Giske kommune Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen 2013
Elevarbeid Valderøy ungdomsskule 2014: Picasso-kollasj
Innleiing Tilstandsrapporten for grunnskulen har i år fått ny tittel og ny form. Arbeidet i prosjektet «Den gode skoleeigar» viste behov for ei klarare og enklare form på rapporten. Det er også lagt større vekt på tekstane i rapporten. Skulane har blitt utfordra til å kome med døme på god praksis innan dei områda som rapporten omhandlar. Slik blir tal supplert med forteljingar. Ein vonar at dette vil gi større innsikt og betre drøftingar av meldinga. Lovkravet er at rapporten skal omtale læringsmiljø, læringsresultat og gjennomføring i vidaregåande skule. I denne meldinga blir desse resultata med fleire vurdert opp mot måla i Kvalitetsplanen for barnehagar og skular 2010 -2013. Tema som ikkje er omtalt i meldinga og som det har vore arbeidd mykje og vore tema i mange av kvalitetssamtalane, bør nemnast til slutt.
Ressursar Kjelde: GSI
Elevtal
Gruppestørrelse
Vigra skule
1-7 206
8-10 -
1-7 13,5
Valderøy barneskule
320
-
15,1
Skjong barneskule
102
-
90
Giske skule Godøy skule Valderøy ungdomsskule Giske kommune
8-10 -
Kontaktlærarar 1-7 13
8-10 -
-
18
-
14,0
-
6
-
-
11,4
-
8
-
102
65
11,3
12,5
9
6
-
269
-
16,5
-
20
820
334
13,5
15,5
54
26
I tabellen nedanfor har vi fordelt rekneskapen for 2013 per elev. Elevtalet er vekta med 5/7 på 2012-13 og 5/12 på 2013-14. Tala kan ikkje samanliknast med KOSTRA eller Skoleporten. Elevtal (vekta)
Skuleskyss
Varer og tenester
Vigra skule
196
1 834
3 401
1 605
67 107
69 466
Valderøy barneskule
315
129
2 493
935
67 261
68 151
Skjong barneskule
103
-
3 200
1 301
61 850
61 403
Giske skule
82
29
3 728
1 844
90 018
86 208
Godøy skule
171
2 769
4 945
2 051
90 396
95 232
Valderøy ungdomsskule
270
2 077
3 370
1 421
74 334
74 484
1 135
1 263
3 379
1 432
73 540
74 640
Totalt
2
Utstyr og inventar
2120 Løn
2120 Grunnskule
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
IKT I 2013 gjekk Giske saman med nabokommunane i samarbeidet ekommune Sunnmøre. Alt driftspersonale vart flytta over til Ålesund som driftar systema på vegne av ekommune-samarbeidet. Etter haustferien vart systema våre på skuleområdet lagt om – «migrert» – slik at vi no er ein del av eit felles domene. Desse omleggingane har ført til store utfordringar for skulane. Endringa medførte at alle datamaskiner måtte installerast på nytt – «snuast». Dette arbeidet tok av ulike grunnar svært lang tid, og mange maskiner vart ståande lenge utan å kunne brukast før dei vart snudde. Giske kommune var tidleg ute med Feide-løysing, der alle elevar og tilsette får eit nasjonalt brukarnamn og passord som kan brukast ved pålogging til mange tenester. I samband med dette vart all brukaradministrasjon automatisert. Denne automatiseringa fall ut ved migreringa, og er framleis ikkje i orden. Problem med omlegging av systema har vore endå større i enkelte nabokommunar, slik at fokus for it-avdelinga har vore retta mot desse kommunane. Dermed har det ikkje vore kapasitet til å handtere dei problema vi har hatt i Giske på ein tilfredsstillande måte. It-avdelinga har heller ikkje fått eit fungerande brukarstøttesystem på plass, sjølv om dette var ei prioritert oppgåve i omlegginga. Administrasjonen har hatt fleire møte med ekommune Sunnmøre om problema, og situasjonen har blitt gradvis betre. Føresetnaden for at kommunen gjekk inn i ekommune-samarbeidet, var at kvaliteten på tenestene skulle haldast på minst same nivå som før samanslåinga. Slik situasjonen er no, er dette ikkje tilfelle. Skulane i kommunen brukar no It’s learning som læringsportal. Ny treårs kontrakt er signert, og målet er at vurderingsarbeidet skal gjerast digitalt, og ein har valgt å bruke It’s learning til dette arbeidet. For 2013 var det ikkje avsett midlar til innkjøp av nye datamaskiner. Dette har medført at det har blitt fleire elevar per datamaskin, når datamaskiner går ut av bruk. For 2014 er det sett av ein million til slike innkjøp.
