå full av inntrykk og ny energi.

Venleg helsing Familien Mjelva og personalet 4. generasjon vertskap

3



EI KOMPLETT KONFERANSEOPPLEVING Vi hjelper deg frå A til Å Fortel oss om føremålet med arrangementet ditt, så hjelper vi deg å setje saman ei komplett og vellukka konferanseoppleving. DIN EIGEN KONTAKTPERSON Du får tildelt ein fast kontaktperson i planleggingsfasen, som hjelper deg med alle praktiske detaljar i programmet. Når du legg arrangementet ditt til Hotel Union, kan du difor vere trygg på tidsplan og tilrettelegging. Vi kjem gjerne med framlegg til gode felles aktivitetar, aktuelle oppgraderingar og den rette balansen mellom fag, inspirasjon og kos. BUSINESSENTER OG KONFERANSEVERT Hotel Unon har eige businessenter i nær tilknyting til konferansesalar, grupperom, pause- og utstillingslokale. I businessenteret har du tilgang til alle nødvendige kontorfasislitetar. Ein konferansevert vil vere tilgjengeleg i konferanseavdelinga under heile arrangementet. TEKNISK TILRETTELEGGING Vi har moderne utstyr tilgjengeleg i alle salar og møterom. Skal du ha eit teknisk krevjande arrangement, kan vi leige inn nødvendig utstyr og teknisk kompetanse for deg. Vi har lang erfaring med teknisk tilrettelegging, og sørgjer for at alt du treng er på plass. KONFERANSEPAKKAR For å gjere planlegginga enklare for deg, tilbyr Union fleire ulike konferansepakkar. Dei enkle pakkane dekkjer alt det grunnleggande ved ein konferanse, medan dei utvida kombinasjonspakkane inkluderer aktivitetar, mat- og vinopplevingar eller oppgraderte rom og møtefasilitetar. Sjå hotelunion.no for oppdaterte tilbod.

5


UNION KONGRESS – GOD PLASS OG STORE MULIGHEITER GEIRANGERSALEN – 448 m2 Geirangersalen er på 448 kvm med kapasitet til 400 personar i rekkjeoppsett. Vi kan dekke til bankett med ovale bord til 400 personer eller 500 ved langbord. Heve- og senkescena har stor fleksibilitet og byr på mange moglegheiter. Takhøgda i Geirangersalen er 5,5 meter, og panoramavindu slepp inn mykje lys og natur.

FOAJE – 260 m2 Foajeen er på 260 kvm. Området blir ofte nytta som pause- eller utstillingsareal og ligg i direkte tilknyting til Geirangersalen og fleire andre møterom. Foajeen har eigen inngang, tilrettelagt for blant anna innkøyring av bilar.

m2

BANKETT KINO REKKEOPPSETT

NASH – 60 m2 I møterommet Nash er det plass til 26 personar, men også denne salen kan delast i to, og fungerar då veldig bra som grupperom til 10 personar.

Geirangersalen 448m

450 pax

600 pax

450 pax

Geirangersalen 1

224m2

200 pax

240 pax

160 pax

Geirangersalen 2

224m2

200 pax

240 pax

160 pax

2

BUICK – 144 m2 Buicken er på 144 kvm med kapasitet til 100 personar i rekkjeoppsett og til bankett. Salen kan delast i to. Ved større kongressar fungerer romma ypperleg som presserom og sekretariat.

m2

BANKETT KINO REKKEOPPSETT

Buick 144m

100 pax

140 pax

90 pax

Buick 1

72m2

50 pax

70 pax

36 pax

Buick 2

72m2

50 pax

70 pax

36 pax

2

PREIKESTOLEN - 120 m2 Preikestolen ligg i 5. etasje og har god kapasitet for 80 personar i rekkjeoppsett og til bankett. Salen er på 120 kvm, og kan delast i to grupperom.

m2

BANKETT KINO REKKEOPPSETT

Preikestolen 120m2

100 pax

110 pax

84 pax

Preikestolen 1

60m

50 pax

50 pax

36 pax

Preikestolen 2

60m2

50 pax

50 pax

36 pax

2

CADILLAC – 86 m2 Cadillac har teppelagt golv og god plass til 40 personar i rekkeoppsett. Salen har eigen veranda.

m2

Cadillac 86m2

6

GRUPPEROM Suitane med storslått utsikt gir god plass og behagelege arbeidsforhold til mindre møter eller som grupperom. I tillegg kan dei ulike møteromma delast inn og brukast som grupperom.

