Martine Grande: Ørn

Page 1

Bøker av Martine Grande på Samlaget

Kakerlakken med den stygge frakken ... og hovudet fullt av triste tankar. Biletbok. 2013 Dagen opp ned. Biletbok. 2015 Tapar. Lettlesbok. 2017

© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no

Design: Torill Stranger

Skrift: Source Sans

Papir: 150 g Munken Lynx

Trykkeri: Scangraphic

Printed in Poland

ISBN 978-82-340-0245-8

Samlaget Oslo 2021

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.

Til Erlend, Klara og Ester

Martine Grande ØRN

Sam veit kven alle på leikeplassen er.

– Sjå, så kjekt vennene dine har det, seier pappa.

– Gå ut og leik deg, du også!

– Mm, seier Sam.

– Pip, seier Ørn.

Sam tar på seg jakke og sko, roper ha det til pappa, går ut på trappa og stenger døra hardt bak seg.

Han set seg fort ned på huk.

Så opnar han døra lydlaust.

– 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10.

– Pip, seier Ørn.

– Hysj, kviskrar Sam. – Vi må vere stille!

Han krabbar opp trappa og smett inn på soverommet. Sam smyg seg gjennom gangen og kryp forbi kjøkkenet.

– Det var vel kjekt å leike med dei andre? seier pappa.

– Mm, seier Sam.

- Var Gorm der også? spør pappa. Sam seier ingenting.

– Supert, Sam, seier pappa.

Sam sit på rommet sitt heilt til det er tid for middag.

Da krabbar han ned trappa, kryp forbi kjøkkenet, smyg seg

gjennom gangen og opnar ytterdøra utan ein lyd.

Så smeller han døra hardt igjen og roper:

– Hei, pappa. Det er berre meg!

Men Sam veit at det er ingenting supert med han. Sam er grøn som seigt snørr og ei skikkeleg pingle. Dessutan liker han ikkje å vere ute. Spesielt ikkje om dagen. Om han berre var like tøff som Gorm.

Sam og Ørn har det alltid så kjekt saman. Når dei leiker, gløymer Sam pappa som masar og dei andre på leikeplassen.

Å berre sitte stille er også fint. Så lenge Ørn er der.

– Du må aldri fly ifrå meg, Ørn, seier Sam. – Pip, seier Ørn. – Bra, seier Sam.

Ein dag ser Sam noko som skin utanfor vindauget.

– Sjå, seier Sam.

– Pip, seier Ørn.

– Kva kan det vere? seier Sam.

Dei kikkar ut vindauget begge to, og ser ei jente på plassen utanfor.

Så fin ho er, tenker Sam.

– Ho er heilt gul, jo! Akkurat som deg, seier han til Ørn.

Men Sam vil sjå den gule jenta ein gong til før ho forsvinn bak svingen.

– Pip, seier Ørn.

– Er du heilt pling i bollen? seier Sam irritert.

– Pip pip, seier Ørn.

– Nei! seier Sam sint. – Eg vil ikkje gå ut! No er du akkurat like masete som pappa! Slutt!

Han lener seg lenger fram mot vindauget. Dei varme kinna hans treffer den kalde ruta. Det prikkar i huda. Jenta er kjapp, snart er ho borte.

Da gjer Sam noko han aldri har gjort før. Han strekker armane mot vindauget og opnar opp. Den kalde lufta klyp Sam i nasen. Auga hans følger jenta.

Så er ho vekk.

Sam skundar seg å lukke vindauget.

Lurer på kva ho heiter? tenker han. Er ho ny her?

I augekroken ser Sam det gule att. Det fniser i magen.

Det er noko oppe på himmelen han ser. Noko bitte lite. Noko gult og lite og … Det høgg til i brystet!

Han leiter med auga rundt i rommet.

Ørn er borte!

Ørn har floge ifrå han!

Rommet kjennest plutseleg veldig lite og veldig tomt. Kva skal han gjere no? Han tør ikkje dra ut og leite!

Men så tenker Sam på Ørn. Heilt aleine oppe på himmelen. Tenk om Ørn er redd. Tenk om han møter nokon som ikkje er snille. Stakkars, stakkars Ørn!

Sam bestemmer seg. Han skal finne Ørn. Han må det!

Ute stikk lyset. Sam har vondt i magen, huda kjennest piggete og munnen tørr.

Steinane er så tunge.

– Hallo?

Trea er så høge.

– Ørn?

Dammane er så djupe.

– Er du her?

Søppeldunkane er så ekle.

– Gi eit lite pip.

Men Sam høyrer ingenting frå vennen sin.

– Sjå på pingla!