Læringsmiljø Skapande aktivitetar, kulturelt mangfald I Kvalitetsplanen står det: «Satsinga på skapande aktivitetar og kulturelt mangfald skal vere synleg i alle skulane» Dette er også ein sentral del i den generelle delen av læreplanen. Valderøy ungdomsskule fortel korleis dei arbeider med dette.
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
3
Kultur for kunnskap og kreativitet – Valderøy ungdomsskule Av Roar Blindheim, rektor ved Valderøy ungdomsskule Visjonen til Valderøy ungdomsskule er «Kultur for kunnskap og kreativitet». I denne visjonen ligg ein tanke om å stimulere til kunnskapsutvikling hos elevane samtidig som vi også skal ivareta den kreative delen av eleven. Det ideelle er å få til ei opplæring der utvikling av kunnskap og kreativitet går om kvarandre i det daglege arbeidet. Samtidig er det slik at kunnskapsutvikling til tider kan bere preg av tålmodig og standhaftig arbeid, og det er viktig at elevane lærer seg til å vere uthaldande og anstrenge seg for å utvikle kompetansen sin. I enkelte fag vert den kreative delen av eleven utfordra sterkare enn andre, men skulekvardagen er slik at vi er opptatt av å gjennomføre opplegg som sikrar oss at kreativiteten vert utfordra. Her kan vi trekkje fram nokre eksempel: Det tverrfaglege prosjektet «Glemte kriser» utfordrar elevane sin kreativitet når ein del av
4
prosjektet er å finne fram til presentasjonsformer som skaffar stor merksemd rundt problemet. I 2013 vann ei av våre elevgrupper ein landsdekkande konkurranse i regi av «Leger uten grenser». Musikal eller tilsvarande oppsetjing har vorte eit årleg innslag ved skulen, der eit heilt klassetrinn vert utfordra på mange ulike område. Elevgruppa har ansvar for alle oppgåver i ei slik oppsetjing. Ein del fagtimar fell då bort, men det gir elevane ei unik erfaring som ikkje kan hentast i den daglege undervisninga. Skulesamlingar er eit tiltak som no er inne i sitt tredje år. Vi har gjennom skuleåret fleire fellessamlingar i gymsalen, der ei av klassane har ansvaret for gjennomføring. Det inneber rigging av lyd og lys, programleiing og eigenproduserte kulturinnslag. Under desse samlingane får rektor ordet og han trekkjer fram positive hendingar og eksempel på god innsats frå siste periode. Her er fokuset på elevgrupper, klassar eller heile trinnet. Vi er svært fornøgde med desse samlingane. Fellesarealet vårt, som vi kallar Street’n, har gjennom mange år vore nytta som utstillingslokale for produkt frå kunst og handverk. Gjennom heile året vil ein her finne flotte elevprodukt som syner at kreativiteten har fått lov til å utfolde seg.
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
Elevundersøkinga hausten 2013 Elevundersøkinga er obligatorisk på 7. og 10. klasse, og resultata blir publiserte på Skoleporten. Hausten 2013 kom undersøkinga i revidert utgåve. Mykje er likt, men ein del spørsmål er nye.