BANKETT KINO REKKEOPPSETT -

70 pax

50 pax

KVIFOR LEGGE ARRANGEMENTET TIL HOTEL UNION? • Arrangement for opp til 400 deltakarar • Små og store møterom • Stort utstillings- og pauseområde • Høgt under taket, innkøyring med bil er mogeleg • Lyse, nøytrale fargar • Grupperom og gode samtalerom • Store salongar, fleire fellesområde, intime sitjegrupper • Din eigen kontaktperson i planleggingsfasen • Konferansevert tilstades under arrangementet • Businessenter med kontorfasilitetar • Hjelp til alle typar teknisk tilrettelegging • Unik veteranbilsamling med mange køyrbare bilar • Samlande atmosfære, der ingen går på byen • Mange mogelegheiter til oppgradering • Mange mogelegheiter til å gjere stas på heidersgjester • Union Bad & Spa, med rom for avkopling og kvile • Intime middagar, store festoppdekkingar, unionsbuffé og à la carte • Heimelaga mat, gode, lokale råvarer • Skreddarsydde matopplevingar både inne og ute • Skreddarsydde aktivitetar i fantastisk natur • UNESCO sitt verdsarvområde Vestnorsk Fjordlandskap • Reisa til og frå er ei oppleving i seg sjølv


ALT PÅ EIN STAD KONFERANSEAVDELINGA

1. Kongressresepsjon 2. Kongresskontor 3. Pause-/utstillingsareal: 260 m2 4. Pauseareal/galleri 5. Cadillacen: 86 m2 6. Buicken: 144 m2 6a: 72 m2 6b: 72 m2 7. Heve/senke scene: 8m x 4m 8. Geirangersalen: 448m2 8a: 224 m2 8b: 224 m2 9. Nash: 60 m2 10. Preikestolen: 120 m2 – 5. et. (sjå “hotellet” nr. 24. Hoteloversikt)

4 2 1

3

5

6a 6

8a

7

8

9

8b

6b

Stipla linjer markerer bane for deleveggar.

1. ETASJE 1. Butikk 2. Hovudinngang 3. Resepsjon 4. Dronningsalongen 5. Salong 6. Salongbar 7. Nina Grieg Terrasse 8. Restaurant Julie 9. Restaurant Fjorden 12. Bankett & kongress avdeling

HOTELLET 1 19

18 17

16

13 20

21

24

12

22 14

3

2

3. ETASJE 13. Café Løsta 14. Leikeland 16. Union Bad 17. Barnebasseng 18. Union Bad & Spa resepsjon 19. Union Spa 20. Hotellhage 21. Mollaløa 22. Treningsrom og solarium (2. et.)

6 26

9

5

25 8

10 11

4 23

7

5. ETASJE 23. Tårnet 24. Preikestolen konferranserom U-ETASJE 10. Studebaker Nattklubb 11. Vognfabrikken 25. Veteranbilgarasje 26. Nash møterom

1. MOLLALØA Ynskjer du ei uhøgtideleg samling, eller planlegg du eit intimt måltid utanom det vanlege? Mollaløa er ei gammal, rustikk løe som står i hotellhagen. Løa passar for grupper som ynskjer ei stemningsfull matoppleving i særeigne omgjevnader. 2. GEIRANGERSALEN TIL MØTER OG FEST 1.

2.

2.

