BAD & SPA Ro i sjela er ein god start på vegen mot ei kjensle av lykke. Omgjevnadene påverkar deg meir enn du trur, og samvær med naturen ladar opp kropp og sinn med ein energi du kan leve lenge på.
SPA FILOSOFI RO I SJELA ER EIN GOD START PÅ VEGEN MOT EI KJENSLE AV LYKKE. Omgjevnadene påverkar deg meir enn du trur, og samvær med naturen ladar opp kropp og sinn med ein energi du kan leve lenge på. No inviterer vi deg inn i eit av dei vakraste landskapa i verda. Utsynet over Geirangerfjorden og fjella rundt. Lyden av fossebrus. Klar, rein luft. Alt saman er med på å skape indre fred og å la tankane flyte fritt. Når du har funne ro og stille, er vegen kort til djupt, indre velvære. Harmoni og velvære veks fram innanfrå. Fred, ro, vatn og urter reinsar kropp og sjel, og kan gi deg den gode kjensla av å vere nøgd. Både sjølve spa-behandlinga, romma det skjer i og nærleiken til naturen utanfor tek deg ut av kvardagen ei stund. Vi har lagt alt til rette for at du skal få ei real, sanseleg oppleving.
HJARTELEG VELKOMEN TIL DEN GODE STUNDA!
UNION BAD
VATN, DAMP OG GLEDE Vatn gleder store som små. Ei god vatnoppleving er mental og fysisk mosjon, harmoni, positive øyeblikk og mykje, ny energi. I badeavdelinga vår kan du symje ute og inne, og kople av i avslappingssoner mellom taka. Sauna friskar opp huda og tankane. For barna har vi eiga badeavdeling med sklie, grotte og basseng. Etter eit besøk i det våte element kan barna boltre seg i leikeromet som ligg rett ved, og kanskje nyte ein is i Kafè Løsta. FASILITETAR I UNION BAD • INNANDØRS SYMJEBASSENG MED PEIS OG AVSLAPPINGSSONER • UTANDØRS TERAPIBASSENG MED BOBLEBAD, MASSASJEDYSER OG KOBRA • SAUNA • KAFÈ LØSTA MED TILGANG TIL HAGE • HAGE MED BEHAGELEGE LIGGJESTOLAR • BARNEBASSENG FOR DEI MINSTE • RESEPSJON • GARDEROBAR • PRAKTISK STELLEROM • LEIKEROM • TRENINGSSENTER • SOLARIUM PRISAR BUANDE GJESTER Inngang fritt under hotellopphaldet PRISAR EKSTERNE GJESTER Høgsesong Lavsesong Vaksne kr 250,kr 150,Barn kr 125,kr 75,Familie kr 500,kr 400,-
UNION SPA
NATUR, FORNYING OG LYKKE Lykka er å ha litt ekstra tid til seg sjølv. Nærleik til naturen og med eit av verdas vakraste landskap som utgangspunkt, får du oppleve kva komplett velvære kan utrette for deg. Union Spa er pleie av mental helse, nedstressing og inspirasjon på same tid. Ekte, reine og annleis vatnopplevingar, reinsing og behandlingar. Ei stund av lykke i kvardagen. Vi håper du kjem att. FASILITETAR I UNION SPA • SPA-RESEPSJON • GARDEROBAR • SAUNAOMRÅDE MED - Hydrawalk - Varmebenk med fotbad - Opplevingsdusjar - Sauna - Saunabesøk med saunaritual (inkludert i inngang) - Dampbad - Varmebad - Utandørs terrasse • AVSLAPPINGSSONER MED - Peisestue - Stillerom - Relaxrom - Bibliotek • BEHANDLINGSROM FOR - Spabehandlingar - Hamam - Serail - Softpack • MÅLTID - Spafrukost servert i peisstua (inkludert i inngang) - Kaffi, te og frukt (inkludert i inngang) - Lunsj og drikke kan bestillast til peisstua eller bibliotek
PRISAR BUANDE GJESTER Inngang per dag kr 300,2 dagar pass kr 500,PRISAR EKSTERNE GJESTER Inngang per dag kr 400,Ved å ta behandlingar som kostar frå kr 940,er det gratis inngang i Union Spa.