Lokale mål I høve til elevundersøkinga stiller kvalitetsplanen følgjande mål: På spørsmål om motivasjon skal snittet ligge over 4,0. På spørsmål 1 og 2 om trivsel skal snittet ligge over 4,4. På spørsmål om eleven har vore mobba skal snittet ligge under 1,3. På spørsmål om arbeidsro skal snittet ligge over fylkessnittet. 7. klasse
10. klasse
Vurderingar Måla i kvalitetsplanen er høge, og vi har enno ikkje nådd dei. Som ein ser av diagramma over, så ligg resultata på landssnittet. Unntaket er områda motivasjon, mestring og fagleg utfordring på 10.trinn. Dette får spesiell merksemd når skulane no startar på "Ungdomstrinnssatsinga". Kvalitetsplanens mål "snakkar lærarane med deg om kva du bør gjere for å bli betre i faget" er nådd for 7. trinn, men ikkje for 10. trinn. Tala for mobbing er marginalt betre enn landssnittet. Skulane har eit solid system for å følgje opp desse spørsmåla, men det er eit felt kor ein alltid må vere årvaken. I verksemdsplanane er det no set særleg fokus på digital mobbing.
Sosial kompetanse og Trivselsleiarar Giske skule fortel om korleis dei arbeider med sosial kompetanse. Det skal no bli laga ein felles plan for sosial kompetanse for alle skulane. Barneskulane har også trivselsleiarar. Elevrådet ved Vigra skule fortel om korleis desse arbeider.
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
5
Plan for sosial kompetanse ved Giske skule Av Inger Anne Knutsen, rektor ved Giske skule
Kvifor er utvikling av sosial kompetanse så viktig? Sosial kompetanse legg føringar for kor godt du utviklar alle andre sider - evna til å etablere venskap, meistre kvardagen, tilpasse seg andre, evna til å samarbeide, hevde seg sjølv, evna til å forstå humor og korleis ein meistrar fagleg utvikling i til dømes lesing og skriving. Pål Roland, frå «Senter for Adferdsforskning» ved UiS, seier at: «Barn med høg sosial kompetanse har best forutsetning for å skåre best på alle andre vis». Dette støtter forskingsresultata. Sosial kompetanse er førebyggjande mot problemåtferd, og sosial kompetanse må lærast. Giske skule har gjennom dei 2-3 siste åra hatt fokus på utvikling av sosiale ferdigheiter og utarbeidde i løpet av 2011-12 ein Plan for sosial kompetanse. Vi
6
tok utgangspunkt i Opplæringsloven, den generelle delen av læreplanen og «Veileder for utvikling av sosial kompetanse», Udir 2007. I planen har vi fokusert på utvikling av seks område (jf. forsking og Pål Roland), og vi har konkretisert kompetansar på kvart klassetrinn. 1. 2. 3. 4. 5. 6.
Samarbeid Ansvar Empati Sjølvkontroll Positiv sjølvhevding Humor, leik og glede.
Kvar veke har vi satt sosiale mål på vekeplanen/læringsplanen, og utvikling av sosial kompetanse er tema i elevsamtalen og i utviklingssamtalen med foreldra.
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
Giske skule: Sosial kompetanse for første klasse Emne Samarbeid
Mål Eg er ein del av ei gruppe
Ansvar
Eg følgje reglane på skulen
Empati
Eg er ein god ven.
Sjølvkontroll
Eg tek kontakt på ein god måte.
Positiv sjølvhevding
Eg kan vere den eg faktisk er.