7


MAT OG DRIKKE KONFERANSEMAT Vår filosofi er å lage god norsk og internasjonal mat av dei aller beste råvarene. Kjøkenet på Hotel Union Geiranger lagar helst maten frå grunnen av, og mange av oppskriftene har følgt hotellet i generasjonar. Vi serverer frukostbuffé, lunsjrett og middagsbuffé som standard til våre konferansegjester. Enkelte konferansepakkar inneheld oppgraderte konferansemåltid, og vi kjem gjerne med framlegg til unike matopplevingar for di gruppe. NONSMAT Vi høyrer mykje godt om den tradisjonsrike sunnmørske nonsmaten vår, og har difor inkludert nonsmåltidet i nokre av konferansepakkane om vinteren. Dette er eit godt lite ettermiddagsmåltid med m.a. heimebaka brød, nykokt kaffi, heimelaga syltety og litt søtmat. SKREDDARSYDDE MATOPPLEVINGAR Den fantastiske naturen og kulturhistoria i Geiranger er både ramme og inspirasjon for unike matopplevingar. Mogelegheitene er mange: Ei rustikk middagsoppleving i Mollaløa, grilling i hotellhagen, sommarmåltid på Geirangerfjorden, aperitiff i Ørnesvingen eller tradisjonsmat tillaga og servert ved bålet. Vi dekkjer like gjerne til fest for 400 som for to, og veit at det er summen av dei små detaljane som skapar dei store opplevingane. MOLLALØA Denne gamle løa passar for grupper som ynskjer ei matoppleving i rustikke omgjevnader. Mollaløa som står i hagen til Hotel Union Geiranger og er innreidd for uhøgtidelege samlingar og stemningsfulle måltid. VINKJELLAR Union sine eigne vinkelnerar deler gjerne av kunnskapen sin. Vi arrangerer vinkurs for små og store grupper og kan invitere til spennande besøk i vår eigen vinkjellar. BARAR Lobbybaren ligg like ved resepsjonsområdet. Her finn du 160 gode sitjeplassar i mjuke salongar og skjerma område for samtalar og mindre samlingar. I underetasjen ligg temabaren Vognfabrikken, som er inspirert av dei unike veteranbilane som familien Mjelva har teke vare på i generasjonar.

8

NATTKLUBB Dette er hotellet sin underhaldningsarena. I nattklubben spelar vi opp til dans med husets orkester. Vi arrangerer også andre typar underhaldning her, og mange kjende artistar har hatt stor suksess med stand-up-show, konsertar og førestillingar for gjestene våre.

«Nonsmåltidet, med grovt brød og hjemmebakst, litt sunt og litt søtt, tok meg rett tilbake til barndomen og det lune kjøkkenet til mormor.» (Konferansegjest)

«Alt blir lagt til rette. Håndterer de aller fleste utfordringer, praktiske som tekniske.» (NRK)



AKTIVITETAR Gode aktivitetar er med på å gjere ein vellukka konferanse komplett. Naturen rundt hotellet er fantastisk, og innandørs har vi fasilitetar som innbyr til gode stunder. Vi hjelper deg å planlegge aktivitetar – anten du vil ha avspenning og velvere eller ein god dose adrenalin. FOR DEN GODE GRUPPEKJENSLA Hotel Union har lang erfaring med å arrangere events for små og store grupper. Her finn du lett den gode balansen mellom fagleg innhald, inspirasjon og kos. Vi kan setje opp eit godt program for gruppa di, med friske naturopplevingar, kultur, historie og ei velfortent stund i Union Spa.

POPULÆRE KONFERANSEAKTIVITETAR PÅ UNION • Nordic Walking Geiranger • Union Spa • Team Geiranger • Tur til fjordgardardane • Sightseeing med M/S Geirangerfjord • Kajakktur på fjorden • Bussutflukt til Trollstigen, Herdalssetra, Briksdalsbreen eller Dalsnibba • Fottur med guide • Omvisning i veteranbilgarasjen og historisk vandring

FOR HEIDERSGJESTEN På Union har vi teke imot mange spesielle gjester, og mang ein heidersgjest har late seg imponere av ein biltur i open veteranbil. Har du nokon du vil gjere ekstra stas på, har vi fleire framlegg til minnerike markeringar.

«Etter tre intense møtedagar på hotell ville eg normalt vere sliten, men opphaldet på Union gjorde at eg kom heim utkvilt og med meir energi enn på lenge.» (Møtedeltakar)

VETERANBILGARASJEN Ein aperitiff i veteranbilgarasjen har vorte eit populært innslag før middag. Besøket kan også inngå i ei historisk vandring, eller vi kan arrangere ei mottaking eller ein spesiell seremoni i omgjevnader prega av oljeduft og krom. HISTORIA OM BUICKEN, CADILLACEN OG NASHEN Dei tre bilane som har lånt namn til kvart sitt lokale i konferanseavdelinga, har alle spelt ei viktig rolle i Geiranger si spesielle reiselivshistorie. Reisande har alltid hatt eit ønske om å bli frakta opp på fjellet, og dette kravde standsmessige køyrety.