Sam sluttar brått å leite.

Han blir kald under den varme jakka.

– Kravlar rundt som ein tissemaur.

Det er Gorm si stemme.

Sam kjenner ho altfor godt.

Han høyrer fleire snakke.

Gorm har med seg gjengen sin.

Men kvar er dei?

Så skjøner han. Det er ikkje Sam dei plagar denne gongen.

Fingrane deira peiker mot noko gult. Han ser med ein gong kven det er.

Ho må ha ramla av sparkesykkelen. Eller har dei dytta ho?

Eg må vekk, tenker Sam. Han reiser seg forsiktig opp, smyg ein fot over kanten og snik seg bort. Han høyrer framleis dei stygge orda til Gorm og gjengen.

Sam er nesten trygg da han stoppar opp.

Kva er det han gjer? Han kan vel ikkje la den gule jenta vere aleine med bøllene?

Og så snur Sam.

– Stopp, seier han høgt. Gorm og gjengen snur seg på likt. – Slutt å vere så ekle!

– Neimen, sjå, seier Gorm.

– Sam den grøne har våga seg ut!

Dei andre ler. Sam krympar. Kva var det han trudde ville skje? At dei skulle halde opp berre fordi han sa stopp?

Han knip auga saman. Må ikkje grine no!

Så høyrer Sam eit lite pip. Uhøyrleg for dei fleste, men ikkje for ein bestevenn.

– Ørn? mumlar Sam. Han ser seg rundt.

– ØRN? gjentar han, høgare denne gongen. – ØRN!?

– Kva meiner du, Snørr-Sam? seier Gorm. – Kvifor roper du på ein ørn?

Stemma hans er framleis spiss, men auga flakkar. Sam svarer ikkje. For ein gongs skyld bryr han seg ikkje om Gorm. For Ørn er tilbake!

– ØRN! roper Sam igjen, høgare denne gongen. – ØRN, KOM HIT!

– Kva meiner du? seier Gorm hardt. Men han har ikkje lenger auga festa på Sam, blikket leiter etter noko på himmelen.

Ei jente lener seg inntil Gorm og kviskrar:

– Har han ein ekte ørn? Er vi i trøbbel no?

– Har du ein ekte ørn? seier Gorm mens han tar eit steg bakover. Sam tenker seg om. Så seier han:

– Ja, Gorm. Eg har ein stor og farleg ørn som er på tur hit nett no. Han elskar bøller. Sist veke åt han tre stykk, faktisk.

– Særleg, seier Gorm. Men han er ikkje så tøff lenger. Ser han ikkje eigentleg litt pinglete ut?

– Uansett, fortset Gorm. – Dette tullet har eg ikkje tid til. Eg må heim. Eg lova mamma å hjelpe til med …

Dei andre mumlar i munnen på kvarandre: – Eg lova også mamma …

Og før Sam rekk å rope på Ørn ein gong til, er dei borte, alle saman.

– Eg trur ikkje dei kjem til å plage oss meir, seier Sam og snur seg mot jenta.

– Har du verkeleg din eigen ørn? spør ho.

– Nei, nei, seier Sam og ler lett. – Ikkje ein ørn.

Han heiter Ørn. Undulaten min. Han er veldig snill.

– Pip, seier Ørn og landar på hovudet til jenta.

– Du er heldig, seier jenta. – Og tøff. Tenk at du skremte bort bøllene. Før han rekk å svare, seier jenta: – Eg heiter Liv.

– Og eg heiter Sam, stotrar Sam.

– Vil du prøve sparkesykkelen min? spør Liv.

Kvifor måtte ho spørje om akkurat det? Han kjem til å dumme seg ut. Bombesikkert! Tøff, du liksom.

– Eg veit ikkje heilt, seier Sam. – Eg er ikkje så flink med fart og sånt …

– Men eg kan vise deg, seier Liv.

– Det er ikkje vanskeleg.

Sam stig opp på sparkesykkelen. Han vaklar og skjelv. Sparkesykkelen svingar hit og dit. Men Liv er sterk og held han støtt.

– Du greier det, Sam. Du sparkesyklar! roper Liv.

Og da merkar Sam at Liv ikkje held han lenger. Ho har sleppt taket, og han klarer seg heilt sjølv.

– Eg sparkesyklar, roper Sam.

– Sjå, Ørn! Eg har full fart!

– Pip, jublar Ørn.

Sam dett ikkje éin gong. Han susar i sirklar rundt Liv og Ørn. Vinden tar tak i jakka hans, og han føler at han flyg. Han er ein stor og farleg ørn på jakt etter bøller.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.