Humor, leik og glede
Eg kan vise glede
Kompetanse Eg kan høyre på andre og la andre bestemme. Eg kan hjelpe andre med noko eg kan. Eg kan følgje reglar i ein leik Eg kjem inn med det same klokka ringer. Eg gjer så godt eg kan i skulearbeidet. Eg vil ha det ryddig rundt meg. Sett ikkje igjen eit hjarte. Eg snakkar fint til andre. Eg vil at andre skal ha det bra både i timen og i friminuttet. Eg kan tilgi og be om tilgjeving. Eg kan vente på tur og lytte til andre. Eg rekkje opp handa når eg vil seie noko. Eg brukar ikkje stygge ord. Eg brukar ikkje kroppen min til å skade andre Eg tek kontakt med ein voksen om eg treng hjelp, eller ikkje har det bra. Eg tør å seie noko høgt i klassa. Eg kan le av meg sjølv. Eg inviterer andre inn i leiken. Eg kan glede meg når andre får til noko.
Kva er ein Trivselsleiar, og kvifor har vi TL? Av Ole Giskås og Thora Hildre, elevrådet ved Vigra skule som får flest stemmer blir TL dersom ein vil. Grunnen for at det berre er 4-7. klasse som får velge er fordi det er kun dei klassene som er TL. Ansvaret: Ein TL har hansvar for å gå ut ca. 5 min før fri.min startar slik at dei kan gjere klar leiken. Når det er fri.min skal dei sørgje for at det går bra med leiken og at ingen kranglar. Etter fri.min skal TL’en rydde på plass det ein har brukt til leiken.
TL er ein trivselsleiar som legg til rette for leik i friminutta som inkluderer alle. Ein TL skal passe på at ingen er aleine når dei har ein leik. Dei skal også passe på at det ikkje er erting eller mobbing i leiken. TL deltek på kurs i starten for å lære meir om TL sine verdiar og leikar saman med andre skular. Slik blir ein TL vald ut: Kvar klasse frå 4-7. kl får ein lapp der ein skriv ned eit visst antal gutar og jenter i klassa. Stemmene blir talt opp av lærarane, og dei
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
Utstyr til leikane: Vi har eit skur fullt med leiker som TL’ane kan ta leiker frå til leiken. Kva ein bruker til leiken kjem an på kva leik ein har. Det er heller ikkje sikkert at ein treng noko utstyr til leiken. Døme på leikar TL’ane kan ha er f.eks: fotball, kjøtt og blod, kanonball og frisbee. Når ein TL har ein leik må ein ha på seg ein orange vest slik at alle andre ser kvar dei har ein leik. Det er bra at vi har TL, slik at færre er åleine i friminutta. Ein kan hindre mobbing og erting. Kjekt med fysisk aktivitet og lære nye leikar – kan lett berre bli ståande og henge.
7
Læringsresultat Skulane har eit omfattande system for å kartleggje og følgje opp elevane si læring og utvikling. Her viser vi dei obligatoriske kartleggingsprøvene i lesing og rekning, dei nasjonale prøvene på 5. og 8. trinn og eksamensresultata.
Obligatoriske kartleggingsprøver Lokale mål Kvalitetsplanen set som mål at mindre enn 10 % av elevane skal skåre under kritisk grense ved dei obligatorisk kartleggingsprøvene, og ved tidleg innsats skal talet på elevar under kritisk grense reduserast dei tre første åra. Det kan sjå ut til at desse måla er for ambisiøse når vi samanliknar med resten av landet.
Vurdering Tala er henta frå registreringssystemet Vokal. Om lag halvparten av alle elevane i landet, om lag 33 000 per årstrinn, er registrerte i denne databasen. Kartleggingsprøvane på første, andre og tredje trinn er særleg laga for å vise dei elevane som er under ei bekymringsgrense. På første og andre trinn har vi marginalt fleire elevar under denne grense og på tredje trinn nokon færre. Skuleeigar følgjer med i denne utviklinga gjennom Vokal. Det viktige er kva skulane gjer med desse resultata.