SPA ETIKETTE SLIK ØNSKJER VI AT GJESTENE VÅRE SKAL NYTE UNION SPA Stille og ro er sjølve ramma for god og djup indre reinsing. Derfor spelar atmosfæren i spa-avdelinga vår ei viktig rolle. Aldersgrensa er 18 år, men som forelder kan du ta med deg barn ned til 16 år.
MØT I GOD TID Eit besøk i Union Spa skal vere avslappande og utan stress. Har du reservert behandling tilrår vi deg å møte opp ca. 30 minutt før behandlinga byrjar. Då har du god tid til å skifte, prøve varmeog vassopplevingane våre, og gjere deg klar. Skulle noko gjere at du kjem for seint til avtalt behandling vil behandlingstida bli innkorta tilsvarande i respekt for den neste som har avtalt behandling. Drikk alltid godt med vatn før behandlinga startar.
BLI KJENT MED UNION SPA Alle som besøkjer Union Spa får tilbod om omvising for å bli betre kjent med produktet. Om du ønskjer omvisning i Union Spa utan å måtte ha på badekåpe, kan de førehandsavtale omvisning til utanom opningstid.
HANDKLE Du får utdelt handkle i spa-resepsjonen til bruk i garderobane. Ytterlegare handkle finn du inne i Union Spa, og av hygieniske hensyn, ber vi om at disse blir benytta ved besøk i sauna, dampbad og på varmebenk. I avslappingssonene tar vi av vått badetøy eller brukar handkle i liggjestolane. Som sertifisert miljøfyrtårn håper vi du tek omsyn til miljøet.
UNN DEG LITT TID ÅLEINE Ta deg ei stund for deg sjølv, før du startar sjølve behandlinga. Ein symjetur inne eller ute er god avkopling. Eller kanskje ein reinsande sauna, eit japansk varmebad eller opplevingsdusjar. Dette varmar opp både kropp og sjel. På den måten får du maksimalt ut av behandlingane. Etter behandling eller besøk i saunaområdet, anbefalar vi ei god stund i avslappingssonene våre. Her kan du kvile deg ut, sove, lese, eller få lett servering.
KORREKT KLEDD Alle våre spa-gjester får låne gode, mjuke badekåper og badetøflar som vi ber alle spa-gjester benytte ved eit besøk i Union Spa. I våtrom og sauna er det påkravd med badetøy. Bruk badekåpa og tøflane når du oppheld deg i avkoplingssonene. Smykke og private eigedelar kan du oppbevare i dei låsbare garderobeskapa. Dei fleste kroppsbehandlingar og massasjar blir gjennomført med undertøy/badetøy. Eingongsundertøy er og tilgjengeleg. Eingongsundertøyet kan anbefalast for behandlingar som set farge.
GODE RÅD Før alle behandlingar tek til tilbyr vi deg ein konsultasjon med ein av våre terapeutar om kva som er viktig for deg, for å få den beste spa-opplevinga. Eventuelle plager, allergiar eller anna ubehag som kan vere avgjerande for resultatet, er viktig å få informasjon om. Det heile blir koordinert med dine ønskjer og behov. På den måten får du maksimalt ut av behandlinga. God kommunikasjon er nøkkelen til ei god behandling.
AVKOPLING OG SUNNE MÅLTID
BEHANDLINGAR FOR TO ELLER FLEIRE
Velværeavdelinga har fleire avkoplingssoner der du kan nyte fullstendig ro før og etter behandlingane, alt etter kva behov du har. Kanskje føretrekk du å kople av med ei bok frå biblioteket, lukke auga i mjuke liggestolar, nyte roa i det stille rommet, meditere til utsikta eller ete eit lett og sunt måltid. Den beste spa-opplevinga får du når magen er sånn passe mett, spesielt når du tek behandling. Vi anbefaler at du drikk mykje av det reine og gode vatnet vårt både før, under og etter spa-besøket. Vatn er spesielt viktig når du oppheld deg i saunaområdet.
