GISKE KOMMUNE
KVALITETSPLAN FOR SKULAR OG BARNEHAGAR 2010-2013
Vedteken av Giske kommunestyre 11. mai 2010 1
Innleiing Denne planen peikar ut satsingsområde og mål innan barnehage og grunnskule for fire år framover. Den byggjer på: statlege føringar i læreplan for grunnskulen rammeplan for barnehage lover og føreskrifter kommuneplanen lokalt behov og utfordringar Kvalitetsplanen er bygd opp med dei same fokusområda som dei kommunale verksemdsplanane. Kvalitetsplanen er eit mellomledd mellom kommuneplanen og dei årlege verksemdsplanane. Måla for grunnskulen gjeld også vaksenopplæring på grunnskulen sitt område/spesialundervisning så langt dette høver.
Plattform Barnehagar og skular skal ha eit godt og aktivt samarbeid med heimen om barnet si utvikling. Barnehagar og skular skal skape eit inkluderande miljø med nulltoleranse for mobbing og utestenging. Barnehagar og skular skal legge vekt på å fremje nysgjerrigheit og engasjement hjå barna. Alle barn skal oppleve meistring etter sine føresetnader og skal oppleve aksept for at vi er ulike og arbeider i ulikt tempo. Barnehagar og skular i Giske kommune skal vere prega av skapande aktivitetar og kulturelt mangfald.
2
Brukarane Utvikling og læring I barnehage og skule skal ein gi eit allsidig og variert tilbod, utforma slik at kvart enkelt barn får opplevingar og erfaringar som støttar utviklinga av kunnskap, ferdigheiter og kulturell og sosial kompetanse. I Giske kommune skal det vere ein felles standard for observasjon og kartlegging frå eitt år og ut 10. klasse. Ut frå ei samla vurdering av desse observasjonane og kartleggingane blir det sett inn tiltak. Dette blir etterspurt og følgd opp gjennom dei årlege kvalitetssamtalane. Skulane skal ha system for å følgje opp kapittel 3 om individuell vurdering i forskrift til opplæringslova.
Mål for barnehagane: Barnehagane i Giske skal følgje opp måla i Rammeplan for barnehagar, og skal leggje vekt på at barnehagen er ein arena for omsorg, leik og læring. Barnehagane i Giske skal prioritere to av fagområda i Rammeplan for barnehagane kvart år i perioden. Barnehagane skal ha ei progresjonstrapp innanfor kvart område som viser kva som blir vektlagt på dei ulike aldersstega/utviklingsområda. Barnehagane skal nytte observasjonsmateriellet ”Alle med” eller tilsvarande for alle barn frå 1 år. Barnehagane skal i tillegg nytte kartleggingsverktøyet TRAS der ein har mistanke om sein språkutvikling, eventuelt nytte TRAS for alle barn i barnehagen.
Mål for grunnskulen: Tidleg innsats skal vere dokumentert gjennom tilrettelagde tilbod. Høg innsats i spesialpedagogiske tiltak dei første åra skal avta til å omfatte mindre enn 5% av elevane på ungdomssteget. På dei nasjonale kartleggingar i lesing og rekning skal elevane på andre klasse ligge over det nasjonale snittet, og talet på elevar under kritisk grense skal vere lågare enn nasjonalt snitt. Resultata på nasjonale prøver for same årskull for 5-8.trinn og 8-9 trinn skal vise ein kraftig auke av elevar på høgste nivå. Elevane skal på dei nasjonale prøvene ligge over fylkessnittet. Ved skriftleg eksamen skal resultata ligge over fylkessnittet. På spørsmål i elevundersøkinga om ”lærarane fortel deg kva du skal gjere for å bli betre i faget” skal snittet for 7 og 10 kl ligge over 4,0.
3
Læringsmiljø I barnehage og skule skal det leggjast til rette for eit læringsmiljø som skaper høg motivasjon for utvikling og læring. Alle barnehagar og skular har klare rutinar for korleis mobbing skal førebyggast, avdekkast og handterast. Det er innført felles standardar for overgangar mellom barnehage og skule og barnesteg og ungdomssteg. Kommunen innhentar statistikk for karakterutvikling og fråfall i vidaregåande skule, og ungdomssteget skal ta lærdom av resultata til sine elevar. Dette skal vere eit element i kommunen sin tilstandsrapport.
Mål for barnehagen: Barna skal oppleve eit aktivt, trygt og stimulerande læringsmiljø i barnehagen – både ute og inne. Satsinga på skapande aktivitetar og kulturelt mangfald skal vere synlege i barnehagen. Barnehagane skal leggje til rette for at barna har medverknad på innhaldet i barnehagen. Arbeidet med å utvikle empati og sosial kompetanse skal vere eit prioritert område i tillegg til fagområda i Rammeplan for barnehager. Barnehagane skal innan utgangen av 2011 ha innført eit system for pedagogisk dokumentasjon som synleggjer for foreldre, eigar og kommunen som tilsynsmyndigheit kva barna opplever, lærer og gjer i barnehagen.