8
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
Nasjonale prøver Lokale mål Kvalitetsplanen set desse måla for dei nasjonale prøvene: «Ved dei nasjonale prøvene på 3. trinn skal mindre enn 15 % av elevane ligge på meistringsnivå 1 , og meir enn 30 % på meistringsnivå 3. Ved dei nasjonale prøvene for 8. klasse skal mindre enn 20 % ligge på meistringsnivå 1 og 2 og meir enn 40 % på meistringsnivå 4 og 5.»
Fylkessnitt 2013-14: Engelsk 1,9, lesing 1,9, rekning 2,0.
Fylkessnitt: Engelsk 2,9, lesing 3,0, rekning 3,1.
Vurdering: Gjennomsnittsesultata for 5. og 8.trinn ligg heilt på fylkessnittet. Målsettinga er å ligge over. Det er noko variasjon mellom skulane. Særleg ser vi på andelen elevar som er på meistringsnivå 1 og korleis dei blir følgde opp. Elevane i 9. klasse har den same prøve som dei hadde i 8.klasse. Det skulle bety at ein fikk eit betre resultat i 9. klasse. Imidlertid er denne auken betydeleg mindre en for landssnittet. Dette spørsmålet må knyttast til det vi tidlegare har kommentert under motivasjon og følgjast om i "Ungdomstrinnssatsinga"
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
9
Utvikling frå 5. til 8. klasse Lokale mål: «Resultata på nasjonale prøver for same årskull for 5.-8. trinn og 8.-9. trinn skal vise ein auke av elevar på høgste nivå samanlikna med tilsvarande utvikling i fylket». Dei nasjonale prøvene er utforma for å samanlikne lokale og nasjonale resultat, ikkje for å måle endringar frå eitt trinn til eit anna. Vi trur likevel at vi kan bruke desse til å sjå på læringsresultata på mellomsteget i barneskulen. Engelsk Giske Fylket Nasjonalt
5. kl 2 1,9 2
8. kl 2,9 2,9 3
Lesing 5. kl 1,7 1,9 2
8. kl 2,9 3 3
Rekning 5. kl 2 2 2
8. kl 3 3,1 3,1
Tabellen viser resultata for årets 8. klassingar og resultatet for dei same elevane då dei gjekk 5. klasse i 2010-11. Figuren til høgre viser endring i skåre.
Engelsk Lesing Rekning Nivå Giske Fylket Giske Fylket Giske Fylket 1 9,4 % 4,9 % -12,0 % -3,2 % 4,1 % 0,5 % 2 -11,7 % -9,6 % -2,4 % -4,4 % -4,1 % -5,7 % 3 2,2 % 4,7 % 4,4 % 7,6 % 0,1 % 5,1 % For å få tre nivå på begge trinn, slår vi saman meistringsnivå 1+2 og meistringsnivå 4+ 5 for 8. klasse.Tala i tabellen under er endring i prosentpoeng, ikkje prosentvis endring. Diagrammet til høgre viser endring på høgste nivå. Både for engelsk og rekning har vi fått fleire elevar i dei låge nivåa og færre elevar i dei høge nivåa samanlikna med fylket. I lesing har det vore eit løft for dei elevane som ligg under snittet. Målet om betre utvikling for dei øvste nivåa i høve til fylket, er ikkje nådd.