Det er alltid hyggeleg å dele ei positiv oppleving med andre. Vi har ulike behandlingar der to eller fleire kan vere saman. Du kan lese meir i spa-menyen om moglegheitene for å dele litt luksus og lykke.
Du kan ete og drikke godt i Kafè Løsta frå ein meny samansatt av friske og sunne råvarer. Nokre vel å nyte vellaga te og den vakre utsikta frå peisstova. Ønskjer du å sove lenge, serverer vi enkel kontinental frukost nettopp her, i tida mellom kl 09.00 og kl 12.00. Frukt står tilgjengeleg heile dagen. Ta gjerne kontakt med spa-resepsjonen om du ønskjer lunsj eller drikke servert i avslappingsromma.
AVBESTILLING Vi ber om at avbestilling av spa-behandlingar skjer minst 24 timar før behandlinga skal byrje. Ved avbestilling seinare enn det, blir behandlinga belasta 100%.
MOBILTELEFON Ei spa-oppleving skal redusere stressnivået gjennom avslapping og stille. Mobiltelefonar set vi på lydlaust, og legg dei i garderobeskapet før vi går inn i Union Spa.
BARBERING
FOTOGRAFERING
Ei god ansiktsbehandling blir betre med glatt hud, og vi tilrår at eventuell barbering blir gjort 5-6 timar før behandlinga startar. Ønskjer du den spesielle, avslappande kjensla vår kroppsbehandling i den tyrkiske hamamen gir, tilrår vi at barbering blir gjort dagen før.
Eit opphald i spa-avdelinga skal vere ei privat oppleving. Vi ønskjer at gjestene våre skal kunne nyte den gode stunda utan å bli forstyrra av fotografering eller filming
OPNINGSTIDER Sjå hotelunion.no eller kontakt oss på +47 70268323 for opningstider og ledig kapasitet.
SPABEHANDLINGAR Harmoni og velvære veks fram innanfrå. Fred, ro, vatn og urter reinsar kropp og sjel, og kan gi deg den gode kjensla av å vere nøgd. Både sjølve spa-behandlinga, romma det skjer i og nærleiken til naturen utanfor tek deg ut av kvardagen ei stund. Vi har lagt alt til rette for at du skal få ei real, sanseleg oppleving – den gode stunda. I behandlingane våre brukar vi det tyske merket BABOR Cosmetics, som har 50 års erfaring innan pleiande kosmetikk og personleg hud og kroppspleie. Babor Cosmetic sin Spa-filosofi byggjer på heilheitstankegangen om kropp og sjel, harmoni og balanse, og å gi kunden ei oppleving gjennom naturen si kraft. Det blir kun brukt naturlege ingrediensar i produkta, og kombinasjonen med bruk av vatn i behandlingane, passar dette bra til vårt konsept. VED Å TA BEHANDLINGAR SOM KOSTAR FRÅ 940 NOK ER DET GRATIS INNGANG I SPA.
GEIRANGER SIGNATUR BEHANDLINGAR HAMAM 50 minutt tyrkisk hamamritual: kr 990,-
Hamam er eit tradisjonsrikt ritual for reinsing, som ei reise der du kan gløyme både tid og stad. Du ligg på ei varm steinplate i så fuktige omgivnader som er mogleg. Varme, damp, skum, lukter og massasje utrettar små mirakel og spelar på alle sansane. Etter behandlinga byd vi på eplete i eige rom. Ritualet passar like godt åleine som saman med din kjære eller ein ven.