Geiranger Skysslag organiserte turane. På det meste var 60 bilar med i ordninga. Buicken frå 1927, Cadillacen frå 1919 og Nashen frå 1931 vart nytta fram til ca. 1960. Dei er framleis i god stand, og har mellom anna vore nytta ved kongelege besøk. Det har også vore bilfabrikk i Geiranger. Dei store bilane på den tida var for breie, hadde for stor svingradius og kokte for eit godt ord. Då Adam Opel var gjest på hotellet, tok Karl Mjelva opp saka med han, saman med sin gode ven Bertel O. Steen. Han trengde bilar som var betre tilpassa Geirangervegen. Fram til 1914 kom 9 Opelchassiar i deler til Geiranger, der karosseria vart bygde og bilane monterte.




UNION BAD & SPA Nyt den gode stunda UNION BAD Vatn, damp og glede I Union Bad kan ein slappe av og hygge seg i fellesskap. Her finn du innandørs symjebasseng med peis og avslappingssoner, sauna, utandørs terapibasseng med boblebad, massasjedyser og kobra, kafé, hage, garderobar, treningssenter og solarium. UNION SPA Natur, fornying og lykke Union Spa er stoltheita vår og ein oase for avslapping. Her kan du nyte å ha litt ekstra tid til deg sjølv. Union Spa dekkjer 1500 m2 og gir deg ei spa-oppleving på internasjonalt nivå.

«Helt fantastisk bra! Må være Nordens beste spa! Vi har storkoset oss og kommer til å anbefale dette nydelige stedet til mange!» (Frå gjesteboka i spa)

FASILITETAR Union Bad: • Innandørs symjebasseng med peis og avslappingssoner • utandørs terapibasseng med boblebad, massasjedyser og kobra • sauna • kafé med tilgang til hage • hage med behagelege liggestolar • barnebasseng for dei minste • resepsjon • garderobar • praktisk stellerom • leikerom • treningssenter • solarium Union Spa: • Spa-resepsjon og garderobar • Saunaområde med hydrawalk, varmebenk med fotbad, opplevingsdusjar, sauna, saunabesøk med saunaritual, dampbad, varme bad, utandørs terrasse • avslappingssoner med peisestue, stillerom, relaxrom, bibliotek • behandlingsrom for spabehandlingar, hamam, serail, softpack • måltid - spafrukost servert i peisstua - kaffi, te og frukt - lunsj/drikke kan bestillast til peisstua eller biblioteket

13



REISA TIL GEIRANGER – EI NATUROPPLEVING I SEG SJØLV Geiranger ligg i hjartet av Fjord-Noreg, og du reiser gjennom eitt av verdas vakraste naturområde for å kome hit. Kjem du med fly til Ålesund, håpar vi du vel å ta båt den eine vegen og buss den andre. Begge alternativa tek to timar til/frå Ålesund lufthavn, Vigra, og reisa tek deg gjennom eit mektig og skiftande landskap. Vi kan arrangere stopp med servering undervegs. TOTAL REISETID (INKL FLYTID) Frå Oslo: 3–4 t Frå Stavanger: 3,5–4,5 t Frå Bergen: 3–4 t Frå Tondheim: 3–4 t Frå Tromsø: 5,5–6 t

HOTELINFORMASJON • 197 rom 17 suitar 2 spa-suitar 2 deluxe-suitar 13 juniorsuitar • overnatting til totalt 400 deltakarar • á la carte-restaurant • buffé-restaurant • bar og nattklubb • kafé • romslege salongar • god nettdekning/fiber • kongressavdeling (400) • bankett • bad & spa • fitness-rom • barnebasseng • aktivitetar for barn • gåvebutikk • veteranbilmuseum • hage • vandring • UNESCO Verdsarvområde

Tromsø Tromsø

«På veg innover fjorden fekk vi båten til å slakke ned på farten. Vi ønskte at turen innover til hotellet skulle vare enda lenger. Det var berre så flott!» (Kursarrangør)

Trondheim Trondheim Geiranger Geiranger

Bergen Bergen

Ålesund Ålesund

Oslo Oslo Volda Volda

Geiranger Geiranger

Stavanger Stavanger

15


Hotel Union. 6216 Geiranger. Norway Tel: +47 70268300. Fax: +47 70268350 booking@hotelunion.no www.facebook.com/hotelunion hotelunion.no

1311_a DESIGN: Anne Hagen Design. TEKST: Akka Tekst. FOTO: Damian Heinisch, Husmo foto, Terje Rakke/Nordic Life, Rune Hagen, Arne Hagen, Arne Aasheim.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.