Utvikling frå 8. til 9. klasse I 9. klasse får elevane same prøva som 8. klassingane. Det er difor rimeleg å rekne med høgare skåre for 9. klasse. Årets 9. klassingar skåra svært høgt i prøvene i fjor. For å sjå utviklinga for våre elevar, ser vi på endringa frå 8. til 9. klasse for Giske og for fylket. I Giske skårar elevane det same i 8. og 9. klasse. Som 8. klassingar låg dei klart over fylkes- og 8. kl 9. kl 8. kl 9. kl landssnitt, medan dei som 9. klassingar ligg svakt Giske 3,3 3,3 3,3 3,3 under snittet. På fylkesnivå er endringa 0,4 i Fylket 3 3,4 3 3,4 begge fag. På nasjonalt nivå er endringa hhv. 0,3 Nasjonalt 3,1 3,4 3 3,4 og 0,4. For det høgste meistringsnivået hadde Giske ein auke på 6,2 % i lesing mot fylket som hadde 7,9 % auke. I rekning er tala hhv. 6,2 % og 7,6 %. UtviklInga frå 8. til 9. klasse er svakare i Giske enn i fylket, og målet er dermed ikkje nådd. Lesing
10
Rekning
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
Vurdering for læring Av Åshild Støbakk, rektor ved Godøy skule
I samband med at Godøy skule er med i det nasjonale prosjektet «Vurdering for læring» saman med Giske skule, var alle lærarane med på ein studiedag i starten på skuleåret. Lærarane skreiv eit refleksjonsnotat over eigen vurderingspraksis som vart utgangspunkt for vidare arbeid og medarbeidarsamtale. Fokusområdet har vore eigenvurdering. Elevane si evne til å vurderer eiga læring ut frå læringsmåla er grunnlaget for sjølvregulert læring. Dette er også eit eige punkt i klassene sine utviklingsplanar. Vurderingspyramiden som er utvikla ved Godøy skulen er ein modell som har støtta oss i arbeidet med å forstå dei ulike nivåa i kompetansemåla. Dette er eit verktøy i både planlegging og vurdering for læraren, og elevane si eigenvurdering. Den kommuniserer både til dei eldste elevane og foreldra.
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
Eit konkret døme på arbeidet vårt med eigenvurdering i ei klasse med matematikk på usteget. I arbeidet med emna må elevane vurdere kva nivå dei skal arbeide på. Etter felles gjennomgang av emnet melder elevane inn kva dei treng lynkurs i. Elevane får da etter behov ekstra undervisning i gruppe ut frå det eleven meiner at han treng, medan resten av klassa arbeider på sitt nivå. Dette kan bli gjort gjennom heile perioden fram til prøva. I forkant av ei prøve tek elevane ein test i måloppnåing som er ei hjelp til å vurdere kva dei kan. I tillegg får dei utdelt eit skjema med alle læringsmåla der dei vurderer kva dei kan, og kva dei må jobbe meir med fram til prøva. På denne måten er elevane ein sentral aktør i eiga vurdering og arbeid.
11
Eksamensresultat
Vurdering: Eksamensresultata for det siste året er gode. Dei ligg godt over fylkessnittet for tre av dei fire faga. Slik var også resultata i fjor. I kvalitetssamtalane tek fleire av skulane opp utfordringar i forhold til rekning som grunnleggjande dugleik. Ungdomsskulane har valt rekning som tema for den skulebaserte kompetansehevinga i Ungdomstrinnssatsinga. Fleire av skulane har også fokus på korleis ein kan auke motivasjonen for faget. Det er ofte eit spørsmål om vilje til hardt arbeid over tid.
12
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
Gjennomføring i vidaregåande skule
Tabellen nedanfor viser eit oversyn over andel elevar som har fullført og bestått alle fag på alle vidaregåande nivå inneverande skuleår. Fullførtkode Fullført og bestått (B) Fullført og ikkje bestått (I) Gjennomført, men manglar vurdering (M) Alternativ plan (A) Held på med utdanninga (H) Slutta (S)
Møre og Romsdal 77,7 % 9,9 % 4,2 % 1,6 % 2,5 % 4,1 %
Giske 83,7 % 6,4 % 3,2 % 1,8 % 2,5 % 2,5 %
I fjor hadde Giske ei noko skuffande utvikling i talet på gjennomføring i vidaregåande skule. I år ser tendensen betre ut igjen. Gjennomføringstala for Giske er betre enn tilsvarande tal for Møre og Romsdal fylke. Tala som er grunnlaget for diagrammet nedanfor, er utarbeidd av Statistisk Sentralbyrå for Giske kommune.