WESTERÅS 85 minutt spesialbehandling: kr 1410,-
Vi har laga ei harmonisk og balansert behandling med massasje, ansiktsreins og bruk av varme steinar. Nyt ei stille stund i sanselege omgivnader.
MASSASJE KNUTEN 25 minutt massasje: kr 470,-
Knuten er eit uvanleg byggverk på den opphavlege Geirangervegen frå 1889 og blir framleis settpå som stor ingeniørkunst. Etter lange økter inne eller ute kan du slappe ekstra godt av med saligmuskelmassasje av rygg, nakke eller føter. Slikt gir meir energi og ein retteleg opptur.
ØRNESVINGEN 50 minutt massasje: kr 940,-
Ørnesvingen med panoramautsikt over Geirangerfjorden og fjella rundt er utsiktspunktet du ikkje må gå glipp av. Med full kroppsmassasje har du også utsikter til toppen av all velvære. Mjuke, rytmiske rørsler og godluktande oljer løyser opp muskelspenningar og frigjer energi. Dette er ein time investering i god mental helse.
ØVST OPPE 25 minutt massasje: kr 470,-
Denne behandlinga tek presset bort frå skuldrer, hovud og ansikt. Lat tankane flyte, slapp heilt av og nyt alle dei mjuke rørslene.
LENGST NEDE 25 minutt massasje: kr 470,-
Dei svake punkta på kroppen merkar du godt når du står oppreist. Massasje på slitne turføter utrettar små mirakel og gir ny balanse og energi.
DEI SJU SYSTRENE 25 minutt massasje: kr 470,50 minutt massasje: kr 940,Av alle kjende fossar i Geiranger er Dei sju systrene mest vidgjetne. Fallhøgda er 300 meter, og namnet fekk fossen fordi falla på avstand liknar håret til sju kvinner. Ønskjer du massasje, men er usikker på kva du bør velje, gler vi oss til å skreddarsy ei heilt spesiell behandling for deg. Vi set saman nettopp det du treng, her og no.
LAUSHORNET 85 minutt steinmassasje: kr 1410,-
Det mektige fjellet Laushornet stikk 1500 meter over Geirangerfjorden. Både på denne og andre toppar ventar eventyrlege stunder. Vi byd på vedunderleg steinmassasje med varme steinar, rytmiske rørsler og aromatiske oljer som får både musklar, hud og sansar til å kople heilt ut. Med på kjøpet får du energi frå den norske fjellheimen.
ANSIKTSBEHANDLINGAR
KROPPSBEHANDLINGAR
DALSNIBBA
FJELLVANDRARDRAUMEN
25 minutt ansiktspleie: kr 470,-
Fjelltoppen med same namnet ragar 1500 meter over Geirangerfjorden, og utsynet der oppe frå er fantastisk. Denne behandlinga er også eit høgdepunkt i Geiranger fin som avkopling i pausen eller etter konferansen. Mild reins med frisk etterbehandling basert på aktive konsentrat som fuktar og roar huda. Ein effektiv oppkvikkar.
FLYDALSJUVET 40 minutt ansiktspleie: kr 650,-
Eit av dei mest spektakulære utsyna i Geiranger finn du frå Flydalsjuvet. Viss du vil, kan også augepartiet ditt bli eit syn verdt. Vi retter augnebryna, fornyar fargen på bryn og vipper, og avsluttar med frisk reins.
BRUDESLØRET 55 minutt ansiktspleie: kr 940,-
Ein av dei mest kjende fossane i Geiranger heiter Brudesløret. Vatn blir kasta utfor fjellet og treff fjorden 300 meter lenger nede som lett yr. Denne behandlinga inneheld eit herleg ritual med velgjerande fukt og ingrediensar frå naturen. Ansiktet får ei frisk og balansert kjensle av velvære, og behandlinga tilpassar vi hudtypen din.