Mål for grunnskulen: Giske kommune ser på den generelle delen i læreplanen som viktig. Den skal difor også prioriterast i opplæringa. Satsinga på skapande aktivitetar og kulturelt mangfald skal vere synleg i skulane. Læringsmiljøet skal stimulere lærelyst, utholdenhet og nysgjerrigheit. På spørsmål i elevundersøkinga om motivasjon skal snittet ligge over 4,0 1 På spørsmål i foreldreundersøkinga om trivsel, læring og utvikling (kap 10 spm c,d,e) skal snittet ligge over 4,3 På spørsmål i elevundersøkinga om arbeidsmiljø som går på arbeidsro 2 skal snittet ligge under 2,5 Læringsmiljøet skal fremje helse og trivsel På spørsmål i elevundersøkinga om eleven har blitt mobba skal snittet ligge under 1,3 På spørsmål i foreldreundersøkinga på korleis skulen handterer mobbing skal snittet ligge over 4,0
1 2
Motivasjon slik det er brukt i Skoleporten Må lærarane bruke mykje tid for å få ro i klassen? Blir du forstyrra av at andre elevar lagar bråk og uro i arbeidsøktene?
4
På spørsmål i foreldreundersøkinga om fysisk miljø og materiell skal det samla snittet ligge over 4,0
Giske kommune skal ligge under fylkesgjennomsnittet når det gjeld fråfall i vidaregåande skule.
Samarbeid med heimen Alle barnehagar og skular har ein plan for samarbeidet med heimen. I barnehage og skule er det skriftleggjort felles forventningar mellom skule og heim korleis ein arbeider for å legge til rette for utvikling og læring.
Mål for barnehagen: Barnehagane skal gjennomføre to foreldresamtalar pr. år. Observasjonar frå ”Alle med” skal gjennomgåast i foreldresamtalane Barnehagane skal leggje til rette for at foreldra har medverknad i barnehagens innhald og prioriteringar, og rutinar for dette skal vere skriftlege. Barnehagane skal innan 2011 ha eit system for pedagogisk dokumentasjon som synleggjer for foreldra kva barna opplever, lærer og gjer i barnehagen.
Mål for grunnskulen: Foreldra skal oppleve god kommunikasjon og godt samarbeid med skulen På spørsmål 3 og 5 i foreldreundersøkinga3 skal svara i gjennomsnitt ligge over 4,2. Foreldra skal ha god kjennskap til sine rettar og plikter som foreldre, og forventingar til dei som foreldre På spørsmål 7 a-e i foreldreundersøkinga4 skal svaret i gjennomsnitt ligge over 4,0.
3 4
Spørsmål 3: ”Informasjon fra skolen”. Spørsmål 5: ”Dialog og medvirkning” Spørsmål 7: ”Kjennskap og forventning”
5
Medarbeidarane Alle tilsette i barnehagar og skular skal oppleve eit inspirerande arbeidsmiljø, fritt for mobbing og trakassering. Alle barnehagar og skular skal ha fokus på nærvær og arbeidsglede. Alle barnehagar og skular skal framstå som lærande fellesskap, der leiinga legg vekt på kollegalæring og refleksjon over eigen praksis. Kommunen skal også legge til rette for læring mellom einingane. Giske kommune skal ha ein offensiv plan for kompetanseheving. Kommunen stiller tilstrekkelege midlar til disposisjon for dette arbeidet.
Mål: Samla sjukefråver i einingane skal ikkje overstige 4,0%. Nytilsette skal følgjast opp gjennom observasjon/rettleiing og minst fire samtalar med mentor /rettleiar. Alle tilsette skal kvart år ha ein godt førebudd medarbeidarsamtale med leiar. Alle einingar skal vere kjenneteikna ved god tilrettelegging for kollegalæring. Det skal reflekterast over god praksis i fellesfora , i team eller avdelingar og i faggrupper. Barnehagane i Giske skal innan 2013 ha kvalifiserte førskulelærarar i alle fast stillingar. Innan 2013 skal alle lærarar i grunnskulen oppfylle kompetansekrava i samsvar med opplæringslova.
6
Kvalitetsutvikling, kvalitetsvurdering og kvalitetssikring Giske kommune skal ha eit system for utvikling, vurdering og sikring av kvalitet av kvalitet i barnehage og skule som gir: Fagleg støtte Utvikling God dialog mellom brukarar, personale og eigar og også mellom einingar. Breitt innsyn i einingane sitt arbeid og resultat. Avdekkjer og lukkar avvik.
Kvalitetshjulet for barnehage og grunnskule skal innehalde: Verksemdsplan, 1. februar Årsmelding Tertialrapportar Strategimøte for leiarar i skule og barnehage - oktober Drøfting av langsiktige prioriteringar Planlegging eller oppfølging av tiltak for neste år Nettverksmøte for pedagogisk personale - primo november Sikre overgangar Faglege tema Utviklingsmøte for plangruppene på skulane - november Oppfølging av kvalitetsplan Førebuing av kvalitetssamtalane. Kvalitetsvurdering Kvalitetssamtale i mars med utgangspunkt i skulen sin kvalitetsrapport. Kvalitetssamtale i barnehagane i april som ein del av det årlege tilsynet. Sjekklistevurdering for å sikre at eininga har naudsynte system på plass. Rektor og styrarmøte som den løpande oppfølging av kompetanse og kvalitetsutvikling. Punkta ovanfor blir analyserte og samanfatta i ein tilsynsrapport for barnehage og ein tilstandsrapport for skule. Rapportane blir lagt fram for kommunestyret.
7