Gjermund Gjerdesmett
og andre føykne fuglar
Lisbeth Dreyer
per ragnar møk L eby
Ludvig Låvesvale
Sånn som Ludvig har streva på bygd seg hus ut av slam og strå så hans verpande ektemake får lagt egg under låvetaket
Snart kjem det ungar som vil ha mat og han fyk som ein akrobat fire skrikhalsar pip og klagar Vi vil ha fluger i våre magar!
Ut og heim flyr han, ut og heim snappar stikkmygg og stankelbein eller var det ein knott kan hende Åh, no må dette gnålet ende!
Gjermund Gjerdesmett
Nei, eg har ikkje knekt stjerten den berre står sånn den, rett opp og eg er travel, eg har fått ferten av ein snadder-snasen edderkopp
Ja, visst er eg bitte liten eg er ein bolle-lubben fjørkledd ball men når eg syng, er eg blant eliten med min kvitre-trille-tone-trall
Sjur Skjor
Det heng eit gyngeflokehus
høgt i eit tre med raslebrus
Eit samanfiltra greinpalass der Sjur og brura kan få plass
Her er det tak og golv og vegg inga sak
å legge egg
Snart kjem ungane med bråk skratt og erting styr og ståk
Melissa Måse
I brisen og blesten i kreng mot sørvesten stampar ein båt med ein særeigen låt
Det er ikkje smellen frå dunkepropellen det er meir som eit ståk eit blandakorbråk
For der bakom masta svoltne på lasta flyr Melissa sin gjeng som eit båthaleheng
Dei skrik og dei skrålar dei gryler og gnålar dei held aldri tyst dei er lyden av kyst
Beate Bydue
Nikk, nikk, nikk, eg er Beate denne byen, den er min kvart eit torg og kvar ei gate nikk, nikk, nikk, er heimen min
Kurr, kurr, kurr, som eg kan prate
gå og kakle på kafé sludre-sladre med Renate kurr, kurr, kurr, nei, seier du det
Gro Gråsporv
Ser du klikken ved butikken ville skokken, flakse-flokken
Det er Gro og gråsporv-gjengen freidig fyk dei etter frø, bollesmular, loff og blingsar aller best er skulebrød
Så til pytten for litt plasking sprett og sprut og skvettevasking
Belinda Blåmeis
Hei du mann
du er så flott
sit-sitt-sirrr r r r r med blå kalott
Høyr min lyse lokkesong
hui hui pe-pe-pe- pe—pe
Eg blir ør, du er så fjong
hui hui pe-pe-pe- pe—pe
Oi, ein larve på ei grein
eg hiv meg rundt på opp-ned-bein
sit-sitt-sirrr r r r r
Hei, du mann så snerten, sann med lue fin
vil du bli min hui hui pe-pe-pe- pe—pe
Karolus Kråke
Eg syng så bra
høyr no
krrra krrra
det beste eg har i mitt repertoar
krrra krrra
Eg et jo alt
eg finn
nam nam i søplete spann på mark og på strand
nam nam
Eg er smartare enn deg fang meg!
ha ha
eg ser kva som skjer
eg ser kva du gjer
krrra krrra
Ein statue på stranda står stilt i stram givakt så eit svusj og han er under sluker småfisk på sekundar for ei jakt! Men så gidd han ikkje lenger han slår ut dei breie venger stig med skrik frå stille vik
Hermund Hegre
Gaute Gauk
Adopsjon er tingen
gnålar gaukemor
koko
eitt egg her og eitt egg der koko
her er eit lerkereir der du kan bu
finfin heim for deg, det, kjære du ha det bra, ha det bra
koko
Vesle Gaute blir klekt
hos si fostermor
koko
ein knekk her og ein sprekk der koko
men han vil vere hennar dullegut med spark og dunk hiv han dei andre ut lukke til, lukke til
koko
Stina Star
Hu hei, vi kan fly som ei gullprikka sky
Så sit vi på snora og skvatrar som skjora
Vi skjemtar og skøyar vi er papegøyar skarrar som ramn kvekkar som and
Vi kan pling frå mobilen alarmen på bilen
Og høyr, bæ-bu, bæ-bu er det blålyspolisen?
ti-ring, ding, ding, der kjem bilen med isen!
Ha-ha, ha, ha, ha så feil du kan ta det var berre oss
Gry Grågås
Høgt over hav og skog i front av ein himmelplog kjeftar og skvatrar Gry kom no, heng i å fly!
Så sakkar ho nokre mil legg seg bak for ein liten kvil ligg på vinden og kikkar ned der står nokon og følgjer med
For når grågåsa fer mot nord som ein plaprande prosesjon har vinteren tapt sitt grep dei har sommar og sol på slep
Flemming Flaggspett
Han syng sine skarpe
Kikk, kikk, kikk
men vent til han trommar
då er han kvikk
T r r r r r rm , på ein stolpe
lynkjappe hakk
T r r r r r rm , på eit hustak
smellande kakk
T r r r r r rm , på ein stamme
Flaggspettesnakk
Svava Skarv
Ein feit ål er hennar mål dukk og fyk fakk og sluk
Og så opp og stå på skjeret tørke mørke dropekåpe
Kato Kattugle
Midt på dagen er han sjusovar og sein
sit og døser som ein fjørball på ei grein
men når sola søkk og dagen går mot natt glir det skarpe blikket over skog og kratt
Ingen rørsler slepp no unna augo hans
Ser han nokon der som viftar med ein svans?
Han glir stilt imellom trea utan stans og den musa som han såg, har ikkje sjans hooo ... ho-o-o–o–o—o
Ruben Raudstrupe
Han syng livleg ved morgongry eller lagar ein rar klikkelyd der han sit på ein gjerdepåle ser på deg som om han vil måle deg med blikket mens han undrar
Kven er du?
Utgitt med støtte frå Norsk kulturråd.
t ekst: Lisbeth Dreyer
iLL ustrasjon: Per Ragnar Møkleby
g rafisk for M : Øystein Vidnes
f ont: Tisa Pro og Ohno Blazeface
Pa P ir : 150 g Arctic Volume White
t rykk og innbin D ing: Balto Print
© ska LD 2023 www.skald.no
isbn 978-82-7959-342-3
Vi flyr og vi flaksar
kurrar og kraksar
kvitrar og kvekkar
trippar og trekker
så sit vi på trappa
og trillar og trallar
speidar i lufta
og lengtar og kallar
Så jagar vi rundt
seglar og vandrar
svevar og stig
styrtar og landar
Vi vil ikkje inn i storm eller stille
vi er heime i vind
vi er frie og ville