FRIAREN 55 minutt ansiktspleie: kr 940,-
Friaren er ein vakker og mykje fotografert foss i Geiranger. Segna vil ha det til at Friaren prøvde seg på Dei sju systrene på andre sida av fjorden – til inga nytte. Vår friar er ei ansiktspleie som passar til menns spesielle hudtype. Prosessen djupreinsar, set fart i blodsirkulasjonen, fuktar og stramar huda, og gir den same fine gløden som du får utandørs i frisk fjordluft.
DJUPGJELET 85 minutt ansiktspleie: kr 1410,-
Historia frå Geiranger om jordmorruta langs den bratte og rasfarlege fjellveggen forbi Djupgjelet er godt kjend. Vi har gitt den mest effektive ansiktspleia vår namn etter dette fjellpasset. Aktive ingrediensar frå naturen fuktar huda, gjer den mest elastisk og verkar oppstramande. Vi lovar ei komplett avkopling for hud og sinn, og frisk, naturleg glød.
KNIVEN 85 minutt ansiktspleie: kr 1410,-
Kniven er det karakteristiske fjellet der Dei sju systrene fossar nedover. Inspirert av fjellveggen har vi sett saman ein kur som går djupt ned og effektivt reinsar bort døde hudceller ved hjelp av ei oppstramande maske av enzymar. Huda blir som ny, og fjernar flekker og ureine parti. Passar for både kvinner og menn.
40 minutt kroppsinnpakking: kr 650,-
Å liggje heilt avslappa, med den gode kjensla av intens stille, er det beste kroppen kan få etter ein dag på vandring. Innpakka i ei herleg blanding av frukter, urter, algar eller mineral som alle verkar oppfriskande på hud og kropp, flyt du behageleg på ei seng av varmt vatn og velvære. Etterpå kan du pakke deg inn i mjuke handklede, og nyte roa i avslappingssona på hotellet.
SKAGEFLÅ 20 minutt skrubb: kr 450,-
Fjellgarden Skageflå har husa kongelege og kvardagsslitarar, der han ligg på ei fjellhylle høgt over Geirangerfjorden. I denne behandlinga djupreinsar vi huda og fjernar alt uhumskt med ei blanding av salt, frukter eller urter frå naturen. Essensielle oljer masserer og stimulerer blodsirkulasjonen i huda som grunnlag for ei nærande kroppsbehandling som gjer deg mjuk og klar for kva behandling som helst.
KNIVSFLÅ 30 minutt organisk kroppsritual: kr 400,-
Den vakre garden Knivsflå ligg i bratta, tett inntil fossefallet Dei sju systrene. Nettopp vatn er temaet i dette herlege dampbadet, åleine, med din kjære eller med inntil fire vener. Serail kallar vi denne behandlinga med ei maske med næringsrike mineral som verkar ekstra godt i dampbadet, og med ein varm dusj som gjer ekstra godt til slutt. Friskare blir det ikkje!
FJORDDYKK 50 minutt kroppsinnpakking: kr 940,-
Knapt noko er så stimulerande ein varm sommardag som å stupe ned i Geirangerfjorden, og symje rundt under fjella, midt i verdsarven. Alger er avgiftande, drenerande og reinsar. I denne behandlinga får du først ein oppkvikkande skrubb med salt, deretter ei algeinnpakking som aktiverer huda, stimulerer blodomløpet og er oppstramande. Du føler deg ekstra lett og frisk før kvelden.
HAND- OG FOTPLEIE
MAKE-UP
GEIRANGER SPA MANIKYR
GEIRANGER MAKE-UP
50 minutt manikyr: kr 940,-
55 minutt: kr 720,25 minutt: kr 420,-
Vi tek ekstra god hand om deg med eit bad, mild skrubb, maske, neglepleie, handmassasje og neglelakk.
GEIRANGER SPA PEDIKYR 50 minutt pedikyr: kr 940,-
Vi klargjer huda før vi legg på make-up for dag- eller kveldsbruk, og får fram den naturlege gløden.
