På fire bein: Den vegen

Page 1


Den vegen

Den vegen

Berenika

På fire bein, Den vegen

© for text and illustrations by Berenika Kołomycka Originaltittel: Malutki Lisek i Wielki Dzik, Tamtędy Omsetjing: Knut Inge Andersen

1. opplag

Norsk utgåve © Andersens forlag, 2023 www.andersensforlag.com www.andersensbokhandel.com

Trykt i Polen, 2023

ISBN 978-82-93951-08-7

Ein morgon medan eg sumde i ring i varmt vatn saman med fargerike fiskar, høyrde eg ei rar skraping og kloring.

Er det deg, Langust?

Har noko hendt?

Hjelp!

Kva er det då?

Du ser ut som om du blei stukken av eit sjøpiggsvin.

Verre enn som så!

Men du har jo skalet ditt?

Du er trygg i det?

Overalt her gøymer det seg sjømonster!

Dei lurer under sand og stein eller bak tang og tare. Det einaste dei ventar på, er å sluke meg heil!

For kvar dag eg veks, vert det trongare og trongare.

Eg kan ikkje bli i skalet stort lenger.

Så berre gjer det du òg.

Hm... Kva gjer dei andre langustane då?

Dei hiv skalet av seg.

Har du lide lenge i denne tronge rustninga?

Eg kan ikkje. Utan skalet mitt er eg verjelaus. Dette er meir enn eg greier. Eg er livredd.

Deretter gøymer dei seg under ein stein og ventar på at det nye skalet veks ut.

Synd å seie, men ja. Ingen snakkar med meg lenger. Dei tykkjer eg er ein skrulling.

Utfordringar kan vere kule.

Kva vil du gjere?

Eg berre held fram som eg er no. På eit eller anna vis vil eg kunne leve ...

Etterpå er du kry av deg sjølv.

Eg vil få det overstått så fort som råd.

Nei, nei! Kan hende om eg sluttar å ete, veks eg ikkje lenger ...

Korleis kan du klare tanken på å ikkje forsyne deg av denne delikatessa meir?

Dette går ikkje. Når du sluttar å ete, vert du kraftlaus og veik. Då kan kven som helst ete deg.

Borti her er ein diger koloni av velsmakande raudalgar.

Det skal ikkje du bry deg med!

Du kan sitje stille i dette tronge skalet og gjere ingenting. Medan andre langustar et opp tangloppene.

Eller du finn den rette steinen, gøymer deg, hiv av deg skalet og ventar på at eit nytt veks ut.

Greitt for meg. Ditt val.

Det er å avgjere sjølv kva du vil gjere og ikkje gjere.

Kva du kjenner og tenkjer. Dette kan ingen blande seg bort i.

Aha ...
Det er farleg.
Ja. Veit du kva det tyder?

Eg veit det. Men eg trur du vert ulukkeleg om du ikkje tek sjansen. Berre sjå på meg. Overalt er det farar som lurer heile tida. Om eg ikkje sumde rundt, ville eg ikkje vore her. Då kunne eg heller ikkje fortelje deg om dei smakfulle raudalgane.

Du bestemmer sjølv.

Ikkje veit eg ...

Eg må dra no. Kjem att seinare.

Ha det!

Litt seinare. Hallo der! Langust! Kvar er du?

Kva er det, eit tomt skal?

Oi, oi, så kjekt! Langusten tok eit val.

Det er eg, Selen!

Eg piggar av, så han får fred.

Lukke til då, Langust!

Korleis gjekk det til slutt?

Dyra kjende seg berre endå tryggare på at det var rett å vende heimover.

NEDE PÅ BOTNEN

Så vakker du ser ut!

Du var så modig!

Eg er sikker på at det enda godt.

Dei var lukkelege. Vegen heim vart gjerne ikkje så lang likevel.

Takk! Takk! Kom, vi feirar med raudalgar.

For ein dåd!

Bind fire av «På fire bein»-serien let dyra tale om sine eigne ønske og korleis dei finn mot til å setje draumane sine ut i livet. Reven, Villsvinet og Selen fortel kvar si historie om det å ha følgt kjenslene sine og valt sin eigen veg. Vesle Rev snakkar om Steppeulv-naboen, som han såg slik opp til. Store Villsvin minnest livet i griseflokken, der dei alltid gjorde alt i lag. Selen si historie er møtet med ein langust som var redd for å kaste skalet sitt i frykt for å bli eten utan vernet. «Den vegen» viser at alle er ulike, at alle slit med dei indre svakheitene sine, og at alle er frie til å velje.

LES ÒG:

Lengst vekke

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.