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
13
Andre tema System for oppfølging Utgangspunktet er kvalitetssystemet for Giske kommune. Alle skulane har ein verksemdsplan som gjeld for kalenderåret. Måla i verksemdsplanen er henta frå Kvalitetsplanen. Leiinga rapporter på desse måla i tertialrapportar og i årsmeldinga. Rådmannen gir tilbakemelding på desse rapportane gruppevis og enkeltvis. På grunnlag av årsmeldinga blir det gjennomført ein kvalitetssamtale med skulane som ein del av rådmannen sitt internkontrollsystem. I kvalitetssamtalen deltek administrasjonen, politikar, FAU og skulen si leiing og plangruppe. I årshjulet er det også eit strategimøte der administrasjonen og skuleleiarane drøfter langsiktige mål og eit utviklingsmøte der administrasjon, skuleleiarane og plangruppene møtast for å drøfte felles mål og tiltak. Navet i utviklingsarbeidet er likevel dei månadlege rektormøta som held tak i utviklingsområda. Skuleeigar er ansvarleg for å ha eit system for kvalitetssikring, kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling. Samla sett meiner vi at kontroll, vurderings og læringsperspektivet er teke godt vare på gjennom dette systemet.
Spesialundervisning Det aukande talet på elevar med spesialundervisning er eit nasjonalt problem. I 2012-2013 hadde 9,9 % av elevane i Giske vedtak om spesialundervisning. På landsbasis er andelen 8,6 %. Om lag 18 % av lærartimane blir brukt til denne spesialundervisninga. Tala for 2014-2015 viser ein nedgang for Giske, men ein stor del av dette skuldast at mange elevar ikkje har fått enkeltvedtak fordi PPT ikkje har hatt kapasitet til å gjere sakkunnig utgreiing for alle.
Kommunerevisjonen presenterte i 2013 ein forvaltningsrevisjonsrapport om spesialundervisninga i Giske med. Ein av konklusjonane i denne rapporten var at det ikkje vart arbeidd målretta nok med å vri frå spesialundervisning til tilpassa opplæring. Det vart tilrådd å setje ned ei arbeidsgruppe for å sjå på denne problemstillinga. Denne arbeidsgruppa skal legge fram sin rapport til påske 2014.
14
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
Utagerande åtferd Alle skulane melder om ein auke når det gjeld elevar som har utagerande åtferd. Dette er elevar som ikkje har ein spesifikk diagnose. For nokre startar dette allereie i barnehagen. Det er svært krevjande for dei tilsette, både fagleg og personleg, å ta vare på desse elevane og medelevane deira på ein god måte. Dette er eit tema vi har satsa mykje på, og som vi vil satse på framover. Giske er med i prosjektet «De utfordrende barna», leia av Pål Roland frå Atferdssenteret i Stavanger. Her blir PPT skolert gjennom eit opplegg for heile fylket. I Giske kommune blir det arrangert seks nettverkssamlingar leia av PPT der det blir arbeidd med teori og praksis. Her deltek Giske og Tryggheim barnehage og Giske og Godøy skule. I tillegg vil vi arrangere instruktørkurs i ART – Aggression Replacement Training, i regi av Diakonhjemmets Høgskole. Dette er ein forskingsbasert metode for å hjelpe barn og ungdommar til å bryte med aggresjon og vold og bygge opp nye haldningar og åtferd. Dette opplegget vil i løpet av 2014 gi ti ART- instruktørar i Giske i tillegg til dei vi alt har.