Etter ein lang og aktiv dag fortener føtene berre det beste. Negler og føter blir stelt med eit deilig bad, skrubb, neglelakk og mjuke, velgjerande kremar. Dette gir ny energi frå topp til tå.
GRAVID
FARGE OG HÅRFJERNING
VÅRE ANBEFALTE BEHANDLINGAR FOR DEN GRAVIDE:
Farge på vipper: kr 250,Farge på bryn: kr 250,Varsam voksbehandling av bryn: kr 250,Varsam voksbehandling av overleppe: kr 250,Varsam voksbehandling av hake: kr 250,-
• Massasjen øverst oppe • Massasjen lengst nede • Ansiktsbehandlingar • Hand- og fotpleie
Desse behandlingane må kombinerast med ei av ansiktsbehandlingane våre. Varsam voksbehandling av bikinilinje eller underarm: kr 350,Varsam voksbehandling av leggar: kr 350,Varsam voksbehandling av lår: kr 350,Varsam voksbehandling av rygg: kr 350,Farge på vipper og bryn, retting av bryn – 350 NOK Forming og farging av bryn – 350 NOK
K JØP GÅVEKORT PÅ 1-2-3. Scann QR-koden for å bestille. Vi sender gåvekortet på e-post med det same. Du kan også bestille frå hotelunion.no
Nokre av behandlingane i spamenyen skal ein vere forsiktig å ta når ein er gravid. Dette gjeld spesielt dei varme behandlingane og dei som drenerer.
I VENTETIDA 50 minutt kroppspleie: kr 940,-
Alle veit at graviditeten har mange og ulike behov. Eit av dei er å bli tatt ekstra godt vare på. Vi har satt saman ei oppleving av berøring, avslapping og vatn som vi veit vil gjere deg godt. Hensikta er å få kroppen i harmonisk balanse til beste for deg og babyen.
GRAVIDMASSASJE 50 minutt massasje: kr 940,-
For deg som er gravid kan litt muskelavspenning gjere godt. Snakk med terapeuten din og få tilpassa dine behov. Dette fortener du!
KOMBINASJONSPAKKAR Union Spa kan anbefale fleire kombinasjonspakkar med behandlingar som passar spesielt godt saman og gir ei god totaloppleving. FOR 2 - 3 timar kombinasjonspakke: kr 2300,- per person
Inngang Union Spa Hamam – reinsingsrituale Laushornet steinmassasje Snacks
FOR GODE VENER - 2 timar kombinasjonspakke: kr 950,Inngang Union Spa Knivsflå – organisk kroppsrituale Fotbad i saunaområde Knuten massasje Snacks
FOR KVINNA - HALV DAG - 3 timar kombinasjonspakke: kr 2500,- per person Inngang Union Spa Knivsflå – organisk kroppsrituale Fotbad i saunaområde Brudesløret ansiktspleie Ørnesvingen massasje Snacks
FOR KVINNA – HEIL DAG - 6 timar kombinasjonspakke: kr 4200,- per person Inngang Union Spa Hamam – reinsingsrituale Brudesløret ansiktspleie Fjellvandrardraumen eller organisk kroppsrituale. Valfri Spa manikyr eller Spa pedikyr Laushornet massasje Lunsj
FOR MANNEN – HALV DAG - 3 timar kombinasjonspakke: kr 2500,- per person Inngang Union Spa Hamam reinsingsrituale Geiranger Spa Pedikyr Ørnesvingen massasje
FOR MANNEN – HEIL DAG - 6 timar kombinasjonspakke: kr 4200,- per person Inngang Union Spa Hamam - reininsingsrituale Friaren - ansiktspleie Spa pedikyr Laushornet massasje Lunsj
BAD & SPA
Hotel Union. 6216 Geiranger. Norway Tel: +47 70268300 | Booking: +47 70268323 spa@hotelunion.no hotelunion.no
FOTO: Damian Heinisch, Husmo foto, Terje Rakke/Nordic Life, Rune Hagen, Arne Hagen, Arne Aasheim.