Symjeopplæring Fylkesmannen gjennomførte i 2013 tilsyn med symjeopplæringa ved Skjong barneskule og Vigra skule. Tilsynet kontrollerte om Skjong barneskule og Vigra skule følgjer reglane i lovverket når det gjeld symjeopplæringa, om symjeopplæringa er i samsvar med læreplanen i kroppsøving, og om symjeopplæringa er forsvarleg. Tilsynet kontrollerte også Giske kommune sitt ansvar for opplæringa i symjing jf. opplæringslova § 13-10. I den førebelse rapporten hadde Fylkesmannen nokre merknader. Kommunen kommenterte desse og presenterte ein revidert plan for symjeopplæringa. Fylkesmannen fann difor ingen lovstridige forhold ved symjeopplæringa. For skuleåret 2013-14 held Vigra skule og Giske bassenga i drift lenge nok til at obligatorisk symjeopplæring kan gjennomførast. Kommunen har gjort avtale med Ålesund Svømme- og Livredningsklubb om innleige av instruktørar til denne opplæringa, som blir gjennomført i vårhalvåret 2014.
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
15
Kva kan ein forvente seg av den nye skulen? Av Terje Austnes, rektor ved den nye Valderøy barneskule
No gler vi oss til ny skule og vi ser at slottet reiser seg i skråninga. Begge skulane er i dag prega av fulle klasserom og liten plass. I dag har vi ingen spesialrom for musikk, kunst og handverk, liten eller ingen gymsal og nesten ingen grupperom. Dette vil endre seg når vi flytter inn i det nye bygget. Ein kan forvente seg at dei praktiskestetiske faga vil få seg eit løft. Flotte spesialrom som er tilrettelagt for god læring og aktivitet venter på oss. Den nye skulen vil gi oss ein ny arena for å utrykke kultur innanfor musikk, teater og idrett. Vi ser også fram til eit tett samarbeid med Giske kulturskule. Bygget er forma slik at det ligg godt til rette for pedagogisk utviklingsarbeid og stor fleksibilitet. SFO vil få nye muligheiter til å legge til rette for gode aktivitetar og trivsel. Arkitekten meiner også at vi får Møre og Romsdal sitt beste uteområde.
16
Skulen vil satse på ein ny organisering når det gjeld administrasjon. Tre nye avdelingsleirarar skal hjelpe rektor med å utforme den nye pedagogikken. Satsingsområdane er i samsvar med kvalitetsplanen til Giske kommune, der klasseleiing, sosial kompetanse og vurdering står i fokus. Å slå saman to skular er krevjande. Vi er no inne i ein hektisk periode med mykje planlegging. Det viktigaste for oss no er å få på plass det som er nødvendig slik at skulen kan fungere for alle i frå dag ein. I vår har vi arbeidet med ordensreglementet, ny leiarstruktur, tilsettingar, ulike rutinar og nytt verdidokument for det pedagogiske arbeidet. Første desember flyttar vi inn. Det blir ein flott julegåve til Valderøya.
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
Konklusjon Kvalitetsmelding for grunnskulen i Giske kommune har fått ny form. Vi vonar at framstillinga av resultat og praksiseksempel vil gi eit betre utgangspunkt for ei grundig drøfting av kvaliteten i opplæringa. Kommunen har vore med i KS sitt opplegg «Den gode skuleeigar». Her har vårt mål vore at dialogen mellom det politiske, administrative og profesjonelle nivået skal bli betre. Økonomien i Giske kommune er stram. Skulane har teke sin del av innsparingane, men har ei konstruktiv haldning til dei ressursane dei har og korleis dei best kan nyttast. Det er stor grunn til å takke alle tilsette for stor innsats i 2013. Resultata som er presenterte i meldinga er i all hovudsak positive for Giske kommune. Samstundes er vi svært opptekne av å formidle høge forventningar til læring og utvikling. Det er påpeikt eit motivasjonsfall på ungdomssteget og utfordringar knytt til rekning som grunnleggjande dugleik. Når ein ser framover så er som nemnd «Ungdomstrinnssatsinga» sentral i forhold til å arbeid med meisting, motivasjon og fagleg utvikling. Den nye Kvalitetsplanen set eit hovudfokus på læringsmiljøet. Her er fleire tiltak i gang som vi vil rapportere på neste år.
Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2013
17
Giske kommune 2014